1 Samandrag
1.1 Overordna mål, strategiar og utfordringar
Som eit ledd i arbeidet mot fattigdom legg regjeringa med dette fram ei tilråding om ei styrkt, statleg bustøtteordning. Ein må sjå satsinga i samanheng med dei bustadpolitiske måla om å redusere talet på vanskelegstilte på bustadmarknaden og å få slutt på bustadløyse.
Hovudstrategien til regjeringa for å motarbeide fattigdom er å få flest mogleg i lønt arbeid. Samtidig er det ein bustadpolitisk strategi at flest mogleg skal kunne klare seg sjølve i eigen bustad. Bustøtta skal støtte desse strategiane.
Prisane på bustader som ein eig eller leiger, og renta på bustadlån har stige mykje dei seinare åra, og buutgiftene til husstandane har auka. Unge som skal etablere seg i eigen bustad for første gong, og dei som har låge inntekter, har dei høgaste buutgiftene sett i høve til inntekta. Bustøtta er eit effektivt verkemiddel for å motarbeide fattigdom fordi ho er retta mot dei som både har låg inntekt og høge buutgifter.
På vegen mot ei styrkt bustøtte er det fire hovudutfordringar med reglane som gjeld i dag:
kravet om at søkjarar utan barn må vere trygda for å få bustøtte
forelda krav til utforming og finansiering av bustaden
låge inntektsgrenser for barnefamiliar
ulik handsaming av søkjarane og kompliserte reglar
Krav om at søkjarar utan barn må vere trygda for å få bustøtte
I dag er det eit krav at søkjarar utan barn må ta imot trygd, eller andre offentlege ytingar, for å få bustøtte. Kravet fører til at mange som bur aleine, og par utan barn fell utanfor ordninga. Ut frå målet om at flest mogleg skal ta lønt arbeid, kan kravet om at søkjaren må vere trygda for å få bustøtte, verke negativt. Det fordi kravet kan føre til at dei som får bustøtte, mistar motivasjonen til å ta lønt arbeid, og fordi det kan auke motivasjonen til dei som ikkje får støtte, til å få status som trygda.
Krav til utforming og finansiering av bustaden
For å få bustøtte må bustaden etter hovudregelen vere på minst 40 m2 og ha separat kjøkken og soverom. For pensjonistar som eig bustaden sin sjølv, og som har ei inntekt over minstepensjonen pluss 30 prosent, er det eit krav at bustaden er finansiert med husbanklån, og at lånet ikkje er nedbetalt.
Bustadkravet gjer at dei som bur i moderne bustader med opne kjøkkenløysingar, og dei som bur i eittroms-bustader, ikkje kan få bustøtte. Kravet til finansiering gjer at søkjarar som elles ville fått bustøtte, ikkje kan få det fordi bustaden ikkje er finansiert med husbanklån, eller fordi husbanklånet er nedbetalt. Både krava til bustad og krava til finansiering gjer bustøtta mindre effektiv og treffsikker i arbeidet mot fattigdom.
Låge grenser for inntekta til barnefamiliar
For å få bustøtte må inntekta til husstanden vere svært låg. Dei låge inntektsgrensene fører til at særleg mange barnefamiliar fell utanfor ordninga.
Ein familie på fire som bur utanfor storbyane, får ikkje bustøtte dersom familien tener meir enn 194 000 kroner per år. I Oslo fell dei utanfor dersom dei tener meir enn 219 000 kroner. Oslo er den kommunen som har dei høgaste inntektsgrensene.
Riksrevisjonen la nyleg fram Dokument nr. 3:8 (2007-2008) Tilbudet til de vanskeligstilte på boligmarkedet. Det konkluderte med at dei statlege, bustadsosiale verkemidla i Husbanken ikkje når ut til alle dei vanskelegstilte. Dette kjem av at mange fell utanfor bustøtteordninga, mellom anna fordi dei har for høg inntekt, samtidig med at dei har for låg inntekt til å få eit husbanklån.
Lik handsaming av søkjarane og enkle reglar
Det er eit mål for offentleg forvaltning at søkjarane skal bli handsama likt, og at reglane skal vere enklast mogleg. Reglane skal ikkje føre til at søkjarane blir handsama meir ulikt enn det som er nødvendig for å sikre ei effektiv og treffsikker ordning.
1.2 Framlegg til nye reglar for bustøtta
I framlegget skal alle med låg inntekt og høge buutgifter, bortsett frå studentar og militært og sivilt tenestepliktige, kunne få bustøtte når dei elles fyller krava. Dette opnar ordninga for dei som ikkje har barn og som heller ikkje er trygda.
Framlegget tilrår å forenkle og modernisere krava til bustaden og å fjerne kravet til finansiering for alle søkjargruppene.
I dag får alle sjølveigarar utrekna utgifter til drift og vedlikehald av bustaden, sjølv om dei betaler felleskostnader til sameiget. I framlegget tilrår departementet å leggje felleskostnader til grunn for denne gruppa, som for bebuarar i burettslag. Det blir òg tilrådd å forenkle utrekninga av buutgiftene for sjølveigarar utan felleskostnader.
Utgifter til oppvarming av bustaden blir i dag dekte med ein sjablong for personar med alders-, uføre- og attlevandepensjon som har ei inntekt som er lågare enn minstepensjonen, pluss 30 prosent. Det blir gjort framlegg om at alle pensjonistar i dei nemnde gruppene skal få dekt utgifter til oppvarming når utgiftene ikkje går inn i husleiga eller felleskostnadene. Det blir tilrådd at utgiftene blir dekte med ein sjablong som er lik for alle husstandane i landet.
Bustøtta skal motivere til å etablere seg i bustad, som ein eig eller leiger. Ho må da verke saman med låneordningane til Husbanken. Det blir derfor tilrådd å dekkje utgifter til bustadlån, som i dag.
Buutgiftstaket er den øvste grensa for dei buutgiftene som blir rekna med i bustøtta. Det blir tilrådd å auke taket for alle husstandane. Funksjonshemma kan søkje om å få dekt enda høgare buutgifter.
Bustadprisane i dei største byane er høgare enn i resten av landet. Det blir derfor tilrådd at det framleis skal vere eit høgare tak i slike kommunar. Men det er òg nokre kommunar som grensar til storbyane som har høge bustadprisar. Det blir gjort framlegg om at Oslo, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim, Tromsø, Bærum, Skedsmo, Nesodden, Frogn, Lørenskog, Oppegård, Asker, Sola og Sandnes får høgare tak enn resten av landet.
Ved utrekning av bustøtte kjem det til frådrag ein eigendel av buutgiftene som husstandane sjølve må dekkje. Denne eigendelen har eit minstenivå. Buutgifter under dette nivået blir ikkje dekte. I dag aukar denne minste eigendelen med talet på personar i husstanden samtidig med at han varierer mellom søkjargruppene. Det er urimeleg. Det blir tilrådd at den minste rimelege buutgifta blir lik for alle husstandar utan omsyn til storleik eller type søkjar.
Framlegget om høgare tak og lågare eigendel for større husstandar gir auka inntektsgrenser for barnefamiliar. Det blir òg tilrådd å innføre eit fribeløp for inntektene til barn som bur heime.
Unge uføre har eigne reglar som sikrar at dei får høgare bustøtte enn andre med same inntekt eller trygd. Desse særreglane er meir kompliserte enn nødvendig. Det blir tilrådd at unge uføre får ytingar på same nivå som i dag, men at reglane blir enklare. Noverande mottakarar skal ikkje få mindre utbetalt på grunn av omlegginga av særreglane.
Bustøtta er ei strengt behovsprøvd ordning. Netto formue er derfor med i vurderinga av kor høg bustøtta blir. I dag har alle husstandar, både eigarar og leigarar, eit fast beløp for fri netto formue. Den likna verdien på bustader har vore låg, og som regel lågare enn fribeløpet. Den store auken i bustadprisane saman med oppjustering av likningsverdiane, gjer at den likna verdien av bustaden no kan vere høgare enn fribeløpet. For å sikre at verdien av eigen bustad blir halden utanfor utrekninga, blir det gjort framlegg om å nytte faktisk likningsverdi som fribeløp i staden for sjablongar. For å avgrense ordninga mot for dyre bustader, blir det sett eit tak på den frie likningsverdien. Samtidig blir det gjort framlegg om å auke fribeløpet for leigarar som bur aleine. For dei som har formue over fribeløpet, blir det gjort framlegg om å skjerpe avkortinga mot bustøtta.
Den delen av differansen mellom godkjende buutgifter og eigendel som blir utbetalt i bustøtte, blir kalla dekningsprosenten. Det blir ikkje tilrådd å endre dekningsprosenten.
For å sikre ei effektiv bustøtte og at utbetalingane står i samsvar med dei administrative kostnadene, blir det tilrådd å auke grensa for minste utbetaling.
1.3 Konsekvensar av framlegget
Det blir tilrådd å fjerne kravet om at søkjarar utan barn må vere trygda. Da kan alle, unnateke studentar og militært og sivilt tenestepliktige, få bustøtte. I denne gruppa er det mange unge menn som er aleinebuarar i dei største byane. Ved å opne opp bustøtta for dei, vil vonleg fleire arbeide og kunne skaffe seg ein eigen bustad.
Ved å modernisere bustadkrava kan dei som bur i mindre bustader utan eige kjøkken eller soverom òg få bustøtte. Mange med dårleg økonomi bur i slike bustader. Ved å fjerne kravet om husbankfinansiering av bustaden blir bustøtta tilgjengeleg for fleire pensjonistar.
Inntektsgrensene blir tilrådd auka slik at fleire barnefamiliar kan få bustøtte. Ein familie på fire som bur utanfor pressområda, vil etter framlegget falle ut av bustøtta når inntekta er høgare enn 245 000 kroner per år, mot 194 000 kroner i dag. I Oslo aukar grensa for ein familie av same storleik frå 219 000 til 272 000 kroner, jamfør tabell 1.1.
Tabell 1.1 Framlegg om nye og noverande inntektsgrenser. Kroner per år
Talet på personar i husstanden | |||||
1 pers. | 2 pers. | 3 pers. | 4 pers. | 5 pers. | |
Utanfor pressområda | |||||
Nye inntektsgrenser | 178 000 | 200 000 | 222 000 | 245 000 | 264 000 |
Noverande grenser | 163 000 | 174 000 | 182 000 | 194 000 | 205 000 |
Oslo | |||||
Nye inntektsgrenser | 200 000 | 223 000 | 247 000 | 272 000 | 292 000 |
Noverande grenser | 191 000 | 202 000 | 208 000 | 219 000 | 229 000 |
Det blir tilrådd å samordne reglane på ei rekkje område slik at bustøtta med få unntak handsamar søkjarane likt. Reglane blir dermed langt enklare enn i dag.
Om lag 50 000 nye mottakarar vil få bustøtte, i tillegg til dei vel 100 000 som får støtte i dag. Av dei nye mottakarane kjem om lag 10 000 til å vere barnefamiliar. Framlegget krev ein auke i løyvinga på om lag 1 milliard kroner på sikt.
Regjeringa legg til grunn at bustøtta blir ei langt meir effektiv og målretta ordning for å motarbeide fattigdom, å redusere talet på bustadlause og å hjelpe vanskelegstilte med å etablere seg i eigen bustad. Ved at mottakarane i den nye ordninga ikkje fell ut av ordninga om dei tek lønt arbeid, kan omlegginga bidra til større deltaking på arbeidsmarknaden. Ein god og trygg bustad kan for mange vere ein nødvendig føresetnad for å søkje arbeid.
Framlegget inneber at bustøtta kjem til å passe langt betre saman med låne- og tilskotsordningane til Husbanken. Fleire kan etablere seg i eigen bustad finansiert med ein kombinasjon av bustøtte, grunnlån, startlån og eventuelt bustadtilskot.
Det er kommunane som har ansvaret for å skaffe husly til vanskelegstilte. Dei er òg førstelinja for dei som søkjer om bustøtte. Bustøtta må derfor verke godt saman med ytingane og tenestene til kommunane. Samtidig må støtta vere enkel å administrere. Med framlegget til ny bustøtteordning kjem kommunane til å få eit langt betre verktøy for å skaffe bustad til vanskelegstilte. I tillegg vil kommunane venteleg spare inn rundt 30 prosent av auken i bustøtte. Innsparingane kjem i første rekkje frå reduserte kostnader til sosialhjelp og kommunal bustøtte.
Departementet legg til grunn at presset på kommunale utleigebustader kjem til å bli redusert. Det er fordi fleire med svak økonomi kan etablere seg direkte i den ordinære bustadmarknaden, og fordi fleire av dei som leiger av kommunane får høve til å flytte vidare til eigen bustad. Bustaden blir da frigjord til andre. Mange som bur i kommunale utleigebustader får òg betre økonomi. Det er fordi fleire kjem inn under ordninga og fordi ytingane aukar. Det gjer at kommunane får større sjanse til å få dekt kostnader knytt til denne verksemda. Samla sett reknar departemenet at framlegget vil gi kommunane lågare kostnader med omsyn til å skaffe bustad til vanskelegstilte.
I tillegg blir det enklare for Husbanken og kommunane å handsame bustøtta. Kostnadene til informasjon, opplæring og annan administrasjon blir dermed reduserte. På den andre sida får dei fleire søknader til handsaming.
Av proposisjonen om trygdeoppgjeret i 2008 kjem det fram at auken i pensjonane ikkje skulle gi uønskte reduksjonar i utbetalingar i bustøtta frå 1. juli 2009. Regjeringa vil kome tilbake til det spørsmålet.
1.4 Iverksetjing, løyving og kontroll
Det blir tilrådd at den nye bustøtta blir sett i verk frå 1. juli 2009. Sidan bustøtta blir utbetalt på etterskot, kjem den første utbetalinga etter ny ordning i august.
I St.prp. nr. 1 (2008-2009) for Kommunal- og regionaldepartementet blir det tilrådd ein auke på 303 mill. kroner i 2009 for å finansiere omlegginga det året. I denne stortingsproposisjonen gjer regjeringa framlegg om nye reglar for bustøtta.
På lengre sikt er dei årlege kostnadene ved innføring av ny bustøtte rekna ut til å bli om lag 1 000 mill. kroner. Den fulle effekten blir venteleg oppnådd etter tre år. Det er fordi det tek tid før alle dei nye potensielle søkjarane har fått informasjon om omlegginga, og før dei som ønskjer det har søkt og fått utbetalt bustøtte.
For å sikre riktige utbetalingar og redusere høve til misbruk, skal kommunane, Husbanken og mottakarane ha plikt til å kontrollere dei opplysningane som går inn i utrekninga av bustøtta. Bustøtta kan bli kravd tilbakebetalt om mottakarane har gitt galne opplysningar.
Denne stortingsproposisjonen blir følgd opp med ein revisjon av den rettslege forankringa av bustøtta.