1 Innleiing
I denne proposisjonen gjer Regjeringa framlegg om endringar i den regionale organisasjonen til Sjøforsvaret. Regjeringa gjer òg framlegg om visse endringar i Sjøforsvarets styrkeproduksjon og krigsstruktur.
Framlegget om endring i styrkestrukturen til Sjøforsvaret er ei oppfølging av Innst S nr 245 (1997-98), jfr St meld nr 22 (1997-98), Hovedretningslinjer for Forsvarets virksomhet og utvikling i tiden 1999-2002. Langtidsmeldinga for perioden 1994-1998, St meld nr 16 (1992-93), sette i gang ein omfattande omstillingsprosess. Gjennom ei rekkje stortingsmeldingar og -proposisjonar som er lagt fram, er det i perioden gjennomført ei omfattande omorganisering og omstrukturering av Forsvaret. Framlegga i denne proposisjonen vidarefører og held oppe framdrifta i denne omstillingsprosessen. For at potensialet for innsparing skal kunne realiserast, er det naudsynt at tiltaka blir sette i verk så snart som råd.
For å kunne støtte operative einingar gjennom lokale logistikkledd, er det behov for ein regional organisasjon i styrkestrukturen til Sjøforsvaret. Dette gjer at maritime einingar kan halde ut lenger ved at dei blir sette opp og forsynt lokalt, samstundes som dei blir mindre sårbare ved at operative einingar kan få forsyningar frå alternative logistikkledd. Eit regionalt planverk til bruk for styrkestrukturen må utarbeidast i fredstid av regionale planstabar.
Hovudårsakene til at det er naudsynt å gjennomføre ei ny omstilling i Sjøforsvarets regionale organisasjon, er nye oppgåveprioriteringar i Forsvaret som inkluderer endra operasjonskonsept, endra kompetansebehov, strammare driftsbudsjett til bruk innanfor dette området av verksemda m.m. Omstillingstiltak vil vere ein kritisk faktor i høve til å gje økonomisk handlefridom til å kunne realisere styrkestrukturen i Forsvaret i framtida.
Proposisjonen er drøfta med dei sentrale arbeidstakarorganisasjonane. Tiltaka i proposisjonen blir gjennomført i nært samarbeid med dei tilsette, organisasjonane deira på alle nivå, og med lokalsamfunna som tiltaka får følgjer for. Konsekvensar i høve til personell vil bli handsama etter dei prinsipp og retningslinjer som følgjer av Innst S nr 182 (1993-94), jfr St meld nr 31 (1993-94). Overtallig personell vil bli handsama i høve til det regelverket som gjeld, i samarbeid med dei tillitsvalde og Forsvarets sin Ressursorganisasjonen.
Før det blir fastsett ei endeleg organisasjonsløysing, vil det bli gjennomført ei ny analyse av behov og funksjonar for å gje nøyaktig storleik på bemanninga og fordelinga mellom militære og sivile stillingar i den nye organisasjonen.
For å oppnå måla i St meld nr 22 (1997-98) om ein tilpassa og redusert støtteorganisasjon for dei operative einingane, blir delar av logistikkledda til Forsvaret utgreidde. Dette arbeidet må tilpassast utgreiinga av forvaltingane (STYFOR) som no går føre seg. For Sjøforsvaret omfattar utgreiinga sentralisering av lagring og vedlikehald av materiell til dei mest moderne og høvelege anlegga. Det nye operasjonskonseptet til Forsvaret krev fleksible og mobile forsynings- og støtteelement som sjøforsvarsdistrikta i dag manglar. Desse utgreiingane vil på lengre sikt kunne påverke utviklinga av den regionale organisasjonen i Sjøforsvaret.
På lengre sikt vil det òg vere naudsynt å gå gjennom den samla militære verksemda i Bergensområdet med sikte på større innsparings- og effektiviseringstiltak ved Haakonsvern orlogsstasjon og anna militær verksemd i Bergensområdet enn det denne proposisjonen legg opp til.
Tiltaka i denne proposisjonen er naudsynte og nyttige uavhengig av resultata i dei utgreiingane som er i gang. For det første gjer tiltaka det mogeleg å prioritere oppgåver som skal løysast i den framtidige styrkestrukturen. For det andre vil framtidsretta bygg og anlegg kunne utnyttast betre enn i dag ved at verksemdene blir samla til desse stadene. For det tredje vil tiltaka vere grunnlaget for framtidsretta løysingar innanfor dei områda som skal greiast ut seinare. På denne måten er tiltaka i denne proposisjonen viktige for å etablere framtidsretta organisasjonsløysingar i Sjøforsvaret. Forsvarsdepartementet legg vekt på at Forsvaret ikkje bind seg til løysingar som ein i nær framtid må gå ifrå.