St.prp. nr. 33 (1998-99)

Om visse organisasjonsendringar m.m. i Forsvaret

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Konsekvensar for personell

I den nye regionale organisasjonen blir det gjort framlegg om å opprette ca 510 årsverk, som inneber ei innsparing på ca 220 årsverk i høve til noverande organisasjon.

I samband med opprettinga av sjøforsvarsdistrikta blir det planlagt med nettoreduksjonar slik:

  • Sjøforsvarsdistrikt nord: ca 80 årsverk

  • Sjøforsvarsdistrikt vest: ca 70 årsverk

  • Sjøforsvarsdistrikt sør: ca 67 årsverk.

Følgjande konsekvensar er venta for dei tilsette som blir råka av omstillingstiltaka i dei første tre åra:

  • 50 % av dei overtalige er venta å endre status slik: 1/3 til utdanning eller bedriftsetablering, 1/3 til eksternt arbeid og 1/3 får alderspensjon.

  • Dei andre 50 % vil bli overførde til Ressursorganisasjonen. Ressursorganisasjonen vil arbeide med etablering i ny stilling etter eit opplegg for jobbsøking og bruk av førerett til stillingar.

Det vil bli gjennomført behovs- og funksjonsanalysar som vil gi nøyaktig storleik på bemanninga og fordeling mellom militære og sivile stillingar i den nye organisasjonen.

Tabell 5.1 Årsverk pr. oktober 1997 og ny organisasjon - regional organisasjon

Sjøforsvarsdistrikta i dagBemanning

brukt i regional

organisasjon

Ny organisasjonPlanlagde årsverk

i ny regional

organisasjon

Austlandet sjøforsvarsdistrikt91Sjøforsvarsdistriktsstab sørca 15
Orlogsstasjonaneca 108
Sørlandet sjøforsvarsdistrikt55Karljohansvern

Marvika

Ulsnes

Rogaland sjøforsvarsdistrikt44
Vestlandet sjøforsvarsdistrikt243Sjøforsvarsdistriktsstab vestca 15
Orlogsstasjonaneca 230
Trøndelag sjøforsvarsdistrikt72Haakonsvern

Hysnes

Hålogaland sjøforsvarsdistrikt117Sjøforsvarsdistriktsstab nordca 15
Olavsvern orlogsstasjonca 85
Tromsø sjøforsvarsdistrikt105Videreførast 1)ca 42
Total727ca 510

1) Stillingar som blir ført vidare ved Nes fort/Lødingen, Trondenes øvingsavdeling og garnisonstenester i Harstad, samt Ramsund orlogsstasjon og Sjøforsvarets forsyningskommando/avdeling Nord-Noreg.

Tabellene viser årsverk som i dag blir brukt til å løyse oppgåvene i den regionale organisasjonen, og er basert på verksemdsdata frå oktober 1997. I «regional organisasjon» inngår ikkje årsverkforbruk ved lokal forvalting av eigedom, bygg og anlegg m.m., kystradarstasjonar, sambandseiningar eller ei droneavdeling.

Tabell 5.2 Årsverk pr. oktober 1997 og ny organisasjon - Ramsund

Organisasjon i dagBemanningNy organisasjonPlanlagte årsverk

i ny organisasjon

Ramsund orlogsstasjonca 210Ramsund orlogsstasjonca 100
Sjøforsvarets forsyningskommando/Nord-Noreg, Ramsundca 130
Totalca 210ca 230 1)

1) Av desse er 16 årsverk overført frå Hålogaland sjøforsvarsdistrikt

Økonomiske konsekvensar

Rekna ut etter noverdimodellen vil tiltaka i framlegget totalt gi ei økonomisk innsparing på ca 370 millionar kroner over ein periode på 10 år, der reduksjonen i årsverk er medrekna. Ei diskonteringsrente på sju prosent er lagt til grunn.

Ny regional struktur gjev følgjande driftsreduksjonar:

  • Sjøforsvarsdistrikt nord (noverande sjøforsvarsdistrikt: Tromsø sjøforsvarsdistrikt og Hålogaland sjøforsvarsdistrikt), driftsreduksjon over 10 år; ca 144 millionar kroner.

  • Sjøforsvarsdistrikt vest (noverande sjøforsvarsdistrikt: Vestlandet sjøforsvarsdistrikt og Trøndelag sjøforsvarsdistrikt), driftsreduksjon over 10 år; ca 138 millionar kroner.

  • Sjøforsvarsdistrikt sør (noverande sjøforsvarsdistrikt: Austlandet sjøforsvarsdistrikt, Sørlandet sjøforsvarsdistrikt og Rogaland sjøforsvarsdistrikt), driftsreduksjon over 10 år; ca 87 millionar kroner.

Utrekningane av noverdien inkluderer òg endringar i styrkeproduksjonen som er omtalt i kapittel 4. Nedlegging av Hysnes øvingsavdeling gjev ei innsparing som inngår i det potensialet som den framtidige regionale organisasjonen er tildelt.

Sal av eigedom, bygg og anlegg er halde utanom utrekningane av noverdi, sjølv om det vil vere mogeleg å avhende bygnings- og eigedomsmasse som Sjøforsvaret ikkje treng.

Eigedom, bygg og anlegg

I samband med omorganiseringa av den regionale organisasjonen i Sjøforsvaret er det ikkje behov for ny infrastruktur. Men det kan bli behov for ei tilpassing av eksisterande bygningsmasse. Framlegga til omorganisering i denne proposisjonen er alle basert på føresetnaden om at eksisterande bygningsmasse skal nyttast. I dag har ikkje Sjøforsvaret behov for etterbruk av frigjorde bygg og anlegg i samband med endringar i Sjøforsvarets regionale organisasjon. På lengre sikt vil ein redusert bygg- og anleggsmasse gi driftsfordelar for Forsvaret.

Redusert bemanning og drift av eigedom, bygg og anlegg ved noverande sjøforsvarsdistrikt vil representere eit innsparingspotensial. Forslaget til ny organisasjon vil frigi bygningsmasse ved Ulnes, Marvika og Hysnes orlogsstasjonar for avhending eller overføring til andre militære einingar i området.

Konsekvensar for distrikta

Den landsomfattande verksemda til Forsvaret har mykje å seie for busetting, sysselsetting og anna aktivitet i ei rekkje lokalsamfunn, særleg i Nord-Noreg. Ei rekkje kommunar og lokalsamfunn blir difor råka av den naudsynte omstillinga i Forsvaret. På nokre stader vil verksemdene bli reduserte, lagt ned, slått saman eller flytta, medan andre stader vil få tilført ny verksemd. Eit forsvar i omstilling er ikkje einstydande med rasjonalisering i snever forstand. På kort sikt vil nedtrapping av aktiviteten i Forsvaret føre til færre arbeidsplassar direkte knytt til Forsvaret i dei lokalsamfunna som blir råka. Det vil kanskje òg føre til redusert etterspurnad etter varer og tenester, både lokalt og regionalt. Regjeringa vil gjere omstillinga i Forsvaret så skånsam som mogeleg både for personell i Forsvaret, lokalsamfunn og kommunar. Eit truverdig forsvar krev likevel ein effektiv fredsorganisasjon. Omstillinga av Forsvaret må framfor alt gjere det mogeleg å styrkje kritisk viktige aktivitetar på driftssida utan at investeringane blir skadelidande. Så langt det er i samsvar med dei overordna tryggleiks- og forsvarspolitiske måla, vil Regjeringa freiste å avgrense negative distriktspolitiske konsekvensar av omstillinga. Det blir lagt vekt på at omstillingsprosessen skal vere oversiktleg og fleksibel.

I tilknyting til den omfattande omstillingsprosessen i Forsvaret har Forsvarsdepartementet etablert eit nært samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet, og styresmakter på kommune- og fylkesplan. Kommunal- og regionaldepartementet har mellom anna eit koordinerande ansvar for bruk av statlege verkemiddel i utvalde omstillingskommunar. Forsvarsdepartementet har orientert dei fylkeskommunar og kommunar som blir mest råka av tiltaka om framlegga og heilskapen i omstillingsprosessen. Forsvarsdepartementet vil i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet gjere sitt til å lette omstillinga i dei lokalsamfunna og kommunane som blir råka.

Regjeringa går inn for at det skal liggje føre distriktspolitiske konsekvensutgreiingar som bakgrunn for og som del av grunnlaget som blir presentert for Stortinget i samband med store omstillingar, òg i Forsvaret. Forsvarsdepartementet, saman med Kommunal- og regionaldepartementet, har i tråd med dette sett i gang arbeidet med å avklare konsekvensar for distrikta knytt til mindre omstillingar. Distriktskonsekvensar for kommunane Rissa, Lødingen, Harstad og Tjeldsund er vurderte.

Talet på årsverk ved stasjon Hysnes vil gå ned fra ca 73 årsverk til ca 53 årsverk. Hysnes øvingsavdeling med 16 befal vil kommunen òg miste. Den militære verksemda i Tjeldsund vil auke med ca 20 årsverk til ca 230, mens Lødingen vil miste ca 30 årsverk og halde på ca 70 årsverk. Harstad kommune vil miste ca 20 årsverk.

Samla sett vil kommunane Tjeldsund og Harstad i liten grad bli råka av dei omstillingstiltaka i Sjøforsvaret som det er gjort framlegg om. Tjeldsund får ein auke i verksemda i Forsvaret. Harstad kommune kan få ein reduksjon på ca 20 årsverk i Forsvaret. Ramsund orlogsstasjon vil framleis kjøpe dei fleste varer og tenester i landsdelen frå Harstad, og auke innkjøpa. Orlogsstasjonen er den militære eininga i området som har størst regionalt konsum.

Rissa og Lødingen kommunar blir råka av omstillingstiltaka. I Rissa blir storleiken på reduksjonane ca 25 årsverk i Sjøforsvarets organisasjon som skatter til kommunen, medan reduksjonen i Lødingen blir ca 30 årsverk. Lødingen har ein minkande tendens i folketalet og i talet på sysselsette. Rissa har òg ein nedgåande trend i folketalet og i talet på sysselsette. Hasselvika vert mest råka av omstillinga til Forsvaret i Rissa kommune.

Konsekvensane for distrikta blir ikkje sett på å vere så alvorlege at det bør endre dei valde løysingane.

Med sikte på eventuell etterbruk av dei eigedomar, bygg og anlegg som Forsvaret eventuelt ikkje har behov for, vil departementet vidareføre det nære samarbeidet med dei kommunane og fylkeskommunane som blir råka, for å leggje grunnlaget for næringsutvikling m.m.

Oppfølging av dei tilsette som blir råka av omstillinga står i avsnittet Konsekvensar for personell. Kommunar som er råka av omstillinga i Forsvaret vil kunne få positive effektar av dei tiltaka Forsvarets eigen organisasjon set i verk overfor dei overtalige.

For omstillingstiltak og næringsutvikling generelt er det aktuelt at kommunane vurderer ordinære distriktspolitiske verkemiddel under fylkeskommunen og SND når dei blir råka av omstillinga i Forsvaret.

Etter ein gjennomgang av situasjonen der dei tre tidlegare nemnde forholda blir tekne med og sett i samanheng, kan det likevel bli aktuelt med fleire tiltak. For å lette omstillinga i dei mest råka kommunane, vil Forsvarsdepartementet i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet vurdere tiltak utover ordinære distriktsverkemiddel. Til dette høyrer ei vidareføring av ordninga med tildeling av omstillingsmidlar.

I samanheng med den tilrådde omstillinga i Sjøforsvaret legg departementet opp til at kommunane Rissa og Lødingen vil bli synt særleg merksemd. I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet vil Forsvarsdepartementet leggje til rette for eit særskilt oppfølgingsprogram mot kommunane Rissa og Lødingen. Programmet vil innehalde både økonomisk støtte og tilføre kompetanse innanfor næringsutvikling. Føremålet med programmet vil vere å bidra til ei målretta utvikling i kommunane med siktemål å skape aktivitet og nye arbeidsplassar. Innhaldet i programmet vil bli trekt opp i Regjeringa sitt framlegg til budsjett for år 2000 innafor ei økonomisk ramme på 24 millionar kroner fordelt over tre år.