6 Norsk forsvarsindustri og internasjonalt samarbeid
Dei siste ti åra har det skjedd ei omfattande tilpassing av forsvarsindustrien i Noreg. Frå å vere bedrifter med hovudleveransar til det norske forsvaret har industrien skaffa seg fleire bein å stå på gjennom auka eksport til både militære og sivile kundar. Difor har Noreg i dag få reine forsvarsbedrifter, men ei rekkje bedrifter der ein del av verksemda er forsvarsrelatert.
Den forsvarsrelaterte industrien i Noreg må i større grad delta i internasjonalt materiellsamarbeid og vere konkurransedyktig både på den nasjonale og den internasjonale marknaden for å overleve. Forsvarsdepartementet har ved å krevje industriell deltaking i fleirnasjonale materiellprosjekt og gjennom gjenkjøpsregimet medverka til at fleire norske bedrifter har utvikla eit langsiktig strategisk samarbeid med internasjonale partnarar. Fleire norske bedrifter har opparbeidd seg viktig nisjekompetanse og er godt posisjonerte til å operere som hovud- og underleverandørar.
Det internasjonale samarbeidet om forsvarsmateriell og -teknologi går føre seg i NATO og EU, det nordiske forsvarsmateriellsamarbeidet (Noreg, Sverige, Finland og Danmark) og Nordsjø-samarbeidet (bilaterale avtalar mellom Noreg og høvesvis Danmark, Tyskland, Nederland og Storbritannia).
Det nordiske samarbeidet er omfatta av eksportkontroll, men avtalen krev ikkje endringar i dei nasjonale regelverka. Det er føresett at eksport til tredjeland vert regulert slik at kvar av avtalepartane enkeltvis kan krevje at produkt som kjem inn under avtalen, ikkje vert eksporterte til uønskte mottakarland.
Norske styresmakter fokuserer på industriprosjekt som kan medverke til effektive løysingar for Forsvaret, og som samtidig støttar opp om behovet for eit meir integrert samarbeid med allierte og andre samarbeidspartnarar. Dei største bedriftene, og dei mest aktuelle partnarane for norsk forsvarsindustri, er lokaliserte i USA og i EU-landa.
For mindre land og deira forsvarsindustri vil fleirnasjonalt samarbeid knytt til innkjøp og utvikling av forsvarsmateriell bli stadig meir avgjerande for å sikre ein livskraftig industri på lengre sikt. Noreg vil difor prioritere fleirnasjonale løysningar med utvalde samarbeidspartnarar framover.