3 Vern og berekraftig ressursforvaltning
Boks 3.1 Vern og berekraftig ressursforvaltning
Det biologiske mangfaldet kan verte sikra gjennom:
Vern av naturverdiar ved freding av arter, bestandar eller område mot verksemd som kan øydeleggje eller redusere bestemte naturverdiar. Vern av område, bestandar eller arter i denne samanhengen skjer i medhald av naturvernlova.
Berekraftig ressursforvaltning i medhald av dei ulike sektorlovene.
Arealplanlegging etter plan- og bygningslova kan sikre område med naturverdiar. I sjø vil forvaltning av levande marine ressursar først og fremst skje gjennom sektorlovverket.
Den overordna målsetjinga for miljøvernarbeidet er å sikre område slik at det biologiske naturgrunnlaget og dei genetiske ressursane vert tekne vare på for å kunne oppretthalde dei biologiske prosessane som er grunnlaget for alt liv på jorda. Dette må ein sjå i samanheng med at menneskeleg aktivitet fører til at langt fleire arter og bestandar forsvinn eller vert forringa raskare enn kva som er naturleg.
Samanlikna med mange andre land, er Noreg rikt på naturressursar, noko som mellom anna har lagt grunnlaget for velferdssamfunnet vårt. Det er derfor naudsynt med ei berekraftig forvaltning av naturgrunnlaget slik at naturressursane kan førast vidare til seinare generasjonar.
Gjennom behandlinga av St meld nr 58 (1996–97) Miljøvernpolitikk for en berekraftig utvikling , har Stortinget slutta seg til målet om å redusere og stoppe tapet av biologisk mangfald, både når det gjeld økosystem, arter og det genetiske mangfaldet. Vern er eit viktig element i ei berekraftig naturressursforvaltning. Gjennom kombinasjon av forvaltningstiltak for berekraftig bruk av naturressursane og langsiktig vern av enkelte område, kan ein nå det overordna målet om ei berekraftig forvaltning av det biologiske mangfaldet.
I denne samanhengen må det nøye vurderast kva for verkemiddel som er best eigna for å sikre dei aktuelle verneverdiane. Styresmaktene må derfor ta stilling til kva for lovverk som er eigna til å ta vare på verne- og brukarinteresser; naturvernlova, plan- og bygningslova eller lovene som dei ulike sektorane forvaltar. Dette gjeld både på land og i sjø. I dei områda som vert verna i medhald av naturvernlova, må ein ta stilling til kor geografisk omfattande vernet skal vere, kva for vernekategori og kva for forskrifter som er naudsynte for å sikre verneformålet. Dette vil klargjere kva for aktivitetar, m.a. næringsverksemd, som kan tillatast utan å stride mot formålet med vernet.
Det er eit viktig mål å sikre areal til hausting av naturressursar og matproduksjon i sjø. I St meld nr 29 (1996–97) Regional planlegging og arealpolitikk vert det peika på at kystsona er særs viktig både i nærings- og miljøsamanheng. Store befolkningsgrupper lever langs kysten, og kystsona er såleis viktig i næringssamanheng. Det kan derfor oppstå konkurranse mellom ulike grupper om bruken av dei same areala langs kysten. Dette stiller store krav til samordning og avveging mellom bruk og vern. Det er derfor viktig å få til eit samarbeid om planlegging og forvaltning av kystsona der omsynet til m.a. busetjing, distriktspolitikk, allmenta sine interesser, forureiningsituasjonen, biologisk mangfald, natur- og kulturminnevern, transport og ulike typar næringsverksemd er forsvarleg ivareteke.
3.1 Behov for områdevern
Boks 3.2 Vern etter naturvernlova skal medverke til å sikre
Viktige område for biologisk mangfald
Særeigne og/eller representative område
Referanseområde
Estetiske og kulturhistoriske verdiar
Etiske omsyn
Vern av naturverdiane er stadfesta i Grunnlova. I paragraf 110b gir lova offentlege styresmakter m.a. eit pålegg om ta ansvar for å ivareta miljøet. Styresmaktene kan iverksette naudsynte tiltak som sikrar mangfaldet og evna til produksjon i naturen. Vern av område på land og i sjø kan vere eit naudsynt verkemiddel i forvaltning av det biologiske mangfaldet saman med tiltak for ressursforvaltning i medhald av andre lover.
Områdevern kan vere motivert ut frå fleire ulike omsyn. Det overordna omsynet vil vere den medverknad vernet gir for å sikre det biologiske grunnlaget. I sjø vil motivet særleg vere å sikre særeigne eller representative område på regionalt nasjonalt eller internasjonalt nivå, for på den måten å sikre variasjon i naturtypar og arter i dei naturlege leveområda. Ved å verne representative område vil ein samstundes få referanseområde av stor verdi for vitskapen. Vernet kan òg vere motivert ut frå at lokalitetar kan ha særleg stor produktivitet eller stort biologisk mangfald, eller at området har ein viktig funksjon til dømes som trekklokalitet, overvintrings-, beite- eller fjørfellingsområde for ulike fuglearter. I tillegg kan områdevern vere grunngitt ut frå etiske, kulturelle og estetiske forhold.
Det etiske aspektet ved å verne natur er m.a. knytt til naturen sin eigen verdi ved at levande arter har rett til å eksistere i seg sjølve, utan at dei treng å ha ein nytteverdi for menneska. Nolevande generasjon pliktar i høve til komande generasjonar å overlevere naturgrunnlaget på ein slik måte at det ikkje reduserer deira eksistensgrunnlag. Ingen har moralsk rett til å øydeleggje, forringe eller utrydde naturtypar og arter som har utvikla seg gjennom millionar av år. Måten vi utnyttar naturressursane på vil vere avgjerande for om det er etisk forsvarleg eller ikkje. Kulturarven er òg eit felleseige som vi har eit etisk ansvar for å ta vare på for framtidige generasjonar. Dersom den ikkje vert teken vare på, vil denne delen av vårt felleseige vere tapt for alltid. Kulturminne er eit kunnskapslager i forhold til gammal teknologi og byggeskikk og kan vere dei einaste kjelder til kunnskap om menneske sitt liv og virke frå eldre tid.
Det estetiske og kulturhistoriske motivet for å verne område er knytt til at norsk kultur og tradisjon i stor grad har samanheng med dei naturgitte vilkåra. Kystlandskapet er eit godt døme på dette. For å ta vare på nasjonal eigenart og identitet er det viktig å ta vare på ulike natur- og kulturlandskap som er typiske for ulike landsdelar og ulike tidsepokar. I så måte er vår lange og særeigne kyst ein unik landskapstype både nasjonalt og internasjonalt. Kulturlandskap og urørt natur er dessutan viktig i sosial samanheng for naturoppleving, friluftsliv og rekreasjon. Utviklinga i samfunnet har ført til at område som ikkje er påverka av inngrep er kraftig redusert i omfang. Kulturlandskapet langs kysten er eit resultat av bruk gjennom generasjonar. For at landskapet skal verte teke vare på, er det viktig å sikre vidare bruk av områda og dermed grunnlaget for busetjing.
3.1.1 Behov for å verne sjøområde
Sjøen og sjøbotnen med tilhøyrande plante- og dyreliv er viktige delar av naturverdiane i landet og er såleis like viktige å ta vare på som landareala. Vern av sjøareal kan vere grunngitt i vernebehov i tilknyting til land og til reint undersjøisk vernebehov. Vernet byggjer på dei same kriteria som på land når det gjeld å sikre økosystem, referanseområde eller å ta vare på område som i det vesentlege er urørde.
Vern av sjøområde i medhald av naturvernlova har til no i hovudsak vore knytt til vern av område på land. Sjøområde som er verna i denne samanhengen, har ein funksjonell og nær økologisk samanheng med landareala. Ved vern av sjøfugllokalitetar eller våtmarkslokalitetar kan sjøen vere naudsynt for fuglane sin næringstilgang, avhengig av art og kva for næring dei ulike artene føretrekkjer. Sjøfugl som skarv og teist brukar t.d. tareskogen i nærleiken av kolonien til matsøk. Andre arter, som lunden, flyg lange vegar for å oppsøkje sildyngel og anna fisk. Sjøområda kan òg vere viktige i samband med dei periodane fuglane feller fjør. I slike høve er det arealet meir enn organismane i sjøen som er verneformålet. Vern av sjøareal kan vere naudsynt for å hindre aktivitet på sjøbotnen som kan endre bølgjemønsteret som vidare kan verke inn på vegetasjon og lausmassar i strandsona, eller for å hindre annan aktivitet i området som indirekte kan skade eller forringe verneverdiane, t.d. ferdsel i område nær sjøfuglkoloniar. Det kan òg vere aktuelt å ta med sjøareal i verneområde av omsyn til det totale landskapsbiletet.
Formålet med vernet vil alltid vere avgjerande for omfanget av sjøareal som vert verna. Omfanget av sjøareal som vert innlemma i verneområda vil derfor variere t.d. etter kva for fugle- eller dyrearter ein ønskjer å ta vare på. Alt areal, både på land og i sjø, som vert innlemma i eit verneområde må tilfredsstille krava til dei ulike vernekategoriane i naturvernlova, jf. kapittel 5.1.1.3.
Det vil i framtida også vere behov for å ta vare på reint marine eller undersjøiske naturkvalitetar i Noreg. Ikkje minst vil det vere behov for referanseområde, der økosystema fungerer i mest mogleg urørt stand, jf kap 9.
3.1.2 Vernepolitikken i dag
3.1.2.1 Føresetnader for vernepolitikken
Boks 3.3 Døme på verneområde som omfattar sjøareal
Det er i Noreg oppretta fleire verneområde der sjøområda har ein viktig funksjon for verneformålet. Døme på slike område er:
Froan naturreservat og landskapsvernområde med til saman 24 km2 landareal og 460 km2 sjøareal
Jærstrendene landskapsvernområde med til saman ca 16 km2 landareal og ca 15 km2 sjøareal
Listastrendene landskapsvernområde med ca 4,2 km2 landareal og ca 2,7 km2 sjøareal
Øra naturreservat med 2,3 km2 landareal og 13,3 km2 sjøareal.
I tillegg kjem vern av fleire mindre våtmarksområde og sjøfugllokalitetar der sjøområda er viktige element i det biologiske samspelet i kystnaturen.
Det politiske grunnlaget for norsk vernepolitikk har vore drøfta av Stortinget ved fleire høve. I St meld nr 68 (1980–81) Vern av norsk natur vart det peika på kor viktig det er å ta vare på produksjonsevna til naturen, m.a. produksjonsgrunnlaget i havet. Gjennom behandling av meldinga vedtok Stortinget gjennomføring av tematiske fylkesvise verneplanar for fire av dei mest utsette naturtypane; våtmarker, myr, sjøfugl og edellauvskog. Det vart òg teke sikte på å gjennomføre tematiske verneplanar for andre naturtypar som t.d. verdfulle strandenger. Framlegga til kystverneplanane i Nordland og Troms er ei samanslåing av ulike tematiske verneplanar i dei to fylka. Vern av barskog vart behandla separat gjennom Landsplan for vern av barskog som vart vedteken i samband med statsbudsjettet for 1991, St prp nr 1 (1990–1991), og St meld nr 40 (1994–95) Om opptrapping av barskogvernet fram mot år 2000. Barskogvernet har ei arealramme med ei tilhørande kostnadsramme. Totalt er det vedteke freding av 569 km2 produktiv barskog. Barskogvernet er planlagt gjennomført i 2 fasar gjennom regionale verneplanar for Aust-Noreg, Vest-Noreg, Midt-Noreg og Nord-Noreg. Etablering av nasjonalparkar og andre større verneområde vart behandla gjennom St meld nr 62 (1991–9 2) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge som i hovudsak fikk tilslutning i Stortinget våren 1993, jf Innst S nr 124 (1992–93). I meldinga vart det m.a. orientert om utgreiingar som dannar grunnlag for det vidare arbeid med ein landsplan for marine verneområde. Vernepolitikken er òg teken opp i St meld nr 58 (1996–97) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling , der det vart påpeika at oppretting av særskilde verneområde i medhald av naturvernlova framleis skal vere ein berebjelke i arbeidet med å sikre det biologiske mangfaldet i Noreg, og at sluttføringa av verneplanarbeidet skjer i tråd med tidlegare retningslinjer. I denne stortingsmeldinga er det peika på fleire naturtypar knytt til kyst og hav, som t.d. tareskogar, nokre straumrike område med hardbotnfauna og korallrev som krev særleg merksemd i den framtidige arealforvaltninga. Stortingsmeldinga peikar òg på ei rekkje trugsmål for kulturminne langs kysten. Det vart fokusert på at bevisstgjering om verdiar knytt til kulturminne er eit viktig verkemiddel i tillegg til fysisk sikring gjennom m.a. fylkesvise verneplanar og verneplanar for fyrstasjonar. Regjeringa har òg gjort greie for framdrifta i verneplanarbeidet i dei årlege budsjetta. I St meld 29 (1996–97) Regional planlegging og arealpolitikk vart det understreka at mange landskapstypar er i ferd med å forsvinne eller verte redusert av ulike årsaker. Det vert vidare skissert ei rekkje mål for planlegging og forvaltning av kulturmiljø, landskap og landskapsbilete.
3.1.2.2 Status og omfang av verneplanarbeidet
Vern i medhald av naturvernlova
På bakgrunn av internasjonale tilrådingar og tidlegare vedtak i Stortinget har Noreg forplikta seg til å verne eit tverrsnitt av norsk natur. Pr i dag er ca 21 372 km2 eller ca 6,5 % av Noreg sitt samla areal innafor territorialgrensa, utanom Svalbard, verna i medhald av naturvernlova. Det meste av dette verna arealet ligg innafor grunnlinja, og omfattar både land- og sjøareal. Dersom dei fylkesvise tematiske verneplanane, inkludert framlegga til dei to kystverneplanane i Nordland og Troms, nasjonalparkplanen og barskogplanen vert gjennomført, kan dette føre til om lag ei dobling av det totale vernearealet. Dette er i samsvar med internasjonale tilrådingar med omsyn til dei enkelte landa sitt ansvar og medverknad til å sikre eit representativt utval av økosystema i verda. Som det framgår av figur 3.2 ligg dei største verna areala i innlandet, medan kyst- og sjøområda førebels er relativt dårleg representert. Norsk sjøareal ut til grunnlinja utgjer ca 90 126 km2 . Pr. i dag er i underkant av 1130 km2 av dette verna i medhald av naturvernlova.
Av totalt 70 fylkesvise verneplanar står det no att 14. 2 av desse er kystverneplanane i Nordland og Troms. Av omsyn til dei store verne- og næringsinteressene knytt til kystsona i desse to fylka, fann ein det formålstenleg med ein total gjennomgang av verneverdiane i kystsona for best mogleg å kunne ta vare på heilskapen i det biologiske mangfaldet og samstundes finne løysingar som i størst mogleg grad tek omsyn til næringsinteressene. Av andre resterande verneplanar som kan påverke næringsinteresser i kystsona, er framlegg til verneplanane for sjøfugl i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.
I tillegg til dei resterande fylkesvise verneplanane, er det utarbeidd framlegg til verneplan for havstrand og elveos i Møre og Romsdal. Dette er naturtypar som vart nemnt som særs trua i St meld nr 58 (1996–97) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling . Det kan og vere aktuelt å fremje ein verneplan for Oslofjorden, slik det framgår av den same stortingsmeldinga.
Den nye landsplanen for nasjonalparkar og andre større verneområde i Noreg, som er ein rammeplan for norsk nasjonalparkpolitikk i åra som kjem, omfattar framlegg om vern av om lag 50 større naturområde der 14 er utviding av eksisterande nasjonalparkar. Tre av områda i nasjonalparkplanen; Vegaøyane, Røstøyane og Svellingsflaket, ligg no inne som ein del av framlegg til kystverneplanen i Nordland. Ånderdalen og Rebbenesøy ligg inne som delar av framlegg til kystverneplanen i Troms. Arbeidet med sikte på landskapsvernområde i Ytre Skjærgård Mandal og Kristiansand og Ytre Skjærgård Flekkefjord er starta opp. Alle desse framlegga vil omfatte sjøareal. Andre område i nasjonalparkplanen som omfattar eller grensar til sjø er t.d. Tysfjord-Hellemobotn, Seiland, Lyngsalpane, Nærøyfjorden og Varangerhalvøya. Framlegg om vern av Hvaler i Østfold og Hustadvika i Møre og Romsdal var ikkje blant områda som vart sendt på høyring av Statens naturvernråd si landsplaninnstilling (NOU 1986:13), men kom fram under høyringa av planen. Desse framlegga vil verte vurdert i samband med ein framtidig marin verneplan, jf. kapittel 9.
Vern av barskog vert gjennomført som regionvise planar for Nord-Noreg, Midt-Noreg, Vest-Noreg og Aust-Noreg. Pr. i dag er det vedteke regionvise planar for Midt-Noreg (fase 1) og Aust-Noreg (fase 1).
Boks 3.4 Aktuelle plantypar i kystsona i Nordland og Troms
Verneplanarbeidet i medhald av naturvernlova skjer i hovudsak gjennom fylkesvise verneplanar, nasjonalparkplanen og regionvise barskogplanar. Fylkesdelplanar vert utarbeidde i medhald av plan- og bygningslova. Marin verneplan der både naturvernlova, plan- og bygningslova og saltvassfiskelova er aktuelle verkemiddel, er under førebuing.
Planar forankra i naturvernlova:
Fylkesvise verneplanar for våtmarker i Nordland og Troms
Verneplan for våtmarker er eit ledd i det landsomfattande arbeidet med tematiske verneplanar. Verneplan for våtmarker i Nordland vart vedteken ved kongeleg resolusjon 19. desember 1997. Våtmarksplan for Troms vart vedteken 8. desember 1995. Planane dekkjer heile fylket, og det er lagt hovudvekt på å ta vare på våtmarksfugl, i mindre grad på heilskapen i det biologiske mangfaldet som ein legg opp til i kystverneplanane. 8 område lokalisert til kystsona i våtmarksplanen for Nordland vart tekne ut under sluttbehandlinga og vil så langt det er føremålstenleg, verte vurdert i samanheng med behandling av kystverneplanen.
Kystverneplanar
Det er utarbeidd framlegg til kystverneplanar berre i fylka Nordland og Troms. Dei fylkesvise verneplanane omfattar tematiske verneplanar for myr, våtmark, sjøfugl og edellauvskog. I Nordland og Troms er det gjort framlegg om kystverneplanar som er ei samanslåing av ulike tematiske verneplanar, der både zoologiske-, ornitologiske-, botaniske- og kvartærgeologiske verdiar inngår. Dette vil sikre eit heilskapleg vern av det biologiske mangfaldet, der ein legg heile økosystemet til grunn for vurderinga. I Nordland og Troms vil det derfor ikkje verte utarbeidd eigne verneplanar for sjøfugl. Målet med kystverneplanane er å få ein heilskapleg gjennomgang av verneinteressene i kystsona, slik at ein sikrar ei heilskapleg vurdering av verne- og næringsinteressene.
Nasjonalparkplanen
Den andre landsplanen for nasjonalparkar fikk tilslutning av Stortinget i 1992 gjennom behandling av St meld nr 62 (1991–92). Rammeplanen omfattar framlegg om vern av ca. 50 større natur-
område, der 14 er utviding av eksisterande nasjonalparkar. Tre av områda i nasjonalparkplanen; Vegaøyane, Røstøyane og Svellingsflaket, ligg no inne som ein del av framlegg til kystverneplanen i Nordland. Ånderdalen og Rebbenesøy ligg inne som delar av framlegg til kystverneplanen i Troms. Det er verna noko sjøareal som ein del av Saltfjellet/Svartisen nasjonalpark. Framlegget om nasjonalpark i Tyssfjord/Hellemobotn vil òg omfatte noko sjøareal.
Planar forankra i plan- og bygningslova:
Fylkesdelplan for kystsona
I medhald av plan- og bygningslova er det godkjent fylkesdelplan for kystsona i Nordland 16.12.1998, medan det i Troms er under utarbeiding ein slik fylkesdelplan. Fylkesdelplanane er ikkje juridisk bindande, men skal vere rettleiande for t.d. kommunal planlegging, og eventuelt danne grunnlag for motsegn dersom det er aktuelt. Planane skal vere eit verkemiddel for å oppnå samordna planlegging, både når det gjeld arealbruk og anna samfunnsplanlegging. Fylkesdelplanar vert behandla av fylkestinget før dei vert oversende Miljøverndepartementet for sluttbehandling og sentral godkjenning.
Kommunale kystsoneplanar
Kommunal planlegging i kystsona skjer i første rekkje gjennom kommuneplan. Arealdelen i den ordinære kommuneplanen kan omfatte kystsona, eller ein kan utarbeide eigne kommunedelplanar for kysten – ofte kalla kystsoneplanar. Ei rekkje kommunar i dei to fylka har planar som omfattar kystsona. Arealdelen av kommuneplanen er bindande og vil langt på veg avgjere kva ulike delar av kystsona kan brukast til.
Planar der fleire lovverk er aktuelle som forankring:
Marin verneplan
Det er førebels ikkje verna område i Noreg ut frå reint marine naturkvalitetar, dvs vern der formålet åleine er retta inn mot undersjøiske naturførekomstar. Det er kartlagt område i Nordland og Troms som kan vere aktuelle i samband med marint vern. Ein marin verneplan vil kunne omfatte både vern i medhald av naturvernlova og sikring av marine verdiar i medhald av saltvassfiskelova og lov om norsk økonomisk sone, kanskje i kombinasjon med plan- og bygningslova, jf kap 9.
Vern i medhald av kulturminnelova
I mange kystområde er kulturminna truga på grunn av forfall og fråflytting. I det vidare arbeid med vern er det derfor viktig å ikkje leggje unødige hindringar i vegen for utvikling av næringsverksemd. I andre område som t.d. delar av Oslofjordområdet, er utbyggjing og press på areala den største faren. Ein annan trussel er manglande bevisstgjering og kunnskap om kulturminne. Fleire kulturminne knytt til kysten går tapt kvart år fordi ein ikkje er klar over verdiane av dei, eller ser konsekvensane av ulike tiltak som vert gjennomførde. Oppbyggjing av kunnskap og kompetanse er viktige tiltak for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø i tillegg til aktuelle økonomiske verkemidlar som ulike styresmakter rår over. Samarbeid på tvers av sektorer og mellom ulike forvaltningsnivå er viktig for å oppnå positive verknader for kulturminne og kulturmiljø.
Gjennomførde fredingar omfattar berre ein liten del av dei verneverdige bygningane og områda i Noreg. Den vedtaksfreda bygningsmassen avspeglar i for liten grad kulturminne frå ulike næringsvegar og kystkulturen. Svært få større samanhengande område er freda etter kulturminnelova. Det er eit mål å sikre eit breitt utval av kulturminne og kulturmiljø langs kysten og medverke til å halde oppe bu- og sysselsetjing ved å sjå på verdiar og potensiale i miljøet. Riksantikvaren har derfor utarbeidd planen “Vern av faste kulturminne langs kysten” som femner om 18 anlegg fordelt på alle kystfylka. Fiskehamner, fiskevær, husmannsplassar, skipsbyggeri, naustmiljø, kai- og slippanlegg er med i denne planen.
Fyrstasjonane langs kysten er mellom dei mest markante kulturminna i landet, og karakteriserer Noreg som kyst- og sjøfartsnasjon. Automatisering og avfolking gjer at ein vesentleg del av kysten si kulturhistorie står i fare for å forsvinne. Riksantikvaren har derfor i samarbeid med Kystdirektoratet utarbeida Nasjonal verneplan for fyrstasjonar . Eit representativt utval på 85 fyrstasjonar og 4 tåkeklokker utgjer den nasjonale grunnstamma av fyrstasjonar det er verd å ta vare på. Ved utgangen av 1998 var 47 freda i medhald av kulturminnelova, medan det er gjort framlegg om freding av dei resterande stasjonane. Framlegga om freding femner heile fyrstasjonen med bygningar, landing, naust, vegar og andre anleggselement. I tillegg har Riksantikvaren utarbeidd ein verneplan for tekniske og industrielle kulturminne. Enkelte av desse anlegga omfattar kulturminne langs kysten. Ein tek vidare sikte på at alle fylke skal utarbeide fylkesvise verneplanar. Der det er aktuelt, vil kystlandskap og kystkultur inngå i desse planane .
Det pågår 11 saker med tanke på freding av heilskaplege kulturmiljø i medhald av kulturminnelova § 20. Kystlandskap vil inngå i nokre av desse områda; Utstein i Rennesøy kommune, Sogndalsstrand i Sokndal og Sørgjeslingan i Vikna kommune. Havråtunet i Osterøy kommune vart freda som kulturmiljø i desember 1998. Vern i medhald av kulturminnelova vil i liten grad påverke næringane knytt til fiskerisektoren.
3.2 Samspelet mellom berekraftig ressursforvaltning og vern – sektorane sitt miljøansvar
Vern i medhald av naturvernlova er eit verkemiddel som vert nytta i eit avgrensa omfang på areal med nasjonale verneverdiar. Med aukande utnytting av naturen vert forvaltninga av mangfaldet utanom verneområda meir og meir avgjerande. For å oppnå berekraftig forvalting av sjøareal og det biologiske mangfaldet i sjø, er den nasjonale og internasjonale ressursforvaltninga eit sentralt verkemiddel. Noreg har både nasjonalt og internasjonalt arbeidd dei siste 10 åra for å fremje ei berekraftig utnytting av ressursane basert på vitskapeleg rådgiving og føre-var prinsippet. Konvensjonen om biologisk mangfald legg viktige premissar for dette arbeidet.
På det meste av landarealet vil arealdisponering etter plan- og bygningslova samordne ulike interesser, medan ulike sektorar medverkar til å ta vare på naturverdiar gjennom ei berekraftig ressursforvaltning i medhald av sine eigne lover
I sjø vil forvaltninga av dei levande marine ressursar i all hovudsak skje gjennom sektorlovverket. Det pågår kontinuerleg arbeid innafor fiskeriforvaltninga for å sikre at utnyttinga av dei marine økosystema ligg innafor økologisk forsvarlege rammer. Såleis er det eit sentralt mål m.a. i forvaltninga av havbruksnæringa å sikre omsynet til det kringliggjande miljø.
I sjøen medverkar havstraumar og varierande temperaturskilnader til høg grad av mobilitet hos mange av artene. Ved bruk av lover som regulerer uttaket av levande marine ressursar, er det mogleg å ta utgangspunkt i den aktuelle ressursen og iverksetje tiltak som gjeld heile leveområdet for den aktuelle bestanden. For å ta vare på biologisk mangfald i sjøområde, vil derfor ressursforvaltning som sikrar berekraftig bruk, i mange høve vere meir formålstenleg enn vern av område og arter i medhald av naturvernlova. Med berekraftig bruk meiner ein i denne samanheng at fiske og fangst skjer på bestandar som tåler utnytting, og at ressursuttaket skjer i samsvar med vitskapleg rådgiving basert på m.a økosystemtilnærming og føre-var prinsippet. Utnytting av ressursane i havet, både dei levande marine ressursar og t.d. utvinning av olje og gass, skal skje på ein slik måte at ikkje havmiljø, havbotn og det biologiske mangfaldet vert påført uboteleg skade.
Fiskerilovgivinga er eit meir avgrensa verkemiddel enn naturvernlova når det gjeld å leggje restriksjonar på fleire typar aktivitetar innafor eit område. Berekraftig ressursforvaltning i medhald av fiskerilovgivinga og vern av enkeltområde i medhald av naturvernlova er to verkemiddel som utfyller kvarandre. I samband med utforming av ein politikk for vern i sjø er det naudsynt å drøfte i kor stort omfang ein skal bruke områdevern i medhald av naturvernlova som verkemiddel. Det bør m.a. leggjast vekt på kva som er verneformålet og kva det skal vernast mot. Dette spørsmålet heng òg saman med korleis ansvaret for miljø skal fordelast mellom miljøvernstyresmaktene og sektorstyresmakter som t.d. fiskeristyresmaktene.
Prinsippet om at alle sektorar har eit sjølvstendig ansvar for å ta miljøomsyn på sitt område står sentralt i norsk miljøvernpolitikk. Det er slått fast at det er naudsynt å ta i bruk verkemiddel, kunnskap og kreativitet på kvar enkelt sektor for å sikre berekraftig utvikling, og for å førebyggje miljøskadar. Miljøvernstyresmaktene er tillagt ansvaret for å samordne Regjeringa sitt arbeid med å fastsetje dei miljøvernpolitiske måla, nasjonalt og for sektorane. Miljøvernstyresmaktene har ansvaret for å sikre eigna system for overvaking av miljøtilstanden og for å samarbeide med sektorstyresmaktene om resultatrapporteringa. Sektorstyresmaktene er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka. I St meld nr 58 Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling er det lagt opp til at sektorane sitt ansvar skal verte gjort tydeleg gjennom utarbeiding av sektorvise miljøhandlingsplanar.
Innarbeiding av omsynet til berekraftig utvikling står sentralt i alle dei næringsaktivitetane fiskeristyresmakta forvaltar, m.a. fiske og fangst, havbruk, forvaltning av tang- og tareressursane, fiskeforedling, kystadministrasjon og sjøtransport. Dette framgår m.a. i St meld nr 48 (1994–95) om havbruk og St meld 51 (1997–98) Perspektiver på utvikling av norsk fiskerinæring, og det framgår av dei årlege budsjettproposisjonane til Fiskeridepartementet. Mål og strategiar for å ivareta omsynet til biologisk mangfald innafor fiskeri- og havbrukssektoren er òg omtalt i St meld nr 58 (1996–97 ) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling. Ei nærare konkretisering av miljøomsyn i fiskerisektoren samt i olje-og energisektoren, vil skje i miljøhandlingsplanane for sektorane som vil verte lagt fram i samband med statsbudsjettet for år 2000.
3.3 Internasjonalt samarbeid og forpliktingar
Fordi mange av miljøutfordringane er grenseoverskridande, har Noreg miljøsamarbeid med andre land. Dei ulike konvensjonane som Noreg har ratifisert og dermed forplikta seg til, ligg til grunn for vårt internasjonale samarbeid. Gjennom sitt medlemskap i IUCN har Noreg òg vore med på leggje retningslinjer m.a. for kor stort areal som bør vernast. På generalforsamlinga i IUCN på Bali i 1981 vart det vedteke ei tilråding om at landa skulle verne minst 10 % av naturtypane i sitt territorium innan år 2000. Dei viktigaste konvensjonane og avtalene i samband med forvaltninga av sjø- og kystområde og som dannar viktig grunnlag for norsk naturforvaltning, er konvensjonen om biologisk mangfald, Ramsarkonvensjonen om vern av våtmarker og Bernkonvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr og dei naturlege leveområda deira. Arktisk råd har som overordna målsetting å sikre ei berekraftig utvikling i dei arktiske områda. Gjennom programmet for vern av arktisk flora og fauna (CAFF) er det i noko grad òg fokusert på marine verneområde. I samband med strategien og handlingsplanen for å etablere eit sirkumpolart representativt nettverk av verneområde (CPAN) vert landa oppmoda til å fokusere på marine aspekt i samband med oppretting av nye verneområde i Arktis.
Noreg har sterke interesser knytt til hav og kyst, og har derfor gjennom fleire år lagt stor vekt på internasjonalt samarbeid knytt til havmiljøet. For å kunne få til ei berekraftig forvaltning av hav- og kystområda, må ein sjå forvaltning av levande ressursar, reduksjon i forureining, inngrep i kystsona m.m. i samanheng. Regjeringa arbeider m.a. for felles problemoppfatning og bindande internasjonale miljøvernavtaler innafor FN. Blant miljøspørsmåla i denne samanheng er arbeidet gjennom Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) om hav og miljøgifter og levande marine ressursar og i FN-organisasjonen for mat og landbruk (FAO). Det regionale arbeidet med havforureining innafor m.a. konvensjonen om å hegne om det marine miljø i det nordaustlege Atlanterhavet (OSPAR-konvensjonen) og Nordsjøsamarbeidet er viktig for Noreg, m.a. i arbeidet for å sikre tilfredsstillande vasskvalitet og førebyggje algeoppblomstring. Dei siste åra har Nordsjøsamarbeidet i aukande grad fokusert på fiskeri- og miljøspørsmål. I arbeidet knytt til OSPAR- konvensjonen har det vorte meir fokus på vern av arter og leveområde ut frå ei økosystembasert forvaltning. Såleis vedtok OSPAR ministermøtet i 1998 eit nytt vedlegg V til konvensjonen om å hegne om og ta vare på økosystem og biologisk mangfald i det maritime området. I nordisk samanheng er det samarbeid om ein miljø- og fiskeristrategi der det overordna formålet er å integrere omsyn til miljøet i fiskerisektoren. Sikring av eit godt havmiljø som basis for biologisk mangfald vil igjen vere grunnlag for berekraftige fiskeri-, fangst- og havbruksnæringar.
3.4 Vidare politikk for samspelet mellom vern og berekraftig ressursforvaltning i kystsona
Regjeringa viser til at Noreg både nasjonalt og internasjonalt er forplikta til å ivareta biologisk mangfald for framtidige generasjonar gjennom vern og berekraftig bruk.
Regjeringa meiner derfor det er ei utfordring å finne fram til dei best eigna verkemidla for å ta vare på naturverdiane og næringsressursane i kystsona. Kva for verkemiddel som er mest formålstenlege avheng av kva for naturverdiar og kva for næringsinteresser det er tale om. Ein må derfor gjere ei individuell vurdering av dette i kvart einskilt høve.
Regjeringa viser til at det i kystsona er naturverdiar som fleire stader kvalifiserer til vern i medhald av naturvernlova. Til no er kystsona relativt dårleg representert i vernesamanheng samanlikna med innlandet. Samstundes er ressursane i kystsona viktig i næringsamanheng, for busetjing, rekreasjon og anna bruk.
Forvaltninga av kystsona skjer dels gjennom sektorlover og dels gjennom planlegging etter plan- og bygningslova. Regjeringa viser til at det er aktuelt å verne berre ein liten del av det totale arealet i kystsona i medhald av naturvernlova. Innafor verneområde vil ulike sektorlover gjelde for aktivitetar som ikkje er i strid med verneformålet. På mesteparten av sjøarealet vil ein måtte ivareta det biologiske mangfaldet gjennom lovverka til dei ulike sektorane, i første rekkje fiskerilovgivinga. Alle sektorar er ansvarleg for å innarbeide omsyn til miljø i si verksemd. For fiskerisektoren vil dette verte nærare konkretisert gjennom den sektorvise miljøhandlingsplanen som ein skal utarbeide i løpet av 1999 .