1 Omtale av tiltak innanfor den breie distriktspolitikken
1.1 Innleiing
Vedlegget har som siktemål å følgje over tid statleg innsats og statlege tiltak som er viktige med tanke på å nå regional- og distriktspolitiske mål. Utvalet av tiltak og ordningar er gjort ut frå skjønn, basert på ei kartlegging av relevante statlege tiltak.
Vedlegget gir ei oversikt over tiltak som i hovudsak er knytte til det distriktspolitiske området for økonomiske verkemiddel. Vedlegget gir også ei oversikt over viktige ordningar som berre gjeld i Finnmark og Nord-Troms.
Ei rad former for statleg innsats som dekkjer heile landet, er også viktige for å nå dei regional- og distriktspolitiske måla. Det gjeld til dømes vegtiltak, høgre utdanning, FoU, arbeidsmarknadstiltak og overføringar til kommunane. Denne typen ordningar er likevel ikkje tekne med i oversikta, ettersom det er problematisk å skilje ut regional- og distriktspolitiske delar frå heilskapen.
Dei økonomiske distriktspolitiske ordningane under programområde 13.50 Regional- og distriktspolitikk i budsjettet for Kommunal- og regionaldepartementet er heller ikkje tekne med i vedlegget. Desse ordningane er presenterte i hovudteksten i denne proposisjonen.
Dei tiltaka som er med i oversikta, er delte i to kategoriar:
Kategori A: Tiltak og ordningar som har distriktspolitiske omsyn som grunngiving, eller som favoriserer distriktsområde utover kompensasjon for å oppnå like tilbod.
Kategori B: Tiltak og ordningar som skal utjamne og kompensere for å oppnå like resultat mellom grupper og område, eller som er lokaliserte til distriktsområde på grunn av gitte forhold og er særleg viktige for næringsutvikling, sysselsetjing, lokal økonomi eller busetnad. Under kategori B er berre tiltak med løyvingar på over 10 mill. kr tekne med.
1.2 Spesielle tiltak for Nord-Troms og Finnmark
Tabell 1.1 viser ei oversikt over viktige ordningar som berre gjeld for Nord-Troms og Finnmark. Dei viktigaste ordningane i oversikta er innanfor skatte- og avgiftspolitikken. To andre store ordningar er lette i nedbetaling av studielån og tillegg i barnetrygda. Den mest omfattande ordninga i Nord-Troms og Finnmark er fritaket for arbeidsgivaravgift, men dette kjem inn under den samla summen for differensiert arbeidsgivaravgift i tabell 1.2.
I tillegg er det etablert særordningar for Nord-Noreg på fleire politikkområde. Dette kjem i tillegg til dei ordningane som er presenterte i tabell 1.1 (sjå tabell 1.3). Innanfor fleire sektorar er dessutan Nord-Noreg gitt spesiell prioritet ved disponeringa av ordinære verkemiddel. Landsdelen er også prioritert ved bruken av dei distriktspolitiske verkemidla under Kommunal- og regionaldepartementet.
Tabell 1.1 Spesielle tiltak for Nord-Troms og Finnmark
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Politikkområde | Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2003 | Budsjett 2004 | Forslag 2005 |
Økonomisk politikk | Lågare skatt på vanleg inntekt | FIN | A | inntektstap | 285 000 | 320 000 | 325 000 |
Særskilt frådrag i vanleg inntekt | FIN | A | inntektstap | 230 000 | 230 000 | 250 000 | |
Inga el-avgift på forbruk i Finnmark og Nord-Troms | FIN | A | inntektstap | 160 000 | 200 000 | 200 000 | |
Lågare toppskatt for Finnmark og Nord-Troms | FIN | A | inntektstap | 45 000 | 45 000 | 18 000 | |
Frådrag i positiv næringsinntekt for skiferdrivarar i Finnmark og Nord-Troms | FIN | A | inntektstap | 3 000 | 3 000 | 3 000 | |
Næringspolitikk | Reindriftsforvaltning – omstillingstiltak i Indre Finnmark | LD | B | 1147/71 | 1 919 | 8 222 | 11 502 |
Utdanning og forsking | Ettergiving av lån til utdanning | UFD | A | 2410/73 | 71 221 | 71 000 | 84 000 |
Oppvekst og omsorg | Særskilt tillegg til barnetrygda | BFD | A | 0845/70 | 85 000 | 88 000 | 87 000 |
Lønnstillegg for førskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms | BFD | A | 856/60 | 1 500 | 1 500 | 1 549 | |
Levekår, miljøvern og offentlege tenester | Rettshjelpskontor i Indre Finnmark | JD | A | 470/72 | 1 254 | 1 245 | 1 245 |
Distribusjonstilskot til aviser i Finnmark | KKD | A | 335/77 | 1 560 | 1 560 | 1 560 |
1.3 Økonomisk politikk
Omlegginga i ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift frå og med 2004 fører til at omfanget av ordninga blir vesentleg redusert. Samtidig er det lagt opp til full kompensasjon gjennom andre ordningar. Nedanfor presenterer vi ei tabelloversikt over omlegginga og forslag til kompenserande tiltak. Innhaldet i omlegginga og dei kompenserande tiltaka blei presenterte i si fulle breidd i St.prp. nr. 1 (2003–2004) Skatte-, avgifts- og tollvedtak og i St.prp. nr. 1 (2003–2004) frå Kommunal- og regionaldepartementet. Omlegginga er også omtalt under programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk tidlegare i denne budsjettproposisjonen.
Tabell 1.2 Differensiert arbeidsgivaravgift og kompenserande tiltak ved omlegginga i 20051
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2003 | Budsjett 2004 | Forslag 2005 |
Økt proveny ved full sats (14,1 pst.) for arbeidsgivaravgift i heile landet | FIN | A | inntektstap | 8 420 000 | – | – |
Behalde differensiert arbeidsgivaravgift i tiltakssona for Finnmark og Nord-Troms | FIN | A | – | 1 520 000 | 1 585 000 | |
Behalde differensiert arbeidsgivaravgift for landbruk og fiskeri | FIN | A | – | 300 000 | 320 000 | |
Overgangsperiode over tre år i privat sektor i sone 3 og 4 (full sats blir innført i 2007) | FIN | A | – | 1 000 000 | 700 000 | |
Bagatellmessig støtte i sone 2–4 (ekskl. landbruk og fiskeri) | FIN | A | – | 2 330 000 | 2 410 000 | |
Overgangsperiode over tre år i offentleg sektor (full sats blir innført i 2007) | FIN | A | – | 1 250 000 | 830 000 | |
Kompensasjon til offentleg sektor | KRD | A | – | 1 440 000 | 1 950 000 | |
Næringsretta tiltak i regionane – kompensasjon for arbeidsgivaravgift | KRD | A | – | 510 000 | 810 0002 | |
Transportstøtte | KRD | A | 200 000 | 300 000 |
1 Tabellen viser inntektsnivå og utgifter som ein reknar med blir opparbeidde i 2005. Delar av inntektstapa og utgiftene vil først bli bokførte i statsrekneskapen for 2005, jf st. prp. nr. 1 (2003–2004) Skatte- avgifts- og tollvedtak.
2 Tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms samt landbruk og fiskeri er ikkje omfatta av omlegginga av differensiert arbeidsgiveravgift. I berekninga av kompensasjonsbeløp knytt til løyving i 2005 og tilsegnsfullmakt for 2005 (differansen mellom den påløpte og bokførte verknaden av omlegginga i 2005) er det derfor sett vekk frå differansen mellom påløpt og bokført verknad av vidareføringa av nullsatsen i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms og for landbruk og fiskeri. Avviket mellom påløpt og bokført provenyverknad av desse ordningane skriv seg berre frå lønsveksten frå 2004 og 2005. Dette avviket er ikkje inkludert i tilsegnsfullmakta.
Tabell 1.3 viser fordelen av fritak for meirverdiavgift på straum og av Nord-Noreg-tilskotet og regionaltilskotet i kommuneøkonomien. Regionaltilskotet gjeld berre for kommunar med færre enn 3000 innbyggjarar.
Tabell 1.3 Fritak for meirverdiavgift på straum i Nord-Noreg, Nord-Noreg-tilskotet og regionaltilskotet
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2003 | Budsjett 2004 | Forslag 2005 |
0-sats for meirverdiavgift ved forbruk av elektrisk kraft og energi frå andre fornybare energikjelder i Nord-Noreg | FIN | A | inntektstap | 760 000 | 630 000 | 650 000 |
Rammetilskot til kommunane – regionaltilskotet | KRD | A | 571/63 | 582 838 | 552 511 | 561 526 |
Rammetilskot til kommunane/fylkeskommunane i Nord-Noreg | KRD | A | 571/62, 572/62 | 1 077 719 406 524 | 1 112 156 419 545 | 1 147 015 433 117 |
Rammetilskot til kommunane/fylkeskommunane – skjønnstilskot | KRD | B | 571/64, 572/64 | 3 169 700 1 181 300 | 2 750 408 1 207 592 | 2 772 285 1 246 198 |
1.4 Næringspolitikk
Størstedelen av tabell 1.4 viser ei rad tilskotsordningar til landbruket. I tillegg er støtte til skipsbygging teken med, ettersom fleire store skipsverft er lokaliserte i distrikta. Også viktige tiltak retta mot fiskerinæringa er tekne med.
Landbruk er tradisjonelt ei av de viktigaste næringane i distrikta. Storleiken på tilskota til landbruket blir det forhandla om i dei årlege jordbruksoppgjera. Ein del tilskot innanfor landbruket har ei distriktspolitisk grunngiving, til dømes pristilskot for mjølk og distrikts- og kvalitetstilskot for frukt, bær, veksthusgrønsaker og poteter. Desse tilskota går derfor inn under kategori A.
Tabell 1.4 Næringspolitikk
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2003 | Budsjett 2004 | Forslag 2005 |
Pristilskot mjølk | LD | A | 1150/73 | 477 349 | 454 200 | 459 900 |
Distrikts- og kvalitetstilskot for frukt, bær, veksthusgrønsaker og poteter | LD | A | 1150/73 | 61 736 | 50 000 | 51 000 |
Pristilskot kjøt | LD | A | 1150/73 | 726 333 | 611 000 | 618 600 |
Distriktstilskot egg | LD | A | 1150/73 | 4 362 | 4 500 | 5 400 |
Driftstilskot mjølkeproduksjon | LD | B | 1150/74 | 1 248 483 | 1 201 000 | 1 053 100 |
Tilskot til husdyr | LD | B | 1150/74 | 2 235 564 | 2 286 025 | 2 121 665 |
Tilskot til norsk ull | LD | B | 1150/73 | 172 910 | 163 200 | 158 100 |
Tilskot til avløysing for ferie og fritid | LD | B | 1150/78 | 1 008 495 | 1 054 819 | 1 049 819 |
Tilskot til areal og kulturlandskap | LD | B | 1150/74 | 3 010 348 | 3 033 059 | 3 032 819 |
Frakttilskot | LD | B | 1150/73 | 220 615 | 228 300 | 216 300 |
Reindriftsavtalen | LD | B | 1151 | 98 041 | 95 000 | 95 000 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for reindrift | FIN | B | inntektstap | 6 000 | 6 000 | 6 000 |
Miljøtiltak | LD | B | 1150/50 | 169 400 | 135 200 | 143 300 |
Tilskot til inseminering (veterinærreiser) + avlsorganisasjonar | LD | B | 1150/77 | 81 122 | 81 860 | 81 860 |
Tilskot til pelsdyrfôrlag | LD | B | 1150/77 | 27 300 | 27 200 | 23 200 |
Andre arealbaserte tilskotsordningar | LD | B | 1150/74 | 218 160 | 218 901 | 173 901 |
Tilskot til regionale miljøprogram | LD | B | 1150/74 | – | – | 56 100 |
Bygdeutvikling | LD | B | 1150/50 | 303 400 | 286 000 | 326 000 |
Rentestøtte (ny f.o.m. 2003) | LD | B | 1150/50 | 166 100 | 140 313 | 92 225 |
Tilskot til skogsbilvegar | LD | B | 1150/50 | 50 840 | – | – |
Tilskot til skogbruksplanlegging | LD | B | 1150/50 | 40 400 | 35 100 | 25 000 |
Tilskot til skogsbilvegar | LD | B | 1149/50 | 50 840 | – | – |
Tilskot til skogkultur | LD | B | 1149/50 | 13 871 | – | – |
Tilskot til taubane, hest o.a. | LD | B | 1149/50 | 6 950 | – | – |
Tilskot til organisert virkesomsetning | LD | B | 1149/50 | 3 500 | 2 000 | 2 000 |
Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket | LD | B | 1149/50 | 135 950 | 135 950 | 95 000 |
Føringstilskot | FID | A | 1040/70 | 42 198 | 25 000 | 3 |
Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar | NHD | B | 0939/50 | -300 | -3501 | 0 |
Overføring til fond for ei avgrensa ordning for støtte ved skipskontraktar | NHD | B | 0939/51 | 300 | 0 | 0 |
Distriktsretta ordning | NHD | A | 2420/56 | – | 0 | 0 |
Lån til distriktsretta ordning | NHD | A | 2420/96 | 31 0002 | 0 | 0 |
Tapsfond, såkornkapitalfond | NHD | B | 2421/51 | – | 100 000 | – |
Lån til såkornkapitalfond | NHD | B | 2421/91 | – | 400 000 | – |
Tilskot til fiskerihamneanlegg | FID | B | 1062/60 | 21 086 | 27 400 | 28 300 |
Fiskerihamneanlegg | FID | B | 1062/30 | 128 054 | 98 430 | 80 521 |
Strukturtiltak i fiskeflåten | FID | B | 1040/70 | 10 542 | – | – |
Tilskot til strukturtiltak for kapasitetstilpassing i fiskeflåten | FID | B | 1040/71 | 0 | 70 000 | 0 |
Tilskot til strukturtiltak for kapasitetstilpassing i fiskeflåten | FID | B | 1050/76 | – | – | 70 000 |
Lineegnesentralar | FID | B | 1040/70 | 11 274 | 0 | 0 |
Garantilott | FID | B | 1040/70 | 12 350 | 11 000 | – |
Garantilott | FID | 1050/75 | 3 | |||
Nyskaping, omstilling og tilpassing av kapasiteten i fiskerinæringa | FID | B | 2415/72 | 4 150 | 0 | 0 |
Tilskot til næringsutvikling i marin sektor | FID | B | 2415/74 | 10 111 | 0 | – |
Marint innovasjonsprogram | FID | B | 2415/75 | 1 109 | 10 000 | 10 000 |
1 Av disse ble 50 mill. kr dratt inn i forbindelse med nysalderingen og 300 mill. kr i forbindelse med RNB.
2 Det ble for 2003 bevilget 900 mill. kroner på posten, samt 175 mill. kroner over post 56. 31. mill. kroner er utlånsmassen for løpende lån under den distriktsrettetede låneordningen. Distriktsrettet såkornordning er per 1. september 2004 ikke operativ.
3 Fiskeriavtalen seiast opp frå 1. januar 2005. Føringstilskot vidareførast innafor løyvinga på kap. 1050 post 75 – Tilskot til næringstiltak i fiskeria, men beløpet er førebels ikkje fastsett.
1.5 Infrastruktur
Tabell 1.5 omfattar fleire tiltak som skal medverke til å redusere ekstrakostnader som følgjer av ulemper knytte til avstand. To døme er «godtgjersle for innanlandske flyruter – kjøp av flyrutetenester» og «kjøp av posttenester som er bedriftsøkonomisk ulønnsame». «Tilskot til utjamning av overføringstariff» skal redusere overføringstariffen for sluttbrukarar som er knytte til distribusjonsnett i område av landet med høge overføringskostnader. Dette medverkar til å redusere ulempene knytte til avstand for dei som bur i distrikta. «Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift» skal nyttast til vegtiltak som skal medverke til å redusere transportkostnadene for næringslivet i dei områda som fekk auka arbeidsgivaravgift frå og med 2000.
Tabell 1.5 inneheld ikkje oversikt over midlar til vegutbygging eller rassikringstiltak. Dette er tiltak som blir rekna som svært viktige for distrikta, men ei oversikt er berre interessant i eit distriktspolitisk perspektiv dersom midlane er fordelte på fylke og regionar.
Tabell 1.5 Infrastruktur
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2003 | Budsjett 2004 | Forslag 2005 |
Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift | SD | A | 1320/33 | 68 741 | 45 300 | 46 100 |
Kjøp av innanlandske flyruter | SD | B | 1310/70 | 399 603 | 420 500 | 444 000 |
Kjøp av posttenester som er bedriftsøkonomisk ulønnsame | SD | B | 1370/70 | 305 000 | 316 000 | 326 000 |
Legging av fast dekke på riksvegar | SD | B | 1320/32 | 134 800 | 0 | 0 |
Tilskot til utjamning av overføringstariff | OED | B | 1820/73 | 10 000 | 40 000 | 20 000 |
HØYKOM1 | NHD | B | 914/50 | 51 500 | 66 500 | – |
HØYKOM1 | MOD | B | 1508/50 | – | – | 69 000 |
1 Frå og med hausten 2004 blir IT-politikk overført til Moderniseringsdepartementet sitt ansvarsområde. Av dei totale midlane på 66,5 mill. kr til HØYKOM for 2004 gjekk 30 mill. kr til HØYKOM distrikt. Kor mykje som skal gå til HØYKOM distrikt av dei samla midlane til HØYKOM for 2005, er enno ikkje fastlagt.
1.6 Helse, oppvekst og omsorg
Viktige tiltak under denne overskrifta er tilskot som skal medverke til å betre stabiliteten og rekrutteringa til allmennlegetenesta og andre helsetenester i distrikta. I tillegg blir det gitt eigne tilskot til apotek i utkantkommunar for å sikre tilgang på medisinar.
Det overordna helsepolitiske målet er at helsetenestetilbodet skal vere likeverdig uavhengig av bustad, alder, kjønn og sosial status. Dette blir sikra gjennom midlar til sjukehusa og gjennom kommuneøkonomisystemet.
Tabell 1.6 Helse, oppvekst og omsorg
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2003 | Budsjett 2004 | Forslag 2005 |
Tilskot til apotek | HD | B | 0751/70 | 12 500 | 14 900 | 19 000 |
Utdannings- og rekrutteringstiltak i tannhelsetenesta og i allmennlegetenesta1 | HD | B | 0724/21 | 26 850 | 23 400 | 23 855 |
Av dette allmennlegetenesta | HD | B | 0724/21 | 16 100 | 12 650 | 14 050 |
Av dette tannhelsetenesta2 | HD | B | 0724/21 | 10 750 | 10 750 | 9 805 |
Fraktrefusjonsordning for lækjemiddel3 | HD | B | 0751/70 | 45 600 | 23 340 | 23320 |
1 Midlane til utdannings- og rekrutteringstiltak i tannhelsetenesta og allmennlegetenesta blei frå budsjettet for 2003 samla på kap./post 700/21. Frå 2004 er midlane samla på 724/21. Rekneskap for 2002 refererer til gammal kap./post 701/20 og 705/60, medan tala for 2003 gjeld kap./post 705/21.
2 Midlar til utdannings- og rekrutteringstiltak i tannhelsetenesta blei i 2002 gitt over kap./post 701/21.
3 Midlane til fraktrefusjonsordninga for lækjemiddel blei redusert i 2003 i samband med innføringa av botnfrådrag for apoteka.
1.7 Levekår, offentlege tenester og miljøvern
Ordningane som er viste i tabell 1.7, er i hovudsak knytte til kulturtilbodet i distrikta og i landsdelar utanfor det sentrale Austlandet, men gjeld òg offentlege tenester som arbeidsmarknadstiltak, ungdomstiltak og miljøverntiltak. «Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk» skal medverke til å halde oppe talet på norske sjøfolk på norske skip og gå til utdanning for sjømannsstanden. Tilskotet medverkar spesielt til å halde oppe sysselsetjinga i kystdistrikta.
Generelle landsdekkjande ordningar, som arbeidsmarknadstiltak, er ikkje tekne med i denne oversikta.
Tabell 1.7 Levekår, offentlege tenester og miljøvern
(i 1000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Departement | Kategori | Kap./post | Rekneskap 2003 | Budsjett 2004 | Forslag 2005 |
Styrking av oppvekstmiljøet | BFD | A/B | 0857/72 | 2 600 | 2 600 | 1 |
Ungdomssatsing i distrikta | BFD | A | 0857/72 | 5 168 | 5 165 | 5 342 |
Landsdelsmusikarar i Nord-Noreg | KKD | A | 323/74 | 13 116 | 13 556 | 13 841 |
Vestnorsk filmsenter | KKD | A | 334/71 | 3 400 | 3 500 | 3 500 |
Nordnorsk filmsenter | KKD | A | 334/72 | 5 783 | 5 916 | 5 916 |
Tilskotsordning for museum2 | KKD | B | 328/60 | 146 946 | – | – |
Det nasjonale museumsnettverket2 | KKD | B | 328/70 | – | 397 587 | 417 550 |
Lokale og regionale kulturbygg | KKD | B | 320/60 | 8 000 | – | –3 |
Rikskonsertane | KKD | B | 323/01 | 104 568 | 105 513 | 111 396 |
Musikk- og scenekunstformål – region- og landsdelsinstitusjonar og knutepunktinstitusjonar | KKD | B | 323/71, 323/72, 324/71 | 316 924 | 330 671 | 345 351 |
Biletkunst- og museumsformål – knutepunktinstitusjonar | KKD | B | 332/72, 328/72 | 43 053 | 31 765 | 32 516 |
Regional filmsatsing | KKD | B | 334/73 | – | – | 7 500 |
Erstatningstiltak og førebyggjande tiltak mot rovvilt | MD | B | 1427/72,73 | 98 831 | 116 474 | 109 006 |
Tilskot til kalking og lokale fiskeformål | MD | B | 1427/70 | 97 234 | 86 200 | 80 200 |
1 Løyvinga blir ikkje bestemt før budsjettet er vedteke i Stortinget.
2 Tilskotsordning for museum er frå 2004 overført til ein 70-post, frå 328/60 til 328/70.
3 Tilskotsordninga er avvikla, jf. omtale i St.prp. nr. 66 (2002–2003) Om lokaldemokrati, velferd og økonomi i kommunesektoren (kommuneproposisjonen).