St.prp. nr. 57 (2006-2007)

Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak på Haugalandet i Rogaland og Hordaland

Til innhaldsliste

7 Bompengeordninga

Innkrevjingsordninga

Det er lagt opp til bompengeinnkrevjing i 15 år. Innkrevjinga skal skje i 9 bomstasjonar. 5 av bomstasjonane er plassert på riksvegar og fire på fylkesvegar. Det er planlagt å plassere bomstasjonane på følgjande stader:

  • E39 ved Sundfør nord for Vågkrysset

  • E134 ved Hodnafjell aust for Vågkrysset

  • E134 ved Toskatjørn aust for Skåredalskrysset

  • Rv 47 i Karmsundgata nord for kryss med E134

  • Rv 47 sør for kryss med fv 927 (Kvalvikvegen)

  • Fv 831 (Spanna vegen) ved Rossabø skule

  • Fv 923 (Salhusvegen) ved Storasund vidare­gåande skule

  • Fv 924 (Skeisvollsvegen) aust for Egils veg

  • Fv 938 (Skjoldavegen) ved Eivindsvatnet

Det er lagt opp til innkrevjing i begge retningar for dei tre bomstasjonane på E39/E134 og innkrevjing i berre ei retning for dei 6 andre bomstasjonane (sjå kart i figur 2.1). Det er lagt opp til å etablere automatiske bomstasjonar med innkrevjing heile døgnet alle dagar.

Dersom det blir problem med auka trafikk på fv 832 Skrevegen der det vil vere mogleg å køyre inn og ut av Haugesund utan å betale bompengar, meiner Statens vegvesen at det må vurderast tiltak. Vegvesenet meiner vidare at oppsetjing av ein ny bomstasjon på fv 832 kan vere eit aktuelt tiltak.

Takstar og rabattstruktur

Det er lagt til grunn bompengetakstar på 10 kr for lette køyretøy (køyretøy med tillate totalvekt til og med 3 500 kg) og 20 kr for tunge køyretøy (køyretøy med tillate totalvekt over 3 500 kg). Takstane er i 2004-prisnivå. I 2007-prisnivå er dette 10,80 kr for lette køyretøy og 21,60 kr for tunge køyretøy. Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.

Det er lagt til grunn ei ordning med «timesregel» som inneber at trafikantar som passerer fleire bomstasjonar i løpet av ein time, berre betaler for ei passering. Det er vidare lagt opp til ei ordning med «passeringstak» som inneber at ingen betaler for fleire enn 75 passeringar i løpet av ein kalendermånad. Elles er det føresett rabattordningar i samsvar med takstretningslinjene. Ved forskotsbetaling er det mogleg å oppnå rabattar på 30–50 pst.

Bompengeinntekter

Årlege netto bompengeinntekter er berekna å utgjere om lag 70 mill. kr pr. år frå starten av innkrevjinga. Det er lagt til grunn at innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet vil bli 18 mill. kr pr. år. Desse kostnadene utgjer altså om lag 20 pst. av dei årlege totale bompengeinntektene. Det er vidare rekna med at netto bompengeinntekter i 15-årsperioden, etter at kostnadene til bygging av bomstasjonar og kjøp av Autopassbrikker, anslått til å vere om lag 60 mill. kr, er trekte frå, blir om lag 1 040 mill. kr.

Bompengeselskap

Det er oppretta eit eige bompengeselskap for bompengeordninga på Haugalandet, Haugalandspakken AS. Selskapet blir eigd av kommunane Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Bokn, Sveio og Etne i tillegg til Rogaland fylkeskommune. Haugaland bompengeselskap AS, som er oppretta tidlegare, skal vere bompengeselskap berre for T-forbindelsen.