St.meld. nr. 49 (2002-2003)

Breiband for kunnskap og vekst

Til innhaldsliste

4 Tenester og innhald

Stadig fleire tenester i samfunn og næringsliv blir utførte elektronisk. Mange av dagens elektroniske tenester krev ikkje breiband, men volumet av desse tenestene og omfanget av meir kapasitetskrevjande tenester er jamt aukande. Breiband er difor ein føresetnad for å kunne bruke tenester på ein effektiv måte og med tilfredstillande kvalitet.

Tilbodet av elektronisk formidla innhald har dei siste åra hatt ein omfattande auke. Innhald kan ha offentleg eller privat opphav og omfattar mellom anna film, litteratur, musikk, underhaldning, databasar og informasjonskjelder og såleis store delar av den kulturelle arven og den jamlege administrative informasjonen vår. Dette innhaldet er i ferd med å bli lagt over på digital form slik at det blir elektronisk tilgjengeleg. Til dømes er NRK i gang med å digitalisere arkiva sine.

Boks 4.33 Definisjon av elektroniske tenester og innhald

EU definerer informasjonssamfunnstenester som alle tenester som blir tilbodne mot godtgjersle, på avstand – det vil seie at brukaren ikkje er fysisk til stades, ved elektroniske hjelpemiddel og på førespurnad frå brukaren (Directive 98/34 EC og 98/48 EC).

Elektronisk innhald kan definerast som tekst, lyd eller bilete eller ein kombinasjon av desse som er meint (a) for distribusjon over elektroniske kanalar (brei definisjon mellom anna i Regjeringa sin strategi for elektronisk innhald 2002–2004 – ein slik definisjon vil mellom anna inkludere spel og programvare), eller (b) for å bli publisert og distribuert til allmenta (smalare definisjon til dømes brukt av Statistisk Sentralbyrå).

Både tenester og innhald er i sterk utvikling, og ulike typar innhald blir hyppigare kopla til nye tenester. Offentleg sektor er også ein viktig tilbydar av elektroniske tenester.

I kapittel 2 er det gitt eksempel på moglege gevinstar av breiband i næringslivet, offentleg sektor og i forbrukarmarknaden. Dette kapittelet handlar om trendar ein ser i utvikling og produksjon av elektroniske tenester og innhald. Det blir også drøfta utfordringar knytte til det å skape konkurransedyktige teneste- og innhaldsnæringar. Deretter følgjer ein gjennomgang av den rolla offentleg sektor har som informasjonsleverandør, og utfordringane knytte til prising av offentleg informasjon.

4.1 Overgangen til elektroniske tenester og innhald krev auka nettkapasitet

Det er to drivkrefter som i hovudsak påverkar behovet for kapasitet i netta. Den fyrste dreiar seg om formidling av innhald, som i seg sjølv er kapasitetskrevjande. Det gjeld blant anna lyd- og biletoverføring av høg kvalitet. Den andre drivkrafta handlar om samtidig bruk av ulike tenester med varierande kapasitetsbehov – tenester som kvar for seg ikkje nødvendigvis fordrar breiband. Dette gjeld så vel for verksemder som for privatpersonar.

Utviklinga går i retning av at så å seie alle typar tenester i utgangspunktet kan bli tilbodne gjennom alle formidlingskanalar, og at tenestene blir interaktive. Desse endringsprosessane blir gjerne omtalte som:

  • Tenestekonvergens , som er kjenneteikna av at det blir utvikla tenestehybridar som integrerer element som lyd, tekst og bilete frå tradisjonelle tenester. Tenestene blir i større grad interaktive.

  • Nettverkskonvergens , som er kjenneteikna av at same infrastruktur kan overføre alle typar digitale tenester og innhaldsprodukt, og dessutan at infrastrukturane kan overføre informasjon både til og frå brukar, dvs. interaktivitet (t.d. tele- og kringkastingsnett).

  • Terminalkonvergens , som er kjenneteikna av at stadig fleire mottakarapparat blir digitaliserte og interaktive, og får auka behandlings- og lagringskapasitet (t.d. PC, mobiltelefon, TV og PDA).

  • Marknadskonvergens , som er kjenneteikna av endra aktørstrukturar, større stordrifts- og breiddefordelar og sterkare innslag av internasjonal konkurranse.

Konvergeringsprosessane tilseier at framtidig regulering bør ha eit teknologinøytralt utgangspunkt. Regulering som i dag ikkje er teknologinøytral, bør på lengre sikt leggjast om. Utfordringa for myndigheitene blir å utforme politikk og tiltak slik at sentrale målsetjingar innanfor dei respektive sektorar blir ivaretekne, samtidig som utviklinga blir stimulert.

Moglegheitene for produktivitetsgevinstar innanfor bedrifter og offentleg sektor aukar med omfanget av forretningsfunksjonar og offentlege oppgåver som blir lagde ut på nettet. Eksempel på viktige offentlege tenester er sjølvmelding på nett, elektroniske byggjesøknader, digitale læremiddel i skulen, og telemedisin. Systematisk bruk av informasjonsteknologi i arbeidet med å modernisere offentleg sektor vil skape stadig større behov for nettkapasitet.

4.1.1 Film, musikk, spel og stadbaserte tenester driv utviklinga

I forbrukarmarknaden skjer det ei stadig utvikling av tenester og innhald, som f.eks. film, TV og spel som legg beslag på stor kapasitet. Mykje av denne distribusjonen skjer i dag ved at musikk, spel og filmar blir distribuerte direkte mellom privatpersonar. Ifølgje analysefirmaet The Yankee Group blei meir enn fem milliardar musikkfiler lasta ned på verdsbasis i 2002. Ifølgje konsulentfirmaet Viant blir dessutan mellom 400 000 og 600 000 filmar lasta ned kvar dag. Det er grunn til å tru at denne typen innhald er blant dei viktigaste drivarane av breibandsutviklinga i privatmarknaden også i Noreg.

Analysefirmaet ConvergentData vurderer talet på leigde videoar i USA til 100 millionar transaksjonar i veka. Dersom alt dette blei formidla over nett, ville det med dagens ressursbehov tilsvare ein stor del av den totale kapasiteten på Internett per i dag. Dette inneber at det vil få store konsekvensar for kapasitetsbehovet om berre 25 prosent av brukarane byrjar å leige filmar på denne måten.

Nettverksoperatørane blir utfordra av at breiband opnar for mindre utbyterike alternativ til etablerte tenester. Telefoni over Internett, som krev ADSL-tilknyting, utgjer i 2003 mindre enn 3 prosent av USAs marknad for telefoni, men er venta å auke monaleg.

Etter kvart som breiare lag av befolkninga tek i bruk og gjer seg avhengige av kapasitetskrevjande IT-verktøy, aukar også behovet for problemfri omgang med utstyret – og viljen til å betale for det. Programmering utan spesialistkompetanse, automatisk feilsøking og sjølvreparasjon, og tilgang til backup-løysingar krev stor datakapasitet, og aukar dermed behovet for breiband ytterlegare.

Undersøkingar har vist at stadfesta informasjon er del av grunnlaget for 80 prosent av alle avgjerder som blir tekne i den offentlege forvaltninga. 1 Bruken av geografisk informasjon i offentlege tenester kjem venteleg til å auke i åra som kjem, både når det gjeld verksemdene sin eigen bruk og til nye løysingar i samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Ulike næringar er med på å utvikle og levere slike nye løysingar, mellom anna tenester der brukaren sjølv hentar ut offentleg informasjon som er tilrettelagd etter geografiske kriterium. Utanom kartbransjen er nokre av dei involverte næringane medienæringa, reiselivsnæringa, landbruks- og industrinæringane, med støtte frå mellom anna programvarenæringa. Brukaren av tenestene kan vere frå ein annan offentleg institusjon, ei privat verksemd eller opptre som privatperson på fritida. Tilrettelegginga skjer utan behov for assistanse frå den institusjonen som gjer informasjonen tilgjengeleg. Institusjonen sparer ressursar, samtidig som brukaren utviklar kompetanse i bruk av digital geografisk informasjon. Dette vil igjen stimulere interessa for innhenting av digitale geografiske data til andre formål, på kommersielt grunnlag, og opne for meir næringsutvikling i denne samanhengen.

Handsaminga av Stortingsmelding nr. 30 (2002–2003) «Norge digitalt – et felles fundament for verdiskaping» i Stortinget våren 2003 legg grunnlaget for vidare utvikling av den nasjonale geografiske infrastrukturen. Statens kartverk vil koordinere innsamlinga av geodata frå mange aktørar, både offentlege og private. Kartverket skal vere eit tydeleg nasjonalt fagorgan innanfor geodata, mens den konkurranseretta delen av verksemda skal takast over av private.

Stadbaserte tenester er eit felt kor mange aktørar, ikkje minst mobiltelefonselskapa, overvakar marknaden nøye og ser stort potensial noko fram i tid. Brukaren av slike tenester har ein mobil kommunikasjonsterminal, og innhaldet i tenestene avheng av brukaren sin geografiske posisjon. Dei store volummarknadene er her venta innan integrerte tenester basert på mobiltelefonar og utstyr i bilar. 2

4.1.2 Tilbodet av elektronisk innhald aukar

Den totale marknaden i Noreg for tradisjonelle medium som musikk og film utgjorde i 2000 rundt 21 milliardar kroner. Dette inkluderer laussals-, abonnements-, og annonseinntekter frå trykte medium, reklameinntekter frå kommersiell radio, og TV- og abonnementsinntekter frå satellitt- og kabel-TV. I dette talet er ikkje lisensavgifta til NRK rekna med. Inntektene frå brukarbetaling og reklame blei fordelte med høvesvis ca. 60 og 40 prosent. Denne fordelingsnøkkelen gjeld berre for tradisjonelle medium. Den sluttbrukarbetalte innhaldsomsetninga på Internett var svært avgrensa. Analysebyrået Teleplan 3 vurderer tentativt omsetninga av elektronisk innhald i digitale kanalar i 2002 til litt over 650 millionar kroner, eksklusive radio- og TV-tenester. Dette utgjer rundt 3 prosent av estimert omsetning i den tradisjonelle mediemarknaden. Sluttbrukarbetalt innhald på mobiltelefon, slik som ringjelydar med meir, utgjorde om lag 400 millionar, og reklamefinansiert innhald på Internett rundt 250 millionar eksklusive rubrikkannonsar.

Det er vanskeleg å vurdere tempoet i utvikling og omsetning av elektronisk innhald. Teleplan estimerer at omsetninga av elektronisk innhald i Noreg kan bli mellom 1,5 og 3 milliardar i 2007, avhengig av utviklinga på tre særleg viktige område:

  • Teknisk og kommersiell utvikling av mobiltelefonar med tilstrekkeleg funksjonalitet, og forbrukarelektronikk med moglegheit for tilknyting til nettet.

  • Distribusjonskostnad for elektronisk innhald frå Internett til sluttbrukar.

  • Kostnad for tilgang til film og musikk, og tilgang til offentlege grunndata.

I dag er det særleg det avgrensa SMS-innhaldet og reklame over Internett som gir inntekter for innhaldsaktørane. Det er grunn til å tru at innhaldsomsetninga i mobilmarknaden vil auke med tredje generasjons mobiltelefoni (UMTS) og multimediemeldingar (MMS).

Regjeringa sin strategi for elektronisk innhald 2002–2004 tek utgangspunkt i at ein ser ein rikeleg marknad for elektronisk innhald, og at tida er moden for å vurdere rammevilkåra for innhaldsproduksjon. Eit hovudmål er å sikre økonomiske rammevilkår som ikkje gjer forskjell mellom elektroniske og andre medium. I tillegg er det viktig å fremje konkurranse og mangfald i marknaden, og stimulere produksjonen av norsk kvalitetsinnhald.

4.2 Gode forretningsmodellar og rammevilkår er utfordringar

Hovudutfordringane for ei konkurransedyktig innhaldsnæring er knytt til rammevilkåra for innhaldsnæringane og mangel på gode forretningsmodellar. Det er marknaden som må finne fram til kva som er gode forretningsmodellar. Gode rammevilkår er derimot eit offentleg ansvar.

4.2.1 Marknadsaktørane må finne gode forretningsmodellar

Verdikjeda omfattar ei rekkje aktørar som står i eit forretningsmessig forhold til kvarandre, og som utfører ulike funksjonar. Typiske funksjonar kan omfatte:

  • Opphavsmannen produserer innhaldet.

  • Rettigheitshavaren rår over opphavsrettar.

  • Innhaldsleverandøren samlar innhald frå fleire innhaldsprodusentar og legg dette til rette mot sluttbrukar.

  • Nettverksoperatøren distribuerer tele- og datatenester fram til brukar.

  • Tenesteleverandøren avInternett (ISP) gir sluttbrukar tilgang til Internett.

  • Tenesteleverandøren opparbeider kundebase, forvaltar kundeforhold og sørgjer for nødvendig teknisk utrusting.

  • Sluttbrukaren, som er siste ledd i kjeda, har normalt eit kundeforhold til fleire aktørar.

Ulike aktørar kan utføre ein eller fleire av desse funksjonane. Til dømes kan opphavsmannen også vere rettigheitshavar. I tillegg finst andre aktørar, som terminalprodusentar som legg ulike typar funksjonalitet inn i terminalane, og betalingsformidlarar og/eller leverandørar av tenester som sørgjer for fakturering og vern av transaksjonen .

Verdikjedene er komplekse og blir utvikla og endra etter kvart som nye produkt kjem på marknaden, og etter kvart som teknologiane konvergerer og bransjane blir omstrukturerte. Det er omfattande utfordringar for næringsaktørane å finne fram til gode forretningsmodellar som løyser krava til konkurranseevne og inntening på kort og lang sikt.

Manglande inntening, spesielt på kort sikt, er resultat blant anna av at marknadsvoluma er for små på somme tenester. Samtidig vurderer ein sjansane for omfattande gevinstar på lengre sikt. Det gjeld difor å kome i posisjon for å kunne utvikle marknaden. Då kan det vere eit problem at det i verdikjeda i tillegg finst flaskehalsar der det kan oppstå monopolliknande tilstandar. Det kan vere krav om bruk av programvare frå ein dominerande aktør, krav om å selje innhaldet gjennom fastsette betalingsordningar eller krav om å få kvaliteten på innhald og opphav godkjend av bestemte kontrollinstansar. Det er viktig at staten tek omsyn til dette i utvikling av framtidig regelverk.

Ei viktig årsak til manglande inntening er at det framleis i liten grad er utvikla forretningsmodellar som sørgjer for at inntektene frå etterspørselen etter innhaldstenester kjem innhaldsleverandørane til gode. For innhald på PC opplever forbrukarane ofte at dei har betalt for innhald når dei betaler for aksess. For tenester og innhald på mobiltelefon og TV har viljen til å betale ofte vore større. Eksempel på dette er SMS og betaling for å sjå filmar (såkalla Pay-Per-View) eller innhald knytt til TV-program. Det er marknaden sjølv som må utvikle formålstenlege forretningsmodellar.

Interessa for å betale for nye typar innhald endrar seg raskt. Telenor selde 50 000 videoklipp frå Big Brother-sendingane i 2002, og hadde 20 000 brukarar som betalte for tilgang til nyheitsklipp og spesielle kamera, 4 men tilbodet blei ikkje vidareført i 2003. Tilgang til Internett genererer også kjøp i tradisjonelle kanalar.

Ei undersøking som Markeds- og mediainstituttet gjennomførte for Stiftelsen eforum.no for 1. kvartal 2003 5 , viste at det er ca. 1,74 millionar personar som har handla på nett i Noreg. Undersøkinga viser at tilgangen til Internett aukar moderat, bruksfrekvensen tek seg opp, og det er ein vekst i talet på personar som handlar på Internett. Undersøkinga viser òg at dei som allereie har prøvd å handle på nett, handlar i stadig fleire produktgrupper. Veksten i talet på e-handlarar mellom 1. kvartal 2002 og 1. kvartal 2003 er på ca. 9 %. Banktenester, feriereiser, billettar, bøker og musikk er nokre av dei mest kjøpte produkta/tenestene på Internett, ifølgje denne undersøkinga.

Fildelingstenester, som er basert på kopiert materiale, er blitt svært populære, primært på grunn av enkel og gratis tilgang til musikk, film og programvare. Den store etterspørselen etter slikt materiale er truleg ikkje berre knytt til at nettleiga er den einaste utgifta for brukaren. Enkel bruk og valfridom er også viktige faktorar. Privat nedlasting på arbeidsplassen eller på ein arbeidsgivarbetalt heime-PC av materiale verna av opphavsretten kan gi juridiske, sikkerheitsmessige og kapasitetsmessige problem for bedrifta. Privatpersonar går heller ikkje frie for juridisk ansvar. Dette tilseier at det vil bli utvikla forretningsmodellar, til dømes for leige av film over nettet. Det er større grunn til å tru at forretningsmodellane blir endra enn at nedlastingsvolumet minkar.

Det er også utfordringar knytte til rammevilkåra for produksjon av innhald. På område der offentleg sektor er forvaltar av grunndata som ligg til grunn for etterspurd innhald og tenester, kan det vere uheldig at staten har hand om for store delar av verdikjeda i forhold til private forretningsdrivande aktørar. Konkurransemyndigheitene si rolle på dette feltet skal vurderast. Regjeringa vil sikre god tilgang på offentlege grunndata, jf. avsnitt 4.3.1.

Nok ei utfordring gjeld sikre betalingsløysingar. Utan eit velfungerande regime for fordeling av innhaldsinntekter må kvar aktør i verdikjeda prøve å setje opp si eiga betalingsløysing. Fleire tenesteleverandørar leverer i dag betalingsløysingar som er integrerte i eigne tenester. Ein kan bruke kredittkort til å kjøpe innhald over nett, men mange brukarar er framleis skeptiske til dette. Det er utvikla fleire løysingar for småpengekort. Den mest populære løysinga, PayEx, har om lag 100 000 brukarar i Norden og har avtale med over 100 brukarstader. Regjeringa arbeider for å fremme bruk av elektroniske signaturar. Dette vil truleg medverke til at fleire betaler over nett.

4.2.2 Innhaldsindustrien må ha dei same rammevilkåra som andre aktørar

Regjeringa vil arbeide for at den norske innhaldsnæringa får dei same rammevilkår som andre typar forretningsdrift, slik at næringsaktørane verken blir diskriminerte eller får spesielle privilegium. Målsetjinga er ein levedyktig norsk innhaldsindustri. Det blir no gjennomført ei utgreiing for å kartleggje eventuelle konkurransevridingar mellom tradisjonell og elektronisk innhaldsindustri. Utgreiinga vil til dømes ta opp verknadene av tilrådingane i innstillinga Skatteutvalet la fram i februar 2003. Eit av forslaga frå utvalet går ut på å fjerne momsfritaket for trykt skrift (nullsats), eit fritak som elektroniske medium ikkje har hatt tilgang til. Utgreiinga vil også sjå på i kva grad etablerte støtteordningar kan verke diskriminerande.

Sett frå samfunnet si side er det viktig at opphavsmenn og nærståande rettshavarar gjennom rettsreglar blir sikra ei økonomisk utkome som stimulerer til framleis kreativ innsats. Samtidig er det også viktig at allmenta på fornuftige vilkår blir gitt tilgang til åndsverk. Rettsreglar som sikrar den skapande og kunstnariske innsatsen, må ikkje vere så rigide at dei hindrar at den einskilde brukaren av åndsverk skal kunne disponere dette på ein fornuftig måte. Utbreidd høve til piratkopiering og høg toleranse for dette er ei viktig hindring for framveksten av legale marknader. Det er samtidig blitt hevda at i Noreg er tilgang til rettar for film og musikk ofte dyrare enn i andre land, og tilgang til rettar i elektroniske kanalar er ofte dyrare enn i andre kanalar. 6 Gjenbruk og vidareforedling av gjeldande data blir eit stadig viktigare element i utviklinga av nye produkt. Dette omsynet blir teke vare på ved den pågåande revisjonen av åndsverklovgivinga.

Gode rammevilkår for sikkerheit og tryggleik på nettet er nødvendig. Sikkerheit handlar om teknisk og anna vern av utrusting og nett og sikring av personvernet, mens tryggleik handlar om tiltak mot ulovleg og skadeleg innhald. Begge delar er nødvendig for å auke publikums tillit. Staten har eit ansvar for at lov- og regelverk er tilpassa den elektroniske kvardagen og blir à jourført i tråd med utfordringar som manifesterer seg, mens utvikling av tekniske verktøy for sikkerheits- og tryggleiksarbeidet bør drivast fram av marknaden.

Ein viktig føresetnad for auka aktivitet på nettet og dermed for investeringar i auka bandbreidd kan på lengre sikt vere ein overgang til bruk av elektroniske signaturar. E-signaturar og elektronisk identitet (e-id) vil ikkje i seg sjølv krevje breiband, men gjer det mogleg med sikker bruk av tenester og innhald som krev stor bandbreidd.

Utviklinga i innhaldsmarknaden, spesielt når det gjeld film, video og musikk, er i særs stor grad bestemt av internasjonale forhold. Dei store globale innhaldsaktørane står ikkje berre for produksjon og distribusjon av innhald. Dei påverkar også produkt- og tenesteutviklinga og rettsutviklinga i det internasjonale samfunnet og dermed også rammene for produksjon av nasjonalt innhald. Regjeringa vil fremje utviklinga av innhald frå Noreg på nettet og delta i internasjonale organ for å sikre gode rammevilkår for språk og kultur i Noreg.

4.3 Offentleg sektor har viktige roller i tenesteutviklinga

4.3.1 Offentleg eigde grunndata kan gi grunnlag for privat verdiskaping

Regjeringa vil sikre private aktørar god og framsynt tilgang på data som det offentlege eig. Slik tilgang gir høve for auka verdiskaping. Det offentlege har eit særskilt ansvar som eigar og produsent av grunndata. Dei store mengdene grunndata i offentleg eige reiser spørsmål om kva moglegheiter næringslivet og enkeltpersonar har til å få tilgang til relevante data. Desse spørsmåla blei drøfta i NOU 1994:17 «Til informasjonens pris». Det har sidan vore stor utvikling på dette området, men mange av vurderingane er framleis relevante når Regjeringa no vil skape ein heilskapleg politikk på området. På den eine sida har ein dei offentlege utgiftene med å digitalisere og halde ved like data og utvikle system for å gjere dei tilgjengelege. På den andre sida er offentlege grunndata råvare for verdiaukande tenester og bedrifts- og næringsutvikling i slik samanheng. Den samfunnsøkonomiske gevinsten av auka utnytting av desse data kan kome i konflikt med innteningskrava til dei offentlege institusjonane. Det er problematisk når statlege dataeigarar går inn i marknadene for verdiaukande tenester og får omfattande marknadsmakt. I St.meld. nr. 30 (2002–2003) «Norge digitalt – et felles fundament for verdiskaping» tek Regjeringa konsekvensen av dette og går inn for at dei konkurranseutsette oppgåvene til kartverket blir lagde ut for sal til private interessentar.

Tilgang til og prising av offentleg informasjon har også vore behandla i EU. I eit utkast til EU-direktiv om bruksmåte og kommersiell utnytting av informasjon 7 frå den offentlege sektoren blir det erkjent at god tilgang på offentlege data er viktig for å skape verdiaukande tenester, og dermed for å fremje informasjonssamfunnet. EU ønskjer å harmonisere varierande praksis blant EU-landa for tilgang til offentlege data. Føringane i direktivutkastet er blant anna at private og offentlege verksemder skal ha enkel og framsynt tilgang til offentlege data. Verksemdene skal dessutan ha krav på å få vite prisen dersom data ikkje er gratis. Høve til prisdifferensiering for same produkt blir avgrensa. Direktivutkastet inneheld ei oppmoding om prising etter marginalkostprinsippet. Utkastet til direktiv omfattar likevel ikkje tredjepartsrettar.

Det er forventa at direktivet blir vedteke i 2003. Implementering av direktivet vil innebere ei harmonisering av tilgang på offentlege data i Noreg. Det inneber vidare eit høve til å vurdere prinsipp for prising av offentlege data. Regjeringa vil arbeide for å få avklara berøringsflata mellom offentleg og privat sektor når det gjeld tilgang til offentlege data og informasjon, slik at innhaldsmarknaden kan utviklast best mogleg. Regjeringa har satt i gang forarbeidet til implementeringa av direktivet og vil gjere dei nødvendige utgreiingane.

4.3.2 Offentleg sektor er ein viktig tilbydar av tenester

Statlege, fylkeskommunale og kommunale institusjonar utfører oppgåver der dei naturleg vil vere ein omfattande innhalds- og tenesteleverandør.

I offentleg sektor stiller Regjeringa sitt arbeid med modernisering, effektivisering og forenkling store krav til produksjon og tilgjengeleggjering av elektronisk innhald. Elektronisk forvaltning er blitt eit nøkkelomgrep i moderne demokrati- og forvaltningsdebatt, nasjonalt og internasjonalt. Så vel EU som OECD, G8 og andre internasjonale samarbeidsorganisasjonar oppmuntrar til auka bruk av IT for å løyse oppgåver innanfor offentleg sektor.

Offentlege tenester varierer frå dei enkle til dei samansette og komplekse. Figur 4.1 klassifiserer elektroniske tenester og illustrerer kompleksitet/gevinstpotensial og brukarorientering/service ved dei. Ofte vil det vere ein samanheng mellom kompleksiteten i tenestene og potensialet for gevinstar.

Figur 4.1 Klassifisering av elektroniske tenester

Figur 4.1 Klassifisering av elektroniske tenester

Kjelde: Arbeids- og administrasjonsdepartementet 2003: Strategi for IKT i offentleg sektor

Dei fleste tenestene ligg på trinn 1 og 2. I aukande grad blir enkle tenester tilbodne elektronisk. Det vil seie rein informasjon, meir eller mindre målgruppetilpassa, til publikum. Offentleg informasjonsverksemd reiser særskilde utfordringar og bør vere gjenstand for auka merksemd. I dag blir desse tenestene kjenneteikna av tekst og statiske bilete, og er i liten grad interaktive. Tenester på trinn 3 krev kommunikasjon med dei interne saksbehandlingssystema i verksemdene. Mange kommunar og statlege verksemder tilbyr utfylling av elektroniske skjema for enkel elektronisk saksbehandling, fyrst og fremst enkel søknadsbehandling. Elektronisk innlevering av sjølvmelding er eksempel på ei teneste på trinn 4, fordi den krev samarbeid mellom Skattedirektoratet, bankar, forsikringsselskap og andre for å kunne førehandsutfylle sjølvmeldingane. Den same kompleksiteten har tenesta for oppbygging og innlevering av byggjesøknader. Statens bygningstekniske etat lanserte her ei teneste i juli 2003.

Talet på elektroniske skjema har vakse, men utviklinga har ikkje kome langt nok. Skjema kan ofte ikkje sendast inn elektronisk. Årsaka er i stor grad at elektronisk signatur manglar. Regjeringa har difor som mål at det innan utgangen av 2005 skal vere lagt til rette for allmenn bruk av standardbaserte elektroniske signaturar (jf. e Norge 2005). Fleire enkeltkommunar og konstellasjonar av samarbeidande kommunar har også sett i gang lovande initiativ på feltet.

Elektroniske formidlingskanalar gir vidare heilt nye moglegheiter når det gjeld å gjere materialet til dei statlege kulturinstitusjonane tilgjengeleg for eit større publikum. Desse problemstillingane er omtalte i St.meld. nr. 48 (2002-2003) om «Kulturpolitikk fram mot 2014».

Prosjektet «Geodata på nett» har prøvd ut datasamarbeid mellom etatar på nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå der det blir kravd utstrekt samarbeid, heilskapstenking, bruk av standard og ny nettverksteknologi. Eit viktig mål med prosjektet er at geografisk informasjon blir gjord tilgjengeleg gjennom eit standardisert brukargrensesnitt, og at det blir etablert nødvendig samhandling mellom dei ulike forvaltarane av geografisk informasjon. Slik kan ein hente ut større samfunnsnytte av dei omfattande investeringane som er gjorde i etablering av geodata, enn det ein klarer i dag.

Utviklinga av offentlege tenester skjer i eit samspel mellom offentlege myndigheiter og utviklarmiljø. Fleire bedrifter har som hovudnæring å produsere IT-tenester for offentleg sektor. Regjeringa vil styrkje det offentlege si rolle som ein krevjande kunde, blant anna gjennom styrking av bestillarkompetansen i offentleg sektor.

Fotnotar

1.

Tal frå arbeidet med National Spatial Data Infrastructure (NSDI) i USA (www.geo-one-stop.gov/participate/overview.html). Initiativet Geospatial Information One-Stop omfatter mellom anna portalen www.geodata.gov, som gir alle forvaltningsnivå og den einskilde tilgang til geodata.

2.

Norsk radionavigasjonsplan NRNP 2003 (Fiskeridepartementet)

3.

Fellesforum for e-handel 2003: On the house or pay to play

4.

Digi.no, 18 juni 2002

5.

Stiftelsen eforum: Kvartalsrapporter Q1 2003 per 6.8.2003

6.

Problemstillinga er samansett: I eit intervju i vekeavisa Telecom (http://www.telecom.no/art/7317.html) uttalte Norwaco m.a. at dei dyre rettsavtalane NRK gjorde på 70-talet, primært er eit problem for NRK– og ikkje ei generell utfordring. Når det gjeld påstanden om at rettar til musikk er dyrare i Noreg enn i andre land, baserer den seg på prisar på ringjetonar (Tono-avgift). Teleplan viser her til ulike prisar i Noreg, Sverige og Baltikum, og det er blitt hevda at årsaka til forskjellane er det generelt høgare kostnadsnivået i Noreg. Tono forklarer dyrare tilgang til rettar i elektroniske kanalar med at produktet er av ein heilt annan karakter: Online-tariffane gjeld kjøp av enkeltspor, og i forhold til musikk på fysiske CD-plater er det altså snakk om såkalla «cherry picking».

7.

KOM (2002) 207

Til forsida