St.meld. nr. 49 (2002-2003)

Breiband for kunnskap og vekst

Til innhaldsliste

5 Kompetanse

For å utnytte moglegheitene ved bruk av breiband i privat og offentleg sektor er det nødvendig med ulike former for kompetanse. Den einskilde brukaren på arbeidsplassen, i utdanningssituasjonen og i heimen må ha kompetanse til å ta i bruk breiband og breibandstenester.

Spisskompetanse blir kravd av utviklarar av nye tenester og av dei som legg til rette eksisterande tenester for nye brukarar og nye formål, og utviklingskompetanse blir kravd av tenestetilbydarar og utbyggjarar så vel som i organisasjonar som tek teknologien i bruk.

Ikkje minst blir kompetanse kravd i leiing, administrasjon og økonomi fordi bruk av IT er nær knytt til endringar i organisasjon, forretningsmodellar og driftsmåtar. Det trengst kompetanse i å utnytte teknologien i samspel med organisasjon og kunnskapsheving for å hente inn gevinstar i form av auka kvalitet eller effektivitet. Det er her tale om kunnskap om kva som er formålstenleg eller mogleg å gjere, og om kva som er det rette tidspunktet for innføring av teknologien i organisasjonen.

Breiband gir også auka høve for utvikling og vedlikehald av kunnskapar og ferdigheitar som er nødvendige i eit moderne samfunn. Ulike former for e-læring kan vere ein effektiv måte å spreie kunnskap til tilsette, ikkje minst til små og mellomstore verksemder. Varierte og lokalt tilpassa former for livslang læring gjer det dessutan mogleg for menneske som ikkje har høve til å forlate heim eller bustad for å studere eller tileigne seg høgare kompetanse, å oppleve ei ny form for tilgjenge og deltaking gjennom teknologien. Sidan utviklinga går så fort, er det dessutan eit omfattande behov for etter- og vidareutdanning på alle nivå og for ulike aldersgrupper.

I dette kapittelet drøftar ein behovet for kompetanse innanfor IT, kommunikasjon, leiing og organisasjonsutvikling som spesifikt handlar om å utvikle, implementere, drifte, og hente ut gevinstar av tenester og innhald. Slik kompetanse er nødvendig for bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologiane generelt, ikkje berre for teknologi og bruksmåtar som er knytte til breiband. Det auka tilbodet av informasjon og tenester som følgjer av breibandskapasitet, forsterkar likevel kompetansebehovet.

5.1 Utnytting av teknologi krev brukarkompetanse

Brukarkompetansen handlar om evna til å nytte teknologien til å utføre oppgåver i arbeidssamanheng og til privat bruk som eiga utvikling og underhaldning. Slik kompetanse blir bygd opp gjennom mange kanalar, både formelle og uformelle.

Bedriftsstudiar viser at suksessfulle bedrifter kombinerer investeringar i IT med komplementære investeringar i kompetanse og organisasjonsendringar. 1 Høg IT-bruk heng også gjerne saman med større fleksibilitet og mobilitet i arbeidsstyrken i bedriftene. Det synest å vere ein samanheng mellom kompetanse og bruk av ny teknologi: Ny teknologi aukar kompetansen i bedrifta, men krev også høgare kompetanse for å bli teken i bruk.

Det føregår ein fagdebatt om i kva grad IT skal reknast som «ein fjerde basiskunnskap» eller ein «fjerde kulturteknikk» i dagens samfunn, på linje med lesing, skriving og rekning. Ein slik fjerde basiskunnskap blir òg omtala som «digital danning», «digital literacy» og «digital kompetanse». Debatten handlar blant anna om i kva grad IT-kunnskap er nødvendig for å vere ein normalt funksjonell samfunnsborgar og for å lære andre fag. IT-kunnskap er ikkje her berre rein teknisk brukskunnskap, vel så viktig er til dømes symbolbehandling, abstraksjonsevne, analyse, vurdering og kjeldekritikk.

Søgnen-utvalet har fleire tilrådingar i si innstilling. 2 Mellom anna gjer utvalet framlegg om at digital kompetanse, som ein del av basiskompetansen, må konkretiserast og byggjast inn i læreplanane at høg standard på utstyr og programvare for bruk av IT i undervisninga må vere ein føresetnad i nye læreplanar; og at det blir stimulert til auka innsats for å ta i bruk IT i eksamen og nasjonale prøver og i utvikling av elektroniske elevmapper.

I åra som kjem, blir det skulen sitt ansvar å medverke til at elevane utviklar «digital kompetanse», både som ein integrert del av lesing, skriving og rekning (dei tre basiskunnskapane) og som ein fjerde basiskunnskap. Digital kompetanse inneber heilskapleg forståing av korleis individet lærer, og korleis det utviklar identitet. Det handlar om korleis ferdigheitar, kvalifikasjonar og kunnskapar blir brukte på dei ulike læringsarenaene til elevane. Satsing på utvikling av digital kompetanse får konsekvensar for organisering, innhald og arbeidsmåtar i skulen. Desse må i større grad tilpassast informasjonssamfunnet. Vurderingsformer i skulen må òg endrast. Eksamen må betre spegle innhald og arbeidsmåtar. Bruk av IT til avgangsprøva i grunnskulen er difor ein naturleg konsekvens av ein aukande bruk av IT. Dette føreset ein modell for systematisk og kontinuerleg etterutdanning av lærarar, kontinuerleg satsing på forsking og skuleutvikling, utvikling av digitale læringsressursar, og ikkje minst ei omfattande utbygging av ein stabil og driftssikker infrastruktur basert på breiband.

5.1.1 Kompetanseutvikling skjer både formelt og uformelt

Det finst mange uformelle og sterke spreiingsvegar for kompetanse. Til dømes kan barn som lærer IT på skule eller under utdanning, lære foreldra sine bruk av Internett. Det er fleire eksempel på skuleelevar som undervisar pensjonistar. Mykje læring skjer gjennom uformelle, sosiale nettverk og gjennom uformell kollegaopplæring på arbeidsplassar. Dessutan skjer kundeopplæring ved informasjonskampanjar eller ved nærvær og rettleiing i brukssituasjonen.

Internett er og ei viktig kjelde både til eigenopplæring og sjølvstudium, og til organisert e-læring. Mange skular er i dag i ferd med å byggje opp vidareutdanningstilbod gjennom breiband og nettlæring til grupper som manglar grunnutdanning. I e Norge 2005 la Regjeringa fram eit opplegg for etterutdanning av inntil 40 000 lærarar i bruk av IT. Hausten 2002 hadde rundt 15 000 lærarar nytta seg av tilbodet. 71 prosent av norske lærarar hevdar at dei bruker Internett i undervisninga, mens tilsvarande tal for EU er 46 prosent.

Eit viktig element i arbeidet med å gjere livslang læring til ein realitet for alle, med særleg søkjelys på vaksne, er å utvikle opplæringstilbod i utdanningssystemet og å nytte potensialet som ligg i arbeidsplassen som læringsarena. Dette kan gjerast mellom anna ved å etablere utviklingsprogram og finansieringsordningar for å stimulere til auka bruk av IT i opplæringa og vidare utvikling av nye fleksible og brukartilpassa undervisningstilbod, vaksenpedagogiske metodar og mediepedagogikk. Det statlege vaksenopplæringsinstituttet, VOX, har laga eit motivasjons- og opplæringsprogram på CD – Dill@ – for vaksne som ikkje tidlegare har teke data i bruk. Målet med CD-en er å få flest mogleg til å ta i bruk PC, for å hindre at folk blir utestengde frå informasjonssamfunnet.

Det er også viktig å setje søkjelyset på dei lærarar og instruktørar som skal medverke til kompetanseheving hos vaksne. Desse har behov for meir kunnskap i bruk av multimediebaserte læremiddel, fjernundervisning og pedagogiske arbeidsmåtar tilpassa vaksne sine behov. I denne samanhengen har VOX oppretta eit elektronisk nettverk – DYSNETT – for tiltak for vaksne med lese- og skrivevanskar. VOX og Læringssenteret har også utvikla eit elektronisk nettverk – Migranett – for lærarar som underviser vaksne innvandrarar.

5.1.2 Skulen skal gi allmenn IT-kompetanse

Skulen legg forholda til rette for utvikling av viktig IT-kompetanse. Det er viktig at elevane bruker IT aktivt og medvite i faga, men dei bør også få breiare og friare tilgang for aktiv utforsking av teknologiar enn samfunnet elles ofte tillèt. Både læreplanar og utbreiinga av IT i skulen seier dermed noko om korleis skulen styrkjer den allmenne IT-kompetansen i samfunnet.

Det har vore reist spørsmål om den offentlege skulen til no har hatt ei for avgrensa rolle når det gjeld å utvikle den allmenne IT-kompetansen i befolkninga. Det har like fullt vore ei markert utvikling i bruk av Internett og IT i undervisninga dei siste åra. 96 prosent av norske skular bruker Internett i opplæringa. Dette er klart høgare enn EU-snittet på 85 prosent og om lag på linje med dei andre nordiske landa. 3 Mange pilotprosjekt har gitt ein rik erfaringsbase, og den pedagogiske effekten av IT er i ferd med å bli dokumentert, jf. ImpaCT2 studiet i England. 4 Det har vore ei tung satsing gjennom fleire år når det gjeld å dekkje behovet for IT-utstyr i skulen, og utbreiinga av IT-utstyr i skulane er god i Noreg samanlikna med andre land. Dessutan er lærarane sin IT-kunnskap oppgradert. Likevel er den pedagogiske utnyttinga av IT i undervisninga ikkje like god som utstyrsnivået tilseier, mellom anna bruker elevane mindre tid på IT enn i andre nordiske land.

IT er integrert i læreplanane for grunnskulen. Læreplanane regulerer kva allmenn IT-kompetanse skulane skal gi. I 1997 kom L97 – nye læreplanar for grunnskulen , der IT var inkludert i mange fag. I 1999 kom IKT i norsk utdanning – plan for 2000–2003 , supplert med årlege detaljplanar. Under Reform 94 blei faget Økonomi og informasjonsbehandling introdusert på grunnkurs allmennfagleg studieretning i vidaregåande opplæring.

Breiband i undervisninga kan sjåast på i tre hovudgrupper: tilgang på bandbreiddekrevjande innhald for lærarar og elevar, formidling av eigenprodusert digitalt innhald utvikla av elevar, og samarbeidslæring og kommunikasjon over nett. Bruk av breiband i undervisninga krev like mykje inngåande som utgåande kapasitet, ofte av mange brukarar samtidig. Kravet til bandbreidde er dermed forholdsvis høgt om ein skal utnytte det pedagogiske potensialet i teknologien. 5

I læreplanverket har ein i hovudtrekk freista å integrere IT i læreplanen for kvart enkelt fag. Men IT er ikkje like systematisk omhandla i alle fag. Dei overordna målsetjingane har vore knytte til både å bruke IT i seg sjølv, til å gi den grunnleggjande digitale kompetansen som blir kravd i samfunnet, inkludert det å motarbeide digitale skilje, og til at IT blir knytt inn som verktøy i dei einskilde faga.

Det heilskaplege kompetanseomgrepet i § 1–2 i opplæringslova og generell del i læreplanen blir vidareført. Utredninga «I første rekke» (NOU 2003: 16) legg fram forslag om at basiskompetansen skal vere ein del av den heilskaplege kompetansen, og skal omfatte lese- og skriveferdigheitar, rekneferdigheitar og talforståing, ferdigheitar i engelsk, digital kompetanse, læringsstrategiar og motivasjon (innsatsvilje), og sosial kompetanse. Basiskompetansen blir uttrykt gjennom eigne kompetansemål i alle læreplanane for fag. Fagkompetansen er ein del av den heilskaplege kompetansen.

5.2 Spisskompetanse er nødvendig for utvikling og implementering av komplekse system

Med spisskompetanse meiner ein kompetanse innanfor spesialisert utdanning eller oppnådd gjennom forsking, nyskaping og produktutvikling eller opparbeidd gjennom leveranse av avanserte system. Spisskompetansen opparbeider ein seg såleis innanfor universitet og høgskular så vel som i arbeidslivet.

IT-utdanningane står sterkt i Noreg. Vel 4 prosent av dei som tek høgare utdanning her i landet, studerer IT-fag, og vel 8 prosent av kandidatane i Noreg er innanfor «reine» IT-fag. 6 Dette gir oss ein sjuande plass på OECD-rankinga frå år 2002. I tillegg finst ei rekkje kombinasjonsstudium, til dømes i IT og organisasjon, IT-leiing og i mediefag.

Figur 5.1 viser utviklinga av IT-kandidatar i høgare utdanning. Den viser ein auke for lågare grad, og ein stagnasjon i høgare grad.

Figur 5.1 Utvikling av IT-kandidatar i høgare utdanning

Figur 5.1 Utvikling av IT-kandidatar i høgare utdanning

Kjelde: Norgesnettrådet/Utdannings- og forskingsdepartementet

I 1992–93 var kvinnedelen for ulike IT-studier på mellom 10 og 23 prosent. I 2000–01 var same delen på mellom 9 og 40 prosent. Særleg blant sivilingeniørstudentar var den kvinnelege delen låg, heilt ned i 9 prosent. Frå 2002 til 2003 fall søkninga til IT-studium med 10 prosent, og med 26 prosent frå 2001 til 2003.

Tabell 5.1 Førstevalssøkjarar til 113 elektro-, IT- og IT-relaterte studieretningar ved alle høgskular og universitet

20016021
20024960
20034457

Kjelde: Samordna opptak/Computerworld Norge

Tal frå USA, Storbritannia og Danmark indikerer liten samanheng mellom formell IT-utdanning og arbeid i IT-næringane. 7 Berre ein tredel av dei tilsette i IT-næringane i Danmark og Storbritannia har formell IT-utdanning. Det er grunn til å tru at liknande tal gjeld for Noreg. Det som kjenneteiknar IT-næringane, er høg utdanning, mykje forsking og utvikling, og rekruttering frå mange område. I tillegg er sjølve IT-utdanninga no innretta mot heile kunnskapssamfunnet og ikkje spesielt mot IT-næringane. 8 Undersøkingar frå OECD viser at den viktigaste mangelen på IT-kompetanse i norsk næringsliv i dag er knytt til låg kompetanse om elektronisk forretningsdrift og liten grad av rein teknologisk kompetanse i føretaka. 9

Forsking omkring breiband og bruksmåtar har eit omfattande omfang internasjonalt. Dei utfordringane som Noreg møter i breibandssamanheng, viser at moglegheitene for å finne løysingar gjennom forskings- og utviklingsinnsats bør utnyttast. Det er bakgrunnen for at breiband er blitt oppført som ein av sju tematiske prioritetar i Nærings- og handelsdepartementet sin Strategi for IT-forskningen 2003–2004 , lagd fram i januar 2003.

Breibandsforskinga femner vidt, frå grunnforsking rundt nye teknologiar til bruksforsking retta mot tilrettelegginga av eksisterande teknologi for større brukargrupper, og gjer på fleire måtar skiljelinjene mellom grunnforsking og nytta forsking mindre.

Noreg er med i EU sitt forskingsprogram for informasjonssamfunnsteknologiane (IST), sjå avsnitt 6.2.3. Programmet baserer seg på ein føresetnad om at brei introduksjon av breibandsaksess vil krevje at både industrien, nettverksoperatørane og myndigheitene blir involverte gjennom eit breitt spekter av offentlege og private initiativ. Forskingsresultat på fleire av desse områda vil vere av særleg verdi for å møte dei spesielle utfordringane som Noreg har når det gjeld utbygging av breiband. Spreidd befolkning og særleg vanskelege geografiske forhold gjer at behovet for kostnadseffektive løysingar er større i Noreg enn i område med tettare befolkning.

5.3 Samspelet mellom organisasjon og teknologi er viktig

Bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i organisasjons- og næringsliv påverkar arbeidsoperasjonar og organisasjonsmønster. Datanett med stor kapasitet gir nye moglegheiter i produksjon, utvikling og administrasjon. Men det er krevjande å innpasse teknologien i organisasjonen og å tilpasse organisasjon og arbeidsformer.

Behovet for kunnskap og kompetanse dreier seg om å kjenne til moglegheitene og korleis dei kan realiserast. Dette gjeld på område som for eksempel elektronisk forretningsdrift, informasjons- og tenestearkitektur, økonomistyring og leiing. Kunnskap om samarbeidsformer og gevinstpotensiale er viktig og truleg undervurdert. Små miljø og verksomheitar å så vel offentleg som privat sektor kan for eksempel gå glipp av viktige kvalitetshevande og effektiviserande tiltak fordi IT-kompetansen er låg. Felles IT-løysingar kan vere eit godt alternativ og gi moglegheit for å byggje opp eit godt kompetansemiljø.

5.3.1 Teknologien gir nye moglegheiter, men krev organisasjonsendringar

Fordi marknader og teknologi er i sterk utvikling, er det nødvendig at verksemdene utnyttar dei høva til fleksibilitet og tilpassingsdugleik som kommunikasjonsnett med høg kapasitet kan gi. Studiar viser at breiband kan vere med på å styrkje produktiviteten og konkurranseevna til bedriftene, fordi breiband i større grad gjer det mogleg å setje ut oppgåver til underleverandørar (outsourcing), tillèt tettare samarbeid med kundar og leverandørar, og ved at ulike delar av verdikjeda til bedriftene blir betre integrert. 10 Bruk av nettverksteknologiar i bedrifter synest også å føre til betre fokusering i verksemda og meir effektiv utnytting av personale gjennom høgare spesialkunnskap og større mobilitet i arbeidskrafta. 11

Organisatorisk tilpassing er nødvendig for at gevinstar skal kunne bli realiserte. Opptil 90 prosent av ressursinnsatsen som følgjer ei vellukka IT-implementering, kan liggje i kompetanse- og organisasjonsutvikling. Tillit og kunnskap blant dei tilsette og god leiing blir framheva av OECD som kritiske faktorar for ei omorganisering basert på høgkapasitetsnett.

Boks 5.34 Effektivitet gjennom teknologibaserte verdistraumar

Kompetanse om organisasjonsendringar og teknologi er nødvendig for å gjere bedriftene effektive. Ein verdistraum i ei bedrift er ein presist definert straum av arbeidsoperasjonar frå byrjing til slutt, som leverer spesifikke resultat i forhold til ein gitt kunde eller brukar. Verdistraumar i ei bedrift kan omfatte produksjon, innkjøp, økonomistyring, marknadsføring og sal, og kunde- og ordrebehandling.

Søkjelys på verdistraumane er viktig når organisasjon og teknologi skal samvirke. For å gjere bedrifta effektiv og konkurransedyktig er det nødvendig med kompetanse og evne til strategisk planlegging, omorganisering av prosedyrar og eventuell omstrukturering av verksemda. Desse endringsprosessane må henge saman med utvikling av organisasjonskulturen og teknologiutviklinga i organisasjonen. Endringsbehova utgjer samla sett ei omfattande leiarutfordring. Det vil vere nødvendig med personlege leiarkvalifikasjonar, evne til strategisk tenking, kunnskap om endringsmetodar, teknologikunnskap og evne til å byggje organisasjonskultur. Dette stiller norske utdanningsinstitusjonar, bransjane og bedriftene overfor store utfordringar.

Kjelde: James Martin 1995, The Great Transition, Amacom

I ein gjennomgang av svensk IT-politikk konkluderer det svenske Institutet for tilväkstpolitiska studiar med at under visse omstende fører IT til klar auke i produktiviteten. Hovudeffekten av ny teknologi er indirekte effektar som oppstår etter at institusjonelle vilkår er tilpassa dei teknologiske endringane og vice versa. 12 Dette synet deler OECD, som seier at investeringar i IT ikkje er noka universalløysing. Bedrifter som haustar dei største gevinstane, er dei som allereie gjer det bra, eller som allereie er prega av innovasjon, f.eks. gjennom endringar i produkt og produksjons- og arbeidsprosessar. Gevinstane ved bruk av IT kjem heller ikkje straks. Det tek tid før gevinstane trer fram.

OECD peikar dessutan på at informasjons- og kommunikasjonsteknologien er spesielt relevant for auka vekst i tenestesektoren. I Australia og USA blir det vist til sterk produktivitetsvekst i tenestesektorar slik som grossist- og detaljistsal og i finanstenester. Dette på grunn av kombinasjon av strukturelle endringar i tenestesektorane og effektiv bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i desse sektorane. Dette gjeld og i Noreg. Sjå og avsnitt 2.1 der bruk av IT og breiband i tenestesektorar i Noreg er drøfta.

Undersøkingar i Sverige viser sterke samanhengar mellom produktivitet og fleksibel arbeidsorganisasjon. Fleksible organisasjonar kan vere så mykje som 60 prosent meir produktive enn ikkje-fleksible organisasjonar. Samtidig blir det peikt på at interaksjonen mellom teknologi og organisasjon er kompleks, men at moderne teknologi truleg er nødvendig for å gjere organisasjonen fleksibel. 13

Dette inneber at innføring av ny teknologi kan redusere tilpassingsevna i organisasjonar dersom innføringa ikkje blir følgd av organisatoriske endringar. Samtidig kan innføring av ny og kompleks teknologi inspirere til organisasjonsendringar og auka fleksibilitet og evne til å tilpasse seg ein dynamisk og global marknad.

Det synest såleis å vere brei semje om at teknologi og organisasjon heile tida må tilpassast til kvarandre. For at det skal kunne skje, må organisasjonen vere fleksibel, og leiing og andre aktørar må ha nødvendig kompetanse om korleis slike prosessar verkar, og korleis dei kan gjennomførast i praksis.

Når det gjeld offentleg sektor, har Regjeringa lagt fram mål og prinsipp for modernisering, effektivisering og forenkling, der det blir opna for meir fleksible, brukarretta organisasjonsmodellar for tenestedelen av offentleg verksemd. Det er ei utfordring å få slike organisasjonsendringar til å spele saman med bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi. God kompetanse i organisasjonsendring, teknologiinnføring, effektivisering, forenkling og leiing av slike prosessar vil vere avgjerande.

5.3.2 Kompetanse blir spreidd formelt og uformelt i organisasjonar

Spreiing av brukarkompetanse og spisskompetanse skjer gjennom formell og uformell utdanning. Erfaringsspreiing og kompetanseoppbygging om innføring av teknologi i organisasjonar og tilpassing av organisasjonar til teknologi skjer blant anna gjennom private konsulentfirma som opparbeider seg kompetanse gjennom oppdrag, som så blir nytta i seinare oppdrag, og i varierande grad smittar over på kundar. Ein annan veg for kompetansespreiing har vore program i verkemiddelapparatet, som til dømes SNDs satsing innanfor elektronisk forretningsdrift. Det ser ut til å vere ei stor utfordring å leggje til rette for og stimulere til spreiing av kompetanse i verksemdene i brei skala blant offentlege og private verksemder.

Boks 5.35 Effektmålingar i SNDs BIT-program viser at samarbeid gir gode resultat innanfor kompetanseutvikling og effektivisering

Gjennom effektmålingar har SNDs program for effektiv forretningsdrift (Bransjeorientert IT – BIT) dokumentert at samarbeid rundt utvikling av bransjeløysingar og eBusiness gir både rasjonaliserings- og kompetansegevinstar for dei deltakande pilotbedriftene. Til dømes fortel evalueringa av 8 bustadprodusentar at verksemdene har registrert omfattande gevinstar gjennom betre grunndata, standardisering av bransjedokument og større effektivitet i samspelet med kommunale myndigheiter. Fleirtalet av pilotbedriftene ligg over bransjegjennomsnittet i lønnsemd. Potensialet for bransjen er stort sidan om lag 80 % av bransjebedriftene har teke i bruk applikasjonar utvikla gjennom BIT-programmet, og det blir lagt stor vekt på samarbeid rundt kompetanse og god praksis innanfor implementering av IKT og elektronisk forretningsdrift. Liknande resultat er dokumenterte innanfor mange av dei 22 andre bransjane som samarbeider om BIT-bransjeløysingar.

Kjelde: SNDs BIT-program

Mange offentlege verksemder manglar nødvendig kunnskap om moglegheiter, løysingar og utfordringar når det gjeld IT generelt og breiband og bruksmåtar spesielt. Problema er mangearta og dreier seg mellom anna om mangelfull vurdering av alternative løysingar, at leiinga ikkje ser moglegheiter, at ein undervurderer utfordringane knytte til integrering av teknologi og organisasjon eller vanskar med å vurdere økonomiske konsekvensar, ikkje minst avkastninga på nødvendige investeringar. Det kan dessutan vere problem med å skaffe kompetent støtte til planlegging og gjennomføring av prosjekt.

I samanheng med moderniseringsarbeidet i offentleg sektor legg Regjeringa opp til at det skal etablerast særskilde leiar- og organisasjonsutviklingsprogram for offentleg tenesteyting.

Utbygginga og utnyttinga av breiband i norske kommunar møter fleire utfordringar. Det krevjast kompetanse innan fagområdet og økonomiske ressursar. Det er naudsamt med kunnskap om korleis ein kan bruke breiband og IT for å effektivisere den kommunale verksemda og gi nye og betre tenester for næringsliv og innbyggjarar; kunnskap i administrasjonen om tekniske moglegheiter, løysingar, kostnader og tilrådd framgangsmåte; og kjennskap til aktuelle utfordringar og fallgruver, slik som til dømes driftsløysingar, tryggleik, tenestekvalitet og rettsproblematikk.

Det kan og vere uklart kva slags rolle kommunane skal ha i utbygginga – om det skal skje i regi av kommunen sjølv, av marknaden eller i eit samarbeid kommune/næringsliv. Planar for breibandsutbygging krev forankring i organisasjonen og avklaringar om ansvar, organisasjonsendring, økonomi/finansiering og gevinstrealisering. Breibandssatsinga må planleggjast nøye og mellom anna forankrast i dei overordna planane for omstilling av verksemda, i sektorplanar eller kommuneplanar. Slik strategisk forankring er svært viktig.

Når det gjeld erfaringsspreiing frå breibandsprosjekt, er det gjennom Høykom-programmet etablert ein erfaringsbase når det gjeld kompetansebehov i offentlege verksemder, særleg i kommunane. I regi av Høykom er det også etablert kompetansesenter på Lillehammer og i Alta som vil samle informasjon og formidle erfaringar frå lokale breibandsprosjekt.

I tillegg bør det etablerast kompetansenettverk og utviklingsverkstader nasjonalt og regionalt der kommunar, fylkeskommunar og andre aktørar kan utveksle erfaringar og kunnskap, ikkje berre om teknologispørsmål, men også om organisasjonsendringar og korleis oppnå gevinstar. Slike kompetansenettverk kan også føre til ei betre forankring av breibandsutviklinga i den politiske og administrative leiinga i verksemdene. Kommunanes sentralforbund og Høykom bør i samarbeid med departementa vurdere korleis nettverka kan etablerast og drivast.

Fotnotar

1.

OECD 2003: Seizing the Benefits of ICT in a Digital Economy

2.

NOU 2003:16: I første rekke: Forsterket kvalitet i en grunnopplæring for alle

3.

Tal og statistikk i kapittel 5.1 er henta frå Tilstandsrapport for eNorge, juni 2003, Nærings- og handelsdepartementet.

4.

Sjå http://www.becta.org.uk/research/reports/impact2/index.cfm

5.

UFD/Høykom Skole, august 2003: Skole for digital kompetanse, Om framtidig behov for breiband i utdaningssektoren

6.

I 2001 var det 4600 studieplassar innanfor IT i Noreg. Noregsnettrådet anslår at om lag 5 prosent av studieplassane i Noreg er «reine» IT-studiar, og om lag 8 prosent av kandidatproduksjon er i same studium Kjelde: Utredning om IKT som fag i høgare utdanning, Noregsnettrådet, oktober 2002.

7.

IT-styrelsen, Danmark 2002

8.

OECD 2002, Tal frå 2000

9.

OECD 2003, G. Wickery (red): EBIP – Electronice-commerce Business Impacts Project – A Synthesis Report

10.

OECD 2003: Seizing the Benefits of ICT in a Digital Economy

11.

Atrostic & Gates 2001

12.

Institutet for tilväkstpolitiska studier 2002: A learning IT Policy

13.

NUTEK 1996: 6 B: Towards Flexible Organisations. Auka fleksibilitet gir potensial for konkrete endringar. I undersøkingane er talet på tilsette som er omfatta av nylege investeringar i programvare, ein av tre indikatorar. Dei to andre indikatorane er om organisatoriske endringar som har funne stad etter 1990, og alder på maskiner og utstyr.

Til forsida