5 Saksbehandling i Utanriksdepartementet og samarbeid med andre instansar
5.1 Det norske eksportkontrollapparatet
Utanriksdepartementet er nasjonal styresmakt og forvaltningsorgan for eksportkontrollen. Departementet har likeins ansvaret for å koordinere den nasjonale innsatsen på eksportkontrollområdet. Dette samarbeidet vert omtala som det nasjonale eksportkontrollapparatet, og omfattar Tollvesenet, Politiets tryggingsteneste (PST), Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og Institutt for energiteknikk (IFE). I tillegg samarbeider ein med andre etatar ved behov, særleg Forsvarsdepartementet og Statens Strålevern.
Samarbeid med andre instansar
I 2004 vart det teke initiativ til å styrkje og effektivisere den norske innsatsen på eksportkontrollområdet. I lys av fleire internasjonale initiativ har det vore nødvendig å søkje å styrkje samordninga av den norske oppfølginga på eksportkontrollområdet. Målsetjinga er mellom anna å utveksle og systematisere relevant informasjon mellom dei involverte instansane.
Tollvesenet er ansvarleg for handhevinga av eksportkontrollen, og PST har ansvaret for førebygging og etterforsking av mogelege brot på regelverket.
Som eit resultat av terroråtaka 11. september 2001 er det innafor eksportkontrollregima etablert separate arbeidsgrupper av tryggingsekspertar, og informasjonsutvekslinga er vesentleg styrkt. Fokus er no retta mot ikkje-statlege aktørar i tillegg til spreiingsland. For dei nasjonale handhevingsapparata inneber dette også auka innsats. PST deltek i dette samarbeidet.
I tillegg til kontrollane som Tollvesenet utfører på eige initiativ, samarbeider Utanriksdepartementet med Tollvesenet om kontrollarbeidet. Slik kontroll kan gjelde verifikasjon av utførselsdokument og fraktdokument, eller fysisk kontroll av varene. Ekspertar frå FFI hjelper Tollvesenet etter behov ved gjennomføringa av fysisk kontroll. Ved kontrollen av bedriftsrekneskapar kontrollerer revisorar frå Tollvesenet også dokument som gjeld eksport frå bedriftene.
Som resultat av informasjonsutvekslinga i dei multilaterale eksportkontrollregima har Utanriksdepartementet etablert ein database over utanlandske importørar og brukarar som det knyter seg visse bekymringar til i spreiingssamanheng. Denne databasen er tilgjengeleg for Tollvesenet, slik at planlagd utførsel til desse mottakarane kan oppdagast og undersøkjast nærare. Databasen blir jamleg oppdatert.
Ved vurdering av tekniske eigenskapar og bruksområde for produkt, teknologi eller tenester blir FFI konsultert når det trengst. Gjeld ein søknad kjernefysiske varer eller teknologi, blir IFE konsultert ved behov. Dersom ein eksportsøknad rører ved viktige forsvarsspørsmål eller materiellsamarbeid med andre land, vert det innhenta fråsegner frå Forsvarsdepartementet. Nærings- og handelsdepartementet vert konsultert når ein søknad rører ved viktige norske næringsinteresser.
Bevisstgjering gjennom informasjon til eksportørane
Eit effektivt eksportkontrollsystem krev nært samarbeid og dialog med produsentar og leverandørar av sensitive varer og teknologi. Det er difor etablert ein tett dialog med relevante teknologibedrifter.
Omfattande informasjon om eksportkontrollen er i tillegg lagd ut på Internett (www.eksportkontroll.mfa.no). For å auke den offentlege merksemda og kunnskapen om eksportkontroll og ikkje-spreiing, er det siste åra lagt vekt på å betre framstillinga og synleggjeringa av informasjonen på Internett. Det vert òg gjeve ut brosjyremateriell for å spreie informasjonen ytterlegare.
Det vert lagt vekt på å vere tilgjengelege for næringslivet i det daglege arbeidet, både ved telefonkontakt, bruk av e-post og ved personleg kontakt. Også andre aktørar i det nasjonale apparatet har kontakt med relevante eksportørar og potensielle leverandørar av sensitive varer for å utveksle informasjon, mellom anna Tollvesenet og Politiets tryggingsteneste.
Tiltak knytte til informasjonsverksemd og etablering av etterlevingsrutinar i relevante bedrifter vil vere ei viktig oppgåve for Utanriksdepartementet i tida framover.
5.2 Eksportkontroll av forsvarsmateriell
Utanriksdepartementet gjer ei grundig vurdering av kvar enkelt søknad om utførselsløyve for forsvarsmateriell. Tildelinga av utførselsløyve for våpen og ammunisjon er mellom anna basert på ei inngåande vurdering av dei utan- og innanrikspolitiske tilhøva i det aktuelle landet og området. Vurderinga omfattar ei rekkje politiske og tekniske spørsmål, mellom anna om krig eller væpna konflikt truar, korleis det stiller seg med dei demokratiske rettane og respekten for grunnleggjande menneskerettar, og om materiellet har defensive eller offensive bruksområde.
Retningslinjene frå 1992 gjer greie for dei omsyn og vurderingar som skal leggjast til grunn i saksbehandlinga. Retningslinjene skal dessutan gjere det enklare for eksportørane å vurdere utsiktene for å få løyve til å eksportere forsvarsmateriell frå Noreg.
Dei største mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg er NATO-landa og dei nordiske landa. Utførselsløyve til desse landa krev som hovudregel ikkje nye vurderingar av den politiske situasjonen i mottakarlandet.
Etter retningslinjene skal våpen og ammunisjon berre leverast til statlege styresmakter. Eksportkontrollen tek ikkje sikte på å regulere aktivitetane i det norske forsvaret eller innanfor FN, NATO eller EU. Det er difor gjort unntak frå reglane når utstyret skal brukast av norske styrkar i utlandet, t.d. i samband med internasjonale operasjonar, under minerydding eller som ledd i kampen mot internasjonal terrorisme, eller når mottakaren er forsvarsmakt i NATO- eller EU-land. Eksportkontrollforskrifta forpliktar Forsvarsdepartementet til å rapportere årleg til Utanriksdepartementet om slik utførsel.
Regelverket krev ikkje at det vert innhenta løyve frå Utanriksdepartementet til marknadsføring. Slik verksemd er likevel så langsiktig og ressurskrevjande at bedriftene normalt ønskjer førehandstilsegn om at eksportlisens kan påreknast. Utanriksdepartementet behandlar førespurnader om førehandstilsegn i samsvar med dei føreliggjande retningslinjene, på same måten som om det gjaldt konkrete lisenssøknader. Når ein gjev førehandstilsegn, tek ein likevel alltid atterhald om at spørsmålet om eksportlisens vil bli vurdert i lys av situasjonen på det tidspunktet ein konkret søknad ligg føre.
Samarbeidsavtalar
Ved underleveransar frå Noreg til utanlandsk produsent i tilfelle der det ligg føre ein samarbeidsavtale mellom den norske og den utanlandske verksemda som er godkjend av vedkommande styresmakt, kan Utanriksdepartementet fråvike kravet om sluttbrukarkontroll. Per 31. desember 2004 ligg det føre ca. 60 slike samarbeidsavtalar. Denne ordninga er avgjerande for at norske bedrifter skal kunne opptre truverdig og påliteleg i internasjonal handel på forsvarsmateriellområdet.
Oppfølgingsleveransar
I Innst. S. nr. 41 (2003-2004) frå utanrikskomiteen om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2003 vart det påpeika at politiske situasjonar stadig skifter, og at regelverket difor må oppdaterast jamleg. Komiteen meiner at dette også må gjelde varer i samband med vedlikehald, reparasjonar og reservedelar, og at det krevst eit nært samarbeid mellom Utanriksdepartementet og eksportørane.
Eksportkontrollforskrifta opnar for at eit utførselsløyve kan kallast tilbake dersom lisensinnehavaren misbruker løyvet i vesentleg omfang, dersom det kjem fram nye eller endra fakta eller dersom det skjer endringar i dei politiske tilhøva i mottakarstaten eller området som i vesentleg grad endrar grunnlaget løyvet vart gjeve på.
Sidan forsvarsmateriell ofte har lang levetid, vil det gjennom ein lang periode vere nødvendig å vedlikehalde og reparere utstyret og kjøpe reservedelar. Tilgang til framtidig vedlikehald og reservedelar er iblant ein del av kontraktsvilkåra. Omsynet til norske leverandørar som truverdige handelspartnarar er såleis også ei sak som styresmaktene må leggje vekt på når det gjeld å gje løyve til oppfølgingsleveransar. Som forvaltnings- og kontrollorgan legg Utanriksdepartementet stor vekt på nært samarbeid med kvar eksportør frå sak til sak.
Kontroll med formidling av våpen og militært utstyr mellom tredjeland
Det følgjer av eksportkontrollforskrifta at handel, formidling eller annan bistand ved sal av militære varer og teknologi på liste I frå eit framandt land til eit anna, ikkje er tillate for personar som har bustad eller opphaldsstad i Noreg og for norske selskap, stiftingar og samanslutningar utan løyve frå Utanriksdepartementet.
Noreg har engasjert seg aktivt internasjonalt for å oppnå semje om felles kriterium som utgangspunkt for den nasjonale kontrollen med formidling av våpen i leverandørlanda. Formålet er å sikre at den nasjonale eksportkontrollen på våpeneksportområdet ikkje skal undergravast av smotthol i form av formidlingsaktivitetar utanfor offentleg kontroll.
5.3 Eksportkontroll av fleirbruksvarer
Utanriksdepartementets vareliste II er ei samanstilling av varelistene for fleirbruksvarer i dei multilaterale eksportkontrollregima. Fleirbruksvarer og tilhøyrande teknologi har først og fremst sivile bruksområde, men også eit viktig potensial når det gjeld utvikling og produksjon av masseøydeleggingsvåpen. Dette kan mellom anna vere visse kjemikaliar, biologiske stoff, verktymaskiner, laserar, gassovervakingsutstyr, grafitt, høgtrykksdyser, hydrofonar, måleutstyr, optisk materiale eller radarsystem. Liste II er i motsetnad til den meir generelle liste I svært kompleks både i omfang og teknisk detaljeringsgrad.
Eksportkontrollen for fleirbruksvarer er basert på det multilaterale eksportkontrollsamarbeidet. Alle land som deltek i dei internasjonale ikkje-spreiings- og eksportkontrollregima, gjennomfører kontroll med utgangspunkt i felles varelister basert på konsensusvedtak som set krav til gjennomføring av visse kontrollmekanismar.
Kontrollen med at det ikkje vert levert fleirbruksvarer eller -teknologi frå norske bedrifter som kan brukast til utvikling av masseøydeleggingsvåpen, er meir komplisert enn for militært materiell. Fleirbruksvarer kan ha både sivile og militære bruksområde, og kan i tillegg ha potensial i masseøydeleggingssamanheng.
Dei sentrale elementa i vurderinga av om ein leveranse av ei fleirbruksvare kan tillatast, er om vara kan brukast i samband med våpen, også masseøydeleggingsvåpen, og sluttbrukarkontroll.
Søknader om eksport av fleirbruksvarer blir underkasta ei grundig teknisk vurdering av bruksområde og mogeleg bruk i samband med masseøydeleggingsvåpen. I denne prosessen vert det innhenta sakkyndig uttale frå FFI eller IFE etter behov. Sluttbrukaren blir også grundig vurdert på basis av den informasjonen som ligg føre enten som resultat av informasjonsutvekslinga i dei multilaterale regima eller bilateralt. Dersom vurderinga konkluderer med at lisens kan innvilgast, krevst dokumentasjon som stadfester kva vara skal brukast til og kvar ho skal brukast eller installerast. I særlege tilfelle vert det i tillegg stilt som vilkår at vara kan inspiserast av norske representantar utan forvarsel for å sikre at bruken er i tråd med det som er føresett.
Likeins vert det vurdert om vara som det er søkt om utførsel av, er relevant i høve til den oppgjevne sluttbruken, både når det gjeld teknisk kapasitet og mengd. Søknaden blir avslegen dersom ein finn at vara mest sannsynleg vil bli brukt i våpenprogrammet til eit sluttbrukarland.
Søknaden blir likeins avslegen dersom eit anna medlemsland i eitt av dei multilaterale regima har rapportert avslag på ein identisk søknad. Avslag på eksportsøknader og bakgrunnen for avslaget blir rapportert til det relevante eksportkontrollregimet. Det er ein føresetnad at deltakarlanda ikkje skal undergrave kvarandres avslag ved å innvilge identiske søknader. Slike avslag må grunngjevast ut frå retningslinjene for det aktuelle regimet. I tvilstilfelle, eller dersom det er nødvendig å innhente meir informasjon, t.d. i tekniske spørsmål, kan det innleiast konsultasjonar mellom partane med sikte på å avklare om det dreiar seg om ein identisk søknad eller ikkje.
For å sikre at Noreg etterlever dei omfattande krava til kjernefysisk eksportkontroll, er det utarbeidd særskilde retningslinjer for søknadsbehandlinga i Utanriksdepartementet som omhandlar visse særleg sensitive kjernefysiske varer.
Kontroll med ikkje-listeførte varer – ”oppsamlingsreglar” 1
Som nemnt ovanfor er det stilt strenge vilkår til kva varer som kan godkjennast for oppføring på varelistene. Dette medfører at det alltid vil vere varer og teknologi som ikkje fullt ut kvalifiserer, men som likevel kan ha stort potensial i samband med utvikling eller produksjon av masseøydeleggingsvåpen.
For å kunne fange opp forsøk på å skaffe ikkje-listeførte varer til bruk i program for utvikling av masseøydeleggingsvåpen, er det etablert såkalla oppsamlingsreglar. Dette vil seie at det er lisensplikt for varer, teknologi eller tenester som ikkje står på listene når ein er kjend med at dei er tenkte eller vil bli brukte til utvikling, produksjon, vedlikehald, lagring, deteksjon, identifikasjon eller destruksjon av kjernevåpen, kjemiske eller biologiske våpen eller til utvikling, produksjon, vedlikehald eller lagring av missil som kan levere slike våpen.
Ved forskriftsendringane i november 2004 vart det innført kontroll med alle varer, sjølv om dei ikkje står på listene i Utanriksdepartementet, når varene er meinte for militær bruk i eit land under våpenembargo vedteken av Tryggingsrådet i FN. Dette er i tråd med konsensusvedtak fatta av WA i desember 2003 og med EU-reglane på dette området.
Det krevst nært samarbeid og dialog med eksportørar og potensielle leverandørar for å kunne handheve denne typen kontroll. Departementet legg stor vekt på å formidle informasjon om oppsamlingsreglane i samband med møte og seminar om eksportkontroll. I tillegg er spørsmålet omtala på departementet sine heimesider om eksportkontroll (www.eksportkontroll.mfa.no).
Kontroll med immateriell teknologioverføring
Immateriell overføring av sensitiv programvare, teknologi eller kunnskap kan mellom anna skje munnleg, ved bruk av telefaks eller ved bruk av elektroniske medium. Immateriell teknologioverføring krev difor andre kontrolltiltak enn den tradisjonelle grensekontrollen som Tollvesenet utfører. Dei multilaterale eksportkontrollregima har dei siste åra drøfta tiltak som kan vere effektive i ein slik samanheng.
Det er brei semje om at elektroniske leveransar av sensitiv programvare og teknologi representerer eit svakt ledd i eksportkontrollen, og at deltakarlanda må kontrollere overføring av sensitiv teknologi gjennom lisensieringskrav på nasjonal basis.
I den norske eksportkontrollovgjevinga er immaterielle teknologioverføringar omfatta av det generelle regelverket. Slike overføringar krev løyve frå Utanriksdepartementet på same måten som annan eksport av produkt, teknologi og tenester som er omfatta av kontrollistene. Kontrollen skjer i nært samarbeid med næringslivet, og det er lagt stor vekt på informasjon og dialog i dette spørsmålet. EU vedtok felles kontrollmekanismar for immateriell teknologioverføring i 2000.
Fotnotar
I internasjonal samanheng omtala som ”catch-all”.