4 Miljøprofilen i budsjettforslaget
Innleiing
Budsjettet for Kommunal- og regionaldepartementet dekkjer fleire politikkområde, men det er i hovudsak for sektoren bustader, bumiljø og bygningssaker det er aktuelt å rapportere om miljøprofilen. Rapportering for denne sektoren følgjer nedanfor, saman med ein kort omtale av miljøsatsinga på området samiske formål.
Programkategori 13.80 Bustader og bumiljø og 13.90 Bygningssaker
Miljøutfordringane
Miljøkonsekvensane av verksemda i bustad- og byggjesektoren er store, og på fleire område aukande. Måla for miljøvernpolitikken stiller derfor sektoren overfor store utfordringar. I St.meld. nr. 23 (2003–2004) Om boligpolitikken blir det peikt på at satsingsområda som blei identifiserte i den første miljøhandlingsplanen, framleis er aktuelle.
Satsingsområda er:
Ein må betre arealeffektiviteten og ta større omsyn til det biologiske mangfaldet.
Energibruken i bygningsmassen må reduserast.
Bruken av helse- og miljøfarlege stoff i byggjeverksemda må kartleggjast betre og reduserast.
Avfallsmengdene i samband med byggjeverksemd må reduserast. Gjenbruk og ombruk av byggjemateriale må aukast.
Det bør satsast på god kvalitet og god byggjeskikk.
Det bør leggjast til rette for og gjennomførast miljøvennleg forvaltning, drift og vedlikehald av bygningar.
Betre arealeffektivitet er viktig, både for å redusere energibruken, ressursbruken og avfallsmengdene og for å sikre det biologiske mangfaldet. Nye utbyggingsområde bør etablerast med god arealutnytting, helst innanfor byggjesona langs kollektivaksar. Nybygg må bli meir arealeffektive, og den eksisterande bygningsmassen må utnyttast betre.
Bustad- og byggjesektoren står for 40 pst. av den totale energibruken her i landet. Elektrisitet er den viktigaste energikjelda og står for om lag 79 pst. av den samla energibruken i husstandane. Det er eit stort potensial for å redusere bruken av elektrisitet og redusere utsleppet av klimagassar.
Mange materiale og produkt som blir nytta i byggjeverksemda, inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Det går mellom anna fram av OBS-lista (lista over stoff som miljøstyresmaktene ønskjer utfasa) til Statens forureiningstilsyn (SFT). Produktregisteret viser at det i byggjesektoren blir nytta ca. 2400 ulike kjemiske produkt med farlege eigenskapar.
Avfall frå byggjeverksemda utgjer ca. 40 pst. av alt avfall til deponi. Det er behov for auka fokus på avfallsreduksjon, dvs. å hindre at avfall oppstår. Kvalitet i byggjeverksemda, særleg for å unngå at fuktskadar fører til forsert øydelegging av byggjevarer og konstruksjonar, er i seg sjølv viktig for å redusere avfallsmengdene. Byggjeregelverket bør i tillegg utviklast vidare og gi sterkare incentiv til å velje arealeffektive løysingar og byggjevarer med lang levetid.
I tida framover vil Husbanken, i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund (KS), ha særleg fokus på byggjeskikkarbeidet i kommunane. Byutviklinga er i dag prega av stor grad av fortetting, transformasjon og estetiske kontrastar (konfliktar mellom nytt og gammalt). Måla for byggjeskikkarbeidet i regi av Husbanken er endra holdningar i positiv lei, auka kunnskap og auka skolering.
Husbanken og Statens bygningstekniske etat (BE) er etatar som ligg under Kommunal- og regionaldepartementet. Dei administrerar økonomiske og juridiske verkemiddel som kan påverke miljøtilstanden i sektoren på ein positiv måte. Kommunal- og regionaldepartementet og etatane har eit nært samarbeid med andre offentlege instansar og med sentrale, private aktørar for å stimulere til at det blir teke miljøomsyn i bustad- og byggjesektoren.
I St.meld. nr. 23 (2003–2004) Om boligpolitikken (bustadmeldinga) føreslår regjeringa at omsynet til miljø i bustadsektoren blir gjort tydeleg som eit nytt bustadpolitisk hovudmål. Målet er å auke talet på miljøvennlege husvære og bumiljø.
BE samarbeider nært med departementet om å utvikle det tekniske bygningsregelverket og er aktivt med i internasjonalt utviklingsarbeid. BE har også eit godt samarbeid med aktørane i byggje- og anleggsnæringa. Målet i miljøhandlingsplanen om i større grad å integrere miljøomsyn i dei sentrale verkemidla for bustad- og byggjesektoren harmoniserer godt med utviklinga i internasjonale krav og avtalar retta mot sektoren.
Kommunal- og regionaldepartementet arbeider i 2004 med ein ny miljøhandlingsplan for bustad- og byggjesektoren. I planen er det formulert resultatmål og tiltak som skal gjennomførast for å møte dei utfordringane som er omtalte ovanfor. Planen gir grunnlag for betre og meir konkret rapportering.
Vi viser til omtale av ordningane under programkategori 13.80 og 13.90 med tilskot til bustadkvalitet på kap. 581, post 71 og med kompetansetilskot på kap. 581, post 78. Begge desse postane har aktivt medverka til å fremme miljøomsyn i sektoren.
Satsing i budsjetta for 2004 og 2005
Tabellen nedanfor gir ei oversikt over den samla miljøvernpolitiske satsinga i budsjetta for 2004 og 2005 på områda bustader, bumiljø og bygningssaker.
Tabell 4.1 Oversikt over den samla miljøvernpolitiske satsinga i budsjettet på områda bustader, bumiljø og bygningssaker
(mill. kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
A | B | Sum | |||||
Kap./post | 2004 | 2005 | 2004 | 2005 | 2004 | 2005 | |
581/71 | Tilskot til bustadkvalitet | 7 | 3 | 16 | 5 | 23 | 8 |
581/75 | Tilskot til utbetring av husvære | 8 | 6,5 | 20 | 17 | 28 | 23,5 |
581/78 | Forsking og utgreiing | 8 | 12,5 | 8 | 12,5 | 16 | 25 |
587 | Natur- og miljøvennleg bygging | 2 | 2 | 4,5 | 4,5 | 6,5 | 6,5 |
Sum | 25 | 24 | 48,5 | 39 | 73,5 | 63 |
A = Utgifter som fullt ut blir nytta til miljøforbetringar.
B = Utgifter der miljøomsynet er avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført.
Reduksjonen i løyvingane til miljøtiltak frå 2004 til 2005 kjem av endringar i dei totale løyvingane på dei aktuelle postane i budsjettet, og kan derfor ikkje isolert sett tolkast som ei nedprioritering av den miljøvernpolitiske innsatsen.
Satsingsområde 1: Betre arealeffektiviteten og ta større omsyn til det biologisk mangfaldet
Satsingsområdet omfattar aktivitetar og tiltak som i hovudsak er knytte til det miljøvernpolitiske hovudmålet om biologisk mangfald og dels knytte til målet som dreier seg om avfall og friluftsliv.
Aktivitetar og tiltak
Dei underliggjande etatane, Statens bygningstekniske etat (BE) og Husbanken, driv rettleiing om god planlegging av byggjeprosjekt og utvikling av nye bustadområde der arealeffektivitet og biomangfald er viktige tema. Ein har valt å leggje om Husbanken sin bruk av verkemiddel, med større innsats i tidleg planfase, for betre å kunne medverke til dette. Husbanken gir også støtte til konkrete prosjekt, jf. omtale nedanfor.
Tabell 4.2 Indikatorar – Husbanken
2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|
Prosentdel HB-finansierte nye husvære med lånetillegg til gode uteområde | 26 pst. | 39 pst. | 44 pst. |
Prosentdel HB-finansierte husvære med lånetillegg til terreng med vegetasjon | 20 pst. | 32 pst. | 37 pst. |
Prosentdel HB-finansierte husvære med lånetillegg for trafikktryggleik | 31 pst. | 39 pst. | 47 pst. |
Husbanken har gitt tilskot til pilotprosjekt i eit nettverk for byomforming som Miljøverndepartementet har teke initiativet til, og som Kommunal- og regionaldepartementet, Husbanken og ein del byar også er med i.
Husbanken samarbeider med Norsk Form og Oslo kommune for å vurdere løysingar som kan medverke til gode husvære tilpassa ulike brukargrupper og levemåtar i tettbygde bystrøk.
Husbanken har i aukande grad nytta konkurransar for å fremme god kvalitet, mellom anna berekraft og arealeffektivitet, i planlegging av nye bustadområde.
Husbanken har støtta prosjektet «Den grønne fagtjeneste», som Det norske hageselskap er ansvarleg for.
Husbanken har støtta utviklinga av ein rettleiar i plantebruk for Nord-Noreg for å stimulere til økologisk mangfald.
I Trondheim kommune har Husbanken støtta eit prosjekt for utvikling av Persaune militærleir til eit nytt bustadområde med ca. 450 husvære i nybygg og 150 i den eksisterande bygningsmassen.
Husbanken støttar eit samarbeidsprosjekt i Oslo kommune der ein skal utvikle eit system for bygging på små restareal i Oslo. Prosjektet omfattar også utarbeiding av eit miljøoppfølgingsprogram for pilotprosjekta.
Satsingsområde 2: Redusere energibruken i bygningsmassen
Satsingsområdet omfattar i hovudsak aktivitetar og tiltak knytte til det miljøvernpolitiske hovudmålet om klimaendringar.
Aktivitetar og tiltak
Eit nytt EU-direktiv om energi skal implementerast i norsk lovverk innan januar 2006. Direktivet inneber mellom anna nye og strengare energikrav til bygningar og krav om energisertifikat som viser energibruken i nye og eksisterande bygningar. Både Husbanken og BE følgjer opp direktivet, i samarbeid med mellom andre Enova, NVE, Noregs byggforskingsinstitutt og SINTEF. BE har eit særleg ansvar for å følgje opp energikrav i Teknisk forskrift.
BE har delteke i referansegruppa for eit prosjekt der ein ser nærmare på korleis bygningar med glasfasadar kan utformast slik at omsynet til energieffektivitet og til termisk komfort er tilfredstillande imøtekome. Dei vitskaplege resultata vil danne grunnlag for ein enkel rettleiar for arkitektar og prosjekterande.
Frå 2005 skal mellom anna miljø takast inn som eit av søkjargrunnlaga for det nye grunnlånet frå Husbanken. Dette er i samsvar med forslag i bustadmeldinga, som blei behandla i Stortinget i juni 2004.
Husbanken er med i prosjektet IEA SHC (Sustainable Solar Housing). Her deltek ca. 15 land, og Husbanken har prosjektleiinga for den norske deltakinga gjennom prosjektet «Kostnadseffektive lågenergihusvære». Husbanken har som mål å auke talet på ferdigstilte husvære med halvert energibehov og samarbeider på langsiktig basis med Enova, BE, SINTEF, NBI og viktige bransjeaktørar for å nå målet.
Husbanken har teke initiativ til eit delprosjekt om energimerkeordning for husvære under det internasjonale prosjektet IEA Task 28 Sustainable Solar Housing. Prosjektet er eit viktig bidrag til arbeidet med energisertifikat for husvære, som Enova etter oppdrag frå OED no har laga ei skisse til.
Husbanken planlegg å delta i det internasjonale Econo-prosjektet. Det har som hovudmål å etablere eit internasjonalt planleggings-, marknadsførings- og produksjonsnettverk som fremmar berekraftige bygningar i vêrharde strøk, både trehus og andre konstruksjonar.
Tabell 4.3 Indikatorar – Husbanken
2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|
Prosentdel av husvære med utbetringslån frå Husbanken som fekk lån til enøk-tiltak (isolasjon, betre vindauge o.a.) | 6,5 pst. | 4,5 pst. | 14,8 pst. |
Satsingsområde 3: Kartleggje og redusere bruken av helse- og miljøfarlege stoff i byggjeverksemda
Satsingsområdet omfattar i hovudsak aktivitetar og tiltak knytte til det miljøvernpolitiske hovudmålet som dreier seg om helse- og miljøfarlege kjemikal.
Aktivitetar og tiltak
Kommunal- og regionaldepartementet vil vurdere korleis vi kan medverke til at kunnskapen frå ØkoBygg-programmet blir spreidd. Resultata frå dei ulike utgreiingsprosjekta gir viktige innspel til utvikling av Teknisk byggjeforskrift og av det arbeidet Husbanken driv på miljøområdet.
BE byggjer opp ei tilsynsordning for byggjevarer som mellom anna vil omfatte fast installerte oljetankar. Ordninga vil medverke til at oljetankar blir utforma slik at ein ikkje får lekkasje av olje til miljøet/grunnen.
BE har i 2004 utarbeidd ein temarettleiar om byggjevarer, med vekt på korleis miljø- og branneigenskapar kan dokumenterast. Rettleiaren gir informasjon om etablerte merkeordningar for helse- og miljøfarlege kjemiske produkt, ordningar for miljøvaredeklarasjonar og OBS-lista (lista over stoff som miljøstyremaktene ønskjer utfasa) til Statens forureiningstilsyn (SFT). BE deltek i arbeid med å forenkle miljøvaredeklarasjonane for å gjere dei enklare og greiare å bruke.
BE samarbeider med SFT for å sikre at det på ein forsvarleg måte blir teke omsyn til brannrisikoen ved utfasinga av bruken av bromerte flammehemmarar.
BE deltek i ei arbeidsgruppe under EU-kommisjonen med ansvar for regulerte stoff i byggjevarer. Byggjevaredirektivet føreskriv bruk av byggjevarer som ikkje gir uakseptabelt høge emisjonar og lekkasjar av skadelege stoff.
BE deltek i internasjonalt standardiseringsarbeid på miljøområdet, i arbeidsgrupper knytte til nye EU-direktiv og innanfor satsinga «Sustainable Construction». BE deltek også i internasjonalt standardiseringsarbeid for eldstader.
Med støtte frå BE er det gjennomført ei evaluering av opplæringsprogrammet «Hus og Helse» frå 1992–94. BE skal oppdatere det undervisningsmateriellet om innemiljø og helse som blei produsert i tilknyting til opplæringsprogrammet.
BE deltek i ei styresmaktgruppe innanfor EU som skal finne fram til eit felles europeisk godkjenningssystem for byggjevarer i kontakt med drikkevatn (CPDW). Arbeidet er basert på Byggjevaredirektivet og Drikkevatndirektivet.
BE og Husbanken har i samarbeid drive aktivt informasjonsarbeid overfor kommunar, innbyggjarar og andre aktuelle aktørar om konsekvensane av for høge radonkonsentrasjonar i inneluft. Det er ei viktig oppgåve å syte for at nødvendig kunnskap blir spreidd og teken i bruk av aktørane.
BE gav i 2003 ut ein temarettleiar som drøftar tiltak for å hindre algevekst og spreiing av legionellabakterien.
BE og Husbanken støttar eit prosjekt der målet er å etablere eit internettbasert og brukarvennleg dataverktøy som gir arkitektar, rådgivarar, entreprenørar og utbyggjarar hjelp til å velje miljøvennlege materiale. Prosjektet er eit samarbeid mellom Noregs byggforskingsinstitutt, rådgivingsfirmaet Hambra AS og Norske Arkitekters landsforbund ved NABU.
Husbanken kan vise til ei positiv utvikling også i 2003 når det gjeld prosentdelen nye husvære med lånetillegg for HMS-tiltak. HMS er ei samlenemning for fleire typar av miljøtiltak, som mellom anna omfattar energibruk, val av materiale, avfallsproduksjon og klimatiltak.
Tabell 4.4 Indikatorar – Husbanken
2001 | 2002 | 2003 | |
---|---|---|---|
Prosentdel HB-finansierte nye husvære med lånetillegg for HMS-tiltak (helse, miljø og tryggleik) | 58 pst. | 61 pst. | 66 pst. |
Husbanken har gitt tilskot til utvikling av eit prosjekt i det byøkologiske forsøksområdet på Svartlamoen i Trondheim. Husbanken har hatt fokus på sunne materiale, energibruk, dynamiske buformer og brukarmedverknad i planleggings- og byggjeprosessen. Prosjektet er blitt til gjennom eit tett samarbeid mellom bebuarane, arkitektane og kommunen.
Husbanken er med i arbeidet for å førebu ein stor internasjonal konferanse om berekraftig byggjeverksemd, « SB05» (Sustainable Building 2005), som skal haldast i Tokyo.
Kommunal- og regionaldepartementet deltek i ei internasjonal styresmaktsgruppe, «Green Building Policy network», saman med representantar frå ei rad land. Målet med samarbeidet er å utvikle ein nettbasert database med informasjon om verkemiddel som dei ulike landa har vedteke å ta i bruk for å stimulere til utvikling av ein meir miljøvennleg bustad- og byggjesektor.
Satsingsområde 4: Redusere avfallsmengdene i samband med byggjeverksemd og auke gjenbruk og ombruk av byggjemateriale
Satsingsområdet omfattar i hovudsak aktivitetar og tiltak knytte til det miljøvernpolitiske hovudmålet om avfall og gjenvinning.
Aktivitetar og tiltak
I 2003 blei det i forureiningslova opna for at kommunane kunne vedta eigne forskrifter om krav til avfallsplanar i byggjesaker. I overkant av 30 kommunar, mellom dei storbyane og Akershus-kommunane, har fram til no innført lokale forskrifter om opplysingar om avfall i byggjesaker. Kommunal- og regionaldepartementet vil vurdere om kravet om avfallsplanar på sikt bør takast inn som ein del av byggjeregelverket.
Hjellnes Cowi har på oppdrag frå BE utarbeidd ein rapport som viser korleis utdjuping av dei gjeldande tekniske krava kan medverke til betre ressursutnytting, med hovudvekt på potensialet for avfallsreduksjon.
Byggavfall med bromerte flammehemmarar skal handterast som farleg avfall. Det bør vurderast å stille krav om merking av byggjeprodukt med bromerte flammehemmarar som framleis er i bruk. Slik merking kan takast inn i Teknisk byggjeforskrift.
Husbanken har støtta eit prosjekt om byggje- og rivingsavfall ved Noregs byggforskingsinstitutt (NBI). NBI skal greie ut korleis nye konstruksjonsløysingar og byggjesystem kan føre til ein reduksjon av avfallsmengda i byggje- og driftsfasen, og korleis auka ombruk og gjenvinning ved riving kan redusere dei samla avfallsmengdene som går til deponi.
Husbanken har vore med på å finansiere oppføring av eit gjenbrukshus i Trondheim kommune, bygd med vekt på gjenbruk av bygningsmateriale. Dei økonomiske, tekniske og miljømessige forholda knytte til gjenbrukshuset er samanlikna med tilsvarande forhold i eit tradisjonelt bygd hus (sjå: http://www.gjenbrukshus.no/files/faktaark-9-3-03-ebok.pdf).
Satsingsområde 5: Satse på god kvalitet og god byggjeskikk
Satsingsområdet omfattar i hovudsak aktivitetar og tiltak knytte til det miljøvernpolitiske hovudmålet knytt til kulturminne og kulturmiljø, men har også samanheng med måla om å redusere avfallsmengda og sikre biomangfald.
Aktivitetar og tiltak
Statens byggjeskikkpris og Opplæringsprogrammet, med tiltak som Byggjesaksskolen og regionale kurs, har vore nokre av dei viktigaste tiltaka i det byggjeskikkarbeidet Husbanken har drive i 2003.
Husbanken sitt opplæringsprogram om byggjeskikk omfattar ulike regionale og sentrale opplæringstiltak retta mot kommunar og byggjebransjen. I tillegg kjem utvikling av læremateriell til bruk både i eksterne og interne opplæringstiltak (les meir på www.hig.no eller www.husbanken.no/byggeskikk).
Husbanken har i 2004 gjennomført ein ei vekes båttur langs Sørlandskysten for å dokumentere byggjeskikken i byane. Målet med prosjektet er mellom anna å profilere den særskilde byggjeskikken i kystbyane.
Husbanken har det administrative ansvaret for Statens byggjeskikkpris, som er ein heiderspris for byggverk og bygde omgivnader som gjennom utføring, materialbruk, utforming og samspel med stad og miljø kan medverke til å heve, fornye og utvikle den allmenne byggjeskikken. Prisen blir delt ut årleg og er på kr 300 000.
Husbanken var i 2003 involvert i og gav støtte til utviklinga av fleire konkurransar, mellom anna
ein nordisk konkurranse om «Kunnskapsbyen Lillestrøm»
«Europan», ein europeisk bustadkonkurranse med tomter i Oslo, Stavanger og Tromsø
konkurransen «Landkjenne», stadutvikling der Hurtigruta legg til i Rørvik, Stokmarknes, Skjervøy og Hammerfest
ein open internasjonal arkitektkonkurranse for Arktisk KulturSenter og Findus-området i Hammerfest
Husbanken har gitt støtte til eit utviklingsprosjekt for Biri Sag og Mølle i Gjøvik kommune.
Husbanken har gitt støtte til Steinkjer kommune sitt stadutviklingsprosjekt «Attraktive Steinkjer», der ei av oppgåvene er å synleggjere dei kvalitetane som ligg i gjenreisingsbyen og arkitekturen fram mot byjubileet i 2007.
Husbanken har gitt støtte til eit prosjekt om barn i by knytt til det siste byggjetrinnet i transformasjonsområdet på Nedre Elvehavn i sentrum av Trondheim.
Husbanken har gitt råd og har hjelpt til med å utvikle ein byggjeskikkrettleiar for Alta kommune (sjå www.alta.no).
I samarbeid med Miljøverndepartementet har BE starta opp arbeid med ein temarettleiar kalla «Grad av utnytting». Eit av måla med rettleiaren er å avklare forhold som har verknad for den estetiske kvaliteten til eit byggverk, og å finne ut korleis kvalitetsmåla blir dokumenterte i byggjesaker.
Riksantikvaren og BE samarbeider om ein temarettleiar om bevaring av eksisterande bygningar. BE vil arbeide for at byggjeregelverket på ein betre måte blir tilpassa rehabiliteringstiltak.
Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet vil sjå nærmare på om kulturminne i aukande grad kan framstå som ressursar i utviklinga av gode lokalsamfunn.
Satsingsområde 6: Leggje til rette for og gjennomføre miljøvennleg forvaltning, drift og vedlikehald
Satsingsområdet omfattar aktivitetar og tiltak knytte til fleire av dei miljøvernpolitiske hovudmåla.
Aktivitetar og tiltak
BE deltek i ei nasjonal nettverksgruppe for eit nordisk prosjekt om livssykluskostnader (LCC). Meir utbreidd bruk av dette verktøyet i prosjekteringsfasen vil vere med på å auke merksemda omkring driftskostnadene i byggjesektoren. BE vil sjå nærmare på om LCC-tankegangen kan integrerast i byggjeregelverket.
BE deltek i Standard Noreg si nemnd kalla «Levetid for bygningar», der det blir arbeidd med standardar som vil framheve faktorar som påverkar levetida til bygningar. Estimert levetid vil vere ei sentral opplysing ved miljødeklarering av byggjevarer, og kan føre til at det blir valt meir miljørette byggjevarer.
Husbanken støttar prosjektet OIKOS NOMOS. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom NBI, Selvaagbygg, OBOS og Siemens/ORAS. Hovudmålet for prosjektet er å utvikle energi- og miljøeffektive husvære, som høver for bygging i stor skala i byar. Prosjektet skal integrere sosiale, energi- og miljømessige og økonomiske aspekt i ei berekraftig utvikling. Eit mål er å finne svar på korleis det er mogleg å byggje berekraftige husvære utan at bukostnadene aukar.
Husbanken gir støtte til eit kartleggingsprosjekt om eksisterande kunnskap og ambisjonsnivå knytt til berekraftige bu- og bygningsmiljø. Sjå NABU (Norske arkitekter for bærekraftig utvikling) sin database «ECO ark» under www.arkitektur.no.
Husbanken har støtta eit prosjekt om byøkologisk planleggingsverktøy. Verktøyet skal vere eit hjelpemiddel både for bransjen og for kommunane i utarbeidinga av miljøoppfølgingsprogram og miljørekneskap.
Husbanken gjennomførte i 2003 seks verkstader/kurs og ti fagdagar/seminar/konferansar med tema som hadde med miljø og energi å gjere.
Programkategori 13.40 Samiske formål
Kommunal- og regionaldepartementet har eit samordningsansvar for samepolitikken og politikken overfor nasjonale minoritetar. Departementet har få eigne verkemiddel på desse områda. Prinsippet om sektoransvar for departementa gjeld også her, slik at fagdepartementa har ansvaret for å følgje opp samepolitikken og politikken overfor nasjonale minoritetar innanfor sine sektorar, også når det gjeld miljøspørsmål. Sametinget står sentralt i miljøarbeidet på det samepolitiske området og ønskjer å delta på mest mogleg like vilkår med dei sentrale styresmaktene når det gjeld å oppnå ei meir miljøvennleg og berekraftig utvikling.
Miljøpolitikk og samiske interesser og rettar er knytte til samiske utmarksnæringar som reindrift, laksefiske, kyst- og fjordfiske osv. I tillegg er det samiske perspektivet svært viktig når det gjeld å bevare kulturlandskap og kulturminne.
I arbeidet med verneregime er det ei utfordring å integrere samiske interesser og rettar. Kulturlandskapet er i mange tilfelle blitt forma av den tradisjonelle måten samane har nytta naturen på. Ved utarbeiding av nye verneregime er det derfor viktig at denne tradisjonelle bruken blir teken vare på og ført vidare. Sametinget meiner at den samiske deltakinga i verneplanprosessane ikkje har vore god, og at det i fleire av verneforslaga ikkje er teke nok omsyn til samisk kultur og næringsverksemd. Sametinget har bede om større mynde og betre høve til å påverke verneplanprosessar, og ønskjer at dette kjem inn i lovverket. I utviklinga av verneregime legg regjeringa vekt på å ha ein god dialog med Sametinget og reindriftsnæringa for å sikre at det blir teke omsyn til samiske rettar og interesser, mellom anna i forhold til artikkel 8j i konvensjonen om biologisk mangfald.
Sametinget deltek i det internasjonale arbeidet med konvensjonen om biologisk mangfald, med spesiell vekt på artikkel 8j, som omhandlar tradisjonell kunnskap blant urfolk. Sametinget deltok mellom anna på arbeidsgruppa sitt møte i Montreal i desember 2003. Eit tema var retningslinjer for konsekvensanalysar av tiltak som påverkar urfolk sine landområde og heilage stader, i tillegg til miljømessige, sosiale og kulturelle forhold. Eit anna tema var system for bevaring av tradisjonell kunnskap.
Sametinget har eit samla og heilskapleg ansvar for samiske kulturminne i heile det samiske bruks- og busetjingsområdet i seks fylke. Miljø- og kulturminneavdelinga i Sametinget behandla i underkant av 1845 enkeltsaker i forhold til kulturminnelova og plan- og bygningslova i 2003. Sametinget er også representert i kulturlandskapsgrupper, arealplanforum og miljøforum i dei enkelte fylka. Sametinget mottok i 2004 ei løyving på 2 mill. kr til samiske kulturminneverntiltak.
Sametinget arbeider med fleire planar knytte til samiske kulturminne. Forvaltningsplan for Skoltebyen kulturmiljø blei vedteken i 2003. Planen skal følgjast opp av det nyetablerte Østsamisk museum. Forvaltningsplanen for Mortensnes kulturminneområde i Nesseby kommune vil bli behandla i 2004. Planen inneheld forslag om korleis området best mogleg kan skjøttast og forvaltast i framtida. Varjjat Sámi Musea vil ha ei sentral rolle i den praktiske oppfølginga av planen. Rapporten «Vern og forvaltning av samiske byggverk» blei også sluttbehandla i 2003. Her blir det peikt på store utfordringar når det gjeld å oppnå eit aktivt samisk bygningsvern. Det er gjennomført eit forprosjekt for ein skjøtselsplan for hellemåleria i Ruksebakti i 2003, der det er lagt vekt på dialog med og deltaking frå lokalbefolkninga. I 2003 blei det dokumentert urgraver og offergraver i Geisvik i Narvik kommene, og nokre i Vassdalen. Talet på uregistrerte graver i Geisvik er det største utanom Finnmark.
«GRØN STAT» – Innføring av miljøleiing i statlege verksemder
Kartlegging av miljøpåverknad – målsetjingar
Kommunal- og regionaldepartementet har gjennomført ei kartlegging av vesentlege miljøaspekt ved drifta av departementet, og har sett opp mål og tiltak/handlingsplanar som bør gjennomførast som ledd i prosjektet «Grøn stat», i Kommunal- og regionaldepartementet kalla «Grønt KRD». Det viktigaste miljømålet for «Grønt KRD» er at departementet skal drivast på ein mest mogleg miljøvennleg måte, av miljømedvitne medarbeidarar. Eit grønt Kommunal- og regionaldepartement inneber mellom anna å stille miljøkrav ved innkjøp, at tenestereiser skjer mest mogleg miljøvennleg, og at avfallsmengda blir redusert.
Dei fleste av verksemdene knytte til departementet har starta opp arbeidet med å innføre miljøleiing. Mellom anna har Utlendingsnemnda innført eit heilskapleg internkontrollsystem der miljøleiing og Grøn stat er teke med. Vidare er det i tildelingsbreva til verksemdene for 2004 innarbeidd eit pålegg om å innføre miljøleiing i verksemda.