4 Kystvern i andre land
IUCN fastslår i rapporten The conservation of the North Atlantic shores , november 1998, at bevaring av kystsona gjennom dei to siste tiåra har fått aukande internasjonal merksemd. Utbygging, ressursbruk, forureining og reduksjon av biologisk mangfald i kystsona gjer denne naturtypen til eit globalt problemområde. Omlag 60 % av verda si befolkning lever i område nær kysten. Det utgjer 3,8 milliardar menneske innafor landområde som er mindre enn 15 mil frå kysten. Med den veksten i befolkninga som er i dag, er denne befolkningsmengda rekna til å utgjere 6,3 milliardar menneske om 25 år. 70 % av befolkningsauken vil komme i dei kystnære områda i dei minst utvikla landa i verda.
Europa er den regionen som i dag globalt har sterkast press på kystområda. Omkring 70 % av kystsona i regionen er nytta til byar, hamner, industri, kraftverk, avløpsanlegg og rør- og kraftleidningar, turisme og fritidsbustader, vegar, landbruk m.m.
Presset på kystsona aukar. Internasjonalt er det generelt erkjent at det manglar koordinering gjennom planlegging og forvaltning av dei mange interessene som er knytt til bruk av kystsona. Det er også eit ønskje om meir einskapleg berekraftig bruk og ivaretaking av verne- og rekreasjonsinteressene. Dette har særleg i løpet av 1990-åra ført til ei internasjonal fokusering i OECD, IUCN og EU på arealforvaltninga i kystsona. Desse slår fast at kjernen i bevaringa av kystsona må vere eit nettverk av verneområde som femner om land- og sjøareal. I dei fleste land dekkjer arealplanlegginga landområda og ikkje sjøareala. Vidare er lovverk om vernetiltak i kystsona ofte svakt eller mangelfullt.
4.1 Kort om status i enkelte land
Både Sverige og Danmark har i medhald av Naturvårdslagen §§ 15 og 16 og Naturfredingsloven §§ 46 og 47 både eit generelt strandvern i 100 meter belte og heimel for å opprette spesielle verneområde. Sverige har i tillegg til reglar etter arealplanlovgivinga også fastsett retningslinjer for bestemte delar av kysten mot sjøen og de store innsjøane som er rekna som område av riksinteresse. Dette vart fremja for Riksdagen i Proposisjon 111 (1972) om retningslinjer for forvaltninga av grunn og vatn. Kysten er der delt i 3 kategoriar: Ubrotne kystar, sterkt utbygde kystar og andre kystområde. Innan dei ubrotne kystområda er det gjennomført avgrensing av område med vitskapeleg verdi og rekreasjonsverdi som ut frå rikssynspunkt er fastsett som område der større miljøendringar ikkje bør finne stad.
I Storbritannia stoppar vernetiltak ved lågvatnmerket, men for 3 marine reservat er grunne sjøområde inkludert. Vidare byggjer lovverket på eit prinsipp om friviljug medverknad som krev at alle interesserte parter må vere einige dersom eit vernevedtak skal kunne gjennomførast. Oppretting av verneområde skjer i langt større omfang i Storbritannia gjennom oppkjøp av område der m.a. frivillige organisasjonar spelar ei stor rolle. I 1992 starta dei sentrale styresmaktene tre viktige program med sikte på å oppnå ei betre koordinert forvaltning av kyst- og marine nærområde:
English Nature Estuary Initiative som inneber at det vert utarbeidd fleirbruksplanar for bevaring og berekraftig bruk av dei 17 viktigaste estuarområda i Storbritannia.
Shoreline Management Plans Programme som er fleirbruksplanlegging for dei viktigaste attverande kystareala med natur- og rekreasjonsverdi.
Integrated Coastal zone Management Programme , som er eit EU relatert program for kartlegging av interesser knytt til kystsona, og samordning av desse i retningslinjene for ei integrert forvaltning.
Frankrike sette med lova om landreform og distriktsutbygging av 1967 i verk ei stor statleg utbyggingsverksemd i kystområda, m.a. bygging av ei rekkje kjernekraftverk. Det franske miljøverndepartementet oppretta i 1971 ein nasjonal komité (PIQUARD) for kystsoneforvaltning, som førte til ei lov om vernetiltak i strandområda (1975) og innføring av eit generelt strandvern med byggjefri 100 m sone i 1979. I 1995 vart krava til lokal og regional kystsoneplanlegging skjerpa og det vart vedteke ei lov om samordna planlegging for berekraftig bruk av dei kystnære sjøområda. Frankrike har også sett i verk to omfattande EU-relaterte kystsoneprosjekt med målsetting å gjennomføre planlegging og interesseavveging som vert koordinert gjennom integrerte forvaltningsplanar.
USA vedtok i 1972 Marine Protection, Research and Sanctuaries Act som gir heimel for å opprette marine verneområde med grunnlag i naturvern- og kulturminneinteresser. Det er til no oppretta 14 marine verneområde som omfattar 4 500 km2 kyst- og sjøområde. I tillegg kjem andre vernetiltak gjennomført av enkeltstatane eller føderale styresmakter etter ordinær naturvernlovgiving der også sjøområde er verna med utgangspunkt i tilhøyrande landareal. Everglades National Park i Florida er eitt døme på slike vernetiltak. USA vedtok i 1972 også Coastal Zone Management Act som er eit lovverk for integrert kystforvaltning utanfor verna område. Målet er å balansere verneomsyn og berekraftig bruk av kystsona. Kyststatane er her pålagde å utarbeide ein detaljert plan og eit forvaltningsprogram for kystsona som skal godkjennast av føderale styresmakter. Alle kyststatar har i dag gjennomført dette.
Canada har som USA sett i verk viktige vernetiltak gjennom program som: Marine Conservation Areas , Migratory Bird Sanctuaries and National Wildlife Areas, Marine Protected Area m.v. 23 føderale instansar og fleire lovverk har styrt utviklinga i kystsona, men manglande koordinering har resultert i store interessekonfliktar og lite rasjonell forvaltning. For å endre og forenkle dette vedtok Canada i 1997 Oceans Act som vert forvalta av fiskeristyresmaktene og programmet Towards Canadas Oceans Strategy som vert forvalta av miljøstyresmaktene. Oceans Act omfattar heimelsgrunnlaget for marin ressursforvaltning og vern av marine område, medan strategiprogrammet har fire hovudmål:
Gjennomføre koordinering og utforme ein samla politikk for forvaltning av kystområde og tilhøyrande sjøområde.
Utarbeide retningslinjer om samarbeide og ansvarleggjering for dei ulike sektorinteressene.
Optimalisere det økonomiske potensialet i kystsona under berekraft prinsippet og syte for at verneomsyn vert teke vare på.
Utvikle ei integrert kystsoneforvaltning som posisjonerer Canada som leiane internasjonalt.
4.2 Internasjonale initiativ og utviklingstrekk for meir berekraftig forvaltning av kystsona
I OECD er den felles basis for omlegging og vidareutvikling av systema for kystsoneforvaltning rekommandasjon C (76), 1992, Integrated Coastal Zone Management , som alle OECD-landa har slutta seg til. Denne anbefalinga gir prinsipp og metodikk for kystsoneplanlegginga som landa skal følgje opp i utforminga av nasjonale forvaltningssystem. Dette inneber at ein skal ivareta følgjande:
Ein skal iverksetje system for integrert planlegging og utvikling som omfattar sosioøkonomiske interesser og omsyn.
Mål og rammer for planlegging og utvikling skal verte utvikla for å sikre ei felles tilnærming mellom alle styringsnivå, frå internasjonalt og nasjonalt til regionalt og lokalt nivå.
Planlegging og forvaltning skal inkludere alle geografiske delar av kystsona, både land- og sjøområda innafor kysten sitt influensområde.
Planlegging og utvikling skal verte gjennomført med ei tilnærming som tek vare på både langsiktige og kortsiktige omsyn i ein prosess som er open og involverer befolkning og alle relevante fagmiljø.
Europarådet har i mars 1998 med bakgrunn i OECD-rekommandasjonen utarbeidd rapporten Model-law on Sustainable Management of Coastal Zones. Pan-European Code of Conduct for Coastal Zones. Rapporten inneheld ein modell for ei lov for kystsoneforvaltning som utgjer eit hjelpemiddel og ein felles basis for utforming av nasjonale lovverk. Kapittel 17 i modellova omfattar internasjonalt samarbeid. Den andre delen i rapporten utgjer retningslinjene for kystsoneforvaltning, og er utarbeidd i medhald av vedtak på den Pan-Europeiske miljøvernministerkonferansen i 1995. Retningslinjene kan ein sjå på som ei utdjuping av lovmodellen, men med særleg vektpå naturvern og det å ta vare på biologisk mangfald i kystsona, relatert til ulike interesser som fiskeri og havbruk, urbanisering, industri, landbruk, transport, turisme og rekreasjon, forureining, energi og forsvarsinteresser.
I tilknyting til Middelhavet er det oppretta ca 130 spesielle naturvernområde i kystsona med ein gjennomsnittleg storleik på ca 140 km2 . Arealet er fordelt på ca 60 % landareal og 40 % marine areal.
I EU-kommisjonen sin 5. Aksjonsplan, (Towards Sustainability), artikkel 2 av 1992, er kystsona definert som eit særskilt innsatsområde med målsetjing å etablere ei forvaltning som byggjer på at berekraftig utvikling av kystsona og tilhøyrande ressursar skal skje i samsvar med tolegrensa for kystmiljøet . Kommisjonen vedtok eit strategiprogram i 1995 for utvikling av eit system for integrert planlegging og forvaltning av kystsona. Strategiprogrammet vert gjennomført i eit samarbeid mellom DG XI, DG XIV og DG XVI.
Fugledirektivet og habitatdirektivet er knytt opp i nettverket Natura 2000. Dei 15 medlemsstatane er pålagt å leggje fram lister over område som skal bevarast for å ivareta krava i dei to direktiva. Natura 2000 inneheld verna område i form av nasjonalparkar, reservat og landskapsvernområde og framlegg til slike område. Slike område utgjer ca 12 % av samla territorium i EU-landa, til saman 6116 område. Natura 2000 opererer med 6 biogeografiske regionar som er inndelt i 8 hovud-naturtypar. To av naturtypane er i heilskap retta mot vernetiltak som dekkjer kystsona og dei marine økosystema.
Med eit markert aukande press på kystsona frå ei rekkje sektorar og interesser er det stor internasjonal innsats for å utvikle betre koordinering av planleggings- og forvaltningssystema i kystsona. Dei fleste landa er samde om at auka innsats for å ta vare på verneverdiar og berekraftig bruk må vere overordna prinsipp. OECD, IUCN og EU meiner at ein må ha eit nettverk av verneområde som femner både land- og sjøareal.
I Europa vil truleg initiativ frå EU-kommisjonen og Europarådet føre til betre samordning av planlegging og forvaltning i kystsona. Overordna nasjonale og internasjonale mål og omsyn må truleg utviklast for å kunne styre i forhold til dei ulike sektorinteressene så vel som regionale og lokale planleggings- og forvaltningsorgan. Særleg tyder strategiprogrammet til EU-kommisjonen på at ekstra stor innsats vil vere konsentrert om å ta vare på samanhengande soner av kysten som er lite berørt av inngrep, og gjennomføre restaureringstiltak og bevare intakte restområde på kyststrekningane som er mest belasta.
4.3 Noreg i europeisk samanheng
Den norske kystsona kjem positivt ut både i europeisk og global samanlikning når det gjeld miljøtilhøva. Dei økologiske tilhøva i den norske kystsona er ikkje godt nok kjende, men faktorar som endringar i sjøfuglbestandar, endringar i tareskogen, massetak og petroleumsverksemd m.v. indikerer at det for delar av kystsona er økologisk stress, sjølv om dette er langt mindre omfattande enn på dei utsette kystområda i det kontinentale Europa.
Det er vanskeleg å trekkje direkte samanlikningar mellom det arbeidet som vert gjort i andre land for å ta vare på verdiane i kystsona og tilsvarande vernearbeid i Noreg. Det er stor skilnad på lovverk og verkemiddelbruk i dei ulike landa, men internasjonalt er det ein klar tendens til auka innsats for å verne verdifulle område i kystsona. Alle europeiske land har verneområde i kystsona som både dekkjer land- og sjøareal, men omfanget varierer sterkt. Størsteparten av slike verneområde er sikra gjennom vernetiltak som er heimla i særlover som vert forvalta av miljøvernstyresmaktene. Delar av verneområda og delar av kystsona der naturverdiar skal prioriterast vert òg sikra etter arealplanlovgivinga.
Om lag 6,5 % av norsk territorium er verna i medhald av naturvernlova, medan EU sitt Natura 2000 i 1999 har som mål å omfatte ca 14 % av territoriet. Innafor EU har vern av kystsona vorte eit prioritert område i den perioden Natura 2000 har vore under etablering. I Ramsarkonvensjonen sitt nettverk, er innslaget av område i kystsona særleg stort på nordsjøkysten og i Middelhavet/Svartehavet. I UNEP sin Mediterranian Action Plan (MAP) for spesielle verneområde og Helsinki-kommisjonen sin Baltic Sea Protected Areas (BSPA) framkjem også særleg stor tettleik av verna område i kystsona.
I norsk vernesamanheng er kystsona til no dårleg representert, slik det framgår i kapittel 3, men den er heller ikkje så pressa som i mange andre land. Ut frå EU sine program og vektlegging av vernetiltak i kystsona er det sannsynleg at vernetiltaka i denne sona vil verte utvida i kommande år.