3 Endringar i Sjøforsvarets regionale organisasjon
Regjeringa gjer framlegg om å leggje ned dei sju noverande sjøforsvarsdistrikta. Regjeringa gjer framlegg om at det blir oppretta tre sjøforsvarsdistrikt og seks orlogsstasjonar.
3.1 Bakgrunn
I St meld nr 22 (1997-98) gjorde departementet greie for utviklinga av styrkestrukturen til Sjøforsvaret fram mot år 2006, og i grove utviklingstrekk for seinare år. Forsvaret blir omstilt i tråd med dei tryggleikspolitiske og økonomiske føresetnadene som er gjevne. For å realisere styrkestrukturen i framtida, må Sjøforsvaret si støtteverksemd på land reduserast til det som er strengt naudsynt.
I perioden 1993-1997 har Stortinget handsama ei rekkje framlegg til organisasjonsendringar og omleggingar i Sjøforsvaret. Stortinget har slutta seg til desse. I denne samanhengen blir det synt spesielt til:
Innst S nr 241 (1992-93), jfr St prp nr 83 (1992-93) Om samanslåing av Oscarsborg festning og Befalsskulen for Kystartilleriet, og om etableringa av Hålogaland sjøforsvarsdistrikt - nedlegging av Harstad og Narvik sjøforsvarsdistrikt
Innst S nr 181 (1993-94), jfr St prp nr 51 (1993-94) Om krigsstrukturen og fredsorganisasjonen i Sjøforsvaret, og om organisasjonsendringar i Sjøforsvaret
Innst S nr 302 (1996-97), jfr St prp nr 56 (1996-97) Om utfasing av tidlegare tyske kystartillerifort/-batteri, og om nedlegging av styrkeproduksjonen for tidlegare tysk kanonmateriell ved Rødbergodden fort
Budsjett-innst S nr 7 (1997-98), jfr S prp nr 1 (1997-98) Om utfasing av kystartillerifort.
Sjøforsvaret gjennomførde i 1994 ei omstilling der endringane i høve til organisasjon og personell i hovudsak vart gjennomført ved sjøforsvarsdistrikta. I tillegg til oppgåvereduksjonar i samband med utfasing av materiell, vart operative oppgåver overført til forsvarskommandoane, og forvaltningsoppgåver overført til Sjøforsvarets forsyningskommando.
3.2 Organisasjonen i dag
Sjøforsvaret er sett saman av dei operative einingane fartøy og avdelingar, som høyrer inn under Marinen, Kystartilleriet og Kystvakta. Sjøforsvaret omfattar òg skuleverksemd og sjøforsvarsdistrikt.
Sjøforsvarets forsyningskommando tek seg av innkjøp av materiell og støttar Sjøforsvaret innanfor vedlikehald, forvalting av materiell m.m.
Sjøforsvarsdistrikta er ein integrert stabs- og stasjonsorganisasjon med både regionale og lokale oppgåver. Oppgåvene til sjøforsvarsdistrikta omfattar:
Regional og lokal planlegging
Bistand til forsvarskommandoane, medrekna skipsfartsberedskap og Sjøheimevernet
Kontakt med regionale militære og sivile statlege og kommunale institusjonar i samband med totalforsvarsplanlegging m.m.
Regional forsterkingsplanlegging
Oppsetting av operative einingar
Forsyningsteneste, forvalting og vedlikehald
Støtte til operative einingar, skuleverksemd m.m.
Lokal forvaltingsmyndighet over eigedom, bygg og anlegg.
Sjøforsvaret har sju sjøforsvarsdistrikt i organisasjonen i dag:
Austlandet sjøforsvarsdistrikt, Karljohansvern, Horten
Sørlandet sjøforsvarsdistrikt, Marvika, Kristiansand S
Rogaland sjøforsvarsdistrikt, Ulsnes, Stavanger
Vestlandet sjøforsvarsdistrikt, Haakonsvern, Bergen
Trøndelag sjøforsvarsdistrikt, Trondheim
Hålogaland sjøforsvarsdistrikt, Lødingen
Tromsø sjøforsvarsdistrikt, Olavsvern, Tromsø.
I tillegg til dei oppgåvene som er lista opp ovanfor, tek Rogaland sjøforsvarsdistrikt seg av dronetenesta i Forsvaret og maritim kalibrering- og målestasjon for sensorar (NATO FORACS). Trøndelag sjøforsvarsdistrikt har ansvaret for avmagnetiseringsstasjon, drivstofflager m.m. Einskilde sjøforsvarsdistrikt har driftsansvar for kystradarstasjonar og landbasert sambandsteneste.
Innanfor Vestlandet sjøforsvarsdistrikt blir forsyningstenesta teke hand om av Sjøforsvarets forsyningskommando, Haakonsvern. Ramsund orlogsstasjon er Sjøforsvarets forsyningskommando si avdeling i Nord-Noreg. Orlogsstasjonen har ansvar for planverk, oppsetting av operative einingar, vedlikehald av materiell, logistikk, lokal forvalting av bygg og anlegg m.m. Orlogsstasjonen har i tillegg forsynings- og logistikkansvar for Hålogaland sjøforsvarsdistrikt.
3.3 Utviklingstrekk og endringsbehov i organisasjonen til Sjøforsvaret
Det nye operative konseptet i Forsvaret er retningsgjevande. Sjøforsvaret sitt operasjonskonsept blir difor endra i retning av eit meir manøverorientert operasjonskonsept. Utviklinga av styrkestrukturen i Forsvaret omfattar mellom anna innkjøp og innfasing av mobile, meir fleksible og mindre sårbare system og einingar. Einingane i strukturen skal i størst mogeleg grad kunne flyttast mellom ulike operasjonsområde, avhengig av den aktuelle situasjonen. Sjøforsvaret har difor behov for mobile, eller flyttbare, logistikkledd, medan dei stasjonære logistikkledda kan reduserast i omfang.
Sjøforsvarsdistrikta si evne til å støtte ein moderne styrkestruktur er redusert fordi forsyning og vedlikehald av operative einingar er blitt meir krevjande både teknologisk og med omsyn til kompetanse. Denne kompetansen er det i hovudsak Sjøforsvarets forsyningskommando og den maritime industrien som har.
Det stasjonære innløpsforsvaret er sidan 1980-talet redusert med over 30 anlegg. Ikkje-prioriterte, forelda og ueigna stridsanlegg, som ikkje skal gå inn i den nye strukturen, er fasa ut. Samstundes er talet på marinefartøy og førehandsrekvirerte sivile fartøy for marineoppdrag (lokale sjøstridskrefter) og sjøheimevernsoppdrag (sjøheimevernsfartøy) reduserte. Støtteoppgåvene til distrikta i høve til desse anlegga og fartøya er difor reduserte. Færre operative einingar gjev grunnlag for ein mindre regional støtteorganisasjon i Sjøforsvaret.
Strukturen for sensorar, samband og kommando har vorte betra med meir effektive system slik som moderne marinefartøy, overvakingsfly, kystradarstasjonar m.m. Regionale informasjonssystem som sjøforsvarsdistrikta har teke seg av, dominerer ikkje lenger. Den tidlegare rolla til distrikta som informasjonsgjevar i krise og krig er i dag i hovudsak avvikla eller overført til Sjøheimevernet.
Resultatet av tidlegare endringar i organisasjonen til sjøforsvarsdistrikta strekk ikkje til. Nye endringar av organisasjonen er naudsynt for å oppnå eit kostnadseffektivt og framtidsretta sjøforsvar. Ei effektivisering av den noverande regionale organisasjonen i Sjøforsvaret vil bidra til lågare driftsutgifter slik at det blir mogeleg å prioritere anna verksemd.
Dei utviklingstrekka som er nemnde ovanfor, gjev behov for og høve til å endre den noverande regionale organisasjonen i Sjøforsvaret.
Framlegga i denne proposisjonen tek føre seg hovuddelen av den regionale organisasjonen i Sjøforsvaret som omfatter sju sjøforsvarsdistrikt under generalinspektøren for Sjøforsvaret og Ramsund orlogsstasjon under sjef Sjøforsvarets forsyningskommando. Framlegga i denne proposisjonen dreier seg ikkje om endringar i dei delane av distriktsorganisasjonen som inkluderer kystradiostasjonar, sambandseiningar, lokal forvalting av eigedom, bygg og anlegg, målestasjonar for fartøy og ei droneavdeling. Desse blir ført vidare på noverande nivå utan endring, men om naudsynt under ny sjef.
3.4 Oppgåver i framtida
Oppgåvene til den regionale strukturen i Sjøforsvaret blir i framtida delt i regionale oppgåver og stasjonsoppgåver.
Dei regionale oppgåvene skal omfatte ansvar for regional planlegging (mobiliseringsplanlegging og planverk), ressursstyring (økonomi og logistikk) og eit overordna administrativt ansvar for Sjøforsvaret si verksemd innanfor eige geografisk ansvarsområde av kysten.
Ansvaret omfattar òg bistand til forsvarskommandoane, irekna skipsfartsberedskap, sjøheimevern og forsterkingsplanlegging samt kontakt med regionale militære og sivile, statlege og kommunale styresmakter innanfor ei totalforsvarsramme. Under kriser og i krig vil regionale oppgåver omfatte bistand til forsvarskommandoane med å byggje opp situasjonsoversyn, utøve kontroll over Sjøheimevernet og gje statusrapport for orlogsstasjonane.
Regionale oppgåver kan i framtida takast hand om av sjøforsvarsdistrikta.
I prinsippet blir det lagt opp til at sjøforsvarsdistrikta i framtida òg skal vere sjølvstendig administrerte einingar med arbeidsgjevaransvar for underlagt personell, både militært og sivilt. Sjefane for sjøforsvarsdistrikta skal ha eit heilskapleg ansvar og styre ressursane innanfor eige ansvarsområde. Dei skal vere direkte under generalinspektøren for Sjøforsvaret. Lokale einingar som tek seg av stasjonsoppgåver skal vere undergjeve sjøforsvarsdistriktet. Det kan òg vere eit føremål at einingar som tek seg av stasjonsoppgåver andre stader enn der distriktsstabane blir sjølvstendige administrative einingar.
Stasjonsoppgåvene kan i den nye organisasjonen takast hand om av orlogsstasjonane.
Den utøvande logistikk i fred, krise og krig, som mellom anna inkluderer lagring og vedlikehald av materiell, våpen og ammunisjon skal lokaliserast til orlogsstasjonane. Stasjonane skal òg ha ansvar for oppsetting av Sjøforsvaret sin stasjonære og mobile styrkestruktur i regionen. Den lokale stasjonen skal ha ansvar for forsyning og forvalting overfor dei operative einingane, og han skal følgje opp plikter overfor Sjøheimevernet. Vidare skal den lokale stasjonen gje støtte til fredsverksemda som inkluderer Sjøforsvarets avdelingar, administrativ støtte til den lokale forvaltinga over eigedom, bygg og anlegg samt støtte andre aktuelle einingar i Forsvaret.
Sjøforsvarets forsyningskommando er ei landsdekkjande forvaltingsmyndigheit og har fagleg styringsansvar for det materiellet Sjøforsvaret forvaltar. Generalinspektøren for Sjøforsvaret har brukaransvaret for utlånt materiell, det vil seie å ta hand om materiell og framstille materiell for vedlikehald i høve til retningslinjene frå fagmyndigheitene. I den regionale organisasjonen er det orlogsstasjonane som vil vere utøvande, og tek hand om ansvaret som generalinspektøren for Sjøforsvaret har. Det er mellom anna orlogsstasjonen som i krig skal støtte dei operative einingane med vedlikehald i tillegg til etterforsyning av materiell og statusrapportering til overordna leiing.
3.5 Framtidig organisasjon
Sjøforsvarsdistrikta
For å ta seg av regionale oppgåver gjer Regjeringa framlegg om at det blir oppretta tre sjøforsvarsdistrikt i ny struktur, eitt i Nord-Noreg og to i Sør-Noreg. Sjøforsvarsdistrikt nord skal ta hand om regionale oppgåver med ansvarsområde frå Grense Jakobselv til Rørvik, som svarar til det området Tromsø og Hålogaland sjøforsvarsdistrikt dekkjer i dag. Sjøforsvarsdistrikt vest skal ta hand om regionale oppgåver med ansvarsområde frå Rørvik til Haugesund, som svarar til det området Trøndelag og Vestlandet sjøforsvarsdistrikt dekkjer i dag. Sjøforsvarsdistrikt sør skal ta hand om regionale oppgåver med ansvarsområde frå Haugesund til svenskegrensa, som svarer til det området Austlandet, Sørlandet og Rogaland sjøforsvarsdistrikt dekkjer i dag.
Omgrepet sjøforsvarsdistrikt markerer nærværet til Sjøforsvaret på kysten, og vil bidra til at regionale, maritime forhold blir sett i ein heilskapleg samanheng. Det er difor føremålstenleg å føre vidare omgrepet sjøforsvarsdistrikt.
Tre sjøforsvarsdistrikt vil vere tilstrekkeleg for å ta hand om oppgåvene i den reduserte styrkestrukturen. To sjøforsvarsdistrikt blir etablerte i Sør-Noreg for å kunne støtte den største delen av verksemda i Sjøforsvaret. Dette omfattar dei fleste marinefartøya oppsett i fred, utstyr til dei fleste rekvirerte fartøy, fredsoppgåver med avgjeving til internasjonale oppdrag m.m. Tre distrikt er nok til å ta hand om samarbeid med regionale sjefar, Hærens distriktskommandoar, Luftforsvarets hovudflystasjonar og sivile samarbeidspartnarar i totalforsvaret.
Følgjande faktorar har vore lagt vekt på når ein har vald stadene for dei framlagde tre nye sjøforsvarsdistrikta: militærfaglege forhold, under dette dei operative, geografiske prioriteringane til forsvarssjefen, oppgåver vedrørande totalforsvaret i regionen, utnytting av eksisterande infrastruktur som kontorplass, høve til kommunikasjon, kommandoplass m.m., samt at desse stadene òg er økonomisk gunstige. Sjøforsvarsdistrikta bør samlokaliserast med ein orlogsstasjon slik at ein kan oppnå synergieffekt i høve til stordrift og administrasjon.
Under vurderinga av alternative lokaliseringar har følgjande stader vore vurderte:
Sjøforsvarsdistrikt sør har vore vurdert lagt til Karljohansvern (Horten), Marvika (Kristiansand) og Ulsnes (Stavanger)
Sjøforsvarsdistrikt vest har vore vurdert lagt til Haakonsvern (Bergen) og Persaunet (Trondheim)
Sjøforsvarsdistrikt nord har vore vurdert lagt til Olavsvern (Tromsø), Trondenes (Harstad), Ramsund, Lødingen og Bodø.
Sjøforsvarsdistrikt sør
Etter ei samla vurdering av Sjøforsvarsdistrikt sør og med hovudvekt på regionalt samarbeid og militært nærvær utanfor dei sentrale stroka av Austlandet blir det gjort framlegg om at det nye distriktet blir lagt til Marvika. Her kan samarbeidet med den regionale planstaben i Hæren takast hand om på en betre måte enn om lokaliseringa blir Horten. Totalforsvarsverksemda til distriktsstaben kan bli innfridd frå Kristiansand. Det sjømilitære samarbeidet med våre allierte er viktig i Kristiansand gjennom mange sjømilitære hamnebesøk pr år, eit omfang Oslofjord-området ikkje kan vise til.
Forsvarssjefens tilråding er at sjøforsvarsdistriktet blir lagt til Horten. Karljohansvern ligg nær dei fleste samarbeidspartnarane i totalforsvaret. Her kan ein dra nytte av eksisterande infrastruktur og lokal verksemd ved at sjøforsvarsdistriktet blir samlokalisert med Karljohansvern orlogsstasjon. Sjøforsvarsdistriktet kan yte tenester til dei einingane i Forsvaret som er lokaliserte eller deployerte til Karljohansvern.
Løysinga med ein distriktsstab og orlogsstasjon på Karljohansvern er utrekna å gje ei innsparing på ca 80 årsverk og ca 116 millionar kroner over 10 år. Løysinga med distriktsstab og orlogsstasjon i Marvika er utrekna å gje ei innsparing på ca 67 årsverk og ca 87 millionar kroner over 10 år. I samband med den praktiske etableringa av distiktsstaben i Kristiansand skal skildnaden i kostnader i høve til alternativet Horten minimaliserast. Lokalisering saman med andre militære einingar i Marvika vil bli vurdert for å etablere ei optimal løysing.
Som eit tredje alternativ er Stavanger vurdert. Nærleiken til maritim verksemd og Forsvarskommando Sør-Noreg er argument for ei slik løysing. Løysinga med distriktsstab og orlogsstasjon på Ulsnes er utrekna å gje ei innsparing på ca 61 årsverk og ca 81 millionar kroner over 10 år.
Sjøforsvarsdistrikt vest
Det blir gjort framlegg om at Sjøforsvarsdistrikt vest blir lagt til Haakonsvern ved Bergen. Her kan den eksisterande infrastrukturen utnyttast ved ei samlokalisering med Haakonsvern orlogsstasjon. Sjøforsvarsdistriktet kan yte teneste til dei fleste avdelingane og einingane i Sjøforsvaret fordi dei er lokaliserte og deployerte til Haakonsvern. Løysinga med distriktsstab i tillegg til orlogsstasjon på Haakonsvern er utrekna å gje ei innsparing på ca 70 årsverk og ca 138 millionar kroner over 10 år. Det blir gjort framlegg om at det blir oppretta eit planelement for planlegging av forsterkingsstøtte m.m. på Hysnes som ein del av sjøforsvarsdistriktsstaben på Haakonsvern. Det blir såleis gjort framlegg om ein viss regional plankapasitet både ved Haakonsvern og på Hysnes. Forsvarssjefens tilråding er at det sjømilitære planelementet blir lagt til Trondheim. Ei alternativ løysing med lokalisering av distriktsstaben til Trondheim føreset eit større planelement på Haakonsvern. Løysinga med distriktsstab i Trondheim i tillegg til orlogsstasjon på Hysnes, er utrekna å gje ei innsparing på ca 60 årsverk og ca 102 millionar kroner over 10 år.
Sjøforsvarsdistrikt nord
Det blir gjort framlegg om at Sjøforsvarsdistrikt nord blir lagt til Olavsvern ved Tromsø. Her kan den eksisterande infrastrukturen utnyttast ved ei samlokalisering med Olavsvern orlogsstasjon, og det er nær dei operative einingane til Marinen som opererer frå Olavsvern. Ei lokalisering av ein distriktssjef til Olavsvern gjev naudsynt nærleik til kysten av Nord-Troms og Finnmark, som er eit spesielt ansvar for Forsvaret. Den eksterne infrastrukturen (hamnefasilitetar og samferdsel) i Tromsø er god samanlikna med dei fleste alternativa. Løysinga med distriktsstab i tillegg til orlogsstasjon på Olavsvern er utrekna å gje ei innsparing på ca 80 årsverk og ca 144 millionar kroner over 10 år.
Harstad er vurdert som det beste alternativet etter Tromsø. Alternativet gjev same gode høve til samarbeid med andre militære einingar og totalforsvaret som Tromsø, men Harstad ligg vesentleg lengre ifrå den nordlegaste delen av Noreg. Løysinga med distriktsstab og orlogsstasjon i Harstad er utrekna å gje ei innsparing på ca 71 årsverk og ca 128 millionar kroner over 10 år. Alternativa Tromsø, Harstad og Bodø er vurdert som betre enn dei andre når det gjeld sosiale tilhøve, rekruttering, familietilbod m.m.
Alternativa Ramsund og Lødingen er vurderte som mindre tilfredsstillande. Dei manglar infrastruktur i høve til dei to andre alternativa (kontor, kommandoplass, samband, kaier, m.m.), og dei manglar nærleik til militære og sivile samarbeidspartnarar. Lødingen er utrekna å kunne gje ei innsparing på ca 71 årsverk og ca 128 millionar kroner over 10 år. Ramsund er utrekna å kunne gje ei innsparing på ca 75 årsverk og ca 124 millionar kroner over 10 år.
Bodø har god sivil infrastruktur slik som hamneanlegg og samferdsel. Ei plassering i Bodø gjev god kontakt med dei andre forsvarsgreinene, men den er mindre gunstig plassert i høve til dei områda der den regionale og lokale verksemda er i Sjøforsvaret. Militærfagleg blir løysingane Bodø, Lødingen og Ramsund vurderte som mindre tilfredsstillande i høve til dei kriteria som er etablerte for val av nytt sjøforsvarsdistrikt.
Organisering av stabar ved sjøforsvarsdistrikta
Forsvarsdepartementet går inn for at staben ved sjøforsvarsdistrikta blir lagt under sjefen for sjøforsvarsdistriktet. Ressursstyringa blir teke hand om gjennom eit eige ledd, medan planfunksjonen blir teke hand om av ei sjømilitær planavdeling.
Forsvarsdepartementet legg vekt på behovet for sjømilitære planavdelingar for operativ førebuing på regionalt nivå/landsdelsnivå. Eigne sjømilitære planavdelingar vil gje større fleksibilitet ved utviklinga av organisasjonen i Sjøforsvaret, og dei vil kunne setje eit sterkare fokus på primæropgåvene til planavdelinga. Sjømilitære planavdelingar kan bidra til å redusere kontrollspennet for forsvarskommandoane når planavdelingane blir ein del av krigsstrukturen.
Sjømilitære planavdelingar vil i fredstid berre ha planleggingsoppgåver. I krise og krig skal forsvarskommandoane støttast med utøvande funksjonar.
Ei avgrensa stillingsramme på ca 15 årsverk i distriktsstaben føreset at staben er samlokalisert med ein orlogsstasjon. Føremålet er å redusere behovet for administrasjon og oppnå synergieffekt innanfor personelladministrasjon, økonomi, garnisonstenester, m.m. Ei integrert løysing sikrar at distriktsstaben kan ha eit avgrensa tal årsverk.
Organisering av orlogsstasjonar
Departementet gjer framlegg om å etablere seks orlogsstasjonar for å ta hand om dei lokale stasjonsoppgåvene. Orlogsstasjonane skal føre vidare arbeidet med dei stasjonsoppgåvene som sjøforsvarsdistrikta og Ramsund orlogsstasjon tek hand om i dag. Desse oppgåvene er knytte opp til den noverande styrkestrukturen og konseptet for vedlikehald og lagring. Sjefen for ein orlogsstasjon vil vere underlagt sjefen for eit sjøforsvarsdistrikt. Den viktigaste delen av organisasjonen til orlogsstasjonen er eitt eller fleire logistikkledd.
Den eksisterande infrastrukturen vil bli utnytta optimalt. Logistikkledda vil bli ført vidare innanfor noverande infrastruktur, som omfattar lager, vedlikehald, kaier, m.m. Denne infrastrukturen eksisterer ved Ramsund orlogsstasjon og dei noverande sjøforsvarsdistrikta med unntak av Hålogaland sjøforsvarsdistrikt som ikkje har eiga logistikkavdeling. Distriktet blir støtta frå Ramsund. Logistikkledda med ansvar for logistikk og oppsetting må i framtida vere etablerte i ein framtidsretta og moderne infrastruktur med stor kapasitet, slik at sentraliserte opplegg for lager og vedlikehald kan utnyttast. Etter kvart som opplegget for lager og vedlikehald blir lokalisert til den mest eigna infrastrukturen, kan oppgåver ved enkelte orlogsstasjonar falle bort. Det blir difor gjort framlegg om ein organisasjon som har den naudsynte fleksibiliteten til å møte framtidige endringar i struktur, oppgåver, og konsept for vedlikehald og lager.
Det er mengda av oppgåver som er avgjerande for storleiken på talet på tilsette ved kvar orlogsstasjon. Kor mange som arbeider på kvar orlogsstasjon vil difor variere. Endeleg tal for tilsette skal fastsetjast gjennom analysar av behov og funksjon. Til saman skal innsparinga likevel vere like stor som det denne proposisjonen legg opp til. Ved dimensjoneringa av orlogsstasjonane vil det bli lagt vekt på løysingar som utnyttar høve til samordning innan Sjøforsvaret eller på tvers av forsvarsgreiner og avdelingar.
I framlegget skal orlogsstasjonane bli etablerte innanfor den eksisterande infrastrukturen der utrusting og logistikkstøtte kan førast vidare, tilpassa oppgåvemengda. Ved å dra nytte av eksisterande infrastruktur, er følgjande stader eigna til lokalisering av orlogsstasjonar: Olavsvern, Ramsund, Hysnes, Haakonsvern, Marvika, Ulsnes med Rennesøy og Karljohansvern med Vestre-Bolærne.
Ramsund orlogsstasjon er i dag ein del av Sjøforsvarets forsyningskommando, men har òg stasjonsoppgåver. Ei betre styring med verksemda kan ein oppnå ved å omorganisere orlogsstasjonen. Verkstadene og fagteknisk ledd blir ført vidare som Sjøforsvarets forsyningskommando/avdeling Nord-Noreg, medan forsyningstenesta og lokal forvaltingsmyndigheit for eigedom, bygg og anlegg blir etablerte som den framtidige Ramsund orlogsstasjon under Sjøforsvarsdistrikt nord. Målet med omorganiseringa er å reindyrke Forsvarets styringskonsept ved å gje den framtidige Sjøforsvarets forsyningskommando/avdeling Nord-Noreg, Ramsund, eit kunde-leverandørforhold til Ramsund orlogsstasjon og andre einingar i Nord-Noreg. Oppgåvene til orlogsstasjonen blir samsvarande med dei andre orlogsstasjonane samstundes som Sjøforsvarets forsyningskommando kan prioritere eigne oppgåver.
3.6 Ny organisasjon - framlegg til nedleggingar
Denne proposisjonen omtalar talet på årsverk som i dag blir brukt til å løyse oppgåvene i den regionale organisasjonen. Den er basert på data frå verksemda frå oktober 1997.
Forsvarsdepartementet gjer framlegg om å leggje ned dei sju noverande sjøforsvarsdistrikta. Følgjande årsverk ved den regionale organisasjonen blir lagt ned:
Ved Austlandet sjøforsvarsdistrikt, Horten: 91 årsverk, av dette 37 militære og 54 sivile
Ved Sørlandet sjøforsvarsdistrikt, Kristiansand: 55 årsverk, av dette 22 militære og 33 sivile
Ved Rogaland sjøforsvarsdistrikt, Stavanger: 44 årsverk, av dette 19 militære og 25 sivile
Ved Vestlandet sjøforsvarsdistrikt, Bergen: 243 årsverk, av dette 67 militære og 176 sivile
Ved Trøndelag sjøforsvarsdistrikt, Trondheim: 72 årsverk, av dette 33 militære og 39 sivile som er fordelte mellom Trondheim og Hysnes
Ved Tromsø sjøforsvarsdistrikt, Tromsø: 105 årsverk, av dette 51 militære og 54 sivile
Ved Hålogaland sjøforsvarsdistrikt, Lødingen: 117 årsverk, av dette 31 militære og 86 sivile, der arbeidsplassane er fordelt mellom Harstad med 75 årsverk (15 militære og 60 sivile) og Lødingen med 42 årsverk (16 militære og 26 sivile).
Til saman utgjer dette ein bruttoreduksjon på 727 årsverk.
3.7 Framlegg til ny organisasjon
Forsvarsdepartementet gjer framlegg om at det blir oppretta tre sjøforsvarsdistrikt.
Sjøforsvarsdistrikt sør
Sjøforsvarsdistriktsstab, Marvika, Kristiansand, med ca 15 årsverk.
Under Sjøforsvarsdistrikt sør blir det gjort framlegg om oppretting av tre orlogsstasjonar:
Karljohansvern orlogsstasjon, Horten
Marvika orlogsstasjon, Kristiansand
Ulsnes orlogsstasjon, Stavanger.
Orlogsstasjonane har eit samla stipulert behov på ca 108 årsverk.
Totalt er det 190 årsverk i den noverande regionale organisasjonen. I den framtidige regionale organisasjonen er behovet stipulert til ca 123 årsverk. Den regionale organisasjonen innanfor Sjøforsvarsdistrikt sør har eit innsparingspotensial på ca 67 årsverk og ein driftsreduksjon på ca 87 millionar kroner over 10 år.
Sjøforsvarsdistrikt vest
Sjøforsvarsdistriktsstab, Haakonsvern, Bergen, med ca 15 årsverk, og eit mindre planelement på Hysnes.
Under Sjøforsvarsdistrikt vest blir det gjort framlegg om oppretting av to orlogsstasjonar:
Haakonsvern orlogsstasjon, Bergen
Hysnes orlogsstasjon, Rissa.
Orlogsstasjonane har eit samla stipulert behov på ca 230 årsverk.
Totalt er det 315 årsverk i den noverande regionale organisasjonen. I den framtidige regionale organisasjonen er behovet stipulert til ca 245 årsverk. Den regionale organisasjonen ved Sjøforsvarsdistrikt vest har eit innsparingspotensial på ca 70 årsverk og ein driftsreduksjon på ca 138 millionar kroner over 10 år.
Sjøforsvarsdistrikt nord
Sjøforsvarsdistriktsstab, Olavsvern, Tromsø, med ca 15 årsverk.
Under Sjøforsvarsdistrikt nord blir det gjort framlegg om oppretting av ein orlogsstasjon: Olavsvern orlogsstasjon med eit stipulert mannskapsbehov på ca 85 årsverk. Ramsund orlogsstasjon skal førast vidare under Sjøforsvarsdistrikt nord.
Årsverkforbruket til den regionale verksemda ved Hålogaland sjøforsvarsdistrikt er 117 årsverk. Desse er fordelt med 75 årsverk i Harstad og 42 årsverk i Lødingen. Ca 42 årsverk av desse 117 vil bli ført vidare:
ca 4 årsverk blir overført til Nes fort/Lødingen
ca 7 årsverk blir overført til Trondenes øvingsavdeling/Harstad
ca 15 årsverk blir overført til garnisonstenester på Hinnøya (hovudsakleg Harstad)
ca 16 årsverk blir overført til Ramsund orlogsstasjon
Totalt er det ca 222 årsverk i den noverande regionale organisasjonen. I den framtidige regionale organisasjonen er det stipulert eit behov på ca 142 årsverk. Den regionale organisasjonen innanfor Sjøforsvarsdistrikt nord vil ha eit innsparingspotensial på ca 80 årsverk og ein driftsreduksjon på ca 144 millionar kroner over 10 år.
Ramsund orlogsstasjon blir omorganisert. Ramsund orlogsstasjon blir tilført ca 20 årsverk i samband med overtakinga av oppgåver frå Hålogaland sjøforsvarsdistrikt. I den nye strukturen vil Ramsund orlogsstasjon ha ein organisasjon på ca 100 årsverk, medan ca 130 årsverk vil bli vidareført som Sjøforsvarets forsyningskommando/avdeling Nord-Noreg.