4 Endringar i styrkeproduksjonen
Regjeringa gjer framlegg om å leggje ned Hysnes øvingsavdeling.
4.1 Innleiing
Kystartilleriet utdannar i dag operative einingar til krigsstrukturen ved fem avdelingar: Bolærne fort, Herdla fort, Hysnes øvingsavdeling, Nes fort og Trondenes øvingsavdeling. Avdelingane utdannar personell til hovudstridsmidla (missil, sjøfrontkanoner, miner og torpedoar) og nærforsvar. Nærforsvarsavdelingane har som oppgåve å forsvare landsida til forta, slik at hovudstridsmidla kan kjempe mot mål på sjøen. I motsetning til dei andre avdelingane, utdannar Hysnes øvingsavdeling berre nærforsvarspersonell til Kystartilleriets krigsstruktur. Utfasinga av mange fort med tidlegare tysk materiell gjennom 1990-talet gjer at behovet for nærforsvarspersonell er mindre. Hysnes øvingsavdeling har ei oppsetting på seks befal og ti utskrivne befal som utdannar meinig personell i Kystartilleriet. Trøndelag sjøforsvarsdistrikt/avdeling Hysnes gjev støtte når det gjeld administrasjon, forpleiing og forsyning til Hysnes øvingsavdeling.
4.2 Vurdering
Utdanning av personell til lett missilbatteri for Kystartilleriet sin krigsstruktur blir i dag gjennomført ved Trondenes øvingsavdeling. Framtidig styrkeproduksjon for lette missilbatteri på Trondenes, Hysnes og Bolærne, i tillegg til kombinasjonsløysingar, er vurdert. Bolærne fort er knytta til utdanning av stasjonær struktur. Som framtidige øvingsavdelingar er difor Hysnes og Trondenes vurderte som hovudalternativ. Trondenes er best eigna og peikar seg ut som det beste alternativet til å ta seg av utdanninga. Vurderinga byggjer på faktorar som infrastruktur, trenings- og øvingsforhold, samt krav til kostnadseffektivitet. Kapasiteten ved Trondenes øvingsavdeling er stor nok til føre vidare den operative utdanninga av lette missilbatteri. Trondenes og Bolærne ligg begge i nærleiken av kvar sin framtidige lager og vedlikeholdshaldsstad for materiell som nyttast under utdanning (Ramsund og Vestre-Bolærne). Trondenes er ein ny leir med skytebanar frå 1980-åra og har ei ny simulatoreining til 12 millioner kroner. Trondenes ligg godt til for samvirkeøving med andre einingar. Hysnes er ein leir frå 1970-talet med skytebanar og kaiområde.
Hysnes øvingsavdeling kan leggjast ned som følgje av reduserte behov for utdanning av personell til Kystartilleriets krigsstruktur.
Kystartilleriets fredsorganisasjon vil bli redusert med seks befal og tre utskrivne befal gjennom nedlegging av Hysnes øvingsavdeling. Det overtalige befalet blir innpassa andre stader i Sjøforsvaret sin organisasjon. Dei stillingane som blir att (sju utskrivne befal), blir overførde til andre avdelingar i Kystartilleriet.
Reduksjonen i årsverk, som følgje av nedlegginga av Hysnes øvingsavdeling med tilhøyrande støtteverksemd ved sjøforsvarsdistriktet, er innarbeidd i noverdiutrekninga og årsverksoversynet i framlegget om endringar i den regionale organisasjonen til Sjøforsvaret. Nedlegging av Hysnes øvingsavdeling er såleis avgjerande for ein del av reduksjonane ved den regionale støtteorganisasjonen til Sjøforsvaret på Hysnes.
Styrkeproduksjonen for overflateforsvaret til Kystartilleriet, altså artilleri- og kystforsvarsutdanninga, blir tilpassa det framtidige behovet og strukturen, og blir ført vidare ved Bolærne og Nes øvingsfort. Styrkeproduksjonen i undervassforsvaret med tilhøyrande nærforsvar blir ført vidare ved Herdla øvingsfort.
4.3 Konklusjon
Styrkeproduksjonen for lett missilpersonell til styrkestrukturen blir ført vidare ved Trondenes øvingsavdeling. Styrkeproduksjonen for nærforsvars- og kystforsvarsteneste i Kystartilleriet blir tilpassa behovet i framtida, og blir ført vidare ved Bolærne, Nes øvingsfort og Trondenes øvingsavdeling. Trondenes og Bolærne er eigna stader for utdanning til mobile konsept. Det er ikkje behov for å utdanne missil- og nærforsvarspersonell ved Hysnes øvingsavdeling. Departementet gjer difor framlegg om å leggje ned Hysnes øvingsavdeling.
Som framtidige øvingsavdelingar er Hysnes og Trondenes vurderte som hovudalternativ. Trondenes er rekna som det mest kostnadseffektive alternativet. Rekna etter noverdimodellen viser det seg ein forskjell mellom dei to avdelingane på ca 38 millionar kroner over ein 10 års periode i favør av Trondenes. Om Hysnes øvingsavdeling skal førast vidare på dagens nivå, vil dette utgjere ein årleg driftskostnad på ca 22 millioner kroner og med ein støtteorganisasjon som treng ca 4,7 millioner kroner. Kostnad knytta til ny simulatoreining, vedlikehald av lette missilbatteri, eigedom, bygg og anlegg, er ikkje medrekna.