2 Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1145/2002/EF av 10. juni 2002 om fellesskapstiltak for å stimulere sysselsetjinga
EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 129,
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1
,
med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 2
,
med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 3
,
etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 4
, på grunnlag av det felles framlegget frå Forliksutvalet av 3. april 2002, ogut frå desse synsmåtane:
I artikkel 3 i traktaten er det fastsett at Fellesskapet i verksemda si skal fremje samordninga av sysselsetjingspolitikken i medlemsstatane med sikte på å gjere han meir effektiv ved at det vert utarbeidd ein samordna sysselsetjingsstrategi.
Under det ekstraordinære møtet til Det europeiske rådet i Luxembourg om sysselsetjing 20.-21. november 1997 vart det fastlagt ein overordna sysselsetjingsstrategi, den europeiske sysselsetjingsstrategien, som inneber ei samordning av sysselsetjingspolitikken til medlemsstatane på grunnlag av felles retningslinjer for sysselsetjing (Luxembourg-prosessen), ei vidareføring og utvikling av ein samordna makroøkonomisk politikk og av ein verksam indre marknad, med sikte på å leggje grunnlaget for ein berekraftig vekst, ein ny dynamikk og eit tillitsskapande klima for å stimulere sysselsetjinga. Denne strategien omfattar òg ei meir systematisk mobilisering av all fellesskapspolitikk som skal fremje sysselsetjing, både med omsyn til politiske rammer og støttetiltak.
Under møtet sitt i Lisboa 23.-24. mars 2000 vedtok Det europeiske rådet at det skal vere eit nytt strategisk mål for Unionen å skipe ein konkurransedyktig og dynamisk kunnskapsbasert økonomi som gjer det mogleg med ein vedvarande økonomisk vekst med fleire og betre arbeidsplassar og større sosial utjamning, slik at det på nytt vert mogleg å skape vilkår for full sysselsetjing. For dette føremålet vart det fastlagt ei rekkje nye mål og standardverdiar for referansemåling som vart tekne inn som del av ein ny, open metode for samordning på alle plan, noko som saman med ei sterkare leiar- og samordningsrolle for Det europeiske rådet vil sikre ei meir samanhengande strategisk styring og ei meir verksam overvaking av dei resultata som vert oppnådde. Vidare vart det oppmoda om at vurderinga halvvegs i Luxembourg-prosessen bør føre til auka innsats ved at retningslinjene for sysselsetjing vert tilførde meir konkrete mål, noko som kan knyte dei tettare saman med politikken på andre relevante område.
Den europeiske sysselsetjingsstrategien har ei særleg føremon ved at medlemsstatane samarbeider om sysselsetjingspolitikken, samstundes som dei har høve til å gjere dei vedtaka som er mest føremålstenlege for deira eigne særskilte tilhøve. Ei anna føremon er at medlemsstatane lærer av dei røynslene som er gjorde i andre medlemsstatar, m.a. når det gjeld å trekkje inn partane i arbeidslivet og lokale og regionale styresmakter.
Det europeiske rådet har fleire gonger fastlagt at det bør definerast og samlast inn statistikkar og indikatorar om sysselsetjinga og arbeidsmarknaden som er pålitelege og kan jamførast.
Rådsavgjerd 2000/98/EF av 24. januar 2000 om skiping av Sysselsetjingsutvalet 5
tek sikte på å fremje samordninga mellom medlemsstatane på området sysselsetjings- og arbeidsmarknadspolitikk.
Rådsavgjerd 98/171/EF av 23. februar 1998 om verksemda til Fellesskapet med omsyn til analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet 6
, der verksemda på dette området vart fastsett, slutta å gjelde 31.desember 2000.
Denne avgjerda bør innehalde føresegner om vidareføring og utvikling av den verksemda som vart sett i verk på grunnlag av avgjerd 98/171/EF. Ved gjennomføringa av den verksemda som er fastsett ved denne avgjerda, bør Kommisjonen fullt ut ta omsyn til resultata av det programmet som vart gjennomført i medhald av avgjerd 98/171/EF.
Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda, bør vedtakast i samsvar med rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 7
.
I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som verksemda varer, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det viktigaste referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i punkt 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 8
-
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
Fastsetjing av verksemda til Fellesskapet
Verksemda til Fellesskapet med omsyn til analyse, forsking og samarbeid mellom medlemsstatane på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet skal gjennomførast i tidsrommet 1. januar 2002 - 31. desember 2006.
Artikkel 2
Prinsipp
Den verksemda som er nemnd i denne avgjerda, er den som har direkte samanheng med gjennomføringa av avdeling VIII i traktaten.
Verksemda skal medverke til å nå dei nye strategiske måla som vart fastsette av Det europeiske rådet i Lisboa, som på nytt skal gjere det mogleg for Fellesskapet å skape vilkår for full sysselsetjing.
Artikkel 3
Mål
Målet med denne verksemda er:
å støtte ei samordna tilnærming til sysselsetjingspolitikken i Det europeiske fellesskapet innanfor det overordna målet om å auke sysselsetjingsprosenten, slik det vart fastsett av Det europeiske rådet i Lisboa,
å medverke til utviklinga av ein samordna strategi for sysselsetjing gjennom analyse av, overvaking av og støtte til tiltak som vert gjennomførde i medlemsstatane, samstundes som det vert teke omsyn til det ansvaret som medlemsstatane har på dette området,
å utvikle, følgje opp og evaluere den europeiske sysselsetjingsstrategien med særleg vekt på framtidsperspektivet,
å fremje samarbeidet mellom medlemsstatane når det gjeld analyse, forsking og overvaking av arbeidsmarknadspolitikken,
å identifisere best mogleg praksis og fremje utveksling og overføring av opplysningar og røynsler,
å utvikle tilnærminga til og innhaldet i den europeiske sysselsetjingsstrategien, medrekna ulike former for samarbeid med partane i arbeidslivet og relevante lokale og regionale styresmakter,
å gjennomføre ein aktiv opplysningspolitikk som stettar kravet frå ålmenta om klarleik, og som sannkjenner kor viktig det er å sikre at borgarane i Europa får fullgode opplysningar om alle sidene ved den europeiske sysselsetjingsstrategien. Dette kan særleg oppnåast gjennom målretta opplysningstiltak som skal auke det allmenne medvitet om den europeiske sysselsetjingsstrategien, og ved å gjere sysselsetjingspakken, medrekna dei nasjonale handlingsplanane for sysselsetjing og vurderingane av dei slik dei er lagde fram i den felles rapporten om sysselsetjing, tilgjengeleg for ålmenta, særleg gjennom bruk av Internett.
Analysen som vert gjord innanfor rammene av denne verksemda, skal i størst mogleg grad vere kjønnsspesifikk.
Artikkel 4
Fellesskapstiltak
Med omsyn til dei prinsippa som er fastlagde i artikkel 2, og med sikte på å nå dei måla som er nemnde i artikkel 3, skal fellesskapstiltaka omfatte følgjande typar verksemd:
analyse og vurdering av tendensar innanfor sysselsetjinga og av politiske rammevilkår; framtidsretta analysar av politikken på viktige område for Kommisjonen og medlemsstatane med sikte på vurdering av politiske val og for verknaden av fellesskapspolitikken; prognosar og forsking med omsyn til nye politiske spørsmål som vert reiste i samband med utviklinga av den samordna sysselsetjingsstrategien,
støtte til det arbeidet som medlemsstatane gjer for å gje ei samanhengande og samordna vurdering av sine eigne nasjonale handlingsplanar for sysselsetjing, medrekna ulike måtar som partane i arbeidslivet og relevante lokale og regionale styresmakter har vore eller kan verte trekte inn i samband med gjennomføringa av planane; ved utgangen av det første tidsrommet for gjennomføring av dei årlege retningslinjene for sysselsetjing skal det i samsvar med Luxembourg-prosessen gjerast ei særskild vurdering,
ei kvantitativ og kvalitativ vurdering av dei allmenne verknadene av den europeiske sysselsetjingsstrategien, medrekna ei effektivitetsvurdering av den metoden som er nytta, og ein analyse av samanhengen mellom den europeiske sysselsetjingsstrategien og den overordna europeiske økonomiske politikken så vel som annan politikk,
ei samanføring og utveksling av røynsler mellom medlemsstatane, medrekna fagfellevurdering, både når det gjeld søylene og dei særskilte retningslinjene, slik det er definert i dei årlege retningslinjene for sysselsetjing i medlemsstatane. Eit slikt utvida samarbeid vil hjelpe medlemsstatane til å utvikle sysselsetjingspolitikken sin i lys av dei røynslene som er gjorde,
overvaking av den europeiske sysselsetjingsstrategien i medlemsstatane, særleg gjennom Det europeiske senteret for observasjon av sysselsetjinga,
teknisk og vitskapleg arbeid som er naudsynt for å fremje utviklinga av felles kvantitative og kvalitative indikatorar, for betre å utfylle statistikkane, for referansemåling av resultat og for å utveksle opplysningar om best mogleg praksis,
støtte til formannskapet for Rådet for Den europeiske unionen med sikte på å rette særleg merksemd mot prioriterte spørsmål innanfor den europeiske sysselsetjingsstrategien og mot særlege tilskipingar som er viktige på internasjonalt plan, eller som er av allmenn interesse for Fellesskapet og for medlemsstatane.
Innanfor ramma av den verksemda som er nemnd i nr. 1, vil det verte retta særleg merksemd mot personar som er vanskelegstilte av fleire ulike årsaker, og som difor er hemma når det gjeld aktiv deltaking på arbeidsmarknaden. Dessutan bør det gjerast tiltak for å integrere prinsippet om likestilling mellom kvinner og menn, særleg når det gjeld like høve for kvinner og menn i samband med sysselsetjing og på arbeidsmarknaden, og når det gjeld høvet til å kombinere arbeids- og familieliv.
Ved gjennomføringa av dei tiltaka som er nemnde i nr. 1, skal Kommisjonen ta omsyn til statistiske opplysningar, granskingar og prosjektrapportar som er utarbeidde av internasjonale organisasjonar, t.d. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO).
Den verksemda som er nemnd i nr. 1, skal byggje på målet om å sikre eit høgt medvitsnivå om den europeiske sysselsetjingsstrategien på alle geografiske plan i Den europeiske unionen, slik at ålmenta og interessegruppene, t.d. partane i arbeidslivet, lokale og regionale styresmakter og andre viktige lokale aktørar, medrekna aktørar innanfor frivillig og ideelt arbeid, vert medvitne om korleis dei kan betre dei økonomiske og sosiale utsiktene for deira eigne lokalsamfunn og få hjelp og støtte slik at dei kan nå dette målet.
Den verksemda som tek sikte på å fremje samarbeid, best mogleg praksis og nyskapande tiltak, å betre kunnskapen, å utvikle utvekslinga av opplysningar og å evaluere dei røynslene som vert gjorde ved gjennomføringa dei nasjonale handlingsplanan på alle plan, omfattar følgjande:
granskingar av alle nyskapande tiltak og tiltak som gjeld gjennomføringa av sysselsetjingsstrategien, òg på lokalt og regionalt plan,
utveksling av røynsler med sikte på å fremje best mogleg praksis, òg på lokalt og regionalt plan,
granskingar av tiltak som skal oppmuntre aktørane på lokalt og regionalt plan til å gjennomføre den europeiske sysselsetjingsstrategien,
spreiing av resultata frå dei førnemnde granskingane om gjennomføringa av den europeiske sysselsetjingsstrategien, òg på lokalt og regionalt plan.
Artikkel 5
Resultat
Resultata frå den verksemda som er nemnd i artikkel 4, skal nyttast eller offentleggjerast alt etter kva type verksemd det dreier seg om, medrekna
rapporten om sysselsetjing i Europa og andre publikasjonar, arbeidsdokument og rapportar som skal leggjast fram for Rådet, Kommisjonen og Sysselsetjingsutvalet, medrekna rapportar frå vurderinga av Luxembourg-prosessen slik det er nemnt i artikkel 4 nr. 1 bokstav b),
nasjonale seminar i samband med utarbeidinga av dei nasjonale handlingsplananane for sysselsetjing, seminar om sysselsetjingspolitikk eller tilrettelegging av viktige internasjonale tilskipingar om prioriterte emne eller emne av stor allmenn interesse,
bruk av Internett-tenester for spreiing av resultat (offentleggjering, diskusjonsgrupper og seminar på Internett) og som eit verktøy til å fremje samarbeid og utveksling av opplysningar.
Artikkel 6
Samanheng og komplementaritet
Kommisjonen skal gjere dei tiltaka som er nausynte for å sikre at det er samanheng og at overlapping kan unngåast mellom dei tiltaka som skal gjennomførast innanfor ramma av denne avgjerda, og andre nærskylde og aktuelle fellesskapsprogram og -initiativ. I samband med dette vil det verte lagt stor vekt på å vurdere både positive og negative resultat av alle dei tiltaka som får støtte innanfor ramma av slike nærskylde program og initiativ, og på å sikre at dei røynslene som vert gjorde innanfor éitt område, i aukande grad vert nytta i samband med verksemd på andre område. For å nå dette målet skal Kommisjonen sikre at det finst interne samband med andre relevante fellesskapsprogram og - initiativ og med dei desentraliserte organa.
Artikkel 7
Deltaking for tredjestatar
Den verksemda som kan vere open for deltaking for statane i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, for dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa, for Kypros, Malta og Tyrkia og for andre middelhavsstatar som samarbeider med Den europeiske unionen, skal fastleggjast innanfor rammene av tilhøvet mellom Den europeiske unionen og desse statane.
Utgiftene til slik deltaking som er nemnd i nr. 1, skal berast anten av dei statane som det gjeld, eller av Fellesskapet over dei budsjettpostane som gjeld gjennomføring av samarbeids-, assosierings- eller partnarskapsavtaler med desse statane på det aktuelle området.
Artikkel 8
Gjennomføringstiltak
Dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av denne avgjerda med omsyn til dei spørsmåla som er nemnde nedanfor, skal vedtakast etter framgangsmåten med forvaltingsutval som er nemnd i artikkel 9 nr. 2:
dei overordna retningslinjene for gjennomføring av verksemda og den årlege arbeidsplanen,
fordelinga av midlar mellom tiltaka,
framlegga frå Kommisjonen om utveljingskriterium for å få finansiell støtte.
kriteria for vurdering av verksemd som får slik støtte, og framgangsmåten for spreiing og overføring av resultata.
Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda når det gjeld alle andre spørsmål, skal vedtakast etter framgangsmåten med rådgjevande utval som er nemnd i artikkel 6 nr. 3.
Artikkel 9
Utval
Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.
Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
Tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.
Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF nyttast, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
Utvalet fastset møteføresegnene sine.
Artikkel 10
Samarbeid med andre utval
For å sikre at det er samanheng og komplementaritet mellom denne verksemda og andre tiltak som er nemnde i artikkel 6, skal Kommisjonen jamleg melde frå til det utvalet som er nemnt i artikkel 9, om andre relevante fellesskapstiltak. Når det er føremålstenleg, skal Kommisjonen skipe eit jamleg og strukturert samarbeid mellom dette utvalet og utval som er oppnemnde i samband med annan relevant politikk og andre relevante ordningar og tiltak.
Artikkel 11
Samband som skal skipast
Med atterhald for artikkel 8, 9 og 10 skal Kommisjonen skipe det sambandet som er naudsynt med Sysselsetjingsutvalet, for å sikre at dette utvalet jamleg og på høveleg måte får melding om gjennomføringa av den verksemda som er nemnd i denne avgjerda.
Innanfor ramma av den verksemda som er nemnd i denne avgjerda, skal Kommisjonen dessutan skipe det sambandet som er naudsynt, med Europaparlamentet og partane i arbeidslivet, og jamleg utveksle synspunkt med dei. For dette føremålet skal Kommisjonen gjere dei relevante opplysningane tilgjengelege for Europaparlamentet og partane i arbeidslivet. Kommisjonen skal melde frå til Sysselsetjingsutvalet og til det utvalet som er nemnt i artikkel 9, om synspunkta til Europaparlamentet og partane i arbeidslivet.
Artikkel 12
Finansiering
Den finansielle ramma for gjennomføringa av den fellesskapsverksemda som er nemnd i denne avgjerda, er 55 millionar euro for tidsrommet 1. januar 2002 - 31. desember 2006.
Dei årlege løyvingane skal godkjennast av budsjettstyresmakta innanfor ramma av dei finansielle overslaga.
Kommisjonen har høve til å nytte seg av så vel teknisk og/eller administrativ støtte, noko som både er til ymsesidig føremon for Kommisjonen og støttemottakarane, som av støtteutgifter.
Artikkel 13
Vurdering og rapportering
Kommisjonen skal identifisere ytingsindikatorar for verksemda, overvake dei mellombels resultata som vert oppnådde og gjennomføre uavhengige vurderingar i det tredje året (etter halve tida) og tidleg i det siste året (etter avslutninga) av verksemda. I vurderingane skal det leggjast særleg vekt på kva resultat som er oppnådde og kor effektivt ressursane har vore nytta, og det skal gjevast tilrådingar med omsyn til tilpassingar og eventuell lenging av verksemda.
Kommisjonen skal syte for at resultata av dei tiltaka som er gjorde, vert gjorde offentleg tilgjengelege saman med vurderingsrapportane.
I lys av vurderingane kan Kommisjonen gjere framlegg om lenging av verksemda.
Kommisjonen skal leggje fram for Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet ein førebels rapport seinast 31. desember 2004 og ein sluttrapport seinast 31. desember 2007. I rapportane skal Kommisjonen innarbeide opplysningar om fellesskapsfinansieringa innanfor ramma av verksemda og om samanhengen og komplementariteten med andre relevante program, tiltak og initiativ, og dessutan dei relevante resultata av vurderingane.
Artikkel 14
Iverksetjing
Denne avgjerda tek til å gjelde den dagen ho vert kunngjord i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Utferda i Luxembourg, 10. juni 2002.
For Europaparlamentet | For Rådet |
P. COX | J. PIQUÉ I CAMPS |
President | Formann |
Fotnotar
TEF C 337 E av 28.11.2000, s. 242.
TEF C 139 av 11.5.2001, s. 30.
TEF C 144 av 16.5.2001, s. 30.
Europaparlamentsfråsegn av 14. februar 2001 (TEF C 276 av 1.10.2001, s. 53), felles haldning frå Rådet av 25. juni 2001 (TEF C 301 av 26.10.2001, s. 14), og europaparlamentsavgjerd av 23. oktober 2001 (enno ikkje offentleggjord i TEF).
TEF L 29 av 4.2.2000, s. 21.
TEF L 63 av 4.3.1998, s. 26.
TEF L 184 av 17.7.1999, s. 23.
TEF C 172 av 18.6.1999, s. 1.