5 Administrative og økonomiske konsekvensar
Det første forbrukarprogrammet hadde eit totalbudsjett på 22,5 millionar euro per år i femårsperioden. Det vedtekne reviderte rammeprogrammet har ei ramme på 72 millionar euro, tilsvarande 18 millionar euro per år. Reduksjonen på 20% frå det førre programmet, som fullt ut er knytt til at matvaretryggleik, som vert rekna for å ha utgjort 20% av kostnadene, er teke ut og gjort til eit eige program. Den årlege ramma til den attverande verksemda framstår i avgjerda som uendra frå det forrige programmet. I samband med den komande utvidinga av EU har Europakommisjonen likevel gjort framlegg om å auke ramma for ei lang rekkje program, medrekna forbrukarprogrammet, med 9,8 millionar euro til 81,8 millionar euro, tilsvarande i alt 20,45 millionar euro per år.
Då Noreg gjekk inn i rammeprogrammet i år 2000, fekk Barne- og familiedepartementet ei utviding av budsjettramma til dette føremålet på 4 millionar kroner per år, som vert vidareført under det nye programmet. Utgiftene har auka til eit høgare nivå, m.a. som følgje av skipinga av ei stilling som nasjonal ekspert under programmet, ein jamn auke av dei administrative utgiftene og støtte til det norske kontaktpunktet i tvisteløysingsordninga. I 2003 låg dei samla utgiftene på om lag 5 millionar kroner. For 2004 reknar ein med enda høgare utgifter som følgje av at utbetalingane for verksemd under det førre programmet er venta å nå ein topp dette året. Deretter vil dei verte litt reduserte i tråd med at ramma for det nye programmet er noko lågare enn det føregåande. På den andre sida vil aukinga av ramma for programmet ved EU-utvidinga og ei eventuell utviding av det norske kontaktpunktet for tvisteløysingar til eit fullt informasjonskontor medføre auka utgifter. Ein reknar difor med at dei totale årlege utgiftene for Noreg under det nye programmet vil liggje på eit årleg nivå rundt eller i overkant av 5,5 millionar kroner gjennom heile programperioden. For 2004 vert utgiftene dekte over budsjettet til Barne- og familiedepartementet (kap. 865). I samband med det reviderte nasjonalbudsjettet for 2004 og budsjettet for 2005 vil Barne- og familiedepartementet kome tilbake med eventuelle krav om auka rammer.
Gjennomføringa av programmet gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar.