Forslag til vedtak om ei styrkt bustøtte
I
Stortinget samtykkjer i at gjeldande vedtak om bustøtte av 12. juni 1972 med seinare endringar blir oppheva, og at det blir gjort følgjande nytt vedtak om retningslinjer for bustøtte, som skal ta til å gjelde frå 1. juli 2009:
§ 1 Føremål og innretning
Bustøtta skal sikre dei med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.
For å få rett til bustøtte må vilkåra i §§ 2, 3 og 4 og vilkåra i forskrifter som er fastsette av departementet, vere oppfylte.
§ 2 Personar med rett til bustøtte
Det er eit vilkår for rett til bustøtte at personen
er over 18 år, med mindre han har barn som bur i bustaden,
er folkeregistrert og lovleg busett i Noreg,
svarer for buutgifter i ein bustad som fyller vilkåra i § 3 og
sjølv bur i bustaden.
Rett til bustøtte har likevel ikkje
militært eller sivilt tenestepliktige
studentar med mindre dei har barn, og /eller studerer som eit ledd i eit offentleg program for arbeidskvalifisering og ikkje får stønad frå Statens lånekasse for utdanning.
§ 3 Krav til bustaden
Det er eit vilkår for å få rett til bustøtte at bustaden
er godkjend for heilårs bruk,
er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang og
har eige bad og toalett og gir høve til kvile og matlaging.
Krava i a-c gjeld ikkje personar som fekk bustøtte før 1. juli 2009, og som da ikkje var omfatta av bustadkrava.
Departementet kan gi unntak frå krava i a-c for kommunalt disponerte, sosiale utleigebustader som ikkje er regulerte til institusjon.
§ 4 Utrekning av bustøtte
Forholdet mellom inntekta, formuen og buutgiftene til husstanden avgjer om det blir løyvt bustøtte og kor stor stønaden skal vere.
Bustøtta er ein fastsett prosent av skilnaden mellom godkjende buutgifter og ein eigendel, som blir fastsett ut ifrå inntekta og formuen til husstanden.
Departementet fastset satsar og reglar for utrekning av bustøtte.
§ 5 Finansiering
Staten dekkjer utgifter til bustøtte.
§ 6 Administrasjon
Departementet kan gi nærmare reglar om administrasjonen og handsaminga av bustøtta.