St.prp. nr. 57 (2006-2007)

Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak på Haugalandet i Rogaland og Hordaland

Til innhaldsliste

5 Kostnadsoverslag, trafikkgrunnlag og nytte av utbygginga

Kostnadsoverslag

Det er stor uvisse i mange av kostnadsoverslaga for prosjekt og tiltak i Haugalandspakka. Dette vil vere situasjonen for ei pakke med mange mindre prosjekt og tiltak som skal gjennomførast over ein så lang periode som 15 år. For nokre prosjekt og tiltak ligg det føre godkjent reguleringsplan. For dei andre prosjekta og tiltaka er plangrunnlag og kostnadsoverslag av varierande kvalitet. Erfaringsmessig er det sannsynleg at kostnadene blir høgare i den vidare planlegginga. Kostnadsoverslaget for dei tre største prosjekta er kvar for seg på 130–140 mill. kr. Dei andre aktuelle prosjekta er mindre og har noko ulik storleik.

Kostnader til planlegging og grunnerverv inngår i kostnadsoverslaga.

Det er sett av midlar til standardheving av aktuelle strekningar. Det vil i stor grad vere mogleg å avgrense strekningane slik at dei kan tilpassast tilgjengelege midlar. Dette gir fleksibilitet i utbygginga.

Trafikkgrunnlag

Ved den lokale behandlinga låg det føre utrekningar av trafikkgrunnlag basert på elastisitetsvurderingar og trafikkteljingar på dagens vegnett. Statens vegvesen har arbeidd vidare med kvalitetssikring av trafikkgrunnlag og bompengeinntekter. Det er gjennomført transportanalysar med Statens vegvesen sin nye regionale transportmodell for å klarleggje dei trafikale verknadene av bompengeordninga nærare. Den regionale transportmodellen er også blitt nytta for å kvalitetssikre trafikktala for T-forbindelsen og for å vurdere trafikken når begge dei to planlagde bompengeordningane er innført. Norconsult AS har vore med i arbeidet.

Det er lagt til grunn følgjande føresetnader:

  • Som basis er det nytta trafikkteljingar frå 2004, evt. trafikktal frå andre år som er rekna om til 2004-nivå.

  • Det er lagt til grunn at bompengeinnkrevjinga for Haugalandspakka vil starte opp i 2007/2008 og at T-forbindelsen vil bli opna for trafikk vel tre år seinare.

  • Det er rekna med at trafikken i bompengesnitta for Haugalandspakka blir redusert med 15 pst. når innkrevjinga startar opp.

  • Det er lagt til grunn at trafikken aukar utover i bompengeperioden i samsvar med prognosane for Rogaland som er nytta i arbeidet med Nasjonal transportplan for perioden 2006–2015.

  • Det er rekna med at trafikkgrunnlaget for Haugalandspakka blir redusert med 2 000 kjøretøy (ÅDT) når T-forbindelsen blir opna.

  • Det er tatt omsyn til effekten av føresett timesregel og passeringstak på 75 passeringar pr. månad.

  • Det er lagt til grunn innkrevjing i begge retningar for dei tre bomstasjonane på E39/E134 og innkrevjing i berre ei retning for dei andre bomstasjonane.

Den planlagde bomstasjonen på fylkesveg 832 Skrevegen i Karmøy kommune er tatt ut av bompengeopplegget saman med dei andre bomstasjonane i Karmøy. Fv 832 vil derfor bli ei mogleg omkøyringsrute når det blir etablert ein bomstasjon på E134 ved Toskatjørn i Haugesund kommune. Standarden på fylkesvegen er i dag relativt dårleg, men ei delstrekning er planlagt ombygd innan bompengeordninga blir starta opp. Det er lagt til grunn at trafikken på fylkesvegen vil auke med om lag 50 pst. (650 kjøretøy), til 2 200 kjøretøy ÅDT. Denne trafikken er trekt ut av trafikkgrunnlaget for Haugalandspakka.

Statens vegvesen meiner at finansieringsanalysen for Haugalandspakka bør ta utgangspunkt i eit nøkternt og realistisk nivå for trafikkgrunnlaget. Det er etter dette lagt til grunn eit trafikkgrunnlag på om lag 49 000 køyretøy (ÅDT) ved starten av innkrevjinga som truleg vil skje vinteren/våren 2008.

Nytte av utbygginga

Det er gjennomført transportanalysar for dagens situasjon, for trendalternativet der utviklinga i utbyggingsmønster og trafikk fram til i dag held fram utan spesielle tiltak, og for tilrådd strategi i fylkesdelplanen. Transportanalysane viser at den tilrådde strategien vil gi ein vesentleg mindre auke i transportarbeidet enn trendalternativet. Basert på det plangrunnlaget og dei kostnadsoverslaga som ligg føre, vil den tilrådde strategien føre til reduksjonar i dei årlege samfunns- og bedriftsøkonomiske kostnadene, reduksjon i trafikkulykkene og reduserte utslepp av klimagassar og reduserte støv- og støyplager. Samtidig er det rekna med at satsinga på eit attraktivt kollektivnett og samanhengande gang- og sykkelvegnett vil kunne redusere veksten i biltrafikken i dei sentrale delane av regionen. Dette føreset at utviklinga i utbyggingsmønsteret som er lagt til grunn i fylkesdelplanen, blir gjennomført. Denne utviklinga vil vere av langsiktig karakter.