2 Kvifor breiband?
Ein velutvikla infrastruktur er ein føresetnad for ein effektiv økonomi. Allereie i 1990 peikte Al Gore, som seinare blei visepresident i USA, visjonært på behovet for ein «nasjonal motorveg for datainformasjon». I dag, 13 år seinare, er problemstillinga høgaktuell i dei fleste industrialiserte land. I dagens informasjonssamfunn blir det produsert, brukt og formidla store informasjonsmengder. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien er i omfattande bruk i heile samfunnet. Framveksten av Internett frå 1995 og til no har påverka arbeidsmåtar og økonomiske og sosiale forhold.
Utfordringane i IT-politikken er korleis vi kan sikre at vi når måla våre på viktige samfunnsområde – om det er arbeidet for eit betre helsevesen, ein betre skule, eller innovasjon og utvikling av eit kunnskapsbasert næringsliv.
Noreg er ein liten økonomi, med stort innslag av handel med utlandet. Dette har gitt grunnlag for omfattande eksportinntekter opp gjennom åra, spesielt innanfor olje og gass, aluminium og fiskerinæring. Inntektene har resultert i at Noreg i dag er eit av dei rikaste landa i verda, målt ved bruttonasjonalprodukt per innbyggjar. I tillegg har inntektene ført til at vi har ein særs godt utbygd velferdsstat. For at vi skal kunne halde oppe den høge levestandarden, er det viktig at desse konkurranseutsette næringane har gode konkurransevilkår. Tilgang til breiband er for mange bedrifter ein føresetnad dersom dei framleis skal vere konkurransedyktige.
Det er venta at utbygging og bruk av breiband skal ha positive verknader, blant anna fordi det kan leggje til rette for å:
Halde oppe konkurranseevna til norsk næringsliv gjennom auka effektivitet og verdiskaping, innovasjon og mangfald i heile landet, og utvikle dugleikar og kompetanse blant arbeidstakarar.
Forbetre balansen mellom næringar og samfunn i distrikta og byane med ein breiare økonomisk aktivitet, og betre moglegheitene for variert arbeid i distrikta.
Forbetre offentlege tenester gjennom auka effektivitet ved bruk av nye arbeidsmåtar, nye informasjonssystem, og betre fordeling av knappe ressursar over heile landet med fleksible løysingar for å tilfredsstille lokale behov. 1
Fleire av desse fordelane vil gjelde private og offentlege institusjonar i dei fleste kommunar, regionar og land som oppnår ei brei geografisk dekning av breiband.
Breiband gir høve til effektiv elektronisk forretningsdrift, og kan føre til innovasjon ved at nettet blir teke i bruk til nye eller endra aktivitetar. I tillegg får bedriftene ein internasjonal marknad dei kan konkurrere og utvikle seg i. For bedriftene vil satsing på breiband bety endringar i næringsstrukturen, og måten produksjonen blir organisert på. Nye produkt og marknader blir skapte i stort tempo. Dette påverkar arbeidsoppgåver, organisasjon, yrke og samhandling mellom økonomiske aktørar og sektorar.
Noreg har ein stor offentleg sektor som sysselset ein tredjedel av arbeidsstyrken. Det blir skapt omfattande verdiar i denne sektoren, men ressursbruken blir finansiert av skattar og avgifter som normalt verkar negativt på økonomien. Difor blir det avgjerande å effektivisere offentleg sektor og tilby nye og betre tenester til brukarane.
Det har tradisjonelt vore metodiske problem med å vurdere gevinstar av IT-investeringar i offentleg og privat sektor. Undersøkingar tyder no på at dei økonomiske gevinstane ved slike investeringar er i ferd med å bli realiserte gjennom auka produktivitet og vekst. Både i OECD og EU snakkar ein om at det såkalla «produktivitetsparadokset» 2 blir borte, fordi ein byrjar å kunne dokumentere positive gevinstar i form av produktivitetsgevinstar i bedriftene og økonomisk vekst.
I prinsippet måler produktivitetsveksten kor mykje av produksjonsveksten som ikkje kjem av auka bruk av ressursar. Produktivitetsutviklinga kan såleis seiast å vere eit uttrykk for evna til å produsere varer og tenester meir effektivt eller «smartare» enn før. Over eit tidsrom er produktiviteten avgjerande for kor høg lønn det konkurranseutsette næringslivet kan tilby. Di høgare produktivitetsveksten er, di meir kan vi ta ut i form av lønnsaukar eller auka fritid. 3
Boks 2.1 Produktivitet og IT
Ei rekkje indikasjonar tyder på at investeringar i IT har ein innverknad på økonomien som er synleg også i eit makroøkonomisk perspektiv. Berekningar frå OECD viser til dømes at Noreg i siste halvdel av 1990-talet opplevde ein vekst i total faktorproduktivitet (TFP)* på linje med USA, som i same periode blei trekt fram som eksempel på eit land der nettopp auka bruk av IT hadde ført til auka produktivitetsvekst. Ifølgje SSB sine siste produktivitetsberekningar er det utviklinga innanfor privat tenesteyting, og i særleg grad innanfor varehandel og innanriks samferdsel, som har lyfta TFP-veksten i Fastlands-Noreg det siste tiåret. Mykje tyder på at innovasjon gjennom utnytting av ny teknologi er blant årsakene til denne veksten.
I tillegg er det grunn til å tru at investeringar i IT har gitt omfattande produktivitetsvekst som ikkje blir fanga opp i tilgjengeleg økonomisk statistikk. Til dømes har finansnæringa opplevd ei rask utvikling av produkt og tenester og ein omfattande overgang til ny teknologi og nye distribusjonsformer. Betalingsformidlinga er rasjonalisert, nettbankane har opplevd ei veldig kundetilstrøyming og ny teknologi har gjort det mogleg med nye og effektivitetsframande løysingar for næringslivet. Samtidig veit vi at statistikken i beste fall berre måler kostnadsinnsparingane til bankane, og ikkje velferdsauken som er blitt forbrukarane til del.
At informasjonsteknologi er ein teknologi som er synleg på makronivå, heng saman med det breie bruksområdet teknologien har, og fleire økonomar har i dette perspektivet trekt parallellen til innføringa av andre teknologiar med stor nytteverdi, slik som dampmaskina, dynamoen og elektrisiteten. Eit trekk som kjenneteiknar desse «teknologiske revolusjonane», var at dei skjedde i eit samspel med store organisatoriske endringar i arbeidslivet. Det er velkjent at eit slik samspel mellom innføringa av ny teknologi og organisatoriske endringar er kostnadskrevjande og tek tid. Ein viktig fellesnemnar for satsinga på desse områda er at avkastninga ligg i auka framtidig produktivitet av arbeidskraft og andre ressursar.
* Veksten i totalfaktorproduktivitet (TFP) måler skilnaden mellom den relative produksjonsveksten og veksten i ein indeks som uttrykker veksten i ressursinnsatsen. Di meir detaljert ein kan spesifisere og måle produksjonen og ressursinnsatsen, di betre blir TFP som mål på teknologisk utvikling eller evna til å utnytte ei gitt mengd innsatsfaktorar. Arbeidskraftsproduktivitet er eit meir hyppig brukt produktivitetsmål, blant anna fordi det enkelt kjem fram som forholdet mellom produksjon og arbeidsinnsats. Slik arbeidskraftproduktiviteten blir målt, kan vi få vekst i indikatoren også av andre årsaker enn at vi jobbar «smartare». Auka arbeidskraftproduktivitet kan dekomponerast i bidrag frå auka bruk av andre innsatsfaktorar (bruk av meir kapital eller andre ressursar perarbeidstime vil normalt gi auka produksjon) og TFP. Arbeidskraftsproduktivitet er difor ikkje noko godt mål på den reine produktivitetsveksten, fordi arbeidskrafta kan bli meir produktiv ved at ho får tilført meir realkapital og produktinnsats. TFP er difor rekna for å vere eit betre mål på den «reine» produktivitetsveksten.
Kjelde: Econ 2003, IKT og produktivitet
Det kan vere omfattande nettverks-eksternalitetar knytte til breiband. Positive nettverks-eksternalitetar inneber at einingsverdi av eit produkt eller eit system er aukande med talet på brukarar. Dette vil gjelde for nye tenester som ikkje er kompatible med andre typar tenester og eksisterande teknologi. Dersom nettverket til dømes blir brukt til videokonferansar, vil nytten (eller betalingsviljen) for denne tenesta auke i samsvar med talet på potensielle konferansepartnarar.
Breibandsaksess og breibandsinnhald og -tenester er komplementære goder. Det eine er verdilaust utan det andre; di fleire attraktive innhaldsleverandørar ein brukar kan nå, di større verdi har ei tilkopling for brukaren, og di fleire brukarar ein innhaldsleverandør kan nå, di større inntektspotensial får denne aktøren.
Når det blir introdusert goder med slike karakteristika, står ein overfor eit «høna og egget»-problem. Innhaldsaktørane vil ikkje produsere attraktivt innhald før kundeopptaket har nådd eit visst nivå, slik at dei kan nå ei mengd kundar med innhaldet eller tenesta si, og brukarane vil ikkje skaffe seg breiband før det finst attraktivt innhald og tenester tilgjengeleg.
Noreg er eit av dei tynnast befolka områda i Europa med 14 personar per kvadratkilometer. Dette gir spesielle føresetnader for å skape lønnsemd i utbygging av infrastruktur.
Boks 2.2 Nytte/kostnadsanalyse og samfunnsøkonomisk effektivitet
Nytte-/kostnadsanalysar er eit verktøy for vurdering av samfunnsøkonomisk lønnsemd. I denne typen analyser gjer ein bruk av skiljet mellom bedriftsøkonomisk og samfunnsøkonomisk lønnsemd. I bedriftsøkonomiske analyser av lønnsemd blir prosjekt og investeringar vurdert med utgangspunkt i bedrifta sine kostnader ved produksjon og forventa inntening. Samfunnsøkonomisk lønnsemd er meint å ta ein breiare synsvinkel og såleis vurdere prosjekt i ein samfunnsmessig heilskap. Ein slik heilskap inneber ein kartlegging av til dømes verknader som ikkje er gjenstand for kjøp og sal (eksterne effektar) og i kor stor grad prosjektet inneber produksjon av godar der den einskilde sin tilgong og bruk ikkje kan individualiserast (produksjon av fellesgodar). På dette viset inkluderer ein kostnader og gevinstar som ikkje er berekna i privat- eller bedriftsøkonomiske kalkylar.
Ein kommune som vurderar å satse på breiband bør difor utføre ein nytte-kostnadsanalyse. Dette inneber ei kartlegging av den samla nytta ved breibandstilknyting (både for offentleg sektor, lokalt næringsliv og private brukarar) opp mot dei kostnadene som er knytt til utbygginga. Utgangspunktet for kartlegging av kostnadene ved prosjektet er alternativ bruk av ressursane. Verdien av alternativ bruk av ressursane blir ofte spegla i prisen ved innkjøp eller løn til tilsette. Målet med nytte-kostnadsanalysen er å avdekke om eit prosjekt er samfunnsøkonomisk lønnsamt.
Hovudprinsippet for verdsetjing som vanlegvis blir brukt i nytte-/kostnadsanalysar, er at kroneverdien av ei breibandssatsing er lik den samla betalingsviljen til brukarane av breiband. At noko er samfunnsøkonomisk lønnsamt, inneber difor at brukarane er villige til å betale minst like mykje som tiltaket faktisk kostar. Dersom netto nytte er positiv, noko som inneber at inntektene av prosjektet er høgare enn kostnadene, er prosjektet samfunnsøkonomisk lønnsamt, ut frå dei føresetnadene som ligg til grunn for berekninga.
Det kan vere vanskeleg å skaffe oversikt over alle kostnader og gevinstar som bør med i ein nytte-/kostnadsanalyse. Mange kommunar kan mangle den nødvendige kompetansen for å finne fram til gevinstpotensialet ved innføring av breiband, og kunnskapen til å velje optimal breibandsteknologi. Ein nytte-/kostnadsanalyse må også fange opp gevinstar knytte til regionalt samarbeid. Ei breibandssatsing i ein kommune kan isolert sett vere ulønnsam, men gjennom samarbeid med andre kommunar kan ein oppnå kostnadseffektivitet i regionen gjennom til dømes deling av infrastrukturkostnader.
2.1 Verdiskaping i næringslivet
Dei fleste store bedrifter i Noreg har i dag etablerte breibandsløysingar som knyter saman avdelingar lokaliserte på ulike stader innanlands eller internasjonalt. Små og mellomstore bedrifter investerer i aukande grad i breiband. Utbygging av breibandsnett i Noreg kan auke effektiviteten i næringslivet og dermed gjere Noreg meir attraktivt for nyetableringar. Dette vil i neste omgang auka lønnsemda av infrastrukturutbygginga. 4
IT blir brukt som verktøy i alle ledd i produktsyklusen (design/konstruksjon, innkjøp/sal, lagerbehandling, produksjonsstyring, marknadsføring, ordrehandtering, kundeoppfølging) og dekkjer ulike kommunikasjonsbehov internt og eksternt. Bruk av IT kan redusere kostnadene for bedriftene på grunn av at det gir høve for effektivisering, eller reduserte transaksjonskostnader. 5
Vidare kan IT generelt og breiband spesielt utvide marknaden for bedrifta, ved at nye tenester og produkt kan demonstrerast og tilbydast i område der ein elles var avhengig av fysisk nærvær. For ein del bedrifter handlar det om meir eller mindre omlegging av måten å organisere produksjonen på, både når det gjeld lagerhald, bruk av underleverandørar og marknadsføring. Slike omorganiseringar inneber at ein må leggje meir vekt på kvaliteten på dei tenestene ein tilbyr. Dessutan blir det svært viktig å ha velfungerande transportsystem. Mykje dreier seg om å redusere kommunikasjons- og informasjonskostnadene (transaksjonskostnadene).
IT-infrastrukturen kan også vere ei viktig kjelde til innovasjon, ved at nye produkt kan lanserast, og ved endra logistikk og elektronisk levering av varer og tenester. For nokre bedrifter vil breiband gi nye marknadsmoglegheiter. Marknaden regionalt eller nasjonalt er i nokre tilfelle ikkje stor nok til at verksemda er lønnsam. Små og mellomstore bedrifter som opererer i relativ smale marknadsnisjar, kan bruke breiband til å nå kjøparar i nye delar av landet og av verda.
Boks 2.3 Kostnadsinnsparingar i bedriftene
I ein studie av bedriftsmarknaden blir det estimert at bedrifter i USA, Storbritannia, Frankrike og Tyskland til saman har oppnådd kostnadsinnsparingar på om lag 165 milliardar amerikanske dollar gjennom å bruke Internett-løysingar i bedriftene. I USA aleine forventar ein å kunne spare totalt 500 milliardar amerikanske dollar fram til utgangen av 2010, når alle Internett-løysingane er fullt ut implementerte. Vidare bereknar ein at dei samla kostnadsinnsparingane knytte til Internett kjem til å utgjere 0,43 prosentpoeng av framtidig auke i årleg amerikansk produktivitetsvekst.
Kjelde: Varian H. 2002, The Net Impact Study
Det er likevel vanskeleg å kvantifisere verdien av breiband for produktivitet innanfor dei ulike sektorane. For det fyrste er produktivitetsvekst i seg sjølv ikkje enkelt å måle, spesielt innanfor tenesteytande sektorar, der utviklinga av nye produkt og tenester har vore formidabel. For det andre er breiband så nytt at det ikkje eksisterer tilstrekkeleg datagrunnlag til å analysere bidraget til produktivitetsvekst frå breiband.
Det er likevel fleire grunnar til å tru at breiband kan gi monalege produktivitetsforbetringar i næringslivet. Breiband representerer ein ny og kraftig måte å utveksle informasjon både raskare, billigare, og med større grad av fleksibilitet. I tillegg er breiband viktig fordi det gir betra høve til å auke tenestekvaliteten og ekspandere inn i nye marknader. Nedanfor gjennomgår ein nokre av områda der det blir forventa at IT generelt og breiband spesielt kan gi gevinstar.
Boks 2.4 Breiband i olje- og gassindustrien
Olje- og gassindustrien etablerte sitt eige bransjenett i 1998, «Secured Oil Information Link (SOIL)» mellom Bergen, Stavanger og Oslo. Meir enn 140 selskap er knytte opp til SOIL. Alle store aktørar i offshoreindustrien deltek her – alle oljeselskapa, alle serviceselskapa og dei store ingeniørselskapa. Det er etablert ei rekkje tenester på SOIL som inkluderer katalogar, databasar og samarbeidsverktøy. Nye tenester kjem til kvart år. Det finst ingen eksakte berekningar på kostnadsinnsparingar, men det er heva over tvil at løysinga gir industrien innsparingar for mange millionar kroner per år.
Operatørane har lagt ei omfattande mengd med fiberoptiske kablar ut til plattformene i havet. I nokre tilfelle er kablane knytte saman mellom plattformene, og i andre tilfelle er dei knytte opp mot kablar som går til andre land i Nordsjøbassenget. Denne infrastrukturen blir stadig vidareutvikla. I den sørlege delen av Nordsjøen er infrastrukturen tilstrekkeleg utvikla til å vurdere drifting av felta frå land.
Oljeindustriens Landsforening (OLF) har initiert ein studie om «Integrert drift» der det blir lagt vekt på bruk av IT i driftsfasen. Den konkluderer med at det er eit potensial for omfattande kostnadsreduksjonar og for auka inntening på norsk sokkel. Blir konseptet implementert med integrert drift, vil det endre industrien radikalt og gjere han til ein endå meir markant kunnskapsindustri. Med dagens oljepris vil gevinsten vere på mange milliardar kroner per år. Breiband til alle installasjonane og nødvendig tilleggskapasitet (redundans) er ein føresetnad for dette konseptet.
Kjelde: Oljeindustriens Landsforening, 2003
2.1.1 Det blir enklare å samarbeide over geografisk avstand
Det er venta at breiband kjem til å ha positive langtidsverknader for bedrifter som er lokaliserte i utkantområde. Dette er allereie i dag tydeleg i større organisasjonar og mindre yrkespraksisar som er spreidde over større geografiske område, nasjonalt eller internasjonalt. Den geografiske spreiinga av arbeidstakarar og bedrifter må likevel avgrensast til område som har gode kommunikasjonssamband. Breiband blir ein viktig føresetnad for å byggje opp og ivareta berekraftige lokalsamfunn ved at bedrifter kan vere lokaliserte i mindre tettstader og spreiddbygde område og samtidig vere konkurransedyktige. Dette er nærmare omtalt i kapittel 2.3.
Breiband gjer det mogleg å knyte seg tettare opp til underleverandørar, partnarar, distributørar, kundar og rådgivarar. I tillegg vil breiband gjere tilsette i same bedrift i stand til å ha eit effektivt samarbeid, sjølv om dei er lokaliserte på ulike stader og i forskjellige organisasjonar.
Boks 2.5 GRESS
GRESS-gruppen er eit innkjøpssamarbeid etablert i 1997 mellom hotellkjedene Rica, Norlandia, Radisson SAS, Rainbow og cateringkjedene Gate Gourmet Norway og Compass Group Norge. I tillegg er hotell og restaurantar i Olav Thon Gruppen medlemer. I 2002 valde Gress å nytte ein elektronisk marknadsplass utvikla av det norske firmaet Millum AS.
I februar 2003 omfatta løysinga 365 brukarstader og 1000 brukarar, som igjen blir betente av 122 leverandørverksemder. Marknadsplassen hadde i 2002 ei omsetning på 430 mill. kroner og nesten 72 000 ordrar. Dette gjer løysinga til Noregs største elektroniske marknadsplass.
Konserna som inngår i GRESS-gruppen, meiner dei hentar ut store gevinstar ved:
større lojalitet til rammeavtalar, noko som igjen har gitt betre kjøpsvilkår
mindre feil og mistydingar i bestillingsprosessen
auka fleksibilitet i forhold til når på døgnet ein kan bestille – mykje av den venta gevinsten ligg i å utnytte ledig arbeidskapasitet hos nattvaktene til bestilling.
gjenbruk av data gjennom integrasjon med kasse/lagersystem og strekkodeløysingar
meir effektiv bestillingsprosess (i alle fall for brukarstadene med breibandstilknyting)
Kjelde: Millum AS 2003
Ved bruk av breiband er ein mindre avhengig av at aktivitetar føregår fysisk nær kvarandre. Eit prosjektteam kan til dømes arbeide på forskjellige stader. Reising og reiseutgifter kan haldast på eit akseptabelt nivå. Ei undersøking av endringar i livsstil hos amerikanske breibandsbrukarar viser at nesten ein fjerdedel arbeidde meir heimanfrå etter at dei hadde fått breibandstilknyting. 6
Boks 2.6 Videokonferanse med meir som erstatning for reise
Ei undersøking utført av Travel Industry Association of America ved årsskiftet 2002–2003 viser at vel 40 prosent av forretningsreisande sa dei brukte telefonkonferansar til å erstatte nokre av forretningsreisene sine, mens 17 prosent brukte videokonferanse og 15 prosent nettkonferanse. I Europa har Ericsson i Sverige tredobla mengda av videokonferansar i løpet av dei siste 18 månadene. Bruk av telefonkonferansar har auka med 50 prosent dei siste to åra, mens nettkonferansar har auka med 70 prosent. Nettkonferansar har den fordelen at dei berre treng ein telefon og ein PC med tilknyting til Internett. Ytterlegare forbetring av nettkonferansar kan ein få dersom nettkamera blir montert direkte på PC-en. I dag er det også mogleg å ta bilete med mobiltelefonen og sende dei direkte over nettet. Desse og andre bruksmåtar vil krevje auka bandbreidde i forhold til det som er vanleg i dag.
Kjelde: Financial Times 3. februar 2003.
2.1.2 Forretningsmodellar og verdikjeder blir endra
Breiband har allereie hatt ein omfattande verknad på næringslivet ved at forretningsprosessar er knytte saman elektronisk og dermed har blitt meir effektive og fleksible. Denne utviklinga pågår for fullt med stor kreativitet og påverkar samansetjing og utforming av verdikjedene. Nye forretningsområde ser dagens lys. Dermed blir det moglegheiter for nye produkt og tenester, som f.eks. elektroniske marknadsplassar og nett-tenester. Utviklinga er kjenneteikna ved auka spesialisering, kamp om ledda i verdikjedene, uvisse om det økonomiske fundamentet for tenestene, og uvisse om kven som til kvar tid er dei viktigaste konkurrentane.
Grunnleggjande IT-kompetanse, men også kompetanse og vilje til å gjennomføre endringar, blir i dag vurdert som nødvendig for utviklinga av nye produkt og tenester og for næringslivet sine utviklingshøve generelt. Det er spesielt viktig at leiinga i verksemdene har kompetanse om dette. IT-forsking er også viktig for kompetanseutviklinga. Breiband kan vere ein døropnar for ei rekkje nye produkt og tenester. Elektronisk handel mellom bedrifter og mellom bedrift og konsument blir venta å medverke til omfattande innsparingar og effektivisering.
Førebels er det berre ein liten del av den totale handelen som skjer over nettet, men elektronisk handel er i sterk vekst. Nye forretningsmodellar utfordrar gamle mønster, og nye aktørar dukkar stadig opp. Elektronisk handel og forretningsdrift mellom bedrifter gir gevinstar ved blant anna
prosessendringar og effektivisering internt i organisasjonen,
betre integrasjon og samhandling mellom bedrifter og
tilgang til nye marknader, tilbydarar og salskanalar.
Boks 2.7 Eksempel på vellukka e-strategi – Reisebyrået Berg-Hansen
Berg-Hansen er i dag Europas største Internett-reisebyrå for forretningsreiser. Omtrent 12 % av alle bestillingar går over Internett, og talet er sterkt aukande. Effekten av Internett-satsinga har vært mindre konkurranse enn venta frå nye aktørar, og betra kunderelasjonar.
Berg-Hansen såg tidleg at Internett ville kunne føre til at nye aktørar etablerte seg i marknaden. Selskapet satsa difor tidleg på Internett etter ein grundig analyse av kva gevinstar som kunne realiserast, ikkje berre for Berg-Hansen, men også for kundane og samarbeidspartnarane.
I byrjinga av prosjektet identifiserte dei difor klare mål for sin satsing: Den einskilde reisande får reisetips basert på den enkeltes reiseprofil, personleg service 24 timer i døgnet, samt enkel bestilling av enkle reiser. Bedriftene er sikra marknadens billigaste billettar til einkvar tid, forenkla administrasjon av reisefakturaer, og betra kostnadsoversiktar. Underleverandørane får ein kostnadseffektiv salskanal som gir meirsal, større kunnskap om den einskilde reisande/bedriftene, og betra statistikk som grunnlag for salskampanjar.
Kjelde: A. Haraldsen: e-strategier på norsk, Cappelen Akademiske Forlag, 2003.
2.2 Modernisering av offentleg sektor
Brukarretting, effektivisering og forenkling har Regjeringa sett som overordna målsetjingar for offentleg sektor. Måla skal ein nå blant anna gjennom:
elektroniske publikumstenester som gir auka brukarretting og forenkling for brukarane,
elektronisk saksbehandling som fører til effektivisering internt og for brukarane, og
elektronisk kommunikasjon med og i det offentlege, inkludert elektronisk innrapportering og intern datautveksling, som fører til auka effektivitet både i offentleg og privat sektor og til utvikling av nye tenester.
Strategi for bruk av IKT i offentlig sektor skal støtte opp om måla gjennom samordning og standardisering i samanheng med tilgang til og gjenbruk av data og tilrettelegging for einsarta PKI-baserte løysingar i elektroniske tenester.
Omfattande gevinstar kan bli realiserte innanfor utdanning og sosial og helse, i tillegg til offentleg forvaltning, lov og rett og andre område i den offentlege sektoren. Effektiv samhandling internt og med andre forvaltningseiningar uavhengig av geografisk avstand blir stadig meir aktuelt. Dette gir moglegheiter for desentralisering av statleg forvaltning, utvida interkommunalt samarbeid og samarbeid på tvers av forvaltningsnivåa. Fellesfunksjonar kan med fordel samlast på ein stad eller fordelast mellom verksemdene. Til dømes vil utbreiing av elektroniske marknadsplassar med multimedieeigenskapar føre til at offentlege innkjøp kan utførast meir effektivt. Gode verktøy for effektiv samhandling må også imøtekome krav om meir fleksible arbeidsformer, blant anna bruk av heimekontor. Bruk av video som kommunikasjonsform i offentleg forvaltning vil truleg auke sterkt i åra framover. Telemedisin, nettbasert utdanning og videomøte i forvaltninga kan også gi miljøgevinstar. Ei målretta satsing på bruk av slike arbeidsformer kan dessutan føre til effektivisering og modernisering av offentleg forvaltning, blant anna ved redusert tidstap til reiser og ved reduserte reiseutgifter.
Innanfor somme sektorar vil bruk av breiband vere ein nødvendig føresetnad for utvikling av nye tenester. Det gjeld blant anna i helsesektoren (til dømes digital røntgen og andre telemedisinske bruksmåtar, videokonsultasjonar/videoovervaking), innanfor utdanningssektoren (e-læring) og innanfor samferdsel og teknisk sektor (GPS, interaktiv kartinformasjon, miljøinformasjon). Det er forventa at bruken av data- og multimedium med høg kapasitet kjem til å auke i framtida. Behovet for større overføringskapasitet aukar truleg raskare hos nokre brukarar enn hos andre, blant anna innanfor utdanningssektoren og helsesektoren.
Informasjonsteknologi og breiband gjer det mogleg å forenkle kommunikasjon med kundar og leverandørar og gjer det lettare å automatisere prosessar. For offentleg sektor vil døgnopne sjølvbetente servicekontor, og tilrettelegging for regional næringsutvikling, vere viktige moment. Stikkordmessig kan ein nemne elektroniske journalar og telemedisin, elektroniske byggjesøknader og digitale læremiddel i skulesektoren.
Boks 2.8 Effektiv kartforvaltning og -distribusjon over breiband
Statens kartverk og fleire andre offentlege kart- og dataforvaltarar har teke i bruk breiband for å gjere det mogleg å samanstille og presentere data frå fleire kjelder og verksemder i sann tid på ein fleksibel måte. Brukarar skal ikkje sjølv trenge å samanstille data frå mange ulike offentlege informasjonssystem, og informasjon skal raskt og enkelt presenterast på eit eigna format. Bruksmåtar der data frå fleire verksemder skal samanstillast i sann tid, fordrar breibandskommunikasjon mellom verksemdene eller mellom verksemdene og ein felles tenesteytar som kan tilby eit felles grensesnitt. Løysingane set standard, ikkje berre for Noreg, men har også sett standard for det internasjonale arbeidet på området. At informasjon frå mange kjelder blir samanstilt på brukarane sine premissar, fjernar grensene mellom verksemdene som saman er ansvarlege overfor brukarane. Dette fordrar ei felles tilnærming til informasjonskvalitet og andre vilkår for ytingane.
Auka bruk av IT i det offentlege, og den auka datatrafikken dette vil medføre, vil i seg sjølv verke drivande på breibandsutviklinga. Område der offentleg sektor har eller vil få behov for breibandskommunikasjon, omfattar:
Interne datanett (intranett), som i dag er verksemdskritiske for stadig fleire offentlege verksemder. Slike nett har vanlegvis høg overføringskapasitet. Typiske tenester i intranetta er filtenester (deling av dokument), samarbeidsverktøy som felles kalendersystem, intern kommunikasjon, reservasjon av ressursar som møterom med meir. Felles administrative tenester for journal og arkiv, lønn og personale, økonomi og verksemdsstyring osv. kan ofte utnyttast betre ved at dei blir gjorde tilgjengelege over intranettet. I mange kommunar finst slike intranett for sentraladministrasjonen, gjerne innanfor eit geografisk samla område. Etablering av breibandskommunikasjon mellom sentraladministrasjonen og andre geografisk spreidde kommunale verksemder gir moglegheiter for å utvide intranettet til heile kommunen. Det vil gi interne effektiviseringsgevinstar.
Interkommunalt samarbeid, der ein del kommunar har inngått samarbeid om til dømes innkjøp. Stadig fleire vurderer moglegheitene for sentralisering av felles administrative tenester. Til dømes kan ein kommune tenkjast å levere lønnstenester for dei andre. System for sentral utføring av fellestenester er ofte bygd i ein såkalla klient/tenararkitektur, der lokale klientprogram kommuniserer med sentrale tenarapplikasjonar. Slike løysingar krev i praksis oftast breibandskapasitet.
Deling av data innanfor det offentlege, som blant anna er nødvendig for å oppnå redusert innrapportering frå næringslivet og betre informasjon frå det offentlege. Dette er i tråd med moderniseringsprogrammet si målsetjing om at brukaren ikkje skal trenge å vite korleis det offentlege er organisert for å få utført eller ta imot tenestene. Deling av data medfører auka datatrafikk og dermed behovet for overføringskapasitet. Dei involverte verksemdene blir dessutan saman ansvarlege overfor brukarane. Det fordrar ei samordna og felles tilnærming til informasjonskvalitet, rettsspørsmål og andre vilkår for ytingane.
Sentralisert IT-drift , som er ei sentral problemstilling spesielt for skulane. Sentral drift av tyngre oppgåver i eit monaleg omfang krev høge kapasitetar til skulane. Det same gjeld for kommunar som går saman i interkommunale samanslutningar der også drift av serverpark og liknande er ein del av samarbeidet.
2.2.1 Innsparingar må vurderast opp mot kvalitet på tenester
Arbeidet med å effektivisere og omstille offentleg sektor må følgjast opp heile tida. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er sentrale verktøy i dette arbeidet. Resultata av arbeidet kan gi seg utslag i konkrete innsparingar eller betre tenestekvalitet.
Det er ofte ikkje tilstrekkeleg merksemd om korleis potensielle gevinstar ved IT-prosjekt skal realiserast. Det gjeld også breibandsprosjekt. På den eine sida kan gevinstane takast ut i konkret innsparing, som då vil føre til reduserte budsjett eller prisar på tenester, eller gevinstane kan takast ut i auka tenestekvalitet. Korleis gevinstane blir disponerte, kan variere. Uttak av gevinstar er avhengig av fleire faktorar, blant anna organisasjonsendringar, rutine og haldningsendringar. Erfaringar syner at det kan ta fleire år før ein får omfattande gevinstar.
God planlegging, effektiv leiing og kunnskap om moglege gevinstar er viktige føresetnader for å kunne styre omstillingar i retning av gode resultat og ønskt realisering av gevinstar. Regjeringa vil innføre krav om berekning av totalkostnader ved offentlege tilbod, investeringar og større omleggingar. Totalkostnader er summen av kostnadene for den som yter tenesta, kostnadene eller innsparingane som følgjer for andre delar av offentleg sektor, og kostnadene som brukarane sjølv må påta seg ved å dra nytte av tilbodet. For mange offentlege tenester er totalkostnadene det mangedobbelte av kostnadene for den offentlege eininga sjølv.
For å oppnå større formåls- og kostnadseffektivitet ønskjer Regjeringa å desentralisere og delegere fullmakt og ansvar. Dei som ber investeringane, skal i aukande grad kunne dra nytte av økonomiske og andre gevinstar som blir oppnådde.
Nedanfor er det gitt eksempel på nytte og bruksområde for breiband i nokre offentlege sektorar.
2.2.2 Kommunal sektor kan bli betre og meir effektiv
Breibandsutbygginga i kommunane varierer sterkt. Det kan vere omfattande samordningsgevinstar ved koordinert breibandsutbygging mellom kommunane, gjennom deling av infrastrukturkostnader og leige av transportkapasitet.
Boks 2.9 IT-samarbeid mellom kommunar i Nord-Gudbrandsdal
I Nord-Gudbrandsdal planlegg kommunane Dovre, Lesja, Lom, Vågå og Sel å byggje eit høgkapasitetsnett med utgangspunkt i BaneTeles transportnett og eit nytt trådlaust (innanfor det konsesjonsbelagte 3,5 GHz-bandet) stam- og aksessnett i regionen. Institusjonane i regionen vil med dette få tilbod om breibandstilknyting frå 2 til 12 Mbit/s, avhengig av behov og kapasitet. Kommunane ønskjer ikkje berre å samordne driftsfunksjonar og dele ressursar i eit felles interkommunalt lokalnett, dei ønskjer også å einast om administrative system, kartforvaltning og fagsystem. Regionen forventar etter gjennomføringa ein klart rimelegare, meir fleksibel og fagleg betre IT-funksjon enn dagens løysingar. Breiband mellom kommunane opnar ikkje berre for sentralisering av driftsfunksjonar og tilgang til nettressursar, men også for nye tenester.
Kjelde: Høykom-sekretariatet 2003
At små kommunar går saman og byggjer breibandsnett, gjer det mogleg å dele sentrale funksjonar som økonomi og rekneskap, bibliotektenester og einsarta tilrettelegging for næringsliv og forbetra publikumstenester.
Etableringa av ei breibandsplattform for offentleg sektor gir høve til å gjere fundamentale og ambisiøse endringar av tenestene som blir tilbodne slik som
meir fleksible og nye typar tenester,
koordinerte tenester mellom forskjellige etatar,
auka kundefokus,
redusert risiko for budsjettoverskridingar og mislukka IT prosjekt.
Boks 2.10 Marknadsplassen ehandel.no – det offentleges marknadsplass
Marknadsplassen ehandel.no er i drift og er eit elektronisk verktøy til støtte for innkjøpsprosessar som medverkar til å realisere omfattande gevinstar, og legg til rette for forbetringar både i offentleg og privat sektor. Offentleg sektor gjer årleg store driftsinnkjøp (om lag 100 milliardar kroner). Det er omfattande kostnader knytt til gjennomføringa av desse innkjøpa. Elektronisk handel medverkar til å redusere desse kostnadene og til å auke kvaliteten på innkjøpa. Auka tilgang til breiband kan forbetre samhandlinga mellom aktørane ytterlegare ved betra informasjonsflyt og forenkla tilgang til innkjøpsrelatert informasjon mellom aktørane.
Breiband opnar såleis for at offentleg sektor kan oppnå omfattande gevinstar i samband med effektivisering av driftsfunksjonar. Dette kan skje blant anna gjennom:
realisering av stordriftsfordelar, gjennom felles programvare og datalagring i kommunane,
oppdatert og kostnadseffektiv informasjons- og kommunikasjonsteknologi i kommunane,
meir rasjonell kommunikasjon mellom kommunane, til dømes møteverkesemd via nett (sparte reiseutgifter) og
informasjonsdeling mellom kommunar, til dømes utveksling av kompetanse innanfor helsesektoren. Breiband gir høve til å organisere IT-drifta i kommunar og aktivitetar på nye måtar.
Breiband gir også tilgang til eksterne ressursar på ein måte som er likeverdig med å ha dei i eige lokalnett. Dette gjer behovet for lokale investeringar mindre, og dyre investeringar kan utnyttast betre. For arbeidstakarane kan arbeidsmiljøet bli meir fagleg utfordrande og interessant, og det kan bli lettare å halde på arbeidskrafta i distrikta. Til dømes kan skular dele database- og videotenarar i eit felles driftssenter. Tilgang og oppetid blir gjerne også betre, i og med at institusjonane saman får moglegheita til å finansiere ei meir profesjonell driftsløysing som ville blitt for dyr for kvar einskild. Svært mange stader i Noreg er felles IT-drift noko som står høgt på dagsordenen når det skal argumenterast for breibandsinvesteringar.
Nettbaserte tenester fordrar likevel endra organisering av tenestene i kommuneadministrasjonen. Dersom kommunen ikkje sluttar med å yte tenestene på tradisjonelt vis – eller reduserer kostnadene for desse tenestene, kjem kostnadene for det nye tilbodet i tillegg til dei kostnadene ein hadde frå før, og gevinstane blir ikkje realiserte. Det må difor vere vilje og kompetanse til å omstille verksemda i tråd med dei nye moglegheitene. Virtuelle tenester på nettet skal ikkje berre innebere eit nytt alternativ for kommunen til å nå ut til publikum, dei skal også føre til ei meir effektiv tenesteyting. Erfaringar viser at dei meir offensive satsingane på dette området krev breiband mellom kommuneinstitusjonar. Ein del tenester vil også bli best dersom også brukaren er tilknytt breiband.
Boks 2.11 Kommunale tenester
Kommunar i Stavanger-regionen, på Fosen-halvøya og Oppdal kommune har innført interaktive tenester, der brukarane sjølv får tilgang til det kommunale informasjonsgrunnlaget. Det kan vere snakk om utfylling og innsending av skjema, tilgang til planinformasjon og kart, moglegheit til å sende inn søknader elektronisk, tilgang til videobasert rettleiingsmateriale frå kommunen og presentasjon av vedtak i kommunestyra. I tillegg kjem informasjon om opningstider, adresser og skriftlege regelverk. Interaktiv tilgang til kommunale tenester forenklar kvardagen for brukarane.
For Fosen-prosjektet er nedslagsfeltet dei 26 000 innbyggjarane i denne regionen. For Smartkom-prosjektet i Stavanger er målgruppa befolkning og næringsliv i Stavanger, Sola, Sandnes og Randaberg, ein region med om lag 190 000 innbyggjarar og omfattande næringsverksemd. I Oppdal kommune er målgruppa dei drygt 6000 innbyggjarane i kommunen.
Kjelde: Høykom-sekretariatet, 2003
2.2.3 Breiband kan gi innsparingar og auka kvalitet i helse- og sosialsektoren
Helse- og sosialsektoren utgjorde i 2000 om lag 177 000 årsverk og om lag 25 prosent av BNP.
Boks 2.12 Årleg blankett- og meldingsproduksjon i helsesektoren:
Allmennlegane sender om lag 20 millionar enkeltrekningar til trygdekontora.
Allmennlegane skriv om lag 1,9 millionar tilvisingar til sjukehus eller spesialist og mottek tilbake 3,8 millionar epikrisar.
Det blir skrive om lag 1 million fysioterapirekvisisjonar og om lag 1,3 millionar biletrekvisisjonar.
Det blir skrive ut om lag 3,5 millionar sjukemeldingar og sjukepengeattestar.
Det blir skrive bortimot 200 000 legeerklæringar ved arbeidsuførleik.
Allmennlegar sender om lag 7 millionar prøverekvisisjonar til laboratoria, og kvar av desse inneheld bestillingar av 6–7 analysar som skal handsamast.
Det blir skrive ut om lag 17 millionar reseptar per år.
Den norske lægeforening vurderer at om lag ein fjerdedel av allmennlegane si tid, om lag 800 legeårsverk, går med til behandling av kommunikasjonen som er omtalt ovanfor (reseptar ikkje medrekna). Med unnatak av laboratoriesvar skjer det meste i dag manuelt og med papirskjema.
Informasjonsutvekslinga ved konsultasjonar og behandling var tidlegare i stor grad avgrensa til den lokale sjukehusavdelinga. No er det meir vanleg med fagleg samarbeid innanfor same helseføretak, og også med fagfolk i andre føretak lokalt, regionalt, nasjonalt og etter kvart også internasjonalt.
Nye tenester gjer dessutan pleie, behandling og konsultasjonar i pasienten sin heim meir aktuelt enn tidlegare. Behandling som tidlegare berre fann stad i sjukehus, kan i aukande grad utførast i pasienten sin heim. Telemedisin reduserer reiseomfanget både for helsepersonell, pasientar og pårørande.
Boks 2.13 Dialysebehandling i Alta
Ved legekontoret i Alta kan dialysereinsing av blodet gjerast lokalt. Fagpersonell ved sjukehuset i Hammerfest og ved Universitetssykehuset i Tromsø kan delta i behandlinga med audiovisuelle hjelpemiddel. Pasientar med nyresvikt, som tre gonger i veka må reinse blodet sitt kunstig i nyremaskin, slepp dermed lange reiser. Same opplegg blir også nytta til aktuell rettleiing/undervisning overfor pasientar og pårørande.
Kjelde: Høykom-sekretariatet 2003
For funksjonshemma kan eit godt utbygd breibandstilbod gjere funksjonsnedsetjinga og hjelpebehovet mindre ved at det gir auka tilgang til informasjon og gir høve for deltaking, både i arbeidssamanheng og i eigen situasjon elles. Elektroniske læringsmiddel vil betre tilgangen til grunn- og vidareutdanning. Det kan gi dei betre moglegheiter til å halde seg lenger i arbeid og å finne enkeltoppgåver som eignar seg for fjernarbeid.
Ei rask og påliteleg informasjonsutveksling er nødvendig for oppgåveutføringa i sektoren og kan i visse situasjonar vere av kritisk verdi. Fleire av tilboda må vere tilgjengelege døgnet rundt, alle dagar.
Samtidig blir det forventa auka kvalitet på tenestene og høgare effektivitet. Tilbod på helse- og omsorgstenester frå andre land skjerper «konkurransen». Ein konsekvens av dette er mellom anna at fleire av helseføretaka har byrja å samarbeide om etablering og drift av felles system, til dømes innanfor økonomi og for pasientjournalar. Behovet for tilstrekkeleg bandbreidd, til ein overkomeleg pris, er her avgjerande.
Det er vidare nødvendig å etablere eit godt elektronisk samspel mellom pleie- og omsorgstenesta i kommunane og helsesektoren elles. Sosial- og helsedirektoratet samarbeider med dei regionale helseføretaka om etablering av Nasjonalt helsenett. 7 I den samanhengen blir det òg vurdert korleis kommunikasjonen med pleie- og omsorgstenesta i kommunal sektor skal gjennomførast. Her kan sektoren oppnå stor gevinst både når det gjeld kvalitet og effektivitet, men løysingane som blir kravde, blir svært kostbare på grunn av strenge krav knytte til tryggleik.
Boks 2.14 Nasjonalt helsenett
Helsesektoren vil i 2003 etablere eit eige lukka Nasjonalt helsenett, som er eit logisk nett som nyttar gjeldande fysisk teleinfrastruktur. Nettet skal gi breibandskapasitet som gir høve til betre samhandling mellom helseinstitusjonane. Dei fleste legekontor i Nord-, Midt-, og Vest-Noreg var i februar 2003 allereie knytte til nettet. Kombinasjonen breiband og multimedium har gitt nye moglegheiter for interaktiv læring også i helsevesenet. Erfaringar og synspunkt på behandlingsopplegg kan formidlast og diskuterast på basis av videoopptak frå operasjonar og undersøkingar. Dertil kjem moglegheita for å hente opp digitale røntgenbilete, ultralydsekvensar og anna medierikt innhald på tvers av institusjonane. I undervisningssamanheng er det i fleire helseregionar teke i bruk sanntidsoverføring av operasjonar over breibandsnettet. Nasjonalt helsenett opnar dessutan for eit betre grunnlag for faglege konsultasjonar på tvers av fag og institusjonsgrenser.
Boks 2.15 Helsesektoren
Dei kommunale pleie- og omsorgstenestene kostar om lag 36 milliardar kroner per år, har 90 000 tilsette, og 180 000 tenestemottakarar. Potensialet for gevinstar i kommunale pleie- og omsorgstenester er stort. Til dømes:
Meir effektiv tidsbruk i heimetenesta ved mobil tilgang til journalar og dokumentasjon.
Mindre tidsbruk til kontakt med lege (tid brukt i telefon, til registrering og dokumentering, tid til henting og bringing av pasientar som har vore til legekonsultasjonar), sikrare medisinering, mindre feilmedisinering som følgje av betre kvalitet i dokumentasjon og informasjonsoverføring.
Potensial for kvalitative gevinstar i form av raskare informasjonsoverføring mellom sjukehus/lege og pleie- og omsorgstenesta, og dermed raskare og betre koordinert oppfølging av pasienten.
Telemedisin gjer det mogleg å behandle/følgje opp fleire pasientar i heimen eller i sjukeheim, og kan avgrense bruken av meir kostbare sjukehussenger (lågaste effektive omsorgsnivå).
Med den breie landsdekninga som helse- og sosialtenestene har i Noreg i dag, er det viktig at også distrikta kan få tenester på ein god måte i framtida. Her er flaskehalsen tilstrekkeleg og rimeleg kommunikasjonskapasitet til helseføretak, legekontor og andre behandlingstilbod i Distrikts-Noreg.
I kraft av tenestene sine forvaltar helsevesenet store informasjonsressursar i form av pasientdata, stillebilete, bilete frå røntgen, MRI og ultralyd, videofilm og lydfiler. I Øst-norsk helsenett er det til dømes filma, redigert og lagra på multimedietenarar om lag 50 høgkvalitetsvideoar frå operasjonar og undersøkingar, i tillegg til at det er utvikla eit mindre tal fullverdige e-læringsprogram av høg kvalitet. Eit enkelt røntgenbilete kan lett vere på opptil 30–40 MB. Å hente opp slike bilete raskt fordrar særs store overføringskapasitetar. Men effektiviseringsmoglegheitene er store dersom ein ser på alternativet, nemleg å sende bileta i posten eller med drosje mellom institusjonane, slik det er gjort til i dag.
Det at informasjonsressursane blir elektronisk tilgjengelege på tvers av institusjonane, inneber ikkje berre meir samhandling og læring på tvers av institusjonane og eit kvalitativt betre helsevesen, det utgjer også grunnlaget for fleksibilitet og val for den einskilde brukaren. Det er vanskeleg å førestelle seg eit moderne helsevesen utan desse moglegheitene. Primærlegar og mindre helseinstitusjonar i offentleg og privat sektor har enno ikkje tilgang til same gode infrastruktur. Her ligg eit omfattande potensial for effektivisering, kvalitetsforbetring og samfunnsmessig innsparing. Dette er tenesteforbetringar som i åra framover vil kome brukarane direkte til gode i det daglege møtet med helsevesenet.
Auka bruk av Internett fører elles til at befolkninga i større grad enn tidlegare kan skaffe seg mykje helsekunnskap. På Internett finst mykje informasjon om blant anna symptom på aktuelle sjukdomar, førebygging og behandlingsmåtar. I tillegg blir det gitt ulike tilbod om aktuelle tenester, som til dømes dialog med «netthelsedoktorar». Denne utviklinga stiller auka krav til tenestetilbydarane. Legane må lære seg å kunne møte pasientar som veit mykje om plagene og sjukdomane sine. Auka tilgang på materiale som ikkje er basert på tekst kan vere spesielt fordelaktig for brukarar med dårleg syn, der tekstbasert materiale ikkje er ideelt. Helsetilbod over Internett, som anna informasjon kan medføre dårlege eller feilaktige tilbod, både norske og utanlandske. Det er viktig at myndigheiter som Datatilsynet og Statens helsetilsyn følgjer med i utviklinga.
2.2.4 Nye læringsformer gir betre kvalitet i skulen
Breiband gir skular nye høve for samarbeid og samhandling. Gjennom Internett kan skular få tilgang til digitale læringsressursar av høg kvalitet som utfyller dei tradisjonelle tekstbaserte læremidla. Dette gir grunnlag for betre variasjon og breidd i undervisninga. Digitale læringsressursar gir nye moglegheiter for å visualisere fenomen som vanskeleg kan forklarast i ei lærebok, til dømes gjennom tredimensjonale simuleringar over nettet. Interaktiviteten til desse læremidla gjer det mogleg med ein langt større grad av tilrettelegging og differensiering.
Breiband gir skular høve til å samarbeide om å dele på lærarkompetanse i fag der det er underskot på lærarar. Særleg kan dette vere aktuelt i realfaga og språkfag. For mange små skular er manglande lærarkompetanse innanfor somme fagområde ei reell problemstilling. Skular som får breiband, får samtidig grunnlag for både teknisk og økonomisk betre ordningar for drifting av utstyrsparken. Dette frigjer ressursar som kan brukast i undervisninga.
Boks 2.16 Breibandsbaserte undervisningstilbod
Videobasert undervisning på tvers av skular i Troms fylke
Troms fylke har etablert eit tilbod om distribuert undervisning som så langt omfattar ni vidaregåande skular. Opplegget er tufta på det nettverket som er bygd opp med 2 Mbit/s linjer (skalerbare til 8 Mbit/s) frå fylkeshuset til kvar enkelt skule, og 10 Mbit/s ut mot Internett. Utgangspunktet for satsinga har vore ønske om å kunne gi undervisningstilbod i fag der det ikkje er elevgrunnlag for heile klasser ved kvar skule. Sidan det i nokre fag har vore undervisning berre ved visse vidaregåande skular, blir elevar tvinga til å flytte heimanfrå. For mange blir dette ei hindring, og bedriftene får ikkje dei fagarbeidarane dei har behov for. I samarbeid med lokalt næringsliv har fylket lagt opp til eit godt tilbod for fagopplæring, der praksisopplæring blir gitt i bedriftene og teoriopplæringa ved nærmaste vidaregåande skule. For yrkesfaga som opphavleg ikkje blir dekte ved meir enn nokre få skular, må undervisninga distribuerast til dei andre skulane – ved hjelp av videokonferanseløysingar, videoavspeling, konferansesystem og pedagogiske samarbeidsverktøy. Distribuerte klasser er i gang innan VK1 Plate og sveis, 3BØ Bedriftsøkonomi og samisk morsmålsundervisning. Fylkeskommunen støttar satsinga med eit høgskulekurs for dei involverte lærarane. Her gir breiband grunnlag for eit betre tilbod til elevane, betre utnytting av læringsressursane og reduserte reisekostnader. Prosjektet har lagt ned eit omfattande arbeid i å prøve ut ulike fysiske løysingar for videokonferansefasilitetar, og har gått opp stigen for andre som vil prøve ut det same.
Undervisningstilbod for døve
Ny teknologi representerer både hindringar og nye høve for funksjonshemma. Ved Hunstad grunnskule og Bjørkåsen vidaregåande skule for høyrselshemma i Bergen er videoteknologi basert på breiband teke i bruk for å gi teiknspråklege elevar eit betre tilbod. På Bjørkåsen er det lagt opp aktivitetar i mediefag, naturfag og mekaniske fag med eige undervisningsopplegg som tillèt samtidig tolking og vising av videomaterialet. Rimelege videokonferanseløysingar er tekne i bruk for elevsamarbeid mellom skular og med tilsvarande skular i Sverige og Finland. Kommunikasjonen har gått over ADSL og SDSL, som har gitt tilstrekkeleg god kvalitet for den teiknspråklege kommunikasjonen.
Tekstar formidla på teiknspråk er framleis lite utbreidde i Noreg, og det er ein svært liten marknad for bøker og video for døve. Digital video over breibandet sitt Internett og direkte kommunikasjon i nettmøte blir eit naturleg hjelpemiddel og supplement i undervisninga av høyrselshemma. Biletkvalitet og overføringskapasitet gjer at døve kan nytte seg av dette mediet. Bruk av tovegs video over breiband i undervisning for døve er venta å ha eit stort framtidig potensial.
Kjelde: Høykom-sekretariatet 2003
Forsking tyder på at bruk av IT i undervisninga fremjar læringslyst og aktivt engasjement hos elevar, og involverer elevane i høgare grad både i undervisning og læremiddelutforming. Internasjonale undersøkingar viser at elevar som bruker IT, gjer det signifikant betre i matematikk, naturfag og morsmål. 8 Breiband og Internett-bruk fremjar spesifikt også læring gjennom samarbeid. Ifølgje sosio-kulturelle læresyn styrkjer Internett spesielle deltakarstyrte og prosjekt- og problemorienterte arbeidsformer. Læringa blir både meir innbydande, meir leikande og meir samarbeids- og utforskingsbasert. Nettet aukar også moglegheita for betre kommunikasjon og samarbeid mellom skule og heim, nærmare kopling mellom skule og næringsliv, mellom ulike skular og for utvikling av fagmiljø på tvers av geografi. 9 På alle desse måtane er breiband sterkt med på å fremje dei allmenne målsetjingane for grunnskulen.
Nettet vil i aukande grad bli brukt til distribusjon av eigenproduserte arbeid og til kommunikasjon og samarbeid mellom lærarar og elevar på ulike skular, nasjonalt og internasjonalt. Teknologiske nyvinningar vil gjere det lettare å finne att, bruke om att og dele læringsobjekt som er utvikla av lærarar og elevar. Auka bruk av multimediale læringsressursar og -objekt vil stille større krav til bandbreidd. Informasjonsstraumen kjem til å gå i begge retningar og til tider samtidig. Dette tilseier eit behov for god bandbreidd både ut og inn av skulen.
Bruk av lyd, bilete og video gir ei meir mangfaldig kunnskapsformidling og ein langt rikare presentasjon av kunnskap enn bruk av rein tekst eller berre eitt verkemiddel aleine. Barn og unge i dag eig ein kompetanse på det vi kan kalle multiprosessering, som tilseier at den einskilde eleven vil jobbe med fleire bruksmåtar samtidig. Dette stiller store krav til tilgang og kapasitet.
Boks 2.17 Bruksmåtar i det pedagogiske arbeidet til skulen i åra som kjem
Nedlasting av video/film
Produksjon og distribusjon av video/film
Sanntidssamarbeid om lyd-/videoproduksjon over nett
Videokonferanse/nettkamera
Nedlasting av musikk
Produksjon og distribusjon av musikk
Sanntidssamspeling av musikk over nett
Manipulering av tredimensjonale simuleringar over nett
Sanntidsinteraksjon over nett i tredimensjonale rom designa for læring
Virtuelle laboratorium
Bruk av «tunge» spel-applikasjonar over nett
Ein førebels konklusjon når det gjeld behov for breiband i skulen i år 2005–2008, er at det kjem til å vere yttarst få skular i dette landet som klarer seg med ei bandbreidd på 2 Mbit/s inn til skulebygningen. For dei fleste skular må vi opp i langt større bandbreidd. Planlegginga og utbygginga for dette må starte allereie no, om norsk skule skal kunne hevde seg internasjonalt på dette området.
Kjelde: Arbeidsgruppa for utgreiing av behovet for breiband i utdanningssektoren, 2003
På bakgrunn av det pedagogiske behovet for å jobbe med varierte og differensierte læringsformer, der skulane er både sendarar og mottakarar av multimedialt innhald, forventar ein at behovet for bandbreidd blir stort på fem års sikt. Kapasitetsbehovet blir i tillegg avgjort av talet på samtidige brukarar. Det er rimeleg å samanlikne ein skule med ein arbeidsplass der bruken av PC er integrert i den daglege verksemda og der det blir teke for gitt at mange av dei tilsette jobbar på nett samtidig. Dette stiller krav til profesjonell drifting og til tilstrekkeleg bandbreidd.
I 2002/2003 var det om lag 20 PC-ar per grunnskule, mens det i 1982/83 var om lag fire skolar per PC. På barnetrinnet var det 9,2 elevar per PC i år 2002 – på vidaregåande skular var det 3,5 elevar per PC same år. Tilgang til PC på eigen arbeidsplass/på lærarrom er no vanleg for lærarar. Det er best dekning i vidaregåande opplæring med ein PC-tettleik på 1,9 lærarar per PC, mens grunnskulen hadde mellom 2,9 og 3,9 lærarar per PC. 10
Undersøkinga «IT i skolen» 11 viste at rundt 95 prosent av alle skulane no er tilkopla Internett, 99 prosent av ungdomsskular og vidaregåande skular og 93 prosent av barneskulane. Målet no er at flest mogleg av skulane sine PC-ar med Internett-tilknyting har overføringskapasitet til å nytte lyd og bilete.
For å oppnå måla om integrert bruk av IT i undervisninga vil symmetrisk breiband av høg kapasitet vere nødvendig. I eit perspektiv på fem år fram i tid er det stort sett snakk om kapasitetar langt utover vanleg forbrukarbreiband både inn til og ut av skulen: Det er ei rekkje elevar som skal bruke bandbreidda samtidig, og bruken vil typisk vere meir bandbreiddkrevjande enn vanleg forbrukarbruk i utgangspunktet. Skulane kan forventast, i likskap med dagens høgskular, å bli om lag like store produsentar som konsumentar av elektronisk innhald. Det er variasjonar i korleis Internett blir brukt i opplæringa i dei forskjellige skuleslaga. Til no har dette gitt seg utslag i ulike krav til bandbreidde. Det er sannsynleg at desse forskjellane vil forsvinne i åra framover, slik at det ikkje blir store forskjellar i behovet i dei ulike skuleslaga i framtida. 12
Svært mange elevar har tilgang til PC og Internett heime. Kjønnsforskjellen i tidsbruk framfor PC-en utanom skuletida er stor. Jenter bruker mindre tid enn gutar, og dette gjeld for grunn- og vidaregåande skule.
Våren 2002 gjennomførte Datakortet på oppdrag av Utdannings- og forskingsdepartementet ei undersøking om IT-kompetansen til elevar og lærarar. Undersøkinga omfatta både ei eigenevaluering og ein praktisk test. 13 Berre 5 prosent av lærarane i undersøkinga svarer at dei ikkje bruker IT i samband med undervisning, inkludert aktivitetar som forarbeid til undervisning og etterarbeid/evaluering. Over 20 prosent svarte at dei brukte IT til både førebuing og gjennomføring. Den største gruppa lærarar (32 prosent) svarte at dei nyttar IT både til førebuing, gjennomføring og etterarbeid/evaluering.
Ei samanlikning av resultata frå dei elevane og lærarane som gjennomførte testen, viste at særleg gutar i grunnskulen vurderte prestasjonane sine høgare enn kva dei verkeleg presterte på sjølve testen, mens særleg kvinnelege lærarar i grunnskulen vurderte prestasjonane sine lågare enn kva dei faktisk presterte.
Det er eit viktig poeng at lærarane faktisk har betre IT-kunnskapar enn elevane. Både i grunn- og vidaregåande skule scorar lærarane høgare enn elevane på IT-kunnskapar, men forskjellane er mindre i vidaregåande skule.
Som eit ledd i arbeidet med Høykom-skole har ei arbeidsgruppe lagt fram rapporten «Skole for digital kompetanse – om framtidig behov for bredbånd i utdanningssektoren» der skulens framtidige behov for breiband blir vurdert. I rapporten sin har arbeidsgruppa kome med eit sett konklusjonar og anbefalingar som er viktige for framtidig breibandsutbygging i grunnopplæringa. Anbefalingane omfattar både infrastruktur, kompetanse og digitale læringsressursar. Arbeidsgruppa peiker på at det må vere ei balansert satsing på alle desse tre områda for å stimulere etterspørselen etter breiband og setje skulane i stand til å utnytte potensialet breiband gir.
Hovudkonklusjonen er at alle skular har behov for breiband for å kunne gi barn og unge den kompetansen dei sjølv og samfunnet treng, og for å motverke digitale skilje og vere på høgd med utviklinga internasjonalt. Skulen bør knyte seg til breiband med teknologiar som kan skalere ut frå veksande behov. Sett i eit tidsperspektiv på 5–6 år konkluderer arbeidsgruppa med at skular vil ha behov for bandbreidd frå omkring 10 til over 100 Mbit/s, avhengig av storleiken på skulen, sjå boks 2.17.
2.3 Berekraftige lokalsamfunn
Regjeringa er oppteken av å styrkje regionalpolitikken for å sikre busetjing, verdiskaping og levedyktige lokalsamfunn i heile landet. Det er viktig å føre ein framtidsretta og moglegheitsorientert distrikts- og regionalpolitikk som legg til rette for at det blir skapt varige og lønnsame arbeidsplassar.
Telesektoren har vore gjennom ei rivande utvikling som ikkje minst har kome Distrikts-Noreg til gode gjennom betre tenester og lågare prisar. På den andre sida har mange kommunar opplevd tap av arbeidsplassar som følgje av omstilling og marknadstilpassing. Utbygging av breiband står no sentralt. Noreg er eit av dei tynnast befolka områda i Europa med 14 personar pr. kvadratkilometer. Nord-Noreg har hatt ei noko svakare befolkningsutvikling enn resten av Noreg, og rammene for næringsutvikling er på mange måtar vanskelegare, med spreidd busetnad og lange avstandar til marknaden. Dette gir utfordringar med å skape lønnsemd i utbygging av infrastruktur.
2.3.1 Næringslivet i distrikta får nye høve til å nå marknaden
Næringslivet bruker breibandstenester for å oppnå effektivisering, kostnadsreduksjonar og for å nå nye marknader. Kostnadsreduksjonar og effektivisering kan spenne over alt frå meir kostnadseffektive driftsforhold til omlegging av bedrifta for å utføre oppgåvene på nye måtar. Tilpassing til ny teknologi gjennom omorganisering kan vere krevjande, men synest å gi dei største resultata. Moglegheita som breiband gir bedriftene til å nå nye marknader, er vesentleg for utkantbedrifter. Det blir gitt fleire eksempel på korleis tidlegare lokale bedrifter som byggjer eksistensen sin berre på ein lokal marknad, kan utvide verksemda si med gode kommunikasjonsmoglegheiter.
Boks 2.18 Eurofoto, Breim i Sogn og Fjordane
Eurofoto AS er etablert med eit avansert digitalt fotolaboratorium. Målgruppa er alle som har digitale bilete, og som treng kvalitet på papirbileta sine, anten på ekte fotopapir eller fotogåver. Eurofoto har installert breiband for å yte service til heile Skandinavia og verda forøvrig. Breiband har såleis gjort det mogleg å vere lokalisert i eit utkantstrok som Breim, Sogn og Fjordane. Eurofoto si verksemd baserer seg på at kundane sender dei digitale bileta sine via Internett, eller at kundane sender filmar som Eurofoto framkallar og legg ut på nettet. Postbilen hentar posten kvar ettermiddag, og dei fleste av kundane får varene sine i postkassa dagen etter. Salet av digitale kamera har i løpet av det siste året passert salet av analoge kamera. Dette har medverka til auka etterspørsel etter Eurofoto sine tenester. Bedrifta starta opp i april 2000 og har allereie 160 000 registrerte brukarar i 61 land. Selskapet har i dag åtte fast tilsette.
Kjelde: Eurofoto 2003
Det har lenge vore politisk semje om at miljø for verdiskaping må styrkjast og utviklast. Både landbruksnæringa og mindre bedrifter må kunne koplast saman med relevante kunnskapsbasar og nettverk. I område med store avstandar blir slike miljø bygde opp blant anna ved hjelp av netteknologi.
Den økonomiske aktiviteten i distrikta er grunnlaget for det desentraliserte busetjingsmønstret i Noreg, og som stadbundne næringar har jord- og skogbruk ein sentral plass i næringslivet i mange distriktskommunar.
Det er meir og meir vanleg blant bønder å bruke kompetansen sin som næringsdrivande også på andre område enn landbruk. Blant anna utviklar mange gardbrukarar eigne reiselivsbedrifter. Ein god infrastruktur for elektronisk kommunikasjon gir bedriftene moglegheiter til å nå større marknader på ein effektiv måte, blant anna til marknadsføring og omsetning av reiselivsprodukt. Det gjer det mogleg å utnytte nasjonale og regionale fordelar for å auke lønnsemda.
Boks 2.19 Landbruksnæringa
Landbruket er ei desentralisert næring med store avstandsulemper. I landbruksforvaltninga kan det vere omfattande gevinstar knytt til bruk av elektroniske kommunikasjonsnett til å distribuere data til næringsutøvarar og å få inn søknader, rapportar og annan dokumentasjon. Førebels er dei aktuelle datamengdene så smålåtne at dei ikkje utløyser eit stort behov for breiband. Men nye tenester som er baserte på etablerte databasar med kartdata og geografisk informasjon om arealressursar, jord og skog i Noreg, vil krevje breiband. Databasane er knytte opp mot Internett via breiband. Det er også etablert tenester der forvaltninga, næringsdrivande innanfor jord- og skogbruk og publikum i det store og heile blir gitt tilgang til denne informasjonen. Desse tenestene krev tilgang til «moderat breiband» for at kartdata skal kunne overførast utan for lang nedlastingstid.
For landbruksnæringa vil enkel tilgang til gode kart vere eit viktig hjelpemiddel for å tilfredsstille krav til å utforme miljøplanar for kvart enkelt gardsbruk, for å lage gjødselplanar, skogbruksplanar, og som grunnlag for den dokumentasjonen som blir kravd gjennom KSL-ordninga og miljøsertifiseringa i skogbruket. På kort sikt vil distribusjon av kart til desse formåla fyrst og fremst skje til takstinstitusjonar og andre aktørar i konsulentbransjen. Kartdata er her eit grunnlag for vidare verdiskaping i form av tenester retta mot kvar einskild jord- eller skogbrukseining. Tenestene kan grovt delast i
vising av landbruksrelatert informasjon i form av interaktive kartbilete på skjerm,
nedlasting av kartdata frå sentrale databasar for vidare bruk på lokal PC,
klient-tenar basert saksbehandlarverktøy der lokal landbruksforvaltning nyttar tynne klientar mot sentrale tenarar, og
sentrale databasetenarar kopla mot «tjukke klientar», fortrinnsvis GIS-verktøy, hos regional forvaltning og konsulentfirma som er lokaliserte i distrikta.
Tenestene a) og b) er etablerte, men det er planlagt å auke omfanget dei nærmaste åra. Etablering av c) er planlagt i løpet av 2003, mens d) vil liggje noko lenger fram i tid.
2.3.2 Gode tenestetilbod er viktig for å halde ved like busetjinga i distrikta
Kommune-Noreg har store utfordringar med krav til auka servicegrad og høgare effektivitet. Samtidig er det viktig at lokalsamfunnet gir innbyggjarar tilknyting og moglegheiter til aktiv samhandling i nærmiljøet og har ein levedyktig næringsstruktur.
Val av bustad er ikkje aleine eit spørsmål om arbeidstilbod. Undersøkingar viser at folk i stor grad legg vekt på bustadkvalitetar når dei vel bustad, og at bustadpreferansane endrar seg gjennom livsløpet. Kommunane har ansvaret for planlegginga på lokalt nivå, og for å gi befolkninga tilfredsstillande tilbod innanfor kultur og fritid, oppvekst, skule, helse og pleie. På desse områda reknar ein med at breiband kan gi omfattande fordelar for distrikta.
Boks 2.20 Digital kino
Digital kino krev blant anna at filmane blir formidla til kinoane via breiband. Innføringa av Europas fyrste digitale kinokjede, «Digitala hus», er etablert i Sverige med sju kinoar frå Göteborg til Kiruna. Organisasjonen «Folkets hus og Parker» legg stor vekt på innføring av digital kinoframvising og distribusjon. I Noreg er det innført digital distribusjon av kinoreklame til ei rekkje kinoar, og det er fleire lokale e-kino-initiativ, blant anna i Lillesand.
I tillegg til å medføre endringar i forretnings- og formidlingsmodellar i filmbransjen har digital kino konsekvensar for forholdet mellom sentrum og periferi. Med digital formidling kan ein ny film få premiere over heile landet samtidig, noko som inneber at mindre stader ikkje treng vente i fleire månader på filmkopiar mens filmane blir spelte i dei store byane. Dette kan revitalisere kinoane på mindre tettstader og styrkje det lokale kulturlivet. I tillegg kan kinolokala i større grad fungere som ressurs- og konferansesenter for lokalt næringsliv.
Stadig meir opplæring, undervisning og informasjon skjer ved bruk av data og Internett. Nettbaserte tilbod blir tekne i bruk i etter- og vidareutdanninga, og små skular koplar seg opp til større for å kunne gi eit meir fullverdig tilbod. Regjeringa legg opp til at vaksne i større grad enn tidlegare skal kunne ta utdanning på eller nær heimstaden. For å dyrke fram vekstkraftige regionar og næringsmiljø må utdannings- og forskingspolitikken støtte opp under regionale strukturar og fordelar. Gjennom dei endringane i lov om universitet og høgskular som Regjeringa legg fram, vil institusjonane få utvida sjølvstyre. Det gir auka moglegheit for tilpassing til regionale føresetnader og behov. Den nye lovteksten stimulerer til aktivt samspel mellom institusjonane og regionale nærings- og samfunnsinteresser og understrekar institusjonen sitt ansvar for etter- og vidareutdanning på fagområda sine.
Med den breie landsdekninga som helse- og sosialtenestene har i Noreg i dag, er det viktig at også distrikta kan bli betente på ein god måte i framtida. Her er flaskehalsen tilstrekkeleg og rimeleg kommunikasjonskapasitet til helseføretak, legekontor og andre behandlingstilbod i Distrikts-Noreg. Primærlegar og mindre helseinstitusjonar i offentleg og privat sektor har enno ikkje tilgang til same gode infrastruktur som dei store helseføretaka. Her ligg eit omfattande potensial for effektivisering, kvalitetsforbetring og samfunnsmessig innsparing.
Breiband kan vere med på å redusere behovet for pendling. Tilrettelegging av heimekontorløysingar inneber at mange arbeidsoppgåver i dag kan løysast lokalt. Fordelane knytte til meir fleksible arbeidsordningar inkluderer mellom anna mindre reisetid og meir tid saman med familien. Dette kan også føre til redusert fråflytting i distrikta. Breiband kan dessutan føre til større inkludering av handikappa i arbeidsstyrken, og auka høve for å arbeide i distrikta.
2.4 Deltaking i samfunnet
Breibandsteknologien føyer seg inn i den teknologiske utviklinga og gir nye høve til å kunne følgje med i og delta i samfunnet. Men som i dei fleste tilfelle byr utviklinga ikkje berre på fordelar, men også ulemper. Breiband aukar informasjonstilfanget og illustrerer bodskapane betre, gjennom lyd, bilete og tekst, eller kombinasjonar av dette. Men det kan berre utnyttast av dei som har tilgang til og som meistrar teknologien – praktisk eller intellektuelt. Det kan utviklast eit digitalt skilje dersom vesentlege delar av folket ikkje blir nådd med god infrastruktur, eller delar av befolkninga av annan grunn ikkje klarer å utnytte teknologien. Sjølv om breiband i distrikta vil stimulere lokal kultur, er det ei aukande utfordring å bevare norsk kultur, språk og lokal eigenart under eit aukande tilfang av informasjon og innhald frå ei global omverd. Nettsamfunnet er enno i ein tidleg fase, og alle konsekvensar er enno ikkje synlege.
Nettsamfunnet inneber at fleire og fleire typar funksjonar kan utførast over nettet, og at ein stadig aukande del av befolkninga er tilknytt nettet. Breibandsutbygginga er ein naturleg del av denne utviklinga. I dag kan ein ikkje sjå dei fulle konsekvensane av denne utviklinga, men nokre trekk teiknar seg allereie.
Eit trekk er at bruk av elektroniske nett fører til aukande publikumsovervaking og sporing av transaksjonar. Breibandstilknyting intensiverer bruken og kan forsterke denne typen tendensar. Men breiband har også nye sider ved seg. Breiband kan medverke til mobilt arbeidsliv og geografisk uavhengigheit, men også auka risiko.
2.4.1 Tilbodet av informasjon, underhaldning og tenester aukar
Dei fleste innbyggjarar har i dag via Internett tilgang til store mengder informasjon frå heile verda. Eksempel på dette er nyheiter, fakta, helseopplysningar, kultur og underhaldning. Ettersom ein lett har tilgang til kjelder over heile verda, blir tilfanget og variasjonen svært stor. Mykje av materialet er tekstbasert, men breiband kjem til å auke omfanget av multimedieinnhald (bilete, lyd og video). Særleg i forbrukarmarknaden skjer det i Noreg og internasjonalt ei laupande utvikling av tenester og innhald som til dømes film, TV og spel, jf avsnitt 4.1.1. Breiband vil også gjere det mogleg å utføre meir effektive og omfattande søk på nettet.
Det er viktig å gjere vår felles kulturarv tilgjengeleg for å bevare og vidareutvikle kulturarven, identiteten og språket vårt. Arbeidet med digitalisering og tilgjengeleggjering skjer i offentleg regi gjennom ei rekkje institusjonar. Tilfanget av tilgjengeleg, digitalisert kulturarvsinformasjon er allereie stort, og veks. I det følgjande blir ein kort omtale gitt av dei viktigaste nasjonale tiltaka og prosjekta, med nokre utvalde eksempel.
Ein sentral nettstad for tilgang til digital kulturinformasjon er Kulturnett Noreg, som er den offisielle inngangsdøra til norsk kultur på nettet og Internett-satsinga til Kultur- og kyrkjedepartementet. Kulturnettet, med underliggjande sektornett for kultur, bibliotek, kunst og museum, er eit fyrste skritt mot større integrasjon av ressursane i fagmiljøa. Sidene gir tilgang til ei rekkje nettutstillingar. Tanken er at publikum skal finne det dei er ute etter, uavhengig av kor leitinga startar. Denne integrasjonen av ressursar gjer at aktørane i kulturnettet kan arbeide meir rasjonelt.
Det nye organet for utvikling av arkiv, bibliotek og museum (ABM-utvikling) er eit strategisk utviklingsorgan som arbeider med felles utviklings- og samarbeidstiltak og sektorspesifikke utfordringar for dei tre sektorane arkiv, bibliotek og museum. ABM-utvikling har blant anna som uttrykt mål å gi sikker tilgang til og bevaring av digitale kjelder. Også i arkivverket er det omfattande arbeid i gang for å digitalisere og gjere materiale tilgjengeleg. Det er ei målsetjing for alle desse etatane å styrkje samarbeid også om felles IT-oppgåver.
Katalogiseringsprosjektet i det nye Nasjonalmuseet for kunst skal byggje opp ein elektronisk katalog over samlingane ved dei institusjonane som skal integrerast. Dette vil i neste omgang leggje til rette for elektronisk tilgjengeleggjering av samlingane og den tilhøyrande dokumentasjonen via Internett.
Biblioteksektoren har kome langt i utviklinga av digitale tenester og produkt, mellom anna i regi av Nasjonalbiblioteket, men også i samarbeid med andre innhaldsaktørar.
ABM-utvikling leverte i februar 2003 ei innstilling om hovudutfordringar for etablering av eit norsk digitalt bibliotek. Visjonen er ei organisert samling av tenester og innhaldsressursar som gir brukarar tilgang til informasjon i digital form formidla via eit datanett. Hovudingrediensen når det gjeld innhaldet er den norske kulturarven, medrekna ikkje-tekstlege innhaldstypar, til dømes lyd og bilete. Dessutan tilrår innstillinga frå ABM-U at Norsk digitalt bibliotek omfattar elektroniske tidsskrifter og bøker, og kunnskapsdatabasar med leksikalsk innhald og ordbokinnhald særleg tilpassa for elektronisk tilgang.
Nasjonalbiblioteket sin database over norske aviser og tidsskrifter er tilgjengeleg på Internett, og viser ein omfattande vekst. I tillegg gir Nasjonalbiblioteket på internettsidene sine tilgang til ei rekkje databasar, der publikum gratis kan søkje i lyd-, bilet- og tekstarkiv. Til dømes kan ein nemne at Norsk folkemuseums negativarkiv etter fotografen Anders Beer Wilse er stad- og temasøkbart tilgjengeleg med tilleggsdata frå Nasjonalbiblioteket. I samanheng med ombygginga og rehabiliteringa av Nasjonalbiblioteket i Oslo blir det arbeidd med digitalisering av dei gamle katalogane, noko som vil auke tilgangen til materialet i avgjerande grad. Nasjonalbiblioteket og Norsk filminstitutt forvaltar eit rikt filmmateriale i analoge format, og er i kontinuerleg arbeid med å ta vare på og digitalisere materialet. Tilgjengeleggjering av dette materialet støyter på opphavsrettslege spørsmål, som Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider med å løyse.
Programarkivet til Norsk rikskringkasting er i all hovudsak lagra analogt. Norsk rikskringkasting arbeider med å digitalisere og gjere desse arkiva tilgjengelege. I det høvet har det vore lagt inn ekstraordinære aukar i kringkastingsavgifta for 1999, 2000 og 2001, som er øyremerkte utgifter i samanheng med digitalisering.
«Den kulturelle skulesekken» er ei satsing for å gi skulebarn god tilgang på kulturopplevingar. Det blir vurdert ulike løysingar for interaktive tilbod i skulesektoren som krev breibandstilkopling. Ei rekkje omsyn må takast når ein skal velje løysing for å finne kosteffektive og varige system for bestilling og tilbod av kulturelle innhaldstenester i skulesektoren.
Mange eldre har i dag teke i bruk Internett. Breiband kan også tilby eit vidare spekter av tenester.
Boks 2.21 Mobilt breiband Alta
I 2000–2001 blei ei gruppe med heimepleiarar i Alta kommune utstyrte med mobile terminalar. Desse terminalane var knytt til dei elektroniske pasientjournalane gjennom eit mobilt breibandsnettverk. Dei mobile terminalane blei nytta til å oppdatere pasientjournalar, utveksle bilete av sår og skadar og til å kommunisere med allmennlegar og spesialistar.
Resultata viste at den mobile tilgangen til pasientjournalane auka sjansen for å treffe riktige diagnosar og tilhøyrande medisinering. I tillegg blei det enklare for heimepleiarane å nytte seg av og oppdatere pasientjournalane. Samla sett viste forsøket at det er mogleg å tilby dei eit breitt spekter av helse- og sosialtenester i heimen. Dette gjer det mogleg for dei eldre å bu lenger heime. Forsøket viste også at løysinga gav auka motivasjon hos heimepleiarane.
Kjelde: Høykom-sekretariatet 2003
Eit utbreidd breiband vil vere eit godt verkemiddel for å vidareutdanne den vaksne befolkninga. Gode utdanningsløysingar med fleksibelt læringsinnhald er avhengig av breiband. Målretta verkemiddel som stimulerer utvikling og tilbod av gode læremiddel, vil stimulere til auka etterspørsel. Opplæringstilbod kan hjelpe til å demme opp for tilflytting til større bysenter. Funksjonshemma treng i stor grad spesialtilpassa materiell. Menneske med lese- og skrivevanskar er brukarar av multimediebaserte lydbøker som krev breibandskapasitet. I omsorgssektoren er det store høve for auka omsorg til brukarar ved ein kombinasjon av omsorgspersonell, gode teknologiske løysingar i omsorgssektoren og tilrettelegging av tenester gjennom breiband som når alle.
2.4.2 Breiband gir både moglegheiter og utfordringar for deltaking i samfunnet
Nettsamfunnet inneber at fleire og fleire typar funksjonar kan utførast over nettet, og at ein stadig aukande del av befolkninga er tilknytt nettet. Breibandsutbygginga er ein naturleg del av denne utviklinga. I dag er det vanskeleg å sjå dei fulle konsekvensane, men nokre trekk teiknar seg allereie.
Breiband aukar moglegheitene for ulike former for deltaking i nettsamfunnet. Men ulemper kan oppstå for dei som ikkje vil eller evnar å bruke nye tenester. Ei rekkje sentrale tenester både i privat og offentleg sektor krev etter kvart at brukarane har nettkompetanse. Det oppstår ofte ulemper for dei som bruker skranke eller fysiske medium i staden for nett-tenester. Ulemper kan til dømes vere høgare gebyr ved banktenester, eller at det tek vesentleg meir tid og ressursar å møte opp personleg ved eit kontor. Bruk av papirskjema i kontakt med det offentlege kan seinke behandlinga vesentleg i forhold til bruk av elektroniske skjema.
Kompetanse og utdanning, og moglegheiter for tilgang til utstyr er i dag den viktigaste årsaka til forskjellar i bruk av elektroniske medium. 14 Deltakarbilletten til nettsamfunnet ligg både i tilgang til infrastruktur og i evna til og ønsket om å nytte seg av infrastrukturen. Skilnader i kjønn, alder og geografi er òg viktige faktorar. 15
Moglegheit til deltaking i samfunnsdebatten og tilgang på informasjon er avgjerande i demokratiet. 16 Etter kvart som informasjon og debattforum i aukande grad berre er tilgjengelege over nett, kan dei som ikkje nyttar nettmedia, i meir avgrensa grad ta del i samfunnsdebatten. Det er til dømes blitt vanleg at nyheitssendingar viser til meir djupneinformasjon og debattforum på nett-tenestene sine når dei rundar av nyheitsinnslag. Nettmedia lèt lesarane sine delta i debattar med ekspertar og samfunnsleiarar på nett, mens lesarar av papiraviser ikkje har denne sjansen. Meistring av nettmedia blir såleis i aukande grad ein viktig inngangsbillett til deltaking i samfunnsdebatten. I tillegg vil bruk av Internett gi betre tilgang til utanlandske nyheitskjelder slik at dei som beherskar IT, får eit betre informasjonstilfang og forståing omkring viktige samfunnsspørsmål enn dei som ikkje beherskar teknologien. 17
Elektroniske nett aukar faren for aukande publikumsovervaking og uønska sporing av transaksjonar. Breibandstilknyting intensiverer bruken og kan forsterke denne typen tendensar. Men breiband har også nye sider ved seg. Breiband tillèt og innbyr til kontinuerleg tilknyting, dvs. at ein alltid er tilknytt nettet. Det gjer det mogleg med eit reelt mobilt arbeidsliv, geografisk uavhengigheit, fjernundervisning og -opplæring, mellom anna. Dei sosiale konsekvensane av at store delar av befolkninga utfører meir og meir på nettet, er det vanskeleg å seie noko om i dag. Generelt kan ein seie at nettutviklinga fremjar mobilitet og fleksibilitet i arbeids- og samfunnsliv.
2.4.3 Auka tilgang gir utfordringar i forhold til ulovleg og skadeleg innhald
Auka nett-tilgang og raskare tenester kan òg innebere lettare tilgang på ulovleg og skadeleg innhald. Tryggleik handlar om tiltak mot ulovleg og skadeleg innhald, og skil seg såleis frå reint teknisk vern av informasjonssystem. Begge delar er nødvendig for å auke publikums tillit til mediet. Dette avsnittet handlar om arbeidet for å skape tryggleik gjennom å kjempe mot ulovleg pornografi og rasisme på Internett. Bruk av klassifiseringsverktøy og filter kan vere nyttige verktøy for å unngå ulovleg og skadeleg materiale, men desse hjelpemidla har klare svake sider som publikum bør kjenne til. Hovudstrategien vil difor vere knytt til arbeid med bevisstgjering og etablering av tipslinjer.
Utvikling av tekniske verktøy for sikkerheits- og tryggleiksarbeidet bør ideelt sett drivast fram av marknaden. Slike løysingar har marknadspotensial, og utviklinga av slike produkt bør skje utan offentlege inngrep. Det offentlege har likevel eit ansvar for å gi informasjon om dei ulike løysingane og kontrollere at gode løysingar er tilgjengelege for publikum.
Eit viktig ledd i dette arbeidet er tiltaksplanen for barn, unge og Internett som Regjeringa la fram i 2001. Som ein viktig del av oppfølginga av denne tiltaksplanen blei det våren 2003 etablert eit ressurssenter på Internett for tryggare bruk av nettet. Prosjektet omfattar fleire europeiske land og blir leidd av Statens filmtilsyn. Som ein viktig del av tiltaksplanen blir det gjennomført forsking om åtferda til barn og unge på Internett, og om kunnskapen og haldningane til foreldra når det gjeld Internett-bruken til barna. Resultata frå undersøkinga er eit viktig kunnskapsgrunnlag for utforming av tiltak og for å gi relevant informasjon om tryggare Internett-åtferd. Bransjen si oppgåve er å spreie informasjon om sikker bruk via bransjen sine eigne kanalar. I tillegg skal prosjektet ha møteplassar der bransjen og offentlege og private organisasjonar møtest for å ha eit konstant trykk på desse sakene.
Nettnemnda blei oppretta for å vere ein vurderings- og klageinstans for nettbrukarar i Noreg. Nemnda fekk med seg dei leiande leverandørane av Internett i Noreg på å finansiere dette, saman med bransjeorganisasjonen IKT-Norge og Statens Filmtilsyn. Prøveperioden stoppar ved utgangen av 2003.
Boks 2.22 Nettnemnda
Nettnemnda er ein uavhengig klageinstans som skal handheve etiske reglar for Internett. Desse reglane er fastsette av IKT-Norge og Internettforum, og tek sikte på å ivareta grunnleggjande rettar for brukarar og tenesteytarar på Internett. Oppgåva er særleg å balansere omsynet til ytringsfridom mot omsynet til privatliv/personvern.
Nettnemnda kan treffe bindande avgjerder i saker som gjeld verksemder som er tenesteytarar på Internett, og som har forplikta seg til å godta dei nettetiske reglane. Nemnda kan også uttale seg i alle spørsmål som fell inn under arbeidsområdet til nemnda.
Kjelde: Nettnemnda 2003, www.nettnemnda.no
Fotnotar
Analysys 2002
Ved innføring av nye datasystem i organisasjonar er auka effektivitet og lågare kostnader eit viktig argument. Produktivitetsparadokset refererer seg til problem med å kvantifisere dei økonomiske effektane som er knytte til desse tiltaka.
I næringar som ikkje har konkurranse frå utlandet (skjerma sektor), treng det i prinsippet ikkje vere nokon samanheng mellom lønns- og produktivitetsutviklinga, da lønnsaukar kan veltast over i auka sluttbrukarprisar. Men lønnsutviklinga i skjerma næringar har verknad for den kostnadsmessige konkurranseevna i dei internasjonale næringane (konkurranseutsett sektor).
Agderforskning 2002: Elektronisk forretningsdrift – Hindringer og tiltak
Med transaksjonskostnader meiner ein kostnader som konsumentar og føretak har i samband med gjennomføring av ein handel, dvs. kostnader ved å leite etter produkt, vurdere produkt og gjennomføre kjøp/sal.
Teleplan 2003: eInnhold i Norge
Nasjonalt helsenett skal bestå av dei fem regionale helsenetta som dei respektive regionale helseføretaka eig, og ein sentral infrastruktur som Sosial- og helsedirektoratet eig. Nasjonalt helsenett skal vere etablert innan utgangen av 2003.
ImpaCT2-studien, sjå http://www.becta.org.uk/research/reports/impact2/index.cfm
Utdannings- og forskingsdepartementet/Høykom Skole 2003: Skole for digital kompetanse – om fremtidige behov for bredbånd i utdanningssektoren
Norsk Gallup Institutt AS 2002: IT i skolen
Sjå http://www.dep.no/archive/ufdvedlegg/01/01/ Rappo036.ppt
UFD/Høykom Skole 2003: Skole for digital kompetanse – om fremtidige behov for bredbånd i utdaningssektoren
NHD 2003: Tilstandsrapport for eNorge januar 2003
Ivar Frønes 2002: Digitale skiller, Fagbokforlaget.
Norsk Gallup, Interbus 3/2002
Cass Sunsteins bok Republic.com (Princeton University Press 2001) har skapt debatt om korleis auka bruk av nettmedia gir ei oppsplitting av den demokratiske offentlegheita, med polarisering av offentlege debattar, politiske parti og organisasjonar som naturleg følgje. Han føreslår at nettmedia blir regulerte på linje med for eksempel kabel-TV, med krav om krysslenking mellom nettstader etter visse kriterium, for å hindre for stor grad av oppsplitting og polarisering i medieuniverset mellom ulike meiningsgrupper. Francis Sejersted tar opp liknande tema i boka «Norsk Idyll» (Pax 2000).
Ivar Frønes 2002: Digitale skiller, Fagbokforlaget