St.prp. nr. 48 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av rammeprogrammet for forbrukarpolitikk for 2004-2007 (forbrukarprogrammet)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 20/2004/EF av 8. desember 2003 om innføring av ei generell ramme for finansiering av fellesskapstiltak til støtte for forbrukarpolitikken i tidsrommet 2004-2007

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 153,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 1,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 2, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Forbrukarpolitikken kan medverke monaleg til å nå to av dei strategiske måla til Kommisjonen som er fastsette i kommisjonsmeldinga om strategiske mål 2000-2005 «Utforming av det nye Europa» 3, nemleg å fremje ein ny økonomisk og sosial dagsorden med sikte på å modernisere den europeiske økonomien, og sikre betre livskvalitet for borgarane i Europa.

  2. I strategien for forbrukarpolitikken 2002-2006 er det fastsett tre hovudmål. Dei vil verte gjennomførde ved hjelp av tiltak som er del av eit igangverande program som skal vurderast jamleg av Kommisjonen.

  3. Måla og tiltaka i strategien for forbrukarpolitikken bør styre tildelinga av midlar til tiltak som skal gjennomførast innanfor denne ramma. I tillegg bør verksemd som er meint å integrere forbrukarinteresser på andre tiltaksområde i samsvar med artikkel 153 i traktaten, prioriterast høgt, saman med dei tre hovudmåla i strategien for forbrukarpolitikk.

  4. I tråd med strategien for forbrukarpolitikken bør forbrukarpolitikken innanfor denne ramma omfatte tryggleik med omsyn til tenester og produkt som ikkje er næringsmiddel, saman med dei økonomiske interessene til forbrukarane i EU. Tiltak som gjeld næringsmiddeltryggleik, er ikkje omfatta av denne ramma.

  5. I samsvar med artikkel 2 i traktaten er ei balansert og berekraftig utvikling eit av dei allmenne måla til Den europeiske unionen. I tråd med Johannesburg-fråsegna om berekraftig utvikling, gjennomføringsplanen frå verdstoppmøtet om berekraftig utvikling og Cardiff-prosessen bør det gjerast tiltak med sikte på å oppnå ei berekraftig utvikling.

  6. Innanfor denne ramma Fellesskapet gjere tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten, som skal støtte og byggje opp kapasiteten til organisasjonar og organ som arbeider for å fremje forbrukarinteressene på fellesskapsplan, nasjonalt eller regionalt plan.

  7. I tillegg til dei tiltaka som er omfatta av denne ramma, bør Kommisjonen òg sikre at forbrukarorganisasjonar og andre relevante ikkje-statlege organisasjonar kan medverke i gjennomføringa av strategien for forbrukarpolitikken ved å ta del i arbeidet til den europeiske rådgjevande gruppa for forbrukarar, som er oppnemnd ved kommisjonsavgjerd 2003/709/EF 4.

  8. Innanfor denne ramma bør det fastsejast tiltak som skal setjast i verk av Kommisjonen og éin eller fleire medlemsstatar i fellesskap, med sikte på å gjennomføre måla for forbrukarpolitikken.

  9. Det er av allmenn europeisk interesse i samsvar med artikkel 108 nr. 1 bokstav b) i rådsforordning (EF, Euratom) nr. 1605/2002 av 25. juni 2002 om finansreglementet som får anvendelse på De europeiske felleskaps alminnelige budsjett 5, heretter kalla «finansforordninga», at helsa, tryggleiken og dei økonomiske interessene til forbrukarane i tillegg til interessene deira med omsyn til utvikling av standardar for produkt og tenester, er representerte på fellesskapsplan.

  10. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som ramma gjeld for, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i nr. 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 6.

  11. For å betre effektiviteten til og verknadene av verksemda til europeiske forbrukarorganisasjonar og forbrukarorganisasjonar som representerer forbrukarinteresser i utviklinga av standardar for produkt og tenester på fellesskapsplan, kan finansielle tilskot til organisasjonar som har rett til støtte, underleggjast rammeavtaler om partnarskap så lenge denne ramma gjeld.

  12. For å skape ei meir effektiv forvalting, og for å betre effektiviteten til og verknadene av særskilte prosjekt, bør innbydingar til slike særskilte prosjekt offentleggjerast minst annakvart år, og det bør gjevast støtte på opptil 75% av dei utgiftene til prosjektgjennomføring som gjev rett til støtte.

  13. I avtala om det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (heretter kalla «EØS-avtala») er det fastsett at dei statane i Det europeiske frihandelssambandet (EFTA) som tek del i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet («EFTA-EØS-statane»), m.a. bør styrkje og utvide samarbeidet innanfor ramma av fellesskapsverksemda på området forbrukarvern.

  14. Denne generelle ramma bør vere open for deltaking for assosierte statar, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei høvesvise tosidige avtalene om dei allmenne prinsippa for deltakinga deira i fellesskapsprogram.

  15. For å auke verdien til og verknaden av denne ramma bør det utførast jamleg overvaking og vurdering av dei tiltaka som vert sette i verk, med sikte på å eventuelt gjere dei tilpassingane som er naudsynte.

  16. Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, skal vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 7 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Verkeområde

  1. I denne avgjerda er det fastsett ei generell ramme for fellesskapstiltak til støtte for forbrukarpolitikken, heretter kalla «ramma», for det tidsrommet som er fastsett i artikkel 5 nr. 1.

  2. Dei tiltaka som vert sette i verk innanfor denne ramma, skal utfylle dei tiltaka som vert sette i verk av og i medlemsstatane for å verne helsa, tryggleiken og dei økonomiske interessene til forbrukarane, og for å fremje retten deira til informasjon og utdanning og til å organisere seg for å tryggje interessene sine.

Artikkel 2

Tiltaksområde

Dei tiltaka som vert sette i verk innanfor denne ramma, skal gjelde følgjande særskilte område:

  1. vern av helsa og tryggleiken til forbrukarane med omsyn til tenester og produkt som ikkje er næringsmiddel,

  2. vern av dei økonomiske og rettslege interessene til forbrukarane,

  3. fremjing av forbrukarinformasjon og -utdanning,

  4. fremjing av forbrukarorganisasjonane si evne til å medverke på europeisk plan.

Artikkel 3

Måla for programmet

Dei tiltaka som vert vedtekne innanfor denne ramma, skal medverke til å nå følgjande allmenne mål:

  1. eit høgt felles nivå for forbrukarvern, særleg gjennom fastsetjing av felles reglar for forbrukarvern og -praksis og integrering av forbrukarinteresser i annan fellesskapspolitikk,

  2. effektiv bruk av reglane for forbrukarvern, særleg gjennom marknadsovervaking, samarbeid med omsyn til forvalting og bruk av regelverket, og tilgang for forbrukarane til informasjon om tenester og produkt som ikkje er næringsmiddel og til ordningar for løysing av klagesaker og tvistar, og

  3. høveleg deltaking for forbrukarorganisasjonane i utviklinga av forbrukarpolitikken og annan fellesskapspolitikk som påverkar forbrukarinteressene.

Artikkel 4

Typar tiltak

  1. Dei tiltaka som vert sette i verk innanfor denne ramma, er førde opp i vedlegget og ordna etter mål.

  2. Tiltak 1-8, 11-15 og 19 vert gjennomførde direkte av Kommisjonen.

  3. Tiltak 9 og 10 vert finansierte i fellesskap av Fellesskapet og éin eller fleire medlemsstatar, eller av Fellesskapet og dei rette styresmaktene i dei tredjestatane som tek del i medhald av artikkel 9.

  4. Tiltak 16, 17 og 18 mottek finansiell støtte frå Fellesskapet.

Artikkel 5

Finansiering

  1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av denne avgjerda for tidsrommet 1. januar 2004 til 31. desember 2007 er fastsett til 72 millionar euro, der 54 millionar euro skal dekkje tidsrommet fram til 31. desember 2006.

  2. For tidsrommet etter 31. desember 2006 skal den framlagde summen reknast som stadfesta dersom han stemmer overeins med dei finansielle overslaga som gjeld for det tidsrommet som tek til 1. januar 2007.

  3. Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.

Artikkel 6

Finansiell støtte

  1. Fellesskapsstøtta til dei felles tiltaka 9 og 10 vil i prinsippet vere på 50%, og skal under ingen omstende overstige 70% av dei samla kostnadene til tiltaket. Kommisjonen skal gje klare opplysningar om kva felles tiltak som vil kunne få finansiell støtte på meir enn 50%.

  2. Den finansielle støtta til tiltak 16 skal ikkje overstige 50% av kostnadene ved gjennomføring av verksemd som har rett til støtte.

  3. Den finansielle støtta til tiltak 17 skal ikkje overstige 95% av kostnadene ved gjennomføring av verksemd som har rett til støtte.

  4. Lenging av den økonomisk støtta til tiltak 16 og 17 til organisasjonar som i det føregåande året har vist at dei aktivt og effektivt representerer forbrukarinteressene, skal ikkje vere underlagd regelen om gradvis minsking.

  5. Den finansielle støtta til tiltak 18 vil i prinsippet vere på 50%, og skal under ingen omstende overstige 75% av dei utgiftene til prosjektgjennomføringa som gjev rett til støtte. Kommisjonen skal gje klare opplysningar om kva felles tiltak som vil kunne få finansiell støtte på meir enn 50%.

Artikkel 7

Støttemottakarar

  1. Den finansielle støtta til dei felles tiltaka 9 og 10 kan tildelast eit offentleg organ eller ein ideell organisasjon som er peikt ut av den medlemsstaten eller den rette styresmakta som det gjeld, og som Kommisjonen har godkjent.

  2. Den finansielle støtta til tiltak 16 kan tildelast europeiske forbrukarorganisasjonar som:

    1. er ikkje-statlege, ideelle, uavhengige av industri, handel og næringsliv eller andre motstridande interesser, og som har som hovudmål og -verksemd å fremje vernet av helsa, tryggleiken og dei økonomiske interessene til forbrukarane i Fellesskapet,

    2. har fått mandat til å representere interessene til forbrukarane på fellesskapsplan av nasjonale forbrukarorganisasjonar i minst halvparten av medlemsstatane, og som i samsvar med nasjonale reglar eller nasjonal praksis er representative for forbrukarane og verksame på regionalt eller nasjonalt plan, og

    3. har gjeve Kommisjonen ei tilfredsstillande utgreiing om medlemstala, vedtektene og finansieringskjeldene sine.

  3. Den finansielle støtta til tiltak 17 kan tildelast europeiske forbrukarorganisasjonar som:

    1. er ikkje-statlege, ideelle, uavhengige av industri, handel og næringsliv eller andre motstridande interesser, og som har som hovudmål og -verksemd å representere forbrukarinteressene i standardiseringsprosessen på fellesskapsplan, og

    2. har fått mandat i minst to tredelar av medlemsstatane til å representere forbrukarinteressene på fellesskapsplan av organ som, i samsvar med nasjonale reglar eller nasjonal praksis, representerer nasjonale forbrukarorganisasjonar i medlemsstatane, eller dersom slike organ ikkje finst, av nasjonale forbrukarorganisasjonar i medlemsstatane som, i samsvar med nasjonale reglar eller nasjonal praksis, representerer forbrukarane og er verksame på nasjonalt plan.

  4. Den finansielle støtta til tiltak 18 kan gjevast til alle juridiske personar eller samanslutningar av juridiske personar, medrekna relevante uavhengige offentlege organ og regionale forbrukarorganisasjonar, som driv verksemda si uavhengig av industri og handel, og som er faktisk ansvarlege for gjennomføringa av prosjekta.

Artikkel 8

Utelukking

Søkjarar eller tilbodsgjevarar og avtalepartar som har gjeve uriktige fråsegner eller har gjort alvorlege brot på dei kontraktsmessige pliktene sine, skal i samsvar med artikkel 96 i finansforordninga ikkje kunne tildelast fleire kontraktar.

Artikkel 9

Deltaking for tredjestatar

Ramma er ope for deltaking for:

  1. EFTA-EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,

  2. dei assosierte statane, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei høvesvise tosidige avtalene om dei allmenne prinsippa for deltakinga deira i fellesskapsprogram.

Artikkel 10

Samanheng og komplementaritet

  1. Kommisjonen skal sikre at dei tiltaka som er gjennomførde innanfor denne ramma, er i samsvar med strategien for forbrukarpolitikken.

  2. Kommisjonen skal sikre at det er samanheng og komplementaritet mellom dei tiltaka som skal gjennomførast innanfor denne ramma, og andre fellesskapsprogram og -initiativ.

Artikkel 11

Arbeidsprogram

Kommisjonen skal vedta eit årleg arbeidsprogram som omfattar:

  1. dei tiltaka som skal prioriterast innanfor kvart mål,

  2. fordelinga av det årlege budsjettet etter dei typane tiltak som er fastsette i artikkel 4,

  3. tidsplanen for tilbodsinnbydingar, felles tiltak og innbydingar til framlegg,

  4. med omsyn til innbydingar til framlegg: utveljings- og tildelingskriteria for tiltak 16, 17 og 18, kriteria for finansiell støtte på meir enn 50% til tiltak 18, og den rettleiande summen som er tilgjengeleg for kvar av desse innbydingane til framlegg, i samsvar med dei relevante føresegnene i finansforordninga og samstundes som det vert teke omsyn til at det bør fastsetjast enkle administrative krav, særleg når det gjeld små støttesummar til særskilte prosjekt.

Artikkel 12

Offentleggjering og framgangsmåtar

  1. Kommisjonen skal offentleggjere følgjande i Tidend for Den europeiske unionen og på nettstaden til Kommisjonen:

    1. innbyding til framlegg til tiltak 16 og 17, og

    2. minst annakvart år ei innbyding til framlegg til tiltak 18, med ei utgreiing om kva tiltak som skal prioriterast.

  2. På eit tidleg stadium i vurderinga av søknader om finansiell støtte skal Kommisjonen informere søkjarane dersom dei ikkje har rett til støtte, eller dersom søknaden deira ikkje inneheld dei opplysningane som er naudsynte for å kontrollere om søknaden stettar utveljingskriteria.

  3. Kommisjonen skal innan tre månader etter fristen for innlevering av søknader avgjere om det skal tildelast finansiell støtte til tiltak 16, 17 og 18.

  4. Ei liste over mottakarar av finansiell støtte og ei liste over tiltak som får støtte innanfor denne ramma, skal saman med støttesummen offentleggjerast kvart år på nettstaden til Kommisjonen.

Artikkel 13

Overvaking og vurdering

  1. Kommisjonen skal sikre effektiv og jamleg overvaking av dei tiltaka som er gjorde innanfor denne ramma, og skal innan 31. desember 2005 leggje fram for Europaparlamentet og Rådet ein rapport om korleis første halvdel av denne ramma er vorten gjennomførd. Kommisjonen skal informere Europaparlamentet årleg dersom framgangsmåten for avgjerdstaking med omsyn til gjennomføring av tiltak 16, 17 og 18 bryt den fristen på tre månader som er fastsett i artikkel 12 nr. 3.

  2. Kommisjonen skal, før han gjer framlegg om ei eventuell lenging og seinast 31. desember 2007, leggje fram for Europaparlamentet og Rådet ein vurderingsrapport om dei tiltaka som er gjennomførde innanfor denne ramma.

Artikkel 14

Gjennomføring av tiltaka

  1. Kommisjonen er ansvarleg for forvaltinga og gjennomføringa av denne avgjerda i samsvar med finansforordninga.

  2. Dei tiltaka som er fastsette i artikkel 4 nr. 3 og 4 og i artikkel 11, skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten som er nemnd i artikkel 15 nr. 2.

Artikkel 15

Utvalsframgangsmåte

  1. Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.

  2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.

  3. Utvalet fastset møteføresegnene sine.

Artikkel 16

Iverksetjing

Denne avgjerda tek til å gjelde tredje dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, 8. desember 2003.

For Europaparlamentet

P. COX

President

For Rådet

F. FRATTINI

Formann

Vedlegg

Dei tiltaka som er nemnde i artikkel 4, oppførde etter mål

Mål a): Eit høgt felles nivå for forbrukarvern

Tiltak 1:

Vitskapleg rådgjeving, risikoanalyse medrekna jamførande vurdering og vurdering av mogleg reduksjon av risikoar med omsyn til helsa og tryggleiken til forbrukarane når det gjeld produkt som ikkje er næringsmiddel, og når det gjeld tenester.

Tiltak 2:

Utarbeiding av initiativ til regelverk og anna regulering, og fremjing av initiativ til sjølvregulering, medrekna m.a.:

  1. Jamførande analysar av marknader og reguleringsordningar.

  2. Juridisk og teknisk sakkunne for utvikling av retningslinjer med omsyn til tryggleik i samband med tenester.

  3. Teknisk sakkunne med omsyn til utvikling av standardiseringsmandat for produkt og tenester.

  4. Juridisk og teknisk sakkunne for utvikling av retningslinjer med omsyn til dei økonomiske interessene til forbrukarane.

  5. Arbeidsgrupper med aktørar og sakkunnige.

Tiltak 3:

Overvaking og vurdering av marknadsutvikling som har innverknad på dei økonomiske interessene og andre interesser til forbrukarane, medrekna m.a. prisgranskingar, kartlegging og analysar av forbrukarklager og endringar i marknadsstrukturane.

Tiltak 4:

Innsamling og utveksling av data og opplysningar som utgjer dokumentasjonsgrunnlaget for utviklinga av forbrukarpolitikken og integreringa av forbrukarinteresser innanfor EU-politikken på andre område, medrekna m.a. granskingar av haldningane til forbrukarar og føretak, innsamling og analyse av statistiske opplysningar og andre relevante opplysningar.

Mål b): Effektiv bruk av reglane for forbrukarvern

Tiltak 5:

Samordning av tiltak for overvaking og bruk av regelverket, medrekna m.a.:

  1. Utvikling av IT-verktøy (t.d. databasar, informasjons- og kommunikasjonssystem) med sikte på samarbeid om bruken av regelverket.

  2. Opplæring, seminar og utveksling av tenestemenn som skal nytte regelverket med sikte på felles tiltak.

  3. Planlegging og utarbeiding av felles tiltak for bruken av regelverket.

  4. Felles forsøkstiltak for bruken av regelverket.

Tiltak 6:

Utvikling av lett tilgjengelege og offentlege databasar som omfattar bruk av og rettspraksis med omsyn til dei forbrukarettane som er avleidde frå fellesskapsregelverket for forbrukarvern, medrekna ferdigstilling og betring av databasen om urimelege avtalevilkår.

Tiltak 7:

Overvaking og vurdering av tryggleiken med omsyn til produkt som ikkje er næringsmiddel, og med omsyn til tenester, m.a.:

  1. Styrking og utviding av verkeområdet til varslingssystemet RAPEX, samstundes som det vert teke omsyn til utviklinga innanfor utveksling av informasjon frå marknadsovervaking.

  2. Tekniske analysar av meldingar om fare.

  3. Innsamling og vurdering av opplysningar om risikoane ved særskilde forbrukarprodukt og -tenester.

  4. Utvikling av det tryggleiksnettet for forbrukarprodukt som er fastsett i direktiv 2001/95/EF 8.

Tiltak 8:

Overvaking av korleis alternative tvisteløysingsordningar verkar, og vurdering av kor verksame dei er, særleg med omsyn til kor effektive direktekopla datasystem er i klagesaker og tvistar på tvers av landegrensene, i tillegg til teknisk hjelp til vidare utvikling av det europeiske utanrettslege nettet.

Tiltak 9:

(Felles tiltak) Finansiell støtte til offentlege eller ideelle organ som er ein del av fellesskapsnett som hjelper forbrukarane med informasjon og støtte til å nytte rettane sine og få tilgang til høvelege tvisteløysingsordningar (det europeiske nettet for forbrukarsenter og senter for informasjon og hjelp i det europeiske utanrettslege nettet, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i artikkel 7 nr. 1).

Tiltak 10:

(Felles tiltak) Finansiell støtte til særskilte felles overvakings- og handhevingstiltak for å betre samarbeidet med omsyn til forvalting og bruk av fellesskapsregelverket om forbrukarvern, medrekna direktivet om alminneleg produkttryggleik og andre tiltak i samband med det administrative samarbeidet, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i artikkel 7 nr. 1.

Mål c): Høveleg deltaking for forbrukarorganisasjonar i utarbeidinga av EU-politikk

Tiltak 11:

Stille særskild juridisk og teknisk sakkunne til rådvelde for forbrukarorgansisasjonar for å støtte deltakinga og medverknaden deira i samråd om fellesskapsinitiativ med omsyn til regelverkspolitikk og andre relevante politikkområde, som t.d. den indre marknaden, tenester av allmenn interesse og eit tiårig rammeprogram om berekraftig produksjon og forbruk, i tillegg til å støtte medverknaden deira i marknadsovervakinga.

Tiltak 12:

Representasjon av interessene til dei europeiske forbrukarane i internasjonale forum, medrekna internasjonale standardiseringsorgan og internasjonale handelsorganisasjonar.

Tiltak 13:

Opplæring av medlemmer i regionale, nasjonale og europeiske forbrukarorganisasjonar, og andre tiltak for å byggje opp kompetanse, medrekna kurs i prosjektutvikling og prosjektgjennomføring, internettforum om særskilte prosjekt, arbeidsgrupper og møte for å fremje prosjektpartnarskap.

Tiltak 14:

Tiltak for informasjon om forbrukarrettar i medhald av regleverket for forbrukarvern, og andre tiltak for vern av forbrukarane i Fellesskapet, særleg i dei nye medlemsstatane, i samarbeid med forbrukarorganisasjonane deira.

Tiltak 15:

Utdanning av forbrukarar, medrekna tiltak som er retta mot unge forbrukarar, og utvikling av direktekopla interaktive verktøy til opplæring av forbrukarar med omsyn til rettane deira i den indre marknaden og i samband med transaksjonar over landegrensene.

Tiltak 16:

Finansiell støtte til drift av europeiske forbrukarorganisasjonar, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i artikkel 7 nr. 2.

Tiltak 17:

Finansiell støtte til drift av europeiske forbrukarorganisasjonar som representerer interessene til forbrukane i utviklinga av standardar for produkt og tenester på fellesskapsplan, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i artikkel 7 nr. 3.

Mål a), b) og c)

Tiltak 18:

Finansiell støtte til særskilte prosjekt på fellesskapsplan eller nasjonalt plan til støtte for forbrukarpolitiske mål slik det er definert i artikkel 3, i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i artikkel 7 nr. 4, medrekna m.a. finansiell støtte til særskilte prosjekt som vert gjennomførte av forbrukarorganisasjonar, og som tek sikte på å framskunde den faktiske gjennomføringa av den gjeldande fellesskapsretten på området forbrukarvern i dei nye medlemsstatane, særskilte prosjekt som fremjar utveksling over landegrensene av opplysningar og beste praksis med omsyn til integrering av forbrukarrettar i politikk på andre område.

Tiltak 19:

Vurdering av dei tiltaka som vert gjennomførde innanfor denne ramma.

Fotnotar

1.

TEU C 234 av 30.9.2003, s. 86.

2.

Europaparlamentsfråsegn av 24. september 2003 (enno ikkje offentleggjord i TEU), og rådsavgjerd av 1. desember 2003.

3.

TEF C 81 av 21.3.2000, s. 1.

4.

TEU L 258 av 10.10.2003, s. 35.

5.

TEF L 248 av 16.9.2002, s. 1.

6.

TEF C 172 av 18.6.1999, s. 1. Avtala endra ved europaparlaments- og rådsavgjerd 2003/429/EF (TEU L 147 av 14.6.2003, s. 25).

7.

TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.

8.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF av 3. desember 2001 om alminnelig produktsikkerhet (TEF L 11 av 15.1.2002, s. 4).