2 Nærmare om forbrukarprogrammet
Forbrukarprogrammet inneber ei vidareføring av det første rammeprogrammet for verksemd på forbrukarområdet som omfatta femårsperioden 1999-2003. EFTA/EØS-statane har teke del i programmet sidan 2000.
Hovudføremålet med det første rammeprogrammet var å gje Fellesskapet ein klarare heimel til å finansiere verksemd innanfor forbrukarsektoren. Programmet dekte fire hovudområde: helsa og tryggleiken til forbrukarane, med særleg vekt på matvaretryggleik, dei økonomiske interessene til forbrukarane, forbrukaropplysing og -utdanning, i tillegg til forbrukarrepresentasjon og fremjing av forbrukarinteresser.
Midlane under det nye programmet skal nyttast til å finansiere samarbeidstiltak mellom Europakommisjonen og medlemsstatane, økonomisk støtte til europeiske forbrukarorganisasjonar, tiltak som Europakommisjonen set i verk på eiga hand og prosjekt innanfor programområdet som forbrukarorganisasjonar, andre uavhengige organisasjonar og enkeltpersonar søkjer om støtte til.
På bakgrunn av røynslene frå det første programmet er det lagt opp til ein del endringar i det nye programmet, der dei viktigaste er:
Verksemdene skal i langt større grad knytast til EU sitt strategiprogram for forbrukarpolitikk. I den første delen av programperioden vert strategiprogrammet for 2002-2006 nytta.
Utlysing av prosjektmidlar skal skje annakvart år, og det er mogleg å søkje om fleirårige prosjekt. Europakommisjonen dekkjer framleis 50% av utgiftene for kvart einskilt prosjekt, men dette kan aukast til 75% for prosjekt i dei nye medlemsstatane.
I det nye programmet vert det innført eigne føresegner og kriterium for samarbeidsprosjekt mellom Kommisjonen og medlemsstatane. Dette gjeld særleg samarbeid mellom nasjonale handhevingsstyresmakter, nasjonale informasjonskontor om europeiske forbrukarspørsmål og nasjonale kontaktpunkt for det europeiske nettverket for løysing av forbrukartvistar på tvers av landegrensene.
Det skal utarbeidast årlege arbeidsprogram. Desse skal innehalde prioriteringar av tiltaksføremål, fordeling av årets budsjett på ulike typar tiltak, tidsplan for utlysing av midlar, framlegg om fellestiltak mellom Kommisjonen og medlemsstatane, kriterium for å søkje om midlar og ramme for den årlege tildelinga av midlar.
Den rådgjevande komiteen for programmet får breiare oppgåver mellom anna ved at han no i tillegg skal handsame og uttale seg om arbeidsprogrammet og dei ulike framlegga som dette inneheld.
Noreg og dei andre EFTA/EØS-statane tek ikkje del i systemet med informasjonskontor for grenseoverskridande forbrukarspørsmål som òg inngår i programmet, og som er skipa i 14 av dei 15 medlemsstatane. I likskap med dei nasjonale kontaktpunkta for tvisteløysingar vert utgiftene for kontora dekte med inntil 50% av Europakommisjonen. Kontora har nært samarbeid med kvarandre og eit nettverk for å drøfte spørsmål av felles interesse. Noreg har teke aktivt del i det europeiske nettverket for utanrettslege tvisteløysingar (EEJ Net) som vart skipa i september 2001. Nasjonale kontaktpunkt i kvar stat syter for at forbrukarar får hjelp til å fremje klager på varer og tenester som er kjøpte på tvers av landegrensene, og for at dei når fram til det rette organet dersom dette finst. Forbrukarrådet er kontaktpunkt i Noreg og hjelper norske forbrukarar som har handla i/frå andre EØS-statar og forbrukarar i andre EØS-statar som har handla i/frå Noreg. EEJ Net og informasjonskontora for grenseoverskridande forbrukarspørsmål har tilgrensande arbeidsområde, og i om lag halvparten av medlemsstatane vert dei tekne hand om av den same institusjonen. Europakommisjonen har varsla at han tidleg i 2004 vil gjere framlegg om å slå saman dei to systema med verknad frå 2005. Barne- og familiedepartementet reknar med at Noreg òg vil ta del i det nye og sammanslåtte nettverket.