9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Intensjonen med forslaga i denne meldinga er å fremje utviklinga og bruken av elektronisk infrastruktur med stor kapasitet, spesielt i distrikta. Dette vil styrkje konkurranseevna for norsk næringsliv, gi vekstmoglegheiter til kunnskapsbaserte næringar og støtte kunnskapsutviklinga. Breiband gir auka moglegheit for elektronisk handel, forbetring av offentlege tenester som skule og helse, og gir grunnlag for effektivisering og betre produktivitet gjennom meir effektiv informasjonsutveksling og omforming av organisasjonsstrukturar. Private og offentlege verksemder må ha god tilgang til elektronisk infrastruktur med høg kapasitet og kunne utnytte moglegheitene som breiband gir. Breiband er ein viktig faktor i utviklinga av kunnskapsbaserte økonomiar.
9.1 Økonomiske konsekvensar
Dei økonomiske gevinstane av investeringar i breiband følgjer i hovudsak av dei nyttevirkningar som er drøfta i kapittel 2. Gevinstane blir venteleg størst på sikt, men det finst fleire eksempel også på kortsiktige gevinstar. Desse gevinstane er gjerne knytte til felles kjøp av Internett i eitt eller fleire knutepunkt, noko som gir større kapasitet og lågare einingskostnader. Dessutan er gevinstane knytte til felles kjøp av eksterne linjer og ofte lågare driftskostnader, slik som lågare telefonkostnader på grunn av telefoni over Internett.
Fleire av forslaga som er omtalte i meldinga, er allereie vedtekne, og kostnadene vil i hovudsak innebere omdisponeringar innanfor rammene i dei ulike departementa. Forslaget om eit nytt delprogram – Høykom-distrikt – inneber behov for auka løyvingar over statsbudsjettet.
Generelle tiltak for å fremje konkurransen (avsnitt 8.1.1)
Tiltaka for å auke konkurransen føyer seg inn i utviklinga av telepolitikken og konkurransepolitikken, og blir venta å gi lågare prisar på breibandstenester både i transport- og aksessnettet. Tiltaka vil bli finansierte innanfor budsjettrammene til dei respektive departementa.
Betre tilgang til marknadsinformasjon (avsnitt 8.1.2)
Jamleg informasjon om pris og konkurranseforhold i breibandsmarknaden vil gi brukarane betre kjøpsinformasjon og styrkje konkurransen. Tiltaket inngår som ledd i den faste verksemda til Post- og teletilsynet, og krev ikkje auka budsjettrammer.
Prisar på leigde samband (avsnitt 8.1.3)
Post- og teletilsynet vurderer no Telenor sin prisstruktur for leigde samband. Prisen på leigde samband er viktige for konkurransen, fordi leigde samband inngår som innsatsfaktor for konkurrerande aktørar. Tiltaket inngår som ledd i den faste verksemda til Post- og teletilsynet og medfører ikkje behov for auka budsjettrammer.
Generelle frekvensløyve for trådlause nett (avsnitt 8.1.4)
Trådlause nett er godt eigna for tynnare befolka område, og kan ofte etablerast raskt og med relativt låge investeringar. Frekvensar er ein innsatsfaktor i produksjon av all radiokommunikasjon og dermed viktig for konkurransen i breibandsmarknaden. Frekvensløyve blir anten gitt som generell forskrift eller individuelle løyve. Frekvensar blir forvalta med den målsetjing å sikre effektiv bruk av ressursane i samfunnet. Tiltaket krev ikkje auka budsjettrammer.
Betre utnytting av framføringsvegar for telenett (avsnitt 8.1.5 )
Tiltak for betre utnytting av framføringsvegar kan bestå i retningslinjer som gjer det tydeleg kva for moglegheiter kommunane har i forhold til regelverket, og konkret rettleiingsmateriale. Tiltaka er venta å medverke til betre planlegging av infrastruktur i kommunane og lågare kostnader for breibandsutbyggjarane. Tiltaka inneber små kostnader, og blir dekte innafor budsjettrammene til dei respektive departementa.
Vidareutvikling av nasjonalt helsenett (avsnitt 8.2.1)
Vidareutvikling av nasjonalt helsenett er venta å gi funksjonelle nytteverknader i heile helsesektoren og moglegheiter for forenklingar og innsparingar, jf. Boks 2.14. Arbeidet blir finansiert innanfor budsjettrammene til Helsedepartementet og Sosialdepartementet.
Utdanningssektoren (avsnitt 8.2.1)
Gjennom etablering av Uninett ABC skal Uninett støtte opp om utbygging av infrastruktur, tenester og læringssystem i heile utdanningssektoren i heile utdanningsløpet. Det er venta at dette skal medverke til styrkt gjennomføring av måla i e Norge-planen om breibandstilknyting for grunnskule og vidaregåande skule. Finansiering skjer innanfor budsjettrammene til Utdannings- og forskingsdepartementet.
Ordninga for rentekompensasjon blei etablert i 2002. Regjeringa foreslo i revidert nasjonalbudsjett for 2003 å auke investeringsramma for rentekompensasjon til opprusting av skulebygg med 1 milliard kronar, dvs. at rentekompensasjonen blei auka med 39 millionar kroner frå 192 til 231 millionar kroner. Dette blei vedteke av Stortinget. Ordninga kan også omfatte breibandstilknyting til skulane. Det blir venta innsparingar ved at skulane kan planleggje og setje i verk nødvendige bygningsmessige tiltak knytte til installering av breiband i samanheng med anna renoveringsarbeid.
Stimulering av utvikling av tenester og innhald (avsnitt 8.2.2)
Betre tilgang for innhaldsprodusentane til offentlege grunndata til samfunnsøkonomisk riktige prisar, vil gi grunnlag for norsk næringsutvikling og verdiskaping. Tiltaket er ledd i eit forarbeid for iverksetjing av eit EU-direktiv om kommersiell utnytting av informasjon i offentleg sektor, som truleg blir vedteke i 2003. I den grad det vedkjem innteningskrava til statlege verksemder, vil dette bli lagt fram for Stortinget i budsjettsamanheng.
Dessutan skal rammevilkåra for innhaldsprodusentane utgreiast, og analysane skal munne ut i forslag til tiltak.
Skattefritak for heime-PC via arbeidsgivar (avsnitt 8.2.3)
Den eksisterande ordninga med skattefritak for datautstyret til arbeidsgivaren i heimen, vil bli ført vidare, og omfattar også utgifter til breiband. Ordninga er nærmare omtalt i avsnitt 8.2.3.
Kompetanseutvikling og kunnskapsspreiing (avsnitt 8.3.1)
Lokale initiativ er viktige for vidare breibandsutbygging. Offentlege verksemder kjem til å bli sterkt oppfordra til å drive kompetanseutvikling og ta i bruk breiband. Kompetanse og kunnskap om systematiske opplegg for stimulering av etterspørsel vil bli retta mot kommunane. Innsatsen skal medverke til å styrkje lokalt initierte utbyggingsprosjekt. Rettleiingsaktiviteten skal utførast av eksisterande rettleiingsapparat (mellom anna Høykom og Uninett), og vil bli finansiert innanfor eksisterande budsjettrammer.
Høykom-programmet (avsnitt 8.3.2)
Høykom-programmet er inne i sin andre treårsperiode, med siste virkeår 2004. Programmet føreset eigenfinansiering med minimum 50 prosent og utløyser dermed omfattande midlar utover dei som blir løyvde over statsbudsjettet. Erfaringar så langt viser at berre om lag halvparten av søknadene blir innvilga.
Ved utgangen av det noverande Høykom-programmet er det gitt tilskot på om lag 250 millionar kroner til ein prosjektportefølje med ei samla prosjektramme på bortimot 1 milliard kroner. Den økonomiske ramma for det ordinære Høykom-programmet for 2004 vil bli uendra frå 2003. Dei økonomiske konsekvensane for kommunar som vil nytte seg av ordninga, er ein eigendel på minimum 50 prosent. Det pågåande Høykom-programmet skal evaluerast hausten 2003.
Regjeringa vil foreslå å styrkje programmet i 2004 med eit nytt delprogram, Høykom-distrikt, spesielt for spreiddbygde område. Delprogrammet vil bli vurdert innretta mot utvalte soner i det distriktspolitiske virkeområdet. Det styrkte Høykom-programmet kan dekkje kostnader ved større interkommunale prosjekt og kostnader ved auka rettleiing og kompetanseutvikling som rettleiingsverksemdene ikkje sjølv kan dekkje. Forslag til samla løyving til Høykom blir lagt fram i budsjettet for 2004.
Eit styrkt program vil utløyse meir midlar frå andre. Dei økonomiske konsekvensane for kommunar og fylkeskommunar av eit utvida Høykom i 2004 vil bli om lag 50 prosent eigendel, dvs. tilsvarande sum som blir løyvd over statsbudsjettet, dersom dei på frivillig grunnlag vel å gå inn i prosjekta.
Delprogrammet Høykom-skole er knytt til Høykom-programmet, men blir finansiert over rammene til Utdanning- og forskingsdepartementet.
9.2 Administrative konsekvensar
Forslaga til konkurransestimulerande tiltak er det i hovudsak Post- og teletilsynet (PT) som tek seg av, som ledd i den faste oppgåveløysinga.
Forslag til tiltak for å stimulere offentleg etterspørsel vil bli støtta av det eksisterande Høykom-programmet og eit nettverk av eksisterande rettleiingsorgan. For eksisterande rettleiingsverksemder vil aktiviteten vere inntektsfinansiert, men med stønad frå Høykom.
Høykom-ordninga har allereie eit innarbeidd programsekretariat og innkøyrde styringsfunksjonar i regi av Noregs forskingsråd, og kan handtere utvida rammer og vidare drift med liten ekstra innsats.
Dei samla administrative konsekvensane av dei føreslåtte tiltaka blir såleis minimale.