St.prp. nr. 33 (1998-99)

Om visse organisasjonsendringar m.m. i Forsvaret

Til innhaldsliste

Forslagtil vedtak om visse organisasjonsendringar m.m. i Forsvaret

I.

Følgjande sju sjøforsvarsdistrikt blir lagt ned med verknad frå 31. desember 2000:

  • Austlandet sjøforsvarsdistrikt

  • Sørlandet sjøforsvarsdistrikt

  • Rogaland sjøforsvarsdistrikt

  • Vestlandet sjøforsvarsdistrikt

  • Trøndelag sjøforsvarsdistrikt

  • Hålogaland sjøforsvarsdistrikt

  • Tromsø sjøforsvarsdistrikt.

II.

Følgjande tre sjøforsvarsdistrikt blir oppretta med verknad frå 1. januar 2001:

  • Sjøforsvarsdistrikt nord, Olavsvern, Tromsø

  • Sjøforsvarsdistrikt vest, Haakonsvern, Bergen med planelement på Hysnes

  • Sjøforsvarsdistrikt sør, Marvika, Kristiansand.

III.

Følgjande orlogsstasjonar blir oppretta med verknad frå 1. januar 2001:

  • Olavsvern orlogsstasjon

  • Hysnes orlogsstasjon

  • Haakonsvern orlogsstasjon

  • Marvika orlogsstasjon

  • Ulsnes orlogsstasjon

  • Karljohansvern orlogsstasjon.

IV.

Hysnes øvingsavdeling blir lagt ned med verknad frå 1. august år 2000.

V.

Følgjande minefelt blir utfasa frå Forsvarets krigsstruktur med verknad frå 1. august 1999:

  • Bolærne minefelt

  • Brimse minefelt.