St.meld. nr. 42 (1997-98)

Kompetansereformen

Til innholdsfortegnelse

1 Opptaksforskrift

Universitets- og høgskolelovens krav til opptak er konkretiserert i forskrifter gitt av Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet, senest 15. januar 1998.

Generelt grunnlag for opptak er gitt i forskriftens § 2:

«Det generelle grunnlaget for opptak til universitet og høgskolar (generell studiekompetanse) skal normalt vere:

  1. Fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring med grunnkurs, Vk I og Vk IIellerfagbrev/sveinebreveller fylte 23 år i løpet av opptaksåret og 5 års fulltids arbeidserfaring eller 5 års samla fulltids erfaring frå arbeid og utdanning. Som arbeidserfaring kan ein også rekne omsorgsarbeid og militær førstegongsteneste/sivilteneste. Som utdanning gjeld fullført og bestått kurs i vidaregåande skoleog/eller folkehøgskole, og eksamen frå høgre utdanning av minst eit års lengde.og

  2. Fylgjande fag må vere dekte innanfor, eller takast i tillegg til krava under bokstav a):

    • Norsk (14)

    • Engelsk (5)

    • Matematikk (5)

    • Naturfag (5)

    • Samfunnsfag (6), som omfattar nyare historie (4) og samfunnslære (2)Faga er oppgjevne med gjennomsnittleg veketimetal og faget må vere bestått med karakteren 2 (Ng) eller betre.

  3. For søkjarar som har lese norsk og samisk med respektive (11) + (11) veketimar, gjeld ikkje kravet om 14 veketimar i norsk.

  4. Opptaksorganet har plikt til å vurdere om annan utdanning eller dokumentasjon av kunnskapar kan godkjennast som likeverdig. Departementet kan gje nærare reglar.

  5. Det skal vurderast individuelt om søkjarar med 3-årig vidaregåande utdanning frå Rudolf Steiner-skole oppfyller krava til generell studiekompetanse.»

Til forsiden