St.meld. nr. 25 (2000-2001)

Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg

Til innhaldsliste

2 Homofili, heterofili og samfunnet

2.1 Innleiing

Dei sosiale endringane dei siste 20-30 åra har ført til at viktige skilje mellom den heterofile og den homofile og lesbiske befolkninga har blitt borte. Spesielt har endringane vore sterke når det gjeld livsstil og veremåte for heterofile. Måtar å leve på som tidlegare ofte var typiske for homofile, er blitt langt meir vanleg for store delar av befolkninga: Stadig fleire vel å leve i kortare og lengre tid åleine eller som sambuarar. Vennskapen har fått større plass og har fått meir og meir å seie, som erstatning for eller supplement til nære familierelasjonar. Særleg unge menneske knyter seg i dag nært til andre personar, både av same og av motsett kjønn, utan å vere kjærastar. 1

Samstundes har homofile og lesbiske fått rett til å inngå registrert partnarskap, som er ein «ekteskapsliknande» institusjon. Det er lite som skil registrerte partnarar frå ektefellar når det gjeld plikter og rettar. 2 Dette representerer viktige endringar i samfunnet.

Samfunnsendringane dei seinare åra har framfor alt ført til nye samlivsordningar som lever side ved side med til dømes den tradisjonelle ekteskapsinstitusjonen. Religiøse standpunkt har fått mindre å seie for mange, og heile det førre hundreåret hadde sekulariseringa som kjenneteikn. Samfunnet er blitt meir heterogent, blant anna gjennom større individuelle variasjonar og framveksten av ulike subkulturar.

Somme sider ved livet til homofile og lesbiske skapte tidlegare grunnlag for marginalisering og diskriminering. Dei søkte ofte fellesskap på tvers av klasse, stand og familiær omgangskrins og braut med tradisjonelle livsmønster. Mange lesbiske og homofile finn seg i stor grad til rette i den kulturelle og sosiale situasjonen i samtida kanskje nettopp på grunn av den innsikt og erfaring som er vunnen gjennom utprøving av alternative livsmønster. Det som berre for kort tid sidan kunne vere uttrykk for ein avvikande væremåte og grunnlaget for stigmatisering, blir i dag sett på som ein del av ein meir mangfaldig normalitet. Kanskje står homofile og lesbiske betre rusta i møtet med eit krevjande og komplekst moderne samfunn enn heterofile? Mange har på ulikt vis alt no funne fram til ressursar og strategiar for å meistre denne kompleksiteten. Spesielt synleg er dette i dei store byane. Homofile er langt på veg blitt ein synleg del av det urbane livet.

Desse utviklingstrekka gjer det nødvendig å supplere dei perspektiva som framhevar dei problema som homofile og lesbiske har i samfunnet. Fokus kan ikkje einsidig rettast mot det som er annleis og mot diskriminering, men også mot den styrken denne gruppa har reint allment. Ikkje minst er val av perspektiv viktig i forhold til kva slags tiltak som kan vere aktuelle. Med for sterk vekt på offerrolle og det å vere undertrykt, vil ulike hjelpetiltak i verste fall verke stigmatiserande. Tiltaka må i staden dra vekslar på dei ressursane lesbiske og homofile sit inne med.

2.2 Samfunnsendringar og kulturelle endringar

Innanfor alle sosiale system fungerer kjønn og seksualitet som eit viktig grunnlag for identitet og gruppetilhøyrsle. Og som alle andre sosiale fenomen høyrer forhold som har med seksualitetsutforming og identitetsutvikling å gjere, heime i ein større strukturell heilskap. Denne heilskapen er i stadig endring, større i somme tidsavsnitt - mindre i andre. Dei konkrete uttrykka for seksualitet og kjærleik er derfor delvis historisk og kulturelt fastlagde, det vil seie at dei har fått endra innhald opp gjennom historia og har ulikt innhald innanfor ulike kulturar og sosiale grupper. Den viktorianske æraen med sine «snerpete» former står til dømes i sterk kontrast til den nokså opne holdninga til seksualitet i vår tid. 3

Studium av andre kulturar i vår eiga tid viser dei same trekka: kjønn og seksualitet får ulikt innhald i ulike kulturelle kontekstar. 4 Heller ikkje homoseksualitet held til i eit sosialt eller kulturelt vakuum.

2.2.1 Kjønnsroller, samliv og seksualitet i endring

Kjønnsroller og seksualitet har endra seg radikalt dei siste 30 åra. Parforholda i dag byggjer på likestilling mellom kvinner og menn når det gjeld kjensler og seksualitet, og dette har på dramatisk vis endra det som har med kjønn å gjere. Medan ein tidlegare berre godkjende to komplementære kjønnskategoriar (mann/kvinne), der det sosiale kjønnet korresponderte med det biologiske, står vi i dag overfor meir komplekse valalternativ: Maskulinitet og femininitet er i større grad emne for tolking og forhandlingar, og menneske har større individuell fridom til også å velje korleis dei vil utforme kjønnsrollene sine. Menn blir stadig mindre redde for å stå fram som feminine, og kvinner kan godt ta i bruk meir maskuline uttrykksformer - kjønn blir altså ein meir formbar kategori. Særleg i urbane miljø og kulturar vil ein oppleve at kjønnsidentitetar er mindre stereotype og tradisjonelle.

Det er mindre fokus på tradisjonelle manns- og kvinneyrke, større likskap når det gjeld utdanningsnivå, meir rettferdig fordeling av omsorgs- og husarbeidsoppgåver og ikkje minst større grad av økonomisk likestilling mellom kjønna. Der det tradisjonelle ekteskapet skapte rammene for karriere og sjølvutvikling for mannen, er dagens heterofile parforhold eit felles prosjekt omkring vennskap, kjærleik og seksualitet. I homoseksuelle parforhold har økonomiske ulikskapar lenge vore mindre markante enn i dei fleste heteroseksuelle forhold, og ein har teke felles del i det huslege arbeidet. Det kan med andre ord verke som om homoseksuelle har vore pionerar på livsformer som blir meir og meir vanlege også mellom heteroseksuelle par.

Sjølv om likestilling mellom partane i eit forhold framleis ikkje har kome så langt ein kunne ønskje, er det i dag i alle fall ei norm innanfor heterofile samliv. Det er mykje som tyder på at lesbiske har greidd å praktisere likestilling i større grad enn heterofile. I ein studie av kvinner i lesbiske parforhold, 5 blir det konkludert med at lesbiske parforhold i mindre grad enn heterofile parforhold er prega av komplementære roller og maktstrategiar. 6

Haldningane til ugift samliv har endra seg radikalt dei siste 20 åra. Studentradikalismen og den såkalla 68-generasjonen stilte avgjerande spørsmål ved tradisjonar generelt og den tradisjonelle ekteskapsinstitusjonen spesielt som den einaste legitime ramma for seksualitet og kjærleik. Ekteskapet blei sett på som ein konserverande institusjon som heldt oppe eit tradisjonelt kjønnsrollemønster der kvinna hadde ei ufri stilling. Samliv som bygde på frivillige og meir uformelle avtalar, skulle fremje likestilling og sjølvstende. Det tok likevel noko tid før ei meir liberal haldning til sambuarskap fann grunnlag i den breie befolkninga; så seint som i 1982 var det framleis sterk motstand mot denne måten å regulere samlivet på. 7 Lesbiske og homofile har lenge vore nøydde til «å klare seg» utan den sosiale legitimiteten som ekteskapsinstitusjonen har gjeve når det gjeld å regulere samliv. Denne institusjonen er no allment svekt som einerådande samlivsform.

Det har samstundes skjedd ei endring av seksualiteten. Med effektive prevensjonsmiddel og mykje bruk av desse midla er seksualiteten ikkje lenger reservert for ekteskapet og knytt til reproduksjon. Befruktning kan skje heilt utan seksuell omgang.

Det er blitt vanleg først og fremst for unge menneske å leve periodevis eller permanent utan fast partnar og å skifte partnar fleire gonger før ein eventuelt etablerer eit fastare forhold. Samstundes er det blitt legitimt og vanleg å vere seksuelt aktiv i denne situasjonen. Dette verkar med til at rommet for seksuell eksperimentering er blitt utvida, og fleire unge har hatt eller har reflektert over utsiktene til seksuelle erfaringar på tvers av kjønnsskilja. I ei ungdomsundersøking i Sverige kjem det fram at mange fleire reflekterer over si eiga seksuelle orientering i dag enn tidlegare. 8 Bortimot fem gonger så mange unge, svenske jenter funderte i 1998 på om dei kunne vere homoseksuelle samanlikna med 1990. 9 I tillegg blir det eksperimentert med kjønn og seksualitet i ungdomskulturar, i pop og rock, trykte og visuelle medium, kunst osv. Til dømes har mange populære artistar bygd sitt image på overskridande kjønns- og seksualitetsuttrykk.

Undersøkingar kan tyde på at det no er vanlegare å ha sex med ein av same kjønn enn tidlegare. Ut frå seksualundersøkingar ved Statens institutt for folkehelse seier 5,1 prosent av mennene og 6,4 prosent av kvinnene i 1997 at dei har hatt seksuelt samvær med personar av same kjønn. Tilsvarande tal for 1987 var 3,6 og 3,3 prosent. Men den registrerte auken kan også kome av auka eigenrapportering, til dømes fordi det no er meir legitimt enn før å ha sex med personar av same kjønn. I så fall er det ikkje snakk om aukande homoseksualitet, men ei meir open innstilling. Det er dessutan ikkje gjeve at seksuelt samvær med ein av same kjønn tyder at denne personen er lesbisk eller homofil.

Samfunnsendringar har altså gjort sitt til at heteroseksuelle og homoseksuelle på mange måtar har blitt likare. Det er god grunn til å tru at desse endringane har hatt mykje å seie for korleis det er å leve som lesbisk og homofil i dag.

2.2.2 Frå industrisamfunn til kunnskapssamfunn

Mange samfunnsforskarar hevdar at vi lever i ei brytningstid. 10 Dette er ei tid der den vestlege industrikapitalismen med sine kulturelle og samfunnsmessige kjenneteikn er inne i ein omfattande fragmenterings- og endringsprosess. Det «nye» samfunnet er kalla det fleirkulturelle samfunnet, informasjonssamfunnet eller kunnskapssamfunnet. Kva slags implikasjonar når det gjeld innhald og uttrykk, har desse endringane hatt for lesbiske kvinner og homofile menn?

Overgangen frå eit industrisamfunn til eit kunnskapssamfunn markerer overgangen frå éi dominerande livsform til ei anna - eller snarare fleire andre. Fleire forskarar hevdar at mennesket har endra seg i takt med nye krav til rask endring og omstilling i arbeidslivet, 11 store omveltingar i familierelasjonane 12 og aukande sosial og geografisk mobilitet.

Der industrisamfunnet hadde den høgaste delen av arbeidstakarar sysselsette innanfor industrien, få yrkesaktive kvinner, lågt utdanningsnivå og kort ungdomstid, har kunnskapssamfunnet flest sysselsette innanfor kompetanse- og serviceorienterte næringar, høg kvinnedel i arbeidslivet, 13 høgt utdanningsnivå og ei lang ungdomstid. Sidan samfunnet stadig krev meir og høgare utdanning og ungdomstida blir lengre, 14 gjev det større rom for unge menneske til å finne ut av korleis dei ønskjer å leve sine liv - også når det gjeld kjærleik og seksualitet.

Strukturelle endringar i det vestlege, moderne samfunnet - sentralisering og urbanisering og nyare kulturmønster heilt generelt - har påverka holdningane til homofile og lesbiske i ei positiv retning. Heterofile og homofile som grupper har blitt meir like kvarandre.

2.2.3 Sentralisering, urbanisering og individualisering

I etterkrigstida har veksten i hovudstadsområdet vore sterkare enn i nokon annan region i landet. 15 Vi kan snakke om ein kraftig sentraliseringstendens. Når byane voks i omfang, skulle sentraliseringa etter kvart gjere sitt til å framskunde visse byprega veremåtar og livsstilar. Etter at den tradisjonelle industriproduksjonen blei avløyst av service-, informasjons- og kunnskapsproduksjon, har det i dei store byane (spesielt Oslo) etablert seg ein særleg urban kultur som er kjenneteikna av eit rikt fritidstilbod med varierte kulturaktivitetar, kaféliv og utestader. Det blir stadig meir vanleg at store delar av befolkninga nyttar dette offentlege urbane rommet.

I tillegg til at byen har stort folketal, og såleis legg grunnlag for mange upersonlege relasjonar, er han samstundes rik på variasjonar - byen har blitt eit multikulturelt offentleg rom. Her finst nær sagt eit tilbod til alle. Dette gjer sitt til at befolkninga i aukande grad aksepterer fenomen og samanhengar som verker «uvante», men er også eit uttrykk for at folk stiller seg meir likesæle til det andre måtte ta seg til; kvar og ein søkjer opp sine særskilde opplevingar og grupperingar. Dette inneber at det sosiale og kulturelle livet i byane gjev ein stor fridomsgevinst, samstundes som det opnar opp for individualismen i vår tid.

Undersøkingar 16 kan tyde på at svært mange homofile og lesbiske vel å busetje seg i dei større byane. Her er utsiktene til å orientere seg innanfor eit lesbisk eller homofilt miljø større, samstundes som den sosiale kontrollen er mindre påtrengjande. Resultata i NOVA-undersøkinga stadfestar dette inntrykket. 17

Urbanisering og individualisering høyrer uløyseleg saman. Der det tidlegare fanst sterke føringar frå slekt, klasse og nabolag, vel folk i dag ut frå eit mykje breiare spekter av livsstilar med dei grupperingane og subkulturane som høyrer til.

Fridommen til å velje reiser spørsmålet om identitet: Kven er eg? Kva ønskjer eg? Og kven vil eg vere? Dette er spørsmål som tidlegare i mykje mindre grad kravde ei personleg og individuell avklaring. Identitetsproblematikken er på den eine sida ei positiv utfordring til unge menneske i dag, der dei kan bli seg meir bevisste at dei vel og kva slags val dei gjer. Men fridommen gjer også menneske usikre. Det stadig å måtte velje kan opplevast som ei påkjenning for mange, spesielt for ungdom som er i overgangsfasen mellom barndom og vaksenliv. Mange finn det derfor tryggast å vere som alle andre. Spesielt vanskeleg vil denne søkingsfasen vere for lesbisk og homofil ungdom, som på eit vesentleg punkt ikkje er som alle andre.

2.3 Forskingsbasert kunnskap om homofile og lesbiske

2.3.1 Årsaksdiskusjonen

Dei spørsmåla som lengst og mest intenst har oppteke forskinga om lesbiske og homofile, er knytte til årsaksforholdet. Kva er grunnen til at somme blir homoseksuelle? Er homofili ei livsform ein vel, eller er det ei legning ein oppdagar? Er homofili eit biologisk eller eit sosialt fenomen? Desse spørsmåla har på ingen måte fått noka endeleg avklaring, og alle teoriar er omstridde. Trass i at forskinga omkring desse spørsmåla har gått føre seg gjennom heile førre hundreåret, står ulike forskingsmiljø framleis mot kvarandre.

Den vitskaplege debatten kan ein vanskeleg sjå på som nøytral eller uavhengig av politiske og ideologiske føringar. Ofte har det vitskaplege ønsket om å finne ei årsaksforklaring på homofili også vore nært knytt til eit like sterkt ønske om å finne ein «kur». Dette ønsket kan ein dermed sjå på som eit ledd i at samfunnet har diskriminert og undertrykt denne gruppa. Den vitskaplege interessa for å finne årsakene til homofili har på den andre sida også inngått som eit ledd i kampen om like rettar og eit særskilt rettsvern for homofile og lesbiske.

I tida før dei vitskaplege teoriane om homoseksualitet, spelte kyrkja og religiøse forklaringar på seksualiteten hos mennesket ei avgjerande rolle. Det gjer ho framleis, ikkje minst i vår eigen kulturkrins. Eit tradisjonelt kristent syn ser på lysta som ein del av arvesynda, og den enkelte må greie å tøyle denne lysta. At kyrkja skulle få ei så viktig rolle i spørsmål knytte til seksualitet, heng saman med korleis verdslege og geistlege styresmakter i si tid fordelte makta mellom seg, der kyrkja etter kvart kom til å få jurisdiksjon over ekteskapet. 18 Samlivet blei dermed eit av spesialfelta for kyrkja, og ekteskapet skulle vere den institusjonen som regulerte samliv. Seksualiteten skulle etter kyrkja sitt syn berre stå i teneste for forplantninga. Homoseksualitet blei derfor, til liks med ei rekkje andre seksuelle handlingar, fordømd. Det som utløyste ei eventuell homoseksuell handling, var ein ukontrollert lyst, og denne lysta uttrykte arvesynda. Prinsipielt stod alle i fare for å gjere slike handlingar. Slik sett blei homoseksualitet sett på som ein moralsk veikskap, snarare enn som ein disposisjon eller ei legning hos det enkelte mennesket.

Synet innanfor kyrkja skulle likevel ikkje bli verande det einaste. Etter kvart som vitskapen fekk stadig større innverknad utover på 1800-talet, i første omgang særleg naturvitskapane, blei den forståinga som var grunngjeven religiøst, utfordra. Framleis skulle drift og lyst stå sentralt, men opphavet til denne lysta blei forstått på ein annan måte: Biologiske særtrekk får somme til å kjenne ei fysisk draging mot personar av eige kjønn, og dette blei sett på som eit ibuande trekk ved personlegdommen til den enkelte homoseksuelle. I og med at dette inneber at «ein er slik», blei denne vitskaplege posisjonen ein viktig føresetnad i den politiske kampen for å oppheve straffeforbodet mot homoseksuelle handlingar, og talsmenn for homoseksuelle gav si tilslutning til ei biologisk orientert forklaring.

Eit hovudskilje innanfor dei vitskaplege forklaringane på homofili går mellom essensialistiske og konstruktivistiske teoriar. Essensialistane hevdar - i tråd med den vitskaplege posisjonen som er nemnd ovanfor - at det i mennesket er nedfelt ein bestemt natur eller essens som er med på å styre den seksuelle preferansen hos den enkelte. Nokre menneske er «skapte slik», dei har ei homoseksuell legning. Teorien går ut på at den seksuelle identiteten blir påverka av både psykologiske og biologiske forhold. Dei biologiske faktorane kan vere genetiske eller hormonelle. Det er gjort mange studiar for å prøve ut desse teoriane, utan at ein har kome fram til noko eintydig resultat. 19

Konstruktivistane hevdar derimot at seksualiteten hos menneska er eit komplekst og samansett fenomen. Han er diffus, og utforminga han får, avheng dels av kva for alternativ som står opne i det samfunnet ein er ein del av, men også av kva måte individet sjølv ønskjer å utforme sin seksualitet på. Konstruktivistane fokuserer på korleis homoseksualitet kjem til uttrykk og gjer seg gjeldande på ulikt vis under ulike kulturelle og samfunnsrelaterte vilkår.

Den essensialistiske posisjonen har blitt utsett for sterk kritikk frå konstruktivistisk hald. Med den aukande innverknaden samfunnsvitskapane fekk frå utgangen av 1960-talet, blei fokus for forskinga flytta frå den homoseksuelle personlegdommen til måtar å vere homoseksuell på, det vil seie roller, subkulturar og identitetar. Ideen er at dei seksuelle kategoriane ikkje er universelle, men viser til at kulturar og epokar har ulike måtar å organisere og fortolke ulike former for kjærleik og seksuelle handlingar på. 20

Det å flytte fokus til måtar å vere homoseksuell på, gjev ikkje utan vidare noka alternativ forklaring på kvifor somme blir homoseksuelle og andre ikkje blir det. Forsøket på å finne ei forklaring blir då også av mange sett på som uinteressant, og i verste fall som uttrykk for ei diskriminerande haldning.

Mange forskarar prøver i dag å stille seg i ei mellomstilling mellom ytterpunkta i dei to motstridande posisjonane. Prieur ser dei biologiske faktorane som eit sett disposisjonar som fordeler befolkninga langs eit kontinuum, i ein tenkt skala over erotisk preferanse. Deretter vil både individuelle og kulturspesifikke forhold gjennom sosialiseringa verke med til å avgjere plasseringa på skalaen. Verken biologien eller kulturen kan vere avgjerande i absolutt forstand. Sjølv dei mest heteroseksuelt disponerte kan under visse sosiale forhold ha seksuell omgang med eige kjønn. Eit sterkt sosialt press kan hindre dei mest homoseksuelt disponerte frå å ha sex med eige kjønn. Mennesket kan med andre ord alltid overskride både biologien og den sosiale forminga. 21

Denne diskusjonen kan djupast sett vere uttrykk for at ein ser på homoseksualitet som noko uønskt, og noko som ikkje kan endrast. Menneske er homofile og heterofile. Menneske lever homoseksuelt og heteroseksuelt. Utgangspunktet for regjeringa er respekt for homofile og ein aksept av det homoseksuelle livet.

2.3.2 Levekårs- og livskvalitetsundersøkingar

Den norske og nordiske forskinga om temaet homofili er relativt avgrensa. I stor grad er likevel den omfangsrike, internasjonale forskinga på området gjennomgått og referert i desse arbeida. Det finst likevel nokre problem knytte til den nordiske og norske forskinga. For det første omfattar ho i all hovudsak kvalitativt orientert forsking. For det andre legg forskinga ofte eit einsidig problemorientert perspektiv på situasjonen. Når vi samstundes veit at livskvaliteten og levekåra blant lesbiske og homofile på fleire avgjerande område er bra, må denne forskinga supplerast med fleire og meir nyanserte perspektiv. For det tredje er den norske forskinga om lesbiske og homofile dominert av studentarbeid (primært hovudfagsoppgåver), med dei manglar og veikskapar det måtte innebere. 22

Dei viktigaste levekårs- og livskvalitetsstudiane er gjennomførte frå slutten av 1970-talet og fram til siste halvdelen av 1980-talet. 23 Nordisk Råd vedtok i 1984 å få kartlagt levekåra og livskvaliteten til lesbiske og homofile. Bakgrunnen var at mange såg med uro på vilkåra til lesbiske og homofile i samfunnet. Både Sverige og Danmark gjennomførte slike undersøkingar. I Sverige blei det utarbeidd ei offentleg utgreiing 24 som på brei basis gjekk igjennom den forskingslitteraturen som låg føre. Det blei gjennomført større undersøkingar både blant homofile og lesbiske og blant eit representativt utval av den generelle befolkninga. I Danmark blei det gjennomført to separate undersøkingar: Ei blant lesbiske kvinner 25 og ei blant homofile menn. 26 I tillegg blei det relevante, danske lovverket gjennomgått. 27 Også i Noreg blei det gjennomført ein slik studie på oppdrag frå Forbrukar- og administrasjonsdepartementet. 28

Undersøkingane i dei tre landa varierte likevel sterkt både i omfang og innretning. Medan Sverige gjennomførte ei brei spørje- og intervjuundersøking, var dei danske undersøkingane baserte på 25 lesbiske og 20 homofile livshistorier. I Noreg blei dei tidlegare studiane som ein meinte var viktigast, gjennomgått, kombinert med ei utgreiing om korleis ein best kunne greie ut om levekår og livskvalitet blant lesbiske og homofile ved eit seinare høve.

Også perspektiva varierte sterkt mellom undersøkingane i dei ulike landa. I den svenske rapporten var fokuset på diskriminering og ein vanskeleg livssituasjon dominerande. Dei danske undersøkingane derimot rette blikket mot alternative nettverk og livsstilar hos homofile og lesbiske, med utgangspunkt i livsvilkår og subkulturell tilhøyrsle hos ulike generasjonar. Fokuset på «lyst og glede» dominerte elles dei danske livshistoriene. I den norske rapporten blei det valt eit meir nøytralt perspektiv, der dei prøvde å gje plass for både vanskar og ressursar.

I Noreg låg det alt føre ei brei levekårsundersøking (Bergh, Bjerck & Lund 1978). Denne undersøkinga bygde på ein kombinasjon av eit spørjeskjema retta til 450 personar som blei trekte ut frå medlemslista til DNF-48, og på 43 djupintervju med lesbiske og homofile. I all hovudsak fokuserer denne undersøkinga på dei negative sidene ved livssituasjonen til lesbiske og homofile, som til dømes at samfunnet usynleggjer den seksuelle orienteringa deira og den negative haldninga den heterofile befolkninga generelt har til lesbisk og homofilt samliv og seksualitet. Eit problem ved denne undersøkinga, som også gjeld dei andre nordiske undersøkingane, er samansetninga av utvalet. Både respondentane på spørjeskjemaa og intervjuobjekta, er svært skeivt utvalde: Dei er rekrutterte gjennom organisasjonane til lesbiske og homofile, på kafear og diskotek.

2.3.3 NOVA-undersøkinga

På oppdrag av Barne- og familiedepartementet gjennomførte forskingsinstitusjonen NOVA i 1998 ei større utvals- og intervjuundersøking med fokus på levekår og livskvalitet hos norske lesbiske og homofile. I tillegg fekk dei i oppdrag å gjennomgå den eksisterande litteraturen på området, og å få gjennomført ei haldningsundersøking blant den generelle befolkninga. Dette resulterte i ein rapport som blei publisert våren 1999 (referert til som NOVA-undersøkinga). 29 Levekårs- og livskvalitetsundersøkinga er basert på nærmare 3000 svar frå kvinner og menn i alle aldrar, frå ulike delar av landet og med varierande tilknyting til organiserte miljø.

Likevel kan heller ikkje denne undersøkinga gjere krav på å vere representativ, det vil seie ein kjenner ikkje populasjonen og kan derfor ikkje trekkje ut eit tilfeldig og representativt utval. Spørjeskjema blei mellom anna distribuerte gjennom organisasjonen Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) og til abonnentar av Månedsavisa Blikk. For å nå personar som lever heilt eller delvis skjult, var det mellom anna mogleg å hente skjemaet via Internett, med linkar frå homorelevante heimesider. Utvalet er etter det forskarane opplyser, samansett av sjølverkjende og sjølvidentifiserte lesbiske kvinner og homofile menn i Noreg. Problemet er at større eller mindre delar av den pårekna populasjonen er heilt eller delvis skjult. Resultata må derfor vurderast ut frå at utvalet ikkje er tilfeldig trekt, og derfor ikkje direkte kan samanliknast med tal frå til dømes levekårsundersøkingar frå SSB. På den eine sida gjer forskarane på ein klar måte greie for dette usikre momentet i eit eige kapittel, 30 men på den andre sida kjem ikkje dette heilt tydeleg fram under sjølve dei komparative analysane av talmaterialet.

NOVA-undersøkinga er likevel den breiast samansette, både når det gjeld tema og utval, som ligg føre i nordisk samanheng. Nokre av resultata gjev vi att i kort form nedanfor.

Det blei stilt tre overordna spørsmål som undersøkinga skulle gje svar på: Har livssituasjonen for lesbiske kvinner og homofile menn betra seg i løpet av dei to siste tiåra? Har lesbiske kvinner og homofile menn dårlegare levekår og lågare livskvalitet enn den generelle befolkninga? Er det særskilde grupper innanfor den lesbiske og homofile befolkninga som har det spesielt vanskeleg?

NOVA-undersøkinga konkluderer med at livssituasjonen til homofile og lesbiske på fleire område har betra seg mykje dei siste tjue åra. Lesbiske og homofile er mykje meir opne om si seksuelle orientering samanlikna med 1978, og ein større del ser ut til å omgåast lesbiske/homofile og heterofile venner samstundes. Fleire er i eit fast forhold til personar av same kjønn. Forskarane meiner at lesbiske og homofile er betre integrerte i samfunnet i det heile, og at «flere (...) i dag opplever sammenheng og helhet i livet sitt, enn det lesbiske og homofile gjorde for tjue år siden». 31

Det er større delar innanfor den lesbiske og homofile befolkninga som har høg inntekt og høgare utdanning. I fordelinga av levekårsgode ser det ut som om lesbiske og homofile er ei meir polarisert gruppe enn den generelle befolkninga; mellom anna bur fleire trongt, samstundes som fleire bur romsleg. Dette forklarer forskarane på den eine sida med at mange bur åleine og må greie seg med éi inntekt, og på den andre sida med at dei færraste lesbiske og homofile har økonomiske plikter knytte til eigne barn, slik mange heterofile par har. Ei tredje forklaring kan knyte seg til at ein stor del av utvalet hos NOVA (tre av fire) bur på det sentrale austlandsområdet eller i andre større byar.

Det er også ein større del blant lesbiske og homofile som har vore med i ulike kultur- og fritidsaktivitetar. Dette blir forklart med ei overvekt av høgare utdanna blant lesbiske og homofile, men også med at den lesbiske og homofile befolkninga ser ut til å delta meir aktivt i utelivet. Dei verkar dermed meir kulturelt bevisste enn befolkninga elles.

Gruppa skil seg positivt ut i forhold til sosialt nettverk samanlikna med den generelle befolkninga. «Andelen som har minst én fortrolig venn, er betraktelig større (spesielt blant menn) enn i den generelle befolkningen, og andelen helt uten venner på bostedet er mindre». 32 Men biletet av vennskapsnettverket til homofile er samansett. Undersøkinga viser at storleiken på bumiljøet har stor innverknad på kor opne og integrerte homofile og lesbiske er. Ei integrerande livsform - det vil seie med både homofile og heterofile venner - er vanlegare blant dei som bur i større byar enn blant dei som bur i små byar og grisgrendte strøk. Ei segregerande livsform kan ein sjå på som ein strategi for å skjerme kjærleikslivet sitt i små, oversiktlege lokalsamfunn der ein reknar med at det er negative haldningar til homofili.

Det er mellom dei unge lesbiske og homofile at problema er størst. Dei under 25 år kjem dårlegare ut enn alle andre aldersgrupper på dei fleste levekårs- og livskvalitetsmåla. Klarast kjem dette til uttrykk i spørsmåla om psykisk helse. Fleire er plaga av angst, indre uro og depresjonsrelaterte symptom enn i befolkninga elles. Delen som rapporterer å ha vore plaga av tankar om å ta sitt eige liv i løpet av dei siste 14 dagane, er 3,3 prosent blant lesbiske og homofile, mot 0,5 prosent i den generelle befolkninga. Delen som ein eller fleire gonger i løpet av livet har prøvd å ta sitt eige liv, er 27 prosent blant unge menn og 25 prosent blant unge kvinner (aldersgruppa 16-24 år). Den delen som oppgjev å drikke alkohol og vere rusa ofte, er mykje høgare mellom homofile og lesbiske i utvalet enn i den generelle befolkninga. Det er særleg dei yngste som skil seg negativt ut i forhold til jamaldringane sine.

Når det gjeld å vere utsette for vald og frykt for vald, er dette eit anna område der lesbiske og homofile kjem negativt ut: Unge lesbiske kvinner ser ut til å vere meir utsette for vald enn kvinner flest, og mange fleire lesbiske og homofile rapporterer å ha vore utsette for trugsmål om vald. Det er teikn som tyder på at desse trugsmåla kan ha samanheng med den seksuelle orienteringa til dei som har vore utsette for dette.

Resultata frå NOVA-undersøkinga blir refererte til og utdjupa i fleire av kapitla i denne meldinga.

2.3.4 Haldningsundersøkingar

Dei påkjenningane som lesbiske og homofile eventuelt opplever i eigenskap av si seksuelle orientering, er sterkt prega av syn og haldningar hos folk elles til lesbisk og homofil kjærleik, til samliv og seksualitet. Blir ein møtt med vanvørdnad, kan denne vanvørdnaden bli internalisert og melde seg att som sjølvforakt. Er haldningane derimot positive, verkar dette i større grad med til å utvikle eit positivt sjølvbilete. Ikkje minst for ungdom - med ei gryande erkjenning av eigne homoseksuelle kjensler - vil det å bli møtt med positive haldningar i samfunnslivet vere viktig.

Det har blitt gjort fleire representative utvalsundersøkingar med spørsmål om kva haldningar befolkninga har hatt til homofile og homofili i Noreg i etterkrigstida. Desse undersøkingane kan ikkje samanliknast direkte, men dei teiknar likevel eit grovt bilete av ei positiv haldningsendring gjennom denne tidsperioden. I 1947 33 såg ein stor del av befolkninga på homofili som eit svært alvorleg brotsverk. I 1998 stiller majoriteten av det norske folket seg positiv til lesbiske og homofile.

Det har altså heile tida (det blei gjort målingar i 1947, 1967, 1983, 1988, 1992 og 1998) vore ein tydeleg og til dels sterk tendens til at befolkninga blir stadig meir positiv til homofile og lesbiske. Dette har verka med til å betre livssituasjonen for lesbiske og homofile.

Det finst klare skiljelinjer i synet på homofile og lesbiske etter kjønn, alder, utdanningsnivå og så vidare. Ikkje overraskande viser undersøkinga til Scan-Fact frå 1983 at høg utdanning, aktiv fritid og einsleg eller sambuande sivilstatus gav sterkast tendens til å velje svaralternativ definerte som «liberale standpunkt» til eit homofilt eller lesbisk kjærleiksliv. Denne tendensen har vart ved i dei seinare undersøkingane, og i 1998 ser vi eit klart bilete av at kvinner meir enn menn, yngre heller enn eldre, dei som er busette på det sentrale Austlandet snarare enn i Agderfylka og dei med middels til høg inntekt sterkare enn dei med låg inntekt, svarte i retning av ei positiv haldning til homofil og lesbisk kjærleik, samliv og seksualitet. Mest negative er menn (og særleg unge gutar) og eldre. Mest positive er ikkje overraskande dei som svarer å ha nære venner og kjende som dei veit er lesbiske eller homofile, noko som understrekar kor viktig det er med open innstilling og integrasjon for å skape forståing for lesbiske og homofile og deira rettar og livssituasjon.

2.4 Nokre trekk ved historia til lesbiske og homofile

2.4.1 «Den moderne homoseksuelle»

I Noreg og Sverige finst det lite historisk forsking omkring situasjonen for homofile og lesbiske, 34 men i Danmark er det gjennomført tre større studiar 35 som tek for seg homoseksualitet i ein historisk og kulturvitskapleg samanheng. Både Lützen, Bech og von Rosen søkjer å finne grunnlaget for framveksten av ein moderne homofil/lesbisk subkultur og veremåte.

Forfattarane meiner at førestellinga om det særeigne homoseksuelle mennesket og det skarpe skiljet mellom homoseksualitet og heteroseksualitet blei etablert i Europa i siste halvdelen av 1800-talet. I historisk materiale finst det forteljingar om seksuell omgang mellom personar av same kjønn også før moderne tid, men fenomenet har vore tilfeldig og sporadisk omtalt.

Grunnlaget for å byggje opp ein kollektiv identitet som homoseksuell blei lagt rundt førre hundreårsskiftet. Viktige samfunnsinstitusjonar som vitskap, helsestell, rettsstell og massemedium sette seksualiteten på dagsorden, og dei fokuserte på homoseksualitet som ein fysiologisk og/eller mental defekt med alvorlege sosialhygieniske konsekvensar. 36 Det oppstod etter kvart ein «allianse» mellom den gryande homoseksuelle frigjeringsrørsla og vitskapen. Ved å slutte seg til legevitskapen som gjorde den homofile seksualiteten til ein sjukdom, vann ein tilslutning frå vitskapen til å avkriminalisere homoseksuelle handlingar. I ei noko revidert utgåve blei på den andre sida denne patologiske forståinga hengande ved vitskapen sitt syn på homoseksualitet, og først i 1978 blei homofilidiagnosen fjerna frå Norsk psykiatrisk forening si liste over mentale lidingar.

Dei danske studiane omhandlar likevel ikkje berre den vitskaplege og offentlege debatten om homoseksualitet. Også utviklinga av ulike måtar å vere homofil på (subkulturelle praksisar) er eit stort tema. Både Lützen og Bech teiknar eit bilete av «den moderne homoseksuelle» som ei utprega moderne og framtidsretta eksistensform. Både lesbiske kvinner og homofile menn levde i det danske samfunnslivet tidleg i vårt hundreår på ein slik måte at dei stod fram som sjølve personifiseringa av den urbane, frigjorde og moderne kvinne og mann. Desse perspektiva er interessante i og med at dei supplerer den meir problemorienterte vinklinga der usynleggjering, neddyssing og undertrykking får dominere forteljingane. 37

2.4.2 Den organiserte verksemda

I Noreg har homofile og lesbiske i fleire tiår organisert seg i kampen for frigjering og særskilde rettar. Det blir hevda at DNF-48 (seinare LLH) har vore heilt sentralt for å levandegjere og formidle den homofile og lesbiske kulturen og tradisjonen i Noreg. Dei har gjort mykje meir enn berre å spegle av identitetar som alt eksisterte dei siste tretti åra. Ikkje minst har dei verka med til å skape identitetar gjennom et kollektivt engasjement og kamp. Dei har gjeve dette engasjementet eit meiningsfullt fokus, og stilt grunnleggjande spørsmål omkring politikk, kulturell tilhøyrsle og personlege behov.

Relasjonane til andre frigjerings- og protestrørsler har i mange land vore strategisk viktige. Særleg har forholdet mellom lesbiske og homofile frigjeringsrørsler og den nye kvinnerørsla 38 (der mange lesbiske kvinner også har vore sentrale aktørar) vore nært. Erfaringar frå bevisstgjering og strategiar for å utvikle identitet innanfor den nye kvinnerørsla blei til dømes overførte til lesbiske og homofile sine eigne formål. 39

Det Norske Forbundet av 1948 blei skipa i Oslo hausten 1950, som ei underavdeling av det danske «Forbundet af 1948». I denne perioden var homoseksualitet forbode ved lov, noko som hadde sterk innverknad på verksemda til forbundet: Opptak i forbundet blei gjort etter tilråding frå andre medlemmer. Lokale til sosiale samkomer blei tinga i «dekknamn» og kunngjorde i kode. Likevel tok organisasjonen tidleg til å arbeide politisk. Dei distribuerte informasjonsbrosjyrar, og alt i 1951 blei det sendt eit brev til Justisministeren om å revurdere § 213 i straffelova, som forbaud homoseksuelle handlingar.

Det tok likevel tid før organisasjonen verkeleg skulle få gjennomslag for arbeidet sitt. Først på slutten av 1960-talet og tidleg på 1970-talet, og som ein del av ei større mobilisering av protestrørsler, 40 og ikkje minst i forlenginga av det såkalla «Stonewall-opprøret» 41 i New York i juni 1969, skulle DNF-48 bli ein sentral politisk aktør. Arbeidet til organisasjonen førte til at § 213 i straffelova blei teken bort i april 1972, at Norsk Psykiatrisk Forening fjerna homoseksualitet som sjukdomsdiagnose i 1978, at fulle rettar for homofile og lesbiske blei innførte i skolen og i forsvaret, og at særskilt straffevern for lesbiske og homofile blei innført i 1981 (§§ 135a og 349a). 42

I 1976 førte ei kløyving til at Arbeidsgrupper for homofil og lesbisk frigjøring blei skipa. Saman med andre homofile frigjeringsrørsler organiserte dei Fellesrådet for homofile organisasjoner (FHO). 43 I 1993 blei likevel Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring(LLH) skipa gjennom ei samanslåing av DNF-48 og FHO. Året etter vedtok Stortinget partnerskapslova, som i høg grad også var eit resultat av verksemda til LLH.

2.5 Tiltak

Som ei følgje av dei strukturelle endringane og ein aktiv kamp for rettferd og frigjering frå homoseksuelle si side, har eit ope homofilt og lesbisk levesett blitt både meir vanleg og akseptert som ei likeverdig livsform i samfunnet. Med partnerskapslova fekk ein lovregulert rettane ved registrert partnerskap som samlivsform.

Haldningane til homoseksualitet innanfor den generelle befolkninga har også endra seg mykje dei siste åra. Og det er den unge, urbane delen av befolkninga som er mest positive til lesbiske og homofile. Sjølv om enkelte grupper av befolkninga framleis er negative til homseseksualitet, er desse gruppene i mindretal.

Det er ingen tvil om at denne utviklinga har vore positiv for lesbiske og homofile. Å vere homoseksuell er ikkje lenger så skremmande eller «annleis»: Det sosiale stigmaet er dempa, og ein har vunne ein generelt breiare aksept i befolkninga. I byane har lesbiske og homofile eigne treffstader, og det finst gode høve til å knyte relasjonar til andre i same situasjon.

Likevel kjem det fram at mange homofile og lesbiske vel å skjule si seksuelle orientering, at dei unge slit med dårleg psykisk helse og at mange unge homofile og lesbiske har prøvd å ta sitt eige liv. Dette framstår nærmast som eit paradoks i ei tid med mykje breiare aksept og større rom for individuelle val og personleg fridom.

Det er peikt på at den opplevde fridommen og dei valalternativa som følgjer med, også kan gjere menneske usikre. Særleg for unge menneske som er i søkjarfasen, kan det vere ei påkjenning å kjenne seg annleis. Det er ei utfordring og eit mål å skape større rom for ulikskap og mangfald i samfunnet vårt, slik at lesbiske og homofile kjenner seg synleggjorde, inkluderte og aksepterte.

Det finst framleis ein stor kunnskapsmangel om dagens situasjon for homofile og lesbiske i Noreg. Viktige tiltak vil derfor vere å få kartlagt denne situasjonen betre. Det er samstundes viktig at ulike sider ved det å leve lesbisk og homofilt blir synleggjorde.

I den vidare forskinga om homofili bør ein satse på tema som:

  • Dagens situasjon for homofile og lesbiske

  • Historia om lesbiske og homofile i Noreg, under dette historia om psykiatrien, kyrkja og domstolane

  • Fokus på ressursar og mangfald hos lesbiske og homofile

Regjeringa vil i tillegg kome med framlegg om ny forsking på desse områda:

  • Det blir sett i gang forsking for å kartleggje haldningar til homofili i minoritetsgrupper, og korleis unge homofile og lesbiske blir møtt av foreldre og familie innanfor dei same minoritetsgruppene. Jf. kapittel 4.

  • Det vil bli sett i gang forsking om lesbisk og homofil ungdom i skolen og utdanningsinstitusjonane. Jf. kapittel 5.

  • Forskings- og utviklingsarbeid i forhold til homofil og lesbisk ungdom innanfor idretten bør styrkjast. Jf. kapittel 7.

  • Innanfor rammene av oppfølgingsprosjektet til Handlingsplanen mot sjølvmord blir det sett inn spesielle tiltak overfor gruppa lesbiske og homofile mellom anna gjennom å utforme konkrete forskingsprosjekt i samarbeid med aktuelle miljø. Jf. kapittel 8.

  • Innanfor ramma av dei midlane som blir stilt til rådvelde i Velferdsprogrammet, blir det teke initiativ til å setje i gang forsking som ser nærmare på rusrelaterte problem hos lesbiske og homofile, og som på denne bakgrunnen etter kvart kan kome med tilrådingar både når det gjeld førebygging og behandling. Jf. kapittel 8

  • Forsking om homofile og lesbiske i arbeidslivet vil bli styrkt. Jf. kapittel 9.

Fotnotar

1.

Sosialt utsyn 1998, 2000.

2.

Vesentlege element finst det likevel: Retten til adopsjon og stebarnsadopsjon, og lovleg tilgang til kunstig befruktning.

3.

Frykman & Løfgren (1979) Den kultiverade människan, Stockholm: Liber Förlag.

4.

Prieur, Annick (1994) Iscenesettelser av kjønn - Transvestitter og machomenn i Mexico by, Oslo: Pax Forlag.

5.

Ohnstad, Anbjørg (1984) Ekte(venn)skap - en studie av relasjoner mellom lesbiske samboere. Hovudoppgåve i psykologi. Universitetet i Bergen.

6.

Den same demokratiseringa av parrelasjonen ser likevel ikkje ut til å ha vore like sterkt til stades blant homofile menn: Prieur, Annick, m.fl. (1988) Kjærlighet mellom menn i Aidsens tid. Oslo: Pax forlag.

7.

Haldningar til sambuarskap er målte på ulike tidspunkt. I ei intervjuundersøking frå 1982 var rundt halvparten av befolkninga motstandarar av sambuarskap. Referert i NOU 1999:25 Samboerne og samfunnet, s. 85.

8.

Folkhälsoinstitutet (2000) Ungdomar och sexualitet, s. 58.

9.

Eit interessant poeng her er at denne undersøkinga blei gjennomførd kort tid etter at den populære filmen «Fucking Åmål» kom på kino.

10.

Sjå til dømes Giddens, A. (1996) Modernitet og selvidentitet: Selvet og samfunnet under sen-moderniteten . København, Hans Reitzels Forlag, Ziehe T. (1983) Ny ungdom og usædvanlege læreprocesser: Kulturel frisættelse og subjektivitet. København, Politisk revy, Frønes & Brusdal (2000) På sporet av den nye tid: Kulturelle varsler for en nær fremtid. Bergen, Fagbokforlaget.

11.

Sjå blant anna Sennet (1998) The Corrosion of Character: The Personal Consequences of Work in the New Capitalism . New York: W.W. Norton.

12.

Til dømes Skårderud (2000) Uro. En reise i det moderne selvet. Oslo: Aschehoug.

13.

Ordet «yrkeskvinne» er så godt som ute av det norske språket.

14.

Mellom anna er gjennomsnittsalderen for førstegongsfødande kvinner i dei større byane i dag over 30 år.

15.

NOU 1997:12 Grenser til besvær. Lokaldemokrati og forvaltning i hovedstadsområdet.

16.

Bergh, Bjerck & Lund (1978) op.cit., Andersen, A (1988) Homofile og lesbiskes livssituasjon. Utredning for Forbruker- og administrasjonsdepatementet.

17.

Sjå NOVA-undersøkinga, s. 182-184.

18.

Hafstad, Kjetil (2000) Frihetens festning - så fast en borg? Kirke og samliv - hetero og homo. Oslo: Forlaget Forum.

19.

Prieur, Annick (1994) op.cit.

20.

Anderssen (1995) Forskning om homoseksualitet. Essensialistiske begrensninger i Reidar K. Lie m.fl. Homoseksualiteter på norsk. Rapport fra en forskningskonferanse. Bergen - Trondheim - Oslo.

21.

Prieur (1994) op.cit.

22.

Slike arbeid er m.a. utførte utan noka form for direkte forskingsfinansiering, av studentar utan forskingserfaring og med krav til visse formale øvingar som alle hovudfagsstudentar må vise at dei kan bruke på rett måte.

23.

Sjå t.d. Beck, Henning (1988) Når mænd møtes. Homoseksualiteten og de homoseksuelle, København; Lutzen, Karin (1986) Hvad hjertet begærer: kvinders kærlighet til kvinner 1825-1985, København; von Rosen, Wilhelm (1993) Månens kulør. Studier i dansk bøssehistorie 1628-1912; Bergh, Bjerck & Lund (1978) Homofile - myter og virkelighet. En undersøkelse blant homofile kvinner og menn i Norge. Pax Forlag: Oslo.

24.

SOU 1984:63 Homosexuella och samhället. Betenkande av Utredningen om homosexuellas situation i samhället. Stockholm: Allmänna Förlaget.

25.

Lützen, Karin (1988) At prøve lykken. 25 lesbiske livshistorier. København.

26.

Bech, Henning (1989) Mellem mænd, København.

27.

Betænkning nr. 1127 (1988) Homoseksuelles vilkår. Afgivet af kommissionen til belysning af homoseksuelles situation i samfundet. Köbenhavn.

28.

Andersen, Arnfinn (1986) op.cit.

29.

Hegna, Kristiansen og Moseng (1999) Levekår og livskvalitet blant lesbiske kvinner og homofile menn, NOVA-rapport 1/99.

30.

Sjå eigen diskusjon av utvalet i NOVA-undersøkinga sidene 123-141.

31.

NOVA-undersøkinga, s. 309.

32.

NOVA-undersøkinga, s. 311.

33.

Sjå Havelin, Arnold (1968) Almenhetens holdninger til homofile og homoseksualitet. Tidsskrift for samfunnsforskning , nr. 9: 42-74.

34.

Bergh, Bjerck & Lund (1978) op.cit. tek for seg temaet under eit eige kapittel i boka si. I NOVA-undersøkinga er temaet omtalt på s. 26-29. Det finst også nokre hovudoppgåver som rettar søkjelyset mot historiske forhold, mellom andre Martin Halsaas avhandling om § 213 i straffelova.

35.

Lützen (1986) op.cit., Bech (1988) op.cit. og von Rosen (1993) op.cit.

36.

Sjå NOVA-undersøkinga, s. 27-29.

37.

Sjå til dømes Bergh, Bjerck og Lund (1978) op.cit. og SOU 1984: 63.

38.

Sjå Cooper, Davina (1995) Power in Struggle: Feminism, Sexuality and the State . Buckingham: Open University Press.

39.

Sjå Bergh, Bjerck og Lund (1978) op.cit.

40.

Her blir det sikta til kvinnerørsla i tida, masserørsla mot krigen i Vietnam, frigjeringsrørsla mellom dei svarte i USA osv.

41.

Oppstanden frå dei homofile mot politirazziaen mot baren «Stonewall Inn» i Greenwich Village i New York 27 juni 1969 skulle kome til å få avgjerande symbolsk verdi for homofile og lesbiske over heile den vestlege verda.

42.

Sjå også kap. 3.

43.

Størksen, Ingvill (2000) Homofili og politikk: En komparativ analyse av verdiendringer og meningskoalisjoner bak vedtaket av partnerskapsloven i Danmark og Norge. Hovudoppgåve i samanliknande politikk, Universitetet i Bergen.

Til forsida