5 Friluftslivet i endring
5.1 Innleiing
Om ein vurderer på grunnlag av dei ulike aktivitetsundersøkingane som har vore gjennomførte, kan det sjå ut til å vere ei enkel oppgåve å vidareføre friluftslivet. Undersøkingane viser at ein stor del av befolkninga driv friluftsliv. Nærare 90 % av befolkninga driv friluftsliv ein eller fleire gonger i året, og denne delen har vore stabil gjennom mange år. Biletet blir ikkje like positivt om ein legg til grunn at å drive friluftsliv ein eller nokre få gonger i året ikkje representerer eit særskilt høgt aktivitetsnivå og ikkje er nok til å oppnå dei positive effektane fullt ut. Undersøkingane gir eit positivt bilete av status for friluftslivet i den vaksne delen av befolkninga, men friluftslivet i framtida avheng av dei som i dag er barn og ungdom. Utviklinga for barna sitt friluftsliv er urovekkjande og set store krav til innsats om ein skal klare å halde oppe friluftslivet si stilling i samfunnet også i framtida. Det er naudsynt å ta situasjonen for barn og ungdom på alvor og setje inn tiltak for å motverke denne utviklinga. Samstundes finst det positive trekk som kan gi håp om å stanse den negative utviklinga – t.d. vektlegginga av friluftsliv og bruk av naturen i undervisninga i mønsterplanen for grunnskulen. Den klart største utfordringa er å halde oppe friluftsliv som aktivitet for kommande generasjonar. Dernest er det viktig å vidareutvikle friluftslivet samstundes som ein tek vare på tradisjonane, kulturarven og det miljøvennlege friluftslivet.
Friluftslivet er ikkje berre stabilt, det er også i endring. Forholdet mellom dei ulike tradisjonelle friluftslivsaktivitetane endrar seg og nye aktivitetar kjem til. Meiningsinnhaldet i aktivitetane er i endring. Ein ser òg ein auke i talet på ulike former for anna fritidsbruk av natur, mellom anna aktivitetar som kjem i eit grenseland mellom friluftsliv, reiseliv, idrett og motorisert ferdsel. I eit slikt bilete er det viktig med ei fortløpande vurdering av endringane som grunnlag for ei bevisst haldning til kva for aktivitetar ein ønskjer å støtte.
Parallelt med dei utfordringane friluftslivet står overfor er det grunn til å vere merksam på dei endringane som har skjedd i samfunnet når det gjeld omfanget av annan fysisk aktivitet i kvardagen og dei negative effektane dette har for helse og livskvalitet. Det er på dette området ein har hatt dei verkeleg store endringane. Vi har no ei meir mekanisert skule-, arbeids- og fritid der vi sit mykje i ro og er lite ute i fri luft. Endringane har ført til at omfanget av fysisk aktivitet som heile befolkninga tek del i er kraftig redusert. Dette kan på sikt også influere på rekrutteringa til friluftsliv. Dersom delar av befolkninga etterkvart blir i så dårleg form eller saknar den dugleik som skal til for å røre seg i naturprega område, vil ein oppleve at m.a. belastningslidingar og liknande plager truleg vil auke kraftig. Samstundes vil òg færre bry seg om å ta vare på naturen. Regjeringa meiner det er behov for å motverke ei slik utvikling.
5.2 Barn og friluftsliv
Barn driv mykje friluftsliv om ein brukar same målestokken som for den vaksne befolkninga, men barn har eit langt større behov for slik aktivitet. Barna sitt friluftsliv er i hovudsak knytt til leik, og dei har eit stort behov for å utfalde seg fritt i naturen i leik. Dette treng dei om dei skal bli glade i naturen, og det er ikkje minst avgjerande for barna si motoriske utvikling, jf. kap. 4.
I løpet av siste generasjon er likevel barna sin leik i aukande grad blitt flytta innandørs. Stadig fleire barn og unge er fysisk inaktive, og kløfta mellom fysisk aktive og passive barn aukar. Generelt er barna sin kvardag, som for dei vaksne, meir prega av stillesitjande aktivitetar. Mange norske barn nyttar kvar dag tre til fire timar med data- og TV-skjermar. Internett, dataspel, mobiltelefonar og video er blitt sterke utfordringar for uteliv og friluftsliv. Undersøkingar tyder òg på at transport med bil eller buss til skule, barnehage og fritidsaktivitetar aukar. Barna blir med det fråtekne erfaringane og opplevingane ved å ta seg fram på eiga hand eller saman med kameratar. Å gå til skulen er ein tur med opplevingar og aldri ein rein transportetappe. Den passive livsstilen gjer at barna ikkje berre får dårlegare motorisk dugleik, dei blir òg fysisk svakare, mindre uthaldande og overvektige.
Dette er påvist i ei rekkje nyare undersøkingar. Når ein fjerdedel av elevane i første klasse i enkelte Oslo-skular ligg etter den forventa motoriske utvikling, er det eit signal om ein oppvekst som ikkje gir nok fysiske utfordringar. Ei undersøking frå leirskulane viser det same. Leirskulelærarane rapporterer at stadig fleire barn har problem med å vere ute ein heil dag. Dei er ikkje vane med å kle seg og te seg i dårleg vêr. Dei er ikkje robuste og uthaldande nok, og dei rører seg meir klønete når dei er ute i terrenget. Dette gjer at dei får problem ved leirskuleopphald, men langt viktigare er at ein kjem inn i ein negativ sirkel der manglande motoriske evner resulterer i mindre motivasjon til å drive friluftsliv og fysisk aktivitet, noko som igjen påverkar den motoriske utviklinga.
Boks 5.1 Barnetråkk
Barnetråkk er eit prosjekt gjennomført i Sandnes kommune i Rogaland, der areal som blir brukte av barn til fri leik og aktivitet har blitt registrerte etter modell frå Vestfold. Alle barneskulane (5.–7. klasse), ein ungdomsskule og 34 barnehagar har delteke slik at kommunen sitt areal no er godt dekt av Barnetråkk-registreringa. Barna har teikna inn på kart kva stadar dei brukar når dei leikar, akar, går på ski, hoppar strikk, spelar ball, badar, byggjer hytter, plukkar blomster, fiskar samt eventuelle snarvegar. Undervegs fortalde barna om stadane dei registrerte.
Ved hjelp av barna har kommunen fått god oversikt over kva område som er i bruk eller som i framtida vil vere eigna som leikeområde for barn. Barnetråkk skal medverke til at viktige leikeområde ikkje blir bygde ned og at barn i alle bydelane har tilgang til naturprega leikeområde.
På grunnlag av registreringane er eit barnetråkk-kart over heile kommunen utarbeidd, saman med ein rapport med data om dei kartfesta areala. Alle registrerte areal i kjeldematerialet er digitaliserte og kvart tema – barna sine leikeareal, barna sine snarvegar, referanseområde for skulane og barnehagane – er lagt inn som eigne fagdatabasar. Med dette som grunnlag kan konsekvensen av utbygging eller anna omdisponering bli vurdert i forhold til grad av konflikt med barn og unge sine interesser.
Gjennom Plan- og bygningslova (PBL) og Rikspolitiske retningslinjer for å styrkje barn og unge sine interesser i planlegginga (RPR/BU) er kommunar pålagde ansvaret for å styrkje barn sine interesser i planlegging generelt. Ansvaret omfattar m.a. tilrettelegging for medverknad i kommunale prosessar, sikring av tilstrekkeleg areal til bruk i barneleik no og i framtida, og å kunne gjere greie for konsekvensar for barn og unge i all planlegging. Barnetråkk skal integrerast i all planlegging som vedkjem barn og unge. Barnetråkk-registreringane skal vere lett tilgjengelege for planleggjarar og saksbehandlarar gjennom digitale kartverktøy.
Det er grunn til å tru at også fattige leikemiljø, flatt underlag og firkanta leikeapparat både i barnehagar, skular og bumiljø medverkar til denne negative utviklinga. Areala barna har til rådvelde er ofte også svært små og/eller dei manglar kvalitetar som kan gi natur- og kulturopplevingar, utvikle kreativitet og motoriske evner. Rapportar tyder på at fleire kommunar ikkje følgjer opp sine eigne planar om å sikre uterom for barna i nærmiljøet, men nyttar areala til andre føremål. I Oslo er over 70 % av naturområda i byen blitt borte berre sidan 50-talet. Når det blir bygt, finst det krav til kor mange parkeringsplassar det skal vere per husvære, men ingen krav til kor store grøntareala skal vere. Samanslåing av skular slik at skulevegen blir for lang til å gå, har òg negativ innverknad. Her finst store utfordringar både med omsyn til utforming av normer og kriterium. Både planleggjarar og politikarar må leggje større vekt på barna sine behov for eigna areal for leik. Rikspolitiske føresegner for barn og unge må takast på alvor, slik at det å ta omsyn til barna sine behov for leik i naturen blir eit minst like viktig krav som å setje av parkeringsplassar. Vidare bør det reisast ein debatt om behovet for minstekrav til storleik og kvalitet på uteareal ved skular og barnehagar.
Det er naudsynt at både offentleg forvaltning, organisasjonane, skular og barnehagar, og ikkje minst foreldra, tek ansvar. Ei svært viktig utfordring er å gi foreldra kunnskap om verdien av leik i naturen for barna, slik at dei i størst mogleg grad blir i stand til å gi barna dei utfordringane og opplevingane dei treng. Foreldra sine røynsler og evner er òg vesentlege, og her kan organisasjonane gjere ein viktig jobb med tilbod om aktivitetar for heile familien. For den innsats som må gjerast i barnehage og skule er rammeplan for barnehagen og mønsterplan for grunnskulen viktig reiskap. Dersom ein skal endre det negative biletet er det òg naudsynt å gi skulevegen tilbake til barna.
For å sikre at verdifulle naturområde blir tatt vare på i nærmiljøet til barn og unge, er det viktig at dei får delta i plan- og avgjerdsprosessar. Det er barn og unge som best veit kva område som blir brukte i leik og opphald utandørs og på kva måte. Ei kartlegging av kva område som blir brukte av barn og unge og til kva, kan vere eit godt grunnlag for å sikre uteareal, tilgang til natur og høve til friluftsliv.
5.3 Ungdom og friluftsliv
Den trenden for barn som er omtalt i kap. 5.2. med negativ utvikling for friluftsliv og fysisk aktivitet i naturen gjeld om mogleg i endå større grad for ungdom. Mange av dei unge finn ikkje friluftsliv attraktivt og spennande nok. At ungdom driv lite friluftsliv og fysisk aktivitet går òg fram av undersøkingar. M.a. viser undersøkingar at rekruttane si fysiske form har gått nedover dei siste ti åra, både når det gjeld styrke og evne til å halde ut. Eit gledeleg unntak er talet på ungdomsmedlemmer i Den norske turistforeining som viser ein stigande trend.
At ungdom driv lite friluftsliv er ikkje dramatisk i seg sjølv. Ein har mange indikasjonar på at ein som har vore mykje i naturen som barn, kjem tilbake til friluftslivet etter nokre år der andre aktivitetar har hatt større plass. Når ein generelt passiv livsstil utan naturkontakt er del av ein trend som startar i barndommen og held fram gjennom heile livet, slik ein i dag ser tendensar til, er det langt meir alvorleg, både med omsyn til livskvalitet, helse og som grunnlag for ei berekraftig utvikling. I samband med nye trekk ved friluftslivet har ofte ungdom ein sentral posisjon, og det å satse på friluftsliv for ungdom vil ofte innebere å sjå positivt på og å leggje til rette for nye måtar å utøve friluftsliv. I friluftslivspolitikken i framtida bør ein ha som utgangspunkt at nye trendar som kan rekruttere fleire ungdommar til friluftslivet, er positive. Det vil vere behov for å regulere nokre aktivitetar som t.d. terrengsykling slik at ein unngår stor terrengslitasje, og rafting slik at det ikkje er til vesentleg ulempe for bading og fisking. I det store og heile må dei ulempene ungdommen sin aktivitet kan føre med seg sjåast på som underordna ønsket om at dei finn glede over å utøve friluftsliv.
Eit friluftsliv som inkluderer ungdommen inneber ikkje berre at ein passivt inkluderer nye trendar i friluftslivet. Først og fremst bør det inkludere ein aktiv og kreativ innsats for å rekruttere ungdom til det miljøvennlege friluftslivet, gjerne i nye former. Det bør òg inkludere ein aktiv innsats for å styre nye trendar i miljøvennlege retningar.
5.4 Andre grupper i befolkninga
I ei undersøking om fysisk aktivitet i Nordland oppgir 30 % at dei ikkje driv fysisk aktivitet. Undersøkinga viser vidare at mange ønskjer å vere meir aktive. Mangel på tid blir oppgitt som den viktigaste grunnen til at mange er mindre aktive enn dei ønskjer (sjå fig. 3.9). Den viktigaste utfordringa knytt til den vaksne befolkninga er å aktivisere og å leggje til rette for dei som i dag er lite eller ikkje aktive. Undersøkingar tyder på at vi er inne i ei negativ utvikling med omsyn til fysisk aktivitet både for barn, ungdom og vaksne. Undersøkingar viser òg at det er monalege sosiale skilnader i helserelatert risikoåtferd. Samtidig som ein monaleg del av befolkninga er svært aktiv, blir stadig fleire i dårlegare form. I tillegg har ein utfordringar knytt til å gi betre tilbod til funksjonshemma, til ein veksande del eldre i befolkninga og fleire med annan etnisk bakgrunn i det norske samfunnet.
5.5 Å gå på tur
I ei tid der dei fleste opplever tidsklemma, blir det å gå tur i nærmiljøet, den enklaste og lettast tilgjengelege av alle friluftslivsaktivitetane, stadig viktigare. Å leggje til rette for vidareføring av turgåing, til fots og på ski, spesielt i nærmiljøet, er derfor den viktigaste utfordringa i friluftslivsarbeidet.
Frå gammalt av var fysisk slit ein del av det daglege arbeidet for folk flest, og det vi kallar mosjon var uaktuelt fordi dei fleste brukte kroppen sin heile tida. Likevel har tur- og mosjonskulturen i det moderne norske samfunnet etter alt å dømme sitt utspring i manuelt arbeid og mangel på transportmiddel i tidlegare tider. Utmarksressursane har alltid vore viktige i landet vårt. Mykje av grunnlaget for jordbrukssamfunnet sin økonomi låg her, bortanfor åker og eng. Men for at øyane, fjordane, fjella og skogen skulle kunne utnyttast, måtte ein komme seg dit ressursane var. Beina, hesten og robåten var dei naturlege framkomstmidla.
Svært mange gamle skildringar av stølsliv, jakt og fiske skriv entusiastisk om den fridomskjensla det gav å komme seg ut til skogen, på havet eller fjellet. Sjølv om nytte var det primære med slike utflukter, var gleda ved det frie livet i utmarka så absolutt til stades også hos våre forfedrar.
Boks 5.2 Kjerringsveiven – fjellmarsj berre for damer
«Vi var sju damer som våren 1999 bestemte oss for å arrangere ein fjellmarsj langs Gaustatoppen ved Rjukan. Utgangspunktet var at vi hadde lyst til å gjere noko som vi sjølve syntest var morosamt, og som andre jenter òg ville vere med på. Vi visste om ein anleggssti med fabelaktig utsikt over Rjukan og fjellviddene innover Hardangervidda som var lite kjent og brukt.»
Slik var utgangspunktet for det som raskt vart eit svært populært tiltak, med 1000 deltakarar første året og 2300 det neste. Av transportomsyn og for å ta vare på stien, natur- og kulturkvalitetane er det for 2001 sett et tak på 3000 deltakarar.
Fjellmarsjen Kjerringsveiven er berre for jenter over 12 år. I praksis er aldersspreiinga stor, men med hovudvekt på godt vaksne damer. Turen går frå Svineroi seter på sti langs foten av sjølve Gaustatoppen til Selstali seter, ei strekning på ni kilometer med topppunkt på 1264 m. o. h. Mottoet er tur, kultur og sosialt samvær. I tillegg til turen og naturen, gir Kjerringsveiven eit møte med tradisjonell seterdrift, folkemusikk og seterkost på endestasjonen Selstali seter – ei seter som framleis er i drift. Om kvelden er det kulturarrangement for deltakarane i Rjukanhuset. Kjerringtorg med sal av lokalt handverk høyrer òg med.
Den suksessen arrangementet har hatt kan forklarast med følgjande sitat frå deltakarane; «Dette er noko vi har for oss sjølve, noko som er berre vårt», og «Vi har delteke på mange løp og marsjar, men Kjerringsveiven er nok den sunnaste». Det viser seg at jenter likar å samlast, og at dei gjerne vil gå tur i fjellet utan tidspress av noko slag. Ikkje alle kjem seg opp i fjellheimen for eiga maskin, og Kjerringsveiven er kanskje det puffet som trengst.
Kjerringsveiven er no organisert som ein ideell stiftelse.
Tross bruken av utmarka i tidlegare tider vart det å «gå tur» i den tydinga vi i dag legg i omgrepet likevel «funne opp» av byfolk og utanlandske turistar. Frå starten av førre hundreåret utforska dei utmarksområda våre langt utanfor det som var bygdefolket si naturlege interessesfære. I turismen sin barndom var det stort sett berre dei velståande i byane som hadde tid og råd til å gå tur. Men etter kvart som sosiale reformer gav alle eit visst minimum av fritid, følgde stadig større grupper av nordmenn etter, og friluftsliv og turgåing vart vanleg blant folk flest.
I dag dekkjer turgåing på ein svært enkel måte eit behov for frisk luft og mosjon, og det å gå tur i nærmiljøet er den klart vanlegaste av friluftslivsaktivitetane i befolkninga med deltaking frå rundt 90 %. Fottur i skog og fjell utanom nærmiljøet har òg høg deltaking med rundt 50–60 % av befolkninga, mens litt færre, rundt 30 %, går på skitur. I tillegg vil det å gå alltid vere ein naturleg del av andre aktivitetar som t.d. bærplukking, jakt og fiske.
5.6 Soling, båtliv og bading
Nest etter å gå tur i nærmiljøet er soling og bading dei viktigaste friluftslivsaktivitetane med deltaking frå rundt 65 % (bading) til 80 % (soling) av befolkninga. Desse aktivitetane har òg halde seg stabile i deltakartal, men med svingingar i takt med sommarvêret. Dersom vi spør barn og ungdom frå 10 til 18 år om kva dei har lyst til å gjere ute, scorar soling og bading jamt høgt, med unntak for at gutar i ungdomsskulealder manglar interesse for soling. Strandfriluftslivet dankar ut spenningsaktivitetar som klatring og telemarkskjøyring hos gutar og overgår til og med ridelysta blant jenter i tenåra.
Robåten eller færingen har tradisjonelt vore ein vanleg og ofte nødvendig eigedel i hushalda langs kysten. Men blant vaksne er det no dobbelt så mange som dreg på lengre turar med motor- eller seglbåt i høve til dei som dreg på tur med båt som er driven med handkraft, dvs. kano, kajakk eller robåt. Dette gjeld også blant barn. Blant dei vaksne er det helst menn som dreg på båtturar – faktisk dobbelt så ofte som kvinnene. Blant barna er kjønnsforskjellane mindre, og 11–15-åringane er den aldersgruppa der delen båtturar er høgast – uansett båttype. Deltaking i båtliv er noko varierande, frå 11 til 44 %, alt etter om ein snakkar om ro- og padleturar eller andre former for båtliv i sjø eller i ferskvatn. Undersøkingane ein har gjort når det gjeld båtliv er òg noko varierande slik at det er vanskeleg å trekkje ut noko eksakt om korleis deltakinga har utvikla seg over tid.
Utfordringane når det gjeld soling og bading er ikkje først og fremst knytt til å vidareføre aktiviteten gjennom motivasjons- og stimuleringstiltak, men til å ta vare på strandsona særleg langs kysten, men òg langs vatn og vassdrag slik at høva til aktivitet blir haldne ved lag, jf. kap. 7.2.
Friluftslivet på eller ved sjøen er ofte meir risikofylt enn friluftsliv på land. Aktivitetar på sjø krev ein større grad av dugleik, kunnskap og aktsemd for å kunne utøvast sikkert. Ei rekkje problemstillingar i samband med friluftsbruk av sjø- og kystområde er allereie kjende, men det er grunn til å tru at fleire problem vil dukke opp i framtida ettersom stadig fleire nyttar sjøen som rekreasjonsområde. Utfordringane for båtlivet er i hovudsak knytte til auka bruk av motoriserte fritidsbåtar, nye fartøy som t.d. vasscooter og fartsavgrensing på sjø. Talet på motoriserte fritidsbåtar med stadig større motorar er etterkvart så stort, særleg langs kysten frå svenskegrensa til Hordaland, at det kan vere til sjenanse for friluftslivet elles. Ein bør derfor leggje vekt på tiltak for å stimulere til og leggje til rette for ulike former for ikkje-motorisert båtliv. Kystleiprosjektet i regi av DNT, FL og Forbundet Kysten er eit godt døme på tiltak i så måte. Arbeidet med tryggleik vil bli følgt opp i tråd med Nærings- og handelsdepartementet sin «Handlingsplan mot ulykker med fritidsbåter» som vart lagt fram våren 1999.
5.7 Sykling
I likskap med det å gå tur har sykling som friluftslivsaktivitet utgangspunkt i nytte og transport. Sykling som friluftslivsaktivitet har hatt eit kraftig oppsving dei siste åra. Det er viktig å utnytte denne trenden til også å auke bruken av sykkel til transport og nytteføremål i byane. Sykling er kanskje den aktiviteten som best illustrerer eit fleirtal av dei utfordringane friluftslivet står overfor:
Det er ein tradisjonell aktivitet som aukar
måten ein driv aktiviteten på har endra seg og er truleg framleis i endring
det er ein aktivitet som i si nye form truleg tiltalar nye grupper
det er ein aktivitet som i si nye form har eit vidare og til dels anna meiningsinnhald og andre verdiar enn aktiviteten tradisjonelt har
det er ein aktivitet der utstyret har fått langt meir å seie for identiteten og framstår som meir vesentleg for utøvarane enn tidlegare
det er ein aktivitet som i si nye form inneber potensielle konfliktar i forhold til naturgrunnlag og andre friluftslivsutøvarar.
Desse elementa inneber at det er ei rekkje utfordringar knytt til sykling. I dette biletet er det viktig at ein ikkje let utfordringane skugge for det faktum at det å sykle først og fremst er positivt. Sjølv om aktiviteten er i vekst kan stimuleringstiltak vere viktige. Med rett kombinasjon av stimuleringstiltak og regulering har sykling stort potensial som ein viktig friluftslivsaktivitet og transportalternativ i framtida, både for barn, ungdom og vaksne.
5.8 Sanking av bær og sopp
Sanking av bær og sopp har gjennom historia vore ein viktig del av ressursutnyttinga i utmarka og er ein viktig del av norsk kultur. Dei fleste stader i landet har utnytting av desse utmarksressursane vore tilgjengeleg for alle, men enkelte grunneigarar har hevda rett til utmarksressursane på eigen grunn. Dette gjeld først og fremst molteplukking i dei tre nordlegaste fylka.
Med unntak for plukking av molte i Nord-Noreg har utviklinga for sanking av bær og sopp vist ein klar nedgang i talet på personar som utøvar aktiviteten i perioden frå 1970 til 1996, men med ei utflating i nedgangen etter 1989. Frå ein topp for aktiviteten i 1974 (54 %) til 1996 (43 %) har nedgangen vore på om lag 10 %. Det er likevel grunn til å streke under at dette framleis er ein viktig aktivitet med deltaking frå meir enn 40 % av befolkninga. I forhold til ressursgrunnlaget er det òg ein aktivitet med stort potensial for auka deltaking. At det blir færre som plukkar bær har truleg nær samanheng med at auke i den materielle velstanden gjer at færre har behov for denne type matauk. Likevel er det grunn til å tru at dette ikkje er heile forklaringa. Manglande tid og motivasjon kan vere like viktige årsaker.
Plukking av bær og sopp er ønskjeleg å halde oppe, på grunn av den historiske tilknytinga til ressursutnytting i utmarka og som ein miljøvennleg aktivitet. Aktivitets- og motivasjonstiltak er i så fall naudsynte, og det er grunn til å tru at det må leggjast vekt på element som natur- og kulturopplevingar framfor matauk for å sikre at folk framleis skal finne interesse for aktivitetane. Ei satsing på hausting som del av aktivitetstiltak både for vaksne og for barn, som t.d. gjennom Friluftsrådenes Landsforbund og Friluftslivets fellesorganisasjon sitt felles barneprosjekt «Naturvettene», er døme på tiltak som regjeringa meiner bør støttast. Det er vidare grunn til å leggje vekt på den verdien plukking av bær og sopp har for å vidareføre kulturtradisjonar, og dei ernæringsvise føremonene ved bruk av desse naturressursane.
Utnyttinga av bær og sopp er i noka grad regulert. Plukking av molter i Nord-Noreg er det viktigaste dømet på slik regulering. Særleg i samisk kultur står utnytting av utmarksressursane sentralt. Samstundes er det mykje som tyder på at molteplukking heller ikkje i samisk kultur lenger er like viktig som tidlegare. Reguleringa av molteplukking i Nord-Noreg blir av mange oppfatta som urimeleg. På den bakgrunn er det grunn for å vurdere reguleringa av molteplukking. Det bør i større grad enn i dag bli tillate for alle å plukke molter, også i Nord-Noreg. Ikkje minst er dette aktuelt med bakgrunn i at molte er det bærslaget som folk i størst grad finn det attraktivt å plukke. Regjeringa vil derfor gå inn for at ein endrar denne regelen slik at allmenta i større grad får høve til å plukke molte i Nord-Noreg. Regelendringa kan t.d. innebere at alle får høve til å plukke inntil eit visst tal kilo molter per dag, jf. «bag limit» på rypejakt. Regelverket må utformast slik at dei som framleis har molteplukking som ein vesentleg del av næringsinntekta si ikkje blir skadelidande. Dette kan t.d. innebere at det kan gjerast unntak frå den generelle regelen i særskilde område.
5.9 Fritidsfiske
Omgrepet fritidsfiske omfattar alt fiske som er motivert ut frå rekreasjon uavhengig av kva slag reiskap som blir nytta. Ved fritidsfiske er, til forskjell frå næringsfiske, føremålet normalt ikkje omsetning av fangsten. Fiskeressursane er rike og varierte, og gir grunnlag for eit breitt spekter av fisketilbod. Fritidsfiske og fiskeressursane representerer allereie i dag store biologiske, kulturelle, økonomiske og rekreasjonsvise verdiar, og har eit stort potensial for vidare utvikling. Fritidsfisket har blitt stadig viktigare for rekreasjon dei siste tiåra. Opplevingar, avkopling, utvikling av dugleik og ei sterkare spesialisering i ulike former for sportsfiske har blitt viktigare, mens hausting av fisk for å dekkje matbehov har komme meir i bakgrunnen.
5.9.1 Status og trendar
Deltakinga i fritidsfiske har, med unntak for laksefiske, vore relativt stabil i tidsrommet 1970 – 1996. Omkring halvparten av den vaksne befolkninga fiskar kvart år. Det er likevel store regionale skilnader i fiskedeltaking og fiskevanar. Folk busette i nord og i utkantstrøk fiskar meir enn folk busette i sør, i byområde og i hovudstadsområdet spesielt. Dei geografiske skilnadene kjem delvis av ulikskap i tilgjengelege ressursar, fiskemetodar og kultur. Deltakinga blant yngre har vist ein målbar nedgang frå 1970 til 1996. Denne tendensen var lik for både byar, tettbygd strøk og strøk med meir spreidd folkesetnad. Etter 1996 er det ikkje gjennomført landsomfattande undersøkingar. Utviklinga i innbetaling av fiskaravgift tyder likevel på at deltakinga i innlandsfiske generelt er på same nivå som i 1996.
Boks 5.3 Fiskeskular og fiskeklubben. NJFF sine tilbod til barn
Fiskeskular og fiskeklubben er dei viktigaste tiltaka innanfor Norges Jeger- og fiskerforbund (NJFF) si satsing for å stimulere til auka deltaking i fritidsfiske for barn.
Fiskeskular er NJFF sitt tilbod til dei minste barna, opp til 6–7 år. Fiskeskular har utvikla seg som eit tilbod i dei aller fleste fylke, anten som eit tilbod frå NJFF sine fylkeslag eller lokalforeiningar. Barna får låne enkelt fiskeutstyr og får grunnleggjande opplæring i fiske. Fiskeskulane er gjerne dagsarrangement og lagt til lokalitetar der det t. d. gjennom foring av fisk er lagt til rette for at deltakarane skal få fisk.
Fiskeklubben vart i 1999 etablert som ein klubb for ivrige sportsfiskarar mellom 7–15 år. Fiskeklubben er driven av NJFF, men har eige medlemsskap uavhengig av NJFF. Fiskeklubben har eige medlemsblad som kjem ut fire gonger i året, maskoten «Fisko» og diverse «fiskeklubbeffektar». Lokalt blir medlemmene inviterte på fisketurar og diverse arrangement av NJFF sine lokalforeiningar og fylkeslag. Etter to års drift har Fiskeklubben omlag 3000 medlemmer og er rekna som ein stor suksess. Gjennom Fiskeklubben blir medlemmene introduserte for sitt lokale sportsfiskemiljø, og får høve til å utvikle sine interesser og evner i dette miljøet. Vidare framover vil fiskeklubben òg utvikle samarbeid med 4H (gjennom prosjektet «fiskestell for barn») og DNT (Barnas Turlag).
Deltakinga i laksefiske har derimot vist eit dramatisk fall. Dette kan best illustrerast gjennom utviklinga i innbetaling av fiskaravgift, som vart omtrent halvert frå 1989 (143 000) til 1997 (75 000). Årsaka til denne tilbakegangen er i hovudsak den negative bestandsutviklinga i perioden og innstrammingane i fiskereguleringar, jf. NOU 1999: 9 «Til laks åt alle kan ingen gjera?» og St.meld. nr. 8 (1999–2000) «Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand». På 1970-talet starta fisket i vassdraga ofte rundt 1. mai, mens hovudregelen no er 15. juni. Stadig fleire tidlegare svært gode og kjente lakseelvar som Lærdalselva, Vosso, Stryneelva m fl kan ikkje haustast pga. lakseparasitten Gyrodactylus salaris , forsuring og vassdragsregulering. I tillegg er det innført ei rekkje avgrensingar når det gjeld reiskap, avgrensingar i tal stenger, fredingssoner m.v.
Tidsmangel og andre sosiale hinder blir oppgitt som årsak til at folk ikkje fiskar så mykje som dei ønskjer. Kostnader vart i ei landsomfattande undersøking i 1994 oppgitt som eit viktig hinder av om lag 10 % av dei som var interesserte i å fiske. Nedgangen i fiskedeltakinga har skjedd i same periode som det er lagt ned ein monaleg innsats for å betre tilgjenget, m.a. gjennom betre organisering av fleire og større fiskekortområde og tilretteleggingstiltak, jf. innlandsfiskeprosjektet, driftsplanprosjektet, kalking, og innføring av ordninga med at barn har rett til gratis fiske etter innlandsfisk. Fisketilbodet er stort, men t.d. for innlandsfiske generelt sett einsarta og lite utvikla. Det synest derfor som om fisketilboda er dårleg tilpassa ønske og behov. Enkelte stader kan eit mangelfullt tilbod om fiske eller vanskar med å skaffe seg oversikt over fisketilbod vere noko av årsaka til låg deltaking i fritidsfiske.
Utviklinga av prisnivået for fiskekort er ikkje undersøkt på ein representativ og landsdekkjande måte. Det er likevel grunn til å tru at prisnivået framleis er relativt lågt til moderat, og at prisane på fiskekort ikkje er ei vesentleg årsak til at folk blir hindra i å fiske. For innlandsfiske er det generelt liten differanse i pris også mellom kvalitativt svært ulike tilbod.
Det er allereie i dag knytt monaleg verdiskaping til fritidsfiske. Potensialet for auka næringsutvikling og lokal verdiskaping er i dag størst innan sportsfiske og fisketurisme. I tillegg er det fokusert på næringsfiske etter innlandsfisk som ei nisjenæring i landbruket. Det finst i dag ingen fullgod dokumentasjon på verdiskapinga basert på fiskeressursane. Basert på ei undersøking av laksefisket i Trondheimsfjorden som vart utført i 1999 er samfunnsøkonomisk verdi av lakseressursane rekna til om lag 10 mrd. kroner. Også for innlandsfiske gir fritidsfiske den største avkastninga og positive ringverknader for lokalsamfunnet. Inntektene av fiskekort for innlandsfiske vart i 1995 stipulerte til 40 mill. kroner, og ringverknadene er om lag 10–20 gonger høgare. I tillegg blir det hausta monalege kvanta saltvassfisk. Dette fisket har òg mykje å seie for turisme og reiseliv og gir store ringverknader i mange lokalsamfunn.
5.9.2 Satsing på fritidsfiske
I åra etter den førre friluftslivsmeldinga har hovudmål for forvaltninga vore å betre tilgjenget til fiske og å halde på eit lågt prisnivå på fiskekort. Dette er gjort gjennom tiltak som:
Organisere grunneigarlag, samordne fiskekortområde og sal av fiskekort
Fremje fiskeinteresser gjennom ulike planverktøy som t.d. fisketiltaksplanar, kommuneplanar og driftsplanar
Fysisk tilrettelegging, informasjon, vegleiing og opplæring om fritidsfiske, spesielt mot urbant miljø, mot barn og unge og funksjonshemma
Ta vare på og utvikle fiskeressursane mellom anna gjennom kalking og andre tiltak
Denne satsinga har i stor grad skjedd i samband med prosjekta «Innlandsfiskeprogrammet» (1991–95) og «Lokal forvaltning av de utnyttbare vilt og fiskeressursene» (1996–99). Målet for «Innlandsfiskeprogrammet» har vore å styrkje og effektivisere fiskeforvaltninga for å sikre eit betre vern og stimulere til ei betre utnytting av fiskeressursane. Arbeidet er gjort i nært samarbeid mellom offentleg forvaltning og organisasjonar for rettshavarar og brukarar. Frå 1996 er dette samarbeidet vidareført i «Samarbeidsrådet for innlandsfisk». I prosjektet «Lokal forvaltning av de utnyttbare vilt- og fiskeressursene» er det lagt eit grunnlag for ei lokal, driftsplanbasert forvaltning av vilt- og fiskeressursane. Driftsplankonseptet skal medverke til å utvikle varierte jakt- og fisketilbod og til auke lokal verdiskaping basert på vilt- og fiskeressursane innanfor rammene av ei berekraftig ressursforvaltning.
I denne perioden er det òg arbeidd med å tilpasse fiskaravgifta til ein ny situasjon . I tillegg til årsavgift for enkeltpersonar finst det no vekeskort og familiekort. Skular og institusjonar får dispensasjon frå å betale fiskaravgift når fiske inngår i undervisnings- og behandlingsopplegg. Det er òg arbeidd med å betre barn og unge sin tilgang til fritidsfiske. I 1993 vart det vedteke at barn og unge under 16 år skal vere fritekne frå å betale fiskekort ved innlandsfiske.
Kalkinga på 80- og 90-talet har medverka til monaleg betre fisketilhøve spesielt i Sør-Noreg. På slutten av 1970-talet var fisken borte frå store område på Sør- og Sørvest-landet på grunn av forsuring. Dette ramma både innlands- og laksefisket. I dei store elvane på Sørlandet var det t.d. ikkje laks igjen etter 1970. Kalkinga har redda og resultert i reetablering av innlandsfiskebestandar i omkring 2000 lokalitetar og laks og sjøaure er i ferd med å komme tilbake til om lag 20 vassdrag.
Kalkinga har også ført til organisering av mange fiskeforeiningar og grunneigarlag, der sal av fiskekort er ei viktig arbeidsoppgåve. I samband med kalking av store laksevassdrag blir det stilt krav om at grunneigarane skal organisere seg og at det blir utarbeidd driftsplan. Det blir òg stilt krav om at allmenta skal få betre tilgang til fiske enn før kalking, og at minimum 50 % av fisket i vassdraget skal vere tilgjengeleg for allmenta.
Tiltak for å avgrense og hindre andre former for ureining av vatn og sjøområde er også vesentleg som grunnlag for eit attraktivt fritidsfiske. Dei internasjonale avtalane om redusert utslepp av langtransportert luftureining viser no resultat. Frå 1985 og til i dag er område i Noreg der naturen sine tolegrenser for forsuring er overskridne, blitt reduserte med meir enn 30 %. Overvakingsresultat frå 1999 indikerer forbetringar i bestandane av aure i nokre regionar i Sørvest-Noreg og Nord-Noreg. Også rekruttering av aure i gytebekkar viser ei positiv utvikling i fleire regionar.
Kommunane sitt arbeid med fastsetjing av miljømål for vassførekomstane, kloakksanering og utsleppskontroll m.m. er også viktig i arbeidet med å redusere vassforureining. For friluftslivet generelt, og for fiske spesielt er det viktig at innsats med sikte på å betre vasskvaliteten både i ferskvatn og i sjøen blir vidareført på fleire plan.
5.9.3 Utfordringar
Ei av dei viktigaste utfordringane framover vil bli å sikre rekruttering og framleis høg deltaking i fritidsfiske. Målretta rekruttering og stimulering til aktivitet er spesielt viktig blant barn og unge. I dette arbeidet bør ein hente erfaringar frå t.d. idrettsrørsla, der ein har tilbod som inkluderer fleire aktivitetar. Det er grunn til å utvikle samarbeidet mellom ulike frivillige organisasjonar, t.d. for å kunne gi tilbod om skigåing og isfiske, fotballturnering og fiske o.l. Opplegg som NJFF si satsing på «Fiskeklubben» er òg døme på eit positivt tiltak som bør vidareførast som eit landsdekkjande og kontinuerleg aktivitetstilbod.
Vidare er rekruttering og høg deltaking i fritidsfiske avhengig av at det blir utvikla fisketilbod som er attraktive for ulike målgrupper, og tilboda må i langt større grad enn før tilpassast ulike målgrupper sine ønske og behov. Dette bør skje ut frå ei erkjenning av at gjennomsnittsfiskaren ikkje eksisterer, og at det er hard konkurranse om befolkninga si merksemd og fritid. Ei meir målretta utvikling av fisketilboda vil samtidig vere ein av dei viktigaste føresetnadene for å kunne vidareutvikle fiske som næring.
Eit viktig tiltak i utviklinga av eit differensiert tilbod er å fjerne fiskaravgifta for sportsfiske etter innlandsfisk. I motsetnad til for saltvassfiske som er gratis for alle, kan fiskaravgifta fungere som ein barriere for aktivt sportsfiske etter innlandsfisk. Dersom ein fjernar denne avgifta blir fiske etter innlandsfisk eit lettare tilgjengeleg og rimeleg tilbod. Det har stor verdi m.a. for dei som ønskjer å prøve fiske for første gong og for dei som berre ønskjer å fiske nokre få gonger i løpet av ein sesong. Regjeringa vil derfor gå inn for at fiskaravgifta for sportsfiske etter innlandsfisk blir fjerna. Konsekvensane av dette vil ein komme attende til i samanheng med statsbudsjettet.
Erfaringane frå ordninga med fritt fiske for ungdom under 16 år er utelukkande positive, og regjeringa vil derfor gå inn for å utvide dette tilbodet slik at det blir fritak for ungdom t.o.m. 17 år. Regjeringa vil òg gå inn for å betre høvet til fiske ved å løyse inn særrettar som enkelte har i visse statsallmenningar i Sør-Noreg.
Parallelt med dette må innsatsen rettast inn mot å betre ressursgrunnlaget i tråd med behovet for å kunne tilby kvalitativt ulike fisketilbod. I ein situasjon der for lite uttak fører til for mykje og småfallen fisk i mange innlandsfiskeområde kan det t.d. setjast i verk utfiskingstiltak og kombinasjonar av nærings- og sportsfiske. Tilbod om garnfiske og utleige av garn kan vere ei nyttig utviding av fisketilbodet i mange innsjøar. Når det gjeld fiske etter anadrom laksefisk må innsatsen aukast mot det omfattande og samansette trusselbiletet. Forvaltninga av villaksen vil bli styrkt i samsvar med forslaga i St.meld. nr. 8 og nr. 33 (1999–2000) «Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand» og tilleggsmelding til denne.
I offentleg forvaltning må samarbeidet mellom miljø- og landbruksstyresmakter styrkjast ytterlegare. I samarbeid må statlege styresmakter skape lokalt handlingsrom for det praktiske arbeidet med å fremje ei utvikling basert på nasjonale målsetjingar. Styresmaktene må framleis òg ha eit hovudansvar for å skaffe fram det nødvendige kunnskapsgrunnlaget, under dette betre kunnskap om marknad og etterspørsel. Kommunane har eit viktig ansvar i å ta vare på areal og biotopar for fiskeressursane og utøvinga av fisket, og å samordne innsatsen lokalt. Dette må gjerast gjennom kommunale planprosessar, der ein kan dra nytte av å integrere driftsplanar.
Styresmaktene vil leggje til grunn at rettshavarar og deira organisasjonar må stå for størstedelen av den praktiske fiskeforvaltninga lokalt, for skjøtsel og tilrettelegging, og utvikling av varierte fisketilbod i samarbeid med fiske- og friluftsinteressene og kommunane. Brukarar og deira organisasjonar bør ha hovudansvaret for rekruttering, stimulering og det aktivitetsretta arbeidet. Dei skal òg vere allmenta sitt talerør og medverke til at allmenta sine interesser blir tekne vare på i alle ledd i forvaltninga. I utviklinga av fisketilbodet og arbeidet med å auke lokal verdiskapning basert på fiskeressursane skal det satsast vidare på driftsplankonseptet som verkemiddel, jf. boks 5.4 som også fell inn under arbeidet med Lokal Agenda 21. Det er til no registrert over 300 driftsplanar, der vel halvparten gjeld laksevassdrag. Mange lokale aktørar har teke del i arbeidet, som tek opp både dei biologiske tilhøva, økonomi, næring og rekreasjon.
5.10 Jakt og fangst
Jakt og fangst handlar om alle former for hausting av vilt med skytevåpen eller feller. Sjølv om kjøtmengdene som blir hausta har eit vesentleg omfang og såleis representerer relativt store økonomiske verdiar, har i dag dei fleste utøvarane av jakt og fangst primært rekreasjon som motiv for aktivitetane. Utøving av jakt og fangst er regulert i viltlova (Lov 29. mai 1981 nr. 38 om viltet).
Boks 5.4 Driftsplanlegging og lokal forvaltning av vilt- og fiskeressursar
Forvaltninga av vilt og fisk er i endring, og dei siste åra har ei omlegging til lokal vilt- og fiskeforvaltning vore del av ei større og generell utvikling i retning av auka lokalt ansvar og sjølvstyre på ei rekkje område. Dette var òg hovudintensjonen med MIK-reforma som vart innført på slutten av 1980-talet. I etterkant er oppgåver og ansvar i den offentlege vilt- og fiskeforvaltninga overførte til kommunane. Meir lokal forvaltning og auka ansvar til kommunane og rettshavarane er vidare nedfelt i den nye lakse- og innlandsfiskelova av 1992. Vedtekter om organisering og driftsplanlegging er nedfelt i lova sin § 25, som i stor grad er utforma etter ønskje frå dei organisasjonane som representerer rettshavarane.
I 1996 ga Stortinget miljøforvaltninga i oppdrag å styrkje den lokale vilt- og fiskeforvaltninga i regi av kommunane og rettshavarane. Dette skulle skje ved å utvikle ei forvaltning basert på driftsplanar utarbeidde av rettshavarane i samarbeid med kommunar og brukarar. I tillegg til at driftsplanane skulle gi rettshavarane større ansvar for utnyttinga av vilt- og fiskeressursane skulle dei også medverke til klarare rolle- og ansvarsdeling mellom det offentlege og den private delen av vilt- og fiskeforvaltninga.
På bakgrunn av dette vart det nasjonale prosjektet «Driftsplanlegging og lokal forvaltning av de utnyttbare vilt- og fiskeressursene» gjennomført i perioden 1996–99. Arbeidet vart organisert i fire delprosessar; storvilt, småvilt, anadrom laksefisk og innlandsfisk. Prosjektet vart gjennomført i samarbeid mellom miljø- og landbruksstyresmaktene, rettshavar- og brukarorganisasjonane og andre sentrale aktørar. I løpet av prosjektperioden er det for vilt registrert omkring 650 driftsplanar (ikkje alle er fullstendige driftsplanar*). Elgplanar utgjer brorparten. For fisk er det utarbeidd nesten 300 fullstendige driftsplanar, der vassdrag for anadrom laksefisk utgjer litt over halvparten.
Arbeidet er under oppfølging i offentleg forvaltning og organisasjonar, og organisasjonane for rettshavarane har organisert sitt arbeid gjennom eit nytt prosjekt for ein periode på tre år. Hovudmålsetjinga med omlegginga er at innan
år 2006 skal den praktiske forvaltninga av vilt- og fiskeressursane så langt det er føremålstenleg utøvast lokalt.
Organisering og driftsplanar
Oppdelte eigedomsforhold er bakgrunnen for at det er nødvendig at rettshavarane organiserer seg i utmarkslag eller elveeigarlag. Eit forpliktande samarbeid om forvaltninga i eit større område vil vanlegvis vere ein føresetnad for at vilt- og fiskeressursane kan forvaltast og brukast på ein fornuftig måte, og under dette gjerast lett tilgjengelege for friluftsliv og rekreasjon. Eit fellesorgan må kunne fatte vedtak som gjeld for rettshavarar i heile det aktuelle området.
Den lokale forvaltninga av vilt- og fiskeressursane skal der det er føremålstenleg mellom anna skje gjennom utarbeiding av driftsplanar. Driftsplanar skal ut frå ei beskriving av situasjonen føreskrive tiltak for å fremje og utnytte vilt- og fiskeressursane til næring og rekreasjon. Slik utgjer driftsplanane eit sentralt element i ei heilskapleg, lokal ressursforvaltning. Gjennom driftsplanane får rettshavarane òg fremja synspunkt i samband med anna samfunnsplanlegging slik som kommuneplanar, og gir signal til andre interesser om mål, prioriteringar og tiltak for dei enkelte vilt- og fiskeområde. Driftsplanen er eit grunnlag for å gi rettshavarar større handlefridom i ressursutnyttinga. Dersom behovet for regulering blir dekt gjennom private jakt- og fiskereglar som t.d. er utarbeidde i samband med driftsplanlegging, kan offentlege forskrifter i langt større grad bli rammegivande, eller falle heilt bort.
* Ein fullstendig driftsplan bør innehalde følgjande delplanar:
Biologisk delplan (tiltak som skal bevare eller betre vilt- eller fiskeressursane i driftsplanområdet)
Delplan for næring og rekreasjon (utnytting, tilrettelegging, sal og marknadsføring)
Økonomisk delplan (lagsdrift, inntening, utbytte, kostnader ved tiltaka og finansieringsplan).
5.10.1 Status og trendar
Ved inngangen til det nye tusenåret var det registrert om lag 335 000 jegerar i Jegerregisteret, noko som svarer til omkring 10 % av den vaksne delen av befolkninga. Den alt største delen av desse driv berre med jakt, mens inntil 10 000 personar òg driv med fangst av vilt. Mange jegerar driv jakt på fleire viltarter, sjølv om småviltjakt og elgjakt er dei vanlegaste formene for jakt i Noreg: meir enn halvparten jaktar på småvilt, mens om lag ein tredel driv elgjakt.
Tidlegare var utøving av jakt og fangst ein tradisjon som vart ført vidare frå far til son, og kvinner var i lita eller inga grad involvert i slik verksemd. Som ei følgje av at ein aukande del av befolkninga lever i og nær byområde, har dette tradisjonelle mønsteret i stor grad vorte brote. I 1986 vart det innført ei obligatorisk praktisk opplæring for førstegongsjegerar (Jegerprøva), det vil seie alle som ikkje kunne godtgjere at dei hadde løyst jegeravgift eller vilttrygdavgift i tidlegare år. Eitt av føremåla med jegeropplæringa er nettopp å kompensere for at den tradisjonelle kunnskapsoverføringa mellom generasjonane var i ferd med å falle bort. Eit anna hovudføremål er å leggje til rette for at alle nye jegerar får ei god ballast i form av sikker våpenhandtering, god jaktmoral og sunne haldningar kring dei etiske aspekt ved jakt og fangst. Etter at Jegerprøva vart innført har innslaget av jenter og kvinner blant dei som jaktar auka.
Naudsynte restriksjonar og jakttider som er tilpassa viltmengda, skal syte for at vi haustar av livskraftige viltbestandar, og ein god jaktstatistikk skal medverke til at styresmaktene forvaltar viltet i samsvar med viltlova sin føremålsparagraf. Hausting av vilt gjennom jakt og fangst er såleis ein viktig del av det norske friluftslivet, og skal ikkje vere eit trugsmål mot eit mangfaldig dyreliv.
5.10.2 Satsing på jakt og fangst
Utøving av jakt og fangst genererer til dels store økonomiske verdiar, som kjem i tillegg til gevinstar når det gjeld opplevingar, matauk og helse. Dette gjer at jakt og fangst i stor grad utgjer fellesinteresser for fleire grupper; grunneigarar, frivillige organisasjonar, kommunar, miljøstyresmakter og dei enkelte utøvarane. Samvirket mellom dei ulike interessene har variert ein del utover landet, men det har vorte gjennomført tiltak som har lagt til rette for allmenta si utøving av jakt og fangst:
Organisering av grunneigarlag
Samordning av jaktområde (privat og offentleg grunn)
Felles sal av jaktkort for større, offentleg eigde område (Nord-Noreg-kortet)
Driftsplanlegging
Satsinga dei seinaste åra har delvis skjedd i samband med prosjektet «Lokal forvaltning av dei utnyttbare vilt- og fiskeressursane (1996–99)». (Sjå tekstboks nr. 5.4) I privat regi har det også vore satsa på betre tilrettelegging, ved at mindre eigedomar har blitt administrerte saman for å få til eit felles sal av jaktkort.
Miljøstyresmaktene tek sikte på at driftsplanprosjektet kan gi eit lyft for fleire fullstendige driftsplanar for jakt etter storvilt og småvilt. Rettleiarar for korleis driftsplanar for småvilt- og storviltjakt kan lagast vil bli utvikla i samarbeid mellom miljøstyresmaktene og dei mest aktuelle grunneigar- og interesseorganisasjonane.
Det er derfor positivt at grunneigarane har sett i gang eit omfattande treårig prosjekt «Næringsutvikling og driftsplanlegging i utmark» som vil gå i perioden 2001–2003. Dette arbeidet er venta å gi resultat til beste både for friluftsliv, jakt og fiske. Samtidig vil meir aktiv bruk av utmarksressursane ha verdi som næringsaktivitet i distrikta. Ein er også kjent med at Norges Skogeierforbund er innstilt på å medverke i rekruttering og tilrettelegging for førstegongsjegerar.
5.10.3 Utfordringar
Dei største utfordringane knytt til jakt og fangst er å sikre ei mest mogleg human og etisk forsvarleg utøving av jakt og fangst, leggje til rette for at allmenta har tilstrekkeleg tilgang til jakt og fangst, og at det beste i norsk jakt- og fangsttradisjon blir ført vidare til kommande generasjonar. Då jakt, fangst og fiske ikkje lenger er ein nødvendig føresetnad for å overleve er det rom for å stille langt strengare etiske krav til utøvinga av slike aktivitetar. Sjølv om human jakt er eit sentralt omgrep i viltlova, er ikkje dette aleine ein garanti for at den enkelte utøvaren rettar seg etter det. Det synest som at human jakt som omgrep er betre forankra i tenkjemåten til storviltjegerar enn hos småviltjegerar. Det er grunn til å tru at jegeropplæring gjennom Jegerprøva vil medverke sterkt til å gi jegerane i framtida sunne haldningar og betre jaktmoral. Haldningar, jaktmoral og etikk er derfor eit hovudtema i den reviderte Jegerprøva.
Viltlova legg eineretten til jakt og fangst til grunneigaren. I område der staten har eigedoms- og jaktrett (om lag ein tredel av det totale landarealet) er jakt og fangst av småvilt tilgjengeleg for allmenta mot løysing av jaktkort. For storvilt skjer tildelinga etter lutdraging eller gjennom fleirårige kontraktar. Jakt på storvilt er ein avgrensa ressurs i høve til etterspurnaden. Såleis kunne langt større areal ha vore opna for ordinært jaktkortsal, spesielt på private eigedomar. Ansvaret for ein betre tilgang for allmenta til jakt og fangst kviler følgjeleg mykje på dei private som har jaktrett. Miljøstyresmaktene vil i framtida halde fram med og intensivere dialogen og samarbeidet med private grunneigarar. Oppgåvefordelinga er at miljøstyresmaktene har hovudansvaret for å sikre ei trygg og etisk forsvarleg jaktutøving gjennom jegeropplæring og haldningsskapande arbeid, mens grunneigarinteressene har ansvaret for å leggje til rette for at allmenta har god tilgang på område for jakt og fangst gjennom til dømes driftsplanlegging.
Når det gjeld tilgangen på område som er lagt til rette for jakt, synest det å råde to samtidige, innbyrdes motstridande trendar. På den eine sida har det dei siste tiåra vorte meir vanleg å leige ut jaktområde for eksklusiv småviltjakt eller rådyrjakt til eit fåtal jegerar. På den andre sida har fleire eigarar av mindre eigedomar slått seg saman og samarbeider om kortsal, slik at større, samanhengande jaktområde blir tilgjengeleg for folk flest. Enkelte stader har lokale jeger- og fiskarlag inngått avtaler med grunneigarar og administrert eit ope sal av jaktkort. Dette har òg medverka til at allmenta fleire stader har fått større tilgang på jakt.
Den største utfordringa vi står overfor kan likevel vere å føre vidare det beste frå norsk jakt- og fangsttradisjon. Tradisjonsberarane vil etter kvart forsvinne, dersom ei opa utveksling av røynsler frå dei eldre generasjonane til dei yngre tek slutt. Jegerprøva aleine er ingen garanti for at tradisjonelle måtar for jakt og fangst blir haldne i hevd. Særleg utsette er tradisjonelle fangstmetodar, sidan relativt få brukar desse aktivt. Dei fleste fangstmetodane krev at utøvaren har mykje og samla tid, noko mange menneske ikkje har, og fangstreiskap krev oppfølging i form av regelbunde ettersyn.
For å sikre rekrutteringa til jakt og fangst er det viktig å fengje og ta vare på interessa til jenter og kvinner. Ein studie frå tidleg på 1990-talet viste at i utgangspunktet kunne ein nær på like stor del av yngre jenter som jamaldrande gutar tenkje seg å jakte eller fiske. Men stimuleringa av interessa deira frå foreldra og venene si side var svært forskjellig, med den følgje at mesteparten av jentene følgde det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret og dyrka meir vanlege jentesyslar som til dømes riding. Likeins var det få gutar som begynte med riding, til trass for at mange av dei faktisk ønskte å gjere dette. Skal ein klare å bryte ned myten om jakt og fangst som barske, maskuline aktivitetar som er lite eigna for jenter og kvinner, krev det eit aktivt haldningsskapande arbeid.
5.11 Allmenta sitt tilbod om jakt og fiske og bruk av utmark til næring
Både skog, fjell, kyst og hei har gjennom historia vore arena for ulike former for hausting og næringsverksemd. Slik er det i dag òg, med utnytting av utmarka mellom anna i samband med skogbruk, husdyrbeite, turisme, reindrift, fiske og jakt. Det er ei rad utfordringar knytt til bruken av utmarka og særleg til å gi plass for aktivitetar utan at dei er til ulempe for kvarandre og for natur- og kulturgrunnlaget. Av dei store utfordringane for friluftslivet generelt og for jakt og fiske spesielt synest å vere utviklinga innanfor reiselivet og landbruket der det i større grad blir lagt vekt på kommersielle tilbod knytt til utnytting av utmarka.
Jakt og fiske inngår ikkje i allemannsretten. Allmenta sin tilgang til jakt og fiske avheng av at grunneigar ønskjer å gi tilgang til det, og det til ein kostnad som er overkommeleg for folk flest. Som følgje av at utviklinga i landbruket legg større vekt på inntening frå utmarka, ser ein tendensar til at jakt- og fisketilbod blir dyrare og meir eksklusive og at dei blir kombinerte med pakkeløysingar der ein betalar for både opphald, mat og guiding i tillegg til sjølve jakta eller fisket. Utfordringa blir å finne løysingar der ein innanfor landbruket får høve til å utvikle slike tilbod, men utan at det går ut over allmenta sin tilgang til ressursane. Det er all grunn til å tru at dersom ein løyser utfordringane på rette måten, vil det i framtida kunne vere plass til eit variert tilbod i alle prisklassar, der dei langt fleste som i dag berre betalar for fiske/jaktkort, men der det samstundes er eit tilbod til dei som ønskjer eit tilrettelagt opplegg der alt er inkludert. Ein kan òg tenkje seg at mange vil vere interesserte i mellomløysingar mellom desse ytterpunkta.
Detaljar rundt korleis ein skal løyse desse utfordringane vil vere naturleg å ta opp i samband med utarbeiding av lokale driftsplanar. Alle grunneigarar som har jakt- og fiskeressursar som kan utnyttast må utarbeide slike planar. Ved utarbeiding av slike planar bør det leggjast hovudvekt på at både jakt og særleg fiske blir utvikla til lett tilgjengelege, rimelege og enkle tilbod for folk flest. Dette er sentralt for at flest mogleg skal få høve til å drive denne forma for friluftsliv. Dernest må ein søkje å utvikle tilrettelagde tilbod som er varierte og attraktive og kan gi inntekter til dei aktuelle grunneigarane utan at det er til vesentleg ulempe for naturen eller andre brukarar av naturen. I utviklinga av jakt- og fisketilboda bør ein òg vurdere om det er grunn til å rette auka fokus på t.d. natur- og kulturopplevingane og den fysiske aktiviteten framfor sjølve handlinga og matauken. Ein bør vurdere om ei slik tilnærming i sterkare grad kan gjere jakt og fiske til positive arenaer for rekruttering til friluftsliv, verke samlande på ulike friluftslivskulturar i by og land og stimulere næringsretta verksemd i lokalsamfunna.
Truleg vil dei fleste utfordringane kunne løysast gjennom driftsplanprosessar. Dersom dette ikkje skulle gå, t.d. ved at prisane blir urimeleg høge, vil regjeringa gi Direktoratet for naturforvaltning heimel til å fastsetje rammeprisar for dei ulike jakt- og fisketilboda, også på privat grunn. Ei slik heimel må nyttast med stor varsemd når jakt og fiske inngår i kombinasjon med overnatting, guiding og andre typar tenester. Det er behov for å følgje utviklinga nøye og eventuelt utgreie dette nærare dersom det viser seg naudsynt.
5.12 Andre friluftslivsaktivitetar
Endringane i friluftslivet er m.a. knytte til dei elementa som er omtala i kap. 5.7. I tillegg er det eit sentralt trekk at friluftslivet blir stadig meir mangfaldig med innslag av nye aktivitetar. I mange tilfelle vil det òg vere glidande overgangar mellom nye aktivitetar og nye måtar å drive gamle aktivitetar på. Friluftslivet femnar òg om fleire aktivitetar som ikkje er nye, men som ikkje er nemnde over, t.d. riding og skøyteløp utanfor tilrettelagde anlegg. Særleg dei seinaste åra har dei klimatiske forholda med kulde men samstundes lite snø igjen gjort skøyteløp til ein viktig vinteraktivitet.
Boks 5.5 «Seek and find» – Friluftsliv for ungdom i Langhus
«Seek and find» – leit og finn – er eigentleg ei avansert form for gøymsle – men det er ein godt bevart løyndom. Aktiviteten går føre seg om natta ute i eit avgrensa skogsområde. Deltakarane melder seg på lagvis i grupper på 4–10 personar. Laget opprettar ein base/leir i skogen, der eit kort med kodeord blir oppbevart lett synleg for andre. Spelet går ut på å finne flest mogeleg av basane og kodane til andre lag, utan å røpe eigen gøymestad.
Tiltaket vart gjennomført for første gang i Langhus i 2000, men i nabokommunen Oppegård har spelet vore gjennomført i fleire år. Denne type aktivitet har òg vore mykje brukt av militæret i samband med øvingar. I det første arrangementet i Langhus valte ein å avgrense tilbodet til ein ungdomsskule med ca. 350 elevar, men responsen var upåklageleg. I alt deltok 125 ungdommar fordelte på 23 lag, dei fleste frå 8. og 9. klasse. Arrangementet var tydeleg attraktivt for all type ungdom, både dei med utprega sans for uteliv og dei som drog til skogs med meir urban erfaring.
Tiltaket var eit samarbeid mellom fleire ulike etatar, der fritidsklubb, skule og kyrkje utgjorde hovudarrangøren. I tillegg deltok 25 frivillige foreldre som utgjorde vaktstyrken. Dei var delte opp i lag som hadde ansvar for kvart sitt område. Tiltaket vart svært vellukka, og utan uhell av noko slag. Og dagen etter var det ikkje det minste grann søppel i skogen – søppelsekken hadde fungert!
Fleire av dei nye aktivitetane har fått store oppslag i media, som t.d. basehopping, juving og rafting, men dei utgjer ein liten del av den totale friluftslivsaktiviteten. Fleire av desse aktivitetane har likevel eit spenningselement som gjer dei verdifulle for enkelte grupper, jf. kap. 4.3.
Rett kombinasjon av stimuleringstiltak, styring og regulering er i eit nøtteskal utfordringa knytt til desse nye aktivitetane. Det er ikkje nødvendigvis slik at desse aktivitetane berre skal avgrensast og styrast, snarare tvert imot. Så godt som alle aktivitetar ein kan beskrive som friluftsliv, har overvekt av positive element med omsyn til berekraft, helse og livskvalitet. Med kreativ innsats kan ein utnytte potensialet som ligg i at eit stort mangfald av aktivitetstilbod kan nå mange, og medverke til å styrkje friluftslivet sin plass som fritidsaktivitet for befolkninga.
5.13 Regjeringa vil
styrkje friluftslivet med særleg vekt på å motverke negative utviklingstrekk knytte til barn og ungdom
sjå til at rikspolitiske retningslinjer for barn og unge blir tekne på alvor
starte ein debatt om behovet for minstekrav til storleik og kvalitet på uteareal ved skular og barnehagar
gjennomføre tiltak for å motverke dei tendensar ein ser til utvikling av eit sosialt skilje i befolkninga med omsyn til å drive friluftsliv og å vere fysisk aktiv
prioritere å leggje til rette for turgåing i nærmiljøet som den lettast tilgjengelege og vanlegaste friluftslivsaktiviteten
betre høva til soling, båtliv og bading gjennom tiltak for å ta vare på strandsona langs kysten og langs vatn og vassdrag
medverke til å vidareføre kystleiprosjektet i regi av FL, DNT og Forbundet Kysten
sjå nærare på om spelemidlane i auka grad kan nyttast til tilrettelegging langs kystleia
av omsyn til friluftslivet langs kysten sjå nærare på regelverket for bruken av motoriserte fritidsfartøy
kombinere stimuleringstiltak og regulering med sikte på å halde oppe og vidareutvikle sykling som viktig friluftslivsaktivitet og transportalternativ
vidareføre og støtte stimuleringstiltak der hausting av naturressursane inngår
gjennomgå føresegna om molteplukking i Nord-Noreg med sikte på å gjere molteplukking lettare tilgjengeleg for folk flest
gjere sportsfiske etter innlandsfisk lettare tilgjengeleg og rimelegare ved å fjerne fiskaravgifta
utvide høve til gratis fiske for barn og ungdom slik at det gjeld t.o.m. 17 år
betre høvet til fiske ved å løyse inn særrettar som enkelte har i visse statsallmenningar i Sør-Noreg
følgje opp krav om at brukarsida, representert ved lokale jeger- og fiskarforeiningar, skal delta i prosessen med driftsplanarbeidet der rettshavarane får offentleg støtte til arbeidet
utarbeide eit nasjonalt handlingsprogram for fritidsfiske med hovudvekt på informasjon og stimulering
vidareutvikle jakt- og fisketilbodet til allmenta i hovudsak gjennom driftsplanprosessar
vurdere å gi Direktoratet for naturforvaltning heimel til å fastsetje rammeprisar for jakt og fiske på privat grunn
stimulere til, styre og leggje til rette for eit mangfaldig friluftsliv.