St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

10 Kunnskapsgrunnlag, arbeidsdeling og økonomi

10.1 Betre kunnskapsgrunnlag

10.1.1 Forsking

Kunnskap om friluftsliv er relevant i forhold til utfordringar i mange sektorar og i ulike delar av samfunnet. Slik kunnskap er naudsynt for å kunne sjå konsekvensane av inngrep i verdifulle naturområde, for å dokumentere dei positive verdiane av ei satsing på friluftsliv og for å måle resultata av innsatsen på feltet. Det er derfor grunn til å prioritere forsking på friluftsliv høgare enn ein har gjort dei seinare åra.

Dei viktigaste kunnskapsbehova innanfor friluftsliv er særleg knytte til to område: Kunnskap som trengst for å styrkje friluftslivet sin plass som eit offentleg ansvarsområde og kunnskap som trengst for å formulere og løyse faglege utfordringar i forvaltning og samfunn. For å få dekt behova for kunnskap på ein god måte er ein avhengig både av forsking, mellom anna gjennom forskingsprogram og instituttprogram (SIP), og av overvaking og enklare undersøkingar. Finansiering av forskingsprogram og instituttprogram går i dag gjennom Forskingsrådet, mens overvaking og undersøkingar må finansierast på annan måte i forvaltninga. I tillegg foregår det friluftslivsrelatert forsking ved ulike universitet og høgskular.

10.1.2 Overvaking

Som ei oppfølging av St.meld. nr. 58 (1996–97) «Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling» har ein oppdatert dei nasjonale miljømåla på resultatområdet «Friluftsliv». I arbeidet er det lagt vekt på at dei nye nasjonale måla skal brukast av alle dei sektorane dei er relevante for. Ved behandling av St.meld. nr. 8 (1999–2000): «Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand» hausten 2000 slutta Stortinget seg til dei nye nasjonale måla.

Departementet har under oppbygging eit resultatdokumentasjonssystem (RDS) med siktemål å kunne overvake innsatsen innan miljøvernarbeidet, m.a. friluftsliv. I samband med dette er det i St.meld. nr. 24 (2000–2001) «Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand» presentert nasjonale nøkkeltal m.a. for friluftslivspolitikken. Nøkkeltala skal vise utviklinga innan friluftslivet slik at ein kan sjå om ein lykkast i å nå dei måla ein har sett seg. Nokre av desse har ein ressursar og metodar til å kunne ta i bruk relativt raskt, andre vil krevje tid og ressursar til metodisk utvikling før ein kan ta dei i bruk. Utfordringa i det vidare arbeidet med RDS for friluftsliv blir å:

  • Utvikle metodar og rutinar for å overvake dei nøkkeltala som gjeld arealbruken i friluftslivssamanheng.

  • Vidareutvikle eit opplegg for overvaking av dei nøkkeltala som gjeld utøving av friluftsliv i befolkninga og rutinar for oppfølginga av dette.

Både utviklinga og gjennomføringa av ei slik overvaking må skje i samråd med m.a. Statistisk Sentralbyrå.

Landsomfattande undersøkingar om friluftsliv har vore gjennomførde med ujamne mellomrom frå 1970 og fram til 1999. I prinsippet skulle det vere mogleg å følgje utviklinga i friluftslivet i denne perioden, men undersøkingane så langt er gjennomførde av ei rekkje ulike forskings- og utgreiingsinstitusjonar, med ulike oppdragsgjevarar og med ulike føremål. Dette har ført til at det har vore nytta til dels ulike undersøkingsopplegg, slik at det for fleire aktivitetar ikkje er mogleg å følgje utviklinga. På denne bakgrunn utarbeidde Østlandsforskning i 1996 eit forslag til standardisering av denne typen undersøkingar slik at dei for framtida kan bli meir einsarta. Hausten 1996 vart den einaste undersøkinga bygd på denne malen gjennomført.

Studiar av friluftslivet over dei siste 30 åra viser ein overraskande stabilitet, både med omsyn til kjønn, alder, busetjing og utdanning. Dette tyder på at det neppe er nokon grunn til å gjennomføre hyppige, landsomfattande studiar på dette feltet framover. Intervall på 4–10 år knytt til SSB sine levekårsundersøkingar kan vere eit aktuelt alternativ. Også av økonomiske årsaker vil det vere meir tenleg å gjennomføre grundige studiar av større befolkningsgrupper med fleire års mellomrom enn hyppige studiar med avgrensa omfang og kvalitet. Det bør likevel vurderast å køyre eigne, avgrensa studiar av strategisk viktige tema og typar område oftare, i tillegg til basisundersøkingane. Døme på slike kan vere rekruttering; barn og unge sitt friluftsliv, dei eldre sitt friluftsliv, hytter/fritidshus, utvikling langs kysten og i bynære område, friluftsliv og støy, motorisert ferdsel i utmark m.m.

Boks 10.1 For full teljing i Rogaland

Etter skotsk modell har Rogaland fylkeskommune sett i gang elektronisk teljing av turgåarar. Dette gjer vi i nært samarbeid med dei interkommunale friluftsråda i fylket og fylkesmannen si miljøvernavdeling.

Det er teljarar utplasserte i skjærgarden, ved sanddynestrender, i skog, fjell og hei. M.a. o. – vandrar du langs Jærstrendene, går stien ut til Eigerøy Fyr eller ut til fjellmassivet Kjerag i Lysefjorden, tel ein deg. Til no er 10 teljarar grave ned og dei tikkar inn talet på personar på tur, sommar som vinter, natt og dag. Dato og klokkeslett blir registrerte elektronisk og når «hjernen» i teljaren blir henta inn på kontoret og plugga inn i pc"en får vi ut ryddige tabellar som fortel kor mange som har gått på tur, kva dag og til kva klokkeslett.

Dette fortel kva årstid, kva vekedagar og kva tid på døgnet dei ulike friluftsområda er i bruk. Kikkar ein samtidig på statistikken som viser vêret, kan ein finne ut korleis ferdselsmønsteret blir påverka av sol, vind, regn og temperatur i ulike årstider. Tala skal hjelpe styresmaktene i skjøtselsarbeid, til å dimensjonere tilrettelegging og som eit ledd i å dokumentere verdien av friluftsliv og friluftslivsområde. Når ein etterkvart kjenner ferdselsmønsteret i dei ulike områda, kan ein setje inn ressursane der ein veit at dei får størst effekt. Slik kan ein leie ferdsel og m.a. motverke terrengslitasje der mange menneske ferdast.

Sett under eitt blir det brukt store beløp, både offentlege og private midlar, til statistikkinnsamling, overvaking og forsking på temaet fysisk aktivitet i vidaste forstand. Oppdragsgjevarane er mange, det finst fleire institutt som utfører opinionsundersøkingar på dette området og forskingsmiljøa er spreidde og mangfaldige. Nokre av desse har spisskompetanse på innsamling av data, andre på å utarbeide og formidle dei resultata som forvaltninga treng i sitt arbeid.

Miljøverndepartementet ønskjer å starte ein dialog om eit meir samordna, stabilt, vedvarande og representativt system for forsking og overvaking på dette temaet. Det bør utviklast ei felles plattform for nasjonal innsats på dette feltet. Kvaliteten på og verdien av ei slik samordning burde kunne vere stor. Samstundes bør det vere ei økonomisk vinning i at fleire går saman om eitt, felles prosjekt. Ei slik plattform kan òg medverke til forenkling, hindre dobbeltarbeid og motverke fagleg usemje om korleis tilstanden er. Miljøverndepartementet er kjent med at Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet har sett i gang eit arbeid med sikte på å betre overvakinga av fysisk aktivitet i befolkninga. Departementet vil ta aktivt del i eit samarbeid på dette feltet.

Ei nærare utdjuping av friluftslivet sitt kunnskapsgrunnlag, framtidige kunnskapsbehov og utfordringar, er gjort i vedlegg 2.

10.2 Arbeidsdeling

10.2.1 Generelt

Pr. idag blir dei statlege oppgåvene i det alt vesentlege utførte av Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning, mens fylkesmennene, fylkeskommunane og kommunane utgjer forgreininga av det offentlege arbeidet. Ved sidan av dette kan paraplyorganisasjonane Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) og Friluftsrådenes Landsforbund (FL) mønstre eit mangfald av råd og lag med brei kompetanse og store frivillige ressursar. Den sterke oppslutninga norsk friluftsliv har i befolkninga hadde vore utenkjeleg utan den innsats organisasjonane gjer for å tilretteleggje og stimulere til aktiv utøving på lokalplanet. Gjennom si organisering på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå medverkar dei òg til at det offentlege når sine mål ved å vere diskusjonspart, pådrivar og korrektiv til politikken på dette feltet.

Dei instansane som til no har vore aktive innan friluftslivet, vil òg utgjere grunnstamma i det framtidige arbeidet. Dette gjeld ikkje minst friluftslivsorganisasjonane og kommunane. I tillegg må ein søkje nye samarbeidspartnarar – både offentlege, frivillige og private. Dei nye, nasjonale måla for friluftslivet bør kunne vere eit godt utgangspunkt for eit breitt interessefellesskap og nye samarbeidsmønster framover. Dette krev klargjering av ansvar og roller.

Eit overordna mål i miljøpolitikken framover er å styrkje det kommunale miljøvernarbeidet ved å gi kommunane auka ansvar. Ansvar bør liggje på det nivået i forvaltninga som er best skikka til å løyse oppgåvene på ein effektiv måte tilpassa brukarane. Regjeringa har derfor sett i gang ein generell gjennomgang av dei område kommunane bør ha mynde på og på kva for område dei bør medverke til å nå miljømål der verkemidla er nasjonale. Erfaringar frå tidlegare forsøksprosjekt med delegering av mynde og frå arbeidet med LA 21 i kommunane, inngår i grunnlaget for vurderinga. Grunnlaget vil òg omfatte kommunane sine eigne ønske om lokale verkemiddel og kompetanse på miljøvernområdet. Regjeringa har invitert kommunesektoren til ein open dialog om desse spørsmåla. Regjeringa ser det likevel slik at ein på området friluftsliv har komme svært langt i retning av ei effektiv, demokratisk og god rolle- og oppgåvefordeling. Det er i dag ingen større hinder i lova for at kommunane kan gjere meir for friluftslivet lokalt.

10.2.2 Friluftslivet sine organisasjonar

Friluftslivet har tradisjonelt hatt eit eigenorganisert preg, der den individuelle utfaldinga har stått sterkt. Arbeidet med å tilretteleggje for friluftslivsaktivitet er i stor grad utført av dei frivillige organisasjonane.

I løpet av 90-talet kom det fleire stortingsmeldingar som m.a. tok opp samfunnsrolla til dei frivillige organisasjonane (St.meld. nr. 27 (1996–97) «Om Statens forhold til frivillige organisasjoner» og tilleggsmeldinga St.meld. nr. 44 (1997–98)).

Følgjande konklusjonar kan trekkjast frå desse meldingane:

  • Det er lagt stor vekt på at hovudansvaret for dei frivillige organisasjonane er å skape aktivitet gjennom motivasjon, informasjon, vegleiing, opplæring og gode opplevingar, dvs. å vere eit operativt og utøvande ledd der aktiviteten er sett på som eit gode i seg sjølv.

  • Det er òg lagt stor vekt på organisasjonane som folkerørsle med sosiale og demokratiske effektar, og som utløyser ein stor grad av frivillig innsats og dugnadsånd.

  • Det blir understreka at organisasjonane skal ha ei fri stilling og vere eit korrektiv både til det offentlege, til marknaden og samfunnet elles.

  • Det er viktig å ta vare på det mangfald organisasjonane og deira aktivitetar representerer.

Det er særleg tre faktorar som innverkar på høvet til å realisere ambisjonane til friluftslivet sine organisasjonar:

  • Det frivillige arbeidet/dugnadsånda er under press.

  • Det er ein sterk og aukande påverknad, særleg overfor barn og unge, av marknadskrefter som trekkjer i ei anna retning enn det friluftslivsorganisasjonane ønskjer.

  • Det er press på dei areala der friluftslivet blir utøvd.

Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO)

Dei største friluftslivsorganisasjonane er samordna gjennom deltaking i Friluftslivets fellesorganisasjon. Dei 12 medlemsorganisasjonane har til saman nærare ein halv million medlemmer gjennom om lag 4000 lokale lag over heile landet. Dei 12 medlemsorganisasjonane tilbyr samla eit mangfald av aktivitetar, alt frå turgåing (til fots og på ski), sykling, padling, jakt og fiske, speiding, orientering til aktivitetar i regi av hjelpekorps og 4H-klubbar. Fleire av organisasjonane har lange tradisjonar. Den Norske Turistforeining vart t.d. stifta i 1868. Organisasjonane har klare ambisjonar om både å styrkje aktivitetane i seg sjølv og å nå fleire med sine tilbod. Dette gjeld særleg overfor målgruppa barn og unge.

Friluftsrådenes Landsforbund (FL)

Mange friluftsområde går på tvers av kommune- og fylkesgrenser og innbyggjarane har ingen bindingar til eigen kommune når dei utøver friluftsliv slik dei til dømes har ved bruk av idrettsanlegg og skular. Innan friluftsliv har interkommunalt samarbeid lange tradisjonar. Oslofjordens Friluftsråd vart skipa for snart 70 år sidan. Interkommunalt samarbeid har synt seg effektivt og tenleg for å løyse mange kommunale friluftsoppgåver. Det er etablert 17 interkommunale friluftsråd med til saman om lag 150 medlemskommunar som omfattar meir enn halve befolkninga i landet. Friluftsråda har sitt fellesorgan i Friluftsrådenes landsforbund, og det blir vurdert å danne nye råd i fleire regionar. Friluftsråda har med sin tradisjon for samarbeid på tvers av forvaltningsnivåa og mellom kommunar og frivillige organisasjonar, eit godt utgangspunkt for praktisk retta arbeid i tråd med strategiane i LA 21.

Friluftsråda representerer eit stort potensial for effektiv utnytting av ressursar, utvikling og bruk av frivillig kompetanse. Dei kan dessutan førebyggje konfliktar mellom by og omland og medverke til utjamning av kostnader mellom kommunar med stort friluftslivstilbod og kommunar med avgrensa tilbod. Dei kan òg medverke til utvikling og bruk av friluftsfagleg kompetanse og ressursar (inkl. utstyr og anlegg). Dette kan vere særleg attraktivt for dei mindre kommunane. Friluftsråda har spisskompetanse i arealspørsmål og gjer ein uerstatteleg innsats i arbeidet med å få fram behov for å sikre nye område og å forvalte dei områda som alt er sikra for friluftsføremål. Dei seinare åra har desse råda òg auka innsatsen i stimuleringsarbeidet.

Organisasjonane si verksemd

I Friluftslivets år vart det etablert ein eigen post på statsbudsjettet for stimuleringstiltak i regi av organisasjonane. Denne førte til stor kreativitet og ei oppblomstring i talet på tilbod om aktivitetar. Posten har seinare variert i storleik, men den har vore ein viktig stimulans for arbeidet til organisasjonane. Det bør leggjast spesielt vekt på tiltak som er retta mot familiar som målgruppe generelt og mot dei som ikkje eller i lita grad driv friluftsliv spesielt. I tillegg til å satse på aktivitetstiltak og tilrettelegging må det leggjast vesentleg vekt på marknadsføring og synleggjering av tilboda. Her står organisasjonane med sine tilbod overfor ein hard holmgang med krefter som trekkjer i motsett retning og med vesentleg større reklamebudsjett. FRIFO og FL får òg midlar til stimuleringstiltak overfor barn og unge frå spelemidlane.

Med aukande desentralisering av avgjerdsmynde i saker som gjeld friluftslivet er det viktig at friluftslivsorganisasjonane er aktive i påverking og samarbeid både regionalt og lokalt. Det blir ei utfordring for organisasjonane å etablere nettverk som kan styrkje rolla som påverkar og samarbeidspart. Det offentlege har sterk interesse i at organisasjonane lykkast på dette området. Det vil skape møteplassar for samhandling mellom det offentlege og dei frivillige organisasjonane, og det vil ikkje minst kunne medverke til at friluftsliv, natur og miljø får ein sterkare posisjon i samfunnsdebatten.

Etableringa av eit «Forum for natur og friluftsliv» i det enkelte fylke er resultatet av eit samarbeid mellom FRIFO, Samarbeidsrådet for naturvernsaker (SRN) og FL. Ved samansetjinga blir det teke utgangspunkt i dei organisasjonane som er med i desse tre. Det er opp til organisasjonane i det enkelte fylke å avgjere kor breitt samarbeidet skal vere.

Bakgrunnen er:

  • Det sterke presset på naturen og areala friluftslivet er avhengig av

  • at stadig fleire avgjersler med innverknad på friluftsliv og forvaltning av natur blir delegerte til kommunane

  • behov for å få sett friluftsliv og natur sterkare på den politiske dagsordenen.

  • ønske om folkeleg mobilisering av LA 21.

Målsetjinga for Forum for natur og friluftsliv er eit sterkare engasjement frå tredje sektor gjennom etablering av samarbeidsnettverk, møteplassar og kompetanseutvikling for frivillige natur- og friluftslivsorganisasjonar.

Hovudoppgåvene vil vere:

  • påverknad i alle typar arealplanar på fylkes- og kommunenivå som har innverknad på disponering, forvaltning og sikring av friluftslivs- og naturområde

  • samarbeid og påverknad i ulike saker som gjeld natur og friluftsliv og samanhengen mellom arealforvaltning og helse

  • langsiktig påverknads- og haldningsarbeid.

Ved årsskiftet 2000/2001 var det etablert slike samarbeidsnettverk i 11 fylke, og det var gjennomført eller planlagt oppstartmøte i ytterlegare 6 fylke. Målsetjinga er å få etablert eit «Forum for natur og friluftsliv» i alle fylke før utgangen av 2001.

Det er motteke prosjektmidlar frå MD til oppstart og etablering. I nokre fylke yter også fylkeskommunen og fylkesmannen støtte. Drifta er i framtida planlagt finansiert gjennom ein del sentrale midlar (frå MD over driftsstøtta til dei frivillige organisasjonane v/FRIFO), ein del frå regionale styresmakter og ein eigendel. Med bakgrunn i den delegering av forvaltninga som no går føre seg, blir det naudsynt å medverke til at rolla til organisasjonane kan styrkjast på regionalt og lokalt nivå. Regjeringa går derfor inn for økonomisk støtte til vidare drift av «Forum for natur og friluftsliv».

Andre, ulike verksemder og organisasjonar er òg med på å skape gode vilkår for allmenta sitt friluftsliv både på areal- og aktivitetssida. Mellom desse er Statskog SF, Norges Fjellstyresamband, Norges Velforbund, Landslaget for park-, idretts- og friluftsanlegg og Kulturvernets Fellesorganisasjon (KORG) og deira medlemsorganisasjonar. Aktørar innan jordbruk, skogbruk og reiseliv gjer òg ein verdifull innsats for det lokale friluftslivet rundt om i landet.

10.2.3 Kommunalt nivå

Kommunane har viktige oppgåver innan friluftsliv, både med omsyn til å sikre areal, tilrettelegging for og stimulering til friluftsliv. Kommunane har ansvaret for å samordne dei ulike sektorane si verksemd innanfor sine grenser med plan- og bygningslova som viktigaste reiskap. Samstundes har kommunane eige sektoransvar for landbruk og naturforvaltning. M.a. har dei mynde og oppgåver innanfor jakt- og fiske, forvaltning av sikra friluftsområde og etter motorferdsellova.

Det er særleg viktig at tiltak for friluftsliv blir forankra i kommuneplanarbeidet, slik at friluftslivsinteressene blir innarbeidde i arealdelen av kommuneplanen, i reguleringsplanar og i langtids- og årsbudsjett. I dette planarbeidet er det, i tråd med intensjonane i LA 21, viktig å trekkje lokalbefolkninga med. Ved at kommunane set LA 21 på dagsordenen, kan dei stimulere til større lokal interesse og breiare medverknad innan kommuneutvikling, arealdisponering, og prioritering av ressursar og dermed større lokalt engasjement om til dømes tiltak for friluftsliv i kommunen.

Boks 10.2 Turstiar i Hakadal

Turstiar i Døli/Løstad, Hakadal er ein brosjyre med oversiktskart. Brosjyren er utarbeidd som ledd i prosjektet «turist i eiga bygd», og er finansiert med midlar frå Nittedal kommune gjennom Lokal Agenda 21.

Til saman gjer kartskissa og tekst som forklarer kor stiane startar og går, at det er mogeleg å finne fram til dei gamle slepa og driftsvegane til gardane Døli og Løstad. Desse traseane er i dag fine turstiar, men dei kan vere vanskelege å finne fordi landskapet har endra karakter og samanhengen i stiane kan vere kutta som følgje av bustad- og vegbygging, endring i driftsmåtar m.m. Brosjyren er med å gjere turopplevingane for innbyggjarane i området rikare gjennom å gjere det enklare å finne fram til og å bruke stiar som kan gi nærkontakt med natur og kultur i langt større grad enn breiare og meir moderne køyrevegar og turvegar. I tillegg til at stiane i seg sjølve fortel ei historie, gir kartet òg informasjon om gamle hustufter, mileplassar og liknande og viser plassering av informasjonstavler.

Det blir òg arbeidd med eit eige historieskrift om området. Dette blir gjort fordi Døli og Løstad er i ferd med å skifte karakter frå jordbruksområde, som det har vore gjennom hundrevis av år, til tettbygd bustadområde. Med bustadene følgjer også innflyttarar som ikkje kjenner den lokale historia.

I dette arbeidet kan dei frivillige organisasjonane komme inn som eit naturleg talerøyr for lokalbefolkninga. Elles er organisasjonane sentrale når det gjeld å stimulere til friluftsliv direkte i form av ulike aktivitetstiltak. Det er derfor særs viktig at kommunane på best mogleg måte støttar opp om det arbeidet som skjer i regi av organisasjonane. Mange kommunar yter viktige bidrag i form av kulturstøtte til organisasjonane, og støtte til kurs og kulturelle tiltak med tilknyting til friluftsliv.

Det er òg viktig at organisasjonane blir ein naturleg samarbeidspart i det arbeidet som kommunane sjølve er ansvarlege for. I arbeidet for å stimulere til og leggje til rette for friluftsliv, er det naturleg at kommunane tek eit ansvar for ulike former for fysisk tilrettelegging for friluftsliv. Samstundes er det viktig at ein samarbeider med lokalbefolkninga og organisasjonane i dette arbeidet, slik at ein sikrar at dei tiltaka ein gjennomfører er dei tiltaka lokalbefolkninga ønskjer og kan dra nytte av og som slik stimulerer til auka aktivitet. Døme på gode samarbeidsprosjekt er turkart, opparbeidde og/eller merkte turstigar, leirplassar, fiskeplassar osb. som sidan blir mykje nytta både av lokalbefolkninga generelt og av organisasjonane.

I tillegg til dei generelle overordna rammene for barnehagar, skulefritidsordningane og skulane har kommunane gjennom lokale rammer for verksemda gode høve til å medverke til at friluftsliv får plass i barna sin organiserte kvardag, jf. kap. 8.2 og 8.3.

Kommunane har òg ansvar for å utforme planar for anlegg og område for idrett og friluftsliv som har rett til spelemidlar, og kan gjennom det arbeide aktivt for å ta vare på interessene til friluftslivet. Kommunane kan stimulere til meir friluftslivsaktivitet ved å utnytte denne ordninga, og prioritere tiltak som kjem friluftslivet til gode som t.d. nærmiljøanlegg, turkart og turstigar. Statlege midlar som går til lokale aktivitetstiltak vil i større grad bli kanaliserte gjennom kommunane for å få ei sterkare lokal forankring av aktivitetane.

Framtidig oppgåve- og ansvarsfordeling

Ei betre lokal forankring av miljøvernpolitikken er eit vilkår for å utløyse det potensial som ligg i berekraftig bruk av ressursane og for å dempe konfliktane mellom sentrale miljøstyresmakter og lokalsamfunna. Dette er eit avgjerande vilkår for at miljøvern skal ha støtte i befolkninga i framtida. Regjeringa vil derfor i sterkare grad forankre miljøvernpolitikken i dei lokale demokratiske prosessane. Dette vil òg gjelde friluftslivspolitikken.

Endringar i friluftslova vart gjennomført i 1996. Eitt av siktemåla ved den revisjonen var å styrkje kommunane si rolle i handhevinga av lova. Kommunen vart hovudaktør i vurderinga av behovet for å utforme lokale reglar for ferdsel m.v. utan å vere avhengig av initiativ frå eigarar eller brukarar, men framleis med krav om deira samtykke. Det kan vurderast om kommunen skal få full råderett over desse verkemidla, dvs. uavhengig av kva eigar eller brukar måtte meine. Ei slik endring vil truleg ikkje gi nokon meirverdi og regjeringa vil derfor ikkje gå inn for det.

Fleire av dei kommunale vedtaka etter friluftslova kan påklagast til fylkesmannen. Dette bør endrast slik at klageordninga følgjer kommunelova sitt system.

Ein del av dei vedtaka som kommunen fattar etter lova, er forskrifter som etter gjeldande ordning skal bli stadfeste av fylkesmannen. Denne stadfestingsordninga bør takast bort, slik at kommunen sjølv kan vedta dei på vanleg måte. Fylkesmannen si stadfesting av slike forskrifter kan etter friluftslova sin § 24, siste ledd, bringast inn for departementet. Sjølv om stadfestingsordninga blir oppheva, vil ein gå inn for å halde på den retten som finst til å bringe slike saker inn for departementet. Det kan vurderast å leggje avgjerdsmynde i slike saker til fylkeskommunen når den får ansvar for miljøvern, jf. St. meld. nr. 31 (2000–2001) «Kommune, fylke, stat – en bedre oppgavefordeling».

Etter friluftslova sin § 35 kan departementet gi inngrepsløyve til kommunar og friluftslag slik at merking og tiltak for å lette ferdsel kan gjennomførast. Denne retten bør liggje til kommunen som elles kan oreigne til friluftsføremål etter plan- og bygningslova.

Friluftslova pålegg òg kommunane å uttale seg i tvilstilfelle om kor langt ferdselsretten rekk. Denne uttaleretten kan endrast til vedtaksrett. Dette vart reist under høyringa av lovendringane i 1996, men det var lita stemning for dette. Regjeringa ser derfor ingen grunn til å endre på dette forholdet no. Endringane i friluftslova dei siste åra har fjerna alle reglar om særskilde organ for gjennomføring av friluftslivspolitikken på alle forvaltningsnivå. Det er etter regjeringa si vurdering ikkje aktuelt å gjeninnføre slike reglar. I enkelte kommunar er ikkje ansvaret for friluftsliv klart plassert i organisasjonen. Av omsyn til friluftslivet sine aktørar er det viktig at dette er gjort synleg.

I arealdisponeringa er det, etter regjeringa sitt syn, naturleg å fremje nye forslag om kommunane sitt ansvar i det pågåande arbeidet med revisjon av plan- og bygningslova. Eit hovudpunkt her vil vere kommunane sine høve til å planleggje LNF-områda i kommuneplanen sin arealdel. Dette vil kunne få stor innverknad på friluftslivet sin status reint juridisk.

I sikringa av friluftsområde vil regjeringa gå inn for at staten sine bidrag i framtida blir avgrensa til nasjonalt og regionalt viktige område. Dette kan imøtekomme ønsket om ein tydelegare stat ved at sikring av lokalt viktige område blir kommunane sitt ansvar.

I stimuleringsarbeidet går regjeringa inn for at staten framleis skal handtere rammevilkåra for utdanningssektoren på dette området. Vidare er staten best eigna til å gi ressursar til dei nasjonale organisasjonane sitt arbeid for å nå nasjonale mål. Dei statlege ordningane som i dag er retta mot stimulering til fysisk aktivitet, bør likevel samordnast betre mellom kultur-, helse- og miljøstyresmaktene. Kommunane bør framleis stå fritt til å avgjere omfang og former for bidrag til dei lokale organisasjonane sitt arbeid med stimulering og motivasjon.

Innan vilt- og fiskeforvaltninga har kommunane dei seinare åra fått fleire oppgåver samstundes med at rettshavarane òg har fått større ansvar for å leggje til rette for allmenta. Som ledd i arbeidet med ei breiare kommunal forankring av miljøvernarbeidet tek Regjeringa i samarbeid med kommunesektoren sikte på å føre endå fleire oppgåver over til kommunane innan vilt- og fiskeforvaltninga.

10.2.4 Regionalt nivå

Fylkeskommunen

Fylkeskommunen er gjennom plan- og bygningslova pålagd å syte for at det innan fylket sitt område blir utført fylkesplanlegging. Den skal samordne staten og kommunane si verksemd i fylket. Fylkeskommunane har viktige oppgåver gjennom rettleiingsarbeidet sitt i høve til planarbeid i kommunane og som regional styresmakt for kulturminne. Dei kan medverke til å setje friluftsliv på dagsordenen i ulike plansamanhengar og i forhold til kulturminne. Dette kan verke motiverande for allmenta, men òg for kommunane, og for organisasjonar og lag som arbeider med friluftsliv. Fylkeskommunane kan òg gi konkret prosjektstøtte til friluftslivstiltak i kommunane. Nokre fylkeskommunar gir òg bidrag til å sikre regionalt og lokalt viktige friluftsområde.

St.meld. nr. 31 (2000–2001) legg m.a. opp til at hovuddelen av ansvaret for miljøvern inkludert friluftsliv, på regionalt nivå blir lagt til fylkeskommunen. Den endelege fordeling av ansvar og oppgåver innan friluftslivet kan først finne stad etter at Stortinget har behandla denne meldinga.

Kulturdepartementet ønskjer at fylkeskommunane skal ta ei meir aktiv rolle i utforming av idretts- og friluftspolitikken på regionalt nivå. Alle fylkeskommunar har vedteke planar innan området idrett og fysisk aktivitet, under dette friluftsliv. Status, form og tema for desse planane er noko ulike for dei ulike fylka. Val av planform vil vere avhengig av kva for type planstruktur den enkelte fylkeskommunen har vedteke. Dei viktigaste delane av ein sektorplan kan til dømes takast inn i ein samla fylkesplan for kultur. Fylkeskommunen har òg delegert mynde frå Kulturdepartementet til å godkjenne dei kommunale planane for idrett og fysisk aktivitet som grunnlag for søknad om tilskot frå dei statlege spelemidla. Ved årsskiftet 2000–2001 er det sett i gang arbeid med fylkesdelplanar for idrett og friluftsliv over heile landet.

Fylkeskommunane bør ha ei aktiv rolle i forhold til kommunal planlegging av friluftsliv og m.a. sikre at ein ved utbyggingar tek omsyn til friluftslivsinteressene. Dei bør særleg leggje vekt på at kommunane tek dei rikspolitiske føresegnene for barn og unge på alvor og at byar og tettstader utarbeider grøn plakat og tek vare på grøntstrukturen sin. Erfaringar frå mellom anna Nordland og Rogaland viser tydeleg at det har stor verdi for friluftslivet når fylkeskommunane medverkar fast med midlar til prosjekt og aktivitetstiltak. Mellom anna fører det til auka aktivitet i regi av organisasjonane.

10.2.5 Statleg nivå

Fylkesmannen

Som eit regionalt, statleg forvaltningsorgan er fylkesmannen underlagt departementalt ansvar og styring. Fylkesmannen har i dag oppgåver innan fleire samfunnsområde, m a. miljøvern. Desse oppgåvene er lagt til ei eiga miljøvernavdeling. Denne avdelinga forvaltar statlege tilskotsordningar for friluftsføremål, under dette jakt og fiske etter reglar fastsette av Direktoratet for naturforvaltning. Avdelinga har òg oppgåver innan forvaltning av areal sikra for friluftsliv ved hjelp av statlege midlar, utøving av jakt og fiske og i samband med planlegging etter plan- og bygningslova. Gjennom første halvdel av 90-åra vart det utarbeidd eigne handlingsplanar for friluftsliv i regi av fylkesmannen si miljøvernavdeling. Dette gjorde arbeidet meir målretta og samordna og særleg vart stimuleringsarbeidet definert inn som ein viktig del av arbeidet også på regionalt nivå.

Den mynde som fylkesmannen har som klage/stadfestingsorgan blir føreslått endra slik det går fram av avsnitta 10.2.3 og 10.2.4. Ein viser elles til St. meld. nr. 31 (2000–2001). (Sjå omtale i kap. 10.2.4)

Direktoratsnivå

Direktoratet for naturforvaltning skal setje i verk og samordne den statlege innsatsen for friluftsliv og skaffe fram eit best mogleg grunnlag for vedtak. DN skal vidare overvake no-situasjon og trendar, identifisere utfordringar i høve til gjeldande politikk, under dette utarbeide og gjennomføre strategiar, tiltak og leie større prosjekt. DN har ei generell rolle som politikkformidlar; retningsgivar, vegleiingsinstans og kompetanseorgan på dette feltet. Samstundes har direktoratet eit særskilt ansvar for å sikre og forvalte friluftsområde og fordele økonomiske ressursar ut til operatørane. DN har òg eit delansvar for den faglege instruksjonen av fylkesmennene på miljøvernområdet.

Statens naturoppsyn

Statens naturoppsyn (SNO) er oppretta med heimel i naturoppsynslova for å ta vare på nasjonale miljøverdiar og førebyggje miljøkriminalitet. SNO skal samordne og styrkje det totale oppsynsarbeidet i Noreg, og utvikle eit meir heilskapleg naturoppsyn. SNO sine viktigaste oppgåver er kontroll, informasjon, vegleiing, kartlegging og skjøtsel i friluftslivs- og verneområde. SNO er organisert med ei sentral administrativ eining i Direktoratet for naturforvaltning i Trondheim, og har lokale kontor over heile landet.

Statens naturforvaltningsråd

Som ledd i Regjeringa sitt program for fornying av offentleg sektor signaliserte Regjeringa i St.prp. nr 1 (2000–2001) Miljøverndepartementet, s 31, at ein ville komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av Statens naturforvaltningsråds (SNFR) vidare rolle. SNFR vart oppretta første gang i 1990 og avløyste dei tidlegare Statens naturvernråd og Statens friluftsråd. Rådet sin funksjon og verksemd går ut på å fremje arbeidet med naturforvaltning i heile landet, inkludert Svalbard, og det skal følgje med i utviklinga i forvaltninga av naturressursane og gi råd til Miljøverndepartementet i saker som blir lagt fram for det eller som det sjølv tek opp. Rådet består av personar med politisk tilknyting eller som kjem frå organisasjonar innan naturforvaltninga sitt verkeområde. SNFR er ikkje heimla i lov.

Statens friluftsråd og Statens naturvernråd spela tidlegare ei monaleg rolle som rådgjevande organ overfor Miljøverndepartementet i store, viktige og/eller prinsipielle saker. Dei fekk òg store fagpolitiske utgreiingsoppgåver. Råda si rolle og karakter endra seg vesentleg ut over på 80-talet. Oppbygginga av eit regionalt apparat for miljøforvaltning og skipinga av Direktoratet for naturforvaltning førte til at mange av rådet sine arbeidsoppgåver vart overført til det nye ytre statlege apparatet for naturforvaltning. Ved å opprette eit felles råd for naturvern og friluftsliv – SNFR – vart det ein enklare rådsstruktur. Gjennom ei brei fagleg og politisk samansetjing skulle det nye rådet bli eit bindeledd mellom den faglege naturforvaltninga og politiske styresmakter. Dette var føresett av Stortinget ved behandlinga av Ot.prp. nr. 39 (1989–90) og Innst.O. nr. 39 (1989–90) om endringar i naturvernlova og friluftslova i 1990.

Erfaringane frå perioden sidan skipinga av SNFR viser at det har vore vanskeleg å omstille rådet si rolle i lys av den forvaltningsutviklinga som har funne stad. Rådet har berre i avgrensa utstrekning fungert som eit bindeledd mellom politikarar og den faglege naturforvaltning som føresett. Rådet har heller ikkje hatt tilstrekkeleg økonomisk armslag til å spele den policyutviklande rolle det var tiltenkt.

Regjeringa har derfor komme til at rådet ikkje godt nok kan fylle den funksjon det var tiltenkt ved skipinga. I lys av Regjeringa si målsetjing om å effektivisere offentleg sektor og iverksetje fornyingstiltak i forvaltninga, foreslår departementet at rådet blir nedlagt. Departementet vil vurdere om dei midlar som med dette kan frigjerast, bør stillast til disposisjon for dei frivillige organisasjonane si verksemd på dette feltet.

Departementsnivå

Det overordna politiske ansvaret for det statlege friluftslivsarbeidet blir handheva av Miljøverndepartementet. Ei av departementet sine viktigaste oppgåver er å skaffe fram ny kunnskap basert på overvaking av miljøtilstanden (jf. 10.1. Betre kunnskapsgrunnlag). Det dannar grunnlag for ny utforming av politikk og endra prioriteringar. Vidare skal det sikre gjennomføring i tråd med politiske vedtak. Dette skjer m.a. gjennom meldingar til Stortinget.

Miljøvernforvaltninga sine verkemiddel til å handheve friluftsinteressene er avgrensa. Styrking av friluftslivet som eit sentralt verkemiddel for auka livskvalitet og miljømedvit krev at offentlege etatar og frivillige organisasjonar på ulike nivå arbeider mot felles mål. Den statlege miljøvernforvaltninga har det overordna ansvaret for å sikre gjennomføringa av friluftslivspolitikken, og vil ta ansvar for å koordinere arbeidet innanfor dei politiske og budsjettvise rammer som Stortinget til ei kvar tid set.

Dersom miljøomsyn skal bli grunnleggjande i avgjerds- og utviklingsprosessane i samfunnet må miljøvernpolitikken forankrast betre lokalt og integrerast på alle område av politikken. Det må leggjast til rette for å utvikle samarbeid/partnerskap mellom styresmakter, næringsliv og frivillige organisasjonar på alle nivå. Regjeringa legg derfor opp til ei gjennomgripande integrering av miljøansvar i dei ulike sektorane. Gjennom sektorvise miljøhandlingsplanar skal departementa setje nye arbeidsmål og gjere greie for verkemiddel og tiltak. Slike miljøhandlingsplanar er utarbeidde av Forsvarsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Fiskeridepartementet, Olje- og energidepartementet, Landbruksdepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Kulturdepartementet, Utanriksdepartementet, Justisdepartementet og Finansdepartementet utarbeider sine planar i 2001. Desse planane vil vise korleis sektorane kan medverke til å nå dei nye nasjonale måla for m.a. friluftslivet.

Regjeringa vil styrkje samarbeidet mellom offentleg sektor og friluftslivet sine organisasjonar for å gjennomføre den nye friluftslivspolitikken. Dette kan t.d. skje gjennom eit samarbeidsforum, der aktuelle departement og sentrale organisasjonar deltek. Viktige oppgåver kan vere synleggjering av politikken og samordning av felles oppgåver.

Som det går fram av 10.2.4 og 10.2.5 vil endeleg fordeling av oppgåver og ansvar innan friluftslivet mellom statleg, regionalt og lokalt nivå først skje etter at Stortinget har behandla meldinga om oppgåvefordelinga.

10.3 Økonomi

10.3.1 Eigne ressursar

Generelt

Omlag 70 mill. kr. direkte til friluftsliv er fordelt på følgjande føremål og beløp over statsbudsjettet for 2001:

  • Driftstilskot til friluftslivet sine organisasjonar omlag 12 mill. kr.

  • Tiltak i friluftsområde omlag 10.5 mill. kr.

  • Drift av friluftsområde i kystsona omlag 12 mill. kr.

  • Strandsoneprosjektet 4.8 mill. kr.

  • Tileigning/sikring av friluftsområde omlag 23 mill. kr.

  • Stimulerings- og aktivitetstiltak for barn og unge omlag 8 mill. kr.

Løyvingar over statsbudsjettet til vilt- og fiskeforvaltning, under dette jakt- og fisketiltak medverkar også til å fremje friluftslivet.

Midlar til friluftsliv over Miljøverndepartementet sitt budsjett er fordelt på fire kapittel, og fleire postar. Brorparten av løyvingane blir overførte til Direktoratet for naturforvaltning og Statens naturoppsyn og berre ein liten del blir disponert av departementet til m.a. informasjons- og utviklingsarbeid.

DN la i 1991 fram ein handlingsplan for friluftslivet. Løyvingane til friluftsliv hadde ein topp på omlag 100 mill. kr. i 1992 i forkant av «Friluftslivets år» i 1993 (Sjå fig. 10.1.) Frå 1993 begynte ein periode med reduserte løyvingar. I 1996 la Direktoratet for naturforvaltning fram «Revidert handlingsplan for friluftsliv fram mot år 2000». I denne vart det presentert ei vurdering av behovet for økonomiske ressursar for å følgje opp intensjonane i planen. F.o.m. år 2000 har økonomien igjen teke seg noko opp, og det har vore ein vekst over statsbudsjettet for 2001 på 17 mill. kr.

Den posten som relativt sett har hatt størst auke gjennom 90-åra er posten til praktisk forvaltning av skjergardsparkane og utgifter til drift av skjergardstenesta i Oslofjorden. Dette er ein konsekvens av auka statleg satsing på feltet og jamn tilvekst av nye, sikra friluftsområde langs kysten. Budsjettet her har auka frå omlag 1 mill. kr. til omlag 12 mill. kr. i løpet av dei siste ti åra.

Figur 10.1 Midlar til friluftsliv over Miljøverndepartementet
 sitt budsjett i perioden 1990–2001.

Figur 10.1 Midlar til friluftsliv over Miljøverndepartementet sitt budsjett i perioden 1990–2001.

Kjelde: Miljøverndepartmentet

Sikring/tileigning

Arbeidet med sikring/tileigning av friluftsområde har tradisjonelt vore ein sentral del av den statlege friluftslivspolitikken og det har over tid vore løyvd monalege ressursar til slike føremål (sjå kap. 7.8.1).

Dei statlege løyvingane til dette føremålet vart opphavleg fordelt på to ulike postar på Miljøverndepartementet sitt budsjett. Den eine har vore og blir framleis nytta til full statleg finansiering av kjøp eller servituttavtaler, til område som har eller vil få nasjonal eller regional verdi. Over den andre posten kunne det fram til 1999 gis inntil 50   % tilskot til kommunar, fylkeskommunar eller interkommunale friluftsråd til å kjøpe område eller inngå avtaler om varig bruksrett. Tilskotsordninga er no avvikla og for framtida vil staten berre finansiere sikring av område av regional og nasjonal verdi.

Den nominelle løyvinga til sikring/tileigning av regionalt viktige område var om lag den same i 1992 (13.9 mill. kr.) som i år 2000 (12.7 mill kr.). I statsbudsjettet for 2001 vart løyvinga auka med 10 mill. kr.

Over tid har det skjedd ei nedtrapping av dei øyremerka tilskota, noko som har vore eit generelt ønske frå kommunesektoren. Målsetjinga om ein tydelegare stat og prioritering av nasjonale mål og oppgåver trekkjer i same retning. Frå friluftshald på kommunalt og interkommunalt nivå har dette likevel vore sett på med skepsis. Der kommunane sjølve ikkje har møtt reduksjonane i dei statlege tilskota med eigne løyvingar har konsekvensen blitt merkbar for det lokale friluftslivet.

Av tilskotsordningar som rettar seg mot lokalt nivå er det no berre att tilskot til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid i regi av lokale lag og organisasjonar. Denne posten vart oppretta i 1993, og storleiken er no den same som i 1996.

10.3.2 Spelemidlar

Sida 1979 har det eksistert ein eigen post på hovudfordelinga av spelemidlane for «Anlegg for friluftsliv i fjellet». I alt har omlag 100 mill. kr. av spelemidlane gått til slike føremål sidan den gong. Ein kan søkje om midlar til hytter som ligg i tilknyting til rutenett der allmenta ferdast, og til opparbeiding av stigar og løyper. Foreiningar tilknytt DNT eller foreiningar med tilsvarande føremål kan søkje på ordninga. Kulturdepartementet står for detaljfordelinga etter innstilling frå DNT.

Den førre stortingsmeldinga om friluftsliv opna for eit utvida samarbeid mellom Kulturdepartementet og Miljøverndepartementet for å nå felles mål om fysisk aktivitet og folkehelse. Det skulle bli realisert m.a. ved å auke overføringa av spelemidlar til friluftslivsføremål. Dette vart følgt opp i den etterfølgjande idrettsmeldinga (St.meld. nr. 41 for 1991–92). Her vart det foreslått ein eigen post for friluftslivstiltak for barn og unge mynta på Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) eller andre organisasjonar FRIFO valde å samarbeide med. Vidare heitte det at denne aktivitetsstøtta gradvis burde opptrappast i dei næraste åra, avhengig av interesse og engasjement innanfor dei organisasjonar ordninga retta seg mot. Støtta var i år 2000 på ca. 1.772 mill. kr.

Den nye idrettsmeldinga (St.meld. nr. 14 for 1999–2000) vart fremja i desember 1999. I denne meldinga blir idrett og fysisk aktivitet for alle definert som den overordna visjonen for statleg idrettspolitikk. Omgrepet fysisk aktivitet omfattar friluftsliv, og det blir slått fast at «naturen er den viktigste arena for fysisk aktivitet». Andre punkt i meldinga av særskilt vekt for friluftslivspolitikken er m.a.:

  • At det skal satsast spesielt på å leggje forholda til rette for eit allsidig tilbod om idrett og fysisk aktivitet for barn (6–12 år) og ungdom (13–19 år).

  • At statlege midlar til idrettsføremål også skal medverke til å sikre høvet til eigenorganisert fysisk aktivitet for befolkninga.

  • At det blir lagt opp til ein auke av tilskotssatsane til anleggstypar med høgt brukspotensial og anleggstypar som gir høve til eigenorganisert fysisk aktivitet.

  • At det framleis skal satsast på nærmiljøanlegg. Posten vil kunne bli auka frå 50 til 100 mill. kr. over tid.

Meldinga modererer likevel ambisjonane frå den førre idrettsmeldinga om ei gradvis opptrapping av aktivitetstilskotet til friluftsliv for barn og unge. Etter Kulturdepartementet si oppfatning er det vanskeleg å måle nokon varig effekt i form av auka deltaking i friluftslivsaktivitetar. Dette blir hevda å ha samanheng med at friluftslivet manglar lokal organisatorisk forankring. Ein meinte derfor at det var lite føremålstenleg å auke omfanget av den eksisterande støtteordninga. På bakgrunn av ei evaluering vil ein avgjere om og eventuelt i kva omfang denne tilskotsordninga skal vidareførast.

Av den siste idrettsmeldinga går det fram at ca. 2   % den totale fordelinga av spelemidlar i perioden 1988–98 har gått til friluftsliv. (Ca. 50 millionar av i alt 2.5 milliardar.) I år 2000 vart det avsett 9 mill. kr. til posten «Anlegg for friluftsliv i fjellet», og ein er innstilt på å vidareføre ordninga på same nivå. Vidare fekk som nemnt FRIFO og etterkvart FL til saman 1.772 mill. kr. til friluftslivstiltak til barn og unge same året. Tilskotet til friluftslivsanlegg i kommunane i år 2000 var på 12.3 mill. kr.

Tildeling av spelemidlar til anlegg og aktivitetstiltak for friluftsliv er forankra i gjeldande politikk for idrett og fysisk aktivitet, og ordninga er eit viktig, offentleg bidrag til friluftslivet. Av den totale tildelinga til idretten på ca. 812 mill. kr. i år 2000 utgjorde tilskotet til dette føremålet omlag 22.6 mill. kr.

Den overordna visjonen for statleg idrettspolitikk er idrett og fysisk aktivitet for alle. Visjonen er utvida frå førre stortingsmelding om idrett. Dette for å synleggjere at statlege middel til idrettsføremål i større grad bør bidra til å styrkje omfanget av fysisk aktivitet utanfor idrettsorganisasjonane. Med fysisk aktivitet meiner ein såleis eigenorganiserte trenings- og mosjonsaktivitetar, under dette friluftsliv.

Utvidinga av visjonen kjem til uttrykk gjennom bruken av spelemidlane. I St.meld. nr. 14 (1999–2000) blir m.a. følgjande tiltak skissert:

  • Auka tilskotssatsar til anleggstypar som i særleg grad er nytta av barn og ungdom, samt anlegg med eit stort brukspotensial. Ved utbygging av turløyper/turvegar/turstigar vil det kunne gis stønad inntil 50   % av godkjent kostnad avgrensa oppover til kr. 550.000,–.

  • Vidareutvikling av nærmiljøordninga.

  • Oppretthalde tilskotsordninga til anlegg til friluftsliv i fjellet på det nivået det har i dag.

Kulturdepartementet vil etablere ei forenkla tilskotsordning knytt til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg. Denne ordninga vil kunne tre i kraft hausten 2001. Innanfor den forenkla ordninga vil det gis støtte med inntil 50   % av godkjent kostnad avgrensa oppover til kr. 80.000,–. Større kostnadskrevjande nærmiljøanlegg må søkje på den «ordinære» ordninga for nærmiljøanlegg. Det vil skje ei fortløpande, skjønnsmessig vurdering i fylkeskommunen med ei behandlingstid på frå 1 til 4 veker. Det er ein føresetnad at fysisk aktivitet skal vere hovudformålet med anlegget.

Kulturdepartementet vil sjå nærare på om ulike former for tilrettelegging langs kystleia i større grad kan falle inn under spelemiddelordninga.

Ovannemnde omtale av Kulturdepartementet sitt verkeområde og planlagde tiltak viser at det finst fleire høve innanfor spelemiddelordninga til utvikling av friluftslivet. For å utnytte denne ordninga godt nok til friluftsføremål er det viktig at friluftslivet sine organisasjonar har ein kreativ og konstruktiv dialog med dei involverte i arbeidet med kommunale planar for idrett og fysisk aktivitet. Især gjeld dette kommunen sin administrasjon og det lokale idrettsråd.

10.4 Regjeringa vil

10.4.1 Betre kunnskapsgrunnlag

  • prioritere forsking på følgjande tema

    • samanhengen mellom friluftsliv og miljømedvit

    • samanhengen mellom friluftsliv og helse/livskvalitet

    • sosialisering, nærmiljø og kvardagsfriluftsliv

    • aktivitetsmønstra

    • arealspørsmål, særleg metodeutvikling for å verdsetje areal

  • ta initiativ til at det blir etablert eit forum der forsking, forvaltning og organisasjonar kan møtast regelbunde og drøfte felles interesser

  • medverke til å vitalisere kontakten mellom forvaltning og forsking og mellom dei ulike forskingsmiljøa

  • arbeide for at det kjem eit nytt eige forskingsprogram om friluftsliv eller at friluftsliv blir tema for strategisk instituttprogram i ein eller fleire av dei aktuelle forskingsinstitusjonane

  • stille krav om ein aktiv formidlingsstrategi til forskingsprosjekt om friluftsliv som får offentleg støtte

  • arbeide for at det blir etablert ein nettstad der ein kan samle og presentere kunnskap som handlar om friluftsliv i vid forstand

  • syte for at det blir etablert eit system for dokumentasjon av resultat for friluftsliv ved å:

    • utvikle metodar og rutinar for å overvake dei nøkkeltala som gjeld arealbruken i friluftslivssamanheng

    • vidareutvikle eit opplegg for overvaking av dei nøkkeltala som gjeld utøving av friluftsliv i befolkninga og rutinar for oppfølginga av dette

  • utvikle eit felles opplegg for overvaking av fysisk aktivitet i befolkninga

10.4.2 Arbeidsdeling

  • medverke til å styrkje friluftslivet sine organisasjonar både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå

  • gi økonomisk støtte til vidare drift av dei regionale fora for natur og friluftsliv

  • stimulere eksisterande interkommunale friluftsråd og støtte etablering av nye der kommunane ser seg tente med det

  • delegere nødvendig ansvar, mynde og verkemiddel slik at kommunane blir sett i stand til å fremje friluftslivet lokalt i tråd med intensjonane i Lokal Agenda 21

  • gjere nødvendige endringar i lov om friluftsliv for å styrkje det kommunale friluftslivet og forenkle handhevinga av regelverket

  • vidareutvikle samarbeidet mellom kultur-, helse- og miljøstyresmaktene om å fremje friluftsliv og fysisk aktivitet i befolkninga

  • leggje ned det statlege naturforvaltningsrådet som eit bidrag til å effektivisere offentleg sektor og frigjere midlar til aktiv innsats for friluftslivet

  • leggje opp til ei integrering av ansvar for friluftslivet sine nasjonale mål gjennom arbeidet med dei sektorvise miljøhandlingsplanane

  • vidareutvikle Statens Naturoppsyn og samordne oppsyn, informasjon, vegleiing, tilrettelegging og drift av viktige friluftslivsområde

10.4.3 Økonomi

  • styrkje friluftslivet sine økonomiske rammer med særleg vekt på dei frivillige organisasjonane, stimulerings- og aktivitetstiltak for barn og unge og sikring og forvaltning av nye område – især langs kysten

  • nytte spelemideloverskotet på anleggs- og aktivitetstiltak for friluftsliv i tråd med idrettspolitikken sin nye visjon og målsetjingar, m.a. gjennom:

    • auka tilskotssatsar til anleggstypar som i særleg grad er nytta av barn og ungdom, samt anlegg med eit stort brukspotensial. Ved utbygging av turløyper/turvegar/turstigar vil det kunne gis stønad inntil 50   % av godkjent kostnad avgrensa oppover til kr. 550.000,–

    • vidareutvikling av nærmiljøordninga

    • oppretthalde tilskotsordninga til anlegg til friluftsliv i fjellet på det nivået som er i dag

  • sjå nærare på om spelemidlane i auka grad kan nyttast til tilrettelegging langs kystleia

  • oppmuntre til samarbeid mellom friluftslivs- og naturvernorganisasjonane og andre med felles interesser på kommunenivå etter mønster av dei fylkesvise fora for natur og friluftsliv.

Til forsida