2 Samandrag
Regjeringa si målsetjing er å sikre det biologiske naturgrunnlaget i tråd med nasjonale og internasjonale tilrådingar m.a. gjennom vern av område i medhald av naturvernlova. Samstundes skal det sikrast areal til hausting av naturressursar og matproduksjon i sjø. Dette stiller store krav til samordna avvegingar mellom brukar- og verneinteresser.
2.1 Vern og berekraftig ressursforvaltning
Kystsona er til no dårleg representert i vernesamanheng samanlikna med innlandet. Samstundes er ressursane i kystsona viktige i næringsamanheng, for busetjing, rekreasjon og annan bruk.
Forvaltninga av kystsona skjer dels gjennom sektorlover og dels gjennom planlegging etter plan- og bygningslova. Regjeringa viser til at det er aktuelt å verne berre ein liten del av det totale arealet i kystsona i medhald av naturvernlova. Innafor verneområde vil ulike sektorlover gjelde for aktivitetar som ikkje er i strid med verneformålet. På mesteparten av sjøarealet vil ein måtte ivareta det biologiske mangfaldet gjennom lovverka til dei ulike sektorane, i første rekkje fiskerilovgivinga.
Regjeringa viser til at ein alltid skal gjere ei nøye vurdering av kva for verkemiddel som er best eigna for å sikre dei aktuelle naturverdiane, og ein skal til ei kvar tid bruke det verkemiddel som er best tilpassa formålet med eit eventuelt vern. Naturvernlova skal nyttast i eit avgrensa omfang på areal med nasjonale verneverdiar. Regjeringa understrekar at vern i medhald av naturvernlova alltid skal ta utgangspunkt i formålet med vernet. Dette gjeld både val av vernekategori og utforming av forskrifter. Vernet skal ikkje vere strengare enn det som er naudsynt for å sikre verneverdiane. Verneområdet skal heller ikkje vere større i utstrekning enn det som er naudsynt av omsyn til verneverdiane, og heile verneområdet må oppfylle krava til den aktuelle vernekategorien i naturvernlova. Regjeringa meiner det er naudsynt å utvikle ein meir samordna praksis på landsbasis når det gjeld framlegg til vern av sjøareal. Miljøstyresmaktene og fiskeristyresmaktene vil derfor i framtida samarbeide nært i spørsmål knytt til omfanget av vern av sjøareal.
2.2 Bruk av naturvernlova i sjø
Regjeringa meiner at etablering av særskilde verneområde i medhald av naturvernlova framleis skal vere ein berebjelke i arbeidet med å sikre det biologiske mangfaldet på om lag 12–13 % av Noreg sitt totale areal, utanom Svalbard. Dette vernearbeidet er no inne i sluttfasen, og vern av sjøareal skal inngå som ein naturleg og naudsynt del av områdevernet der det er naudsynt i forhold til verneformålet.
Regjeringa viser til at naturvernlova heimlar vern både på land og i sjøområde. Vernekategoriane i naturvernlova slik dei er utforma i dag gjeld også i sjø, men dei er generelle og ikkje spesielt tilpassa dette formålet. Regjeringa vil derfor gå gjennom naturvernlova og sjå nærare m.a. på kategoriane naturreservat og nasjonalpark og eventuelt vurdere innføring av ein eigen kategori for vern i sjø.
Regjeringa meiner det er naudsynt å utvikle ein meir samordna praksis på landsbasis når det gjeld framlegg til vern av sjøareal i verneområde der verneformålet er knytt til verneverdiar på land. Miljø- og fiskeristyresmaktene vil derfor samarbeide nært i spørsmål knytt til dette.
2.3 Kystverneplanar
Det er utarbeida framlegg til kystverneplaner i Nordland og Troms. Slike planar er berre aktuelle i desse to fylka. Av omsyn til dei særleg store verne- og næringsinteressene i denne delen av kystsona, er målet med kystverneplanane å sikre ein heilskapleg gjennomgang av verne- og næringsinteresser i kystsona i desse to fylka. I dei andre kystfylka er det vedteke eller gjort framlegg om vanlege tematiske verneplanar m.a. for sjøfugl. Ved sluttbehandlinga av kystverneplanen for Nordland vil Regjeringa, tilsvarande som for andre verneframlegg, gjere ei grundig vurdering av dei konsekvensane verneframlegga kan få for eksisterande og eventuell framtidig næringsutnytting, slik at det vert minst mogleg konflikt mellom vern og andre brukarinteresser. Alle framlegg til forskrifter og avgrensingar vil bli nøye vurdert for å sikre at verneform og geografisk utstrekning av områda er i samsvar med dei ulike verneformåla. I samband med framlegg til kystverneplan for Nordland, vil Regjeringa vurdere å redusere storleiken på sjøareala som har vore på høyring. Det er knytt fleire interesser til mange av lokalitetane det er gjort framlegg om i kystverneplanen for Nordland. Dette er interesser som i mange høve bør kunne kombinerast med verneinteressene slik at eksisterande næringsaktivitet kan halde fram. Det er viktig med ei god forvaltning etter at vernevedtak eventuelt vert fatta. Regjeringa meiner derfor at ein bør iverksetje ei prøveordning i Nordland der forvaltningsstyresmakta knyter til seg ei rådgivande gruppe samansett av representantar frå dei ulike fagstyresmaktene, i samband med behandling av dispensasjonssaker i sjø.
2.4 Marint vern
Marine økosystem og marine naturkvalitetar utgjer ein viktig del av norsk natur. Det vil i framtida vere behov for å ta vare på representative og særeigne naturverdiar også i sjø, samt marine arter og habitat som er trua og/eller sårbare. Ikkje minst er behovet for referanseområde, der økosystema fungerer i mest mogleg urørt stand, viktig. Referanseområda skal kunne vere samanlikningsområde i høve til andre område som er meir utsette for inngrep.
Regjeringa meiner at ein skal utarbeide marine verneplanar m.a. basert på den naturfaglege kartlegginga av eigna område som ligg føre. Det vert nedsett eit rådgivande utval på linje med det sentrale Barskogutvalet samansett av representantar frå forvaltninga og aktuelle interesseorganisasjonar til dømes innan fiskeri-, havbruk og miljøvern. Det vert seinare teke stilling til kven som skal leie utvalet. Utvalet skal gi råd om kor mange og kva for område som bør inngå i eit framlegg til verneplan. Dei skal og gi råd om avgrensing, verneform og vernereglar for områda og sjå på konsekvensar av vern og næringsverksemd.
2.5 Lokal medverknad i planprosess i medhald av naturvernlova og i forvaltning av verneområde
Regjeringa legg vekt på at ein må utvikle gode planprosessar som vil avklare forholdet mellom verne- og næringsinteresser på ein tilfredsstillande måte. Lokal og kommunal medverknad er ein føresetnad for å få til ei god verneplanprosess ved vern både på land og i sjø. Kommunar, grunneigarar, interesse- og næringsorganisasjonar må delta på ein formålstenleg måte, og skal komme inn i prosessen så tidleg som mogleg. Ved framlegg om vern av sjøareal som ikkje er omfatta av grunneigarrettar, skal dei aktuelle brukar- og næringsorganisasjonane trekkjast inn. Det er ein føresetnad at fylkesmannen samarbeider nært med andre aktuelle sektorstyresmakter, m.a. regionale fiskeri- og havbrukstyresmakter. Faggruppa som er oppretta i samband med tang- og tareforvaltninga, vil ha ei sentral rolle i samband med verneframlegg som kan påverke slike interesser.
Regjeringa meiner at samordning av ulike planprosessar i eit område eller i ein region er viktig m.a. av distriktspolitiske omsyn, og vil medverke til ein god og synleg balanse mellom sysselsetjing, busetjing, næringsverksemd og vern.
Regjeringa meiner at lokal forvaltning av verneområda etter at vernevedtak er fatta, kan medverke på ein viktig måte til å sikre at miljøvernpolitikken vert forankra i lokalbefolkninga. Regjeringa understrekar at dei nasjonale miljømåla ligg fast og føreset at dei kommunane som får forvaltningsansvaret for verneområde, syter for at aktuelle styresmakter og interessegrupper i naudsynt grad vert trekt inn i arbeidet med forvaltninga. Regjeringa påpeikar at forvaltninga av verneområda må vere oversiktleg og effektiv. Avhengig av type verneområde bør forvaltninga av verneområda liggje anten i kommunane eller hos fylkesmannen. Fylkesmannen bør framleis ha forvaltningsstyresmakta for m.a. nasjonalparkar og våtmarksområde med internasjonal verdi, såkalla Ramsarområde.
2.6 Kartlegging, overvaking og evaluering av verneområde
Kartlegginga og overvakinga av biologisk mangfald som er starta som ei oppfølging av St meld nr 58 (1996–97) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling vil utgjere ein viktig basis i den vidare vurderinga av behovet for evaluering av vernetiltak og eventuelt utvikling av rutinar i samband med dette. Ei slik evaluering kan vere naudsynt for å vurdere nærare om verneverdiane er oppretthaldne i tråd med verneformålet, og for å sjå kva verknader vernet har fått i forhold til lokalsamfunnet og eventuell næringsutvikling.
Regjeringa vil vurdere behovet for å gjennomgå eksisterande verneforskrifter med sikte på ei eventuell oppdatering. Dette kan vere aktuelt i enkelte område dersom det er skjedd vesentlege endringar i området sidan vernevedtaket vart fatta, for å vurdere om forskriftene er i samsvar med gjeldande situasjon. Dette er m.a. viktig for at verneområda ikkje skal omfatte meir sjøareal og ha strengare restriksjonar enn kva som er naudsynt.
Miljøvernstyresmaktene vil i samarbeid med fiskeristyresmaktene vurdere om omfang av sjøareal og restriksjonar i forhold til utøving av fiske og havbruk i eksisterande verneområde er i samsvar med retningslinjene i denne meldinga. Verneforskrifter som regulerer tang- og tarehausting vil verte vurdert når forvaltningsplanen for tare ligg føre.
2.7 Næringsmessige konsekvensar av vern i kystsona i medhald av naturvernlova
Det er naudsynt med ei heilskapleg vurdering av vernepolitikken, utøving av ulike næringsaktivitetar og andre samfunnsinteresser for å sikre ei berekraftig utvikling i kystsona. Regjeringa meiner at det i kystsona er tilstrekkeleg sjøareal både for utvikling av naudsynt næringsaktivitet knytt til fiskeri, havbruk og tang- og tarehausting og til vern av område i sjø og på land. Generelt vil etablering av verneområde føre til få konsekvensar for eksisterande næringsverksemd, fordi det vanlegvis ikkje vil verte oppretta verneområde der pågåande aktivitet ikkje kan halde fram.
Når det gjeld framtidig næringsutnytting vil Regjeringa peike på at næringsutviklinga i kystsona og særleg i sjøområda, truleg står framfor ei teknologisk utvikling som gjer det vanskeleg å konkretisere i dag kva for arealbehov dei ulike næringane vil ha i framtida. Både vern og næringsutvikling vil vere ein del av ei langsiktig utvikling i kystsona. Det er derfor viktig å ta vare på areal som ikkje vert påverka av ulike aktivitetar og inngrep, slik at vi kan ha eit nettverk av referanseområde der det vil vere ei mest mogleg naturleg økologisk utvikling. Det er òg viktig å sikre for ettertida område som har særlege verdiar med tanke på representativitet og som typeområde.
2.7.1 Fiskeria
I dei fleste verneområda som omfattar sjøareal, er utøving av fiske ikkje i strid med verneformålet. Dei fleste verneforskriftene vil derfor framleis verte utforma slik at omsynet til fiskeriaktivitetane vert ivareteke. Ulike typar reiskap kan likevel i spesielle høve, t.d. ved marint vern, påverke verneverdiar slik at det kan vere aktuelt med restriksjonar dersom verneverdiar kan verte skada. Det kan og vere naudsynt med ferdselsforbod visse tider av året av omsyn til sjøfuglane sine hekketider.
2.7.2 Tang- og tarehausting
Hausting av tang og tare verkar inn på naturmiljøet gjennom reduksjon av biomasse og endring av den marine artssamansetninga lokalt for ein periode. Det er vanskeleg å trekkje sikre konklusjonar om den langsiktige effekten av taretråling på sjøfugl. Granskingar så langt tilseier at ein må vere særleg merksam på effektar taretråling kan føre til i fjørfellingsområde og i skarv- og teistkoloniar.
Regjeringa viser til at den forvaltningsordninga som no vert tilskipa for taretråling, i stor grad vil ivareta både tarenæringa sitt behov og fiskeri- og miljøinteressene. Regjeringa meiner at på bakgrunn av denne nye forvaltningsordninga, vil taretrålinga verte effektivt regulert, og tareskogen sin funksjon som ressurs og økosystem verte godt ivareteken. Regjeringa legg til grunn at forvaltningsplanen som oftast vil sikre tilstrekkelege område med variert tareskog. Dersom oppretting av verneområde ikkje er knytt til marint vern, og tareskogen er hovudformålet med vernet, vil det derfor i få tilfelle vere aktuelt å regulere taretråling i verneforskriftene.
Ved framlegg om nye verneområde vil derfor behovet for å regulere taretråling i verneforskriftene verte vurdert på bakgrunn av forvaltningsplanen for tare og verneformålet. Regulering av taretråling i verneforskriftene kan likevel vere naudsynt dersom forvaltningsplanen ikkje i tilstrekkeleg grad ivaretek verneverdiane. Ein bør i størst mogleg grad samordne framlegga til verneområde med dei trålfrie områda i forvaltningsplanen.
2.7.3 Havbruk
Regjeringa viser til at i internasjonal samanheng har Noreg konkurransefortrinn i denne næringa som følgje av naturgitte tilhøve der mat vert produsert på ein relativt berekraftig og miljøvenleg måte. Både nasjonalt og internasjonalt vil det derfor vere ønskjeleg å halde fram utviklinga i næringa.
Regjeringa understrekar at både oppdrettsnæringa og verneinteressene legg beslag på marginale areal totalt sett i kystsona, og at nasjonale vernevedtak i liten grad har verka inn på utviklinga av oppdrettsnæringa. Regjeringa meiner derfor at det i kystsona er tilstrekkeleg sjøareal både for naudsynt etablering av oppdrettsanlegg og gjennomføring av dei resterande verneplanane. Før ein fattar vedtak om vern som omfattar sjø, vil Regjeringa gjere ei grundig vurdering av storleiken på sjøareala som skal vernast.
Dersom det i enkelte høve viser seg å verte konkurranse om dei same areala, og det både for naturverninteressene og for havbruksnæringa ikkje er mogleg å finne alternative tilsvarande lokalitetar, må ein gjere ei grundig vurdering av forholdet mellom verneformål og kva for type oppdrett som er aktuelt. Regjeringa understrekar den positive utviklinga i oppdrettsnæringa m.a. i forhold til bruk av antibiotika og utslepp av organisk materiale, samt praktiseringa med brakklegging av lokalitetar. Dersom miljøverknadene av den aktuelle oppdrettsverksemda i liten grad vil påverke verneformålet, t.d. skjeloppdrett i eit landskapsvernområde, kan vern og oppdrett kombinerast. Under føresetnad av at det ikkje er i strid med verneformålet meiner Regjeringa at det i framtida vil kunne vere mogleg å kombinere vern av eit sjøareal og bruk av det same området til havbruksverksemd i større grad enn ved tidlegare vernevedtak. Regjeringa meiner at ein skal leggje føre-var prinsippet til grunn når ein vurderer om miljøstyresmakta kan gi løyve til havbruk innafor eit verneområde.