Del 1
Innleiande del
1 Innleiing og samandrag
1.1 Regjeringa sitt hovudmål
Regjeringa sine hovudmål for den økonomiske politikken er arbeid til alle, auka verdiskaping, vidareutvikling av det norske velferdssamfunnet, rettferdig fordeling og berekraftig utvikling. Eit sterkt og konkurransedyktig næringsliv er ein føresetnad for å nå desse måla.
1.2 Visjon og mål for Kommunal- og regionaldepartementet
Visjon
Vi skal leggje til rette for ein betre kvardag for folk flest, uavhengig av bustad og uavhengig av etnisk, kulturell og sosial bakgrunn.
Kommunal- og regionaldepartementet skal medverke til dette ved å
vidareutvikle eit effektivt offentleg tenestetilbod, bygd på eit aktivt lokaldemokrati
medverke til å styrkje lokal og regional vekstkraft
sikre ein velfungerande bustadmarknad
gi flyktningar vern
syte for ei regulert innvandring
gi innvandrarane høve til å delta aktivt i samfunnet
sikre ei positiv utvikling for samane og dei nasjonale minoritetane
Mål
Budsjettet for Kommunal- og regionaldepartementet omfattar ei rad ulike område som påverkar levekåra til den enkelte. Over budsjettet blir det gitt løyvingar til desse områda:
innvandring
nasjonale minoritetar
samiske formål
regional- og distriktspolitikk
rammeoverføringar til kommunar og fylkeskommunar
bustader og bumiljø
bygningssaker
Felles for saksområda som er samla under Kommunal- og regionaldepartementet, er at dei alle i hovudsak rettar seg mot forhold innanlands, og at dei direkte påverkar levekåra til den enkelte. Urfolks- og minoritetspolitikken og innvandrings- og flyktningpolitikken har i tillegg ei utanrikspolitisk side. Departementet har eit særskilt ansvar for å sikre ei samla vurdering av all statleg politikk med økonomiske og/eller administrative konsekvensar for kommunane og fylkeskommunane. Departementet har òg eit særskilt ansvar for å sikre ei samla vurdering av all statleg politikk som tek sikte på å fremme ei balansert regional utvikling når det gjeld busetnad, næringsliv og levekår.
Vi vil leggje til rette for at alle skal kunne bu godt og trygt. Det er også viktig å målrette politikken slik at vi kan hjelpe dei som elles ville ha falle utanfor. Vi vil medverke til ein velfungerande bustadmarknad, til at vanskelegstilte kan skaffe seg og behalde eit husvære, og til at bustadhus og andre bygningar har god kvalitet, der det er teke omsyn til miljøet og til tilgjenge.
Vi vil syte for ei regulert innvandring som skal medverke til ei stabil økonomisk og sosial utvikling i Noreg. Flyktningar skal primært sikrast vern i nærområdet, men vi skal ta imot vår del av dei som ikkje kan sikrast eit slikt vern, og gi dei ei trygg framtid her i landet.
Ein aktiv integreringspolitikk, mellom anna med introduksjonsprogram, obligatorisk norskopplæring og tiltak mot diskriminering og rasisme, skal gi alle høve til å delta i samfunnet på like vilkår.
Vi vil leggje til rette for styrkt lokaldemokrati og maktspreiing fordi det gir betre tenester til innbyggjarane. Vi skal gi kommunane gode rammevilkår, slik at kommunale tenester kan utførast betre og meir effektivt. Dette skal vi oppnå ved å gi kommunane større handlefridom, ved å flytte oppgåver, ansvar og avgjerdsmakt frå statleg til kommunalt nivå, nærmare innbyggjarane, og ved å støtte lokalt utviklingsarbeid.
Vi vil medverke til å sikre busetnaden og verdiskapinga i alle delar av landet.
Vi vil sikre at nasjonale minoritetar skal kunne uttrykkje, halde ved like og vidareutvikle sin egen identitet, sitt eige språk og sin eigen kultur.
Gjennom samepolitikken vil vi verne om, vidareutvikle og synleggjere samiske livsformer, samisk språk, reindrift, samisk kultur og samiske verdiar. Særlege utfordringar i 2005
1.3 Særlege utfordringar i 2005
Regjeringa vil i 2005 framleis leggje vekt på å få kontroll med tilstrøyminga av asylsøkjarar og sikre ei effektiv, differensiert og individuell behandling av asylsøknadene. Betre service og kortare behandlingstid i alle utlendingssaker er ei utfordring for forvaltninga. For å kunne få til raskare busetjing må det bli betre balanse mellom behovet og tilgangen på plassar i kommunane. Ei vellykka gjennomføring av introduksjonslova vil vere viktig, både for busetjinga, for å leggje til rette for deltaking i utdanning og arbeidsliv og for at flest mogleg skal vere sjølvhjelpte. Måla for integrering og inkludering av innvandrarar i samfunnet skal bli tydelegare.
Vidare vil regjeringa framleis ha fokus på regionar med særleg behov for omstilling som følgje av nedlegging av arbeidsplassar og fråflytting. Endringa i ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift påverkar rammevilkåra for mange verksemder. Regjeringa legg derfor vekt på å etablere gode og treffsikre alternativ til differensiert arbeidsgivaravgift gjennom den kompenserande næringsstøtteordninga og transportstøtta.
Regjeringa vil i 2005 føre vidare arbeidet med å vidareutvikle organisasjonsbygging og andre tiltak i forhold til dei nasjonale minoritetane, slik at dei blir sikra effektiv deltaking i det kulturelle, sosiale og økonomiske livet og i forhold til offentlege styresmakter. På det samepolitiske området er det viktig å utvikle vidare samarbeidsformene i forhold til Sametinget. Samtidig vil regjeringa byggje opp under mangfaldet i det samiske samfunnet og medverke til at ulike interesser blir støtta og får direkte høve til medverknad. Samisk språk er utsett, og for at språket skal kunne brukast i det moderne samfunnet, vil regjeringa leggje til rette for auka bruk av samisk i fleire samanhengar – også i det offentlege rommet. Regjeringa vil vidare prioritere arbeidet med å leggje forholda til rette for samiske næringar, og vil følgje opp spørsmålet om individuelle og kollektive erstatningar til nasjonale minoritetar og samane.
Regjeringa vil også i 2005 ha fokus på vanskelegstilte på bustadmarknaden, slik at dei kan halde på eller skaffe seg eit høveleg husvære. Gjennomføringa av strategien for å førebyggje og hindre at menneske blir bustadlause, er høgt prioritert. Vidare vil regjeringa auke satsinga på å få fleire universelt utforma og miljøvennlege bustadhus og andre bygningar.
Regjeringa vil vidareutvikle arbeidet med modernisering av kommunesektoren. Dette omfattar både endringar i statlege rammevilkår for å gi sektoren større handlingsrom og støtte til lokalt omstillingsarbeid for å gi innbyggjarane eit betre tenestetilbod. Viktige oppgåver i 2005 er mellom anna arbeidet med inntektssystemet, statleg tilsyn med kommunesektoren og vurderingar av kommunestrukturen. Regjeringa vil også presentere sine førebels vurderingar av fylkeskommunen. Avviklinga av stortingsvalet i 2005 vil krevje store administrative ressursar.
1.4 Hovudtrekka i budsjettforslaget
1.4.1 Programkategori 13.10 Administrasjon o.a.
Kategorien omfattar utgiftene til drift av departementet, valutgifter og aksjekapital i Kommunalbanken. Det blir føreslått ei løyving på 258,1 mill. kr for 2005. Dette er ein auke på 41,2 mill. kr i forhold til saldert budsjett 2004. Auken kjem i hovudsak av at det er val til Stortinget og Sametinget i 2005. Det blir også føreslått å løyve 17,2 mill. kr i aksjekapital til Kommunalbanken.
1.4.2 Programkategori 13.20 Innvandring
For å styrkje innvandrarane sine føresetnader for å kunne delta aktivt i samfunnet har regjeringa lagt fram eit lovforslag om å gjere opplæring i norsk og samfunnskunnskap obligatorisk, jf. Ot.prp. nr. 50 (2003–2004) Om lov om endringer i introduksjonsloven mv. Dersom Stortinget vedtek lova hausten 2004, vil den nye ordninga gjelde frå 1. september 2005. Frå det same tidspunktet vil det bli gjort endringar i tilskotsordninga, og eit nytt administrativt registreringssystem vil bli teke i bruk. Løyvinga er også auka med tanke på at norskopplæringa vil bli intensivert etter at introduksjonsordninga blir obligatorisk.
Regjeringa har føreslått ein auke i integreringstilskotet som blir utbetalt til kommunane i samband med busetjing av flyktningar. Frå 1.9.2004 er introduksjonsordninga obligatorisk. Sidan iverksetjing av introduksjonsprogrammet kan innebere meir arbeid på kort sikt i somme kommunar, har regjeringa prioritert å auke tilskotet dei to første åra etter busetjing. Sidan introduksjonsordninga gjeld vaksne, og for å gjere det lettare å få busett dei som i dag blir verande lengst tid i mottak, føreslår regjeringa òg at integreringstilskotet blir fordelt på ein annan måte. Det vil bli gitt meir for vaksne enn for barn under 18 år.
Regjeringa føreslår at det ikkje lenger skal utbetalast integreringstilskot for personar som har kome til Noreg gjennom familiesamanføring med ein person som har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag. Grunnen er at hovudpersonen no skal forsyte nykomne familiemedlemmer. For at ikkje kommunane skal få utgifter til introduksjonsprogram for ei gruppe som dei ikkje lenger vil få integreringstilskot for, vil regjeringa leggje fram ein odelstingsproposisjon om at denne gruppa ikkje lenger skal omfattast av den obligatoriske introduksjonsordninga.
Schengen/EU har vedteke å etablere eit felles dataregister (VIS – Visa Information System) over alle visumsøkjarar, og at biometriske data for søkjarane skal lagrast i etiketten. Schengen/EU vil levere databasen og tilknytingssystemet, men kvart enkelt medlemsland har ansvar for å tilpasse sine datasystem til det felles dataregisteret. Første fase av VIS, med bilete av visumsøkjarane, skal vere operativ i slutten av 2006. Regjeringa har sett av midlar til etablering av eit nasjonalt system i samband med VIS-systemet. Det skal vere i drift frå sommaren 2005. Det vil bli utgifter til vidare utvikling og drift av systemet etter 2005. I tillegg kjem kostnader i samband med tilknyting til den europeiske databasen.
Regjeringa har sett av 15 mill. kr til etablering av mottak som skal kunne følgje opp personar med særskilde behov på ein betre måte. Mottaka skal ha tilstrekkeleg med faglege ressursar, vere døgnbemanna og ha ei tenleg lokalisering i forhold til det psykiske helsevernet og andre relevante hjelpeinstansar.
Regjeringa legg vekt på tiltak som kan redusere tilstrøyminga av asylsøkjarar som ikkje treng vern her i landet. Prognosen for 2004 tilseier at det kjem i underkant av 10 000 asylsøkjarar til Noreg. Det er lagt til grunn at det vil kome om lag 10 000 søkjarar i 2005.
Det blir føreslått ei løyving på 5 897,9 mill. kr i 2005, mot 5 831,2 mill. kr i 2004. Auken kjem i hovudsak av at løyvinga til norskopplæring, som er budsjettert til 1 275 mill. kr, er blitt større.
1.4.3 Programkategori 13.21 Nasjonale minoritetar
Den overgripande målsetjinga, som gjeld både nasjonale minoritetar og samar, er å utvikle og gjennomføre ein politikk som er i samsvar med internasjonale forpliktingar som Noreg har teke på seg, og i samsvar med dei forpliktingane som føljer av norsk rett og gjeldande politiske vedtak. I 2005 vil regjeringa prioritere arbeidet med å setje i verk dei vedtaka som er gjorde vedrørande individuelle og kollektive erstatningar.
Når det gjeld dei nasjonale minoritetane, vil Kommunal- og regionaldepartementet i 2005 vidareføre satsinga på organisasjonsbygging. Det vil bli lagt vekt på dialogen mellom offentlege styresmakter og organisasjonane til dei nasjonale minoritetane når det gjeld utforming og prioritering av tiltak, og når det gjeld å utforme ein heilskapleg politikk for nasjonale minoritetar. Viktige aktørar i dette arbeidet er Samordningsutvalet for nasjonale minoritetar og Kontaktforumet mellom nasjonale minoritetar og styresmaktene. Kommunal- og regionaldepartementet har det overordna ansvaret for at tiltaka blir gjennomførte. Kommunal- og regionaldepartementet vil i 2005 medverke til kunnskapsutvikling om nasjonale minoritetar ved mellom anna å vidareføre prosjektet «Forprosjekt om romanikultur, språk og opprinnelse» i regi av Noregs forskingsråd. Noreg skal i 2005 for andre gong rapportere om oppfølginga av Europarådet sin rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. Kommunal- og regionaldepartementet vil samordne dette arbeidet.
Det blir føreslått ei løyving på 4,85 mill. kr i 2005, mot 2,9 mill. kr i 2004. Auken kjem i hovudsak av avkastninga av Romanifolkets fond, som er budsjettert til 1,85 mill. kr.
1.4.4 Programkategori 13.40 Samiske formål
På det samepolitiske området vil vidareutvikling av samarbeidsformer i forhold til Sametinget vere ei av det viktigaste sakene for Kommunal- og regionaldepartementet. Departementet vil også vidareføre satsinga på bruk av samisk språk og på informasjon om samiske forhold. Gjennom eit prosjekt med samiske «vegvisarar» vil regjeringa gi samisk ungdom i oppgåve å informere ikkje-samisk ungdom om samisk språk, kultur og samfunnsliv. Regjeringa arbeider med å leggje til rette for samisk i IT-samanheng.
Mange samar opplever framleis negative holdningar og intoleranse knytt til eigen identitet. Regjeringa vil derfor finansiere ei undersøking om sjølvopplevd rasisme og diskriminering blant den samiske befolkninga i Noreg.
For å styrkje det internasjonale samarbeidet om reindrift, føreslår regjeringa å etablere eit internasjonalt fag- og formidlingssenter for reindriftsfolk i arktiske område.
Det blir føreslått ei løyving på 149,98 mill. kr i 2005, mot 143,7 mill. kr i 2004.
1.4.5 Programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk
Når det gjeld dei regional- og distriktspolitiske verkemidla, vil regjeringa i 2005 særleg leggje vekt på utviklings- og omstillingsarbeid og på tiltak som stimulerer til innovasjon og entreprenørskap.
Endringa i ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift påverkar rammevilkåra for mange verksemder. Regjeringa legg vekt på å etablere gode og treffsikre alternativ til den differensierte arbeidsgivaravgifta.
Regjeringa presenterte sin nye regional- og distriktspolitikk i orienteringa frå kommunal- og regionalministeren til Stortinget 30. april 2002. Regjeringa vil styrkje regionalpolitikken for å sikre busetnad, verdiskaping og levedyktige lokalsamfunn over heile landet. Gjennom politikken skal forholda leggjast til rette slik at den enkelte har reell fridom til å busetje seg der ho eller han ønskjer. Målet for busetjinga i dei neste tjue åra er ei meir balansert utvikling, der alle landsdelar har ein vekst i folketalet.
Regjeringa vil arbeide etter desse hovudstrategiane i regional- og distriktspolitikken:
Etablere rammevilkår som er så gode at verksemder, kapital og arbeidskraft blir verande i Noreg, og at vi er attraktive for utanlandske investeringar. Regjeringa har som mål at dei generelle rammevilkåra skal vere konkurransedyktige og stabile, slik at forholda ligg til rette for høg verdiskaping.
Satse sterkare på regionar og senter som har vekstpotensial. Vi vil styrkje vekstkrafta der ho alt finst, og samtidig sikre grunnlaget for gode levekår i alle delar av landet.
Prioritere verkemiddel som kan medverke til å styrkje evna til innovasjon og nyetablering i alle delar av landet, med vekt på å nå potensielle nyskaparar og entreprenørar. Det skal særleg leggjast til rette for at det potensialet som finst blant ungdom og kvinner, blir betre utnytta.
Delegere og desentralisere meir ansvar og fleire oppgåver til regionalt og lokalt nivå.
Kommunal- og regionaldepartementet har ansvaret for å forvalte ein del næringsretta regional- og distriktspolitiske verkemiddel. Særskilde tiltak kan rettast inn mot område med spesielle utfordringar knytte til fråflytting og svakt næringsgrunnlag. Den regional- og distriktspolitiske innsatsen må tilpassast situasjonen i kvar enkelt region. Den daglege forvaltninga av verkemidla er i hovudsak delegert til fylkeskommunane, Innovasjon Noreg, Selskapet for industrivekst (SIVA) og Noregs forskingsråd.
Regjeringa føreslår ei løyving på 2 316,6 mill. kr innanfor programkategorien for 2005. Dette er ein auke på 673,8 mill. kr, dvs. 41 pst., i forhold til saldert budsjett 2004.
Kompensasjonen for auka arbeidsgivaravgift for 2005 er utrekna til 1 095 mill. kr over departementet sitt budsjett. Delar av dette beløpet blir gitt som tilsegnsfullmakt. Løyvinga for 2005 over postane for næringsretta utviklingstiltak og transportstøtte utgjer kompensasjon dels for 2004 og dels for 2005.
Hovuddelen av løyvinga over programkategorien, 1 843,8 mill. kr, dvs. 80 pst., blir føreslått forvalta på regionalt nivå i tråd med regjeringa sitt mål om desentralisering av verkemidla.
1.4.6 Programkategori 13.70 Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar
Regjeringa legg opp til ein reell vekst i dei samla inntektene for kommunesektoren i 2005 på nærmare 2¾ mrd. kr, eller vel 1¼ pst. Veksten i dei samla inntektene blir dermed noko høgre enn varsla i kommuneproposisjonen for 2005. Veksten er rekna ut frå det nivået på inntektene for kommunesektoren i 2004 som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2004.
Av den samla inntektsveksten kjem 1 mrd. kr som frie inntekter. Regjeringa aukar tilskota til barnehagar med om lag 1,2 mrd. kr og til handlingsplanen for psykisk helse med 400 mill. kr.
Løyvingane til ressurskrevjande brukarar aukar med om lag 350 mill. kr. Utgiftene til denne brukargruppa måtte kommunane tidlegare dekkje av dei frie inntektene. No blir utgiftene refunderte av staten.
Timetalet for 1.–4. klasse i grunnskolen aukar med 4 timar frå skoleåret 2005–2006. Kommunane blir kompenserte for auken i timetalet med om lag 135 mill. kr over dei frie inntektene. Dette kjem i tillegg til realveksten i dei frie inntektene.
Rammetilskot til kommunesektoren blir løyvt over programkategori 13.70. Storleiken på rammetilskotet må sjåast i samanheng med det samla kommuneopplegget og fordelinga av frie inntekter på skatteinntekter og rammetilskot. For 2005 blir det føreslått å løyve 46,7 mrd. kr i rammetilskot til kommunesektoren, fordelt med 35 mrd. kr til kommunane og 11,7 mrd. kr til fylkeskommunane.
For nærmare omtale av det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2005 viser vi til kapittel 2.
1.4.7 Programkategori 13.80 Bustader og bumiljø og programkategori 13.90 Bygningssaker
Hovudutfordringa blir også i 2005 å hjelpe personar som vil falle utanfor den ordinære bustadmarknaden utan støtte frå det offentlege.
Regjeringa presenterte bustadpolitikken sin i St.meld. nr. 23 (2003–2004) Om boligpolitikken. Regjeringa ønskjer at bustadsubsidiane skal nå dei som har behov for hjelp, og ønskjer å legge om subsidiebruken. Bustønaden (konsumstøtte) skal såleis styrkjast vidare, og samstundes skal bustadtilskot til utleigehusvære (investeringsstøtte) trappast ned gradvis til fordel for bustønaden. Etter regjeringa sitt syn må også bustadtilskotsmidlane rettast inn mot dei mest vanskelegstilte på bustadmarknaden. Når det gjeld desse midlane, prioriterer derfor regjeringa tiltak for å gi dei bustadlause ein stad å bu, busetjing av flyktningar og hjelp til funksjonshemma og andre som ikkje greier å etablere seg på bustadmarknaden på eiga hand.
Regjeringa ønskjer å utvikle og heve kompetansen om bustadkvalitet, særleg når det gjeld miljøvennlege og universelt utforma bustadhus og andre bygningar. Gjennomføringa av strategien for å førebyggje og hindre at menneske blir bustadlause, blir også prioritert.
Grunnlån (oppføringslån og utbetringslån) frå Husbanken skal samlast i eitt lån som skal målrettast mot personar som etablerer seg i eige husvære, mot ordinære husvære der det blir teke omsyn til miljø og tilgjenge, og mot bustadbygging i delar av landet der det er vanskeleg å få lån.
Regjeringa ønskjer å føre vidare arbeidet som tek sikte på å bremse auken i byggjekostnadene og auke produktiviteten i byggjenæringa. Ei arbeidsgruppe som blei sett ned i fjor, tilrådde ein del tiltak og innsatsområde i innstillinga si. Etter tilråding frå arbeidsgruppa blir det etablert eit program i samarbeid mellom private aktørar og styresmaktene.
Inklusive lånetransaksjonar blir det føreslått ei løyving på 19,2 mrd. kr i 2005 på programkategori 13.80 Bustader og bumiljø. Dette er ein nedgang på om lag 1,2 mrd. kr, dvs. 5,8 pst., i forhold til saldert budsjett 2004. Nedgangen kjem i hovudsak av ein reduksjon knytt til oppstartingstilskotet som følgje av at handlingsplanen for eldreomsorga er avslutta, og at låneramma til Husbanken er føreslått sett til 13,5 mrd. kr. Det blir vidare føreslått ei løyving på 38,05 mill. kr på programkategori 13.90 Bygningssaker. Dette er ein auke på 2,8 pst. i forhold til saldert budsjett 2004.
1.5 Oversikt over budsjettforslaget
Teknisk endring frå 2004 til 2005:
Programkategori 14.10 Bustader og bumiljø har fått programkategorinummer 13.80. Programkategori 14.20 Bygningssaker har fått programkategorinummer 13.90. Dette inneber at alt som høyrde inn under programområde 14, no er innlemma i programområde 13. Område 14 går såleis ut. Budsjettforslaget frå Kommunal- og regionaldepartementet er dermed samla under programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet.
Ansvaret for arbeidsrettsområdet blei overteke av arbeids- og sosialministeren frå 18.6.2004. For rapportering og budsjettforslag på kap. 503 Arbeidsretten, riksmeklingsmannen o.a. viser vi til St.prp. nr. 1 (2004–2005) frå Arbeids- og sosialdepartementet, kap. 603 Arbeidsretten, riksmeklingsmannen o.a.
1.5.1 Samla utgifter under Kommunal- og regionaldepartementet
Figur 1.1 viser dei samla utgiftene, inklusive lånetransaksjonar, under Kommunal- og regionaldepartementet i budsjettforslaget for 2005 samanlikna med saldert budsjett 2004.
På figuren er løyvinga til det økonomiske oppgjeret som følgje av endringar i ansvaret for barnevern, familievern og rusomsorg i saldert budsjett 2004 skild ut som ei særskilt gruppe. Det same er overføringane (rammetilskota) til kommunalforvaltninga gjennom inntektssystemet. Rammetilskota auker med 2 mrd. kr frå 44,7 mrd. kr i saldert budsjett 2004 til 46,7 mrd. kr i forslaget for 2005. Auken må sjåast i samanheng med veksten i frie inntekter og at selskapsskatten blir løyvd over ein eigen post på rammetilskotet til kommunane. Auken i skattedelen av dei samla inntektene fører isolert sett til ein reduksjon i rammetilskota. Utgiftene utanom rammetilskot til kommunar og fylkeskommunar og utanom det økonomiske oppgjeret som følgje av endringar i ansvaret mellom staten og fylkeskommunen går ned frå 28,2 mrd. kr i saldert budsjett 2004 til 27,8 mrd. kr i forslaget for 2005. Dette kjem av ein nedgang innanfor området bustader og bumiljø. Nedgangen kjem i hovudsak av at oppstartingstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar er redusert som følgje av at handlingsplanen for eldreomsorga er avslutta og at løyvinga til lån til Husbanken er sett ned som følgje av at låneramma til Husbanken er føreslått sett til 13,5 mrd. kr.
1.5.2 Utgifter på dei ulike programkategoriane
13.10 = Administrasjon o.a. | 13.50 = Regional- og distriktspolitikk |
13.20 = Innvandring | 13.80 = Bustader og bumiljø |
13.21 = Nasjonale minoritetar | 13.90 = Bygningssaker |
13.40 = Samiske formål |
Figuren viser utgiftene på dei ulike kategoriane utanom lånetransaksjoner. Auken på innvandringsområdet kjem i hovudsak av at løyvinga til norskopplæring for vaksne innvandrarar er blitt større. Utgiftene på det regional- og distriktspolitiske området aukar som følgje av løyvingar til kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift til næringsretta utviklingstiltak og transportstøtte. På bustad- og bumiljøområdet kjem nedgangen i hovudsak av ein reduksjon knytt til oppstartingstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar som følgje av at handlingsplanen for eldreomsorga er avslutta.
1.5.3 Utgifter og inntekter fordelte på dei ulike budsjettkapitla
Tabell 1.1 viser utgiftene og tabell 1.2 viser inntektene på dei ulike kapital på Kommunal- og regionaldepartementets budsjett. Tabellane samanliknar budsjettforslaget for 2005 med saldert budsjett for 2004 og rekneskapstala for 2003. I tillegg viser tabellane prosentvis endring frå saldert budsjett 2004 til forslaget for 2005.
Tabell 1.1 Utgifter fordelte på dei ulike kapitla under departementet
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
Administrasjon o.a. | |||||
500 | Kommunal- og regionaldepartementet (jf. kap. 3500) | 199 744 | 199 800 | 209 200 | 4,7 |
502 | Valutgifter | 23 857 | 5 000 | 31 700 | 534,0 |
503 | Arbeidsretten, meklingsinstitusjonane o.a. (jf. kap. 3503) | 10 356 | 12 150 | -100,0 | |
2427 | Kommunalbanken AS | 17 200 | |||
Sum kategori 13.10 | 233 957 | 216 950 | 258 100 | 16,0 | |
Innvandring | |||||
520 | Utlendingsdirektoratet (jf. kap. 3520) | 2 268 618 | 1 654 333 | 1 596 470 | -3,5 |
521 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar (jf. kap. 3521) | 2 808 157 | 4 063 903 | 4 190 850 | 3,1 |
522 | Senter mot etnisk diskriminering (jf. kap. 3522) | 6 300 | 6 600 | 7 150 | 8,3 |
523 | Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene (jf. kap. 3523) | 3 732 | 4 600 | 4 600 | 0,0 |
524 | Utlendingsnemnda (jf. kap. 3524) | 98 241 | 101 800 | 98 850 | -2,9 |
Sum kategori 13.20 | 5 185 048 | 5 831 236 | 5 897 920 | 1,1 | |
Nasjonale minoritetar | |||||
526 | Nasjonale minoritetar (jf. kap. 3526) | 2 805 | 2 900 | 4 850 | 67,2 |
Sum kategori 13.21 | 2 805 | 2 900 | 4 850 | 67,2 | |
Samiske formål | |||||
540 | Sametinget (jf. kap. 3540) | 134 872 | 138 050 | 143 400 | 3,9 |
541 | Tilskot til samiske formål | 3 800 | 3 700 | 4 530 | 22,4 |
542 | Kompetansesenter for rettane til urfolk (jf. kap. 3542) | 3 461 | 1 950 | 2 050 | 5,1 |
Sum kategori 13.40 | 142 133 | 143 700 | 149 980 | 4,4 | |
Regional- og distriktspolitikk | |||||
550 | Lokal næringsutvikling | 9 759 | |||
551 | Regional utvikling og nyskaping | 1 067 500 | 1 356 800 | 2 039 300 | 50,3 |
552 | Nasjonalt samarbeid for regional utvikling | 267 206 | 286 000 | 277 300 | -3,0 |
Sum kategori 13.50 | 1 344 465 | 1 642 800 | 2 316 600 | 41,0 | |
Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar | |||||
571 | Rammetilskot til kommunar (jf. kap. 3571) | 39 212 380 | 32 928 000 | 34 979 969 | 6,2 |
572 | Rammetilskot til fylkeskommunar (jf. kap. 3572) | 14 220 800 | 11 751 800 | 11 674 357 | -0,7 |
574 | Økonomisk oppgjer ved endringar i ansvaret for barnevern, familievern og rusomsorg | 378 146 | -100,0 | ||
Sum kategori 13.70 | 53 433 180 | 45 057 946 | 46 654 326 | 3,5 | |
Bustader og bumiljø | |||||
580 | Bustønad | 2 350 410 | 2 109 000 | 2 093 600 | -0,7 |
581 | Bustad- og bumiljøtiltak | 742 426 | 823 600 | 722 500 | -12,3 |
582 | Skoleanlegg | 264 554 | 240 500 | 248 000 | 3,1 |
585 | Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus (jf. kap. 3585) | 4 707 | 4 700 | 4 900 | 4,3 |
586 | Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar | 2 693 435 | 3 397 400 | 2 722 800 | -19,9 |
2412 | Den norske stats husbank (jf. kap. 5312 og 5615) | 11 141 286 | 13 809 000 | 13 409 000 | -2,9 |
Sum kategori 13.80 | 17 196 818 | 20 384 200 | 19 200 800 | -5,8 | |
Bygningssaker | |||||
587 | Statens bygningstekniske etat (jf. kap. 3587) | 36 268 | 37 000 | 38 050 | 2,8 |
Sum kategori 13.90 | 36 268 | 37 000 | 38 050 | 2,8 | |
Sum programområde 13 | 77 574 674 | 73 316 732 | 74 520 626 | 1,6 | |
Sum utgifter | 77 574 674 | 73 316 732 | 74 520 626 | 1,6 |
Tabell 1.2 Inntekter fordelte på dei ulike kapitla under departementet
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
Administrasjon o.a. | |||||
3500 | Kommunal- og regionaldepartementet (jf. kap. 500) | 6 638 | |||
3503 | Arbeidsretten, meklingsinstitusjonane o.a. (jf. kap. 503) | 103 | |||
5316 | Kommunalbanken AS | 18 861 | 13 800 | 10 500 | -23,9 |
5616 | Aksjeutbytte i Kommunalbanken AS | 30 800 | 32 400 | 17 200 | -46,9 |
Sum kategori 13.10 | 56 402 | 46 200 | 27 700 | -40,0 | |
Innvandring | |||||
3520 | Utlendingsdirektoratet (jf. kap. 520) | 1 060 453 | 654 090 | 546 663 | -16,4 |
3521 | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar (jf. kap. 521) | 107 490 | 63 600 | 79 577 | 25,1 |
3522 | Senter mot etnisk diskriminering (jf. kap. 522) | 87 | |||
3523 | Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene (jf. kap. 523) | 27 | |||
3524 | Utlendingsnemnda (jf. kap. 524) | 2 837 | |||
Sum kategori 13.20 | 1 170 894 | 717 690 | 626 240 | -12,7 | |
Nasjonale minoritetar | |||||
3526 | Nasjonale minoritetar (jf. kap. 526) | 1 850 | |||
Sum kategori 13.21 | 1 850 | ||||
Samiske formål | |||||
3540 | Sametinget (jf. kap. 540) | 5 072 | 4 650 | 4 650 | 0,0 |
3542 | Kompetansesenter for rettane til urfolk (jf. kap. 542) | 1 200 | |||
Sum kategori 13.40 | 6 272 | 4 650 | 4 650 | 0,0 | |
Regional- og distriktspolitikk | |||||
5327 | Innovasjon Noreg (IN) og fylkeskommunane o.a. | 117 608 | 90 000 | 90 000 | 0,0 |
Sum kategori 13.50 | 117 608 | 90 000 | 90 000 | 0,0 | |
Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar | |||||
3571 | Tilbakeføring av forskot (jf. kap. 571) | 65 536 | 28 000 | 4 000 | -85,7 |
3572 | Tilbakeføring av forskot (jf. kap. 572) | 7 100 | |||
Sum kategori 13.70 | 72 636 | 28 000 | 4 000 | -85,7 | |
Bustader og bumiljø | |||||
3585 | Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus (jf. kap. 585) | 281 | 200 | 240 | 20,0 |
5312 | Den norske stats husbank (jf. kap. 2412) | 12 700 347 | 8 904 350 | 9 453 700 | 6,2 |
5615 | Renter frå Den norske stats husbank (jf. kap. 2412) | 6 146 963 | 5 042 000 | 4 437 000 | -12,0 |
Sum kategori 13.80 | 18 847 591 | 13 946 550 | 13 890 940 | -0,4 | |
Bygningssaker | |||||
3587 | Statens bygningstekniske etat (jf. kap. 587) | 14 610 | 13 200 | 13 600 | 3,0 |
Sum kategori 13.90 | 14 610 | 13 200 | 13 600 | 3,0 | |
Sum programområde 13 | 20 286 013 | 14 846 290 | 14 658 980 | -1,3 | |
Sum inntekter | 20 286 013 | 14 846 290 | 14 658 980 | -1,3 |
1.5.4 Utgifter og inntekter fordelte på postgrupper
Tabell 1.3 Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post- gr. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
01-29 | Driftsutgifter | 2 914 583 | 2 293 833 | 2 285 664 | -0,4 |
30-49 | Nybygg, anlegg o.a. | 10 667 | 10 500 | 10 500 | 0,0 |
50-59 | Overføringar til andre statsrekneskap | 152 872 | 156 050 | 162 900 | 4,4 |
60-69 | Overføringar til kommunesektoren | 60 235 902 | 54 051 349 | 55 598 832 | 2,9 |
70-89 | Andre overføringar | 3 421 717 | 3 301 000 | 3 347 530 | 1,4 |
90-99 | Utlån, avdrag o.a. | 10 838 933 | 13 504 000 | 13 115 200 | -2,9 |
Sum under departementet | 77 574 674 | 73 316 732 | 74 520 626 | 1,6 |
Tabell 1.4 Inntekter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post- gr. | Nemning | Rekneskap 2003 | Saldert budsjett 2004 | Forslag 2005 | Pst. endr. 04/05 |
01-29 | Sal av varer og tenester o.a. | 1 245 643 | 762 440 | 668 780 | -12,3 |
50-89 | Skatter, avgifter og andre overføringar | 6 319 304 | 5 182 850 | 4 561 200 | -12,0 |
90-99 | Tilbakebetalingar, avdrag o.a. | 12 721 066 | 8 901 000 | 9 429 000 | 5,9 |
Sum under departementet | 20 286 013 | 14 846 290 | 14 658 980 | -1,3 |
1.6 Fornying, organisasjons- og strukturendringar
1.6.1 Modernisering i kommunesektoren
Det arbeidet Kommunal- og regionaldepartementet driv for å modernisere kommunesektoren går langs to hovudlinjer. For det første ønskjer departementet å styrkje kommunane ved å gi dei betre rammevilkår og større handlefridom. Kommunal handlefridom legg til rette for ei kostnadseffektiv utnytting av ressursane, samstundes som det legg til rette for eit tenestetilbod som er tilpassa det samla behovet blant innbyggjarane. For det andre støttar departementet opp om kommunalt moderniserings- og utviklingsarbeid. Kommunane må sjølve drive eit aktivt moderniserings- og utviklingsarbeid for å kunne gi innbyggjarane gode tenester og samstundes vere ein sentral aktør i samfunnsutviklinga på lokalt nivå.
Kommunane opplever at summen av statlege pålegg og krav til tenestene avgrensar fridommen til å organisere oppgåveløysinga i tråd med lokale tilhøve. Arbeidet med å auke handlefridommen til kommunane dreier seg derfor i hovudsak om å redusere den statlege detaljstyringa og rapporteringsbyrda. Gode rammevilkår og handlefridom har også med kommunestrukturen å gjere. Departementet og Kommunenes Sentralforbund samarbeider om prosjektet «Framtidens kommunestruktur – kommuner med ansvar for egen utvikling». Målsetjinga med prosjektet er å styrkje lokaldemokratiet og få meir robuste kommunar. Sterkare og meir robuste kommunar er ein viktig føresetnad både for å kunne halde ved lag eit likeverdig tenestetilbod i alle delar av landet, og for å sikre eit godt fungerande lokaldemokrati i åra som kjem. Meir robuste kommunar vil òg gjere det lettare å desentralisere fleire oppgåver og gi meir makt og ansvar til kommunane.
Kommunane må sjølve ta ansvar for å prioritere utviklingsarbeid som gjer dei til effektive tenesteprodusentar og gode samfunnsutviklarar. Kommunal- og regionaldepartementet støttar opp om lokalt utviklingsarbeid gjennom ein del prosjekt. Eitt av dei er eit omstillingsprogram i åtte kommunar, «Stifinneren – modernisering for velferd». Desse åtte kommunane skal gjennomføre eit heilskapleg moderniseringsarbeid ved å ta i bruk eit breitt spekter av verkemiddel. Departementet vil i programperioden gi kommunane fagleg støtte, og ønskjer også gjennom prosjektet å vinne erfaring med utfordringar knytte til kommunale moderniseringsprosessar. I samarbeid med Kommunenes Sentralforbund har departementet sidan 2002 drive prosjektet «Kommunenettverk for effektivisering» (effektiviseringsnettverka). Her arbeider nettverk av 5–8 kommunar/bydelar saman om å analysere og samanlikne nøkkeltal i KOSTRA, og om å gjennomføre undersøkingar som skal vise om brukarane er nøgde på utvalde tenesteområde. Meininga er at ein skal bruke nyvunnen kunnskap til å gjennomføre forbetringar. Ved utgangen av 2004 vil om lag 300 kommunar/bydelar ha delteke i effektiviseringsnettverka. Departementet har også i 2003 og 2004 støtta prosjektet «Resultatledelse gjennom bruk av balansert målstyring», der kommunane Bærum, Drammen og Tønsberg har delteke. Erfaringane frå prosjektet skal resultere i ein praktisk rettleiar som skal publiserast hausten 2004. Kommunal- og regionaldepartementet og Kommunenes Sentralforbund støtta i 2002–2003 opp om eit nettverk av 10 norske kommunar som arbeidde med å innføre brukarval på områda praktisk hjelp i heimen eller skolen. Som eit resultat av dette er det laga ein rettleiar og ein brosjyre om brukarval i kommunal tenesteproduksjon. Kommunane i nettverket har også utarbeidd ymse dokument og notat om brukarval som er tilgjengelege på Konkurranseportalen til departementet.
1.6.2 Modernisering i bustad- og byggjesektoren
Husbanken vidarefører prosjektet «Open Husbank», mellom anna med ei vidareutvikling av bustønadssystemet med internettgrensesnitt. Prosjektet skal gjere banken lettare tilgjengeleg for brukarane. ByggSøk er eit prosjekt som gjer det mogleg med elektronisk plan- og byggjesaksbehandling. Søknadssystemet for byggjesaker blei sett i drift i 2003, og ein prototyp av plandelen er sett i prøvedrift sommaren 2004. Bygningslovutvalet skal stå for ein større gjennomgang av bygningslovgivinga med sikte på å forenkle reglane. Utvalet skal sluttføre arbeidet sommaren 2005.
1.6.3 Organisasjonsendringar
1.6.3.1 Arbeidsrettsfeltet
Ansvaret for arbeidsrettsfeltet blei overført frå kommunal- og regionalministeren til arbeids- og sosialministeren 18.6.2004. Tariffrettsseksjonen i Kommunal- og regionaldepartementet, med tre tilsette, er blitt flytta til Arbeids- og sosialdepartementet. Ansvaret for Arbeidsretten, Rikslønnsnemnda, Riksmeklingsmannen og Tariffnemnda er òg blitt overført til Arbeids- og sosialdepartementet.
For nærmare omtale av organisasjonsendringa viser vi til St.prp. nr. 1 (2004–2005) frå Arbeids- og sosialdepartementet. For forslag til løyving sjå kap. 603 Arbeidsretten, meklingsinstitusjonane o.a.
1.6.3.2 Innvandringsfeltet
Oppfølging av St.meld. nr. 21 om styringa av utlendingsforvaltninga
Departementet skal få betre høve til styring når det gjeld behandlinga av utlendingssaker, i første rekkje når det gjeld behandlinga i Utlendingsdirektoratet. På det viset vil statsråden og regjeringa få eit klarare politisk ansvar for korleis utlendingslova blir praktisert, jf. St.meld. nr. 21 (2003–2004) og Innst. S. nr. 219 (2003–2004) Styringsforhold på utlendingsfeltet. Departementet sin innsats på dette området vil bli styrkt for å kunne følgje betre med i korleis praksis er i Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda. I tillegg skal det etablerast ei felles, fagleg uavhengig eining for landkunnskap for Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda. Siktemålet er å styrkje og effektivisere arbeidet med å hente inn, vurdere og tolke informasjon om aktuelle land.
Oppfølging av Rambøll-rapporten
Eit konsulentfirma har vurdert organiseringa av forvaltningsapparatet på innvandrings- og integreringsfeltet. Evalueringa inneheld fleire forslag til omorganisering med sikte på ein styrkt, meir målretta og betre samordna innsats for å inkludere innvandrarar i samfunnet. Regjeringa vil i 1. halvår 2005 leggje fram forslag for Stortinget om omorganisering av forvaltninga på feltet. Sentrale instansar skal først få sjansen til å uttale seg om forslaga i evalueringsrapporten.
Felles handhevingsorgan for å hindre diskriminering på grunnlag av kjønn og etnisitet
Regjeringa vil i samband med forslaget til lov mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion mv. fremme forslag om å opprette eit felles handhevingsorgan som skal motverke diskriminering på grunnlag av kjønn og etnisitet. Verksemda til Senter mot etnisk diskriminering (SMED) skal vidareførast på permanent basis av det nye organet.
1.6.4 Årsverk i departementet og institusjonar knytte til departementet
Tabell 1.5 Årsverk per 1.3.20041
Kap. | Nemning | Kvinner | Menn | Totalt |
---|---|---|---|---|
500 | Kommunal- og regionaldepartementet | 169,3 | 106,4 | 275,7 |
520 | Utlendingsdirektoratet, inkl. regionale kontor | 465,5 | 210,6 | 676,1 |
522 | Senter mot etnisk diskriminering | 5,0 | 1,6 | 6,6 |
524 | Utlendingsnemnda | 107,9 | 49,5 | 157,4 |
540 | Sametinget | 76,1 | 31,7 | 107,8 |
542 | Kompetansesenter for rettane til urfolk | 2,0 | 1,0 | 3,0 |
585 | Husleigetvistutvalet i Oslo og Akershus | 4,8 | 0,0 | 4,8 |
587 | Statens bygningstekniske etat | 20,7 | 20,0 | 40,7 |
2412 | Den norske stats husbank | 214,9 | 139,9 | 354,8 |
Sum årsverk | 1 066,2 | 560,7 | 1 626,9 |
1 Eksklusive leiarstillingar utanfor den statlege tariffavtalen og tilsette etter avtale av 1.10.1998
1.7 Kjønnsperspektivet i budsjettet
Den likestillingspolitikken regjeringa fører, handlar om å integrere kjønnsperspektivet på alle samfunnsområde. Den reviderte likestillingslova inneber òg at ein lyt gjere greie for tilstanden og for tiltak på likestillingsområdet. Det gjeld både på myndeområda til verksemdene og for verksemdene som arbeidsgivarar. Ei orientering om tilstanden når det gjeld likestilling i verksemdene og departementet, er samla i vedlegg 5.
I budsjettforslaget har departementet freista å synleggjere verknaden for dei to kjønna. Strategien er å synleggjere kvinner og menn, jenter og gutar som aktørar og brukarar, som målgrupper for tiltak og som mottakarar av tenester, overføringar og støtteordningar. I budsjettforslaget er det i denne samanhengen i særleg grad innvandringsområdet og det samepolitiske området ein fokuserer på, sjølv om kjønnsperspektivet er relevant også innanfor andre politikkområde under Kommunal- og regionaldepartementet. For ei nærmare orientering om situasjonen og om ulike tiltak viser vi til omtale under programkategoriane 13.20 Innvandring, 13.40 Samiske formål, 13.50 Regional- og distriktspolitikk og 13.80 Bustader og bumiljø. For ei meir samla og utdjupande framstilling viser vi til vedlegget til St.prp. nr. 1 (2004–2005) frå Barne- og familiedepartementet om integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i budsjettet.
1.8 Miljøprofilen i budsjettforslaget
Det er i hovudsak for sektoren bustader, bumiljø og bygningssaker det er aktuelt å rapportere om miljøprofilen. Departementet arbeider i 2004 med ein ny miljøhandlingsplan for bustad- og byggjesektoren.
Miljøkonsekvensane av verksemda i bustad- og byggjesektoren er store, og på fleire område aukande. Måla for miljøvernpolitikken stiller derfor sektoren overfor store utfordringar. I St.meld. nr. 23 (2003–2004) Om boligpolitikken blir det peikt på at satsingsområda som blei identifiserte i den første miljøhandlingsplanen, framleis er aktuelle.
Satsingsområda er:
Ein må betre arealeffektiviteten og ta større omsyn til det biologiske mangfaldet.
Energibruken i bygningsmassen må reduserast.
Bruken av helse- og miljøfarlege stoff i byggjeverksemda må kartleggjast betre og reduserast.
Avfallsmengdene i samband med byggjeverksemd må reduserast. Gjenbruk og ombruk av byggjemateriale må aukast.
Det bør satsast på god kvalitet og god byggjeskikk.
Det bør leggjast til rette for og gjennomførast miljøvennleg forvaltning, drift og vedlikehald av bygningar.
Betre arealeffektivitet er viktig, både for å redusere energibruken, ressursbruken og avfallsmengdene og for å sikre det biologiske mangfaldet. Nye utbyggingsområde bør etablerast med god arealutnytting, helst innanfor byggjesona langs kollektivaksar. Nybygg må bli meir arealeffektive, og den eksisterande bygningsmassen må utnyttast betre.
Bustad- og byggjesektoren står for 40 pst. av energibruken. Elektrisitet er den viktigaste energikjelda og står for om lag 79 pst. av den samla energibruken i husstandane. Det er eit stort potensial for å redusere bruken av elektrisitet og redusere utsleppet av klimagassar. Bustad- og byggjesektoren står også for 40 pst. av materialbruken i samfunnet. Mange materiale og produkt som blir nytta i byggjeverksemda, inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Om lag 40 pst. av alt avfall til deponi er byggavfall.
Husbanken og Statens bygningstekniske etat er underliggjande etatar under Kommunal- og regionaldepartementet som administrerer verkemiddel som kan påverke miljøtilstanden i sektoren på ein positiv måte.
På det samepolitiske området står Sametinget sentralt i miljøarbeidet. Miljøpolitikk og samiske interesser og rettar er knytte til samiske utmarksnæringar som reindrift, laksefiske, kyst- og fjordfiske osv. I tillegg er det samiske perspektivet viktig når det gjeld å ta vare på kulturlandskap og kulturminne.
Miljøprofilen i budsjettforslaget er ytterlegare utdjupa i vedlegg 4.
1.9 Om oppgåvene og rolla til fylkesmennene
Rollefordeling og oppgåver
Fylkesmannen utfører oppgåver på mange av dei fagområda som ligg til departementet. Ved å føre tilsyn og behandle klager skal Fylkesmannen medverke til å sikre at det i kommunale vedtak blir teke omsyn til rettstryggleiken til kvar enkelt innbyggjar. Fylkesmannen har ansvar for tverrsektoriell samordning av statlege styringssignal retta mot kommunesektoren. Denne samordninga er viktig for å ta vare på og vidareutvikle eit levedyktig lokalt folkestyre innanfor ramma av nasjonale mål. Fylkesmannen har ei viktig rolle som rettleiar og kontrollør overfor kommunane, særleg knytt til den kommunale økonomien og ulike juridiske spørsmål. Departementet har delegert utøving av statleg mynde overfor kommunane etter kommunelova til Fylkesmannen.
Fylkesmannen skal i 2005 framleis arbeide med særskild oppfølging av kommunar i «Register for betinget godkjenning og kontroll» (ROBEK). Kommunar skal ikkje få skjønnstilskot grunna dårleg økonomi utan at det er knytt til ein forpliktande plan for omstilling og kostnadsreduksjon.
Fylkesmannsembeta vil i 2005 framleis ha ei sentral rolle når det gjeld å støtte opp under moderniseringsarbeidet i kommunane. Løyvingane over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett til eigne stillingar i fylkesmannsembeta blir vidareført i 2005. Stillingane skal framleis vere knytte til arbeidet med omstilling og modernisering i kommunane. Embeta skal leggje forholda til rette for at kommunane skal kunne setje i gang omstillingsprosessar, og skal gjere kommunane kjende med det som finst av informasjon om omstillingsløysingar. Dette er ein del av regjeringa si satsing på omstilling og effektivisering i kommunane. Fylkesmennene sitt arbeid med omstilling og modernisering må sjåast i samanheng med anna arbeid knytt til rettleiing, samordning og skjønnstildeling.
Fylkesmannen skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å kunne gi rettleiing når det gjeld kommunerekneskapen og det arbeidet som skjer i regi av Foreningen for god kommunal regnskapsskikk. Fylkesmannsembeta har ansvar for å fordele det ordinære skjønnstilskotet til kommunane, og det inneber at fylkesmennene kan medverke økonomisk til omstilling og modernisering i kommunane. Fylkesmannen kan også gi økonomisk støtte til prosjekt som gjeld interkommunalt samarbeid og kommunesamanslåing. Det vil vere nødvendig med eit nært og omfattande samarbeid med Kommunenes Sentralforbund, slik det mellom anna er lagt opp til i «Kommunenettverk for effektivisering og fornying», der mellom anna bruk av KOSTRA-data står sentralt. I dialogen med kvar enkelt kommune vil Fylkesmannen kunne peike på behov for omstilling og organisatorisk endring, og eventuelle endringar vil kunne drøftast dersom både kommunen og Fylkesmannen har eit ønske om det. Det er likevel kommunen som har ansvaret for å bestemme innhaldet i og forma på den kommunale organiseringa.
Det er ein føresetnad at fylkesmannsembetet i kontakten med kommunane opptrer samordna, slik at embetet står fram som ei samla eining. I tillegg inneber samordningsansvaret at Fylkesmannen medverkar til at tilbakemeldingar frå kommunane om statleg politikk blir formidla vidare til sentrale styresmakter.
Fylkesmannen gjer visse førsteinstansvedtak og vedtak i klagesaker med heimel i plan- og bygningslova. Andre rettsgrunnlag er bustadlovgivinga og lov om oreigning med meir. Saker knytte til desse lovene er viktige for utbyggingsinteresser, og særleg gjeld det saksbehandlingstida i regulerings- og byggjesaker. Dette er saker som får direkte verknad for rettsstillinga til enkeltborgarar. Frå 1. juli 2003 gjeld det fristar for behandlinga av byggjesaker. For Fylkesmannen gjeld det ein seks vekers frist for behandling av klager der vedtaket er gitt utsetjande verknad. Fylkesmannen er med det same heimelsgrunnlaget oppteken av å informere kommunane, private aktørar og andre brukarar om nytt regelverk eller endringar i det gamle. På denne måten er Fylkesmannen med på å sikre god kommunal saksbehandling og at det blir teke omsyn til behov hos den enkelte i samband med eit vedtak. Fylkesmannen skal også passe på at rettstryggleiken ikkje blir sett i fare, og at alle blir behandla likt. Alle vedtak skal dessutan vere i samsvar med god forvaltningsskikk. I tillegg er det viktig for Fylkesmannen å sjå til at kommunane rettar seg etter krav som gjeld estetikk, helse, miljø og tryggleik. Fylkesmannen skal også sikre at det blir teke omsyn til tilgjenge ved behandlinga av byggjesaker.
Fylkesmannen skal fremme dialog og samarbeid mellom kommunane, særleg i byregionane, om lokalisering av og tilrettelegging for bustadbygging. I regionar med vekst er god balanse mellom tilbodet av arbeidsplassar og tilbodet av husvære eit viktig omsyn.
Fylkesmannen tek imot og behandlar meldingar om norsk statsborgarskap. Talet på meldingar til fylkesmennene er lågt i forhold til talet på søknader om norsk statsborgarskap behandla av Utlendingsdirektoratet. I proposisjonen om ny statsborgarlov vil det bli føreslått at fylkesmennene ikkje lenger skal behandle meldingar om norsk statsborgarskap. Det blir òg fremma forslag om å innføre ein seremoni for alle nye statsborgarar, og at fylkesmennene skal vere ansvarlege for å gjennomføre ein slik seremoni éin til to gonger i året. Det er rekna med at ny lov vil bli sett i kraft tidlegast i 2006.
Fylkesmannen har ansvar for å forvalte tilskot til norskopplæring for vaksne innvandrarar. Forvaltningsansvaret for norskopplæring for vaksne innvandrarar blei overført frå Utdannings- og forskingsdepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet frå 2004. Stortinget vedtok 12. juni 2003 lov om introduksjonsordning for nyankomne innvandrere. Lova blei gjord gjeldande frå 1. september 2003 som ei frivillig ordning for kommunane, og blei obligatorisk for kommunane frå 1. september 2004. Vedtak gjorde med heimel i denne lova er enkeltvedtak etter forvaltningslova, med dei presiseringane som følgjer av lova. Fylkesmannen er klageinstans og skal kunne prøve alle sider ved eit vedtak som blir påklaga. Overprøving av det frie skjønnet kan berre skje når dette skjønnet er openbert urimeleg. I Ot.prp. nr. 50 (2003–2004) Om lov om endringer i introduksjonsloven mv. er det gjort framlegg om å lovfeste opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Fylkesmannen vil bli klageinstans for dei vedtaka om norskopplæring som etter lova er enkeltvedtak.
Fylkesmannen skal spele ei viktig rolle i arbeidet for regional utvikling. Fylkesmannen skal samordne bidraga frå statlege styresmakter i den regionale partnarskapen. Viktige område for samordninga er utvikling av næringsverksemd og tenestetilbod av ulike slag, i tillegg til miljø- og naturforvaltning. Det er ei sentral politisk målsetjing å få ulike bidragsytarar til å utforme felles strategiar for regional utvikling saman med andre aktørar i den regionale partnarskapen. Fylkesmannen skal syte for at statlege organ deltek aktivt i arbeidet med fylkesplanen og fireårige handlingsprogram.
Arbeid fylkesmennene har gjort for Kommunal- og regionaldepartementet i 2003
Fylkesmannsembeta rapporterer årleg om saksbehandling utført på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet på utvalde område. Departementet presenterer her nokre resultat frå rapporteringa for 2003.
Frå og med 2001 blei det knytt visse vilkår til den kontrollen Fylkesmannen fører med kommunebudsjetta. Dette førte til ein markant reduksjon i talet på budsjett som fylkesmennene kontrollerer. I 2003 oppheva fylkesmennene 19 budsjett. I 2002 blei 10 budsjett oppheva, i 2001 13, mot 27 i 2000.
Det er også knytt visse vilkår til fylkesmennene si behandling av kommunale låneopptak. I 2003 behandla fylkesmennene 307 søknader frå kommunane om låneopptak. 9 av søknadene blei ikkje godkjende.
I 2003 behandla fylkesmennene 246 kommunale garantisaker. I 235 av tilfella godkjende fylkesmennene garantivedtak gjorde i kommunane.
Etter kommunelova § 59 nr. 1 kan tre eller fleire kommunestyremedlemmer krevje at Fylkesmannen kontrollerer om vedtak gjorde av folkevalde organ eller administrasjonen er lovlege. Fylkesmannen kan også sjølv ta initiativ til å kontrollere om eit vedtak er lovleg, jf. kommunelova § 59.5. I 2003 fekk vi ein oppgang i talet på saker, frå 84 saker i 2002 til 97 saker i 2003. Av dei 97 sakene som fylkesmannsembeta behandla, blei 27 vedtak kjende ulovlege. Valet til kommune- og fylkesting i 2003 kan vere ei forklaring på auken i talet på saker frå 2002 til 2003. Konstituering etter val fører normalt til noko fleire kontrollar av om vedtak er lovlege.
I 2003 tok fylkesmennene imot ca. 3500 klagesaker knytte til byggjesaksdelen i plan- og bygningslova. Det er vesentleg fleire enn i 2002. Det blei gjort ca. 3500 vedtak, litt fleire enn i 2002. Prosentdelen av klager som blei tekne til følgje, var den same som i 2002. Det vil seie at om lag kvar fjerde klage blei teken til følgje. Det er ikkje mange klagesaker knytte til oreigningslova og bustadlovene.
Det er framleis ein generell regel at saksbehandlingstida hos fylkesmennene når det gjeld saker etter plan- og bygningslova, oreigningslova og bustadlovene, ikkje skal overskride tre månader. Frå 1. juli 2003 er det sett ein frist på seks veker ved behandling av klagesaker med utsetjande verknad.
Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i dei ulike fylkesmannsembeta varierer mykje, frå 8 til 28 veker. For alle embeta rekna under eitt er den gjennomsnittlege saksbehandlingstida 16 veker, og dette er vesentleg betre enn året før. Talet på saker varierer også mykje, frå 34 saker i eitt embete til 494 saker i eit anna. Rapporteringa viser at det ikkje er nokon samanheng mellom talet på saker og den tida det tek å behandle ei sak.
Dei ulike embeta har også brukt mykje tid på å svare på førespurnader og gi informasjon om byggjesaksreglane o.a.
1.10 Enkelte orienteringssaker
1.10.1 Oppfølging av stortingsmelding om barrierar for funksjonshemma
Ved behandlinga av St.meld. nr. 40 (2002–2003) Nedbygging av funksjonhemmende barrierer bad Stortinget regjeringa om å utarbeide «en handlingsplan for å øke funksjonshemmedes tilgjengelighet til transport, bygg, informasjon og andre viktige samfunnsområder».
Miljøverndepartementet har fått hovudansvaret for å følgje opp handlingsplanen. Regjeringa føreslår at det blir sett av omlag 20 mill. kr til å følgje opp planen, som ein egen post på budsjettet for Miljøverndepartementet. Delansvarlege departementet får tildelt midlar på bakgrunn av vidare behandling.
Stortinget gav i juni 2004 si tilslutning til St.meld. nr. 23 (2003–2004) Om boligpolitikken. Som det går fram av meldinga, er det å få bygd fleire universelt utforma husvære ein sentral strategi for å nå regjeringa sin visjon om at alle skal kunne bu godt og trygt. Å styrkje kompetansen hos alle aktørar, og ikkje minst hos brukarane, blir halde fram som eit viktig verkemiddel. Husbanken si rolle som kompetansesenter og formidlar av bustadrelatert kunnskap overfor kommunar, utbyggjarar og publikum skal derfor styrkjast. I tillegg skal dei økonomiske verkemidla Husbanken rår over, rettast inn mot formålet, samtidig som det arbeidet Husbanken og Statens bygningsteknisk etat gjer på området, skal koordinerast.
Vidare skal Bygningslovutvalet vurdere om lova i tilstrekkeleg grad sikrar tilgjenge for funksjonshemma i nybygg, og om lova skal gå lenger i å stille krav til eksisterande byggverk enn ho gjer i dag. Utvalet skal gi sine tilrådingar i 2005.
Vi viser til nærmare omtale under programkategoriane 13.80 Bustader og bumiljø og 13.81 Bygningssaker.
1.10.2 Overførbare løyvingar
Etter § 7 i løyvingsreglementet kan stikkordet «kan overførast» føyast til ved løyvingar til byggje- og anleggsverksemd og materiell (postane 30–49) og ved andre løyvingar der ein finn bruk av stikkordet påkravd for å oppnå eit best mogleg resultat av den aktuelle løyvinga.
I budsjettframlegget for Kommunal- og regionaldepartementet for 2005 blir det føreslått å knyte stikkordet «kan overførast» til desse postane:
Tabell 1.6 Oversikt over løyvingar som blir foreslått gjorde overførbare
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2004 | Forslag 2005 |
500 | 21 | Spesielle forskings- og utgreiingsoppdrag | 3 128 | 10 500 |
500 | 45 | Større kjøp av utstyr og vedlikehald | 1 338 | 5 500 |
521 | 60 | Integreringstilskot | 63 140 | 2 768 300 |
521 | 71 | Kunnskapsutvikling | 18 247 | 39 900 |
521 | 72 | Tilbakevending for flyktningar | 31 885 | 8 850 |
521 | 75 | Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet | 19 577 | 12 950 |
551 | 61 | Næringsretta utviklingstiltak, kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift | 755 000 | |
552 | 21 | Kunnskapsutvikling, informasjon o.a. | 3 887 | 8 000 |
552 | 72 | Nasjonale tiltak for regional utvikling | 29 216 | 269 300 |
581 | 22 | Program for reduserte byggjekostnader | 16 000 | |
581 | 71 | Tilskot til bustadkvalitet | 158 944 | 15 000 |
581 | 75 | Tilskot til etablering, utbedring og utleigehusvære | 145 401 | 591 000 |
581 | 78 | Kompetansetilskot | 35 371 | 56 700 |
582 | 60 | Rentekompensasjon | 248 000 | |
586 | 60 | Oppstartingstilskot | 1 345 628 | 1 313 800 |
2412 | 45 | Større kjøp av utstyr og vedlikehald | 43 | 5 000 |
1.10.3 Garantiansvar under Kommunal- og regionaldepartementet
Tabell 1.7 Oversikt over garantiansvar per 31. desember 2003
(i 1 000 kr) | |||
---|---|---|---|
Samla garantiansvar 31.12.2002 | Endring i 2003 | Samla garantiansvar 31.12.2003 | |
Kommunalbanken AS – innlån | 17 544 656 | - 5 675 216 | 11 869 440 |
Kommunalbanken AS – skolebygg | 1 455 | - 1 110 | 345 |
Husbanken – garantiar på tidlegare SIFBO-lån | 459 | - 288 | 171 |
Distriktsretta garantiar | 3 950 | -3 950 | 0 |
Sum garantiar | 17 550 520 | -5 680 564 | 11 869 956 |
1.10.3.1 Garantiar under Kommunalbanken AS
Etter omdanninga av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap tek banken opp nye lån utan statsgaranti, medan statsgarantien blir halden ved lag for lån tekne opp før 1.11.1999. Garantiansvaret vil bli gradvis redusert etter kvart som Kommunalbanken betaler inn eldre lån. Ved utgangen av 2003 var garantiansvaret på om lag 11,9 mrd. kr.
Staten heftar også for det garantiansvaret Kommunalbanken AS har for kommunane sine lån i andre finansinstitusjonar til finansiering av skolebygg. Ved omdanninga av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap blei denne ordninga avvikla, men halden ved lag for eksisterande garantiar. Ved utgangen av 2003 var dette garantiansvaret på 345 000 kr.
1.10.3.2 Garantiar knytte til tidlegare SIFBO-lån
Husbanken overtok i 1992 forvaltninga av utleigehusvære, innvilga lån og garantiar frå det tidlegare Selskapet for innvandrer- og flyktningeboliger (SIFBO). Det samla garantiansvaret var på 78 mill. kr da Husbanken overtok. Utleigehusværa er selde, og innvilga lån og garantiar skal forvaltast fram til dei er innfridde. Garantiansvaret blei redusert med kr 288 000 i 2003, og var ved inngangen til 2004 på kr 171 000.
1.10.3.3 Distriktsretta garantiar
Systemet med tapsfond for distriktsretta garantiar blei innført i 1991. Fram til og med 1996 disponerte Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) og fylkeskommunane rammer for å yte distriktsretta garantiar. Ordninga opphøyrde i 1997. Ved utgangen av 2003 var det ikkje noko gjenståande garantiansvar.
2 Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2005
2.1 Innleiing
Gjennom Sem-erklæringa har regjeringa forplikta seg til å styrkje kommuneøkonomien og syte for at inntektsrammene for kommunesektoren får ein realvekst i denne stortingsperioden. Regjeringa følgjer opp dette i statsbudsjettet for 2005.
Regjeringa legg opp til ein reell vekst i dei samla inntektene i 2005 på nærmare 2¾ mrd. kr, eller vel 1¼ pst. Veksten i dei samla inntektene blir dermed noko høgre enn signalisert i kommuneproposisjonen for 2005. Veksten er rekna ut frå det nivået på inntektene for kommunesektoren i 2004 som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2004.
Av veksten i dei samla inntektene er 1 mrd. kr frie inntekter. Regjeringa aukar tilskota til barnehagar med vel 1,2 mrd. kr og til handlingsplanen for psykisk helse med 400 mill. kr.
Løyvingane til ressurskrevjande brukarar aukar med om lag 350 mill. kr. Dette er utgifter som kommunane tidlegare måtte dekkje av dei frie inntektene.
Hovudelementa i inntektsveksten er vist i tabell 2.1.
Rekna ut frå overslag for rekneskapen for 2004 blir veksten i dei samla inntektene på snautt 3½ mrd. kr og veksten i frie inntekter på om lag 2 mrd. kr. Det er da teke omsyn til at inntektsoverslaget for 2004 er nedjustert etter framlegginga av revidert nasjonalbudsjett 2004.
Det er føreslått om lag 700 mill. kr til reforma i grunnopplæringa. Av dette går 500 mill. kr til kompetanseutvikling. Vidare aukar timetalet for 1.–4. klasse i grunnskolen med 4 veketimar frå skoleåret 2005–2006. Kommunane blir kompenserte for auken i timetalet med ein auke i dei frie inntektene på om lag 135 mill. kr. Dette kjem i tillegg til realveksten i dei frie inntektene.
Kommunesektoren legg beslag på ein stor del av dei samla ressursane i samfunnet. Etterspørselen etter kommunale tenester vil truleg halde fram å auke i åra framover, mellom anna som følgje av demografiske endringar og auka forventningar til tilbodet hos mottakarane av tenestene. Avgrensa økonomiske rammer og auka forventningar frå innbyggjarane si side stiller nye krav til kommunane og fylkeskommunane. Dei må mellom anna organisere drifta på ein kostnadseffektiv måte og tilpasse aktivitetsnivået til dei gjeldande økonomiske rammene.
Kommunal- og regionaldepartementet har ansvaret for å samordne den statlege styringa av verksemda i kommunane og fylkeskommunane. Kommunar og fylkeskommunar har ansvar for viktige område, som barnehagar, grunnskole, pleie- og omsorgstenester, helse- og sosialtenester, tekniske tenester (knytte til veg, vatn, avløp og renovasjon), samferdsel og vidaregåande opplæring. Kommunar og fylkeskommunar har også eit viktig ansvar innanfor kultur- og miljøsektoren. Verksemda blir finansiert gjennom skatteinntekter, rammetilskot frå budsjettet for Kommunal- og regionaldepartementet, brukarbetaling/gebyrinntekter og øyremerkte tilskot frå budsjetta for fagdepartementa. Nærmare omtale av statlege mål knytte til dei enkelte ansvarsområda i kommunesektoren er gitt i budsjettproposisjonane frå fagdepartementa.
2.2 Inntekter for kommunesektoren i 2004
I revidert nasjonalbudsjett 2004 og kommuneproposisjonen for 2005 (St.prp. nr. 64 (2003–2004)) blei realveksten i dei samla inntektene for kommunesektoren frå 2003 til 2004 rekna ut til drygt 7¼ mrd. kr, eller om lag 3¾ pst. Veksten i dei frie inntektene frå 2003 til 2004 blei rekna ut til i underkant av 5 mrd. kr, eller snautt 3½ pst.
Stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2004 førte til auka løyvingar til kommunesektoren på vel 50 mill. kr i forhold til forslaget frå regjeringa.
Etter at kommuneproposisjonen for 2005 og revidert nasjonalbudsjett 2004 blei lagde fram, har det kome ny informasjon om skatteinngangen som tilseier lågare skatteinntekter for kommunesektoren i 2004 enn det ein rekna med i revidert nasjonalbudsjett. I nasjonalbudsjettet 2005 er det lagt til grunn at skatteinntektene blir om lag 1 mrd. kr lågare enn overslaget i revidert nasjonalbudsjett, fordelt med om lag 800 mill. kr på kommunane og 200 mill. kr på fylkeskommunane. Det blir ikkje føreslått kompensasjon for skattesvikten.
Prisveksten på kommunal tenesteyting er nedjustert med 0,3 prosenteiningar, frå 3 pst. til 2,7 pst. Dette inneber om lag 0,6 mrd. kr i lågare kostnader for kommunesektoren.
Ny rekneskapsinformasjon om løyvingar til ressurskrevjande brukarar på budsjettet for Sosialdepartementet viser eit auka behov for løyvingar på i underkant av 300 mill. kr i 2004. Utgifter til desse brukarane måtte kommunane tidlegare dekkje av dei frie inntektene, medan dei no blir refunderte av staten.
Etter dette ventar ein no om lag same nivå på dei samla inntektene i 2004 som ein rekna med i revidert nasjonalbudsjett 2004. Dei samla inntektene til kommunesektoren ventar ein kjem til å auke reelt med om lag 7¼ mrd. kr frå 2003 til 2004, noko som svarer til om lag 3¾ pst. Dei frie inntektene reknar ein no med kjem til å auke reelt med vel 4¼ mrd. kr, eller om lag 3 pst.
Departementet meiner at føresetnadene bør vere gode for at den finansielle situasjonen i kommunesektoren blir styrkt i 2004. Inntektsveksten i 2004 blir historisk sett svært sterk, sjølv om skatteinntektene blir lågare enn budsjettert. Kommunesektoren dreg også fordel av at rentenivået i gjennomsnitt ser ut til å bli lågare i 2004 enn det var i 2003 (sjå òg pkt. 2.7.7).
2.3 Samla inntekter for kommunesektoren i 2005
I kommuneproposisjonen for 2005 blei det lagt opp til ein reell vekst i dei samla inntektene for kommunesektoren på mellom 2 og 2½ mrd. kr frå 2004 til 2005, eller om lag 1 pst. Regjeringa legg no opp til ein reell vekst i dei samla inntektene i 2005 på nærmare 2¾ mrd. kr, eller vel 1¼ pst. Av dette er 1 mrd. kr frie inntekter. Veksten er rekna ut frå det nivået på inntektene for kommunesektoren i 2004 som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2004.
Ein må sjå det økonomiske opplegget for 2005 blant anna i samanheng med at kommunesektoren får ein monaleg inntektsvekst i 2004. Inntektsveksten for 2005 er om lag på linje med det som er føreslått i statsbudsjettet for tidlegare år. Eit stramt budsjettopplegg vil medverke til å dempe pris- og lønnsveksten og medverke til eit fortsatt lågt rentenivå. Dette vil kommunesektoren tene på.
I tabell 2.1 er realveksten i inntektene for kommunesektoren dekomponert.
Tabell 2.1 Hovudkomponentane i inntektsveksten i 2005, rekna ut frå overslag over inntektsnivået for 2004 i revidert nasjonalbudsjett 2004. Reell endring i mill. 2005-kr.
Frie inntekter | 1 032 | |
Øyremerkte overføringar | 1 492 | |
Av dette: | ||
– barnehagar | 1 234 | |
– psykisk helse | 400 | |
– ressurskrevjande brukarar | 350 | |
– investeringar i eldreomsorga | - 660 | |
– anna, netto | 168 | |
Gebyrinntekter o.a. | 155 | |
Andre inntekter | 4 | |
Totalt | 2 683 |
Frie inntekter er nærmare omtalte i pkt. 2.4.
Budsjettforslaget inneber ein reell vekst i dei øyremerkte overføringane til kommunesektoren på om lag 1½ mrd. kr. Den største delen av veksten kjem på området barnehagar, med vel 1,2 mrd. kr. Beløpet omfattar midlar til 9 000 nye plassar i 2005 og til likeverdig behandling av private og offentlege barnehagar. Det er også lagt inn midlar til å dekkje heilårseffekten av nye plassar i 2004 og til redusert foreldrebetaling frå 1. mai 2004 (trinn 1). For nærmare omtale av barnehagar, sjå pkt. 2.7.3 og budsjettproposisjonen frå Barne- og familiedepartementet.
Oppfølging av handlingsplanen for psykisk helse inneber auka løyvingar til kommunane på 400 mill. kr. For nærmare omtale av handlingsplanen, sjå pkt. 2.7.4 og budsjettproposisjonen frå Helsedepartementet.
Tilskot til ressurskrevjande brukarar aukar reelt med om lag 350 mill. kr. Dette er ei vidareføring av auka behov for løyvingar på 2004-budsjettet.
Tilskot til investeringar i eldreomsorga blir redusert med netto om lag 660 mill. kr. Årsaka er at storparten av oppstartingstilskota til sjukeheimsplassar og omsorgsbustader innanfor handlingsplanen for eldreomsorg er utbetalte.
Gebyrinntektene aukar reelt med 155 mill. kr. Det er da teke omsyn til at utbygging av fleire barnehageplassar i 2005 isolert sett vil gi auka gebyrinntekter til kommunane.
Rekna ut frå overslag for rekneskapen for 2004 blir veksten i dei samla inntektene i 2005 på snautt 3½ mrd. kr. Som nemnt i punkt 2.2, er skatteoverslaget for 2004 nedjustert med 1 mrd. kr samanlikna med overslaget som blei gitt i revidert nasjonalbudsjett 2004. Skattesvikten blir ikkje vidareført til 2005. I motsett retning trekkjer auka løyvingsbehov til ressurskrevjande brukarar på i underkant av 300 mill. kr i 2004.
Auke i momsen og større arbeidsgivaransvar i sjukelønnsordninga
Regjeringa føreslår i budsjettet for 2005 å auke den generelle momssatsen med 1 prosentpoeng. Dette gir isolert sett høgre utgifter, men kommunesektoren blir kompensert for dette gjennom momskompensasjonsordninga.
I budsjettet for 2005 føreslår regjeringa at arbeidsgivarperioden i sjukelønnsordninga blir redusert til to veker. Samtidig blir det innført ein eigendel på 10 pst. for arbeidsgivarar i trygdeperioden. Endringa trår i kraft frå 1. april 2005. Dette medfører auka kostnader for kommunesektoren på om lag 179 mill. kr, som det ikkje blir gitt kompensasjon for.
2.4 Frie inntekter for kommunesektoren
Frie inntekter for kommunesektoren består av rammetilskot og skatteinntekter, og utgjer om lag 69 pst. av dei samla inntektene til kommunesektoren. Desse inntektene kan kommunesektoren disponere fritt innanfor dei rammene gjeldande lover og reglar gir.
I kommuneproposisjonen for 2005 blei det varsla ein reell vekst i dei frie inntektene for kommunesektoren på mellom ¾ og 1½ mrd. kr frå 2004 til 2005, rekna ut frå overslag over inntektene i 2004 i revidert nasjonalbudsjett 2004.
Regjeringa legg no opp til ein reell vekst i frie inntekter frå 2004 til 2005 på 1 mrd. kr, eller snaut ¾ pst., når ein reknar veksten ut frå overslaget for 2004 i revidert nasjonalbudsjett 2004. Når ein reknar veksten i frie inntekter ut frå overslag for rekneskapen for 2004, blir veksten på om lag 2 mrd. kr. Det er da teke omsyn til at overslaget over skatteinntekter til kommunesektoren for 2004 er redusert med om lag 1 mrd. kr etter framlegging av revidert nasjonalbudsjett 2004.
Veksten i frie inntekter på 1 mrd. kr blir fordelt med 500 mill. kr på kommunane og 500 mill. kr på fylkeskommunane. Dette gir ein monaleg sterkare relativ vekst i dei frie inntektene til fylkeskommunane enn til kommunane, og grunnen er auken i elevtalet i vidaregåande opplæring. Dette er i tråd med det som blei varsla i kommuneproposisjonen.
Tabell 2.2 viser dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane i 2004 (overslag for rekneskap) og i 2005 etter forslaga frå regjeringa.
Tabell 2.2 Frie inntekter til kommunane og fylkeskommunane1 i 2004 og 2005. Mill. kr og endring i prosent. Nominelle prisar.2
Kommunane | Fylkeskommunane | Kommunesektoren i alt | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
20043 | 2005 | Pst. endr. | 20043 | 2005 | Pst. endr. | 20043 | 2005 | Pst. endr. | |
Skattar i alt | 86 187 | 89 180 | 3,5 | 15 948 | 17 600 | 10,4 | 102 135 | 106 780 | 4,5 |
– av dette skatt på inntekt og formue | 82 317 | 85 150 | 3,4 | 15 948 | 17 600 | 10,4 | 98 265 | 102 750 | 4,6 |
Rammetilskot (ekskl. selskapsskatt) | 32 808 | 29 487 | -10,1 | 11 727 | 11 674 | -0,4 | 44 535 | 41 161 | -7,6 |
Selskapsskatt4 | 5 486 | 5 486 | |||||||
Sum frie inntekter | 118 995 | 124 153 | 4,3 | 27 675 | 29 274 | 5,8 | 146 670 | 153 427 | 4,6 |
1 Oslo er delt i éin kommunedel og éin fylkeskommunedel.
2 Prisveksten i kommunesektoren i 2005 reknar ein med blir på 3,2 pst.
3 Overslag for rekneskap korrigert for endringar i oppgåver, jf. tabell 3.44 under programkategori 13.70
4 Selskapsskatt inngår i rammetilskotet i 2005
Samtidig med budsjettet legg departementet fram ei stortingsmelding om tilbakeføring av ein del av selskapsskatten til kommunane. Som ei mellombels løysing vil selskapsskatten i 2005 og 2006 bli tilført som rammeoverføring over kap. 571, post 69.
Som ledd i omlegginga av inntektssystemet har Stortinget lagt til grunn at den delen skattane utgjer av dei samla inntektene til kommunesektoren, skal auke til 50 pst. innan 2006. I 2004 er skattedelen utrekna til 48 pst. Departementet legg opp til å auke denne prosentdelen til 50 pst. allereie i 2005.
Forslag til skattøyrar for personlege skattytarar går fram av tabell 2.3. Skattøyren er uendra for kommunane og aukar med 0,4 prosenteiningar for fylkeskommunane.
Tabell 2.3 Kommunale og fylkeskommunale skattøyrar for alminneleg inntekt for personlege skattytarar. Maksimalsatsar for 2004 og forslag til maksimalsatsar for 2005 (pst.)
Kommunar | Fylkeskommunar | |
---|---|---|
Satsar 2004 | 13,2 | 2,6 |
Forslag til satsar 2005 | 13,2 | 3,0 |
Som ledd i skattereforma blir det føreslått lettar i skattlegginga av personar, og dette inneber reduserte skatteinntekter for kommunane og fylkeskommunane. Dette trekkjer isolert sett i retning av auka skattøyrar dersom ein skal halde eit gitt nivå på skatteinntektene. Ein auke i skattedelen til 50 pst. trekkjer også i retning av auka skattøyrar. Innføring av selskapsskatt for kommunane trekker isolert sett i retning av lågare skattøyrar. Selskapsskatten, som utgjer 5,5 mrd. kr i 2005, inneber isolert sett ein tilsvarande reduksjon i personskatten til kommunane.
2.5 Samla inntekter og dei enkelte inntektsartane
Tabell 2.4 viser utviklinga i dei samla inntektene og dei enkelte inntektsartane for kommunesektoren frå 2004 til 2005 i nominelle prisar.
Tabell 2.4 Overslag over inntekter for kommunesektoren i 2005. Mill. 2005-kr og endring i prosent frå 2004.
2005 | Endr. i pst. frå 20041 | |
---|---|---|
Skatteinntekter | 106 780 | 4,5 |
Av dette: | ||
– skatt på inntekt og formue | 102 750 | 4,6 |
– andre skattar | 4 030 | 4,1 |
Rammetilskot ekskl. selskapsskatt | 41 161 | -7,6 |
Selskapsskatt2 | 5 486 | |
Frie inntekter | 153 427 | 4,6 |
Øyremerkte tilskot3 | 22 998 | 8,8 |
Gebyr | 32 686 | 3,7 |
Momskompensasjon | 11 506 | – |
Andre inntekter4 | 3 895 | 3,3 |
Samla inntekter | 224 512 | 5,8 |
1 Ved utrekning av den prosentvise endringa er det teke utgangspunkt i overslag for rekneskapen for 2004, korrigert for endringar i oppgåver.
2 Selskapsskatt inngår i rammeoverføringane i 2005.
3 Eksklusive tilskot til arbeidsmarknadstiltak, flyktningar o.a.
4 Omfattar diverse overføringar frå private og visse refusjonar og tilbakebetalingar.
Dei samla inntektene aukar med 5,8 pst. frå 2004 til 2005. Når ein held momskompensasjonsordninga utanom, er veksten 4,9 pst. Med ein estimert lønns- og prisvekst i kommunesektoren på 3,2 pst. i 2005, svarer dette til ein realvekst på vel 1½ pst. eller snautt 3½ mrd. kr. Veksten er her rekna ut frå overslag for rekneskapen for 2004.
Ein reknar med at skatteinntektene aukar med 4,5 pst., medan rammetilskotet blir redusert med 7,6 pst. I tillegg kjem selskapsskatt på om lag 5,5 mrd. kr som inngår i rammeoverføringane i 2005 og 2006. Dei frie inntektene (summen av skatteinntekter og rammetilskot) aukar med 4,6 pst., jf. tabell 2.2. Dette svarer til ein realvekst i dei frie inntektene på om lag 1,4 pst. Veksten i skatteinntekter samanlikna med rammetilskotet har mellom anna samanheng med at skattedelen aukar frå 48 til 50 pst.
Øyremerkte tilskot aukar med 8,8 pst. Dette svarer til ein realvekst på 5,5 pst. Dei viktigaste øyremerkte satsingane gjeld barnehagar og oppfølging av handlingsplanen for psykisk helse.
Gebyrinntekter aukar med 3,7 pst. Dette svarer til ein realvekst på om lag ½ pst.
2.6 Innlemming av øyremerkte tilskot i inntektssystemet
Regjeringa har som overordna mål å sikre kommunesektoren større handlefridom når det gjeld å gjere eigne prioriteringar og leggje til rette for organisatoriske løysingar lokalt som er tilpassa brukarane. Reduksjon av øyremerkte tilskot er eit viktig ledd i dette. Regjeringa har sett som prinsipp at rammefinansiering skal vere hovudfinansieringsmodellen for kommunesektoren. Gjennom rammefinansiering kan ein leggje til rette for auka prioriteringseffektivitet og kostnadseffektivitet.
Ved innlemming av øyremerkte tilskot blir midlane overførte til rammetilskotet, og dei oppgåvene som tidlegare er blitt finansierte gjennom øyremerking, blir vidareførte. Innlemming av øyremerkte tilskot utgjer ikkje ein del av veksten i dei frie inntektene, men medverkar til å auke den prosentdelen dei frie inntektene utgjer av dei samla inntektene.
I kommuneproposisjonen for 2004 la regjeringa fram ein plan for perioden 2004–2007 om innlemming av øyremerkte tilskot i inntektssystemet. I tråd med denne planen blei det i kommuneproposisjonen for 2005 føreslått at desse tilskota skulle innlemmast i dei frie inntektene frå 2005:
kap. 621.61 Tilskot til vertskommunar (delvis innlemming)
kap. 726.61 Rehabilitering, helsetiltak for rusmiddelmisbrukarar
I tillegg blei kap. 223.70 Tilskot til bedrifter som tek inn lærlingar med særskilde behov føreslått innlemma.
Ved behandlinga av kommuneproposisjonen gav Stortinget si tilslutning til delvis innlemming av vertskommunetilskotet i 2005. Dei andre innlemmingsforslaga blei forkasta av Stortinget.
Det meste av dei statlege midlane til tiltak for psykisk utviklingshemma blir no overførte gjennom inntektssystemet til kommunane, der talet på psykisk utviklingshemma er eit eige kriterium i kostnadsnøkkelen. Siktemålet med vertskommunetilskotet er å skjerme 33 vertskommunar for tidlegare HVPU-institusjonar mot visse omfordelingsverknader i inntektssystemet. Tilskotet blei gjennomgått i samband med behandlinga av St.prp. nr. 1 (2001–2002) frå Sosial- og helsedepartementet, da Stortinget mellom anna vedtok å innføre årlege teljingar av kor mange psykisk utviklingshemma det er som blir omfatta av ordninga frå 2004. Når talet på klientar som blir omfatta av ordninga blir redusert, blir vertskommunetilskotet redusert tilsvarande. Tidlegare har teljingane vore gjennomførte kvart fjerde år.
Ved behandlinga av kommuneproposisjonen for 2005 gav Stortinget si tilslutning til forslaget frå regjeringa om delvis innlemming av vertskommunetilskotet, tilsvarande kriteriet for talet på psykisk utviklingshemma i inntektssystemet, jf. Innst. S. nr. 255 (2003–2004). I 2005 blir om lag 520 mill. 2004-kr innlemma i inntektssystemet frå kap. 761, post 61 Tilskot til vertskommunane. Av dette er om lag 436 mill. kr knytt til delvis innlemming av tilskotet i inntektssystemet, medan om lag 84 mill. kr er knytt til at talet på brukarar er redusert. Midlane blir prisjusterte til 2005-verdi når dei blir lagde inn i inntektssystemet.
Innlemminga inneber at kriteriet i inntektssystemet som gjeld psykisk utviklingshemma, vil bli vekta opp. Dermed vil alle psykisk utviklingshemma, dvs. både dei som blir omfatta av vertskommunetilskotet og andre, utløyse den same utbetalinga. Justeringa av kriterievekta gjer at innlemminga av tilskotet ikkje har fordelingsverknader mellom kommunane. For ein nærmare omtale av innlemminga viser vi til omtale i kommuneproposisjonen for 2005, kap. 5.3, og omtale i denne proposisjonen under programkategori 13.70.
I 2005 er det 1032 psykisk utviklingshemma som blir omfatta av vertskommunetilskotet. Reduksjonen i tilskotet på om lag 84 mill. kr kjem av at ein del personar har falle frå i perioden f.o.m. 2000 t.o.m. 2003, totalt 126 personar. Den reduserte løyvinga blir også innlemma i inntektssystemet til kommunane.
Ved behandlinga av kommuneproposisjonen bad Stortinget regjeringa følgje opp avtalen mellom Sosialdepartementet og vertskommunane inngått i 2001. Ei overgangsordning over fem år for tilskotet knytt til redusert antall brukarar, inneber at vertskommunane kan behalde inntekter for brukarar i opptil ni år etter at brukaren har falle frå, frå 2000 t.o.m. 2008, som er siste året tilskotet som blir innlemma i 2005 utløyser tilskot gjennom overgangsordninga. Da vertskommunetilskotet blei redusert i 2001 som følgje av ny teljing, blei midlane lagde inn i overgangsordninga. Departementet legg opp til å følgje tidlegare praksis, og legg tilskotet knytt til redusert antall brukarar inn i overgangsordninga i 2005.
2.7 Andre saker
2.7.1 Kommunal selskapsskatt og endringar i inntektsutjamninga
Regjeringa fremma i kommuneproposisjonen for 2005 (St.prp. nr. 64 (2003–2004)) forslag om å tilføre kommunane ein del av selskapsskatten. Forslaget inneheldt to element: 1) tilbakeføring av ein del av selskapsskatten og 2) omlegging av inntektsutjamninga. Stortingsfleirtalet slutta seg i hovudsak til forslaget frå regjeringa, men ønskte samtidig å få utgreidd fleire forslag til modellar for tilbakeføring av ein del av selskapsskatten.
Samtidig med budsjettforslaget legg Kommunal- og regionaldepartementet fram ei stortingsmelding om tilbakeføring av ein del av selskapsskatten til kommunane og omlegging av inntektsutjamninga. I meldinga blir det skissert fleire alternative modellar. Departementet tilrår i meldinga at den modellen som blei føreslått i kommuneproposisjonen, blir innført frå og med 2005. Hovudelementa i forslaget frå regjeringa er
å tilbakeføre om lag 5,5 mrd. kr i selskapsskatt til kommunane i 2005. Fordi ei tilbakeføring av ein del av selskapsskatten ikkje skal kome i tillegg til andre inntekter, blir kommunane sine inntekter frå personskatten isolert sett redusert med eit tilsvarande beløp.
å leggje om dagens system for inntektsutjamning til ei symmetrisk ordning frå 2005. Kommunar med skatteinntekter over landsgjennomsnittet får frå og med 2005 trekt 55 prosent av differansen mellom eiga skatteinntekt og landsgjennomsnittet, medan kommunar med skatteinntekter under landsgjennomsnittet får kompensert 55 prosent av differansen mellom eiga skatteinntekt og landsgjennomsnittet. Kommunar med skatteinntekter under 90 prosent av landsgjennomsnittet får ein tilleggskompensasjon på 35 prosent av differansen mellom eiga skatteinntekt og 90 prosent av landsgjennomsnittet.
Frå skatteåret 2005 vil selskapsskatten bli tilført eit felleskommunalt skattefond. Kommunane vil for første gong få tilført selskapsskatt frå skattefondet i 2007, basert på skatteåret 2005. I St.prp. nr. 1 (2004–2005) Skatte-, avgifts- og tollvedtak er det føreslått ein skattesats på 4,25 pst. i 2005 for etterskotspliktige skattytarar til det felleskommunale skattefondet.
Som ei mellombels løysing vil selskapsskatten i 2005 og 2006 bli tilført over kap. 571, post 69, jf. omtale under kap. 571. Selskapsskatten som blir tilført kommunane i 2005, er basert på skatteåret 2002.
Som følgje av omlegginga av inntektsutjamninga vil skattesterke kommunar oppleve ein vesentlig auke av trekket i inntektsutjamninga. For at desse kommunane ved slutten av rekneskapsåret ikkje skal ha gjeld på innbyggjartilskotet, legg departementet opp til å halde tilbake utbetalinga av selskapsskatten for ein del kommunar til slutten av rekneskapsåret, jf. omtale under kap. 571, post 69.
2.7.2 Momskompensasjonsordninga for kommunar og fylkeskommunar
Frå 1. januar 2004 erstatta den generelle momskompensasjonsordninga for kommunar og fylkeskommunar den avgrensa ordninga, jf. lov av 17. februar 1995, som hadde vore i drift sidan 1. mai 1995. Formålet med kompensasjonsordninga er å nøytralisere konkurransevridingar som kan oppstå som følgje av meirverdiavgiftssystemet, ved at kommunane sine kjøp av tenester frå private blir likestilte med kommunal eigenproduksjon av tenester.
Det er fastsett som prinsipp at momskompensasjonsordningane skal finansierast av kommunesektoren sjølv, gjennom trekk i rammetilskotet. Momskrava for aktivitet i 1995 blei trekte i rammeoverføringane i 1997. Momskrav for aktivitet i 2003 har tilsvarande sitt motsvar i lågare rammeoverføringar i 2005.
Den utvida, generelle momskompensasjonsordninga blei gjord gjeldande frå 2004. Trekket i rammeoverføringane i 2004 blei auka slik at det svarer til full årseffekt av den nye ordninga. Verknadene av den avgrensa ordninga gjekk til frådrag i trekket. Kompensasjonskrav for 2003 må derfor finansierast særskilt ved eit eingongstrekk på statsbudsjettet for 2005. Rammeoverføringane skal igjen justerast opp i 2006. Trekket i 2005 blir halde utanom ved utrekning av veksten i dei frie inntektene frå 2004 til 2005.
Departementet føreslår at kommunane og fylkeskommunane blir trekte i rammetilskotet for 2005 tilsvarande det beløpet som dei krev kompensert for året 2003. Dette utgjer snautt 1,8 mrd. kr. Departementet har tidlegare varsla at kompensasjonskrav for 2003 først skal takast til inntekt i 2005 (når kompensasjonen blir motteken). I 2005 vil kvar enkelt kommune og fylkeskommune dermed økonomisk sett kome ut i null, når det gjeld krav for 2003 og finansiering av slike.
Kommunar og fylkeskommunar hadde etter lov av 17. februar 1995 frist til 1. juni i kalenderåret etter at innkjøpa blei gjennomførte, med å sende inn krav om kompensasjon for meirverdiavgift i samband med innkjøpa. Kompensasjonskrav for 2003 skulle dermed ha vore innsende til skattestyresmaktene innan 1. juni 2004. Krav om kompensasjon innsende seinare enn 1. juni 2004 kan likevel ikkje reknast som bortfalne, jf. foreldelseslova § 2-3. Krav som skattestyresmaktene tek imot innan dei fristane som foreldelseslova set, vil bli utbetalte. Det må derfor takast atterhald om at trekket i rammetilskota for 2005 kan bli korrigert dersom det skjer vesentlege endringar i krava frå enkeltkommunar eller fylkeskommunar. Departementet vil eventuelt kome tilbake til dette i revidert nasjonalbudsjett 2005.
Når det gjeld den generelle momskompensasjonsordninga, vil departementet som tidlegare varsla kome tilbake i revidert nasjonalbudsjett 2005 med ei vurdering av det totale uttrekket av rammetilskotet, når dei samla momskompensasjonskrava frå kommunesektoren for 2004 er kjende. Når kompensasjonskrava for den einskilde kommune/fylkeskommune fordelt på drift og investeringar er kjende, vil trekket knytt til drift for den einskilde kommune/fylkeskommune også bli vurdert.
2.7.3 Barnehagar
Barnehageplass til alle som ønskjer det er regjeringa sitt viktigaste mål i barnehagepolitikken. For å støtte opp under dette er det dei siste åra innført ei rekkje økonomiske og juridiske verkemiddel som eige investeringstilskot, lovfesting av utbyggingsplikt og plikt til samordna opptaksprosess i kommunane.
Frå 1. mai 2004 trådde forskrift om maksimalpris i barnehagar i kraft. Høgare utbygging og lågare pris har ført til ei vesentleg endring i etterspørselen etter heiltids barnehageplassar. Effekten er større enn venta. Kommunane har rapportert at det totalt står om lag 23 250 barn på venteliste for barnehageplass per 1. august 2004. Regjeringa meiner at det ikkje er realistisk å vente ei utbygging av plassar siste halvår 2004 og i 2005 som dekkjer dette behovet. Sjølv med ei vidareføring av dagens sterke statlege verkemiddel knytt til etablering av nye plassar, meiner regjeringa at det vil vere mest realistisk å gjennomføre den resterande utbygginga over to år.
For å styrke arbeidet med å legge til rette for full barnehagedekking, er det i budsjettforslaget for 2005 prioritert tiltak som sikrar stabile driftsvilkår for private barnehagar, samtidig som dei gunstige økonomiske ordningane for etablering av nye barnehageplassar blir vidareført. Av omsyn til alle dei som ikkje har fått det barnehagetilbodet dei ønskjer til fastsett foreldrebetaling, meiner regjeringa det ikkje er forsvarleg å innføre trinn 2 av maksimalprisen frå 1. august 2005.
Private barnehagar er ein viktig del av barnehagetilbodet i mange kommunar. Gode og sikre driftsvilkår er ein viktig føresetnad for at private skal kunne oppretthalde eksisterande drift og samtidig leggje til rette for vidare utbygging. Gode økonomiske rammer for dei private barnehagane er derfor eit viktig verkemiddel for å nå målet om barnehageplass til alle som ønskjer det. I budsjettforslaget for 2005 styrkjer regjeringa satsinga på barnehagar med i overkant av 490 mill. kr. Av dette er om lag 230 mill. kr føreslått som ei styrking av det offentlege tilskotet til private barnehagar frå 1. august 2005. Midlane skal vere målretta mot dei private barnehagane som til no har teken imot minst i kommunale tilskot. Barne- og familiedepartementet vil sende på høyring forslag til endring av forskrift om likeverdig behandling. Forslaget vil innebere at den einskilde kommune i tillegg til å syte for kostnadsdekking, skal ha plikt til å finansiere private barnehagar slik at samla offentleg tilskot utgjer minst 85 pst. av det tilsvarande barnehagar ått av kommunen i gjennomsnitt tek i mot.
I budsjettforslaget er det vidare lagt inn 260 mill. kr til etablering av nye plassar til 9000 barn – 2800 for barn over 3 år og 6200 for barn under 3 år. Det er lagt inn tilstrekkeleg med midlar til fullfinansiering av desse plassane. Det statlege øyremerkte driftstilskotet over kap. 856, post 60 er prisjustert. Investeringstilskotet over kap. 856, post 61 er nominelt uendra.
Samla sett er det ein reell auke i løyvingane til barnehagar med vel 1,2 mrd. kr i 2005. I tillegg til midlane til 9000 nye plassar i 2005 (260 mill. kr) og til styrking av det offentlege tilskotet til private barnehagar (230 mill. kr), kjem midlar til å dekkje heilårseffekten av nye plassar i 2004 og til redusert foreldrebetaling frå 1. mai 2004 (trinn 1).
2.7.4 Opptrappingsplanen for psykisk helse
Den økonomiske driftsramma til kommunane over Opptrappingsplanen for psykisk helse 1998–2008 aukar med i alt 400 mill. kr, dvs. meir enn ei dobling i forhold til 2004. Dei fire største byane vil få ei særleg ramme på 50 mill. kr med sikte på å dekkje opp for storbyproblematikken. Dei resterande midlane (350 mill. kr) vil bli fordelte mellom kommunane etter kostnadsnøkkelen i inntektssystemet.
2.7.5 Ny finansieringsordning for krisesenter
I samband med Stortinget si behandling av kommuneproposisjonen for 2005 blei det vedteke ei ny finansieringsordning for krisesenter frå og med 2005. Den nye finansieringsordninga inneber at kommunane skal stå for 20 pst. og staten for 80 pst. av finansieringa av krisesentra. Det vil framleis vere slik at det er det kommunale tilskotet som utløyser og fastset nivået på det statlege tilskotet. Private gåver/bidrag bør ikkje vere ein nødvendig føresetnad for drifta av krisesentra, og ikkje-kommunale bidrag utløyser derfor ikkje lenger statleg tilskot. Ved at ikkje-kommunale bidrag blir haldne utanfor tilskotsordninga, blir finansieringa sikrare både for krisesentra og for staten. Som følgje av den nye finansieringsordninga for krisesentra, blir rammetilskotet til kommunane redusert med 29,7 mill. kr i 2005. Uttrekket vil bli fordelt mellom kommunane etter kostnadsnøkkelen i inntektssystemet.
2.7.6 Oppfølging av reforma i grunnopplæringa
Regjeringa har som mål å skape ein skole som legg større vekt på fagleg kompetanse, opnar for større mangfald og gir elevane eit meir likeverdig tilbod. Som ledd i denne satsinga vil regjeringa i 2005 løyve om lag 700 mill. kr til den reforma som blei presentert i St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. Om lag 500 mill. kr av løyvinga blir prioritert til kompetanseutvikling. Dette er den første delen av det store kompetanseløftet som er nødvendig for å gjennomføre reforma, og gjer rom for både ein strategi for kompetanseutvikling og vidareføring av høgt prioriterte tiltak som demonstrasjonsskolar og dei nasjonale strategiplanane. Strategien for kompetanseutvikling skal gjelda for perioden 2005–2008, og dei viktigaste aktørane i arbeidet har slutta seg til strategien – Kommunenes Sentralforbund, lærarane og skoleleiarane sine organisasjonar og universitets- og høgskolesektoren. Strategien følgjer opp Stortinget sin prioritering når det gjeld kompetanseutvikling, og den vil vere eit grunnlag for utarbeiding av lokale planar. Regjeringa føreslår vidare å nytte om lag 145 mill. kr til å utvide timetalet i grunnskolen med ytterlegare fire veketimar frå hausten 2005. Av dette beløpet gjeld 135 mill. kr kommunane. Utvikling av nye læreplanar er eit anna prioritert tiltak i reforma i grunnopplæringa. Det blir føreslått ei løyving på om lag 40 mill. kr til utvikling av nye læreplanar i 2005. Reforma i grunnopplæringa skal settast i verk frå hausten 2006 for 1.–9. trinn i grunnskolen og for vidaregåande trinn 1 i vidaregåande opplæring. Dersom det i einskilde kommunar er særleg tungtvegande årsaker til å utsetje innføringa av nye læreplanar til hausten 2007, vil Utdannings- og forskingsdepartementet vurdere dette etter søknad. Vidare vil det etter søknad frå grunnskoleeigar vere mogleg å ta i bruk nye læreplanar frå hausten 2005. Frå hausten 2007 vil reforma bli sett i verk for 10. trinn i grunnskolen og for vidaregåande trinn 2 i vidaregåande opplæring. Hausten 2008 vil ho bli satt i verk for vidaregåande trinn 3.
2.7.7 Rentenivå og pensjonskostnader – verknad på kommuneøkonomien
Økonomien i kommunesektoren blir påverka av renteutviklinga. Kommunesektoren har ei netto renteberande gjeld på 70–80 mrd. kr. Frå desember 2002 er styringsrenta fastsett av Noregs Bank blitt redusert med 5,25 prosentpoeng.
På kort sikt vil nedgangen i styringsrenta fastsett av Noregs Bank først og fremst få følgjer for den delen av låneporteføljen som har flytande rente. Ein nokså stor del av gjelda i kommunesektoren har derimot langsiktig rentebinding, og gjelda blir dermed berre gradvis påverka av ein nedgang i styringsrenta. Samtidig vil ein rentereduksjon raskt redusere renteinntektene frå bankinnskot. Kor raskt kommunesektoren kan realisere gevinsten av rentefallet, er derfor usikkert. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser ein nedgang i netto renteutgifter for kommunesektoren på 900 mill. kr frå 2002 til 2003.
Delar av gjelda i kommunesektoren er knytt til opptak av lån til etablering av sjukeheimsplassar, omsorgsbustader og opprusting av skolebygningar. Dei statlege tilskota til rentekompensasjon knytte til desse låneopptaka vil bli reduserte som følgje av rentenedgangen. Kommunane har derfor ingen gevinst av rentenedgangen knytt til desse låna.
Generelt blir verknaden av rentenivået på dei kommunale budsjetta halden utanom i forslaget frå regjeringa til inntektsrammer for kommunesektoren. Endringar i rentenivået kjem derfor som gevinst eller tap for kommunane utover den føreslåtte inntektsramma.
Kommuneøkonomien blir også indirekte påverka gjennom den effekten renta har på finansavkastninga i livselskapa og Kommunal Landspensjonskasse (KLP), som i neste omgang kan få verknader for premieinnbetalingane frå kommunane og fylkeskommunane. Ein nedgang i det gjennomsnittlege rentenivået vil isolert sett redusere avkastninga på den delen av livselskapa sin portefølje som blir påverka av endringar i den flytende renta. Ein nedgang i det gjennomsnittlege rentenivået vil på den andre sida kunne ha ein positiv effekt på avkastninga av andre aktiva, som eigedom og aksjar. Livselskapa og KLP vil venteleg vurdere samansetjinga av porteføljen når renta endrar seg. Departementet vil understreke at verknaden av ein generell rentereduksjon på avkastninga av pensjonskapitalen er halden utanom i dei vurderingane departementet har gjort av kva renta har å seie for kommuneøkonomien, jf. ovanfor.
Kommunesektoren fekk ein monaleg auke i pensjonsutgiftene i 2001 (om lag 3 mrd. kr) samanlikna med dei føregåande åra. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2002 blei kommunesektoren delvis kompensert for dette gjennom auka løyvingar på 750 mill. kr til generell styrking av kommuneøkonomien. Pensjonskostnadene for kommunesektoren ligg i 2003 på omtrent same nivå som i 2001. Førebels signal frå Kommunal Landspensjonskasse indikerer ikkje vesentlege endringar i pensjonskostnadene for 2004 og seinare år.