St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

8 Motivasjon og stimulering

8.1 Innleiing

Informasjon, opplæring og vegleiing står saman med ulike former for aktivitetstiltak og tilrettelegging sentralt i arbeidet for å motivere til auka deltaking i eit enkelt, miljøvennleg, helse- og trivselsfremjande friluftsliv. I dette arbeidet er dei frivillige organisasjonane og dei interkommunale friluftsråda heilt sentrale. Offentlege sektorar som helse og utdanning er òg sentrale, og deira ansvar i dette arbeidet må reflekterast i dei sektorvise miljøhandlingsplanane. For å få folk ut i naturen trengst det brei innsats, som må omfatte miljølære og uteaktivitet i barnehagar og skular, målretta informasjon, opplæring, vegleiing og aktivitet i regi av friluftslivsorganisasjonar, friluftsråd og private aktørar. Det er viktig å utnytte dei høva informasjonssamfunnet gir til å nå ut til breie grupper raskt og med strukturert og tematisert informasjon. I arbeidet med å nå ungdommen er Internett ei stor utfordring for friluftslivet – både som barriere, men òg som «appetittvekkjar». Friluftsliv er tradisjonelt ein aktivitet for heile familien, og det er stor grunn til å leggje vekt på familiar som målgruppe for dei ulike tiltaka. Der det er naturleg bør samanhengar mellom friluftsliv, kulturhistorie og primærnæringane si tradisjonelle utnytting av naturgrunnlaget framhevast. Som ein naturleg del av stimuleringsarbeidet må ein leggje vekt på å øve opp kunnskap, evner og dugleik som trengst for å ferdast trygt i naturen, t.d. vurdering av vêr- og føreforhold, tur etter evne, behov for eigna utrustning og bruk av kart og kompass.

Boks 8.1 «Ut er In»

Ut er In er eit samarbeidsprosjekt mellom Salten Friluftsråd, Statens Utdanningskontor i Nordland, Nordland fylkeskommune og Fylkesmannen i Nordland i perioden 1998 – 2001.

Målet er å stimulere til meir og betre uteaktivitet i barnehagar, skulefritidsordningar og grunnskular i Nordland fylke. Fokus blir retta både mot pedagogisk kompetanse og fysiske anlegg.

Målgruppa er primært pedagogisk personell og pedagogisk leiing.

Tiltak:

  • arrangere kurs på regionalt nivå

  • vegleie enkeltinstitusjonar

  • kartleggje, systematisere og synleggjere kunnskap og erfaringar

  • utarbeide metodisk materiell

  • stimulere til mediefokus.

Hovudinnsatsen blir retta mot lokalt og regionalt nivå. Nettverket til Statens Utdanningskon-

tor, dei regionale kontora for kompetanseutvikling (RKK), vil utgjere viktige bindeledd mellom prosjektleiinga og dei enkelte institusjonane. Prosjektet sitt lokale engasjement er meint å stimulere kommunale styresmakter.

Det treårige prosjektet har ei økonomisk ramme på vel 2 millionar kroner. Nordland Fylkeskommune og Kulturdepartementet går inn med knapt ein million kroner. Statens Utdanningskontor medverkar med vel 300 000 kroner, og Salten Friluftsråd sin innsats er verdsett til om lag ein halv million kroner. Det er tilsett eigen prosjektleiar i full stilling. I tillegg deltek dagleg leiar i Salten Friluftsråd med totalt 1 årsverk. Prosjektet er planlagt evaluert av Nordlandsforsking hausten 2001.

Alle teikningane som utgjer bakgrunnen for figurane i denne stortingsmeldinga, er frå dette prosjektet.

«Friluftslivets år» i 1993 og «Naturvernåret» i 1995 medverka til å synleggjere friluftslivet. Likevel trengst det framleis ei brei folkeleg mobilisering for friluftsliv. I eit samfunn der friluftslivet får sterkare og sterkare konkurranse frå andre aktivitetar, må det jamleg fokuserast på verdien av friluftslivet. Eit nytt «Friluftslivets år» vil vere eit viktig bidrag i så måte. Regjeringa vil derfor foreslå eit nytt «Friluftslivets år» i 2005 og at ein i framtida set friluftslivet på dagsordenen med eit friluftslivet sitt år kvart tiande år. Landskonferansar er òg eit viktig tiltak for å setje friluftsliv på dagsordenen, og dei bør derfor vidareførast.

8.2 Barn i natur

Delar av befolkninga er i dag meir eller mindre framandgjort i forhold til naturen. Fleire barn og vaksne manglar erfaring, evner og kunnskap, og dette hindrar dei i å drive friluftsliv. For barna blir ein heilt sentral arena for sosialisering til friluftsliv borte når foreldra ikkje lenger tek dei med ut i naturen. Formidling og stimulering til friluftsliv blir òg ei utfordring overfor grupper av anna etnisk opphav som er framande for desse tradisjonane.

Dersom friluftslivet skal haldast i hevd og stå sentralt som ein norsk kulturtradisjon, trengst det ei sterk satsing på å stimulere til friluftsliv. Utan ein aktiv politikk på området, er det fare for at utviklinga i Noreg, slik ein allereie ser teikn til, vil følgje mønsteret frå andre vestlege land med stadig mindre fysisk aktivitet og auka framandgjering i forhold til natur, jf. kap. 4 og 5.1. Dersom ein skal klare å snu denne trenden trengst det ei satsing på foreldra si rolle og på friluftsliv som familieaktivitet, men òg på å stimulere til friluftsliv i barnehage, skule og organisasjonar. Det er òg viktig å få til samarbeid mellom lokale organisasjonar, skule- og barnehagesektoren og helsetenestene.

8.2.1 La friluftslivet gå i arv

Friluftslivet har lange tradisjonar som familieaktivitet. Både foreldre og besteforeldre har spelt ei viktig rolle for å lære barn og unge friluftsliv, men òg for å gi dei høve til å utforske naturen på eiga hand. Undersøkingar viser òg at samvære med familie og venner framleis er ein viktig del av friluftslivet. Samstundes er det ikkje lenger sjølvsagt at barn blir stimulerte til å drive friluftsliv av foreldra sine. Det kan i mange tilfelle vere naudsynt å stimulere foreldre for å oppnå stimulering frå foreldre. Mellom anna bustadmønsteret gjer at besteforeldre i mange høve ikkje spelar ei sentral rolle i barna sitt liv. Det er derfor grunn til å vurdere korleis denne gruppa av fleire og til dels sprekare pensjonistar kan delta i arbeidet med å stimulere til friluftsliv, både i høve til eigne barnebarn og i andre samanhengar.

Oppslutninga om tiltak som mellom anna Barnas Turlag i regi av DNT, viser at sosialt innretta og organiserte friluftstilbod til heile familien er populære. Det er grunn til å leggje auka vekt på slike tiltak, både fordi dei dekkjer eit behov og fordi dei gir barn og foreldre kunnskap og evner som gjer at dei seinare kan ta ut i naturen på eiga hand.

Boks 8.2 Naturvettene

Naturvettene er eit friluftstiltak for barn i alderen 3 til 13 år som vart lansert av Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) og Friluftsrådenes Landsforbund (FL) som eit ledd i markering av Naturvernåret 1995. Hovudideen er at barna skal velje eit naturområde som «sitt» område som dei utforskar og leiker i. Det er utarbeidd materiell for tre ulike tema;

  • allemannsrett og biologisk mangfald

  • kulturminne og bruk av områdeti tidlegare tider

  • hausting.

Barna får eit hefte med litt stoff om temaet og plass til å teikne eller skrive i, mens det er vegleiarhefte til den vaksne leiaren. Opplegget føreset at det blir brukt av grupper av barn som oppsøkjer området minst 4 gonger årleg. Aktivitets- og oppdagarglede er viktige stikkord for Naturvettene.

Ved utgangen av år 2000 var totalt 94.700 barn påmelde til Naturvettene. I hovudsak er det barnehagar og skular som brukar opplegget, men skulefritidsordningar og friluftsorganisasjonar er òg aktive brukarar. Oppslutninga var desidert størst i naturvernåret 1995 med over 50.000 påmelde. Dei siste åra har det vore vel 5.000 deltakarar årleg. Det er klart flest deltakarar på det første temaet som vart lansert i naturvernåret; biologisk mangfald og allemannsretten, ca 70.000.

Naturvettene kom samtidig med stor interesse for auka uteaktivitet i barnehagar og skular og fekk monaleg drahjelp av naturvernåret. Responsen har vore stor og illustrerer at barnehagar og skular har lite midlar til uteaktiviteten sin. Tilbakemeldingane frå brukarane har i hovudsak vore positive. Naturvettene fungerer som ein enkel introduksjon til friluftsaktivitet i skule og barnehage, og i mange barnehagar og skular har ein gått vidare med utvikling av eigne opplegg. Mange nyttar òg hovudideen med å velje eit område som basis for uteaktiviteten utan at dei kjøper materiellet til Naturvettene.

Både det offentlege og organisasjonane bør leggje vekt på informasjon om og opplæring i friluftsliv der ein set foreldre og familie i sentrum. Informasjon og opplæring til dei vaksne må ta sikte på å utvikle praktisk kunnskap og evner. Opplæringa må òg fokusere på verdien av friluftsliv generelt og verdien av at barn og unge får høve til å ferdast i naturen.

Organisasjonane er heilt sentrale i dette arbeidet. Dei må gjennom tilskotsordningar og på anna vis stimulerast til og få høve til å setje i verk tiltak retta mot familiar og mot allmenta i det heile. Dette er eit felt med stort potensial for å sikre ei berekraftig utvikling og for auka helse og livskvalitet i befolkninga. Både Miljøverndepartementet sitt budsjett og Kulturdepartementet sine spelemidlar til aktivitetstiltak i regi av friluftslivsorganisasjonane er viktige ressursar i stimuleringsarbeidet. (jf. kap. 10.3.2). Desse midlane bør særleg nyttast til tiltak retta mot familiar og uorganiserte, men òg til tiltak retta mot ungdom, under dette til marknadsføring av tiltaka.

Samstundes er det grunn for det offentlege på alle nivå og i alle relevante sektorar til å prioritere informasjon om og stimulering til friluftsliv for allmenta i større grad enn ein gjer i dag. Forutan innanfor miljøforvaltninga, bør det satsast sterkare på stimulering til friluftsliv innan Sosial- og helsedepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kyrkje-, undervisnings- og forskingsdepartementet sine område. Ved utarbeiding av miljøhandlingsplanar for dei ulike departementa bør friluftsliv og den verdien det har for livskvalitet vere eit sentralt tema. Konkret kan det t.d. vere grunn til å fokusere på den rolla kommunehelsetenesta, under dette m.a. helsestasjonen, har, og på høve til å vidareutvikle denne. Som den som først kjem i kontakt med dei som skal bli foreldre, spelar helsestasjonen ei sentral rolle med omsyn til å gi kunnskap om kva som er viktige verdiar for barna. Den verdien friluftslivet har for livskvaliteten og for helsa og utviklinga til barna, bør inngå i den informasjonen helsestasjonen gir til foreldra.

8.2.2 Friluftsliv i skule og barnehage

Barn og unge lever ein stor del av livet i barnehage, skule og skulefritidsordningar. Mengd og kvalitet på friluftsliv i barnehagar og skular betyr derfor mykje for å gi barn og unge erfaringar og opplevingar med og evner i friluftsliv. Dette er i hovudsak eit ansvar for kommunane og dei aktuelle sektorane, men friluftslivsorganisasjonane kan òg medverke i dette arbeidet. For at ein på best mogleg vis skal kunne dra nytte av organisasjonane sin kapasitet og kompetanse, bør det etablerast eit «Forum for friluftsliv i skulen» der frivillige organisasjonar, skulen, barnehagane og SFO er representerte, for å vidareutvikle samarbeidet mellom skular, barnehagar og friluftslivsorganisasjonane.

8.2.2.1 Friluftsliv i skulen

Rammer for friluftsliv i grunnskulen følgjer av læreplanverket for den 10-årige grunnskulen (L 97). Gjennom dei overordna måla som gjeld for alle faga legg L 97 gode rammer for friluftslivet. Eit mål er å skape det miljømedvitne menneske og det heiter mellom anna at «opplæringen må fremme glede over fysisk aktivitet og naturens storhet, over å leve i et vakkert land, over landskapets linjer og årstidenes veksling». Det går fram at ein skal leggje vekt på samanhengen mellom naturoppleving og naturforståing og at opplæringa må gi brei kunnskap om samanhengane i naturen og om samspelet mellom menneske og natur. Undervisninga skal gjere sitt til at elevane trivst med fysisk aktivitet og friluftsliv, og medverke til at dei tek vare på kroppen og utviklar gode helsevanar.

Som eige fag er friluftslivet ein del av kroppsøvingsfaget, og her heiter det mellom anna: «Opplæringa skal fremje glede over fysisk aktivitet og over det storslåtte i naturen og dessutan fremje omsorg for dei utsette delane av naturen.»

Dei overordna rammene gir m.a.o. eit godt grunnlag for friluftsliv i skulen. Når ein kjem til den praktiske gjennomføringa er det straks større utfordringar. Mange skular har ikkje eigna naturområde nær skulen og har samstundes ikkje økonomi til å ta ungane med på turar. Mangel på kunnskap, evner og motivasjon hjå lærarane til å drive friluftsliv og mangel på opplegg for korleis ulike typar undervisning kan gjennomførast ute, kan òg vere eit hinder.

Studiemodellen for allmennlærarutdanninga frå hausten 1998, legg opp til at studentane skal velje 5 vekttal praktiske fag det 3. studieåret. Dei kan då velje mellom heimkunnskap eller kroppsøving. Rammeplanen for dette kroppsøvingsfaget nemner fire målområde, der idrett, dans og friluftsliv utgjer eitt av desse. Røynsle frå fleire av dei pedagogiske høgskulane tilseier at omtrent halvparten vel kroppsøving. Friluftsliv inngår òg som ein viktig komponent i eit 10 eller 20 vekttal studium i kroppsøving som mange allmennlærarstudentar vel 4. studieåret. Naturgledeperspektivet gjennom praktisk feltarbeid kjem dessutan inn gjennom det obligatoriske studiet i natur, samfunn og miljø. I faglærarutdanning i kroppsøving er friluftsliv ein komponent som det er lagt vekt på. KUF sin miljøhandlingsplan gjer m.a. nærare greie for dei høva utdanningssystemet gir innanfor faget friluftsliv.

Boks 8.3 Frå skulegardsørkenenog opp i trea

Tiltaket er ein ferieklubb for skulefritidsordningane i regi av Oslo og Omland Friluftsråd. Den tradisjonelle skulegarden er fattig på fysisk og biologisk mangfald og appellerer lite til barna sitt behov for fysisk aktivitet og fantasi. Sjølv skulegardar i landlege omgivnader er planerte ut og asfalterte. Men skogen byr på allsidig aktivitet, undring, felles opplevingar og stimulering av fantasien.

For andre året på rad arrangerer Oslo og Omland Friluftsråd ferieklubb for skulefritidsordningane i sommar- og haustferiane. Pågangen er enorm, men dessverre er det mangel på ressursar for å kunne inkludere alle som ønskjer det. Med indianarane som tema, lærer barna å bruke kniv, lagar fiskestenger og dreg på fisketur, lagar pil og boge og dreg på jakt, lagar maten på bål og «bur» i indianartelt (lavvo). Heime igjen dreg dei med auka kunnskap om friluftsliv, eit indianarhjarte som vernar om naturen og veit å gjere seg nytte av den og med felles opplevingar dei kan snakke om lenge etter at ferien er over. Dei aktive har fått ut energien og dei som søkjer kunnskap har lært noko nytt. Naturen har noko for alle sin smak.

Det må vere eit mål å utvikle vegleiingsmateriell og utdanningsopplegg som hjelper lærarar både til å drive friluftsliv som aktivitet i skulen og til å utnytte naturen som arena for anna undervisning. Det er viktig at lærarutdanninga legg til rette for arbeid med friluftsliv, m.a. gjennom tverrfagleg prosjektarbeid.

På kort sikt er etterutdanning og praktiske råd om uteundervisning dei viktigaste tiltaka. Etterutdanning slik det skjer i prosjektet «Ut er In» i Nordland er eit godt døme på tiltak som det er grunn til å gjennomføre også i andre fylke. For at råd om uteundervisning skal ha stor effekt er det vesentleg at dei blir kopla direkte til krava i læreplanen for dei enkelte faga slik det m.a. er gjort i «Ideperm. Læring i friluft» frå Friluftsrådenes Landsforbund.

Mange skular har anten på eiga hand eller gjennom ulike prosjekt gjort mykje bra. Erfaringar frå desse bør spreiast til skular som ikkje er komne like langt.

For at skulane skal kunne nytte dei naturområda som finst er det viktig at kommunane tek vare på slike naturområde, sikrar samanhengar mellom naturområda og skulane og legg til rette med t.d. stigar, etablering av bålplassar o.l. der det måtte vere naudsynt. God tilgang til naturområde må vere eit vesentleg kriterium ved plassering av nye skular. Det bør òg leggjast vesentleg vekt på at elevane har høve til å gå eller sykle til og frå skulen.

8.2.2.2 Leirskular og naturskular

Basert på dei gode tilhøva leirskulane gir for å lære gjennom erfaring og forståing hadde førre stortingsmelding om friluftsliv ei målsetjing om å auke tilbodet om leirskuleopphald frå eitt til to opphald i løpet av grunnskulen. Denne målsetjinga er ikkje nådd. Framleis får ein del elevar ikkje tilbod om opphald på leirskule i det heile, og for dei som får slikt tilbod må som oftast foreldra betale ein del av eller heile kostnaden. Leirskulane representerer framleis eit svært godt tilbod og eit verdifullt supplement til den daglege undervisninga. Sjølv om ein betrar forholda og får meir undervisning i naturen i det daglege, vil leirskulane alltid representere eit verdifullt supplement mellom anna ved at dei gir høve til å oppleve ny og ukjend natur, andre aktivitetar og ofte med lengre økter utandørs enn i skulane sitt nærområde. Med bakgrunn i samfunnsutviklinga, er det i dag endå større grunn til å leggje vekt på undervisning i naturen og på den verdien leirskulane representerer. Det bør vere eit mål at alle elevar får tilbod om to leirskuleopphald i løpet av tida i grunnskulen og eitt opphald i løpet av tida i vidaregåande.

Det bør òg leggjast vekt på å vidareutvikle tilbod med naturskular som kan vere eit ressurssenter i den daglege undervisninga. I byar og tettbygd strøk der mange skular har lite natur i nærmiljøa sine, kan naturskulen gi gode høve til naturopplevingar ved at elevane kan dra på kortare turar. I andre område treng ikkje naturskulen vere ein bestemt stad. Ein eller fleire ressurspersonar kan hjelpe lærarane med å leggje til rette for bruk av naturen i eige nærmiljø. Det bør utviklast slike tilbod, i første omgang i nokre utvalde kommunar.

På same vis som ein har kommunale kultur- og musikkskular bør det òg vurderast å utvikle fritidstilbod knytt til kommunale naturskular. Kommunale naturskular kan t.d. opprettast ved å vidareutvikle dei eksisterande kultur- og musikkskulane slik at dei både kan ha tilbod om assistanse til lærarar i den daglege undervisninga og friluftslivsaktivitetar som eit fritidstilbod til barn og unge. Naturskular kan òg utviklast i regi av friluftslivsorganisasjonane. Eit forsøk med utvikling av naturskular bør inkludere utprøving av ulike modellar.

8.2.2.3 Skulefritidsordninga

Den tida barn i småskulen tidlegare leikte ute etter skuletid, går no for mange med til skulefritidsordninga der mykje aktivitet skjer inne. Fleire av dei frivillige organisasjonane samarbeider med skulefritidsordningar om opplegg i naturen, og det bør leggjast til rette for å utvikle fleire slike tilbod. Ein må sjå nærare på om tilskotsordningane medverkar til at friluftsorganisasjonar som vil gi tilbod om friluftsliv til skulefritidsordningar får midlar til å gjere det. Samstundes må ein sikre at skulefritidsordningane, på same vis som skulane og barnehagane, har arealtilhøve og kvalifiserte tilsette som gjer det mogleg å ta med ungane ut i naturen. Det bør vere eit mål at aktivitet i skulefritidsordninga i stor grad går føre seg ute.

Boks 8.4 Naturen som lærebok

Dette er eit prosjekt i utvikling og på vandring i regi av Oslo og Omland Friluftsråd

Målet med prosjektet «Naturen som lærebok» er meir og betre uteaktivitet i grunnskulen. Prosjektet vart først gjennomført i Bærum kommune i 1996–98, og det var Bærum kommune som sjølv tok initiativet til prosjektet. Med miniseminar på kvar enkelt barneskule, etablering av to naturskular, opne seminar og klassevegleiing, vart det sett fokus på undervisning ute og potensialet i nærmiljøa. 24 barneskular og 4 ungdomsskular deltok, noko som svarar til miniseminar for omtrent 5–600 lærarar. På dei opne seminara deltok i tillegg 68 lærarar og på klassevegleiingane omtrent 330 elevar.

Med erfaringane i ryggsekken vandra prosjektet vidare til nabokommunen Asker i 1999. I mellomtida hadde den nye læreplanen (L-97) og 6-årsreforma komme i grunnskolen, og Askerskulane var fullt i gang med uteundervisninga i nærmiljøet. Med samme mål vart metodane endra; fokus vart sett på progresjon i uteskulearbeidet. Med utgangspunkt i L-97 vart det utarbeidd ein ideperm for natur- og miljøfag, kunst og handverk og kroppsøving for 1.–7. klasse med aktivitetar tilpassa nærmiljøa. Gjennom seminar i nærmiljøa rundt skulane vart innhaldet i permen presentert og godt motteke.

Fleire ønskte progresjon i uteskulearbeidet og i 2000 gjer prosjektet ein stopp i Furuset bydel i Oslo. Sjølv med Marka som næraste nabo, er ikkje alle skulane så heldige at dei kan velgje og vrake i grøne nærmiljø. Men mange har nokre tre og busker, ein park, eit lite bekkefar eller ein knaus i nærleiken. Med idepermen som utgangspunkt blir det viktigaste å sjå høva i dei nærmiljøa som er der, slik at uteskule kan blir ein del av det daglege arbeidet ved skulane.

Gjennom eit samarbeid mellom Oslo og Omland Friluftsråd, Salten Friluftsråd, Nord-Rogaland og Sunnhordland Friluftsråd og Oslofjordens Friluftsråd og med støtte frå Direktoratet for naturforvaltning blir idepermen utvida til seks fag (matematikk, samfunnsfag og heimkunnskap i tillegg til ei utvida utgåve av dei tidlegare nemnde faga) og temaorientert undervisning. Med meir enn 250 idear til utaktivitet etter progresjonen i L-97 legg prosjektet ut på ny vandring, og det står att å sjå kor det stansar neste gong. I juli år 2000 vart den ferdige permen «Læring i friluft» gitt ut i regi av Friluftsrådenes Landsforbund

Dersom ein etablerer kommunale naturskular kan dei nyttast som ein ressurs også for skulefritidsordninga.

8.2.2.4 Friluftsliv i barnehagen

Mange barnehagar har tradisjonelt brukt uteområde og natur aktivt, men dette har vorte meir sett i system gjennom Rammeplan for barnehagen (BFD 1995), som saman med barnehagelova er det sentrale styringsverktøyet for barnehagane. Her er «Natur, miljø og teknikk« eitt av fem fagområde som barnehagane skal arbeide med. I bolken Natur og friluftsliv slår planen fast at «erfaringer og opplevelser knyttet til friluftsaktiviteter året rundt må inkluderes i årsplanene for alle alderstrinn. Friluftsliv og naturopplevelser i førskolealder er viktige både for barnas totalutvikling og med tanke på å fremme kunnskap og holdninger til natur og miljø».

Boks 8.5 BaseCamp – eit attraktivt tilbod til ungdom

Den Norske Turistforeining har det siste året hatt ein auke i talet på ungdomsmedlemmer (15–25 år). Auken på 1300 medlemmer utgjer 11.5 %, og står i sterk kontrast til den jamne nedgangen i ungdomsdelen i foreininga tidlegare år. Satsing på opne tilbod kombinert med styrkt samarbeid mellom fjellsport- og ungdomsmiljøet er truleg hovudgrunnlaget for framgangen. På BaseCamp som er DNT si nye og store ungdomssatsing, er desse to satsingsområda eit hovudinnhald.

BaseCamp er ein teltleir for ungdom mellom 16 og 20 år, og har som hovudmål å gjere ungdom i Noreg betre kjent med fjellsport som friluftslivsaktivitet. Kjerneaktivitetar som klatring, brevandring og vassaktivitetar står i fokus. I tillegg er fridom og ansvar prioritert. Ungdommane må sjølve ta ansvar og forme sin eigen dag. BaseCamp er ein open leir der det ikkje krevst medlemskap i DNT for å delta. BaseCamp er arrangert to år i sentral regi. Frå sommaren 2001 vil fleire av DNT sine medlemsforeiningar arrangere denne ungdomsleiren. Dette vil auke talet på deltakarplassar og gi leiren større lokal forankring.

BaseCamp synest å ha eit stort rekrutteringspotensial. DNT meiner derfor det er eit viktig tiltak for å stimulere ungdom til å oppdage og ferdast i naturen. DNT meiner dei opplevingane deltakarane har gjennom friluftslivet, vil skape tilhøyring og glede og eit ønske om å ta vare på naturen. Derfor har BaseCamp ein viktig funksjon som kvalitetstilbod for ungdom i Noreg.

I følgje barnehagelova skal alle barnehagar vanlegvis ha eige uteområde direkte i tilknyting til lokala, og alle barnehagar bør ha uteaktivitetar som ein integrert del av verksemda. For dei fleste barnehagar er det i tillegg nødvendig å ta barna med til område i nærmiljøet for at dei skal få opplevingar og erfaringar frå naturen og omgivnadene.

På same vis som for skulane bør kommunane ta vare på og leggje til rette gode uteområde ved barnehagane, der ein vernar om dei naturlege kvalitetane i området. Nye barnehagar bør leggjast på tomter med variert natur og i tilknyting til naturområde. I St.meld. nr. 27 (1999–2000) «Barnehage til beste for barn og foreldre» blir kommunane i arbeidet med full barnehagedekning oppmoda til å ta i bruk eksisterande bygningar der omgivnadene kan sikre gode uteområde i tilknyting til lokala.

I likskap med lærarutdanninga er førskulelærarutdanninga sentral for å sikre studentane sin kompetanse i å leggje til rette for aktivitet i naturen i barnehagane. Kunnskap om og erfaring med friluftsliv inngår i dei obligatoriske faga naturfag med miljølære og fysisk fostring. Uteliv, fysisk fostring og naturfag med miljølære kan òg takast som fordjuping eller vidareutdanning.

Ein har i dag lite kunnskap om uteområda i og ved barnehagane. Ei undersøking i ein bydel i Bergen avslørte at naturområde for barn blir nedbygde og at uteområda i barnehagane er lite tilfredsstillande når det gjeld storleik og naturkvalitetar. Etter alt å dømme er dette tendensar ein vil finne att i heile landet. Ei landsomfattande undersøking bør gjennomførast og liggje til grunn for ein nasjonal plan for å betre tilhøva slik at ein på sikt kan gi alle barn i alle barnehagar høve til dagleg leik i naturen.

Det er grunn til å satse på naturbarnehagar både som eit steg på vegen mot ei slik ideell målsetjing, men òg som eit verdifullt tilskot til ordinære barnehagar. Med si særskilde røynsle på dette feltet kan dei vere ein ressurs for andre barnehagar. Regjeringa vil leggje opp til ei endring av barnehagelova slik at det i barnehagar der uteleik er sentralt, ikkje er naudsynt å oppfylle krava i barnehagelova til utforming av lokale osb.

8.3 Korleis gjere friluftsliv attraktivt for ungdom?

Mange unge har i dag lite tilknyting til naturen og til friluftsliv. Gatekjøkken, kafear og stillesitjande inneaktivitetar som data, tv og video blir av svært mange sett på som langt meir attraktive. Samstundes er ungdom oppteken av fart og spennande aktivitetar.

Manglande erfaring med friluftsliv blant ungdom kan både gjere det lettare og vanskelegare å utvikle det enkle, miljøvennlege friluftslivet til spennande tilbod. Det skal truleg mindre til for at ungdom i dag vil oppleve friluftsliv som spennande. Utan erfaring vil t.d. det å vade ei relativt beskjeden elv vere spennande, men mykje vil avhenge av korleis aktivitetane blir presenterte. Når ungdom ikkje lenger kjenner friluftslivet set det større krav til marknadsføringa. Den største utfordringa ligg truleg i å presentere aktivitetane på ein slik måte at dei framstår som attraktive og sosiale. Vektlegging av det sosiale er viktig fordi samhald og sosiale relasjonar er sentrale verdiar i ungdomstida. Dei aller fleste former for friluftsliv gir gode høve til sosialt liv.

Ein bør i første rekkje utvikle og marknadsføre tilbod basert på det miljøvennlege friluftslivet som sjølvstendige tilbod eller i kombinasjon med aktivitetar som t.d. brevandring, fjellklatring, terrengsykling, rafting og andre meir spennande og krevjande aktivitetar.

Dette er først og fremst ei utfordring for organisasjonane. Fleire frivillige organisasjonar arbeider godt med tilbod til ungdom, men forholda kan leggjast endå betre til rette. Det kan òg vere behov for å tenkje nytt om samarbeid mellom anna ved at ein i større grad samarbeider på tvers av «faggrenser» t.d. ved samarbeid mellom musikkorpset og den lokale speidargruppa, mellom fotballklubben og jakt- og fiskelaget osb.

Mange barn og unge er aktive i idrettslag, men fråfallet er stort frå 12–13-årsalderen og fram til dei seine tenåra. Denne aldersgruppa finn seg ikkje like godt til rette innan idretten. På dette alderstrinnet er det viktig å bevare og utvikle alternative aktiviseringsarenaer og møteplassar for spenning og fysisk aktivitet i kombinasjon med sosialt liv. Etter mønster frå allidrettsopplegg for barn, er det òg grunn til å vurdere tilbod til ungdom der ein kombinerer fleire aktivitetar. Som det er slått fast også i idrettsmeldinga, er det ikkje minst viktig å gi ungdom høve til sjølv å medverke. Dei må m.a. få høve til å gi uttrykk for kva slag aktivitetar dei ønskjer å drive med og kva som skal til for at dei ønskjer å drive friluftsliv. Både barn og ungdom har behov for å kunne organisere aktivitet sjølv, og friluftsliv er godt eigna for eigenorganisert aktivitet.

Samstundes er det grunn til å leggje større vekt på tilbod til dei yngste. All erfaring seier at dei som har drive mykje friluftsliv som barn vil ta dette opp igjen som vaksne etter ein ungdomsperiode der dei har drive med heilt andre ting. Skulane bør ta eit ansvar for å gjere friluftsliv attraktivt for ungdom, først og fremst ved å vere kreative i forhold til korleis ein presenterer det miljøvennlege friluftslivet, men òg ved at ein i noko grad tek i bruk spennande aktivitetar. Eit forsøksprosjekt med kommunale naturskular bør inkludere skular som får eit særleg ansvar for å leggje til rette friluftslivsaktivitetar for elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule. For å leggje best mogleg til rette for å ei slik satsing må ein vurdere å auke talet på kroppsøvingstimar. Talet på kroppsøvingstimar er i dag lågt både i grunnskulen og i vidaregåande skule.

Boks 8.6 Tilrettelegging av friluftsområde i Kristiansand

Baneheia er det viktigaste sentrumsnære frilufts- og rekreasjonsområdet i Kristiansand. Området er kupert og ligg bratt opp frå sentrum i byen. Det er knytt sterke tradisjonar til utforminga av området. Det var derfor ei rekkje utfordringar i forhold til å gjere området betre tilgjengeleg for funksjonshemma. Hovudproblemet var å ta vare på omsynet til rørslehemma med eit minimum av fysiske inngrep.

I planprosessen var både Parkvesenet og Ingeniørvesenet involvert. Det kommunale rådet for funksjonshemma tok vare på brukarsynspunkta. Det vart konstatert at tilkomsten frå bysida vanskeleg kunne betrast. Her var stigninga for bratt. Ein betre tilkomst med parkeringsplassar for funksjonshemma vart derfor etablert frå baksida av området. Eksisterande gangvegnett vart brukt der dette var mogeleg, og alternative vegar vart berre laga der dette var naudsynt. Det vart valt å bruke naturlege møteplassar slik at vegbreidda i hovudsak kunne haldast slik den hadde vore. Den tradisjonelle grusen viste seg å gi fast overflate og vart derfor brukt.

Nokre stader var terrenget svært kupert og monalege inngrep ved å skyte ut fjell syntest uunngåelege. Ved å bruke flytebryggjer og utvide sandstrender kunne ein unngå store, irreversible fysiske inngrep og imøtekomme behovet for betre og varierte badeplassar. Fleire behov vart kopla saman i ei løysing. Kristiansand kommune ser på resultatet som vellykka. Fleire befolkningsgrupper nyttar no friluftsområdet og det utbetra vegnettet avgrensar slitasjen i området.

8.4 Friluftsliv for alle

Til tross for at friluftslivet har stor verdi for befolkninga sin livskvalitet gjer faktorar som motivasjon, økonomi, avstand og tilgjenge til attraktive areal, manglande kunnskap om verdien av friluftsliv, tid til rådvelde m.m. at friluftsliv likevel ikkje er ein aktivitet som blir driven av alle grupper i befolkninga. Det er derfor ei utfordring å gjere friluftsliv til ei viktigare kjelde til livskvalitet for fleire, og det vil variere kva for faktorar som er viktige. Innsatsen må derfor rettast spesifikt mot den enkelte målgruppe ut frå kva som er deira hinder og motiv for å utøve friluftsliv. Forutan barn og unge er dette m.a. funksjonshemma, innvandrarar, eldre, og dei som i dag er inaktive.

På bakgrunn av dei trendar ein ser i utviklinga (jf. kap. 5.4), er det spesielt viktig å få den delen av befolkninga som i dag er fysisk inaktiv til å drive meir friluftsliv i kvardagen. Ein bør gå i dialog med desse gruppene, kartleggje årsaker til at dei ikkje driv friluftsliv og planleggje ulike motivasjonstiltak på bakgrunn av dette. Ein bør m.a. vidareutvikle samarbeidet mellom helsesektoren, innvandrarane sine organisasjonar, funksjonshemma sine organisasjonar, idretten og friluftslivsorganisasjonane, med siktemål å aktivisere dei inaktive.

Funksjonshemma krev særskild merksemd både når det gjeld fysisk tilrettelegging òg med omsyn til aktivitetstiltak tilpassa ulike grupper av funksjonshemma. Det er truleg potensial for å betre tilbodet både når det gjeld tilrettelegging og aktivitetstilbod. Eit slikt betra tilbod bør kunne utviklast i samarbeid mellom funksjonshemma sine organisasjonar, friluftslivs- og naturvernorganisasjonane og det offentlege. Regjeringa vil derfor leggje til rette for utvida samarbeid med sikte på å betre funksjonshemma sine høve til å utøve friluftsliv. Lokalt har ein allereie eit godt samarbeid mange stader som bør vidareutviklast. På nasjonalt plan vil det bli etablert eit samarbeid i samband med kåring av «Årets friluftslivsområde» i 2001. Dette samarbeidet bør òg kunne vidareførast og vidareutviklast utover arbeidet med kåringa.

Samstundes vil regjeringa peike på at det nødvendigvis må vere ein forskjell i kva som er mogleg for funksjonshemma i forhold til andre. Det bør t.d. ikkje bli slik at funksjonshemma kan køyre snøscooter overalt der andre kan gå på ski. Dette er naudsynt m.a. for å kunne ta vare på urørt natur og høvet til å oppleve fred og ro. Prinsippet om å ta omsyn til natur, kultur og andre brukarar av naturen bør sjølvsagt òg gjelde for all anna form for tilrettelegging for friluftsliv. Det er viktig å vere kritisk til og å avgrense omfanget av fysisk tilrettelegging og motorisert ferdsel. Dette gjelder særleg for dei som enkelt kan ta seg fram i naturen på eiga hand, men vil òg gjelde funksjonshemma sin bruk av motoriserte hjelpemiddel.

Konsekvensen er at ein bør søkje eit best mogleg tilbod utan at det er til skade for natur- og kulturmiljø eller til ulempe for andre friluftslivsutøvarar eller grunneigarar. Eit framtidig friluftstilbod til funksjonshemma bør omfatte fleire element, og ein bør sjå til at dette inkluderer alle grupper funksjonshemma.

På same vis som barn treng òg eldre og funksjonshemma attraktive areal nær bustaden. For dei som bur aleine, kan tilbod om aktivitetar saman med andre vere viktige både fordi dei tilbyr eit sosialt fellesskap, men òg fordi det gir tryggleik å vere fleire i lag. Eldre representerer òg ein verdifull ressurs for arbeidet med stimulering til og tilrettelegging for friluftsliv. Mange pensjonistar er både spreke og har god tid. Som gruppe er kvinner ofte dei som tek mest ansvar for og er saman med både barn og eldre. Dette inneber at dei tiltaka som gir barn og eldre betre høve til friluftsliv òg vil ha verdi for kvinner sitt høve til friluftsliv.

Boks 8.7 Frilftslivsaktivitet for bebuarar ved flyktning-/asylmottak

Oslo og Omland Friluftsråd (OOF) er eitt av 16 interkommunale friluftsråd i Noreg. OOF vart etablert i 1936 og har etter det arbeidd kontinuerleg med naturvern- og miljøspørsmål. Eitt av OOF sine hovudmål er å fremje det enkle, naturnære friluftsliv, spesielt overfor grupper av befolkninga som vanlegvis ikkje deltek i dette.

OOF ønskte med aktivitetane å auke flyktningar og asylsøkjarar sin kjennskap til og bruk av naturen som arena for rekreasjon og om korleis det sosiale liv utfaldar seg omkring dette. Målgruppa for prosjektet har vore barn og unge som bur på flyktning/asylmottak i Austlandsområdet og personale som arbeider ved mottaka.

Aktivitetane kan sjåast på både som opplæring i naturforståing og som eit positivt element i ein elles vanskeleg kvardagssituasjon. Forståinga av eit godt miljø blir danna m. a.  gjennom friluftsaktivitetar og aktiv bruk av naturen på eit tidleg stadium. Den tradisjonelle norske friluftskulturen har vore viktig for denne forståinga. Aktivitetane medverkar i så måte til å auke kjennskapen til det norske samfunn og vil dermed vere ein viktig del av ein integreringsprosess. Aktivitetane blir gjennomførde på følgjande måte: Vi har delt barn og unge ved

mottaka inn i fire aldersgrupper: 5–7 år, 8–11 år, 12–15 år og 16–20 år. Desse blir inviterte til å delta i årstidsrelaterte friluftsaktvitetar. I samband med aktivitetane for dei to yngste gruppene, inviterer vi òg foreldre/føresette til å delta. Vidare har personale som arbeider med barn og unge på dei aktuelle mottaka vore invitert til å delta under gjennomføringa.

For å gjennomføre prosjektet, har OOF utvikla ei rekkje modular med friluftsaktivitetar relatert til forskjellige naturscenarium og årstider. Disse modulane kan nyttast enkeltvis eller kombinert med kvarandre. Dei er utforma på ein fleksibel måte, slik at dei kan tilpassast forskjellige mål- og aldersgrupper.

Modulane omfattar følgjande:

  • Fisketur

  • Vinteraktivitetar (ski, skøyter etc.)

  • Bær-/sopptur

  • Bondegard

  • Fjelltur

  • Skog og mark

  • Innsjø

  • Sjøen/fjæra

Gjennomføringa har vore finansiert av Utlendingsdirektoratet og OOF.

I 1970 hadde 1,5   % av befolkninga i Noreg annan etnisk bakgrunn. Dei utgjer no 5,9   % av ei befolkning på om lag 4,4 mill. Samansetjinga har òg endra seg, dei frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika utgjer no omtrent 50   % av befolkninga med annan etnisk bakgrunn, mens dei utgjorde 6   % i 1970.

Større befolkning med annan etnisk bakgrunn, auka reiseaktivitet og kontakt med andre kulturar hos nordmenn har gitt eit meir fleirkulturelt samfunn, først og fremst i dei store byane, der delen med annan etnisk bakgrunn er relativt større enn landsgjennomsnittet. Desse har ofte ikkje tradisjonar for å drive friluftsliv «på norsk». Formidling og stimulering til friluftsliv blir ei heilt anna oppgåve overfor grupper som er framande for desse tradisjonane, og gjer at synet på friluftslivet si stilling i samfunnet må bli meir nyansert enn tidlegare. Utfordringane kan truleg best løysast i eit samarbeid med dei sjølve, slik at ein kan utvikle tilbod der ein tek utgangspunkt i det forholdet til natur og friluftsliv folk frå ulike land har med seg frå heimlandet.

8.5 Naturinformasjon og naturvegleiing

Naturinformasjonssenter og tilbod om turar med guide/vegleiar er eit verdifullt supplement i stimulerings- og motiveringsarbeidet. Dette gjeld både private tiltak og tiltak i offentleg regi. I perioden sidan førre stortingsmelding om friluftsliv har det vore satsa på utvikling av ulike naturinformasjonssenter og utvikling av naturvegleiing i offentleg regi. Eit forsøksprosjekt i naturvegleiing har m.a. fokusert på korleis dei som driv oppsyn i nasjonalparkane og andre naturområde kan drive informasjon og vegleiing i tillegg til oppsyn/kontroll. Det har òg vore gjennomført eit naturlosprosjekt i regi av m.a. Stavanger Turistforening. Enkelte kommunar har hatt kommunale naturvegleiarar. Prosjektet har i første rekkje ført til at det i oppsynsrolla i dag blir lagt større vekt på informasjon og vegleiing enn tidlegare.

Førre stortingsmelding oppmoda til å opprette informasjonssenter i viktige natur- og friluftsområde. Denne utfordringa er i stor grad følgt opp, og miljøvernstyresmaktene har gitt planleggings-, etablerings- og driftsstøtte til naturinformasjonssenter spreidd over heile landet. Sentra er stort sett baserte på lokale initiativ, oftast med utgangspunkt i reiselivet sine ønskemål om å presentere lokale natur- og kulturkvalitetar. Ein del av desse har vore kopla mot naturvegleiing. Ved Fjellmuseet i Lom og ved Stabbursnes naturhus er naturvegleiing vidareført etter ein forsøksperiode.

I 1995 vart 14 informasjonssenter evaluerte. Same året vart det markert at miljøvernstyresmaktene framover vil konsentrere den statlege innsatsen om nasjonalparksenter knytt til 13 etablerte og nye nasjonalparkar der friluftsliv er del av føremålet med vernet. Dette er i samsvar med tilrådinga i St.meld. nr. 62 (1991–92) «Ny landsplan for nasjonalparker og andre større vernområder i Norge». Her vart det tilrådd å etablere senter for å drive informasjon knytt opp mot dei viktigaste nasjonalparkane, samstundes som ein «gjennom ulike former for informasjon og veiledning bidrar til å skape økt forståelse for naturvern og motivere for naturvennlig adferd i sin alminnelighet og ikke bare innenfor nasjonalparken.» I tilknyting til desse sentra skulle det etablerast ordningar med naturvegleiing. Det er no autorisert 7 nasjonalparksentra i Noreg.

Overordna visjon for nasjonalparksentra er å formidle kunnskap om natur, kultur og friluftsliv på ein slik måte at det medverkar til miljøvennlege haldningar og åtferd og stimulerer til eit naturvennleg friluftsliv både i og utanfor nasjonalparken.

Nasjonalparksentra har ulik karakter både når det gjeld profilering og økonomisk bereevne. Målgruppa er i første rekkje allmenta, både lokalbefolkning og tilreisande. På lokalt plan er skuleverket ei viktig målgruppe. Vektlegginga av dei ulike gruppene varierer mellom sentra. Fleire senter har eigne naturvegleiarar, og dei fleste driv informasjon for å inspirere og motivere til omsynsfull ferdsel både i nasjonalparken og i naturen generelt.

Slike senter er viktige for å informere om natur og kultur. Betre kunnskap om naturen og om kulturminna vil gi mange eit større utbytte når dei driv friluftsliv. Sentra skal òg gi viktig informasjon om rettar og plikter som følgjer av allemannsretten og informasjon om kva som skal til for å ferdast trygt i naturen. Sentra kan slik vere med på å hindre ulykker og redusere omfanget av redningsaksjonar. Til dømes har Jostedalsbreen nasjonalparksenter arbeidd spesielt med informasjon om breulykker og korleis ein kan unngå dei. Informasjonssentra representerer ein ressurs for skuleverket, og spesielt for dei skulane som har eit slikt senter i distriktet.

Etablering og drift av nasjonalparksenter er avhengig av offentleg medverknad. Ved sida av private initiativ på planleggings- og driftssida, er kommunar og fylke viktige aktørar både i planlegging og finansiering av sentra. Statlege styresmakter medverkar både fagleg og økonomisk. Det har i dei seinare åra framkomme ønske om at den statlege innsatsen bør styrkjast særleg gjennom auka tilskotsrammer til planlegging og etablering av nye senter. Som resultat av dette vart det totale rammetilskotet auka frå 5.4 mill til 7.9 mill i statsbudsjettet for 2001. Regjeringa meiner at vidare offentleg satsing på dette arbeidet er viktig, ikkje berre som motivering til friluftsliv, men òg som eit distriktspolitisk verkemiddel i arbeidet for sikre busetnad, sysselsetjing og lokale kulturtradisjonar. Hovudtyngda av innsatsen innan motivering til friluftsliv må likevel vere andre tiltak i frivillig og kommunal (skular, barnehagar) regi, jf. kap. 8.1–4.

I tillegg til desse aktørane utgjer tilbod i regi av private aktørar som t.d. privatpersonar og reiselivsbedrifter, Norges Høgfjellskole med fleire, eit verdifullt tilskot til dei offentlege og dei frivillige tilboda. Ulike former for guida turar og vegleiing i grupper er verdifullt m.a. for turistar, for dei som ønskjer informasjon om og opplevingar knytte til spesielle tema eller som ønskjer rettleiing til å ferdast i naturen.

8.6 Tilrettelegging for friluftsliv

Ulike former for tilrettelegging for friluftsliv har stått og bør framleis stå sentralt i offentleg friluftslivspolitikk. Både fysisk tilrettelegging i form av opparbeiding og merking av stigar, preparering av skiløyper, opparbeiding av bålplassar, gapahukar, bade- og fiskeplassar, bygging av turisthytter osb., og utarbeiding av kart og informasjonsbrosjyrar m.m., er viktige tiltak for å motivere befolkninga til å utøve friluftsliv. Slike tiltak gjer at terskelen for å komme seg ut i naturen blir lågare.

Tilrettelegging i form av fysiske tiltak er særleg aktuelt i nærområda til der folk bur og i tilknyting til reiselivs- og hytteområde i skog-, fjell- og kystområde. I dei områda der mykje folk ferdast vil tilrettelegging gi eit lett tilgjengeleg tilbod til mange. Samstundes vil det ha ein positiv effekt i forhold til å ta vare på både naturen og grunneigarinteresser fordi tilrettelegging oftast bidreg til å kanalisere ferdsla.

Å følgje opp målsetjinga om at alle skal ha høve til å drive friluftsliv krev i særleg grad attraktive areal og eit lett tilgjengeleg tilbod i nærmiljøet. For at m.a. barn, eldre og dei som i dag er inaktive og lite motiverte skal få høve til å utøve friluftsliv, må terskelen vere lågast mogleg. Ein låg terskel får ein ved attraktive tilbod i nærmiljøet – i grøntstrukturen, i strandsona, i marka og i kulturlandskapet. Regjeringa vil gå inn for at ein i endå større grad enn til no legg vekt på å utvikle gode friluftslivstilbod i nærområda både i form av fysisk tilrettelegging, informasjon og aktivitetstiltak. Ein bør i størst mogleg grad planleggje og lage løysingar som kan brukast av alle («universell utforming»), i staden for å lage spesielle løysingar for ulike brukargrupper. Utvikling av utstyrssentralar som parallell til bibliotek kan t.d. tenkjast å verte eit viktig bidrag til hjelp for å senke terskelen for å komme seg ut i naturen.

Som ledd i eit godt tilbod i nærmiljøet må ein prioritere å gi gode høve for å gå og sykle til arbeid, skule og barnehage på gang- og sykkelvegar og gjennom ein samanhengande grøntstruktur. Regjeringa vil framleis prioritere utbygginga av gang- og sykkelvegnettet m.a. for å styrkje sykkelen som transportmiddel.

I tillegg til nærområda har skog- og fjellområda våre alltid vore, og vil framleis vere viktige område for friluftsliv. Naturområde i samband med hytteområde, hotell, turisthytter og liknande der det er lagt til rette med stigar, turkart m.v., blir mykje brukt. Dette går m.a. fram av Den Norske Turistforeining sine tal for overnatting på hytter i sentrale fjellområde. I tillegg til tilrettelegging for friluftsliv er høvet til overnatting eit sentralt grunnlag for desse områda sin popularitet. Område der ein ikkje har lagt til rette for ferdsel, har naturleg nok mindre trafikk, men dei er likevel viktige for å ta vare på mangfaldet av høve til utøving av friluftsliv. Særleg viktige er dei større samanhengande inngrepsfrie områda.

Figur 8.1 Kvar driv nordlendingen fysisk aktivitet i sommarhalvåret?

Figur 8.1 Kvar driv nordlendingen fysisk aktivitet i sommarhalvåret?

Kjelde: Polarfakta A/S og Nordland fylkeskommune

Dei store samanhengande naturområda i skog og fjell må forvaltast differensiert slik at det også i framtida finst variert areal i alle delar av landet med varierande grad av inngrep og tilrettelegging. Dette må gjelde alt frå område med breie turstigar for barnevogner og rullestolar og til villmarksområde utan noko form for tilrettelegging. Ei viktig utfordring er å sikre at ein ikkje får ei utvikling mot stadig større område med omfattande tilrettelegging. For at tilrettelegging generelt kan sjåast på som naturvennleg er det ein føresetnad at område med omfattande tilrettelegging er av avgrensa omfang.

Eit viktig prosjektet i oppfølginga av St.meld. nr. 40 (1996–87) «Om friluftsliv» var utarbeidinga av «Norsk stig- og løypeplan» (DN-notat 1994–10). Denne planen gir tilrådingar, mål og retningslinjer for stigar og løyper i fjellet. Saman med prinsipp for naturvennleg tilrettelegging som er nedfelt i DN-handbok 1993–3, har desse tilrådingane danna grunnlag for ei samordna handtering av tilrettelegging for friluftsliv generelt og i fjellområda spesielt. Det kan vere grunn til å evaluere og vidareutvikle strategiar for tilrettelegging for friluftsliv. Erfaringane frå oppfølginga av m.a. stig- og løypeplanen, vil vere eit godt grunnlag for å vurdere vidare utvikling av tilrettelegginga i dei større fjell- og naturområda.

Tilsvarande prinsipp som ligg til grunn for stig- og løypeplanen – sonering, gradert tilrettelegging osb. – bør òg gjerast gjeldande for skogområde og andre naturområde generelt. I ei slik tilrettelegging må ein òg ta naudsynt omsyn til aktuelle kulturminne og kulturmiljø som er ein viktig ressurs for friluftslivet. Ein må i ein slik samanheng syte for at det ikkje blir konfliktar mellom friluftsliv og kulturminne som t.d. uønskt slitasje.

Figur 8.2 Kvar driv nordlendingen fysisk aktivitet i vinterhalvåret?

Figur 8.2 Kvar driv nordlendingen fysisk aktivitet i vinterhalvåret?

Kjelde: Polarfakta A/S og Nordland fylkeskommune

Delar av kysten, særleg området frå svenskegrensa til Hordaland og enkelte område lenger nord, er svært mykje brukt til friluftsliv, særleg båtliv, bading og fisking, men òg turgåing. I desse intensivt brukte områda er tilrettelegging naudsynt for å unngå slitasje og forsøpling. I desse områda har ein òg det største behovet for sikring fordi ein her delvis har så omfattande bruk at den går ut over allemannsretten. For å ta vare på denne delen av friluftslivet er det viktig og naudsynt at ein held ved lag dei ordningane ein i dag har for å kunne finansiere sikring, tilrettelegging og forvaltning, jf. kap. 7.8. Særleg er det viktig at ein set av midlar til naudsynt tilrettelegging og forvaltning av dei områda ein allereie har sikra.

Kulturdepartementet forvaltar spelemiddel til ulike tiltak innan tilrettelegging for friluftslivet. På posten Anlegg for friluftsliv i fjellet kan ein søkje midlar til anlegg/tilrettelegging for trening og mosjon i fjellet. Ein kan òg søkje om tilskot til opparbeiding av stigar og løyper, som m.a. kvilebuer og uværsskur, klopper, bruer og andre innretningar for passering av elvar, varding, skilting og raudmerking. Under posten Idrettsanlegg i kommunane kan ein søkje om midlar til tilretteleggingstiltak for friluftsliv. Døme på slike er turløyper/stigar, turvegar, flytebryggjer, skiløyper, ridestigar, kart, dagsturhytter og klatreførarar (handbøker). For tilrettelegging av friluftslivet i nærmiljøet kan spelemiddel til nærmiljøanlegg delfinansiere småanlegg som skileik, skulekart, turstigar, isflater for skøyter m.m.

8.7 Regjeringa vil

8.7.1 Generelle tiltak

  • syte for at friluftslivet sin verdi for helse og livskvalitet blir sett på dagsordenen og at dei departement det er aktuelt for tek ansvar for å stimulere til utøving av friluftsliv i samband med utarbeiding av sektorvise miljøhandlingsplanar

  • at ein gjennom «Nasjonal handlingsplan for folkehelsearbeid» vurderer ei auka satsing på friluftsliv.

  • leggje vekt på at kulturmiljøverdiar blir integrerte i friluftslivstilboda

  • gjennomføre eit nytt friluftslivet sitt år i 2005 og deretter kvart tiande år

  • vidareføre satsinga på landskonferansar for å setje friluftslivet og friluftslivet sin verdi på dagsordenen

  • styrkje arbeidet med motivasjon og stimulering til friluftsliv i regi av friluftslivsorganisasjonane

  • saman med friluftslivet sine organisasjonar utgreie ein internettportal med informasjon om friluftsområde, friluftsaktivitetar og friluftsorganisasjonar

8.7.2 Barn i natur

  • at ein vidarefører og forsterkar satsinga på informasjons-, aktivitets- og opplæringstilbod i friluftsliv der barn og familiar er målgruppe

  • at ein satsar på tilbod til dei vaksne som tek sikte på å utvikle praktisk kunnskap og evner

  • gjennomføre ei kompetanseoppbygging i kommunane der ein set fokus på verdien av friluftsliv generelt og spesielt verdien for barn si helse og utvikling

  • etablere eit «Forum for friluftsliv i skulen» der frivillige organisasjonar, skulen, barnehagane og SFO er representerte

  • at ein sikrar at alle skular og barnehagar får høve til å nytte naturen i undervisninga

  • at ein tek vare på naturområde nær skular og barnehagar

  • at det ved plassering av nye skular og barnehagar blir lagt til grunn at dei skal ha god tilgang til naturområde

  • gjennomføre ei nasjonal satsing på uteaktivitet i barnehagar, skular og skulefritidsordningar basert på erfaringane frå m.a. prosjektet «Ut er in» i Nordland

  • betre høva til uteaktivitet og friluftsliv i skular, skulefritidsordning og barnehagar ved å gi støtte til kurs og utvikling av vegleiingsmateriell og utdanningsopplegg som er direkte relatert til læreplanane for skulen og rammeplanen for barnehagane, så som opplegget «Læring i friluft»

  • betre tilbodet om leirskuleopphald slik at alle elevar får tilbod om leirskuleopphald i grunnskulen og i vidaregåande skule

  • at kommunane tek ansvar for å kartleggje uteområda i og ved skular og barnehagar som grunnlag for ei planlagt og systematisk betring av tilhøva for friluftsliv og bruk av naturen i undervisninga

  • vurdere å endre barnehagelova slik at det for barnehagar der uteleik er sentralt, m.a. naturbarnehagar kan gjerast unntak frå krav om utforming av lokale osb.

8.7.3 Friluftsliv for alle

  • leggje forholda til rette for friluftslivsorganisasjonane si satsing på miljøvennlege friluftslivstilbod til ungdom

  • vurdere å auke talet på kroppsøvingstimar i skulen, både i grunnskulen og på vidaregåande trinn

  • medverke til og støtte samarbeid mellom helsesektoren, innvandrarane sine organisasjonar, funksjonshemma sine organisasjonar, idretten og friluftslivsorganisasjonane med siktemål å aktivisere dei inaktive, t.d. etter modell frå «FYSAK-prosjektet»

  • syte for at det i kommunane blir gjennomført ein særleg innsats med sikte på å motivere dei som i dag er inaktive til å drive friluftsliv og under dette gjennomføre ei kartlegging av årsaker til inaktivitet

  • medverke til å vidareutvikle og støtte samarbeid mellom det offentlege, dei funksjonshemma sine organisasjonar og friluftslivsorganisasjonane med sikte på eit betre friluftslivstilbod til dei funksjonshemma

  • knyte kontaktar mellom friluftsorganisasjonane og innvandrarmiljøet/idebanken til BFD for å diskutere utvikling av tilbod og samarbeidsformer

  • at ein i større grad enn til no legg vekt på å utvikle gode friluftslivstilbod i nærområda både i form av fysisk tilrettelegging, informasjon og aktivitetstiltak

  • vidareutvikle strategiar for miljøvenleg tilrettelegging for friluftsliv m.a. ved å evaluere oppfølginga av «Norsk sti- og løypeplan»

  • tilrå at kommunane vurderer å opprette utstyrssentralar for utlån av friluftslivsutstyr primært til barn og unge.

Til forsida