6 Forslag til utbyggings- og finansieringsplan
Haugalandspakka er føresett finansiert med statlege midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar. Dei fastlagte prinsippa for ansvarsdeling mellom forvaltningsnivåa ligg til grunn for arbeidet.
Førebelse kostnader ved gjennomføring av prosjekt og tiltaka slik dei var viste i handlingsplanen for transportsystemet på Haugalandet frå 2004, men etter at prosjekt og tiltak i Karmøy er tatt ut av opplegget, er om lag 1 700 mill. kr omrekna til 2007-prisnivå. Tabellen nedanfor viser forslag til fordeling på dei ulike prosjekta og tiltaka inkl. finansiering. Kostnader på om lag 60 mill. kr til bygging av bomstasjonar og kjøp av Autopassbrikker kjem i tillegg. Desse kostnadene, som er føresett finansierte med bompengar, er blitt auka samanlikna med handlingsplanen.
Tabell 6.1 Førebelse kostnader og finansiering i lokalt behandla opplegg
Mill. 2007-kr | |||||
---|---|---|---|---|---|
Finansiering | |||||
Prosjekt/tiltak | Kostnader | Stat | Bompengar | Fylkeskommune | Sum |
Stamvegar: – Prosjekt – Mindre investeringstiltak | 510 190 | 210 80 | 300 110 | 510 190 | |
Øvrige riksvegar: – Prosjekt – Mindre investeringstiltak | 610 210 | 60 130 | 550 80 | 610 210 | |
Fylkesvegar | 180 | 70 | 110 | 180 | |
Sum | 1 700 | 480 | 1 110 | 110 | 1 700 |
Etter behandlinga i fylkestinget er føresetnadene for trafikkgrunnlag og inntekter rekna gjennom på nytt og sett i samanheng med T-forbindelsen, jf. kap. 5. Vidare er innkrevjingskostnadene justerte noko opp. Skilnaden mellom den kostnadsramma på 1840 mill. kr som låg føre ved fylkeskommunen si handsaming i juni 2006 og den noverande ramma på 1700 mill. kr er altså at etableringskostnadar knytta til innkrevjing av bompengar er trekte ut av ramma og at dei nye trafikkberekningar syner eit noko lågare trafikkgrunnlag og at kostnadane ved innkrevjing av bompengar er justerte noko opp. Forventa netto bompengeinntekter som kan nyttast til investeringar i prosjekt og tiltak er rekna til 1 040 mill. kr. Statens vegvesen føreset at utbygging og framdrift blir tilpassa tilgjengelege midlar.
Det er føresett at det blir oppretta ei samordningsgruppe med deltaking frå lokale og regionale organ på politisk nivå og ei administrativ koordineringsgruppe som får ein sentral plass i arbeidet med dei årlege budsjettprioriteringane før fylkeskommunal behandling. Statens vegvesen bør leie arbeidet i desse gruppene.
Det er ikkje planlagt lånefinansiering av prosjekt og tiltak, med unntak av eit lån på om lag 60 mill. kr til etablering av bomstasjonar og kjøp av Autopasssbrikker. Det er derfor ikkje aktuelt med kommunale eller fylkeskommunale garantiar.
I Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perioden 2006–2009 er det lagt til grunn om lag 110 mill. kr av statlege midlar til prosjekt og tiltak i Haugalandspakka. Av dette er om lag 70 mill. kr av ramma til øvrige riksvegar og om lag 40 mill. kr av stamvegramma. Endeleg tildeling vil skje gjennom dei årlege budsjetta. Vidare prioriteringar og omfanget av statlege midlar skal vurderast i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2010–2019 med seinare revisjonar og påfølgjande handlingsprogram.