St.meld. nr. 36 (2004-2005)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2004, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

I 2004 var det ein generell nedgang i eksporten til fleire av dei tradisjonelle mottakarane av norsk forsvarsmateriell. Verdien av den samla eksporten av våpen og militært materiell 1 i 2004 var litt i overkant av 2 milliardar kroner. Til samanlikning var den samla verdien av eksporten om lag 3 milliardar kroner i 2003.

Denne meldinga gjeld kontroll med utførselen i 2004 av forsvarsmateriell som står på Utanriksdepartementets liste I og tenester og teknologi knytte til desse varene. Varene på liste I omfattar både A-materiell, som er våpensystem og ammunisjon, og B-materiell, som er anna utstyr utvikla eller modifisert for militære formål.

Mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg er i hovudsak Sverige, Finland og medlemslanda i NATO. I 2004 utgjorde eksporten av A-materiell til desse landa 88 % av eksporten, og for B-materiell 72 %.

Utanriksdepartementets kontroll med eksport av våpen og militært materiell er basert på eiga lov, forskrift og retningslinjer for korleis departementet skal behandle søknader om løyve til eksport av forsvarsmateriell. Utgangspunktet for gjeldande regelverk og praksis er ei regjeringserklæring og eit stortingsvedtak av 11. mars 1959. Erklæringa slår fast at ”hovedsynspunktet bør være at Norge ikke vil tillate salg av våpen og ammunisjon til områder hvor det er krig eller krig truer, eller til land hvor det er borgerkrig”. Stortinget tok ”til etterretning den erklæring Statsministeren på vegne av Regjeringen har lagt frem. Stortinget vil sterkt understreke at eksport av våpen og ammunisjon fra Norge bare må skje etter en omhyggelig vurdering av de uten- og innenrikspolitiske forhold i vedkommende område. Denne vurderingen må være avgjørende for om eksport skal finne sted”.

I 1997 slutta eit samrøystes Storting seg til ei presisering frå Bondevik I-regjeringa om at ”Utenriksdepartementets vurdering av disse forholdene omfatter en vurdering av en rekke politiske spørsmål, herunder spørsmål knyttet til demokratiske rettigheter og respekt for grunnleggende menneskerettigheter”.

Eksportkontrollen tek òg sikte på å hindre at varer og teknologi for framstilling av masseøydeleggingsvåpen vert utførte i strid med norsk regelverk, internasjonale avtalar og internasjonalt samarbeid som Noreg har slutta seg til.

Regjeringa meiner at behovet for innsyn i eksporten av forsvarsmateriell er vareteke med den årlege stortingsmeldinga om eksport av forsvarsmateriell med dei endringar som no er sette i verk for å sikre auka innsyn. I kapittel 2 vert det gjort nærare greie for dette arbeidet.

Utanriksdepartementet varsla i meldingane om eksport av forsvarsmateriell i 2001, i 2002 og 2003 2 ein gjennomgang av eksportkontrollregelverket for å styrkje dette som ledd i kampen mot internasjonal terrorisme. Gjennomgangen fann stad i 2004 og førte til at det vart gjort ei rekkje endringar i eksportkontrollforskriftene.

Tanken med forskriftsendringane har vore å forenkle regelverket og gjere det meir tilpassa dagens utfordringar. I tillegg har endringane medført styrking av kontrollen. Forskrifta er mellom anna oppdatert for å sikre heimel til å utøve kontroll med eksport av alle varer, også varer som ikkje står på kontrollistene, til land under våpenembargo vedteken av Tryggingsrådet i FN. I kapittel 3 vert det gjort nærare greie for eksportkontrollregelverket og endringane som vart gjorde i november 2004.

Forslag om endringar i eksportkontrollova (jf. Ot.prp.nr. 47 (2004-2005)) vart fremja i statsråd 18. februar 2005, og behandla av Odelstinget 25. april 2005 (jf. innst.O.nr. 74 (2004-2005). Forslaget er no til endeleg behandling i Stortinget. Dei føreslegne endringane går mellom anna ut på å styrkje regelverket som ledd i kampen mot internasjonal terrorisme og å styrkje kontrollen med handelen med sensitive varer, teknologi og tenester som kan brukast til terrorformål.

Utanriksdepartementet arbeider kontinuerleg med å sikre eit tidsmessig og effektivt regelverk, og legg vekt på eit nært samarbeid med den einskilde eksportør frå sak til sak. Omsynet til norske leverandørar og deira truverde som handelspartnarar er òg ei sak som det vert teke omsyn til i samband med tildeling av løyve til oppfølgingsleveransar.

Noreg deltek i det omfattande internasjonale samarbeidet som er etablert på eksportkontroll- og ikkje-spreiingsområdet. Kontrollen med fleirbruksvarer (liste II) byggjer heilt og fullt på det internasjonale eksportkontrollsamarbeidet. Handelen med konvensjonelle våpen og militært materiell (liste I) er i utgangspunktet eit nasjonalt ansvar, men også her har utviklinga dei seinare åra gått i retning av auka internasjonal dialog og koordinering. Dessutan har arbeidet dei siste åra blitt drive fram av kravet til auka innsyn i handelen med forsvarsmateriell.

Etter terroråtaka mot amerikanske mål 11. september 2001 har det internasjonale samfunnet vedteke strengare retningslinjer og sett i verk nye tiltak for å hindre at våpen, militært materiell og sensitive fleirbruksvarer kjem i hendene på terroristar. Tryggingsrådsresolusjonane 1373 (2001) og 1540 (2004) representerer viktige vedtak med omsyn til gjennomføringa av effektiv eksportkontroll for varer og teknologi som spelar ei rolle i utviklinga av masseøydeleggingsvåpen. Resolusjonane medfører mellom anna at medlemslanda forpliktar seg til å setje i verk nasjonale tiltak for å hindre terroristar og land i å få tilgang til sensitive varer og teknologi i tilknyting til masseøydeleggingsvåpen.

Aktiviteten i dei multilaterale eksportkontroll- og ikkje-spreiingsregima har auka vesentleg dei siste åra. Sidan 2001 er det oppnådd semje om å styrkje og vidareutvikle samarbeidet på fleire område.

Noreg slutta seg til EU-kodeksen for eksport av våpen og militært materiell i 1998. Kodeksen dannar i aukande grad eit internasjonalt rammeverk for prinsippa om leveransar av våpen og militært materiell. I 2004 innleidde Noreg eit nærare samarbeid med EU med kodeksen for våpeneksport som ramme. Norske data om eksporten av forsvarsmateriell bli tekne med i den årlege rapporten frå EU-landa i samband med EU-kodeksen i 2005.

Noreg har formannskapen i eksportkontrollregimet Nuclear Suppliers Group (NSG) frå juni 2005 til juni 2006. Formannskapen er ei viktig påskjønning av det arbeidet Noreg gjer på ikkje-spreiingsområdet, og vil gje oss eit godt høve til å medverke ytterlegare til å hindre spreiing av kjernefysiske våpen.

I 2003 gjennomførte Wassenaar-samarbeidet 3 ei omfattande styrking og vidareutvikling av samarbeidet om kontroll med konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi. Det vart mellom anna oppnådd semje om felles kriterium for kontroll med berbare luftvernsystem (MANPADS) og handvåpen.

Standardane for eksport av forsvarsmateriell som vert utvikla innanfor Wassenaar-samarbeidet (WA), legg saman med EU-kodeksen for våpeneksport føringar for den norske praktiseringa når det gjeld kontroll med eksporten av forsvarsmateriell.

Noreg gjennomfører vedtaka om våpenembargo som er gjorde av Tryggingsrådet i FN og i OSSE. Noreg har også slutta seg til og etterlever EU-vedtak om våpenembargoar. Dette er ein politikk regjeringa tek sikte på å vidareføre.

Noreg har eit nært samarbeid med andre nordiske land og nærståande land elles om eksportkontrollspørsmål. Nordisk-baltiske konsultasjonar om ikkje-spreiing og eksportkontroll vert haldne kvart halvår. Det er teke eit særskilt initiativ med sikte på styrking av eksportkontrollen i dei baltiske landa. Frå norsk side er det lagt vesentleg vekt på å medverke til å styrkje det internasjonale ikkje-spreiings- og eksportkontrollarbeidet gjennom dialog og kompetanseoverføring.

I kapittel 4 er det gjort nærare greie for det internasjonale samarbeidet om eksportkontroll og ikkje-spreiing, medrekna tiltak mot internasjonal terrorisme.

I kapittel 5 er det gjort greie for saksbehandlinga i Utanriksdepartementet når det gjeld eksportkontrollsaker. Det vert òg gjort greie for behandlinga av søknader om utførselsløyve for både forsvarsmateriell (liste I) og fleirbruksvarer 4 (liste II).

Dei siste åra har forsvarsindustrien gjennomført vesentlege tilpassingar til ein endra internasjonal marknad. Omstrukturering og internasjonalisering har ført til at norske forsvarsmateriellbedrifter har satsa på utvikling av nisjekompetanse innanfor ramma av fleirnasjonalt samarbeid. Det er gjort nærare greie for dette arbeidet i kapittel 6.

Talmaterialet som ligg til grunn for oversiktene over eksport, utførte tenester og reparasjonar for utanlandske oppdragsgjevarar på forsvarsmateriellområdet, går fram av kapittel 7. Verdien av eksporten representerer reelle sal, og er basert på rapportar frå eksportørane sjølve. Departementet kontrollerer rapportane mot tildelte løyve og lisensar.

Fotnotar

1.

Heretter omtala som forsvarsmateriell. Utanriksdepartementets liste I (vedlegg 1) gjer greie for dette materiellet og tilhøyrande teknologi. Oversiktene i kapittel 7 i meldinga omfattar berre verdien av utførte varer og tilhøyrande teknologi på liste I og tenester knytte til desse varene.

2.

Høvesvis St.meld.nr. 29 (2001-2002), St.meld.nr. 35 (2002-2003) og St.meld.nr. 41 (2003-2004).

3.

Multilateralt eksportkontrollregime for konvensjonelle våpen og sensitive fleirbruksvarer.

4.

Fleirbruksvarer er i utgangspunktet tenkte til sivil bruk, men kan i tillegg ha viktige militære bruksområde.

Til forsida