6 Vurdering og tilråding
Innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsavgjerd 20/2004/EF inneber ei vidareføring av deltakinga til EFTA/EØS-statane i EU sitt forbrukarprogram 1999-2003. Deltakinga i det første forbrukarprogrammet har medført ei styrking av det norske arbeidet med forbrukarspørsmål, eit område der Noreg har eit aktivt engasjement og sterke interesser. Gjennom arbeidet i den rådgjevande komiteen har ein frå norsk side teke del i drøftingane og vedtaka til komiteen om årlege prioriterte oppgåver, kriterium for tildeling av midlar og fordeling på ulike prosjekt. Vidare har ein teke del i drøftingane om utforminga av det reviderte programmet, og gjeve fråsegn om dette til Europakommisjonen. Norske organisasjonar har hatt høve til å søkje om prosjektmidlar, og Statens institutt for forbruksforskning har søkt for tre av fire år og fått alle desse søknadene innvilga. Under programmet har Noreg sidan 2001 hatt ein nasjonal ekspert i Europakommisjonen.
Barne- og familiedepartementet rår difor til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av rammeprogrammet for forbrukarpolitikk for 2004-2007 (forbrukarprogrammet). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.