1 Innleiing
I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak som inngår i utbygginga av transportsystemet i Haugalandsregionen i Rogaland og Hordaland fylke, jf. omtale av saka i St.prp. nr. 1 (2005–2006), side 128.
Det framtidige transportsystemet er basert på fylkesdelplanen for areal og transport på Haugalandet. På bakgrunn av fylkesdelplanen er det utarbeidd ein transportplan med handlingsplan for perioden 2006–2020. Prosjekt/tiltak og bomstasjonar i Karmøy kommune er tatt ut av opplegget fordi Karmøy har gått i mot bompengeinnkrevjing i sin kommune.
Formålet med proposisjonen er i hovudsak å få heimel til å innføre bompengeinnkrevjing for å sikre eit finansieringsgrunnlag for utbygginga. Endelege prioriteringar og omfanget av statlege midlar skal vurderast i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2010–2019 og seinare revisjonar med påfølgjande handlingsprogram og i samband med dei årlege budsjetta.
Finansieringa av Haugalandspakka er basert på bompengar, statlege midlar og fylkeskommunale midlar.