12 Administrative og økonomiske konsekvensar ved vernetiltak i kystsona
12.1 Administrative konsekvensar
Gjennomføringa av framlegga i denne meldinga er ein del av det ordinære verneplanarbeidet og andre pågåande prosessar. Betring av verneplanprosessane og gjennomføring av ein marin verneplan vil skje innafor dei eksisterande administrative rammene. Overføring av forvaltning av verneområde til kommunane er eit ledd i oppfølginga av Agenda 21, og vil vere ei frivillig ordning for kommunane. Det er ein føresetnad at dei kommunane som tek over forvaltningsansvaret for verneområde har naudsynt kompetanse og ressursar. Betring av kunnskapsgrunnlaget gjennom overvaking, kartlegging og forskning for m.a. å skaffe eit grunnlag for evaluering av verneområda vil skje innafor organiseringa av arbeidet som er iverksett som oppfølging av St meld nr 58 (1997–98) Miljøpolitikk for en bærekraftig utvikling.
12.2 Økonomiske konsekvensar
Vern i medhald av naturvernlova i det omfang Stortinget tidlegare har lagt opp til, og som Regjeringa gjer framlegg om å sluttføre i denne meldinga, er ikkje av eit slikt omfang at det vil få vesentlege konsekvensar for samfunnet. Sluttføringa av verneframlegg som omfattar sjøareal vil skje innafor dei til eikvar tid gjeldande budsjettrammer. Vederlag for vernevedtak vert dekkja over kap 1427 post 32 i statsbudsjettet. Rettspraksis så langt har vist at det sjeldan vert utbetalt erstatning for vern i sjø. Vederlag for ein marin verneplan vil derfor truleg verte minimale. Dersom det vert fremja krav om erstatning, er staten ansvarleg for å bere sakskostnadene sjølv om det ikkje vert utbetalt erstatning. Slike saker vil og verte dekka opp innafor dei til ein kvar tid gjeldande rammer på kap 1427 post 32.
Utgifter til forvaltning av verneområde skal verte dekkja innafor dei til eikvar tid gjeldande rammer på kap 1426 og kap 1427.
Kostnader knytt til betring av kunnskapsgrunnlaget vil inngå i dei pågåande programma for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og vil ikkje få økonomiske konsekvensar utover dei til eikvar tid gjeldande budsjettrammer til dette arbeidet.