2 Hovudlinjer i ein ny friluftslivspolitikk
2.1 Friluftsliv – innhald og verdiar
Gjeldande friluftslivspolitikk legg til grunn at friluftsliv er «opphold og fysisk aktivitet i friluft i fritiden med sikte på miljøforandring og naturopplevelse». Målsetjinga er å fremje det enkle friluftslivet – for alle, i dagleglivet og i harmoni med naturen. Friluftslivspolitikken legg hovudvekta på ein kjerne av ikkje konkurranseprega, ikkje motoriserte fritidsaktivitetar som går føre seg på allment tilgjengelege, naturprega område.
Sjølv om samfunnet har endra seg, er desse rammene for friluftslivet framleis gyldige. Regjeringa vil i hovudsak halde fast ved denne målsetjinga og vektlegginga i friluftslivspolitikken. Friluftslivet treng likevel ikkje berre vere knytt til fritid, vere enkelt eller tradisjonelt. Det sentrale er at friluftslivet er miljøvennleg og helsefremjande.
Det å kunne ferdast og opphalde seg i friluft er for mange ein viktig del av tilværet, og kan ikkje erstattast med andre aktivitetar. Friluftsliv har eigenverdi i form av den umiddelbare gleda ved sjølve friluftslivsaktiviteten, naturopplevingane og høve til m. a. rekreasjon, avkopling og samvær med andre.
Friluftsliv har i tillegg fleire direkte nytteverdiar, t. d. for helse, livskvalitet, ei berekraftig utvikling og som ressurs for m. a. reiselivet. I eit samfunn som nyttar store ressursar på reparerande helsetiltak, er det ei utfordring å utforske og utnytte det potensialet som friluftsliv og naturkontakt tilbyr på ein betre måte enn i dag. Regjeringa meiner at ein i større grad enn det ein har gjort til no, må ta i bruk friluftsliv som verkemiddel i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet.
Regjeringa viser til den målstrukturen som framgår av kap. 1 (boks 1.1) og vil leggje det strategiske målet og dei nasjonale resultatmåla til grunn i det vidare arbeidet. I nært samarbeid med dei frivillige organisasjonane og kommunane vil regjeringa styrkje arbeidet for eit romsleg og miljøvennleg friluftsliv. Det føreset at ein legg vekt både på å sikre allemannsretten, attraktive areal og motivasjon i befolkninga. Slik det går fram av figur 3.4 er alle desse elementa like viktige og gjensidig avhengige av kvarandre.
2.2 Allemannsretten
Regjeringa ønskjer å halde ved lag og styrkje allemannsretten som eit fundament for friluftslivet i Noreg.
Regjeringa vil m.a.:
gjennomgå og gjere naudsynte endringar i friluftslova for å klargjere og styrkje allemannsretten, m.a. foreslå ein ny regel i friluftslova om ferdsel i strandsona
styrkje bruken av allemannsretten ved med jamne mellomrom å gjennomføre informasjonskampanjar om rettar og plikter
at aktivitet som kan vere til ulempe for naturen, for grunneigarar eller andre brukarar av naturen skal regulerast gjennom aktiv bruk av friluftslova.
2.3 Barn og unge
To av dei fire nasjonale resultatmåla har særskilt fokus på barn. Om ein skal halde oppe friluftslivet som ein viktig fritidsaktivitet også i framtida, må framtidige generasjonar få naturopplevingar og høve til å utvikle dugleik som gjer at dei sjølve ønskjer og er i stand til å ferdast i skog og mark.
Regjeringa vil styrkje arbeidet med motivasjon og stimulering til friluftsliv for barn og barnefamiliar, med særleg vekt på dei som i dag ikkje i det heile teke eller berre i lita grad tek del i friluftsliv og fysisk aktivitet. Dei viktigaste tiltak er:
å styrkje barn og unge sine høve til å utvikle seg fysisk, mentalt og sosialt gjennom å leike i, ferdast i og oppleve natur
å vidareføre og forsterke satsinga på informasjons-, aktivitets- og opplæringstilbod i friluftsliv der barn og familiar er målgruppe
å styrkje arbeidet med motivasjon og stimulering til friluftsliv ved å auke tilskota til aktivitetstiltak i regi av friluftslivsorganisasjonane
å gjennomføre kompetanseoppbygging i kommunane der ein generelt set fokus på verdien av friluftsliv og spesielt på verdien for barn si helse og utvikling
å gjennomføre ei nasjonal satsing på uteaktivitet i barnehagar, skular og skulefritidsordningar
gjere sportsfiske etter innlandsfisk lettare tilgjengeleg og rimelegare ved å fjerne fiskaravgifta
utvide høve til gratis fiske for barn og unge slik at det gjeld t.o.m. 17 år.
2.4 Grønt nærmiljø – tettstadnære friluftsområde
Å sikre og utvikle gode høve for friluftsliv i nærmiljøet vil seie å leggje vekt på dei areala som er lettast tilgjengelege for alle grupper i befolkninga. Dette gjeld m.a. grøntstrukturen, bymarka, delar av kulturlandskapet og delar av strandsona. Desse areala har særleg stor verdi for høva til å drive friluftsliv for barn og eldre og for dei som er inaktive og lite motiverte. Ei satsing på å sikre og utvikle attraktive areal i nærmiljøet er naudsynt for å følgje opp målsetjinga om friluftsliv for alle.
Dei viktigaste tiltaka er:
at grøntstrukturen i alle kommunar med tettstader som veks blir kartlagt og verdivurdert innan utgangen av 2006
at kartlegginga av grøntstrukturen blir lagt til grunn i all kommunal planlegging og forvaltning og blir ein premiss for vidare tettstadutvikling. Det må særleg leggjast vekt på å sikre samanhengande grøne strukturar
at alle kommunar med tettstadnære markaområde har ei markagrense og ein plan for forvaltning av marka innan 2006
å gjere naudsynte endringar slik at plan- og bygningslova blir betre eigna til å ta vare på natur-, kulturminne- og friluftslivsinteressene i dei by- og tettstadnære markaområda
at kommunane tek ansvar for å kartleggje uteområda i og ved skular og barnehagar som grunnlag for ei planlagt og systematisk betring av tilhøva for friluftsliv og bruk av naturen i undervisninga.
2.5 Strandsona
Av alle viktige område for friluftsliv er delar av strandsona langs kysten utsett for eit særskilt stort press. Regjeringa vil sikre og vidareutvikle potensialet for friluftsliv i strandsona, med særleg vekt på kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Hordaland og i og ved byar og tettstader.
Dei viktigaste tiltaka er:
å vidareføre strandsonesatsinga med særleg vekt på informasjon, juridisk hjelp til kommunane og arealdokumentasjon, m.a. av ulovlege stengsel
avgrense alle former for ytterlegare bygging i strandsona, under dette fremje forslag om endringar i plan- og bygningslova
at eksisterande tilkomst til strandsona ikkje blir vesentleg dårlegare ved utbyggingstiltak
setje av midlar til å utarbeide og gjennomføre ein strategi for å sikre allmenn tilgang til viktige område langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland og i enkelte område lenger nord.
2.6 Kvalitetar for friluftslivet
Folk vil gjerne ha fred og ro når dei driv friluftsliv. Det er grunn til å tru at verdien av ro og stille aukar monaleg i det moderne samfunnet der kvardagen for mange er sterkt prega av støy, stress og mas.
Regjeringa vil m.a.:
leggje vesentleg vekt på å verne om høvet til å oppleve stille, fred og ro
sikre at den verdien ulike område har for friluftsliv ikkje blir redusert av støy og terrengslitasje frå motorkøyretøy, luftfartøy og motorfartøy
syte for at utbygging av private hytter og turistanlegg i fjellet og langs kysten går føre seg på ein miljøtilpassa måte, og ikkje kjem i konflikt med friluftslivet sine interesser.
2.7 Innsats frå mange på mange plan
Det krevst innsats på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå og frå mange sektorar. Det lokale nivået er særleg viktig. Dei viktigaste utfordringane generelt er at kommunane og organisasjonane tek ansvar for å stimulere til og å leggje til rette for friluftsliv og at natur- og kulturgrunnlaget blir teke vare på.
Kommunane utgjer alt i dag det viktigaste nivået i arbeidet med friluftslivet. Dei har ansvaret for arealplanlegginga som er avgjerande for om det finst attraktive areal for friluftsliv i nærmiljøet. Kommunane har ansvar for tilrettelegging av område, opparbeiding og merking av turstiar, informasjon som turkart osb. Kommunane arbeider òg med Lokal Agenda 21 og friluftsliv er ein viktig grunnstein i arbeidet for ei berekraftig utvikling. Friluftsliv gir livskvalitet, har innverknad på livsmeistring og er grunnlag for lokalt engasjement.
Regjeringa vil m.a.:
i større grad enn no leggje til rette for at kommunane kan løyse viktige oppgåver for friluftslivet
leggje fleire av dei heimlane friluftslova gir for å fremje og regulere friluftslivet til kommunane.
Dei frivillige organisasjonane er sentrale i arbeidet med å stimulere til og organisere aktivitet. Organisasjonane kan òg vakte friluftslivet sine interesser i saker som gjeld arealplanlegging. Deira innsats gjev i det heile stor samfunnsnytte.
Regjeringa vil
styrkje organisasjonane sine høve til å aktivisere flest mogleg til friluftsliv
støtte organisasjonane sine høve til å medverke i arealplanlegginga.
Dei einskilde sektorane må ta sin del av ansvaret for å styrkje og oppretthalde friluftslivet. Sektorane har ei generell utfordring i å setje friluftslivet sin verdi for helse, livskvalitet og ei berekraftig utvikling på dagsordenen i samband med utarbeiding av sektorvise miljøhandlingsplanar.