2 Bakgrunn
Folketalet på Haugalandet er om lag 100 000. I tiårsperioden 1992–2001 var den årlege veksten i folketalet på om lag 0,6 pst. Utviklinga i regionen har ført til auka behov for transport. Det har særleg vore ein vekst i biltrafikken med ein gjennomsnittleg årleg auke på om lag 4 pst. i perioden 1998–2006. Talet på dei som reiser med kollektive transportmiddel, har vore stabilt. Prognosen for folketalet i 2040 er om lag 115 000 innbyggjarar. Hovudtyngda av auken i folketalet vil komme i dei vestlege kommunane, og særleg i Haugesund, Karmøy og Tysvær. Bustad- og næringsutviklinga vil føre til auka trafikkbelastning på dagens transportsystem. Fylkesdelplanen for areal og transport på Haugalandet legg opp til at ein større del av den framtidige trafikkveksten skal skje med miljøvennlege transportmiddel (kollektivtrafikk og gang- og sykkeltrafikk).
Fylkesdelplanen er basert på prinsippa i dei rikspolitiske retningslinjene for samordna areal- og transportplanlegging. Det strategiske prinsippet for arealbruk er at bustad- og næringsutviklinga skal skje rundt viktige kollektivaksar, der vidareutvikling av aksen Åkra/Kopervik/Haugesund – Aksdal er sentral. I fylkesdelplanen var det lagt opp til å etablere ein ny og betre rutestruktur for kollektivtrafikken. Dette er sett i verk ved at eit nytt og forbetra busstilbod på Haugalandet blei innført frå 1. januar 2006. Det er også lagt opp til å gjennomføre ei forbetring av transportinfrastrukturen med vekt på utbygging av rv 47, E134 og viktige lenker i fylkesvegnettet som også er viktige for å kunne vidareutvikle kollektivtilbodet. Vidare er det lagt opp til ei vesentleg satsing på utvikling av gang- og sykkelvegsystemet.
På bakgrunn av fylkesdelplanen er det utarbeidd ein konkret handlingsplan for perioden 2006–2020, med forslag til utbyggings- og finansieringsplan for transportsystemet. Arbeidet blei gjennomført av Rogaland fylkeskommune og Statens vegvesen i samarbeid med kommunane.
Følgjande målsetjingar er lagt til grunn for handlingsplanen:
Å utvikle eit miljømessig og samfunnsmessig godt transportsystem.
Å redusere veksten i biltrafikken i byområdet.
Å redusere talet på trafikkulykker og støyplager som følgjer av transport.
Å utvikle eit tilrettelagt og velfungerande transportsystem for alle brukargrupper.
Det er lagt til grunn følgjande prinsipp for utbygginga av infrastrukturen:
Utvikle eit funksjonelt overordna hovudvegnett i kombinasjon med trafikkdempande tiltak på det øvrige vegnettet som både betrar trafikkavviklinga og miljøforholda.
Utbetre ulykkespunkta på vegnettet.
Bygge ut og halde god vedlikehaldsstandard på eit samanhengande gang- og sykkelvegnett.
Bygge ut eit regionalt turvegnett og utvikle ein grønstruktur slik at alle bustadområde har lett tilgang på dette innafor 500 m.
Utvikle eit attraktivt kollektivsystem gjennom eit breitt spekter av tiltak.
Gjennomføre tiltak som miljøgater, trafikkregulerande tiltak og støyskjerming.
I den opphavlege handlingsplanen er Haugalandspakka bygd opp av fem delpakker (omtalte som «byggeklossar» ved den lokale behandlinga) i tillegg til T-forbindelsen som er eit nytt vegsamband mellom Karmøy, Haugesund og Tysvær kommunar. Utbygging og finansiering av T-forbindelsen blir behandla som eiga sak, jf. St.prp. nr. 1 (2006–2007), side 79.
I handlingsplandokumentet var dei samla investeringskostnadene for dei fem delpakkene førebels rekna til vel 2,6 mrd. kr, omrekna til 2007-prisnivå.