2 Samandrag
Denne proposisjonen handsamar endringar i den regionale organisasjonen i Sjøforsvaret, som omfatter sju sjøforsvarsdistrikt og Ramsund orlogsstasjon. Den tar ikkje opp endringar i lokal forvalting over eigedom, bygg og anlegg, kystradarkjeda m.m. Proposisjonen tek òg opp visse endringar i styrkeproduksjonen og krigsstrukturen i Sjøforsvaret
Samansetninga og storleiken på den regionale organisasjonen i Sjøforsvaret blir avgjort av krigsstrukturen og oppgåvene i fredstid. Føremålet med dei endringane det blir gjort framlegg om i Sjøforsvaret, er å sikre at styrkestrukturen til oppgåver i fred, krise og krig er best mogeleg tilpassa kvarandre.
Denne proposisjonen vurderer desse forholda i høve til den regionale organisasjonen i Sjøforsvaret:
Endringsbehov og utviklingsgrunnlag
Oppgåver i framtida
Organisasjon og lokalisering i framtida ut frå oppgåver, tilgjengeleg infrastruktur, militært nærvær m.m.
I tillegg blir dette vurdert i proposisjonen:
Behov for utdanning av personell i styrkestrukturen til Kystartilleriet
Endring i krigsstrukturen til Kystartilleriet.
Regjeringa gjer framlegg om å leggje ned dei noverande sju sjøforsvarsdistrikta, Hysnes øvingsavdeling og to anlegg i krigsstrukturen til Kystartilleriet. Regjeringa gjer framlegg om å opprette tre sjøforsvarsdistrikt og seks orlogsstasjonar.
Dei framlagde endringane av dei sju sjøforsvarsdistrikta og ei nedlegging av Hysnes øvingsavdeling gjev eit vesentleg potensial for innsparing. Reduksjonen vil kunne utgjere rundt 220 årsverk og ei driftsinnsparing etter fullført organisasjonsendring på rundt 370 millionar kroner over ti år.