St.meld. nr. 36 (2004-2005)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2004, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

7 Eksporten av forsvarsmateriell i 2004

Dette kapitlet gjev oversyn over eksporten av forsvarsmateriell basert på utførselsverdien ved sal av varer, teknologi og tenester som er omfatta av liste I. Oversyna inneheld ikkje opplysningar om mellombels utførsel av varer for demonstrasjon eller reparasjon, eller om varer som er eller vil bli returnerte til Noreg.

Det vert opplyst om avslag på søknader om eksportlisens. Dei avslaga som er med i oversikta, er formelle avslag på lisenssøknader som har vore behandla på basis av det norske regelverket for eksportkontroll. På bakgrunn av samarbeidet som er innleidd på grunnlag av EU-kodeksen, jf. omtalen i kap. 2.3, blir det frå og med 2005 teke sikte på å vise kva for kriterium i kodeksen som er brukte som bakgrunn for avslaga. På denne måten vil Noreg medverke til å fremje ein høg internasjonal standard når det gjeld innsyn i utførsel av forsvarsmateriell.

Vidare er det opplyst om tildelte løyve til formidling av forsvarsmateriell mellom to tredjeland og om løyve til overføring av produksjonsrettar til utlandet. Verdien av desse løyva er ikkje teken med i dei samla tala for sal av forsvarsmateriell.

Eksporten av forsvarsmateriell og tenester

Eksporten av forsvarsmateriell, tenester og utførte reparasjonar, og avslag på søknader om eksportlisens knytte til liste I, er framstilt i åtte diagram og tabellar 1 :

  • 7.1: Fordeling av eksport av A-materiell på grupper av land

  • 7.2: Fordeling av eksport av B-materiell på grupper av land

  • 7.3: Eksport av forsvarsmateriell fordelt på land

  • 7.4: Fordeling av eksporten på vareposisjonane i liste I

  • 7.5: Detaljar om eksporten fordelt på land og vareposisjonar i liste I

  • 7.6: Utførte tenester knytte til liste I

  • 7.7: Reparasjonar utførte i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar

  • 7.8: Oversikt over eksporten i 1999-2004

Kapittel 7.9 viser avslag på søknader om lisens i 2004. I kapittel 7.10 er informert om løyve til overføring av produksjonsrettar og formidling av forsvarsmateriell i 2004. Eit oversyn over dei 51 bedriftene som rapporterte om eksport av forsvarsmateriell i 2004, er å finne i kapittel 7.11.

Den samla verdien av eksporten i 2004 var ca. 2 milliardar kroner. Av dette utgjer tenester ca. 252 millionar kroner og reparasjonar for utanlandske eigarar drygt 35 millionar kroner. A-materiell utgjorde ca. 980 millionar kroner og B-materiell ca.1 million kroner. I 2003 var den samla verdien av eksporten i overkant av 3 milliardar kroner. Av dette utgjorde tenester ca. 185 millionar kroner og reparasjonar nær 17 millionar kroner.

Det vart utferda 1123 lisensar på forsvarsmateriell i 2004, men på grunn av etterslepet av tildelte lisensar frå 2003 var det 1408 gyldige lisensar i 2004.

Somme år er det store leveransar av forsvarsmateriell, og det vil difor oppstå variasjonar i eksporten frå år til år. I 2003 auka verdien av eksporten hovudsakleg på grunn av leveransar av luftvernsystem i samband med bygginga av nye fregattar for Sjøforsvaret i Spania. I 2004 var det ingen slike store leveransar. I tillegg var det i 2004 ein generell nedgang i eksporten til fleire av dei tradisjonelle mottakarane av norsk forsvarsmateriell. Dette gjaldt særleg Australia, Canada, Finland, Frankrike, Italia, Storbritannia og Sverige. I 2004 auka eksporten til USA, Tyskland, Belgia, Latvia og Polen.

Auken i verdien av tenester i 2004 skuldast i hovudsak leveransar i samband med norsk deltaking i eit multinasjonalt NATO-program for utvikling av nytt sjømålsmissil.

Dei nordiske landa og NATO-landa er dei største mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg. I 2004 gjekk 84 % av den samla norske eksporten av kategori A-materiell til NATO-land, 6 % gjekk til andre europeiske land og 9 % til Australia og New Zealand. Resten på 1 % gjekk til Brasil, Chile, Japan, Sør-Afrika, Sør-Korea og Thailand. 61 % av eksporten av B-materiell gjekk òg i hovudsak til NATO-landa, 24 % gjekk til Asia og 13 % til Sverige, Finland og Europa elles.

Norsk forsvarsindustri produserer og eksporterer i liten grad komplette våpensystem. Unntaket er sjømålsmissil. I 2004 stod komponentar, delar, delsystem og tilleggsutstyr for 54 % av eksporten. Elektronisk utstyr utgjorde 23 %, og ammunisjon og sprengstoff 11 % av eksporten.

Figur 7-1.EPS 

Figur 7-1.EPS

7.1 Eksporten av kategori A-materiell ­fordelt på grupper av land

Figur 7.1 viser korleis fordelinga av den totale eksporten av kategori A-materiell (våpen og ammunisjon) fordeler seg på grupper av mottakarar. Som ein ser var NATO-landa den desidert største mottakaren av forsvarsmateriell i kategori A i 2004 med 84 %. Deretter følgde Australia/New Zealand med 9 %, Sverige og Finland med til saman 4 %. Andre mottakarar stod for 1 % av eksporten frå Noreg. I oversiktene i tabellane 7.1 og 7.2 i meldinga er det gjeve detaljert informasjon om mottakarland, eksporterte varer og verdi av eksporten.

Figur 7.2 

Figur 7.2

7.2 Eksporten av kategori B-materiell ­fordelt på grupper av land

Figur 7.2 viser korleis fordelinga av den totale eksporten av kategori B-materiell (anna militært materiell) fordeler seg på grupper av mottakarar. NATO-landa var i 2004 den største mottakaren av forsvarsmateriell også i kategori B med 61 %. Deretter følgde Sverige og Finland med 11 % av importen frå Noreg, andre europeiske land med 2 %, Asia med 24 % og andre land med 2 %. I oversiktene i tabellane 7.1 og 7.2 i meldinga er det gjeve meir detaljert informasjon om mottakarland, eksporterte varer og verdi av eksporten.

7.3 Eksporten av forsvarsmateriell fordelt på land

Tabell 7.1 viser korleis verdien av eksporten av forsvarsmateriell i 2004 fordeler seg på dei einskilde mottakarlanda. Verdien av eksporten er vist i 1000 kr.

Som ein ser er Australia, Storbritannia, Tyskland og USA dei største mottakarane av kategori A-materiell. Dei største mottakarane av kategori B-materiell er Belgia, Sverige, Tyskland, Ungarn og USA.

Tabell 7.1 

LandKategori A-materiellKategori B-materiellTotalt
Land som har motteke materiell i kategori A:
Austerrike10 64212810 770
Australia81 3739 28690 659
Belgia71960 34061 059
Brasil4450445
Canada49 30681850 124
Chile5628 4809 042
Danmark5 4405 13210 572
Finland7 2872 99810 285
Frankrike12 44413 56226 006
Grønland73750823
Hellas33 50714 76648 273
Island2020202
Italia9801 9692 949
Japan6079761 583
Latvia1 42117 87219 293
Luxembourg1181 0571 175
Nederland94211 92812 870
New Zealand3 30703 307
Polen12 9458 20721 152
Spania16 83013 51830 348
Storbritannia81 80719 076100 883
Sveits9 5613 58413 145
Sverige31 793111 712143 505
Sør-Afrika9023641 266
Sør-Korea63063
Thailand7 3813837 764
Tsjekkia33 5723 575
Tyrkia53 53112753 658
Tyskland136 10950 763186 872
Ungarn94477 49678 440
USA414 887330 735745 622
Land som berre har motteke materiell i kat. B:
Dei sameinte arabiske emirata02 1302 130
Ecuador04848
Egypt01 6321 632
Hong Kong022
Irland06 0806 080
Kroatia07 3187 318
Kuwait01 5341 534
Kypros047 36347 363
Litauen099
Makedonia

Gjeld prosjektbistand (gåve) i regi av Forsvarsdepartementet for leveranse av kommunikasjonssystem.

01 6621 662
Oman040 20240 202
Portugal0820820
Romania01 3391 339
Saudi-Arabia0133 871133 871
Serbia og Montenegro0178178
Singapore017 85417 854
Slovakia06 9326 932
Slovenia0134134
Totalt976 1311 038 7072 014 838

7.4 Eksporten fordelt på vareposisjonane i liste I

Figur 7.3 viser korleis eksporten av forsvarsmateriell i 2004 fordeler seg på vareposisjonane i liste I. Som ein ser er 54 % av eksporten i 2004 komponentar, delar, delsystem og tilleggsutstyr, 23 % er elektronisk utstyr, 11 % er ammunisjon og sprengstoff, 4 % er eldleiingsutstyr, søkjarutstyr, utstyr for handtering m.m., 4 % er programvare og 3 % missilsystem, bomber, rakettar osv.

Figur 7.3 

Figur 7.3

7.5 Eksporten av forsvarsmateriell fordelt på land og varegrupper i liste I

Tabell 7.2 viser kva land som har motteke forsvarsmateriell frå Noreg i 2004 og kva varegrupper som er eksporterte. I tillegg er materiellet karakterisert. Verdien er oppført i 1000 kr

Tabell 7.2 

Posisjon i varelisteKomplette produktDelarSum produkt og delarKarakteristikk
ABAB  
Austerrike
17.122Del til rifle
610 64010 640Ammunisjon
17.7128128Delar til avst.målar og ­nattutstyr
Sum10 6420012810 770
Australia
17.18207215Delar til rifler og tyngre våpen
2670670Panservernrakettar, ­øvingssett
17.34 7604 760Delar til missil
17.424 9768 82733 803Delar til våpenstasjonar
650 95950 959Panservernrakettar
7, 17.723616252Nattutstyr, delar
Sum51 63744329 7368 84390 659
Belgia
69696Sprengstoff
7, 17.759 64632459 970Kryptoutstyr, ­tilleggseiningar
17.10623623Delar til stridsvogner
18370370Kommunikasjons-­programvare
Sum9660 01662332461 059
Brasil
6445445Sprengstoff
Sum445000445
Canada
17.186068Delar til mil. våpen
17.243 62643 626Delar til våpenstasjon
65 3215 321Sprengstoff
7396396Kommunikasjonsutstyr
17.10240240Delar til stridsvogn
14362362IR-kamera
16111111Øvingsstridshovud
Sum5 43275843 8746050 124
Chile
6562562Sprengstoff
7, 17.75 8882 5928 480Nattutstyr, delar
Sum5625 888025929042
Danmark
1, 17.1474996Pistol, rifler, delar til mil. våpen
64 3284 328Sprengstoff, patroner
7, 17.74 338364 374Kryptoutstyr, delar til avstandsmålar
17.8612612Delar til ubåtbatteri
17.101 0161461 162Delar til stridsvogner
Sum4 3754 3381 06579410 572
Dei sameinte arabiske emirata
7, 17.71 3308002 130Kommunikasjonsutstyr, delar
Sum01 33008002 130
Ecuador
17.74848Delar til avstandsmålar
Sum0004848
Egypt
72901 3421 632Kommunikasjonsutstyr, delar
Sum029001 3421 632
Finland
11414Rifle, pistolar
67 2737 273Sprengstoff, patroner
7, 17.78441 8122 656Avstandsmålarar, natt­utstyr, delar
17.10342342Delar til køyrety
Sum7 28784402 15410 285
Frankrike
17.12525Delar til rifler
17.33 430743 504Rakettmotorar og andre delar til missil
17.5735735Delar til stridsgass-deteksjonsutstyr
68 9818 981Sprengstoff
7, 17.78 9333 72512 658Kommunikasjons- og nattutstyr, delar
186969Programvare for ­kommunikasjonssystem
1982634Utgangsmateriale for sprengstoff
Sum8 9899 0283 4554 53426 006
Grønland
673750823Røyksvake patroner, kvalgranatar
Sum7375000823
Hellas
17.35 9035 903Delar til missilsystem
4, 17.414 45616 20824630 910Eldleiingsutstyr, delar
6, 17.6252 6172 642Sprengstoff, delar til ammunisjon
17.72 4042 404Delar til nattutstyr
17.96 2136 213Delar til jagarfly
17.10201201Delar til stridsvogner
Sum14 481019 02614 76648 273
Hong Kong
17.722Delar til nattutstyr
Sum00022
Irland
7, 17.73 096743 170Nattutstyr, delar
182 3752 375Programvare for ­kommunikasjonsutstyr
19535535Testutrustning for nattutstyr
Sum06 0060746 080
Island
6202202Sprengstoff, ­kvalgranatar
Sum202000202
Italia
17.23939Delar til kanon
6941941Sprengstoff
17.73535Delar til nattutstyr
17.108484Delar til beltebilar
181 8501 850Programvare for kommunikasjonssystem
Sum9411 850391192 949
Japan
6607607Ammunisjon
7, 17.790886976Laservarslar, delar
Sum6079008861 583
Kroatia
7, 17.76 9034157 318Kommunikasjonsutstyr, delar
Sum06 90304157 318
Kuwait
17.11 5341 534Stativdelar til våpen
Sum0001 5341 534
Kypros
7, 17.747 25510847 363Nattutstyr, delar
Sum047 255010847 363
Latvia
1, 177913441 135Diverse våpen, delar
2227227Diverse våpen
65959Patroner
71 4441 444Kryptoutstyr
1016 42816 428Køyrety
Sum1 07717 872344019 293
Litauen
799Kryptoutstyr
Sum09009
Luxembourg
17.13737Delar til rifler
17.3118118Delar til missil
7, 17.71 008121 020Kryptoutstyr, delar til radar
Sum01 045118121 175
Makedonia

Gjeld prosjektbistand (gåve) i regi av Forsvarsdepartementet for leveranse av kommunikasjonssystem.

71 6621 662Kommunikasjonsutstyr
Sum01 662001 662
Nederland
17.11202203Våpendelar, delar til våpenstativ
2, 17.267515690Bombekastarar, delar
61212Sprengstoff
7, 17.711 1832225811 463Kryptoutst., delar til stridsvogn og krypto
17.10217285502Delar til stridsvogn og beltekøyrety
Sum68811 18325474512 870
New Zealand
17.23131Delar til panservernvåpen
6, 17.63 256203 276Panservernammunisjon, delar
Sum3 25605103 307
Oman
740 20240 202Kommunikasjonsutstyr
Sum040 2020040 202
Polen
17.314150191Komponentar for rakettmotor
610 6402 16412 804Patroner, delar, sprengstoff
78 1578 157Nattutstyr, kryptoutstyr
Sum10 6408 1572 3055021 152
Portugal
76060Kryptoutstyr
17.9224224Utstyr til jagarfly
18536536Kryptoprogramvare
Sum05960224820
Romania
71 3391 339Kryptoutstyr
Sum01 339001 339
Saudi-Arabia
7, 17.7124 5219 350133 871Kommunikasjonsutstyr, delar
Sum0124 52109 350133 871
Serbia og Montenegro
6902902Sprengstoff
17.7364364Krinskort til kommunikasjonssystem
Sum902003641 266
Singapore
17.1226226Sikte
616 32016 320Lauspatroner
17.71 3081 308Datamaskin-komponentar
Sum016 32001 53417 854
Slovakia
76 9326 932Nattutstyr, ­kommunikasjonsutstyr
Sum06 932006 932
Slovenia
7, 17.76767134Nattutstyr, delar
Sum067067134
Spania
4, 17.44 0009 3071 15914 466Mineryddingsutstyr, delar til luftvern
6, 17.61 2606 2547 514Sprengstoff, prosjektil
7, 17.71 360451 405Krypto- og nattutstyr, delar
17.85 4205 420Delar til farty
17.101 5341 534Delar til beltevogn
1999Materiale til ammunisjon
Sum1 2695 36015 5618 15830 348
Storbritannia
17.11717Våpenstativ
17.32 6825 6048 286Missildelar
42 4482 448Mineleggingsutstyr
6, 17.626 70014326 843Sprengstoff, patroner, delar
7, 17.77 1651 9509 115Avst.målarar, nattutstyr, etc., delar
17.949 8343 45153 285Delar til jagarfly
17.10889889Delar til ­bergingskøyrety
Sum29 1487 16552 65911 911100 883
Sveits
18080Rifler
17.29999Delar til kanon
69 3789 378Sprengstoff
7, 17.745934493Nattutstyr, delar
17.103 0913 091Delar til stridsvogn
1944Utgangsmateriale for sprengstoff
Sum9 462459993 12513 145
Sverige
1, 17.1100791 0241 203Rifler, pistolar, delar
17.266Delar til artilleri
3303 8874 3608 277Missil, delar
17.5102102Komponentar til stridsgass-deteksjon
69 85511 35121 206Ammunisjon, delar, sprengstoff
710 35810 358Komm.utstyr, krypto, avst.målar
17.73 23832 69835 936Div. elektroniske delar
17.816 80016 800Battericeller for ubåtar
17.930 33630 336Delar til jagarfly, delar til flymotorar
17.10214 17514 177Delar til stridsvogn
17.167676Delar til våpensimulator
183 2453 245Programvare for missil
19257257Utgangsmateriale for sprengstoff
201 5261 526Forstudie - rapport våpensystem
Sum13 23012 14118 56399 571143 505
Sør-Afrika
6902902Sprengstoff
17.7364364Krinskort til kommunikasjonssystem
Sum902003641 266
Sør-Korea
66363Sprengstoff
Sum6300063
Thailand
64 2214 221Panservernrakettar
17.10383383Belte til mil. køyrety
163 1603 160Øvingsrakettar
Sum7 381003837 764
Tsjekkia
633Sprengstoff
7, 17.73 543293 572Kryptoutstyr, nattutstyr, delar
Sum33 5430293 575
Tyrkia
11010Pistolar
3, 17.353 52112753 648Missil, delar
Sum53 5310012753 658
Tyskland
1, 17.14282212 0982 747Rifler, pistolar, delar
17.2535535Delar til våpenstasjonar
17.3165165Delar til missil
4, 17.461 81817 15878 976Eldleiingssystem, delar
611 90311 903Sprengstoff, patroner
7, 17.729 1051 96931 074Komm.utstyr, krypto, nattutstyr, delar
17.1010184185Delar til stridsvogner og beltebilar
113838Hjelmar
1861 10314661 249Prog.vare eldleiingssystem og kommunikasjon
Sum135 25229 28985721 474186 872
Ungarn
6944944Sprengstoff
777 49677 496Kommunikasjonsutstyr, krypto
Sum94477 4960078 440
USA
17.12813 5433 824Geværløp, delar til våpenstativ
2, 17.238105 63622 448128 122Øvingsrakettar, våpenstasjonar, delar
17.310 3273 53113 858Delar til missil
4, 17.42 692187 81921 027211 538Minesveipingsutstyr, delar til eldleiingsystem
631 14779 639110 786Sprengstoff, ammunisjon, delar
7, 17.7693 1323 201Avstandsmålar, delar
17.824 18524 185Elektroniske komponentar til skip
17.9181 136181 136Flymotordelar
17.1050 27450 274Delar til køyrety
1815 90615 906Programvare til varslingssystem
192 7922 792Utgangsmateriale for sprengstoff
Sum31 18521 459383 702309 276745 622

7.6 Tenester for utanlandske oppdrags­gjevarar

Tabell 7.3 viser tenester knytte til liste I som norske bedrifter har utført for utanlandske oppdragsgjevarar i 2004. Verdien av tenestene er oppført i 1000 kr.

Tabell 7.3 

LandTenesteBeløp
AustraliaUtvikling av varslingssystem3 109
Vedlikehald av treningssystem981
DanmarkTest av ammunisjon447
FinlandKonstruksjon av marinefarty2 534
FrankrikeUtvikling i samband med missil4 086
IrlandOpplæring nattutstyr69
ItaliaUtvikling i samband med missil4 086
LatviaKurs for krypto-operatørar479
StorbritanniaUtvikling av ammunisjon2 689
Utvikling av radar5 330
SverigeVedlikehald av simulatorutstyr586
Utvikling av ammunisjon2 468
Oppgradering av elektronisk utstyr10 536
TysklandUtvikling av rakettmotor21 025
Test av panservern356
Utvikling av artilleriammunisjon1 566
Ballistiske utrekningar69
Tenester i samb. med vern for ubåtar4 292
USAUtvikling i samband med marinefarty2 485
Utvikling av rakettmotor121 710
Utvikling av ammunisjon12 625
Utvikling av panservernrakett4 353
Utvikling av varslingssystem6 713
Test av ammunisjon3 230
Utvikling i samband med jagarfly1 199
Oppgradering av luftvernsystem14 164
Oppgradering av varslingssystem5 708
Test av kommando- og kontrollsystem14 973
Sum251 868

7.7 Reparasjonar for utanlandske oppdragsgjevarar

Tabell 7.4 viser reperasjonar knytte til materiell på liste I som er utførte i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar i 2004. Verdien av reparasjonane er oppført i 1000 kr.

Tabell 7.4 

LandVerdi av reparasjonarVaretype
Hellas1 066Missil
Italia346Nattutstyr
Kypros716Avstandsmålarar, nattutstyr
Slovenia144Kommunikasjonsutstyr
Storbritannia8 176Avstandsmålarar, ­missil
Sverige330Kommunikasjonsutstyr
Tyskland15 330Våpenstasjonar
USA9 214Missil, våpenstasjonar
Andre96Diverse
Sum35 418

7.8 Utviklinga i eksporten av forsvars- materiell, tenester og reparasjonar 1999-2004

Figur 7.4 viser utviklinga i eksporten av forsvarsmateriell fordelt på materiell i kategori A og B, og utførte tenester og reparasjonar knytte til liste I for utanlandske oppdragsgjevarar.

Figur 7.4 

Figur 7.4

7.9 Avslag på søknader om eksport av forsvarsmateriell i 2004

I 2004 vart det gjeve avslag på 14 søknader om eksportlisens for forsvarsmateriell og utstyr til militær bruk. Avslaga gjeld Algerie, Colombia, India, Iran, Kasakhstan, Kina, Libanon, Makedonia, Marokko, Moldova, Pakistan, Sri Lanka, Taiwan og Turkmenistan.

Avslag på ein søknad om eksportlisens inneber ikkje eit generelt forbod mot eksport av forsvarsmateriell til vedkommande land. Med unntak av gjennomføring av bindande embargovedtak fatta av Tryggingsrådet i FN opererer ikkje det norske eksportkontrollsystemet med lister over land som enten kan eller ikkje kan ta imot forsvarsmateriell frå Noreg. Alle søknader om utførselslisens blir vurderte individuelt frå sak til sak.

7.10 Formidling og overføring av produksjonsrettar

I 2004 vart det gjeve 11 løyve til overføring av produksjonsrettar til utlandet og eitt løyve til formidling 2 av forsvarsmateriell frå eitt tredjeland til eit anna.

De 11 løyva til overføring av produksjonsrettar vart gjevne i samband med at norske bedrifter deltok i internasjonalt samarbeid om utvikling av forsvarsmateriell. I 2004 var den fakturerte verdien i samband med desse aktivitetane rapportert å vere 6 347 000 kroner.

Verdien av formidlings- og overføringsaktivitetane inngår ikkje i tala for eksport av forsvarsmateriell i denne meldinga.

7.11 Oversikt over bedrifter som har rapportert om eksport i 2004

  • Alvis Moelv AS

  • AME A/S

  • ARC AS

  • Arma Agora AS

  • Bakelittfabrikken a/s

  • Bandak AS

  • Bertel O. Steen AS

  • Dyno Nobel ASA Forsvarsprodukter

  • Eltek Energy AS

  • Ericsson AS, Avd. Halden

  • Erik Nyhuus Våpenforretning

  • Exide Sønnak AS

  • Flextronics International Norway AS

  • FLO/ HA

  • FLO/FAP (Forsvaret avhendingsprosjekt)

  • Henriksen, H. mek. verksted A/S

  • Intersport Bogstadveien AS

  • Jaktdepotet AS

  • Jotron Electronics as

  • Karotek Systemer AS

  • Kitron Arendal AS

  • Kitron Kongsberg AS

  • Kongsberg Defence & Aerospace AS

  • Kongsberg Defence Communications AS

  • Kongsberg Maritime AS

  • Kongsberg Protech AS

  • Kongsberg Small Arms AS

  • Krico Norway AS

  • Kværner Eureka AS, Forsvarsavdelinga

  • Landrø, Magne A/S

  • Larsen Biathlon, Kjell G.

  • Leif Kindseth AS

  • Nammo Raufoss AS

  • Natech AS

  • Nera Networks AS

  • Norma A/S

  • Norplasta as

  • Per Mathisen

  • ProPartner AS

  • Safety & Security Service A/S

  • Sandnes Arms DA

  • Simrad Optronics ASA

  • Texplo AS

  • Thales Communications AS

  • Thales Norway AS

  • Trelleborg Viking AS

  • Umoe Mandal AS

  • Vinghøg AS

  • Volvo Aero Noreg AS

  • Våpenhuset AS

  • Våpensmia AS

Fotnotar

1.

Tala er framstilte i 1000 kroner.

2.

Løyvet vart ikkje brukt i 2004

Til forsida