Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av rammeprogrammet for forbrukarpolitikk for 2004-2007 (forbrukarprogrammet).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av rammeprogrammet for forbrukarpolitikk 2004-2007 (forbrukarprogrammet), i samsvar med eit vedlagt forslag.