12 Økonomiske og administrative konsekvensar
Meldinga gjev ein heilskapleg gjennomgang av levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg. Som hovudregel skal lesbiske og homofile falle inn under generelle ordningar og tiltak. Meldinga legg dermed ikkje opp til tiltak som får særskilde administrative konsekvensar. Likevel vil verneomboda i bedrifter bli pålagde å tileigne seg kunnskap om situasjonen for lesbiske og homofile medarbeidarar, og vere støttespelarar for lesbiske og homofile på arbeidsplassane.
Når det gjeld dei økonomiske sidene, vil fleire av tiltaka som er presenterte, bli finansierte over dei ordinære budsjetta for dei enkelte departementa. Dette gjeld mellom anna Oppfølgingsplanen for psykisk helse, vidareføringa av Handlingsplanane mot sjølvmord og mot HIV/AIDS når det gjeld Sosial- og helsedepartementet. Derimot vil dei informasjonsopplegga som det kjem framlegg om, styrkinga av LLH, og den auka satsinga på forsking om homofile og lesbiske, krevje auka midlar over statsbudsjettet.