1 Utkast (28.1.2004) Avgjerd i EØS-komiteen nr. (...) av (...) om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane
EØS-KOMITEEN HAR -
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og
på følgjande bakgrunn:
Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1
Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 20/2004/EF av 8. desember 2003 om ei generell ramme for finansiering av fellesskapstiltak til støtte for forbrukarpolitikken i tidsrommet 2004-2007 2
Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå DD MM ÅÅÅÅ -
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I protokoll 31 artikkel 6 nr. 3 i avtala vert følgjande lagt til:
«EFTA-statene skal fra DD MM ÅÅÅÅ delta i fellesskapsvirksomhet som kan følge av denne rettsakten og rettsakter avledet av den:
32004 D 0020: Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 20/2004/EF av 8. desember 2003 om ei generell ramme for finansiering av fellesskapstiltak til støtte for forbrukarpolitikken i tidsrommet 2004-2007 (TEU L 5 av 9.1.2004, s. 1).»
Artikkel 2
Denne avgjerda tek til å gjelde (...), på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3
Avgjerda skal nyttast frå DD MM ÅÅÅÅ.
Artikkel 3
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union.
Utferda i Brussel, (...).
For EØS-komiteen
Formann
(...)
Sekretærar for EØS-komiteen
(...)