St.meld. nr. 25 (2000-2001)

Levekår og livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg

Til innhaldsliste

4 Oppvekst og identitetsutvikling

4.1 Innleiing

Barn og unge i vår tid veks opp i eit samfunn prega av mangfald når det gjeld levesett og samlivsformer. Det moderne samfunnet har aukande individuell fridom som kjenneteikn, færre tradisjonsband og mindre innverknad frå kyrkje og religion. Det er grunn til å vente at unge menneske i større grad enn tidlegare har aksept for ulike og utradisjonelle samlivsformer. Ungdom som gradvis oppdagar at dei har kjensler for personar av eige kjønn, og som vel ei lesbisk eller homofil livsform, burde ideelt sett kunne realisere dette utan å kjenne seg marginale. Det faktum at homofile og lesbiske kan inngå partnarskap, og at dei har eit juridisk vern mot krenkingar frå andre på grunn av homofil orientering og livsform, gjer sitt til at unge menneske opplever ei legitimering av denne livsforma. Det same gjer open innstilling i media og skole og det at mange kjende personar vel å vere opne om si homoseksuelle orientering.

Forskinga om opplevingane til dei unge peiker i ulike retningar. Ein del resultat frå NOVA-undersøkinga tyder på at det er lettare for unge menneske å vere homofil eller lesbisk i vårt samfunn samanlikna med tidlegare. 1 Haldningsundersøkinga viser at unge menneske har meir liberale haldninger til homofile og rettane deira enn eldre. Andre undersøkingar tyder på at det blant ungdom framleis finst negative haldningar til homofili. 2 Homofile og lesbiske har eit klart betre vennskapsnettverk samanlikna med jamaldringane sine i befolkninga generelt. Homofile og lesbiske i aldersgruppa 16-24 år opplyser dessutan at dei har fleire heterofile enn lesbiske og homofile venner. Dette skil dei unge frå dei eldre aldersgruppene, der tendensen er færre heterofile enn lesbiske/homofile venner. Dette kan kome av at unge lesbiske og homofile er i ein avklaringsfase og dermed ikkje har etablert ein lesbisk/homofil vennskapskrins. Men det kan også tyde at unge lesbiske og homofile er betre integrerte i det allmenne samfunnslivet enn tidlegare generasjonar. NOVA-undersøkinga tyder samstundes på at mange unge lesbiske og homofile har problem. Ein relativt stor del av dei unge har prøvd å ta livet sitt. Dei rapporterer om fleire som har psykiske plager samanlikna med unge menneske i befolkninga samla sett. Kvar tredje unge lesbiske og homofile i aldersgruppa 16-24 år er noko urolege for vald, trugsmål og trakassering som følgje av at dei er synlege som lesbiske og homofile i det offentlege rommet. Trass i at samfunnet langt på veg aksepterer lesbiske og homofile, opplever unge det altså som vanskeleg å velje ei slik livsform.

Mykje tyder på at det er prosessen fram mot å avklare eigen seksuell identitet og deretter ta konsekvensane av ei slik avklaring ved å «kome ut», som er vanskeleg for unge lesbiske og homofile. Det å velje ei annleis form for seksualitet enn den fleirtalet vel, kan vere spesielt trugande i ungdomstida, då mange er usikre omkring eigen identitet. Det å vere annleis kan by på problem i ein fase av oppveksten, sjølv om det er lettare og kanskje uproblematisk i seinare fasar.

4.2 Utvikling av seksuell identitet hos unge menneske

Frå barnet blir født og kjønnet er fastslått, blir jentebarn og gutebarn møtt med ulike forventningar, og ulike kulturbestemte tilnærmingsmåtar frå omgjevnadene. Barn blir sosialiserte inn i kjønnsrollene gjennom samspelet med foreldra og andre vaksne. Dei vaksne reagerer og set namn på dei ulike handlingane barn tek seg til med. Foreldre vil reagere ulikt på det barnet gjer avhengig av om det er ein gut eller ei jente. Mykje tyder på at denne prosessen handlar om læring, og at kjønnsrollene ikkje er «naturgjevne» i biologisk forstand. 3

Kor vidt den seksuelle identiteten - det vil seie identitet som lesbisk/homofil, bifil eller heterofil - er biologisk eller sosialt fastlagd, er det inga eintydig oppfatning om. 4 Forventningane frå omgjevnadene når det gjeld kjærleik og seksualitet, følgjer likevel det biologiske kjønnet - ein ventar at jenter blir tiltrekte av gutar og omvendt. Problema med å oppdage og stå fram som lesbisk eller homofil kan ein forstå i lys av dei sterke føringane som samfunnet og dei nære omgjevnadene gjev individet når det gjeld kjønnsidentitet og seksuell identitet. Unge lesbiske og homofile kjenner seg annleis når dei bryt med dei vanlege forventningane til emosjonell og seksuell orientering. Dess sterkare forventningane frå omgjevnadene er, dess sterkare vil kjensla av å vere annleis vere.

Dei kroppslege endringane som melder seg tidleg i ungdomsperioden, oppfattar gutar og jenter som symbol på at dei blir vaksne, og det fører til endra identitetsoppfatning. Dette opplever dei både som statusgjevande og trugande. Kroppsendringane og puberteten fører med seg at den unge blir godkjend som eit seksuelt vesen av samfunnet, og den unge kjenner seg stolt over å oppleve seg sjølv som ny mann eller kvinne. Men alderen for når kjønnsmodninga melder seg, kan variere med fire-fem år mellom individ av same kjønn. Dei fysiske endringane kan i tillegg melde seg i ein nokså tilfeldig orden hos den enkelte. Dei ulike delane av kroppen følgjer ikkje alltid kvarandre. I tillegg til å tilpasse seg den nye kroppen skal den unge også takle nye psykologiske og sosiale krav til autonomi og intimitet. 5 Å oppleve problem knytte til kroppsendringar og kjønnsmodning er altså eit allment fenomen. Mykje tyder på at åtferd og haldningar hos unge er temmeleg konvensjonelle når det gjeld seksualitet. 6

Samfunnet er i dag mykje meir fleksibelt og mangfaldig enn tidlegare. Ungdom i det moderne samfunnet står i prinsippet nokså fritt til å velje alternative samværs- og åtferdsformer, også på det seksuelle området. Raske samfunnsendringar, endringar i familie- og samlivsmønster og individualisering tilseier at dagens ungdom ikkje treng å kjenne seg så bundne av normer og verdiar som foreldra deira var. Men det å etablere ein kjønnsidentitet er ofte problematisk for ungdom generelt. Både psykologiske og fysiologiske endringar hos den enkelte skaper tilpassingsproblem i puberteten. Ungdom som oppdagar at dei er forelska i personar av same kjønn, har eit tilleggsproblem som for nokre blir svært vanskeleg å takle. For å redusere dette problemet må skole og samfunnsliv alminneleggjere det faktum at somme menneske blir tiltrekte av sitt eige kjønn. Det er grunn til å synleggjere at homofil kjærleik og samlivsform er ei av fleire moglege samlivsformer, og formidle ein bodskap til unge menneske om at dette er akseptert.

4.3 Utvikling av homofil identitet

Ungdomsperioden er ein fase som har mykje å seie for identitetsutviklinga. Identitet handlar om korleis individet opplever seg sjølv og omgjevnadene, det vil seie opplevinga av kven eg er og ønskjer å vere, og kven eg ikkje ønskjer å vere. Enkeltmennesket er mellom anna eit produkt av sine relasjonar til andre menneske, og identitet kan ein sjå på som bindeleddet mellom individet og fellesskapet det tilhøyrer. Men vi har plassen vår innanfor mange typar fellesskap samstundes: kjønn, aldersgruppe, nasjonalitet, religion, utdanningskategori, seksuell orientering og så vidare. Eit menneske har fleire identitetar knytte til mange av desse fellesskapa. Men dei ulike identitetane kan ha meir eller mindre å seie i ulike fasar av livet, og dei blir aktiviserte i ulike situasjonar. 7 Kjønnsidentitet og seksuell identitet er viktig i puberteten. Homofil identitet er i tråd med dette berre ein av fleire identitetar hos ein person, og han er kanskje viktigare i ungdomsfasen enn seinare i livet.

Å få til ein kvalitativt god kontakt med andre homofile og lesbiske blir sett som svært viktig når dei skal utvikle eigen identitet. Ein god kontaktperson eller -personar kan gje verdifull informasjon om homofili, vere nokon å diskutere eigne idear om homofili med, og gjere det mogleg å samanlikne eigne erfaringar med andre sine. Det er ofte gjennom slike kontaktpersonar at omgrepet homofil/lesbisk begynner å få eit meir positivt innhald.

Eit identitetsfellesskap kan også oppstå som følgje av negative erfaringar. Opplevinga av å bli diskriminert og mangelen på positive tilbakemeldingar fører til identifisering med menneske som har opplevd det same. Identitet som homofil kan vere med på å redusere problema for den enkelte. Dersom diskrimineringa tek slutt, vil homofile og lesbiske kanskje i større grad vektleggje heilt andre identitetsfellesskap: at dei er ungdom, studentar, akademikarar og så vidare.

4.3.1 Seksuelle opplevingar i barndommen

For barn og ungdom er det ikkje uvanleg å ha seksuelle opplevingar med eige kjønn, utan at vedkomande dermed kjem til å utvikle ein homofil identitet seinare i livet. Dette dreier seg om ei form for vennskap, erotisk leik eller utforsking. Hos somme held denne erotiske leiken med personar av eige kjønn fram også utover ungdomstida og inn i vaksen alder, utan at dette influerer på den heterofile preferansen deira. 8

Tidlegare forsking, mellom anna Kinsey 9 presenterte ein homoseksualitetsskala (frå 0-6), og meinte at det var glidande overgangar frå dei som oppgjev at dei er berre heteroseksuelle (0) via biseksuelle (3) til dei som opplyser at dei er berre homoseksuelle (6). Etter det Kinsey fann ut om den amerikanske befolkninga, hadde 37 prosent av mennene og 15 prosent av kvinnene hatt homoseksuelle forhold som vaksne. Likevel viste undersøkinga at berre 4 prosent av mennene og 2-3 prosent av kvinnene oppgav at dei var eksklusivt homoseksuelle. 13 prosent av mennene og 15 prosent av kvinnene hadde homoseksuelle kjensler utan at dei hadde hatt homoseksuelle opplevingar. Biletet er med andre ord svært samansett.

Etter representative tal frå Statens Institutt for folkehelse har mellom tre og fire prosent av alle nordmenn hatt samleie med ein eller fleire personar av same kjønn. Blant 18-19-åringar i 1987 oppgav 4,9 prosent av mennene og 5,2 prosent av kvinnene at dei hadde hatt seksuell omgang med ein av same kjønn. I eldre aldersgrupper var det noko færre. 10 Det blir peikt på at med eit overslag på ca. 5 prosent av befolkninga, snakkar vi i Noreg om godt over 200.000 barn og vaksne som anten kjenner, eller kjem til å kjenne seg seksuelt tiltrekte berre av personar av same kjønn. 11

Det er ikkje sikkert det er rett å karakterisere ein person som anten heteroseksuell, biseksuell eller homoseksuell. 12 Det vil vere rettare å presisere innhaldet, til dømes at ein person blir mest forelska i det same/motsette kjønn, eller at ein person for det meste eller berre blir seksuelt opphissa av det same/motsette kjønn. Det er mogleg å ha homoseksuelle kjensler utan å ha homoseksuelle opplevingar. Det er mogleg å vere forelska i ein person av motsett kjønn samstundes som ein blir seksuelt opphissa av personar av same kjønn. Det er rimeleg å rekne med at graden av hetero- og homoseksualitet hos den enkelte kan variere uavhengig av kvarandre over tid, og at sosiale samanhengar kan vere avgjerande. Omgrepet situasjonell homoseksualitet er nytta om tilfelle der til dømes innsette i fengsel praktiserer homoseksuell aktivitet utan at dei av den grunn reknar seg som homofile. 13

I ein omtale av menn som har sex med menn i Gøteborg i tida rundt andre verdskrigen, blir det operert det med to kategoriar menn: «såna» og «riktiga karlar». 14 Førstnemnde kategori er homoseksuelle og gjerne litt feminine menn, medan den siste kategorien er unge, heteroseksuelle menn frå arbeidarklassen, og dessutan gastar og matrosar. Ei forklaring på at heteroseksuelle menn oppsøkjer homoseksuelle, er at kvinner er lite tilgjengelege, og fenomenet kan derfor ha samanheng med seksualmoralen på den tid. Same fenomenet er omtalt i ei undersøking av homoseksuelle menn og partnarane deira i våre dagars Mexico by. 15

Det er altså vanleg å skilje mellom homoseksuelle handlingar, som kan vere situasjonsbestemte og knytte til livsfase på den eine sida, og det å vere homofil på den andre sida. Det som karakteriserer ein homofil, er at vedkomande både forelskar seg i og blir seksuelt tiltrekt av personar av eige kjønn. I somme studiar fortel lesbiske og homofile at dei har visst om kjenslene sine heilt sidan dei var barn - ned til 6-7 års alderen. Den homofile identiteten meiner ein dermed ikkje blir til i puberteten, men lenge før. 16 Amerikansk forsking stadfestar tanken om at tiltrekking til eige kjønn blir oppdaga tidleg, men alderen set dei snarare til 10-12 års alderen. 17

Også i NOVA-undersøkinga fortel dei som er intervjua, om forelskingar og tiltrekking til eige kjønn ned til 10-12 års alderen. Fleire fortel at dei blei tiltrekte av eige kjønn eit par år før dei hadde noka oppfatning av seg sjølv som lesbiske eller homofile. Dette blir omtalt som «lengselen etter ein bestevenn», «forelsking i andre jenter», «sverma for ei lærarinne» osv. Når kvinner fortel om dei første lesbiske erfaringane sine, legg dei større vekt på forelsking enn seksuell tiltrekking. Mennene fortel derimot om seksuelle erfaringar med andre gutar frå barneskolen og oppover. Det dreidde seg om seksuelle leikar som ein integrert del av kameratskapen. Dette har i liten grad vore bunde saman med skam- eller skyldkjensle.

Mellom dei som er intervjua i NOVA-undersøkinga, fortel 15 av 21 homofile og lesbiske om ei ikkje-konform kjønnsrolleåtferd i barndommen. Kvinner fortel at dei likte best å leike med gutar, spele fotball og nekta å gå kledde i kjole. Fleire av mennene fortel at dei leikte mest med jenter, at dei hata fotball, likte dokker og glansbilete, og heldt seg langt unna slåstkampar med andre gutar. Nokre fekk problem fordi dei braut med dei forventningane som omgjevnadene retta mot dei, utan at dei dermed hadde tankar om at dei var homofile. Dei fleste fortel likevel om ein barndom som ikkje skil seg frå det ungar flest opplevde. Etter NOVA-undersøkinga er det først i overgangen til puberteten at dei intervjua har kjent seg klart annleis enn andre ungdommar. At dei var annleis, viste seg først og fremst i at dei forelska seg i personar av same kjønn.

Dei som er intervjua i NOVA-undersøkinga, var alle vaksne, og livsforteljingane deira er baserte på det den enkelte hugsar om eigen barndom og eige ungdomsliv. Dette reiser eit metodisk problem som blir drøfta i rapporten: Gjev forteljingane til den vaksne personen eit rett bilete av korleis han/ho som barn faktisk opplevde denne perioden? Forteljingane representerer forsøk på å finne ankerfeste for noverande identitet i eins eiga fortid. Livshistoriene kan ein sjå på som filtrerte forteljingar: Av ei rekkje moglege minne er det primært dei som har relevans for individet sin konstruksjon av personleg identitet og relasjonar til andre i notida, som faktisk blir hugsa.

Ein del amerikanske undersøkingar fortel også om at menneske som seinare definerer seg som homofile eller lesbiske, kjende seg marginale og annleis i eigen barndom. 18 Dette kan til dømes gje seg uttrykk i ei sterkare interesse for kunst og intellektuelle syslar enn jamaldrande, og mindre interesse for typiske gute- eller jenteleikar. Kjensla av å vere annleis er som regel knytt til heilt andre forhold enn seksualitet. Berre eit mindretal har eit bilete av seg sjølv som seksuelt annleis eller som homoseksuelle før 12-årsalderen. Sjølv om barn deltek i seksuelle leikar med sitt eige eller det andre kjønnet, ser dei ikkje ut til å definere slik seksuell eksperimentering i termar av homo- eller heteroseksualitet.

Opplevinga av å vere annleis som barn gjeld ikkje alle som seinare definerer seg som lesbiske eller homofile, går det fram av den amerikanske forskinga. Den viser vidare at ein del heterofile også rapporterer om ei kjensle av å vere annleis. Forskinga gjev med andre ord ikkje noko eintydig bilete av lesbiske og homofile som ei annleis eller marginal gruppe. Desse forskingsresultata blir utdjupa seinare.

4.3.2 Biseksualitet

Somme menneske definerer seg verken som homofile/lesbiske eller heterofile; dei opplever derimot at dei blir tiltrekte av begge kjønn. Biseksualitet er vanskeleg å definere og avgrense. Somme biseksuelle forelskar seg i og har seksuell omgang med begge kjønn, medan andre har sex med begge kjønn, men forelskar seg berre i det motsette kjønnet. Nokre biseksuelle har sex med både menn og kvinner parallelt, medan andre vekslar med ulike kjønn over tid. Biseksualitet definerer vi kanskje best ved å slå fast kva det ikkje er, nemleg berre homo- eller heteroseksualitet.

Ei mogleg tilnærming til biseksualitet er å sjå han som ein fase i det å kome ut som homoseksuell. Det å stå fram som biseksuell i ein periode av livet kan opplevast mindre trugande enn å erklære seg som homoseksuell. Det blir då venta at personen etter ei viss tid vil ta steget fullt ut. Ei anna tilnærming går ut på å sjå biseksualitet som ein eigen kategori, eller ein tredje storleik. Ein slik tredje kategori kan likevel også lett bli for statisk til å fange opp dei mange uttrykksformene som biseksualiteten har.

Det er tidlegare omtalt korleis ein kan sjå på seksualitet som plassering på ein skala frå dei som er berre heteroseksuelle, via biseksuelle, til dei som er berre homoseksuelle. 19 Gjennom ei slik forståing stiller ein spørsmålsteikn ved om menneska er anten heteroseksuelle eller homoseksuelle. I staden oppløyser ein kategoriane, og seksualitet blir gjort til ein sjølvstendig storleik. Det er tidlegare peikt på at graden av hetero- og homoseksualitet kan variere uavhengig av kvarandre over tid, og at sosiale samanhengar vil kunne vere avgjerande. 20 Det er mogleg å sjå på kjærleik, seksualitet og identitet som opne og foranderlege kategoriar som kan påverkast av situasjonsavhengige forhold. Biseksualitet er i så fall uttrykk for eit mangfald som inneber at eit menneske ønskjer å ha alle valalternativ opne.

I og med at bifile kan forelske seg og knyte relasjonar til personar av begge kjønn, vil dei i varierande grad ta del i eit homofilt/lesbisk og heterofilt miljø. Dette kan ha både positive og negative konsekvensar. Det positive ligg i at ein open bifil kanskje i større grad enn både heterofile og homofile/lesbiske kan inngå i eit meir mangfaldig sosialt og kulturelt fellesskap. 21 Dei kan dermed på ein meir fullstendig måte vere integrerte i sosiale miljø med ulike livserfaringar og -syn. Det negative kan likevel kome til uttrykk ved at bifile kan ha eit meir problematisk forhold til eigen identitet. Som bifil kan ein oppleve å stå både innanfor og utanfor eit lesbisk/homofilt så vel som eit heterofilt fellesskap, og det er denne ambivalensen som då kan gjere identitetsdanninga vanskeleg.

4.3.3 Kome-ut-prosessen

Det å gradvis definere seg som homofil eller lesbisk blir i litteraturen kalla for kome-ut-prosessen. I ein amerikansk studie er utviklingsgangen av lesbisk/homofil identitet i ungdomsåra omtalt i fire stadium. 22 Utviklinga startar med ein nøytral kjennskap til homoseksualitet som forskjellig frå heteroseksualitet, ei viss erkjenning av at ein sjølv er annleis og ein gryande mistanke om at ein sjølv er lesbisk/homofil. Deretter startar ein periode med ei viss testing og utprøving - ein begynner å ta kontakt med andre lesbiske og homofile ungdommar eller miljø, og med dette følgjer bortforklaringar og stor uro. Etter kvart skjer ei akseptering av eigen identitet som homofil/lesbisk, og til slutt ei integrering av denne identiteten i andre delar av identiteten hos personen - den unge ser det som heilt ok å vere lesbisk eller homofil.

Aldersspennet som utviklingsgangen går over, er ofte frå 11-12 års alderen til tidleg i 20-åra. Dei individuelle variasjonane er likevel store. Tidsspennet for jenter er, etter somme forfattarar, gjerne lengre enn for gutar, og utviklinga skjer meir langsamt og flytande enn det dei stadia som er nemnde ovanfor, indikerer. For gutar ser det ut til at erkjenninga kjem meir brått. 23

Nedanfor følgjer ein noko meir utførleg presentasjon av ein modell for utvikling av homofil identitet basert på ein amerikansk studie. 24 Tanken der er at det å nå fram til ein homofil identitet inneber ei oppsamling av ein serie viktige hendingar som involverer seksualitet. Hendingane byggjer opp til ei seinare identifisering som homofil. Modellen er bygd opp av fire stadium, og er basert på innlegg frå mange forfattarar. Det blir presisert at stadia i modellen ikkje heilt speglar av røyndommen; det er snakk om ein idealtype-modell der det ikkje er sikkert at nokon passar nøyaktig inn. Men modellen er ein måte å organisere konkrete observasjonar på til analytiske og komparative formål.

Første stadium: Sensitivisering (sensitization). Stadiet kjem inn før puberteten og er kjenneteikna av ei generell kjensle og oppleving av å vere annleis enn jamaldrande gutar og jenter (omtalt ovanfor). Både lesbiske og homofile rapporterer at denne kjensla hadde samanheng med at interessene og åtferda deira som barn var atypisk for jamaldrande av eige kjønn. Desse barndomsopplevingane tener etter kvart som basis for den gryande sjølvoppfatninga som lesbisk eller homofil. Men dei sosiale kategoriane homoseksuell, heteroseksuell og biseksuell har lite eller ingenting å seie for barn på dette stadiet.

Andre stadium: Identitetsforvirring (identity confusion). Gjennom puberteten begynner lesbiske og homofile å reflektere over at deira eigne kjensler og deira åtferd kan tenkjast å tyde på at dei er homoseksuelle. Dette kan føre til identitetsforvirring, indre uro og usikre oppfatningar rundt eigen seksualitet. Homofile og lesbiske møter identitetsforvirringa med ulike strategiar som: å fornekte, ta avstand frå, prøve å rette opp/endre gjennom til dømes å oppsøkje profesjonell hjelp, og å unngå/omgå eller redefinere. Den siste strategien som blir nemnd, er akseptering. Det skjer ei akseptering når unge menn og kvinner erkjenner at handlingane, kjenslene og fantasiane deira kan vere homoseksuelle, og når dei begynner å søkje etter informasjon. Kategorien homoseksualitet hjelper den enkelte til å setje ord på kjenslene sine. Når denne strategien blir teken i bruk, er ho/han på veg over i neste stadium.

Tredje stadium: Godteken lesbisk/homofil identitet (identity assumption). Når den enkelte definerer seg som lesbisk eller homofil og går inn i denne identiteten, varierer. Når det gjeld alder, reknar ein med at mellom 19 og 21 år er vanleg for menn og mellom 21 og 23 år for kvinner. Somme undersøkingar går i retning av ein lågare alder blant menn. Møtet med andre homofile/lesbiske har avgjerande innverknad. Dersom denne kontakten er negativ, kan den enkelte unngå vidare kontakt. Men er han positiv, går den vidare homofile/lesbiske identitetsutforminga lettare. I dette stadiet må den enkelte på ein eller annan måte takle stigmatiseringa som er knytt til homofili. Ulike strategiar blir skildra: den enkelte kan kapitulere, det vil seie unngå homoseksuelle aktivitetar eller kontaktar fordi den internaliserte stimatiseringa og sjølvforakta blir for stor, ho eller han kan skjule seg og passere som heteroseksuell, eller (gjeld ofte nyomvende) heilt slutte seg til gruppa ved å unngå kontakt med heterofile, ta avstand frå heteroseksuell praksis og idealisere eigne handlingar.

Fjerde stadium: Forplikting (commitment). Mange oppnår etter kvart sjølvaksept og er tilfredse med den homofile identiteten og rolla. Det er lettare, meir tiltalande, mindre kostnadskrevjande å leve som homofil enn å prøve å fungere som heterofil. I det siste stadiet utviklar personen ein integrert identitet som lesbisk/homofil, og den enkelte kjenner no ei plikt til å leve eit liv i samsvar med denne identiteten. Det å gå inn i eit kjærleiksforhold med ein av same kjønn er ofte starten på ei slik forplikting. Ho kjem til uttrykk i integrerte kjensler og seksuell orientering mot eige kjønn, ei identifisering med den homofile livstilstanden (state of being) og «livsstil», snarare enn berre ei seksuell orientering. «Dette er normalt, naturleg og rett for meg». Undersøkingar viser at svært få homofile klagar over dette, eller vil endre statusen sin til heteroseksuell sjølv om dette var mogleg.

Den amerikanske studien konkluderer med ein påstand om at den homofile identiteten er ein kontinuerleg prosess for å «bli til». Dette gjeld gjennom heile livet. Ansvarsbindinga som er omtalt ovanfor, er aldri gjeven eller oppnådd ein gong for alle. Ho er ein prosess der ein prøver, men aldri heilt kjem fram. Tid og stad, personlege, sosiale og profesjonelle forhold avgjer graden av engasjement og forplikting.

I spørjeundersøkinga referert i NOVA-undersøkinga blei respondentane spurde om tidspunkt for når dei snakka med nokon om si seksuelle orientering. Svara viser at «kome-ut-alderen» har gått kraftig ned dei seinare åra. Blant dei unge vaksne (25-34 år) var alderen 20,5 år både for menn og kvinner, medan dei eldre (60 år og over) var nærmare 30 år før dei snakka med nokon om si seksuelle orientering. Det går også fram av undersøkinga at menn ofte har ei homoseksuell erfaring først, for sidan å fortelje til andre at dei er homofile. For kvinner er biletet meir samansett; seksuell debut skjer anten samstundes med eller etter at ein har fortalt om den seksuelle orienteringa si til andre. Dette er i tråd med funn i amerikanske studiar, der det blir peikt på at sjølv-defineringa for kvinner gjerne skjer i samband med ein meiningsfylt emosjonell kontakt med ei anna kvinne, medan menn gjerne oppnår sjølv-defineringa i ein meir direkte seksuell kontekst. 25

NOVA-undersøkinga viser vidare at homofile ofte vel ein utanfor familien når dei for første gong skal fortelje nokon om den seksuelle orienteringa si. Kvinner trur seg først og fremst til ei god venninne, medan menn vel breiare: ein venn, ei venninne eller andre, til dømes lærar, prest, lege, kollega og så vidare. Både mor, far og sysken blir sjeldnare nytta enn venner og venninner, men mor noko oftare enn far og sysken.

Ei intervjuundersøking i Sverige 26 konkluderer mellom anna med at for somme ungdommar går kome-ut-prosessen relativt smertefritt, medan han for andre resulterer i kriser og til og med sjølvmordsforsøk. Nokre av dei fortel i intervjua om ein relativt enkel aksept av eigen homofili, der mellom anna litteratur om temaet hadde hjelpt dei til å forstå fenomenet og til å kjenne seg att. Forfattarane dreg fram at somme av ungdommane hadde klart å arbeide med kjenslene sine på eiga hand og viste stor styrke, trass i mangel på førebilete, mangel på støtte og positiv tilbakemelding frå omgjevnadene. Forfattarane peiker også på dei mange problema som unge møter i denne prosessen: freistnadene på å halde kjenslene løynde, demonstrere «heteroseksualitet» på feil grunnlag, einsemdkjensla, den negative sjølvoppfatninga, påkjenninga ved å teie homofilien i hel, mangelen på positive førebilete, og plaga med dei negative, stereotype bileta av homoseksualitet.

4.3.4 Kva rollemodellar har å seie

For ungdom generelt er utviklinga av eigen identitet viktig. Identiteten blir gjerne skapt i opposisjon til noko anna, som til dømes vaksensamfunnet, eller det heterofile samfunnet. I jakta på eigen identitet blir det viktig å finne rollemodellar - nokon å etterlikne, nokon å identifisere seg med. Det å kjenne seg annleis er noko som svært mange unge slit med - ikkje berre homofile og lesbiske. Å finne ein person som er akkurat slik som den unge sjølv ønskjer å vere, kan lette problema.

I den svenske undersøkinga som er nemnd ovanfor, er dei intervjua ungdommane eintydig overtydde om at gode førebilete eller rollemodellar ville ha gjort svært mykje til å lette deira eiga homofile og lesbiske identitetsutvikling. Ei av jentene fortel om eit sterkt minne frå 14-15 års alderen, då ho såg to jenter som var saman. «Dei var heilt opne, dei var heilt vanlege jenter, og ein skulle ikkje tru at dei var lesbiske, dei var så fine mot kvarandre,» seier ho. Slike bilete meiner forfattarane har stor verdi, «dei etsar seg fast og fungerer som sinnsbilete for noko som kan bli verkeleg i framtida».

Henriksson og Lunddal peiker også på den store interessa innanfor den homoseksuelle kulturen for informasjon om den eventuelle homoseksualiteten hos «kjende» personar.

Møtet med andre lesbiske og homofile blir i NOVA-undersøkinga skildra som svært positive minne. Somme søkjer opp miljø og foreiningar for homofile og lesbiske, tek telefonkontakt, finn fram til utestader, eller treffer meir eller mindre tilfeldig menneske som sjølve er homofile/lesbiske. Det kjem klart fram kor viktig det er å ha tilgang til positive rollemodellar i avklaringsfasen. Det blir også poengtert at møtet med eit miljø gav den enkelte eit mykje meir nyansert syn på kva det vil seie å vere lesbisk/homofil. Det gav forståing for at lesbiske kvinner og homofile menn er like forskjellige seg imellom som dei heterofile er, og at stereotype oppfatningar ofte er feil.

4.3.5 Tilbakemelding frå skole og samfunn

Tidlegare undersøkingar har peikt på at mange kjenner seg i eit sosialt tomrom når dei skal tre inn i sitt homofile eller lesbiske liv. Dei får inga stadfesting på eigen gryande seksualitet på same måten som heterofile ungdommar. NOVA-undersøkinga gjer greie for korleis mange lesbiske og homofile i tenåra las alt dei kunne kome over av bøker og oppslagsverk om temaet, alt frå vekebladartiklar til helseopplysningsbøker. Informasjonen dei fekk, var av og til avskrekkande, men som oftast nøytral. Litteraturen hjelpte til ein viss grad dei unge til å finne omgrep som dei kunne kople til eigne opplevingar. Men inntrykket er at den tilgjengelege informasjonen var mangelfull og ikkje eigna til å gje dei svara som dei unge trong.

Dette understrekar kor viktig det er at skolen og samfunnet sørgjer for lett tilgjengeleg informasjon om homofili i den viktige fasen då ungdom tek til å få eit bevisst forhold til sin eigen seksualitet. Dette bør skje innanfor seksualundervisninga i skolen, men like viktig er det at homofili blir omtalt som ein naturleg variant av kjærleik og familieliv innanfor heile spekteret av samfunnsorienterte fag. Det er viktig at skolen formidlar denne informasjonen på ein måte som gjer at ein også snakkar til eventuelle homofile eller lesbiske elevar i klassen. Målsetjinga for undervisninga må ikkje berre vere å redusere fordommar blant heterofile elevar, ein må gje homofile og lesbiske elevar ei positiv tilbakemelding. 27 Det er peikt på at utviklinga av Internett som kommunikasjonskanal dei siste åra gjev dei unge ein sjanse til både å hente informasjon og treffe andre homofile via diskusjonsgrupper og «chatting».

Også samfunnslivet generelt bør i større grad synleggjere homofili som ei akseptert samlivsform, via media og kulturliv. Gevinsten av auka informasjon og aksept i samfunnet vil vere stor for dei ungdommane som er i ferd med å avklare den homofile orienteringa si. Desse ungdommane vil få styrkt den positive identitetsbygginga. Også overfor ungdom som er heterofile, vil auka informasjon og open innstilling hjelpe til å redusere fordommar og styrkje evna deira til å akseptere mangfald. Dette vil indirekte også kome lesbiske og homofile til gode.

4.4 Forholdet til foreldre og familie

Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at ungdom som bryt med dei vanlege forventningane i samfunnet og forelskar seg i ein person av same kjønn, har problem med å fortelje dette til foreldra. Undersøkingar stadfestar at ungdom ofte kvier seg for og ventar lenge med å fortelje foreldra at dei er lesbiske eller homofile. Dei same undersøkingane viser likevel at dei fleste foreldre aksepterer dette når dei får litt tid på seg. Det finst også døme på avvisande reaksjonar.

Mange foreldre signaliserer avvising og likesæle til seksuelle kjensler hos barn. Dette fører til at seksuelle konfliktar heller ikkje kjem for dagen, og at problem blir konserverte og meir eller mindre uløyselege. Unge homofile er redde for reaksjonen frå foreldra, og sjølv med foreldre som i utgangspunktet stiller seg opne til homofili, blir det vanskeleg for den homofile ungdommen å opne seg. 28

NOVA-undersøkinga viser at homofile og lesbiske ofte vel andre enn dei nærmaste familiemedlemmene når dei for første gong skal fortelje nokon om si seksuelle orientering. Dei fleste ventar at foreldra vil ha problem med å akseptere at ein son eller ei dotter er homofil/lesbisk, og dei ser det derfor som svært vanskeleg å fortelje foreldra om orienteringa si. Spørjeskjemaundersøkinga viser likevel at det er få som skjuler at dei er homofile eller lesbiske overfor alle familiemedlemmene; berre 4 prosent av kvinnene og 8 prosent av mennene skjuler si seksuelle orientering overfor mor, far og sysken. Om lag ni av ti seier at foreldra deira veit at dei er lesbiske/homofile. Homofile menn lever i større grad skjult overfor foreldra enn lesbiske kvinner. Både menn og kvinner er i større grad opne overfor mødrene sine enn overfor fedrane. 29

På spørsmål om korleis din nærmaste familie stiller seg til deg som lesbisk eller homofil i dag, svarer ni av ti at foreldra stiller seg stort sett eller ganske positive. Respondentane blei også spurde om korleis foreldra reagerte første gongen dei fekk vite at sonen eller dottera deira var homofil eller lesbisk. Undersøkinga viser at det er skilnader mellom dei som er unge i dag og dei som var unge på 50- og 60-talet. Blant dei som er unge på 90-talet, svarer 49 prosent at mor aksepterer dette, medan 29 prosent seier at ho reagerte negativt. 30 Blant dei som var unge på 50-talet, var tala 37 prosent (aksepterte) og 23 prosent (reagerte negativt). 31 Reaksjonane hos far er noko meir negative for begge alderskategoriane. Mange fleire av dei som var unge på 50-talet enn dei som er unge i dag, seier at dei ikkje veit korleis foreldra reagerte. Dette blir forklart med at homoseksualitet tidlegare i større grad var underforstått og underkommunisert. Truleg stiller unge menneske langt større krav til foreldre i dag enn på 50-talet når det gjeld å vere open og gje støtte på alle område.

Reaksjonane frå heterofile venner er meir positive. For 90-talsgruppa seier 90 prosent at vennene reagerte positivt, medan det same var tilfelle med 76 prosent av 50-talsgruppa.

Fleire av dei som blei intervjua, fortel om skuffa og avvisande reaksjonar frå foreldra når dei fortalde at dei var lesbiske eller homofile. Likevel viser undersøkinga at når foreldra får litt tid på seg, får gjennomarbeidd den første reaksjonen, så stiller dei aller fleste seg positive til barna sine. Ikkje sjeldan må barna sjølve hjelpe foreldra med å arbeide seg gjennom reaksjonane. Det går fram at forholdet til foreldra blei betre for dei fleste etter at dei fortalde den nærmaste familien at dei var lesbiske/homofile.

Det er kanskje ikkje så rart at den første reaksjonen hos mange foreldre er negativ. Eigen seksuell identitet og dei rådande normene for seksualitet i samfunnet pregar gjerne forventningane til eins eigne barn. Å få sin første kjærast blir som regel møtt med velvilje og applaus frå foreldre og familie. Dette er viktig for sjølvtilliten og den unge si kjensle av å høyre til. Ungdom som oppdagar at dei forelskar seg i same kjønn, har sjølvsagt eit like stort behov som ungdom flest for å bli møtt med positiv godkjenning. Det må sjølvsagt kjennast sårt når den ikkje kjem. Undersøkingane som er refererte ovanfor, viser likevel at godkjenninga som oftast kjem, men det tek tid.

4.5 Haldningar til homofili i minoritetsgrupper

Det er grunn til å vere spesielt merksame på ungdom som er lesbiske eller homofile, og som høyrer til ei minoritetsgruppe. Dette kan dreie seg om ungdom frå innvandrarmiljø, men også ungdom frå nasjonale minoritetar. I motsetning til det vestlege, moderne synet som går ut på at individet sjølv vel seksualitet og kjærleik, har mange minoritetsgrupper i vårt samfunn eit meir trandisjonsbunde syn. Etter dette synet er familien berebjelken i samfunnet, og seksualiteten er knytt til forholdet mellom mann og kvinne. Kva slags haldningar til homofili finst i ulike minoritetsgrupper, og korleis blir unge homofile og lesbiske møtt av foreldre og familie?

I den islamske kulturen er rolla til familien og ekteskapet sterkt dominerande. Hovudkjelda til islam, Koranen og skriftene der, er eksplisitt i si fordømming av homofili. Homoseksualitet er i dag forboden ved lov i 26 muslimske land. Det er berre tre islam-dominerte land som ikkje har ei lov som forbyr homoseksualitet: Indonesia, Irak og Egypt. Blant dei statane som forbyr homoseksuell praksis, er det seks som har innført dødsstraff: Iran, Afghanistan, Mauretania, Saudi-Arabia, Sudan og Yemen. I Pakistan kan ein få frå 2 til 20 års fengsel. 32 Homofile og lesbiske i muslimske land må derfor vise stor diskresjon og leve ut si seksuelle orientering i det løynde. 33

Som det går fram, veit vi svært lite om korleis det er å tilhøyre ei minoritetsgruppe og samstundes vere lesbisk eller homofil i Noreg. Det er behov for forsking på dette området.

4.6 Haldningar til homofili blant ungdom

I samband med NOVA-undersøkinga blei det i mars 1998 gjennomført ei opinionsundersøking for å måle haldningane i den norske befolkninga til livssituasjonen for lesbiske og homofile. Denne undersøkinga er nærmare omtalt i kapittel 7. Det er ein tendens i dette materialet til at yngre menneske har meir liberale haldningar til homofile og rettane deira enn eldre. Dette har samanheng med at haldningane i samfunnet har endra seg over tid, slik at ein større del av befolkninga er positive til homofile sine rettar i dag enn tidlegare. 34

Men undersøkinga viser framfor alt at det er dei som har nære venner og kjende som dei veit er lesbiske/homofile, som er mest positive i sitt syn på lesbisk og homofil kjærleik, samliv og seksualitet.

Det har blitt hevda at barne- og ungdomskulturen er svært konform når det gjeld synet på homoseksualitet, og at intoleransen til homoseksualitet synest sterkare i ungdomsåra enn i vaksen alder. 35 I ei undersøking blant norsk ungdom 36 blei dei unge bedne om å rangere 37 ulike ungdomsgrupper på ein skala frå 1 til 10 som indikator på om dei likte eller ikkje likte gruppa. Døme på andre ungdomsgrupper var ungdom som jobbar for dialekt eller nynorsk, militærnektarar, homofile ungdommar, satanistar, idrettsungdom m.fl. Homofile ungdommar blei plasserte nesten nedst på rangstigen. Undersøkinga tyder på at ungdom har negative haldningar overfor lesbiske og homofile. Men det er viktig å vere merksam på at denne undersøkinga ikkje måler haldningar overfor ein konkret homofil eller lesbisk person, men overfor fenomenet reint allment. Fenomenet er kalla både homofobi og homonegativisme. Somme forfattarar unngår bevisst å bruke uttrykket homofobi, fordi dette inneber ei sjukeleggjering av personar med negative haldningar, og fordi det peiker i retning av irrasjonalitet og fryktreaksjonar hos enkeltindivid. Uttrykket homonegativisme viser til at ein også må forstå fenomenet på samfunnsplanet. 37

Ulike undersøkingar av dei haldningane ungdom har til homofili, viser noko sprikjande resultat. Haldningsundersøkinga referert i NOVA-undersøkinga tyder på at ungdom har relativt liberale haldningar, og at dei i større grad enn eldre alderskategoriar går inn for lesbiske og homofile sine sosiale rettar på ei rekkje område. Andre undersøkingar som er refererte ovanfor, tyder derimot på at mange ungdommar har negative haldningar til homofile og lesbiske. Dei ulike undersøkingane har nytta svært ulike metodar og mål for å finne ut av haldningane hos ungdom. Dei er derfor ikkje lette å samanlikne. Det er likevel eit gjennomgåande poeng at det å kjenne homofile og lesbiske personar gjer mykje til at haldningane blir endra i positiv retning. Det er også eit gjennomgåande funn at jenter har meir positive haldningar til homofili enn gutar.

4.7 Å vere synleg, trakassering og vald

NOVA-undersøkinga gjev data om korleis homofile og lesbiske opplever det å vere synleg i det offentlege rommet: på gater, på offentlege transportmiddel og restaurantar. Den enkelte si oppleving av om det er «tillate» å vise sin kjærleik til ein person av same kjønn eller ikkje, seier også ein del om haldningar og forventningar. Spørjeskjemaundersøkinga viste at fleire kvinner enn menn meiner at dei er synlege som lesbiske/homofile på gata eller i andre samanhengar. Vidare er det ein klar tendens til at yngre, særleg dei under 25 år, er meir synlege enn dei eldre. Intervjuundersøkinga viser at det å leie kjærasten eller på andre måtar vise sin kjærleik blir opplevd som spennande, men at det også fører med seg frykt for negative reaksjonar.

Å vere synleg som lesbisk/homofil kan føre med seg auka risiko for å bli utsett for ulike former for trakassering eller vald. Trakassering kan skje både direkte, til dømes gjennom nedsetjande kommentarar, og indirekte, til dømes negative eller krenkjande utsegner om lesbiske og homofile i media eller på annan offentleg stad. Fleire av dei som blei intervjua, gav døme på at dei var blitt munnleg trakasserte av personar i tenesteytande yrke. Eit av døma var ein kvinneleg kelner som valde å oversjå ei bestilling, noko som kom av at to av dei mannlege gjestene ope viste at dei var kjærastar.

I spørjeskjemaundersøkinga oppgav 4 prosent av kvinnene og 5 prosent av mennene at dei hadde blitt utsette for vald i løpet av det siste året. Samanlikna med den generelle befolkninga er tala 2 prosent og 5 prosent. 38 Lesbiske kvinner er altså noko meir utsette for vald enn kvinner i den generelle befolkninga, medan dette ikkje er tilfelle for menn. Det er her snakk om svært små skilnader. Når det gjeld trugsmål om vald, er skilnadene noko større både hos menn og kvinner samanlikna med den generelle befolkninga. 7 prosent av kvinnene og 13 prosent av mennene har opplevd trugsmål om vald. Her er tilsvarande tal for den generelle befolkninga 4 prosent for begge kjønn. 20 prosent av lesbiske kvinner og 38 prosent av homofile menn seier at dei minst ein gong i løpet av livet er blitt utsette for vald eller trugsmål om vald som hadde samanheng med den seksuelle orienteringa deira.

Både når det gjeld vald og trugsmål om vald, er unge lesbiske og homofile under 25 år mest utsette: 20 prosent av kvinnene og 28 prosent av mennene i denne alderskategorien er blitt utsette for vald eller trugsmål siste året, mot 7 prosent og 19 prosent i den generelle befolkninga. I aldersgruppa under 25 år er den prosentvise delen av lesbiske kvinner som har blitt utsette for trugsmål siste året, over fem gonger så høg som i den generelle befolkninga.

Når det gjeld mennene, ser det ut til at det mest vanlege er å bli utsett for trugsmål eller vald av ukjende gjerningsmenn på ein offentleg stad. For kvinnene kjem vald og trugsmål om vald både frå ukjende på offentleg stad, men også i eigen heim eller i annan privat heim. Ein større del av kvinner enn menn seier at gjerningsmannen anten var ein kjenning eller ein nærståande person (kjærast, familiemedlem). Ein del av valds- og trugsmålstilfella blant lesbiske kvinner kan dreie seg om konfliktar mellom partane i eit parforhold eller mellom venner og kjende. Det kan også tenkjast at ein del kvinner har blitt utsette for vald frå medlemmer av opphavsfamilien. 32 prosent av mennene og 23 prosent av kvinnene seier at dei var påverka av alkohol då valds- eller trugsmålsepisoden skjedde. Tre firedelar av mennene og 59 prosent av kvinnene meiner at valds- eller trugsmålsepisodane hadde samanheng med den seksuelle orienteringa deira. Dei kan, etter NOVA-undersøkinga, ha blitt identifiserte som lesbiske eller homofile ved at dei heldt til på stader som blir knytte til lesbiske og homofile, eller ved at dei ope gav uttrykk for kjenslene sine overfor kjærasten på ein offentleg stad.

Samanlikna med menn i den generelle befolkninga er homofile mykje meir urolege for å bli utsette for vald eller trugsmål når dei går ut åleine. Det er mellom dei yngste, som også gjev opp at dei er meir synlege, at frykta er størst.

4.8 Tiltak

Det må vere eit klart mål at ungdom som har ei homofil eller lesbisk livsform, skal kunne ha dette utan å bli utsette for fordømmande haldningar. Diskriminering, vald, trugsmål og trakassering er uakseptabelt, anten dette skjer i private eller offentlege samanhengar. Det er også eit klart mål at unge homofile og lesbiske bør få positive tilbakemeldingar på det å vere homofil eller lesbisk til dømes i skolen. Kva kan samfunnet elles gjere for å fremje aksepterande haldningar overfor homofile og lesbiske og hindre at dei opplever diskriminering?

Målgrupper for aktuelle tiltak er for det første ungdommen sjølv, både enkeltpersonar og ungdom generelt. Andre målgrupper er foreldre, personar som arbeider med ungdom, og den generelle befolkninga. To hovudstrategiar er moglege når det gjeld tiltak, dei kan vere spesifikke eller generelle. Informasjonstiltak kan til dømes handle om homofil og lesbisk ungdom spesielt, eller dei kan handle om ungdom og seksualitet generelt. Ei rådgjevingsteneste kan til dømes vere retta mot unge lesbiske og homofile spesielt, eller ho kan vere retta mot ungdom på generell basis. Faren ved spesifikke tiltak ligg i at gruppa homofile og lesbiske blir dregne ut som ein eigen kategori, og gjennom det oppnår ein ikkje den normaliseringa som må til for å fremje akseptering av gruppa. Faren ved å satse på generelle tiltak er at gruppa homofile og lesbiske ikkje blir nok synleggjord, og at dei gjennom det blir «gløymde».

Informasjon må rettast mot ungdom, foreldre, fritidsleiarar og den generelle befolkninga. Vi viser til tiltaka i kapittel 6 i meldinga: opplæring innanfor familieverntenesta og utviding av tilbodet til Rådgjevingstenesta for homofile og lesbiske. Når det gjeld tiltak overfor ungdom, bør dei setjast inn i ramma av både skolen og helsestellet. Vi viser derfor til kapittel 5 og 8 i meldinga.

I tillegg til dette vil regjeringa fremje desse tiltaka:

  • Det vil bli laga informasjonsmateriell om ungdom og seksualitet, der homofili er med, retta mot foreldre innanfor Foreldrerettleiingsprogrammet som Barne- og familiedepartementet er ansvarleg for. Målet er å styrkje evna hos foreldre til å støtte barn i identitetsutviklinga. Tilsvarande informasjon skal distribuerast til foreldre som ikkje kjem i kontakt med Foreldrerettleiingsprogrammet.

  • Tilsvarande informasjonsmateriell blir utarbeidd overfor personar som arbeider med ungdom: fritidsleiarar, idrettsleiarar, leiarar i barne- og ungdomsorganisasjonar.

  • Det blir sett i gang forsking for å kartleggje haldningar til homofili i minoritetsgrupper, og korleis unge homofile og lesbiske blir møtt av foreldre og familie innanfor dei same minoritetsgruppene.

  • Det blir gjeve støtte til bøker, film, video- og TV- program der målet er å skape større aksept for homofili blant ungdom generelt, og å skape attkjenning og sjølvaksept hos ungdom som er lesbiske eller homofile.

Fotnotar

1.

NOVA-undersøkinga inneheld ei haldningsundersøking av eit representativt utval på 1000 respondentar frå befolkninga i Noreg (gjennomført av MMI), ei spørjeskjemaundersøking som 3000 lesbiske og homofile svarte på, og i tillegg djupintervju med 23 personar. Spørjeskjemaundersøkinga kan ikkje gjere krav på representativitet, fordi utvalet gjeld sjølverkjende lesbiske og homofile. Populasjonen er ikkje kjend. Sjå pkt. 2.3.3 for nærmare omtale og drøfting av NOVA-undersøkinga.

2.

Jf avsnitt 4.6.

3.

Træen, Bente (1995) Ungdom og seksualitet. Oslo: Ad Notam Gyldendal

4.

I freistnadene på å forklare årsaka til homofili finst to motståande posisjonar, essensialistiske og strukturalistiske forklaringar, der homofili blir forklart som eit biologisk fenomen (medfødt) og eit sosialt fenomen (lært). Sjå pkt. 2.3.1 for utdjuping.

5.

Bjerrum Nielsen & Rudberg (1989) Historien om jenter og gutter. Kjønnssosialisering i et utviklingspsykologisk perspektiv. Oslo: Universitetsforlaget.

6.

Træen (1995) op.cit.

7.

Hylland Eriksen, Thomas (1997) Identitet. I Hylland Eriksen, Thomas (red) Flerkulturell forståelse. TANO Aschehoug.

8.

Langfeldt, Thore (1992) Sexologi, Ad Notam Gyldendal og Træen (1995) op.cit.

9.

Kinsey, A.C. m.fl. (1948) Sexual behaviour of the human Male, Philadelphia and London og Kinsey, A.C. m.fl. (1953) Sexual behaviour of the human Female, Philadelphia and London.

10.

Træen (1995) op.cit.

11.

Anderssen, Norman og Svendsen, Per Kristian (1997) Helsefremmende arbeid overfor unge lesbiske og homofile i Ungdom, livsstil og helsefremmende arbeid.

12.

Langfeldt (1993) op.cit.

13.

Træen (199t) op.cit.

14.

Nilson, Arne (1998) Såna och riktiga karlar: om manlig homosexualitet i Gøteborg decenniarna kring andra värdskriget. Anamma forlag.

15.

Prieur, Annick (1994) Iscenesettelser av kjønn - Transvestitter og machomenn i Mexico by . Pax forlag.

16.

Langfeldt (1992) op.cit.

17.

Troiden, Richard R. (1989), The Formation of Homosexual Identities, i Herdt; Gay and Lesbian Youth, NY.

18.

Troiden (1989) op.cit.

19.

Kinsey (1948 og 1953) op.cit.

20.

Langfeldt (1992) op.cit.

21.

Simonsen, Dag Robin (1994) Biseksuelle menn - lyst, livsform, identitet. Hovudfagsoppgåve i sosiologi. Universitetet i Oslo.

22.

Omtalen av fasane er henta frå Sophie J.: A critical examination of stage theories of lesbian identity development. Journal of Homosexuality 1986; 12: 39-51.

23.

Anderssen og Svendssen (1997) op.cit.

24.

Modellen, som byggjer på innlegg frå ei rekkje forfattarar, er omtalt i Troiden, R. (1989) op.cit.

25.

Troiden (1989) op.cit.

26.

Henriksson, Benny og Lundahl, Pia (1993) En intervjustudie gjord på uppdrag av Folkhälsoinstitutet, civildepartementet, Västerås stad samt Västmanlands läns landsting.

27.

Sjå nærmare omtale i kapittel 5.

28.

Langfeldt (1992) op.cit.

29.

8 prosent av mennene og 13 prosent av kvinnene i NOVA-undersøkinga seier at ingen av foreldra per i dag kjenner til at dei er homofile/lesbiske. 10 prosent av kvinnene og 15 prosent av mennene seier at mor ikkje veit at dei er lesbiske eller homofile, medan 15 prosent av kvinnene og 20 prosent av mennene seier at far ikkje veit om den seksuelle orienteringa deira.

30.

17 prosent svarer at mor ikkje veit, og 5 prosent veit ikkje korleis mor reagerte.

31.

20 prosent seier at mor ikkje veit, og 20 prosent at dei ikkje veit korleis mor reagerte.

32.

Sjå Breaking the silence - Human Rights Violations Based on Sexual Orientation . Utgitt av Amnesty International, London 1997. Sjå også web-sidene til The International Lesbian and Gay Association: http://www.ilga.org.

33.

Vi viser til kapittel 3 i denne meldinga, der det blir gjort greie for det vernet Utlendingslova gjev for homofile utlendingar som blir forfølgde i heimlandet.

34.

Samanhalde med Scan-Facts undersøkingar i 1983, 1989 og 1992.

35.

Langfeldt (1993) op.cit.

36.

Øya, T. (1994) Norske ungdomskulturer. Oplandske Bokforlag. Undersøkinga har eit utval på 5.400 ungdommar frå heile Noreg.

37.

Andersen og Svendsen (1995) op.cit.

38.

Levekårsundersøkinga 1995.

Til forsida