St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

2 Kunnskapsgrunnlaget

2.1 Innleiing

Friluftsliv er sentralt for utvikling av miljømedvit i befolkninga og er eit vilkår for å sikre ei berekraftig utvikling. Friluftsliv har stor verdi for livskvalitet og helse i befolkninga. Det er ein viktig del av norsk kulturarv og har stor verdi i seg sjølv.

Ein slik karakteristikk av friluftslivet er allment akseptert i Noreg. Likevel er det mykje som tyder på at vilkåra for friluftslivet, særleg i form av tilgjengelege og attraktive grøne område i og ved byar og tettstader, blir dårlegare. Dette kan mellom anna skuldast at karakteristikken og argumenta for å satse på friluftsliv ikkje er godt nok tufta på forsking og fakta.

I eit samfunn der det blir stadig lettare å velje bort friluftsliv til fordel for andre aktivitetar, er det stort behov for forsking om den verdi friluftslivet har for miljømedvit, livskvalitet og helse og om korleis ein kan ta vare på høva (areal, motivasjon, allemannsretten) til å kunne utøve friluftsliv. Både nasjonalt og internasjonalt fører endringar i livsmønster og sterkare press på ressursgrunnlaget til større behov for forskingsbaserte og samansette forvaltningsmål for forhold som gjeld friluftslivet. Kunnskap om friluftsliv omfattar mange sektorar og er i større eller mindre grad relevant i forhold til utfordringar i alle delar av samfunnet.

2.2 Status og utvikling

Natur- og miljøforvaltninga har i 150 år vore nær knytt til naturvitskapleg forsking. Etableringa av ei eiga forsking om fritid generelt og om friluftsliv spesielt har medverka til auka aksept for friluftsliv som forvaltningsområde.

Ein reknar med at forskinga om friluftsliv for alvor kom i gang internasjonalt på 1960-talet. I Noreg fekk vi dei første undersøkingane om friluftsliv ved aktivitetsundersøkingane til Statistisk sentralbyrå (SSB) 1970. På 1980-talet fekk friluftsliv plass som eitt av fleire fagtema i Norges teknisk naturvitenskapelige forskningsråd (NTNF) sitt forskingsprogram ««Miljøvirkninger av vassdragsutbygginger».

Stortingsmelding nr 40 (1986–87) Om friluftsliv prioriterte meir forsking som ein viktig del av arbeidet med å fremje friluftslivet sine interesser. Områda friluftsliv og helse, den samfunnsøkonomiske verdien av friluftsliv, og levevilkår og areal for friluftsliv vart prioriterte.

Prioriteringa vart følgt opp ved at Norsk institutt for naturforsking (NINA) fekk ansvaret for å gjennomføre eit femårig forskingsprogram om friluftsliv (1990–1995). Det vart også gjennomført forsking i regi av forskingsprogram styrt av Norges allmennvitenskapelige forskningsråd (NAVF) og deretter Norges Forskningsråd (frå 1993).

Etter at NINA sitt friluftslivsprogram vart avslutta kom det ikkje noko nytt særskilt friluftslivsprogram. To breitt opplagde program i regi av Norges forskningsråd var hovudkjeldene for finansiering av friluftslivsforsking i perioden 1995–1999. Desse var «Miljøbetinget livskvalitet» (1993–1998) og «Bruk og forvaltning av utmark» (1995–99). I tillegg har det vore gjennomført forsking med relevans for friluftsliv også i enkelte andre forskingsprogram. Det er òg gjennomført nokre enkeltståande prosjekt.

Forskinga har i tiårsperioden blitt meir spesialisert. Meir disiplinbasert teori er teken i bruk, og eit breiare spekter av samfunnsvitskapleg metode. Forskinga har sidan starten utvida synsfeltet frå eit noko snevert perspektiv på naturbruk til å sjå friluftsliv i ein større samanheng, anten som ein del av mennesket sin totale livssituasjon eller i eit meir generelt humanøkologisk perspektiv.

Også i siste halvdel av 90-talet har forskinga omfatta fleire og mangearta prosjekt, og forsking med relevans for friluftslivsområdet har dels inngått som deltema i samansette prosjekt. Den faglege utviklinga desse åra kan kort samanfattast slik: Friluftsliv er gjennomgåande kasta lys over i ein breiare samanheng enn tidlegare. Dette gjeld først og fremst ut i frå tradisjonar, verdi- og haldningsendringar i samfunnet meir generelt. Friluftsliv er sett inn i samanhengar som har med sosiokultur og livskvalitet å gjere, både i bygde- og bymiljø, og i ein større samanheng som går på kultur- og naturforvaltning. Forskinga har utvikla seg til å bli langt meir analytisk og mindre skildrande enn tidlegare. Kvalitative metodar har supplert og utfyller kvantitative metodar. Metodeutvikling er likevel eit område der det er stort behov for meir forsking.

Eit anna særtrekk ved forskinga i siste halvdel av 90-talet samanlikna med første halvdel av tiåret er endringar i finansieringa av forskinga. Midlane er sterkt reduserte og dei blir annleis kanaliserte. Fram til 1994–95 var situasjonen prega av at det vart gitt midlar til forsking både frå Forskingsrådet, gjennom SIP-program i regi av forskingsinstitutt og anvende, problemorienterte prosjekt direkte frå fagstyresmaktene. Sidan 1995 er forskinga i all hovudsak finansiert over Forskingsråd-program. Svært lite midlar har gått direkte til forskningsmiljøa i form av oppdragsforsking, noko som i stor grad har redusert denne anvende, mest forvaltningsretta forskinga. Midlane gjennom forskingsrådet er i tillegg sterkt reduserte i siste halvdel av 90-talet samanlikna med første halvdel av tiåret.

Forskinga har i perioden sidan 1988 samla sett hatt stor spennvidde. Denne store tematiske og disiplinære spreiinga på eit område med små økonomiske midlar til forsking illustrerer også at forskinga på friluftsliv framleis er i ein tidleg fase. Mykje forsking står att før ein har etablert eit godt nok kunnskapsgrunnlag på dei forskingsområda som den førre stortingsmeldinga trekte opp som viktige. Den forskinga som er gjennomført har likevel hatt positiv innverknad på fleire forvaltningsområde.

Utviklinga innan forskinga har òg hatt verdi for studiar og utdanning innan friluftsliv. Studiane har utvikla seg i takt med framgangen innan forskinga. Forskinga generelt har gitt tilflyt av litteratur slik at pensum innan friluftsliv ved høgskulane i dag er eit heilt anna enn tidlegare. Saman med den tradisjonelle pedagogisk-filosofiske tilnærminga til friluftsliv som desse miljøa har hatt, har nyare empirisk forsking og stoff om offentleg forvaltning av friluftsliv gitt meir heilskaplege studiar, med større legitimitet og auka praktisk relevans.

2.3 Utfordringar – kva treng vi av kunnskap

Behovet for kunnskap innanfor friluftsliv er stor og gjer at ein bør auke forskingsinnsatsen. Minst like viktig er at ein set av ressursar til å utvikle opplegg for systematisk overvaking, både av utøvingsmønsteret og kva som påverkar dette og av arealsituasjonen for viktige friluftslivsareal.

Den samfunnsøkonomiske verdien av friluftslivet var eit prioritert tema i førre stortingsmelding om friluftsliv. Likevel er det i perioden ikkje forska på dette. Det å få klarlagt den innverknad friluftsliv har økonomisk, for helse og livskvalitet, sosialt, kulturelt og for ei berekraftig utvikling, dvs. dei verdiane friluftslivet representerer, bør vere ei vesentleg oppgåve for norsk forsking i tida framover. Samstundes er det òg behov for kritisk forsking som kan utfordre og medverke til å justere politikken og som kan bidra til samfunnsdebatten.

For å sikre vilkåra for friluftslivet er overvaking eit sentralt stikkord. Det trengst overvaking for å hindre at samfunnsutviklinga øydelegg høva til å utøve friluftsliv anten gjennom utbyggingstiltak eller gjennom konsekvensane av t.d. landbruk, reiseliv eller motorisert ferdsel, som i større og mindre grad konkurrerer med friluftslivet om plassen i naturen.

Vi veit lite om dei effektane ulike forvaltningsstrategiar vil ha for livskvaliteten til folk. Forvaltninga manglar dokumentasjon av dei effektar næringsbaserte endringar som følgjer av nye måtar å nytte naturressursane på, kan ha for høva til rekreasjon. Døme kan vere auka press på motorisert bruk av utmark. Vi veit svært lite om dei konsekvensar dette har for den fritidsbaserte bruken av naturområde. Forvaltninga har her eit stort behov for å få dokumentert verdiar knytte til opplevingar og rekreasjon, slik at den ikkje blir einsidig avhengig av biologiske argument i forvaltning av den fritidsbaserte bruken av naturområde og kulturmiljø.

Behovet for kunnskap kan systematiserast på fleire måtar. Ein måte er å skilje mellom

  1. kunnskap som trengst for å legitimere og styrkje friluftslivet sin plass som eit offentleg ansvarsområde, og

  2. kunnskap som trengst for å formulere og løyse faglege utfordringar i forvaltning og samfunn.

2.3.1 Kunnskap som trengst for å legitimereog styrkje friluftslivet sin plasssom eit offentleg ansvarsområde

Erfaringane med offentleg friluftslivsforvaltning dei seinare åra syner at det framleis trengst kunnskap som kan legitimere friluftslivet sin plass som ei offentleg oppgåve. Grunnlaget for slik legitimering er knytt til den samfunnsøkonomiske verdi friluftslivet har og særleg to område; friluftsliv som grunnlag for miljømedvit og friluftsliv som eit gode for helse og livskvalitet. I tillegg er det òg grunn til å leggje vekt på den sosiale og kulturelle innverknad og verdi friluftslivet har for næring og busetnad, spesielt i distrikta.

Dokumentert kunnskap er viktig for at friluftslivet skal ha gjennomslagskraft internt i miljøvernforvaltninga, som verkemiddel i helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsesektoren og som arealbruksinteresse i forhold til andre sektorar. Kunnskap om kva for friluftsliv som byggjer opp om miljømedvit og kva for friluftsliv som har størst verdi for helse og livskvalitet, vil vere viktig styringsreiskap for forvaltninga med tanke på kva for friluftsliv ein skal støtte opp om i framtida. Dette er kunnskap som vil ha stor verdi på lang sikt.

2.3.1.1 Friluftsliv som grunnlag for ei berekraftigutvikling

Det er ei vanleg oppfatning at friluftsliv betyr mykje for å utvikle miljømedvit i befolkninga, men det ligg føre svært lite forsking som dokumenterer at det er slik. Slik forsking bør prioriterast høgt i tida framover, og ein bør i den samanhengen m.a. undersøkje om det er forskjellar i haldningar til natur- og miljøvern hos dei ulike friluftslivsutøvarane. Nye undersøkingar tyder på at måten friluftslivet blir praktisert på er i ferd med å endre seg ved at det tradisjonelt enkle og lite tilrettelagde friluftslivet er på vikande front.

Samstundes har mange, t.d. i barnehagar, gjort erfaringar om korleis leik i naturen og friluftsliv verkar inn på miljøengasjement og miljømedvit, men relativt få av desse erfaringane er systematiserte, dokumenterte og gjort kjende for befolkninga. Slik dokumentasjon er òg viktig for å synleggjere friluftslivet sin samfunnsverdi. Dokumentasjon er ei viktig utfordring for å legitimere friluftslivet sin plass som sentralt element for utvikling av miljøengasjement og miljømedvit, for livskvalitet og for ei berekraftig utvikling. Det vil vere svært verdifullt med verkemiddel som kan medverke til at dei erfaringar som enkeltpersonar, barnehagar, skular og organisasjonar fortløpande gjer om samanhengen mellom friluftsliv, miljøengasjement og miljømedvit, blir systematiserte og offentleggjort.

2.3.1.2 Verdien av friluftslivet for livskvalitet og helse

Friluftsliv og helse var eitt av dei sentrale forskingsområda som vart trekte opp i den førre stortingsmeldinga. Forskingsinnsatsen på dette feltet har likevel vore relativt sporadisk, sjølv om det internasjonalt finst ein stor kunnskapsbase på samanhengen mellom fysisk aktivitet og god helse. Mykje av den norske forskinga på dette feltet har vist til at sjølv om friluftsliv som regel har innverknad på fysisk form, er det naturoppleving, livskvalitet, refleksjon og sosialt samvere som er sentrale grunnar for å drive friluftsliv. Helseeffektane av friluftsliv må derfor sjåast i eit større og meir heilskapleg perspektiv enn dei reint somatiske. Det er stort behov for forsking på dette feltet, både innanfor fysisk helse, psykisk helse, stress, spørsmål om livskvalitet og spørsmål omkring friluftsliv som terapeutisk verkemiddel. På same måte som med forskinga omkring miljømedvit er det òg når det gjeld helse og livskvalitet behov for å kunne skilje dei ulike aktivitetane og sjå på forskjellar i verknad mellom aktivitetane.

Her er det òg snakk om eit langsiktig og vesentleg behov for kunnskap. Hovudansvaret for å dekkje dette behovet for kunnskap bør liggje hos Sosial- og helsedepartementet med Miljøverndepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kyrkje- og undervisningsdepartementet som medansvarlege sektorar.

2.3.2 Kunnskap som trengst for å løyse faglegeutfordringar

Ein vidare eksistens for friluftslivet som ein vesentleg del av norsk kultur er avhengig ikkje berre av at friluftsliv har legitimitet som eit offentleg ansvarsområde, men òg av at ein har kunnskap om korleis ein på best mogleg vis kan ta vare på friluftslivsinteressene. Det trengst kunnskap om korleis ein sikrar; motivasjon i befolkninga, at allemannsretten blir halden oppe og at ein har tilgjengeleg areal av høg kvalitet. Kunnskapsbehovet blir jamt større i takt med endringar i samfunnet knytt til m.a. globalisering, urbanisering, eit meir fleirkulturelt samfunn, aukande prosentdel eldre osb. Dette gjer kontinuerleg biletet meir komplisert og mangesidig og medfører stadig nye utfordringar/spørsmål om korleis ein kan regulere og leggje til rette i forhold til nye trendar og nye behov. Det er t.d. naudsynt med oppdatert kunnskap om:

  • Kva slag friluftsliv befolkninga driv

  • Kva den ønskjer å drive med (med differensiering på grunnlag av kjønn, alder etnisitet, bustad)

  • Kor mange som driv friluftsliv

  • Kva som skal til for at dei ønskjer å drive friluftsliv

  • Haldningar og motivasjon knytt til dei enkelte aktivitetane

  • Kva for areal som er verdifulle

  • Korleis ein kan ta vare på areal for friluftsliv

  • Utvikling for aktivitetar som verkar inn på friluftslivet og høva til å drive friluftsliv.

Blant desse og mange andre spørsmål er det særleg fire område som peiker seg ut med prioriterte kunnskapsbehov. Dette gjeld:

  • Sosialisering til friluftsliv

  • Nærmiljø og kvardagsfriluftsliv

  • Aktivitetsmønsteret

  • Areal

2.3.2.1 Sosialisering til friluftsliv

Dersom ein skal halde oppe stillinga til friluftslivet i eit samfunn der endringar skjer i eit stadig raskare tempo og der det blir stadig enklare å velje bort friluftsliv til fordel for andre aktivitetar, er det naudsynt med kunnskap om korleis tradisjonar og verdiar knytt til friluftsliv blir overførde til kommande generasjonar. Slik kunnskap er ein føresetnad for å kunne målrette innsatsen for å stimulere og motivere til friluftsliv.

2.3.2.2 Nærmiljø og kvardagsfriluftsliv

I ei ny undersøking gjennomført i Trøndelag understrekar fleirtalet at dei ikkje har noko favorittfriluftsliv, men at det er kvardagsfriluftslivet som dominerer, dvs. eit friluftsliv basert på enkle aktivitetar som blir utøvde i nærområda. Kvardagspraksisen har likevel fått lite merksemd frå forskinga. Både i forhold til helseaspekta ved friluftslivet, i forhold til rekruttering og i eit fordelingsperspektiv er kvardagspraksisen eit tema som fortener meir slik merksemd.

Kunnskapsbehovet er langsiktig og krev innsats både frå Miljøverndepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Barne- og familiedepartementet.

2.3.2.3 Aktivitetsmønsteret

Landsomfattande friluftslivsundersøkingar er gjennomførde sidan 1970, og har vore svært viktige for forståinga av friluftslivet sin plass i det norske samfunnet. Hovudføremålet med landsomfattande friluftslivsundersøkingar er å overvake utviklinga i friluftslivsdeltakinga på landsbasis . Undersøkingane har dokumentert både stabilitet og endringar i nordmenn sitt aktivitetsmønster i fritid generelt og innan friluftsliv spesielt i denne perioden. Undersøkingane gir òg signal om at endringane vil skje i eit stadig raskare tempo i framtida, og særleg blant dei unge. Dette krev at undersøkingane blir vidareutvikla og standardiserte slik at dei betre kan fange opp endringar knytt til rekruttering, eit breiare omfang av aktivitetar, fleire og til dels sprekare pensjonistar, eit meir fleirkulturelt samfunn, ulikskap m.o.t. deltaking m.v. Undersøkingane bør òg kunne gi svar på kva for haldningar, preferansar og verdiar som kjenneteiknar dei ulike friluftslivsutøvarane. Det er òg viktig med kunnskap om motiv og barrierar for aktivitet og om meiningsinnhald i aktivitetane.

Eit sentralt argument for å skaffe forskingskunnskap er det store innslaget av uorganisert utøving innan friluftslivet. Ein monaleg del av friluftslivet er i dag mangelfullt representert på den offentlege arenaen. Det enkle, upretensiøse kvardagsfriluftslivet som til dømes kortare spaserturar i næraste skogholt, gir verken særleg status eller medieomtale. Kvardagsfriluftslivet er heller ikkje noko heitt stridstema i politiske debattar, og fleire av organisasjonane innan friluftslivet synest å ha fokusert verksemda meir på favorittfriluftslivet enn kvardagsfriluftslivet, sjølv om kvardagsfriluftslivet har fått auka merksemd dei seinare åra. Å følgje med i utviklinga innan det uorganiserte og lågt profilerte friluftslivet, som utan tvil har mykje å seie for helse og trivsel, vil vere ei nesten umuleg oppgåve utan systematiske undersøkingar.

Den viktigaste utfordringa m.o.t. aktivitetsutviklinga er å få på plass eit standardisert opplegg som gir svar på alle dei mest relevante spørsmål. Ein må kunne følgje utviklinga over tid og sikre gjennomføring av opplegget både på kort og på lang sikt. I eit slikt standardisert opplegg bør ein vurdere eit større utval og utviding av aldersgruppa for undersøkinga, t.d. ned til 10 år (i dag 16–79 år) slik at det gir betre høve til å skilje ut barn og ungdom som eiga/eigne gruppe(r) og få betre oversikt med omsyn til rekruttering. Eit større fokus på dei unge vil òg truleg gjere det enklare å registrere endringar i utøvingsmønsteret. Undersøkingane bør òg kunne nyttast til å etterprøve om dei målsetjingar forvaltninga har faktisk er i tråd med friluftslivsutøvinga til folk, og som eit utgangspunkt for å identifisere endringar i lys av modernitetsprosessar.

Kunnskapsbehovet kan karakteriserast som kortsiktig på eit vis, men langsiktig i den forstand at slike undersøkingar må utførast jamleg i framtida. Medansvarlege samarbeidspartnarar kan m.a. vere kultursektoren, barne- og familiesektoren og helse- og sosialsektoren.

2.3.2.4 Areal

Temaet bør studerast frå to hovudinnfallsvinklar:

a) Areal av verdi for friluftslivet

Friluftslova og allemannsretten utgjer det rettslege grunnlaget for friluftsliv, men friluftslivet er òg uløyseleg knytt til areal og til dei høve og avgrensingar som følgjer av plan- og bygningslova. Tilgjenge, både fysisk og mentalt, er eit nøkkelomgrep. Det er spesielt viktig å vurdere dette i forhold til areal i pressområde som i by- og tettstadsnære område og i delar av kystsona. Det må fokuserast på nærmiljøet, og m.a. kva for verdi natur- og kulturmiljø har for livskvalitet og lokal tilknyting og identitet. Høve til ferdsel er ein kritisk faktor i tilfelle der den allmenne ferdselsretten er sterkt redusert, mens inngrepsfrie område betyr mykje for opplevingsverdien knytt til delar av det enkle, tradisjonelle friluftslivet.

Verdsetjing er eit sentralt element i forvaltninga av natur- og kulturmiljøet. Innan arealplanlegginga blir verdsetjing stadig meir aktuelt som grunnlag både i ordinær kommunal og regional planlegging og i samband med større tiltak som t.d. ved konsekvensutgreiingar og verneprosessar. Dei prosedyrane vi har i dag for verdsetjing har fleire klart svake sider. Det går med andre ord føre seg ei verdiklassifisering av areal både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, der det faglege grunnlaget for verdsetjinga er svakt. Dette er særleg uheldig i tilfelle der verdiklassifiseringa skal brukast som grunnlag for seinare arealdisponering. Mellom anna i samband med utvikling av nøkkeltal er det avdekt stort behov for metodeutvikling for verdsetjing av areal som har verdi for friluftsliv. Gode metodar for verdsetjing av friluftslivsareal er òg naudsynt for å kunne overvake utviklinga. Dersom ein skal unngå at verdifulle areal blir nedbygde og privatiserte i så stor grad som har vore tilfelle fram til no, trengst det eit stabilt overvakingsprogram slik at ein kan synleggjere når areal med stor verdi for friluftsliv blir nedbygde, nytta til andre føremål eller får redusert kvalitet.

b) Verknader av friluftsliv på areal

Friluftslivet kan i nokre samanhengar ha negative effektar på natur- og kulturmiljø. Friluftsliv kan òg innverke på andre brukarar og deira interesser og behov. Det kan vere både grunneigarar, andre friluftslivsutøvarar, næringsdrivande og forvaltninga.

Utfordringar er m.a. knytt til dei områda som er sikra for friluftsliv og der staten har eit spesielt oppfølgingsansvar, og til område verna etter naturvernlova der friluftsliv er delmål bak opprettinga. Det same gjeld andre natur- og kulturmiljø som er av nasjonal/internasjonal verdi, t.d. leveområde for villrein.

I strandsona har forvaltninga behov for å få ei grundig, samla kartlegging av både land- og sjøbasert bruk. Det trengst kartlegging av båtlivet langs kysten, spesielt på strekninga frå svenskegrensa til Lista. Vidare må bruken av statleg sikra friluftsområde og skjergardsparkar undersøkjast. Det bør òg gjennomførast kartlegging og overvaking i utvalde andre viktige naturområde og kulturmiljø, mellom anna for betre å kunne vurdere behovet for ferdselsrestriksjonar. Systematisk overvaking over tid bør prioriterast for enkelte område.

2.4 Kva skal til for å få dekt behovet forkunnskap

For å få dekt behovet for kunnskap på ein god måte er ein avhengig både av forsking, mellom anna gjennom forskingsprogram og instituttprogram (SIP), og av overvaking og enklare undersøkingar. Finansiering av forsking går i dag via forskingsrådet mens overvaking og undersøkingar må finansierast på annan måte i forvaltninga. For å få dekt behovet for kunnskap framover trengst det særleg ein monaleg auke i midlar til overvaking og undersøkingar både av friluftslivet og av aktivitet som verkar inn på friluftslivet og på natur- og kulturgrunnlaget.

2.4.1 Forsking

Det er få forskingsprogram m.v. som i dag møter forskingsbehovet på friluftsliv. Det viktigaste programmet i regi av Norges forskningsråd er no Landskap i endring. Dette er eit stort tverrfagleg forskingsprogram som femner eit breitt spekter av problemstillingar. Hovudmålet med programmet er å styrkje nasjonal kompetanse og gi kunnskap som støttar utviklinga av ei heilskapleg og langsiktig forvaltning av kulturmiljø og naturressursar. Programmet representerer delvis ei vidareføring av element frå fleire pågåande eller nyleg avslutta program.

Kva vekt friluftslivsforskinga vil få i dette omfattande programmet, avheng både av interessa i forskingsmiljø og ikkje minst av det finansielle grunnlaget for programmet, som for 2000 var ca. 1 mill. kr. Dette beløpet er monaleg mindre enn dei midlane som vart kanaliserte til friluftslivsforsking i dei tidlegare programma.

I intensjonane for programmet er det mange relevante tema som fokuserer på utfordringar friluftslivet står overfor, men i praksis vil det vere umuleg å følgje desse opp innanfor dei gjeldande økonomiske rammene. I tillegg vil det vere større konkurranse om midlane innan eit stort program med eit breitt ansvarsfelt.

Det trengst meir midlar til friluftslivsforsking for å møte dei kunnskapsbehov forvaltning og samfunn står overfor i ein situasjon med raske endringar og nye utfordringar. Samtidig er det behov for å styrkje dialogen mellom forsking og forvaltning for på ein slik måte å få fram gode og relevante prosjektsøknader. Å formalisere møtepunkt, til dømes jamlege konferansar om friluftslivet sitt kunnskapsbehov, vil vere ein måte å auke samarbeidet på, og å setje problemstillingane på dagsordenen samtidig som det vil vere ein viktig arena for formidling av kunnskap.

Problemstillingar relatert til friluftsliv må òg i større grad setjast på dagsordenen og prioriterast innanfor miljøforvaltning t.d. gjennom prioriterte SIP-program. Vidare må forsking på friluftsliv setjast på dagsordenen og prioriterast innanfor helsesektoren, som del av idrettsforskinga og som eit viktig element i samfunnsforskinga meir generelt.

2.4.2 Overvaking og undersøkingar

Delar av kunnskapsbehovet må karakteriserast som overvaking og enklare undersøkingar. Det er uheldig at friluftslivsforvaltninga per i dag ikkje har ressursar til å dekkje dei mest naudsynte undersøkingar og overvakingsarbeid over eige budsjett. For framtida bør forvaltninga disponere midlar til denne type oppgåver. Alt kunnskapsbehovet kan ikkje dekkjast innanfor programma til forskingsrådet og dei kriteria dei legg til grunn for interessant forsking.

Svak tilgang på oppdrag til forskingsmiljøa frå fagstyresmaktene medfører redusert overvaking av friluftslivet, og at verdien av dataseriar heilt frå 1970 ikkje blir utvikla vidare. Forskinga dei siste åra understrekar at det er ei rekkje indikasjonar både i samfunnet generelt og innanfor friluftslivsmønstra på at det skjer større og raskare endringar enn tidlegare. Desse endringane kan få store konsekvensar for ei rekkje viktige område innanfor friluftslivspolitikken, under dette lovverk, tiltaksarbeid og prioriteringar meir generelt. Ei oppdatert og kostnadseffektiv forvaltning er derfor i større grad enn før avhengig av god kunnskap og presis overvaking av utviklinga. Det er vesentleg å tilføre nye ressursar for å få i gang systematisk arealovervaking av verdifulle friluftslivsareal. Mangelfull finansiering har svekt den mest anvende forskinga, til dømes den som er retta mot vurdering og evaluering av tiltak.

Innanfor overvaking trengst det òg at ein i eit samarbeid mellom idretts-, miljø- og helsestyresmaktene prioriterer å overvake befolkninga si deltaking i friluftsliv og fysisk aktivitet som ein del av overvaking innan livskvalitet og helse. På lengre sikt vil systematisk overvaking av aktivitet sett i samanheng med utviklinga for verdifulle friluftslivsareal gi viktig informasjon om kva for faktorar som i sterkast grad verkar inn på befolkninga sitt aktivitetsmønster, livskvalitet og helse.

2.4.3 Organisering og samarbeid

Det har gått føre og går føre i dag forsking på friluftsliv i fleire ulike miljø som kvar for seg er relativt små. Av dei mest sentrale miljøa er Norsk institutt for naturforsking, Østlandsforskning og Høgskulen i Telemark. Miljø og enkeltpersonar m.a. ved landbrukshøgskulen, Vestlandsforsking, NOVA, idrettshøgskulen, Norges Høgfjellsskole, NIBR, universiteta m.fl. har òg vore viktige bidragsytarar til friluftslivsforskinga så langt. I samband med overvaking har Statistisk sentralbyrå vore sentrale.

For å få mest mogleg nytte ut av avgrensa midlar til forsking og overvaking, kan det vere bra å konsentrere innsatsen om få miljø. Samstundes treng ein at fleire engasjerer seg, for å sikre breidde og ulike tradisjonar inn i forskingsarbeidet. Det er t.d. nyttig å gi rom for forsking som kan vere kritisk til ideologiske føringar og «vedtekne sanningar» og forsking som kan vurdere ressursfordelinga og kva friluftsliv betyr i forhold til ressursfordeling og verdien av andre gode føremål som t.d. idrett, musikkorps osb. Som nemnt over er det òg sentralt at midlar til forsking og overvaking kjem frå fleire kjelder slik at dei kan dekkje behovet for både forsking og overvaking. I eit samfunn med stadig meir komplekse utfordringar, blir det sentrale ikkje talet og storleiken på forskingsmiljøa, men i kva grad dei samarbeider, både på tvers av fagområde og på tvers av landegrenser. Det kan t.d. vere nyttig med eit tettare samarbeid mellom miljø som tradisjonelt har forska på friluftsliv og miljø som har forska på idrett, fysisk aktivitet og helse. Å dra nytte av relevant utanlandsk forsking vil alltid vere naudsynt og er ei viktig utfordring. Det er viktig og naudsynt å sjå både forvaltninga, overvakinga og forskinga på friluftsliv i samanheng med internasjonale tilhøve og trendar. Det vil t.d. vere nyttig med kunnskap om kva som skjer i andre land vi kan samanlikne oss med, kva vi kan lære, kva trendar vi ser i andre land som vi vil få også hos oss, osb. For forskarane er det avgjerande at dei set sitt arbeid inn i ein internasjonal kunnskapsproduksjon og er à jour med det som skjer av forsking andre stader.

Samarbeid mellom forskingsmiljøa er viktig. Det same er samarbeid mellom forskingsmiljøa, forvaltninga på alle nivå, og brukarane, representert ved dei frivillige organisasjonane. Til dømes bør nemnast forskingsgruppa i FRIFO, som bør vere ein viktig samarbeidspart både for forvaltninga og for forskingsmiljøa i samband med å definere utfordringar og forskingsområde framover.

2.5 Formidling

God formidling av forskingsresultat er sentralt for at forskinga skal vere til nytte for forvaltninga og samfunnet elles. Ei viktig utfordring for å oppnå dette er å formalisere møtepunkt, t.d. i form av jamlege forskingskonferansar. Det er behov for slike samlingar mellom forskarar, brukarorganisasjonane og den sentrale forvaltninga, men ikkje minst for konferansar, populærvitskaplege artiklar, særtrykk, pressemeldingar på Internett osb. som kan gjere naudsynt og nyttig informasjon tilgjengeleg for forvaltninga og brukarane også på regionalt og lokalt nivå. For å få dette til på ein god måte må forskings- og overvakingsmiljøa leggje vesentleg vekt på formidling og nytte ulike metodar alt etter kva for målgrupper ein ønskjer å nå.

Ein god dialog mellom forvaltning, andre brukarar og forskingsmiljøa heilt frå starten i planlegginga av forskingsoppgåvene, gjennom forskingsarbeidet og ved avslutninga vil sikre at forvaltninga får synleggjort sine behov, den vil vite kva som pågår og vil raskt kunne ta kunnskap i bruk.

Internett vil vere sentralt framover og ein nettstad for friluftslivsforsking vil kunne bli ein viktig møteplass. Ein start på ei slik satsing er det nyetablerte nettidsskriftet Utmark. Hovudmålsetjinga med dette tidsskriftet er å formidle forsking om utmarksforvaltning til brukersida, i ei populærvitskapleg form. Tidsskriftet representerer ei viktig nyskaping, men dekkjer på langt nær all forsking relatert til friluftsliv. Spørsmål knytt til kvardagsfriluftsliv, sosialisering, grøntstruktur og helse vil truleg ikkje vere naturleg å presentere her.

Når det gjeld tradisjonelle tidsskrift er det grunn til å peike på at det i svært lita grad finst aktuelle norske tidsskrift for publisering av eit breitt spekter av forskingsresultat på friluftsliv. Dei fleste tidsskrifta som er aktuelle dekkjer tematisk berre ein liten del av eit mangearta friluftsliv og/eller er medlemsblad for organisasjonar. Desse tidsskrifta kan likevel nyttast positivt til formidling av forskingsresultat, og vil til saman kunne vere arena for presentasjon av det meste av kunnskapen.

Om ein skal kunne dra nytte av kunnskapen framover, krevst eit omfattande samarbeid på fleire nivå der både forskings- og overvakingsmiljøa, forvaltninga og friluftslivsorganisasjonane prioriterer formidling. Det er naudsynt å erkjenne at resultata har liten verdi dersom berre ei lita gruppe får kjennskap til dei, og særleg dersom denne vesle gruppa er personar som i stor grad kjenner tilsvarande konklusjonar frå liknande undersøkingar eller forsking. Formidling av forsking knytt til verdien av friluftsliv overfor helse-, skule- og samferdselssektoren er døme på viktige utfordringar.

FRIFO har etablert ei eiga forskingsgruppe. Gruppa har som mål å styrkje kontakten mellom friluftslivsorganisasjonane og forskningsmiljøa. Vidare vil ho gi organisasjonane og forvaltninga kunnskap om relevant forsking. FRIFO arbeider for at friluftsliv skal få auka merksemd i forskningsmiljøa, forvaltninga og samfunnet generelt. Hausten 1998 stod dei bak ein landskonferanse om forsking i friluft. Det vart òg publisert ein rapport med bidrag frå konferansen. Dette er eit døme på målretta og effektiv formidling som ein ønskjer skal halde fram. Styresmaktene ser det som særleg positivt at brukarane i frivillig sektor tek initiativ innanfor forskingsformidlinga.

Til forsida