St.prp. nr. 1 (2004-2005)

FOR BUDSJETTERMINEN 2005 — Utgiftskapittel: 500–587, 2412, 2427 Inntektskapittel: 3500–3587, 5312, 5316, 5327, 5615–5616

Til innhaldsliste

3 Rapportar frå fylkeskommunane for 2003 om bruken av midlar frå kap. 551, post 60 Tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling

Fylkeskommunane skal årleg oversende Kommunal- og regionaldepartementet ein kortfatta rapport som skildrar utfordringane, måla og aktiviteten i fylket. Rapporteringa skal også omfatte den delen av løyvinga som blir forvalta av andre enn fylkeskommunane. 2003 er det første året med rapportering på kap. 551, post 60. Dei fleste rapportane frå fylkeskommunane opererer med ei tredeling: 1) rammer, 2) utfordringar/mål og 3) resultat/prosjektskildring.

Finnmark

Finnmark hadde ei ramme på 111 960 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Finnmark fylkeskommune understrekar i sin rapport at fleire delar av næringslivet i fylket står overfor svært store utfordringar. Det gjeld mellom anna fiskeindustrien, havbruksnæringa, reindrifta, jordbruket og reiselivsnæringa. Det har vore, og vil framleis vere, ein viktig strategi å sikre ringverknader av utbygginga av Snøhvit og leggje til rette for utnytting av vekstpotensialet i samband med olje- og gassutvinning i Barentshavet.

For å møte dei store utfordringane i fiskeri og havbruk har Finnmark etablert eit investeringsfond på 52 mill. kr for marin sektor, der ein del av midlane er tekne frå kap. 551, post 60. Fondet blir administrert av Innovasjon Noreg si avdeling i fylket.

Vardø, Hasvik og Kautokeino kommunar har omstillingsstatus. Ei programstatusvurdering viser at utviklings- og nyskapingsarbeidet i Vardø og Hasvik er positivt. Det vil bli gjennomført ein liknande gjennomgang av statusen for Kautokeino i 2004.

Måloppnåinga og framdrifta innanfor ein del større satsingsprosjekt er i tråd med dei måla som er lagde til grunn i fylkesplanen og det regionale utviklingsprogrammet. Finnmark fylke peiker særleg på dei positive resultata av innsatsen som har vore retta inn mot reiselivsnæringa.

Troms

Troms hadde ei ramme på 128 050 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Troms fylkeskommune sitt regionale utviklingsprogram for 2003 var bygd opp kring tre innsatsområde: kompetanse, fysisk infrastruktur og senter/distrikt. Døme på tiltak på kompetanseområdet er prosjekt som tek sikte på å auke realfagkompetansen i fylket, nettverksutvikling og internasjonalisering. Om lag halvparten av ressursane var knytte til infrastruktur. På infrastruktursida har fylkeskommunen støtta prosjekt mellom anna innanfor vassforsyning, stadsutvikling og hamneutbygging. Innanfor området senter/distrikt har tiltak retta mot ungdom og kvinner og tiltak for merkevarebygging og bedriftsutvikling vore prioriterte. Støtte til dei enkelte prosjekta er i stor grad i samsvar med strategiane i det regionale utviklingsprogrammet for fylket.

Nordland

Nordland hadde ei ramme på 200 070 800 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

I rapporten blir det vist til fylkesplanen for Nordland 1999–2003 og dei strategiane som ut frå denne planen gjekk inn i Regionalt utviklingsprogram 2003. Arbeidet var konsentrert om desse hovudområda:

  • å leggje til rette for auka kunnskap, innovasjon og entreprenørskap i næringslivet i fylket

  • å arbeide for betre rammevilkår for næringslivet i fylket

  • å medverke til berekraftig arealbruk, der forholdet mellom bruk og vern blir avvege

  • å leggje til rette for auka samarbeid og nettverksbygging mellom offentlege og private samfunnsaktørar

I 2003 var eit utkast til ny fylkesplan for Nordland (2004–2007) ute på høyring, og innsatsen knytt til regional utvikling blei etter kvart kopla mot hovudtema i denne planen. Hovudtema er å få til felles innsats for ei felles framtid, å skape sterke bu-, arbeidsmarknads- og serviceregionar og å ta i bruk det potensialet som finst langs kysten.

Fylkesrapporten peiker på at det krevst ein sterk felles innsats for å skape vekstkraftige regionar. Store delar av næringslivet i Nordland utnyttar naturressursar som råvarer. Også innanfor desse næringane er kunnskap og kompetanse nøkkelfaktorar for å halde ved like og vidareutvikle næringane på ein lønnsam måte. Dei viktigaste elementa i ein infrastruktur som kan støtte opp om dette, er no på plass, mellom anna gjennom oppbygging av forskings- og kunnskapsparkar, næringshagar og inkubatorar. Ulike nettverk og samarbeidsforum knytte til FoU-miljøa, og koplinga mellom desse nettverka og næringslivet, er også på plass. Dei viktigaste utfordringane framover er å få desse strukturane til å fungere på ein slik måte at det kjem næringslivet til gode.

Gjennom arbeidet med å ta i bruk potensialet langs kysten er det blitt avdekt ein del nye problemstillingar knytte til rammevilkåra for næringslivet. Næringsaktørar med nedslagsfelt i fleire kommunar møter ulike rammevilkår i ulike kommunar. Prosjektet KOM OPP vil gi ny erfaring om korleis samordninga kommunane imellom kan betrast, og kan gi næringslivet auka konkurransekraft.

Kommunane Ballangen, Herøy, Alstadhaug, Leirfjord og Dønna fekk midlar til omstilling.

Nord-Trøndelag

Nord-Trøndelag hadde ei ramme på 86 380 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Grunnlaget for bruk av dei regionalpolitiske verkemidla i Nord-Trøndelag er ein brei prosess i partnarskapen mellom regionale aktørar, kommunar og nærings­organisasjonar. Fylkestinget løyver vesentlege utviklingsmidlar over eige budsjett i tillegg til midlane over kap. 551, post 60.

Nord-Trøndelag konsentrerer verkemiddelbruken om tre hovudområde for å nå den overordna målsetjinga i fylkesplanen, «Nord-Trøndelag skal framstå som attraktiv for næring og bosetting»:

  • kompetanseutvikling og nyskaping

  • internasjonalisering og regionalt samarbeid

  • tilrettelegging og bulyst

I 2003 hadde regionalt utviklingsprogram «Ungdom og kultur som utviklingsfaktor» som gjennomgåande perspektiv. Den delen av midlane som gjekk til SND, viser ifølgje rapporten god måloppnåing når det gjeld dei krava som blei fastsette i tilsegnsbrevet til SND. Når det gjeld internasjonalisering, er det svært god måloppnåing gjennom eit treårig prosjekt, Eksportsatsing Trøndelag, som blei sett i gang i 2001. Evalueringa av satsinga er svært positiv, men viser at ein periode på tre år er for kort tid. Prosjektet er derfor vidareført i 2004.

Innanfor hovudområdet «tilrettelegging og bulyst» er det i hovudsak den omfattande satsinga på nyskapings- og omstillingskommunar som får følgjer for verkemiddelbruken. Her er det retta særskild merksemd mot kommunane Steinkjer, Verdal og Lierne, der det blir gjennomført eigne program knytte til omstilling og utvikling.

Sør-Trøndelag

Sør-Trøndelag hadde ei ramme på 67 240 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Utfordringane i Sør-Trøndelag er særleg knytte til område i distrikta som opplever gradvis fråflytting og ein reduksjon i talet på arbeidsplassar. Dei siste par åra har vore prega av omstillingsbehov både i innlands- og kystregionen i Sør-Trøndelag.

I 2003 blei det utarbeidd eit eige utviklingsprogram for innlandsregionen i fylket. Denne delen av fylket har den mest negative utviklinga i folketalet og ein einsidig næringsstruktur, med sterkt innslag av jordbruk. Nokre av kystkommunane har også opplevd tap av arbeidsplassar som følgje av endringar i rammevilkåra for eksportbasert industri (verftsindustrien, oppdrettsnæringa og fiskerirelatert verksemd). Rapporten fortel at desse utfordringane blir møtte gjennom dei satsingane som er lyfta fram i handlingsplanen for 2002–2003.

Sør-Trøndelag har i rapporten kommentert aktivitet på satsingsområda barn og unge, arbeidsliv, kompetanse og næringsutvikling, regional utvikling og regionalt samarbeid og fysisk infrastruktur. For 2003 hadde partnarskapen lagt som føring for SND at dei skulle prioritere område prega av omstilling og støtte til Interreg III A, B og C. Desse føringane har SND følgt opp. Sør-Trøndelag fylkeskommune vurderer det slik at innsatsen i 2003 i stor grad medverka til å realisere målet med dei regionale utviklingsmidlane: «Midlane skal gjennom ulike samarbeidstiltak medverke til regional vekst og utvikling med utgangspunkt i eit heilskapleg samfunnsperspektiv.»

Møre og Romsdal

Møre og Romsdal hadde ei ramme på 78 110 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Møre og Romsdal viser til Strategisk næringsplan 2001–2004 og desse fire strategiske innsatsområda: 1) kompetanse, 2) innovasjon, nyskaping og nettverk, 3) konkurransekraft på ein internasjonal marknad og 4) robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar.

Det har vore aktivitet innanfor alle innsatsområda. Innovasjon Møre var eit samarbeidsprosjekt mellom Noregs forskingsråd, fylkeskommunen og SND, der SND hadde prosjektansvaret. Målet med prosjektet var fleire og betre innovasjonar i dei marine og maritime næringsklyngene. Innovasjon Møre hadde høg aktivitet i 2003, som var siste året av prosjektet. Arbeidet vil no bli integrert i den ordinære verksemda til Innovasjon Noreg. Eit anna større prosjekt er arbeidet med entreprenørskap og nyskaping. Høgskolen i Ålesund tilbyr no valfag i entreprenørskap, og det er stor aktivitet i ungdomsbedrifter på vidaregåande skolar i fylket. Fylkeskommunen arbeider også aktivt med å vidareutvikle kunnskapsparkane og næringshagane, og etablerte i 2003 ein næringshage i Tingvoll. Prosjektet «Ormen til Møre» har arbeidd med problemstillingar knytte til ilandføring av gass i fylket. For å hjelpe regionale bedrifter med å få oppdrag under utbygginga av Ormen Lange blei Leverandørnett Ormen Lange etablert i 2003. I tillegg blei Møre og Romsdal Petroleumsråd og Møre og Romsdal Gassforum etablert.

Smøla kommune er midtvegs i sitt omstillingsprogram. Ein har fokus på ringverknader av vindkraftutbygginga, foredling og reiseliv.

Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane hadde ei ramme på 64 700 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Sogn og Fjordane har organisert arbeidet rundt eigne program. I programstrukturen blir næringsprogramma supplerte med program på områda miljø, kultur, livskvalitet og infrastruktur. Formålet med fylkesplanprogramma har vore å få til ein meir effektiv politikk og ei forpliktande kopling mellom fylkesplanen og bruken av verkemiddel. Den regionale partnarskapen er kopla aktivt inn i programarbeidet.

Dei regionale utviklingsmidlane for 2003 har i all hovudsak vore disponerte innanfor desse tema: «Næring og læring» og «Infrastruktur». Innanfor «Næring og læring» har fylket satsa på å leggje til rette for kompetanseheving, nyskaping, omstilling og innovasjon i næringslivet. I tillegg har satsinga på entreprenørskap i grunnopplæringa hatt høg prioritet. På infrastruktursida har fylket løyvt midlar til prosjekt knytte til IKT, vassforsyning og tettstadsutvikling. I tillegg er det løyvt midlar til temaområda «Eit godt liv, bu og leve» (folkehelse og helsesamarbeid) og «Berekraftig utvikling – RA21» (kulturminne-, areal- og naturressursforvaltning). Fylket har også sett av ressursar til kommunale næringsfond og regionvise utviklingsprogram.

Ein stor del av sysselsetjinga i Sogn og Fjordane er i primærnæringane, noko som gjer fylket sårbart. Sysselsetjinga i fylket er fallande, og verdiskapinga er låg sett med bedriftsøkonomiske auge. Dei tradisjonelle næringane går attende, og dei store verksemdene innanfor verfts- og aluminiumsindustrien gjennomfører dramatiske kutt i arbeidsstokken. Kommunane Høyanger, Årdal og Flora står overfor særleg store utfordringar i åra som kjem, og regionalt partnarskap gjekk i 2003 inn for at kommunane skulle få omstillingsstatus.

Hordaland

Hordaland hadde ei ramme på 65 640 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Måla for arbeidet med regional utvikling i fylket er nedfelte i regionalt utviklingsprogram for 2003, som igjen viser til Fylkesplanen for Hordaland (2001–2004) og til Strategisk Næringsplan for Hordaland (2002–2003). Det overordna målet for næringsutvikling i fylket er at Hordaland skal vere ein nyskapande og konkurransedyktig region, der private verksemder og offentlege styresmakter speler på lag for å fremme meir konkurransedyktige verksemder og for å betre rammevilkåra og infrastrukturen.

For arbeidet i 2003 var det peikt ut ni programområde som skulle ha prioritet: 1) entreprenørskap, 2) innovasjon/kopling mellom kompetanseinstitusjonar og næringsliv, 3) næringsvennleg offentleg sektor, 4) marin sektor/havbruksprogram, 5) reiseliv, 6) nyskaping basert på petroleumssektoren, 7) internasjonalisering, 8) regional landbrukspolitikk og 9) påverke statleg politikk.

Innanfor desse programområda viser fylket til delmål og aktivitet og har vurdert resultata. Rapporten viser at det har vore høg aktivitet. Til dømes er det på innsatsområdet innovasjon utvikla eit studietilbod på feltet «sjømat og produktutvikling» på universitetsnivå. Etter avslutta prosjektperiode har 35 studentar teke eksamen, og det er blitt oppretta ei full professorstilling.

Odda kommune var i 2003 inne i det siste året av i alt seks år i omstillingsprosjektet. Resultatet frå heile omstillingsperioden viser at det er registrert om lag 265 nye arbeidsplassar rekna i årsverk, mot eit måltal på 200. Stord kommune er også omstillingskommune.

Rogaland

Rogaland hadde ei ramme på 19 620 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

I rapporten omtaler fylket enkeltprosjekt og peiker på at dei er forankra i regionalt utviklingsprogram for 2003. Viktige innsatsområde i 2003 var retta mot utvikling av næringslivet og mot kompetanseutvikling. Døme på tiltak er iverksetjing av kurs i styrearbeid, nyskaping og innovasjon, marknadsføring og etablerarnettverk. Tiltaka er retta mot både enkeltpersonar, verksemder og kommunar. Fylket hadde i 2003 også særskilt fokus på profilering av regionen og turisme.

Fylkeskommunen si innovasjonssatsing har vore konsentrert om prosjekt retta mot reiseliv/turisme og landbruk/skogbruk. Vidare har fylket satsa på prosjekt knytte til kompetanseheving, etableraropplæring og entreprenørskap i skolen. Sokndal gjennomfører eit omstillingsprogram som følgje av nedbemanninga ved Titania AS i 1990-åra. Omstillingsperioden blir avslutta i 2004.

Vest-Agder

Vest-Agder hadde ei ramme på 14 250 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Ein stor del av sysselsetjinga i Vest-Agder er i eksportretta vareproduksjon, som er sårbar for internasjonal konkurranse og konjunkturar. Fylket har ein stor del av nyetableringane her i landet, samanlikna med andre fylke. Bruken av SkatteFunn-ordninga er høg, og det same gjeld graden av innovasjon i næringslivet i fylket. Årlege undersøkingar viser også at verdiskapinga blant nyetablerarar er stigande.

Midlane for 2003 hadde ein utløysingsfaktor på vel fem gonger budsjettet, det vil seie om lag 84 mill. kr. Rapporten omtaler konkrete prosjekt innanfor dei ulike satsingsområda, mellom anna støtte til Agder gassforum.

I 2003 medverka Vest-Agder fylkeskommune til å etablere selskap som driv med produksjon og distribusjon av energi basert på biomasse og naturgass. Ved utgangen av 2003 var det 141 tilsette i næringshagar og veksthus, mot 119 i 2002. I 2003 var det også ein stor auke i talet på unge som deltok i ungdomsbedrifter i fylket. I rapporten peiker fylkeskommunen på arbeidet med å leggje til rette for utbygging av breiband i fylket, og på arbeidet med å utvikle offentleg og privat service i distrikta. Fylkeskommunen vurderer det slik at dei gjennomførte prosjekta og tiltaka har følgt opp strategiane på ein god måte, og fylket meiner at satsingane er fornuftige med tanke på å innfri mål som er sette for verdiskaping og vekst, både på kortare og lengre sikt.

Aust-Agder

Aust-Agder hadde ei ramme på 12 130 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Fylket viser til måla i Fylkesplan (2000–2003), som var: «Levande lokalsamfunn/distriktsutvikling», «Livskraftig næringsliv», «By- og tettstadsutvikling» og «Berekraftig utvikling». I regionalt utviklingsprogram for 2003 blei desse innsatsområda konkretiserte:

  • omstilling i regionar/regionale tiltak

  • etableraropplæring og rettleiing

  • bedriftsretta støtte til enkeltverksemder og etablerarstipend

  • næringsutvikling gjennom regionale/kommunale næringsfond

  • internasjonalt samarbeid

  • utkantsatsing/småsamfunn

  • vidareføring av reiselivssatsinga

  • investering i infrastruktur i distriktskommunane

Innovasjon har vore eit grunnleggjande mål for fylket sin innsats innanfor regionalutvikling og fornying av næringslivet. Bedriftene i Aust-Agder er rangerte på tredjeplass i ein statistikk over innovasjonsgrad utarbeidd av Noregs forskingsråd. Evje og Hornes har fått omstillingsstatus som følgje av nedbygginga av forsvaret i regionen. Arendal, Grimstad og Risør har omstillingsstatus som følgje av konkursar og nedbemanningar i større selskap. Aust-Agder fylkeskommune, Aetat, SND og kommunane Arendal og Grimstad har delteke i omstillingsarbeidet «Ny giv». Resultatet av arbeidet er så langt opplyftande. Av dei 300 som blei ståande utan arbeid da Ericsson nedbemanna, har om lag 200 fått nytt arbeid i regionen. Fleire nye selskap er i etableringsfasen, og fire-fem av dei blir vurderte å ha eit stort utviklingspotensial. Ei stor utfordring i arbeidet er mangelen på risikovillig kapital.

Telemark

Telemark hadde ei ramme på 43 290 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Rapporten tek utgangspunkt i handlingsprogrammet for 2003, som byggjer på utfordringar, mål og strategiar i fylkesplanen (2002–2005). Hovudutfordringa er å auke folketalet, utvikle næringslivet og skape arbeidsplassar i alle delar av fylket ved å arbeide for å betre infrastrukturen internt i fylket og mot nabofylka, auke kompetansen og bruken av kompetanseinstitusjonane, utvikle eksisterande og nye næringar og styrkje tiltrekkingskrafta gjennom satsing på kultur og identitet. I handlingsprogrammet har den regionale partnarskapen for 2003 prioritert nokre tiltak innanfor kvart satsingsområde. Nokre av dei viktigaste tiltaka er:

  • Infrastruktur – miljøvennleg areal- og transportutvikling: Her peiker fylkeskommunen m.a. på at det trengst meir organisert og betre koordinert innsats når det gjeld vegar, jernbanetunnel Porsgrunn-Larvik og ilandføring av naturgass i Grenland.

  • Kompetanse: Her blir det drive eit samarbeidsprosjekt for utdanningsrettleiing for unge og vaksne med sikte på å minke fråfallet i vidaregåande opplæring og stimulere til målretta vaksenopplæring, eit omfattande program for entreprenørskap for å få fleire til å starte eiga verksemd i eit fylke der arbeidstakarkulturen har vore dominerande, og partnarskap med Høgskolen i Telemark for å gjere høgskolen til ein meir aktiv reiskap i regional utvikling.

  • Næringsutvikling/den gode bustaden: Innanfor programmet har m.a. SND sett i gang prosjekt for omstilling og nyskaping, spesielt knytte til bruk av naturgass og innovasjon i Grenland. Elles har ein prioritert reiselivtiltak i samsvar med fylket sin reiselivsstrategi og stadutvikling for å auke bulysta og fylket si tiltrekkingskraft som reiselivmål.

  • Kultur og identitet: Fylkeskommunen peiker m.a. på tiltak knytte til Telemarkskanalen, som er tusenårsstad for Telemark, og på profilering av Ibsen i samband med den nasjonale markeringa i 2006.

Fylkeskommunen meiner at det var god aktivitet og innsats frå mange samarbeidspartnarar på alle dei prioriterte områda i 2003.

Vestfold

Vestfold hadde ei ramme på 5 500 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Fylkesplan 2000–2003 har som overordna mål å auke verdiskapinga og syte for eit variert tilbod av arbeidsplassar. Dette skal ein oppnå gjennom desse tre hovudmåla og innsatsområda:

  1. Bedriftsretta offentleg tenesteyting Mål: Styrkje og vidareutvikle den bedriftsretta offentlege tenesteytinga

  2. Samarbeidsarenaer og kommunikasjonsutvikling Mål: Vidareutvikle samarbeidsarenaer som betrar næringslivet si konkurranseevne

  3. Nyskaping og innovasjon Mål: Auke sjansane for levedyktige nyetableringar og styrkje innovasjonsevna i bedriftene

Strategisk næringsplan for Vestfold 2001–2004 har som visjon at Vestfold i 2020 skal bli oppfatta som ein attraktiv nyskapingsregion i Europa. For å kunne realisere visjonen og måla er desse hovudstrategiane prioriterte: næringsvennleg offentleg sektor, samarbeid mellom skole og næringsliv, effektive transportløysingar og urbane kvalitetar – den gode bustad.

Vestfold fylkeskommune meiner at innsatsen i 2003 er i tråd med eigne fastsette mål og resultatkrav når ein har vurdert ei utvald gruppe tilsegner i ettertid. Alle tilsegner er gitt ut frå ei oppfatning om at dei på ein god måte er med på å realisere visjonen om Vestfold som ein nyskapingsregion.

Buskerud

Buskerud hadde ei ramme på 17 510 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Rapporten viser til desse måla i Fylkesplan for Buskerud 2001–2004:

  • støtte til Austlandssamarbeidet sin strategi for å støtte utviklinga av sterke senter som ei avlastning av Oslo-kjernen og gi grunnlag for ei meir balansert utvikling på Austlandet

  • konsentrert satsing på bysamfunna Drammen, Kongsberg og Hønefoss som likeverdige regionale senter

  • forsterka satsing i den øvre delen av fylket knytt til reiseliv og kultur, med støtte til ein liberal arealpolitikk som støttar vidare hyttebygging

  • auka fokus på kompetanseutvikling, forsking og utviklingsarbeid for å vidareutvikle Buskerud som ein innovativ, omstillingsdyktig og attraktiv region

Av konkrete prosjekt viser fylket til handlingsprogrammet for vassforsyning, utvikling av reiselivet og tiltak for bruk av fornybar energi. Buskerud fylkeskommune oppsummerer med at effektar og måloppnåing er i tråd med dei rammene som ligg i fylkesplanen.

Oppland

Oppland hadde ei ramme på 55 430 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Oppland har utarbeidd ei rad regionale partnarskapsavtalar som skal medverke til at regionane i fylket tek på seg ei viktig rolle i arbeidet med regional utvikling. Dette er ein del av satsinga «Fritt fram», som er omtalt under kap. 551, post 64.

Tiltak og prosjekt i Oppland byggjer på visjonen i fylkesplanen for perioden 2000–2003: «Gode levekår, høyt kompetansenivå i befolkningen, og miljøkvaliteter i arbeid og fritid gjør Oppland til en attraktiv boregion. I år 2010 har Opplandssamfunnet utviklet en kultur for nyskaping, og Oppland er kjent som fylket hvor det er lov å satse.» På bakgrunn av denne visjonen inneheldt regionalt uviklingsprogram 2003 satsingsområda omstilling og utvikling i næringslivet, kompetanseutvikling i Oppland og trivsel og framtidstru i Oppland. Fylket har låg arbeidsløyse, og det er stor optimisme i næringslivet. Den største utfordringa i 2003 var å utvikle ein sterk kultur for nyskaping.

Det stod sentralt i dette arbeidet å vidareutvikle industri- og lettmetallmiljøet på Raufoss og Toten, nettverket av småskala-matprodusentar, kulturbasert næringsutvikling, nasjonalparkane i Nord-Gudbrandsdalen, reiselivsnæringa og treprogramma, og å byggje opp gode og støttande utviklingsmiljø for næringslivet.

Det er for få nye bedrifter, og det skjer for lite forsking og innovasjon i Oppland. Mange små bedrifter, råvareorientering og det at ein stor del av ungdommen flyttar ut, gjer næringslivet i Oppland sårbart. Oppland har også utfordringar knytte til lågt formelt kompetansenivå (prosent av innbyggjarane med høgre utdanning), sjølv om prosentdelen av ungdom som tek høgre utdanning, ligg over landsgjennomsnittet. Innlandsuniversitetet, samarbeid mellom næringsliv og skole, breiband, kvinnesatsing og entreprenørskap er døme på tverrgåande satsingar som tek sikte på å styrkje næringsmiljøa og verksemdene.

Hedmark

Hedmark hadde ei ramme på 71 820 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Bruken av verkemidla under kap. 551, post 60 er tett kopla til fylkesplanen og mål og strategiar i det regionale utviklingsprogrammet for 2003. Hedmark hadde desse satsingsområda for bruken av midlane i 2003: leggje til rette for entreprenørskap og nyetableringar, innovasjon og innovasjonssystem (mellom anna utvikling av institusjonar som kunnskapsparkar og næringshagar), FoU og kompetanseheving, fysisk infrastruktur og stadsutvikling, internasjonalt arbeid og gjennomføring av omstillingsprogram.

I rapporten er det gitt ein kort omtale av statusen og ei forklaring på situasjonen. Prosjekta er kommenterte i forhold til måloppnåing. Innanfor satsingsområdet innovasjon og innovasjonssystem var målet å medverke til utvikling av innovasjonssystem, representert mellom anna ved næringshagar, kunnskapsparkar, tretorg, inkubatorar, høgskolar, FoU o.a. Eit meir overordna mål var å medverke til å utvikle lønnsame, innovative og omstillingsdyktige verksemder. Ved utgangen av 2003 var det i næringshagane etablert totalt 48 bedrifter med totalt 155 tilsette. I dei tre inkubatorane i fylket var det ved utgangen av 2003 etablert totalt 10 verksemder med 27 tilsette.

Oslo

Oslo hadde ei ramme på 5 500 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Oslo og Akershus samarbeidde om eit felles regionalt utviklingsprogram for 2003 som la føringar på bruken av midlane i begge fylka. Utviklingsprogrammet blir her omtalt under Oslo.

Hovudstadsområdet er eit nasjonalt tyngdepunkt for forsking og kunnskapsbasert næringsliv. Utfordringa er å realisere dette potensialet slik at regionen får auka konkurransekraft som eit senter for internasjonale kunnskapsbedrifter. Målet er å betre den internasjonale konkurransekrafta til hovudstadsregionen gjennom auka nyskaping og innovasjon. Strategiane er å få etablert nye kunnskapsbedrifter med utspring i FoU-miljøa i regionen og leggje eit grunnlag for betre føresetnader for vekst gjennom tilrettelegging for næringsutvikling, finansieringsordningar og fagleg støtte gjennom forskingsparkar og inkubatorar.

Hovudstadsregionen har ein svak posisjon som region for internasjonale investeringar. Det heng saman med at regionen manglar internasjonalt profilerte kunnskapsbedrifter. Det er eit mål å styrkje hovudstadsområdet sin posisjon som internasjonal region i forhold til andre europeiske storbyregionar.

I 2003 gjekk størstedelen av midlane frå kap. 551, post 60 til rettleiing og støtte til nyetablerarar, mellom anna gjennom etablerarstipend. I tillegg til satsing på nyetablerarar blei det brukt ressursar på tiltak innanfor kompetanseformidling og nyskaping og til internasjonal profilering av Osloregionen. Oslo kommune delfinansierer internasjonal marknadsføring av Osloregionen i regi av Oslo Teknopol. Som ledd i dette prosjektet har Osloregionen vore presentert på fleire internasjonale messer, konferansar og seminar, og som resultat av marknadsføringa har kommunen allereie merka ein pågang av internasjonale kontaktar.

Oslo kommune meiner at tiltaka blei gjennomførte i samsvar med dei måla som blei sette i regionalt utviklingsprogram for 2003.

Akershus

Akershus hadde ei ramme på 5 500 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Midlane over kap. 551 er disponerte med utgangspunkt i desse tema i Akershus fylkesplan 2004–2007:

  • utdanning og næringsliv

  • nyskaping

  • hovudstadsområdet som internasjonal region

Oslo og Akershus samarbeidde om eit felles regionalt utviklingsprogram for 2003 som la føringar for bruken av midlane i begge fylka. Utviklingsprogrammet er omtalt under Oslo.

Hovudutfordringa når det gjeld utdanning og næringsliv, er å sikre tilstrekkeleg arbeidskraft med rett kompetanse for arbeidslivet i Akershus. Arbeidsmarknaden i regionen er svært stram, og jamvel med ein viss auke i arbeidsløysa vil det vere stor mangel på arbeidskraft i ein del bransjar. Særleg er situasjonen vanskeleg for ein del av dei tradisjonelle yrkesfaga og teknologifaga. Målet er at den delen av innbyggjarane som tek yrkesfagleg og teknologisk utdanning, skal bli større. Dei viktigaste strategiane er å styrkje yrkesrettleiinga for barn og unge, utvikle og synleggjere dei tilboda om teknologisk utdanning som finst i regionen, og medverke til realisering av intensjonane med kompetansereforma gjennom eit tett samarbeid mellom vidaregåande opplæring, høgskolar og arbeidslivet.

Rapporten gir ei oversikt over den faktiske disponeringa av ressursane fordelt på dei tre tema som er omtalte innleiingsvis. Hovuddelen av midlane gjekk til nyskaping, i form av etablerarstipend og drift av etablerarsenter i regionen.

Østfold

Østfold hadde ei ramme på 13 800 000 kr over kap. 551, post 60 i 2003.

Østfold har utfordringar knytte til lågt formelt utdanningsnivå (prosent av innbyggjarane med høgre utdanning), og vil i dei nærmaste åra derfor satse på Kompetanseoffensiv 2015. Det er ei langsiktig programsatsing med hovudfokus på nyskaping og innovasjon.

Østfold ligg også under landsgjennomsnittet når det gjeld helsetilstanden til innbyggjarane, og fylket vil møte denne utfordringa gjennom Folkehelseprogrammet, som er delvis finansiert ved hjelp av utviklingsmidlane.

I 2003 gjekk midlane i all hovudsak til bedriftsretta satsingar i regi av Interreg og SND. Resten av midlane gjekk til kommunale næringsfond, kommunal vassforsyning og inkubatorstøtte. Østfold fylkeskommune vurderer innsatsen gjennom Interreg og SND som vellykka. I Interreg-programmet blei det i 2003 i hovudsak satsa på næringsutvikling, miljø og helse og fellesprosjekt.

I rapporten viser fylket til gode erfaringar med programsatsingar gjennom Østfold Industrioffensiv, Østfold Byoffensiv og Interreg. Østfold vil også i framtida satse på program som arbeidsform.

Til forsida