St.meld. nr. 36 (2004-2005)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2004, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

4 Multilateralt eksportkontrollsamarbeid og tiltak mot ­internasjonal terrorisme

Dei siste åra er multilateral eksportkontroll blitt eit viktig verkemiddel i arbeidet for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og oppbygging av konvensjonell militær kapasitet som kan representere ein trussel mot internasjonal stabilitet og tryggleik. Etter terroråtaka 11. september 2001 har det internasjonale samfunnet sett i verk nye tiltak og styrkt eksisterande retningslinjer for å hindre at våpen, militært materiell og sensitive fleirbruksvarer med potensial for utvikling av masseøydeleggingsvåpen kjem i hendene på terroristar.

Utgangspunktet for dette er tryggingsrådsresolusjon 1373 (2001), som pålegg medlemslanda å treffe nødvendige tiltak mot terrorisme, mellom anna gjennom lovgjeving og kontrolltiltak på nasjonalt plan.

Tryggingsrådet i FN vedtok 28. april 2004 resolusjon 1540 om ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen, som viser til at medlemslanda pliktar å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen gjennom nasjonale tiltak og kontrollordningar retta mot ikkje-statlege aktørar, mellom anna etablering og handheving av effektiv lovgjeving. Det er etablert ein eigen FN-komité som skal følgje opp etterlevinga i medlemslanda.

Rapporteringskrava er særleg knytte til nasjonal lovgjeving når det gjeld import- og eksportkontroll, politi- og tollkontroll og fysisk sikring av sensitivt materiale.

Resolusjon 1540 representerer ei viktig støtte til eksportkontrolltiltak som verkemiddel i kampen mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Han forpliktar alle medlemslanda til å motarbeide spreiing av kjernevåpen, biologiske og kjemiske våpen og leveringsmiddel for slike våpen. Denne plikta gjeld uavhengig av om eit land er part i dei globale nedrustings- og ikkje-spreiingsavtalane.

Spørsmålet om korleis eksportkontrollregima kan medverke til ytterlegare å hindre at sensitive varer og teknologi kjem ut av ansvarleg offentleg kontroll utan at det ligg føre verifiserbare forsikringar om sivil bruk, står høgt på den internasjonale saklista.

Føremålet med samarbeidet i eksportkontrollregima er å sikre gjennomføring og etterleving av internasjonale traktatar som avgrensar eller forbyr ulike våpentypar. Dette gjeld avtalen om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen (NPT), konvensjonen om kjemivåpen (CWC) og konvensjonen om forbod mot biologiske våpen (BWC).

Innanfor dei multilaterale eksportkontroll- og ikkje-spreiingsregima er det teke ei rekkje initiativ for å medverke til å oppfylle tryggingsrådsresolusjon nr. 1373 og resolusjon nr. 1540. Første skrittet har vore å oppdatere basisdokumenta for regima slik at verkeområda no også omfattar tiltak som kan hindre spreiing av sensitive varer og teknologi til terroristar. Det har skjedd ei vesentleg styrking av mekanismane for utveksling av informasjon, kontroll med transittsendingar, styrking av grensekontroll og kontroll med formidling mellom tredjeland og immateriell teknologioverføring. I tillegg er det sett i gang eit arbeid for å vurdere kva for nokre av dei sensitive varene som ikkje står på kontrollistene i dag, som kan vere mest attraktive for terroristar. Dette gjeld t.d. utstyr som kan forstyrre samband (jammeutstyr) og visse typar laserutstyr.

Det vert gjort felles innsats for å sikre størst mogeleg grad av samordning og samarbeid mellom leverandørlanda. Ein føresetnad er at informasjonen som blir utveksla, også vert teken i bruk av dei nasjonale tryggings- , lisensierings- og kontroll­apparata.

I tillegg til utveksling av informasjon om sluttbrukarar, frontselskap, omsetningsmetodar, fraktruter og prosjekt som det knyter seg særleg uro til i spreiingssamanheng, skjer det ei omfattande utveksling av informasjon mellom regimelanda om faktisk eksport og avslag på lisenssøknader. Det er dessutan etablert krypterte elektroniske kommunikasjonssystem.

Konvensjonell våpeneksport er i utgangspunktet eit nasjonalt ansvar, og må dessutan sjåast i samanheng med eigne tryggingsinteresser og eigen beredskap. Det er eit positivt trekk at samarbeidet og koordineringa landa imellom om eksportkontroll knytt til konvensjonelle våpen og militært materiell er utvida dei siste åra.

Liste I i det norske eksportkontrollsystemet er i utgangspunktet ei nasjonal liste over våpen og militært materiell, men det er i utarbeidinga sytt for at ho også dekkjer våpen og andre militære varer på dei internasjonale listene 1 .

Kontrollen med fleirbruksvarer (liste II i det norske systemet), dvs. varer og teknologi som i tillegg til sine sivile og kommersielle eigenskapar også har eit potensial i utvikling av masseøydeleggingsvåpen eller i konvensjonell militær samanheng, byggjer utelukkande på det multilaterale samarbeidet og dei pliktene deltakarlanda i eksportkontrollregima har teke på seg i denne samanhengen.

Dei siste åra har ein sett aukande aktivitet frå EU-hald innanfor dei multilaterale eksportkontrollregima. Eksportkontroll er eitt av dei tre satsingsområda EU-landa har vedteke i kampen mot terrorisme. Samarbeidet og koordineringa mellom EU-landa er omfattande både når det gjeld eksport av våpen og militære varer og når det gjeld fleirbruksvarer. På norsk side vert fleirbruksregimet i EU brukt som utgangspunkt for den norske kontrollen, både når det gjeld kontrollista og kontrollmekanismane.

Initiativet for spreiingstryggleik

På bakgrunn av frykta for at terroristar skal tileigne seg masseøydeleggingsvåpen, har ei rekkje land teke initiativ til eit sterkare internasjonalt samarbeid for å avskjere handel med og transport av masseøydeleggingsvåpen og relatert teknologi. Noreg vart med i initiativet for spreiingstryggleik (PSI, ”Proliferation Security Initiative”) i mars 2004.

Formålet med initiativet er å gjere det lettare å gripe inn mot transport av masseøydeleggingsvåpen og relatert teknologi i spreiingssamanheng. I initiativet for spreiingstryggleik er det etter kvart lagt meir vekt på politi- og justissamarbeid og på opprulling av internasjonale nettverk for omsetning og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Norsk deltaking i PSI-initiativet representerer ei naturleg vidareføring av engasjementet vårt når det gjeld ikkje-spreiing og kamp mot internasjonal terrorisme.

Wassenaar-samarbeidet

Wassenaar-samarbeidet (WA, The Wassenaar Arrangements) har som målsetjing å hindre leveransar som kan føre til destabiliserande oppbygging av konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi, og å hindre terroristar og terrorgrupper i å få tilgang til slike våpen. WA er det einaste regimet som tek føre seg konvensjonelle våpen og militært utstyr.

I 2003 gjennomførte WA for andre gong ein revisjonsprosess med sikte på å styrkje og vidareutvikle dei bindande krava i samarbeidet. Slike styrkingsprosessar skal etter planen gjennomførast fjerdekvart år. For første gong sidan etableringa i 1996 vart det oppnådd semje om ei rekkje substansielle tiltak for å styrkje kontrollen med leveransar av konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi. WA er i dag eit solid og relevant eksportkontrollregime med høge standardar.

Noreg leidde forhandlingane som førte til at felles prinsipp for nasjonal kontroll med formidling av våpen og militært materiell mellom to framande land vart vedtekne på plenumsmøtet i desember 2003. Dette representerer eit vesentleg framsteg i arbeidet med å styrkje kontrollen med internasjonal våpenhandel. Vidare vart det avtala retningslinjer for kontroll med berbare luftvernsystem (MANPADS). Noreg spelar ei leiande rolle i forhandlingane om oppdatering av kontrollistene. Dette arbeidet vil bli vidareført i 2005.

Australia-gruppa

Australia-gruppa (AG) vart etablert i 1984 og har til formål å hindre spreiing av kjemiske og biologiske våpen. Ein har grunn til å mistenkje fleire land for å sitje inne med slike våpen. Det er òg frykt for at terroristar kan få tilgang til kjemiske og biologiske våpen eller relevante utgangsstoff. For å sikre ei mest mogeleg einsarta etterleving er det etablert retningslinjer som utgangspunkt for den nasjonale gjennomføringa av kontrollen i deltakarlanda.

Dei seinare åra er det fokusert stadig sterkare på å styrkje dialogen med land som ikkje deltek i regimet, men som er potensielle leverandørar av sensitive kjemikaliar og biologiske substansar. I 2004 bad Kina om ein formell dialog med Australia-gruppa. Samtidig vart det vedteke ein handlingsplan for Asia og Stillehavsområdet og ein sterkare målretta innsats overfor ei rekkje nøkkelland i spreiingssamanheng. Det er semje om å opprette ein mekanisme som sikrar at landa verkeleg implementerer dei vedtak som blir fatta i nasjonal eksportkontrollovgjeving og -praksis. Samstundes er det urovekkjande at enkelte land som ein er bekymra for i spreiingssamanheng, viser aukande sjølvforsyningsevne når det gjeld kapasitet til utvikling av masseøydeleggingsvåpen.

Kontroll med spreiing av missilteknologi

Regimet for kontroll av missilteknologi (MTCR) har til siktemål å avgrense spreiinga av missil, rakettsystem og ubemanna luftfarty som kan levere masseøydeleggingsvåpen. MTCR, der 34 land no er med, vart oppretta i 1987 av G7- landa. Noreg slutta seg til i 1990. Det er utarbeidd felles lister over teknologi og materiale som vert kontrollert, og desse vert jamleg oppdaterte. MTCR har vedteke prosedyrar for forsterka informasjonsutveksling om statar som representerer ein potensiell spreiingsfare.

MTCR har vore det einaste internasjonale forumet som har til formål å hindre spreiing av leveringsmiddel for masseøydeleggingsvåpen. Som ledd i styrkinga av dette arbeidet tok MTCR-landa initiativ til å etablere ein internasjonal kodeks mot missilspreiing. ”The Hague Code of Conduct” (HCOC) vart vedteken som eit sjølvstendig, multilateralt instrument i Haag i 2002.

Rundt 120 land har no slutta seg til HCOC. Gjennom tillitsskapande tiltak, mellom anna førehandsvarsling ved utskyting av rakettar og ballistiske missil, skal kodeksen avgrense utvikling og spreiing av missil som kan levere masseøydeleggingsvåpen.

Zangger-komiteen og Nuclear Suppliers Group (NSG)

Det er etablert to regime for kjernefysisk-relatert eksportkontroll. Zangger-komiteen vart oppretta i 1971 som ei arbeidsgruppe under avtalen om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen (NPT) for å sikre ei mest mogeleg einsarta tolking av avtalekravet om at partane skal sikre at det ikkje vert eksportert materiale som kan nyttast til utvikling av kjernefysiske våpen.

Nuclear Suppliers Group (NSG) vart danna i 1976 av land som ønskte ein meir omfattande eksportkontroll med kjernefysiske produkt og materiale enn den Zangger-komiteen kunne utøve. NSG omfattar to sett retningslinjer og to varelister: ei for reint kjernefysisk materiale og teknologi (frå 1976) og ei for fleirbruksvarer og tilhøyrande teknologi (frå 1992). Fleirbruksregimet frå 1992 var eit direkte svar på avsløringane av kjernevåpenprogrammet i Irak, som i vesentleg grad var utvikla på basis av fleirbruksteknologi.

Retningslinjene krev som vilkår for leveranse av kjernefysiske varer at det ligg føre heildekkjande tryggingskontrollavtale med IAEA og at mottakarlandet er part i NPT.

Det er teke initiativ til auka informasjonsutveksling, oppdatering av basisdokument og identifisering av produkt og teknologi som kan vere særleg relevante i terrorsamanheng og i spreiingssamanheng. Vidare er det teke initiativ til forsterka og utdjupa dialog med land som kan verke som transittpunkt for leveransar av varer til spreiingsland, og med land som det knyter seg særleg uro til i spreiingssamanheng.

Noreg tek over formannskapen i NSG i juni 2005.

Avtalen om ikkje-spreiing av kjernevåpen (NPT)

Avtalen om ikkje-spreiing av kjernevåpen (NPT) tok til å gjelde i 1970, og har vore med på å avgrense talet på land som har skaffa seg kjernevåpen. NPT har dei siste åra vore utsett for alvorlege påkjenningar gjennom politikken til Iran og Nord-Korea.

Noreg arbeider aktivt for å sikre eit positivt og balansert utfall av tilsynskonferansen for NPT i mai 2005. Det er ei sentral norsk målsetjing å styrkje ikkje-spreiingsregimet i NPT, og i første rekkje gjeld dette verifikasjonsevna til IAEA og evna byrået har til å gjennomføre truverdige inspeksjonar, i tillegg til obligatorisk tilslutning til Tilleggsprotokollen. Likeins vil Noreg arbeide for at retningslinjene til NSG og Zangger-komiteen om eksportkontroll blir universelt aksepterte.

Tryggingskontrollavtalar med IAEA – Tilleggs­protokollen

Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) i Wien har ei nøkkelrolle når det gjeld gjennomføringa av tiltak for å sikre at nukleært materiale og utstyr ikkje blir brukt til militære formål. Alle statspartane i NPT pliktar å inngå tryggingskontrollavtalar med byrået.

Tidleg på 1990-talet vart det erkjent at dei eksisterande tryggingskontrollavtalane ikkje var tilstrekkelege. Dette førte til framforhandling av ein modell med tilleggsprotokollar til tryggingskontrollavtalane for dei einskilde landa. Tilleggsprotokollane forpliktar partane til å gje grundigare informasjon om aktivitetar i samband med kjerneteknisk verksemd, og til å gje IAEA rett til uavhengig verifikasjon av anlegg som ikkje er innrapporterte og å utføre miljøprøver i og rundt anlegga.

FN-registeret for konvensjonelle våpenoverføringar

Generalforsamlinga i FN vedtok i desember 1991 ein resolusjon som oppfordra medlemslanda til frå og med 1992 å rapportere årleg om eigen eksport og import av tyngre konvensjonelle våpen til eit eige FN-register over våpenoverføringar. Registeret inneheld opplysningar om følgjande sju våpenkategoriar: stridsvogner, pansra stridskøyrety, tungt artilleri, jagarfly, angrepshelikopter, krigsskip og missil/missilplattformer.

FN-registeret for konvensjonelle våpenoverføringar skal gje auka innsyn i internasjonal våpenhandel. Men registeret er mangelfullt, og gjev ikkje eit fullstendig bilete av den internasjonale handelen med konvensjonelle våpen. Enno er det under halvparten av medlemslanda som rapporterer til registeret. Blant desse er likevel nesten alle dei store eksportørane av tyngre konvensjonelle våpen og dei fleste store importlanda. Noreg støttar aktivt opp om initiativ som er tekne for å utvide registeret til å omfatte fleire våpenkategoriar.

Sanksjonsvedtak i Tryggingsrådet. Andre vedtak om embargo.

Bindande vedtak om sanksjonar fatta av Tryggingsrådet i FN i medhald av FN-pakta kapittel VII, vert gjennomførte i norsk rett i forskrifts form, med heimel i Lov til gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråd av 7. juni 1968 nr. 4. På denne måten blir vedtak i Tryggingsrådet gjorde til norsk rett.

Noreg har delteke i ei rekkje internasjonale prosessar for effektivisering av sanksjonspolitikken i FN og styrking av gjennomføringa av sanksjonar. Mellom anna har Noreg medverka aktivt til innføring av målretta og tidsavgrensa sanksjonar.

Per 1. april 2004 var full eller delvis våpenembargo på grunnlag av sanksjonsvedtak i Tryggingsrådet sett i verk mot følgjande land: Irak, Liberia, Sierra Leone, Somalia, DR Kongo, i tillegg til Rwanda og nabostatane Burundi, Tanzania, Uganda og DR Kongo dersom våpen og relatert materiell er meint for bruk i Rwanda. I tillegg gjaldt eit forbod mot sal og forsyning av våpen o.l. til Al-Qaida og Taliban. Noreg har også valt å gjennomføre ikkje-bindande vedtak om våpenembargo mot Armenia og Aserbajdsjan.

I tillegg til dei sanksjonane Tryggingsrådet har innført, fatta OSSE i 1992 vedtak om våpenembargo i tilknyting til konflikten om Nagorno Karabakh. Som medlem følgjer Noreg dette vedtaket. Noreg har dessutan slutta opp om enkelte felles haldningar vedtekne av EU om våpenembargo mot visse land. Desse vert som regel gjennomførte med utgangspunkt i eksportkontrollregelverket.

Med heimel i lov av 27. april 2001 nr. 14 (tiltakslova) har Noreg vedteke forskrift av 4. juli 2003 om særlege tiltak mot Burma (Myanmar). I tillegg har Noreg i medhald av lov av 27. juni 2003 nr. 58 om særlege tiltak mot Republikken Zimbabwe vedteke forskrift av 15. august 2003. Begge desse forskriftene omfattar mellom anna forbod mot eksport av våpen eller tilknytt materiell til dei to landa og formidling av teknisk bistand eller opplæring knytt til slikt materiell.

Handvåpen

Eksportkontroll og ulovleg internasjonal handel med handvåpen er dagsaktuelle spørsmål i FN, EU, OSSE og Wassenaar-samarbeidet (WA). Under plenumsmøtet i Wassenaar-samarbeidet i desember 2002 vart det vedteke substansielle retningslinjer for å styrkje deltakarlanda sin kontroll med leveransar av handvåpen og lette våpen. Noreg leidde forhandlingane som i desember 2003 førte til semje om felles Wassenaar-kriterium som utgangspunkt for medlemslanda si lovgjeving om våpenformidling mellom to tredjeland.

Under generalforsamlinga i FN hausten 2003 vart det etter eit norsk initiativ vedteke å starte forhandlingar i 2004 om ein internasjonal avtale om merking og sporing av handvåpen. Forhandlingane tok til i januar 2005 og er venta å vere sluttførte i juni 2005.

Noreg har også støtta ei rekkje prosjekt for å betre lovgjeving og internasjonalt samarbeid og for å leggje til rette for innsamling og destruksjon av handvåpen i utsette område. I samband med dette samarbeider vi nært med regionale organisasjonar, spesielt i Afrika.

Fotnotar

1.

Wassenaar-samarbeidet har etablert ei eiga kontrolliste for våpen og militært materiell i tillegg til flerbrukslista. Også regimet for kontroll med missilteknologi (MTCR) har nokre få reine våpen på lista. Når det gjeld Nuclear Suppliers Group (NSG) og Australia-gruppa, inngår berre utgangsstoff og utstyr for høvesvis kjernefysiske, kjemiske og biologiske våpen.

Til forsida