4 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak
Haugalandspakka omfattar i hovudsak utbetringstiltak på E134 og rv 47 samt fylkesvegnettet, både strekningsvise tiltak og mindre investeringstiltak. Det er også føresett tiltak på E39. Samla kostnadsramme for utbyggingsplanen som blei behandla av fylkestinget 13. juni 2006 var 1 840 mill. kr omrekna til 2007-prisnivå.
E134 Haugesund – Etne og E39 Arsvågen – Hordaland grense
Følgjande prosjekt på E134 er aktuelle: Skåredalskrysset, Skjold-Solheimskrysset, Liaheia-Våg (andre etappe), Espelandssvingane, Knapphus-Solheim, Ølen og Lauareid-Håland. Det er lagt opp til at den sterkast trafikkerte og mest ulykkesbelasta strekninga mellom Haugesund og Aksdal blir bygd ut fyrst. Ombygging av Skåredalskrysset til toplanskryss er starta opp med forskotterte midlar frå Haugesund kommune.
Aktuelle mindre investeringstiltak på E134 er kryssutbetringar, trafikktryggleikstiltak, bygging av gang- og sykkelvegar og miljøtiltak.
Vidare er det lagt opp til å gjennomføre diverse investeringstiltak på E 39 mellom Arsvågen og fylkesgrensa mot Hordaland.
Rv 47 Haugesund – Sveio
Aktuelle prosjekt på rv 47 er Omkjøringsveg Norheim-Raglamyr, Ny Risøyforbindelse og Karmsundsgata mellom kryss med E134 og Austrheimsringen. Vidare er det aktuelt å bygge om strekningar frå Haugesund nord og nordover til fylkesgrensa mot Hordaland og strekningar gjennom Sveio.
Aktuelle mindre investeringstiltak er bygging av gang- og sykkelvegar og kollektivtrafikk-, trafikktryggleiks- og miljøtiltak.
Fylkesvegar
Det er også aktuelt å gjennomføre prosjekt og tiltak på fylkesvegnettet. Det ligg føre ei prioriteringsliste for aktuelle fylkesvegprosjekt. Prioriteringane vil skje i dei årlege fylkesvegbudsjetta. Prioritering av bompengar til fylkesvegprosjekta vil bli behandla i dei årlege riksvegbudsjetta.