St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

11 Økonomiske, administrative og miljømessige konsekvensar

11.1 Økonomiske konsekvensar

Staten

Det er vanskeleg å gi eit fullstendig bilete av dei økonomiske konsekvensane av Regjeringa sine framlegg til satsing på friluftslivet. Friluftsliv for alle er eit viktig grunnlag for god livskvalitet m.a. i form av betre helse og auka trivsel. Ein tek sikte på å medverke til å demme opp for auka samfunnskostnader som knyter seg til minkande fysisk aktivitet og naturkontakt i befolkninga. Å utøve friluftsliv skaper òg interesse for kvaliteten i våre utandørs omgivnader. Auka miljømedvit er ein føresetnad for ei berekraftig forvaltning av den norske natur- og kulturarven. Såleis er friluftsliv eit middel til ei berekraftig utvikling.

Fleire stader i meldinga er det uttrykt at ein vil styrkje arbeidet på ulike område. Særleg er det behov for å styrkje den statlege innsatsen innanfor desse områda:

  • Driftstilskot til dei frivillige organisasjonane innan friluftslivet.

  • Tiltak i friluftsområde.

  • Drift av friluftsområde i kystsona.

  • Sikring av friluftsområde.

  • Stimulerings- og aktivitetstiltak for barn og unge.

Det er særleg sikring av, tiltak i og drift av friluftsområde som medfører dei største utgiftene. Auka løyvingar til friluftslivsorganisasjonane si drift og deira stimuleringsarbeid, under dette forslaget om å gi økonomisk stønad til vidare drift av dei regionale «Forum for natur og friluftsliv», vil utløyse monaleg frivillig innsats og nå breie folkegrupper over heile landet.

Regjeringa vil komme attende til dette i dei årlege budsjettproposisjonane til Miljøverndepartementet.

Framlegget om å avvikle fiskaravgifta for sportsfiske etter innlandsfisk er eit viktig bidrag til å gjere hausting av naturressursane lettare tilgjengeleg for folk og å forenkle denne delen av den offentlege naturforvaltninga. Samstundes medverkar det til å motivere befolkninga til positiv fritidsutøving. Ut frå dagens satsar fell årlege, statlege inntekter på omlag kr. 12,5 mill. bort. Desse inntektene blir i dag nytta til å finansiere tiltak for fritidsfiske og fiskeforsking. Konsekvensane av forslaget vil Regjeringa komme tilbake til i samband med statsbudsjettet.

Framlegget om nedlegging av Statens naturforvaltningsråd er eit bidrag til å forenkle og reindyrke arbeidsdelinga innan den offentlege naturforvaltninga. Innsparinga av utgiftene til drift av rådet blir vurdert overført friluftslivsorganisasjonane og konsekvensane av nedlegginga vil Regjeringa komme tilbake til i samband med statsbudsjettet.

Overskotet av spelemidla til føremåla idrett og fysisk aktivitet, under dette friluftsliv, går utanom statsbudsjettet.

Når det gjeld framlegga til nye tiltak, prosjekt og virkemiddel vil dei økonomiske og administrative konsekvensane på vanleg måte bli presenterte når framlegga kjem som eigne saker.

Kommunane

Styrking av det kommunale friluftslivsarbeidet inngår som ein del av fornyinga og effektiviseringa av offentleg verksemd. Ved at auka ansvar og mynde blir lagt til kommunane vil løysinga kunne tilpassast dei lokale behov. Dette vil auke kostnadseffektiviteten i gjennomføringa av friluftslivspolitikken. Den nye oppgåvefordelinga det blir lagt opp til mellom staten og kommunane på dette feltet inneber ingen store omveltingar. Det er likevel ikkje mogleg å gi ei spesifikk oversikt over kommunane sine kostnader knytt til framlegga omtalt i kapittel 10.2. Så lenge dei kommunale oppgåvene ikkje er lovpålagte, står kommunane i prinsippet fritt til å løyse dei. Det største økonomiske behovet vil truleg knyte seg til kommunale løyvingar til sikring og drift av friluftslivsområde, når staten no legg opp til å gjere tydeleg sitt ansvar til berre å gjelde område av nasjonal og regional verdi. Konsekvensen av ei slik avgjerd er bortfall av statlege løyvingar til sikring/tileigning av lokalt viktige friluftslivsområde. Lokale område med behov for sikring må derfor finne økonomiske dekning i kommunane sine eigne budsjett eller gjennom interkommunale løysingar. Det same gjeld tilrettelegging og drift av desse områda.

11.2 Administrative konsekvensar

Staten

Dei administrative tiltaka som er fremja i denne meldinga, rokkar ikkje ved hovudstrukturen i den arbeidsdelinga ein i dag har innan friluftslivet. Dei instansane som dei seinare åra har vore aktive i arbeidet for å fremje friluftslivet, vil òg utgjere grunnstamma i det framtidige arbeidet. Med unntak av framlegget om nedlegging av Statens naturforvaltningsråd, er det ikkje gjort framlegg om noko radikal endring i rollefordelinga på statleg nivå.

Gjennom ei auka tildeling av spelemiddel til friluftslivsføremål, vil Kulturdepartementet si rolle som viktig bidragsytar til å etablere anlegg og fremje aktivitet på dette feltet bli endå viktigare. Vidare vil arbeidet med sektorvise miljøhandlingsplanar synleggjere dei ulike sektorane sine bidrag til dei nasjonale måla for friluftslivet.

Regionalt nivå

Meldinga legg opp til mindre endringar i friluftslova sine reglar for stadfesting av kommunale vedtak og forskrifter. Konsekvensane av det blir at fylkesmannen sitt ansvar blir fjerna på desse punkta. Føremålet er å la klageordninga følgje kommunelova.

Den endelege fordelinga av ansvar og oppgåver innanfor friluftslivet på regionalt nivå, kan først gjennomførast etter Stortinget si behandling av den nye oppgåvefordelinga, jf. St. meld. nr. 31 (2000–2001).

Kommunane

Regjeringa har sett i gang ein generell gjennomgang av dei område kommunane bør ha mynde på og på kva for område dei bør medverke til å nå miljømål der verkemidla er nasjonale. Grunnlaget vil òg omfatte kommunane sine eigne ønske om lokale verkemiddel og kompetanse på miljøvernområdet. Regjeringa har invitert kommunesektoren til ein open dialog om desse spørsmåla. Regjeringa ser det likevel slik at ein på området friluftsliv har komme svært langt i retning av ei effektiv, demokratisk og god rolle- og oppgåvefordeling. Det er i dag ingen større skrankar i lova som hindrar kommunane i å gjere meir for friluftslivet lokalt. Det blir av den grunn berre føreslått mindre endringar i oppgåvefordelinga mellom fylkesmannen og kommunane på dette feltet. Endringane krev ingen organisatoriske endringar i kommunen sin politiske eller administrative struktur.

11.3 Konsekvensar for miljøet

Staten stiller krav om at det friluftslivet ein vil stø skal vere miljøvennleg. Framlegga vil samla sett medverke til auka kunnskap og medvit om miljøkvalitetar og auka oppslutning om miljøpolitikken. Dette vil i sin tur danne eit naudsynt grunnlag for avgjerder og tiltak med sikte på ei berekraftig utvikling. Transport til og utøving av friluftsliv vil kunne ha konsekvensar for miljøet. Det blir brukt energi og areal blir tekne i bruk, det blir sleppt ut avgassar, det kan oppstå noko støy og avfall og det biologiske mangfaldet kan bli utsett for påkjenningar gjennom slitasje på vegetasjon og at dyrelivet blir uroa. Regjeringa ser likevel på desse miljøkonsekvensane som svært små både i forhold til dei meir globale og fundamentale miljøproblema og i forhold til den positive effekt friluftslivet har i ein miljøpolitisk samanheng. Når ein legg vekt på friluftsliv i nærmiljøa blir òg transportomfanget lite. Friluftslivet slik det blir utøvd i Noreg i dag er eit viktig bidrag til miljøpolitikken og ikkje ein trussel mot miljøet.

Til forsida