St.prp. nr. 1 (2004-2005)

FOR BUDSJETTERMINEN 2005 — Utgiftskapittel: 500–587, 2412, 2427 Inntektskapittel: 3500–3587, 5312, 5316, 5327, 5615–5616

Til innhaldsliste

5 Orientering om likestilling i verksemdene

Likestillingslova § 1a inneheld eit krav til offentlege styresmakter og offentlege verksemder om å gjere greie for den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling i verksemda. Det skal også gjerast greie for tiltak som er sette i verk eller er planlagde i verksemda for å fremme likestilling. Orienteringa skal innarbeidast i St.prp. nr. 1. Presentasjonen skil seg noko frå verksemd til verksemd, sidan departementet har late det vere opp til verksemdene sjølve å vurdere kva forhold dei ser det som tenleg å presentere.

Kommunal- og regionaldepartementet

Departementet har inkludert kjønnsperspektivet i styringsinformasjonen. Det har vore eit særleg mål å få fleire kvinnelege leiarar. Det er no fleire kvinner enn menn i alle stillingsgrupper, bortsett frå i toppleiargruppa. Departementet arbeider for å rekruttere fleire kvinner til toppleiarstillingar. Departementet er oppteke av å nå målet om at den statlege arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Tabell 5.1 Tilsette fordelt på kjønn

Totalt

Kvinner

Kvinner i prosent

Menn

Menn i prosent

Alle tilsette

300

180

60 %

120

40 %

Toppleiarar (departementsråd, ekspedisjonssjefar)

7

1

14 %

6

86 %

Mellomleiarar (alle andre leiarar)

45

24

53 %

21

47 %

Alternativ karriereveg (rådgivarar, prosjektleiarar, utgreiingsleiarar)

156

91

58 %

65

42 %

Saksbehandlarar (førstekonsulent og seniorkonsulent)

50

27

54 %

23

46 %

Kontor (sekretær og konsulent)

42

37

88 %

5

12 %

Rekruttert

35

19

54 %

16

46 %

Slutta

21

12

57 %

9

43 %

Timar overtidsarbeid per tilsett i gjennomsnitt

39

35

47 %

39

53 %

Redusert arbeidstid

43

40

93 %

3

7 %

Fødsels-/omsorgs-/fedrepermisjon

35

28

80 %

7

20 %

Sjukefråvereprosent

7,5 %

8,6 %

6 %

Gjennomsnittleg lønnstrinn

50

48

53

60 pst. av dei tilsette i departementet er kvinner. Det er flest kvinner i alle stillingsgrupper utanom toppleiarar. Berre éi avdeling har eit fleirtal av menn. Kvinnene er også i fleirtal i alle aldersgrupper, bortsett frå i gruppa over 60 år. Størst er kvinnefleirtalet i aldersgruppa 30–39 år.

For å sjå om departementet medverkar til å oppfylle målet om å sikre mangfaldet i forvaltninga og syter for at personar som tilhøyrer minoritetar, får dei same sjansane som andre jobbsøkjarar, har departementet gjennomført ei kartlegging av bakgrunnen til dei tilsette. Kartlegginga gjennomført i august 2004 viser at 12,4 pst. av de tilsette har innvandrarbakgrunn. I kartlegginga blei det nytta ein vid definisjon av omgrepet innvandrarbakgrunn, slik at personar med éin eller to utanlandsfødde foreldre og personar fødde i utlandet og adopterte til Noreg er talde med.

Av dei tilsette i departementet tener menn i gjennomsnitt noko meir enn kvinner. Ein av grunnane til dette er kvinnedominansen i stillingsgruppa kontor, som er den gruppa som har lågast lønn. Ein annan grunn er at i gruppa alternativ karriereveg har menn i snitt tre lønnstrinn meir enn kvinner. Det kjem mellom anna av at gruppa omfattar nokre tidlegare toppleiarar, som alle er menn.

Talet på tilsette med redusert arbeidstid auka i 2003 i forhold til tidlegare år. Det er flest kvinner som har redusert arbeidstid.

Sjukefråveret i departementet låg i 2003 på 7,5 pst. Det er ein auke på 0,9 prosentpoeng frå 2002. Kvinner har høgst sjukefråvere, men sjukefråveret for menn er aukande. Eigenmelde sjukefråvere utgjorde i 2003 1,6 pst., medan sjukmeldingar utgjorde 5,9 pst.

Utlendingsdirektoratet

Tabell 5.2 Tilsette fordelt på nivå og kjønn

Totalt

Kvinner

Menn

Toppleiarar

8

3

5

Mellomleiarar

34

20

14

Regionsleiarar

12

4

8

Saksbehandlarar og kontortilsette

666

453

213

Sum

720

480

240

Ettersom 2/3 av dei tilsette er kvinner, har ein ikkje sett i gang spesielle likestillingstiltak, utover å følgje med på kor mange kvinner og menn det er i leiargruppene.

Tabell 5.3 Lønn

Per 1. oktober 2003

Totalt

Kvinner

Menn

Gjennomsnittleg månadslønn

25 876

25 427

26 761

Differanse mellom kvinner og menn

- 1 334

1 334

Differansen i prosent i forhold til månadslønna til det andre kjønnet

-5,0 %

5,2 %

Av overtidsarbeidet i 2003 blei 62 pst. utført av kvinner og 38 pst. utført av menn. Det totale sjukefråveret var i 2003 på 8,1 pst. Kvinner hadde eit sjukefråvere på 9,6 pst., medan menn hadde eit sjukefråvere på 4,8 pst. Per 30.6.2004 hadde 32 tilsette permisjon med lønn, alle kvinner. 36 tilsette hadde permisjon utan lønn, og av desse var 22 pst. menn og 78 pst. kvinner.

Senter mot etnisk diskriminering (SMED)

Tabell 5.4 Tilsette fordelt på nivå og kjønn

Totalt

Kvinner

Menn

Dagleg leiar

1

1

Mellomleiarar

2

2

Stab/saksbehandlarar

6

5

1

Engasjement/deltid

5

3

2

Sum

14

11

3

SMED har eit integrert kjønnsperspektiv i analysar og dokumentasjon. Ettersom SMED i heile si driftstid har hatt ein skeiv kjønnsbalanse til fordel for kvinner, har dei ved rekruttering medvite kalla inn nokre menn til intervju.

Dei høgst lønte i organisasjonen er kvinner, og gjennomsnittslønna for dei tre mennene er lågare enn gjennomsnittslønna for kvinnene. Det er likevel vanskeleg å samanlikne lønna til dei tilsette, ettersom det er ein liten organisasjon og ingen av mennene eller kvinnene har utdanning og ansiennitet som kan jamførast.

SMED har ein del kompetanseutviklingstiltak som er retta mot heile staben. Når det gjeld langvarige kurs, er det mogleg at juristar/kvinner kjem heldigare ut enn samfunnsvitarar/menn, utan at det er ei intendert forskjellsbehandling på bakgrunn av kjønn eller fagbakgrunn. Éin mann har teke ut omsorgspermisjon og brukt tidskontoordninga. Éin tilsett har nedsett arbeidstid på grunn av omsorgsansvar.

På grunn av få tilsette i organisasjonen vil rapportering om sjukefråvere fordelt på kjønn gjere individa synlege, og SMED vel derfor å ikkje rapportere om denne variabelen.

Utlendingsnemnda – UNE

Tabell 5.5 Tilsette fordelt på nivå og kjønn

Totalt

Kvinner

Menn

Toppleiarar

4

2

2

Mellomleiarar

9

6

3

Nemndleiarar

16

8

8

Alle leiarstillingar

29

16

13

Saksbehandlarar

106

71

35

Kontortilsette

21

19

2

Sum

156

106

50

Totalt er det 68 pst. kvinner og 32 pst. menn tilsette i UNE. I 2003 blei det tilsett ni nye medarbeidarar, og av dei var sju kvinner. Av dei 156 tilsette arbeider 12 kvinner og éin mann deltid.

Gjennomsnittleg lønnstrinn er 54 for kvinnelege og 51 for mannlege saksbehandlarar. Blant mellomleiarane ligg kvinner i gjennomsnitt på lønnstrinn 62 og menn på lønnstrinn 63.

Av overtidsarbeidet i 2003 blei 56 pst. utført av kvinner og 44 pst. utført av menn. Det totale sjukefråveret var i 2003 på 5,79 pst. For kvinner utgjer sjukefråveret 6,84 pst. og for menn 3,71 pst.

Av permisjonsdagar med lønn, bortsett frå fødsels- og omsorgspermisjonar, er 63 pst. tekne ut av kvinner og 37 pst. av menn. Når det gjeld permisjonar utan lønn, er 99 pst. av permisjonsdagane tekne ut av kvinner og 1 pst. tekne ut av menn.

Tabell 5.6 Kompetanseutvikling

Menneskerettskurs (obligatorisk)

Innføring i prosjektarbeid

Personleg effektiviseringsprogram

Tilpassingsavtalen

Spesialfag ved UiO

Totalt

61

18

12

19

4

Kvinner

44

12

11

12

2

Menn

17

6

1

7

2

Kommunalbanken

Av totalt 33 tilsette var det 17 kvinner ved utgangen av 2003. Fire kvinner og éin mann har redusert arbeidstid.

Styret består av sju personar, og av desse er tre kvinner. Styreleiaren er kvinne. Toppleiinga i banken består av tre menn, medan det i mellomleiarsjiktet er fem kvinner og tre menn.

Kommunalbanken legg gjennom lønnspolitikken sin vinn på å leggje forholda til rette for at lønnsbiletet skal vere uavhengig av om ei stilling blir fylt av ein mann eller ei kvinne. I 2003 låg gjennomsnittslønna for dei kvinnelege mellomleiarane 4,2 pst. under gjennomsnittslønna for mellomleiarar totalt, eller 11,2 pst. under gjennomsnittslønna for mannlege mellomleiarar.

Banken har eit eige leikerom tilgjengeleg for barn av tilsette.

Kompetansesenter for rettane til urfolk

Senteret har tre tilsette. Dagleg leiar er mann, dei andre er kvinner.

Statens bygningstekniske etat

Sidan 1997 har etaten i personalpolitikken sin lagt særleg vinn på å auke prosentdelen kvinnelege medarbeidarar. Medan berre 30 pst. av dei tilsette var kvinner i 1997, er no 58 pst. av medarbeidarane kvinner. Arbeidsmengda og talet på tilsette i etaten har auka i denne tida, jf. tabellen om utviklinga i kjønnsfordelinga. Leiarsamansetjinga i etaten er framleis noko skeiv, men dette vil leiinga ha fokus på ved komande nytilsetjingar.

Etaten har i alt 38 tilsette, og av dei er 22 kvinner og 16 menn. Fire av kvinnene arbeider deltid.

Tabell 5.7 Utvikling av kjønnsfordelinga i Statens bygningstekniske etat (1997–2003)

År

Kvinner

Menn

Totalt

1997

8 (32 pst.)

17 (68 pst.)

25

1998

13 (41 pst.)

19 (59 pst.)

32

1999

17 (50 pst.)

17 (50 pst.)

34

2000

16 (52 pst.)

15 (48 pst.)

31

2001

19 (51 pst.)

18 (49 pst.)

37

2002

18 (50 pst.)

18 (50 pst.)

36

2003

22 (58 pst.)

16 (42 pst.)

38

Samla sett er gjennomsnittslønna i etaten noko lågare for kvinner enn for menn. Det har mellom anna samanheng med leiarsamansetjinga og med at det er ei overvekt av kvinner i stillingar på konsulent- og sekretærnivå.

Husbanken

1. halvår 2004 hadde Husbanken ei bemanning på 354 årsverk, fordelt på 213 kvinner og 141 menn. Ansvaret for likestilling er plassert hos kvar enkelt leiar, og føresegna om kjønnskvotering er gjord kjønnsnøytral.

Det er god balanse mellom kjønna i styre og på leiarnivå. Det er om lag 40 pst. kvinner blant styrerepresentantar og styreleiarar. Blant leiarane er fordelinga 50/50 mellom kvinner og menn, og denne fordelinga gjeld også i toppleiarsjiktet.

Gjennomsnittslønna for kvinner og menn er omtrent lik på leiar- og seniorrådgivarnivå, medan ho framleis er noko høgre for menn enn for kvinner i konsulentsjiktet og på nivået under. 35 kvinner og 10 menn arbeider deltid, dvs. at 16 pst. av kvinnene og 7 pst. av mennene arbeider deltid.

Administrasjonen i Sametinget

Av i alt 112 tilsette i administrasjonen i Sametinget er 78 kvinner og 34 menn. I den administrative leiinga (avdelingsdirektør/direktør) er det fem kvinner og tre menn. Prosentvis er det stor skilnad mellom avdelingane når det gjeld talet på kvinner og menn. Språkavdelinga, opplæringsavdelinga og bibliotek- og informasjonsavdelinga er kvinnedominerte, med 79–100 pst. kvinner. Kultur- og næringsavdelinga og miljø- og kulturvernavdelinga har ei jamn fordeling, medan det i plan- og administrasjonsavdelinga er 36 pst. kvinner. Det har vore ei utjamning av lønnsnivået mellom kvinner og menn i perioden 2000–2003.

Til forsida