5 Iverksetjing, løyving og kontroll
5.1 Innleiing
I dette kapitlet blir det kort gjort greie for iverksetjing, løyving, kontroll og kva regelverk som regulerer bustøtta.
5.2 Iverksetjing og løyving
Det blir tilrådd å innføre den nye ordninga frå 1. juli 2009. Bustøtte blir utbetalt på etterskot, slik at den første utbetalinga kjem i august.
Det blir tilrådd å auke løyvinga til bustøtte med 303 mill. kroner i 2009 for å finansiere omlegginga det året, jamfør framlegg til budsjettramme i St.prp. nr. 1 (2008-2009) for Kommunal- og regionaldepartementet. På lengre sikt er dei årlege kostnadene ved innføring av ny bustøtte rekna ut til å bli om lag 1 000 mill. kroner. Den fulle effekten blir venteleg oppnådd etter tre år. Det er fordi det tek tid frå omlegginga blir innført til alle dei nye potensielle søkjarane som ønskjer det, har søkt og fått utbetalt bustøtte. Mange av dei nye mottakarane har ikkje kontakt med det kommunale hjelpeapparatet. Det kan derfor ta tid før dei skjønar at dei kan få bustøtte. Det kjem òg til å ta noko tid før kommunane blir klare over kven dei kan hjelpe med å søkje om bustøtte.
5.3 Kontroll
For at utbetalingane av bustøtte skal bli riktige, er det viktig at opplysningar som går inn i utrekninga er fylte ut rett. Samtidig skal høve til misbruk av ordninga vere minst mogleg.
Husbanken og kommunane skal kontrollere søknadsopplysningane så langt som råd er. Det gjeld mellom anna kontroll av inntekt, formue og buutgifter, kontroll av at låneutgifter som er dekte, faktisk går til å dekkje bustadlån, og kva for utgifter som går inn i fellesutgiftene. Dei skal òg kontrollere at andre opplysningar er korrekt utfylte.
I framlegget til ny ordning har mottakarar plikt til å seie frå om endringar i dei opplysningane som går inn i utrekninga av bustøtta. Det gjeld mellom anna dersom inntekta aukar. Bustøtta kan bli kravd tilbakebetalt om mottakarane har gitt galne opplysningar.
5.4 Rettsleg forankring av bustøtta
Bustøtta er lovforankra i husbanklova, der § 16 seier:
«Etter retningslinjer som fastsettes av Stortinget, skal det gis bostøtte til personer som bor i bestemte grupper av boliger og som boutgiftene virker særlig tyngende for. Utgiftene til bostøtte dekkes av staten og eventuelt av kommunene etter retningslinjer som fastsettes av Stortinget.
Støtteordningen administreres av Husbanken og kommunen, dersom ikke departementet bestemmer noe annet. Departementet kan gi bestemmelser om at huseiere skal medvirke ved søknadsbehandling, kontroll og utbetaling.»
Bustøtteordninga er i medhald av dette regulert i vedtak i Stortinget av 12. juni 1972. Det er seinare gjort ei rekkje vedtak om bustøtte i Stortinget, såkalla romertalsvedtak. Stortinget fastset kvart år overslagsløyving i budsjettvedtak med bakgrunn i St.prp. nr. 1, som òg omhandlar vilkår for å få bustøtte.
Statsbudsjettet er utgangspunktet for nærmare presiseringar av ordninga, som departementet fastset i forskrift. Husbanken utarbeider retningslinjer og instruksar for ordninga i tråd med føringar frå overordna styringsmakt.
I samband med arbeidet med ny bustøtteordning er det gjennomført ei juridisk vurdering av regelverket. Det er eit mål at regelverket skal forenklast slik at det gir større forståing av ordninga, betre brukarorientering og enklare administrasjon. Regjeringa tek sikte på å kome med framlegg om nye lovreglar for Stortinget om endringar i den rettslege forankringa av bustøtta etter at den nye ordninga er vedteken.
Det er utarbeidd eit utkast til ny husbanklov som er oversendt Stortinget i Ot.prp. nr. 6 (2008-2009) Om lov om Husbanken. Den delen av lova som handlar om bustøtte, blei det ikkje tilrådd å endre fordi gjennomgangen av bustøtta ikkje var avslutta.
Den nye bustøtteordninga tek til å gjelde i medhald av den gjeldande husbanklova. I medhald av § 16 i lova skal Stortinget fastsetje retningslinjer for ordninga. Stortinget blir bedt om å vedta nye retningslinjer i tilrådinga til slutt i denne proposisjonen.
Departementet tilrår at satsane i regelverket blir fastsett av departementet. Satsane skal tilpassast den løyvinga som Stortinget fastset ved handsaminga av dei årlege statsbudsjetta.